Rundskriv N-4/2001

Utrekning av ansiennitet som drosjesjåfør ved fråvær frå yrket

SAMFERDSELSDEPARTEMENTET
Transportavdelinga

RUNDSKRIV N-4/2001

Samferdselskontora i fylkeskommunane
Oslo kommune, samferdselsetaten

30.03.2001

Utrekning av ansiennitet som drosjesjåfør ved fråvær frå yrket

Forskrift om persontransport med motorvogn utanfor rute av 10. juni 1977 nr. 8 pkt 11 andre ledd regulerer utrekning av ansiennitet for drosjesjåførar ved fråvær frå yrket.

På bakgrunn av Ombodsmannen si fråsegn i klagesak som galdt forståinga av nemnde forskrift, endrar departementet med dette rundskrivet praksisen for tolking av regelen.

Etter tidlegare forvaltningspraksis blei det kravd at ein drosjesjåfør, for å få godskrive ansiennitet for fråvær på grunn av sjukdom, svangerskap eller militærteneste (jf. forskrifta pkt. 11 andre ledd andre punktum), måtte ta opp att arbeidet som drosjesjåfør utan opphald etter fråværet. Frå og med utsendinga av rundskrivet her, vil kravet om straks å ta opp att yrket, ikkje lenger vere eit vilkår for å få godskrive ansiennitet for fråvær som nemnd i pkt. 11 andre ledd andre punktum.

Forskrifta pkt. 11 andre ledd første punktum slår fast at tidlegare opparbeidd ansiennitet fell bort som følgje av fråvær i 3 år frå yrket som drosjesjåfør på full tid. I dei tilfella der fråværet opphavleg har sin grunn i omstende som går inn under andre punktum, men der fråværet held fram av andre omstende, har praksisen til no vore at fristen på 3 år har blitt rekna ut i frå første dag med fråvær. Departementet endrar ved utsendinga av dette rundskrivet utgangspunktet for utrekninga av fristen. Når ein drosjesjåfør er borte frå yrket på grunn av sjukdom, svangerskap eller militærteneste, etterfølgt av fråvær som har andre grunner, skal fristen frå no reknast ut med utgangspunkt i den dagen fråværet ikkje lenger har si årsak i sjukdom, svangerskap eller militærteneste.

Med helsing

Arnfinn Øen

Jan Vidar Weltzien

VEDLEGG