Rundskriv N-4/2003

Nytt rundskriv om nye forskrifter til yrkestransportlova

SAMFERDSELSDEPARTEMENTET Transportavdelinga
Rundskriv N-4/2003

Fylkeskommunane, samferdselskontora
Oslo kommune, samferdselsetaten
Statens vegvesen, Vegdirektoratet
Norges Lastebileier-Forbund
Transportbedriftenes Landsforening
Norsk Transportarbeiderforbund
Norges Taxiforbund
Norsk Turbileierforbund
Justisdepartementet
Politidirektoratet

02.05.2003

Sak 02/2398

Nytt rundskriv om nye forskrifter til yrkestransportlova

  1. INNLEIING

Etter at forskrift om yrkestransport innenlands med motorvogn eller fartøy av 26.03.2003 nr. 401 trådde i kraft ønskjer departementet å informere om følgjande:

  1. NYE OVERGANGSFØRESEGNER MED OMSYN TIL GARANTIERKLÆRING

Rundskriv N-3/2003 pkt. 3.2.1 gjorde greie for overgangsordningar for innehavarar av løyve for drosje, selskapsvogn og transport av funksjonshemma i samband med innlevering av garantierklæring. Overgangsperioden frå 1. juni 2003 til 1. juni 2004 er no utsett. Bakgrunnen for utsetjinga er at det har vist seg at denne fristen vil vere noko knapp for dei løyvehavarane som skulle stille garanti 1. juni 2003.

Oppstart for ny frist skal no vere 1. september 2003 og ordninga skal vere sluttført 1. september 2004.

Attest frå kommunekasserar, skattefut og konkursregister skal ikkje leggjast fram.

  1. KARANTENE

Fylkeskommunane skal orientere alle andre fylkeskommunar om når vedtak om karantene etter yrkestransportlova § 29 (4) jf. forskrift om yrkestransport innenlands med motorvogn eller fartøy av 26.03.2003 nr. 401 § 18 er endeleg.

  1. DISPENSASJONAR

Regelen i samferdselslova § 7 nr. 3 er ikkje ført vidare i yrkestransportlova. Med heimel i yrkestransportlova § 21 er det no Samferdselsdepartementet som kan fastsetje unntak frå kravet om løyve.

Det er og departementet som kan fastsetje unntak frå reglane i forskrift om yrkestransport innenlands med motorvogn eller fartøy, jf. § 23, første ledd.

Det er fylkeskommunane som skal førebu slike saker for departementet. Reglane i forvaltningsloven Kap. IV Om saksforberedelse ved enkeltvedtak skal nyttast. Søknaden skal vere så godt opplyst at departementet kan treffe vedtak i saka. Fylkeskommunane skal og komme med si tilråding til vedtak.

  1. FAGBREV YRKESSJÅFØR TUNGE KJØRETØY

Departementet finn det nødvendig å minne om rundskriv N-8/96 og at fagbrev ”yrkessjåfør tunge kjøretøy” ikkje gir tilstrekkeleg løyvekompetanse.

Rundskriv N-4/2002 omhandlar godkjend løyveutdanning for person- og godstransport. Etter dette er det berre fagbrev som ”yrkessjåfør”, ”terminalarbeider” og ”renovatørarbeider” som er godkjend løyveutdanning. I tillegg til nemnde fagbrev må søkjar ha stått til eksamen i valfaget ”ledelse og økonomisk styring” og til teoretisk førarprøve for klassene C, CE og D.

  1. LØYVENUMMER

Vegdirektoratet har tidlegare utarbeidd ein landsdekkjande nummerserie for gods- og turvognløyvar. Nummerserien har åtte siffer og skal no brukast ved utferding av nye løyvedokument i alle løyvekategoriar.

Dei to første sifra viser til fylkeskommune:

01 Østfold

02 Akershus

03 Oslo

04 Hedmark

05 Oppland

06 Buskerud

07 Vestfold

08 Telemark

09 Aust-Agder

10 Vest-Agder

11 Rogaland

12 Hordaland

14 Sogn og Fjordane

15 Møre og Romsdal

16 Sør-Trøndelag

17 Nord-Trøndelag

18 Nordland

19 Troms

20 Finnmark

Dei to neste sifra viser til løyvetype, der

01 er løyve for godstransport

02 er turvognløyve

03 er drosjeløyve

04 er selskapsvognløyve

05 er løyve for transport av funksjonshemma

06 er ruteløyve med motorvogn

07 er ruteløyve med fartøy.

Dei siste fire sifra viser til løpenummer for løyvet.

  1. RUTELØYVEDOKUMENTET

I løyve for persontransport i rute er det sett av eigen rubrikk for personnummeret til ansvarleg leiar/dagleg leiar.

Dokumentet skal i denne rubrikken berre påførast fødselsdato (fem siffer) til dagleg leiar.

Med helsing

Edgar Grønfur

Mona S. Olivier