Rundskriv N-6/2002

Ikraftsetjing av lov 21.6. 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportlova)

SAMFERDSELSDEPARTEMENTET
Transportavdelingen

RUNDSKRIV
N-6/2002

Fylkeskommunene, Samferdselskontorene
Oslo kommune, Samferdselsetaten
Statens Vegvesen, Vegdirektoratet
NKI Fjernundervisningen

20.12.02
Sak 02/2956

Ikraftsetjing av lov 21.6. 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportlova)

Ved. kgl.res. 20. desember 2002 er det fastsett at lov 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportlova) vert sett i kraft frå 1. januar 2003.

Forskriftene til den nye lova vil først verte sett i kraft i løpet av første kvartal 2003. Reglar, forskrifter og vedtak som er gitt i medhald av lov 4. juni 1976 nr. 63 om samferdsel vil derfor framleis gjelde til dei vert avløyst av dei nye forskriftene, jfr. yrkestransportlova § 42 nr. 2. Under punkt II nedanfor vert det gjort greie for ein del problemstillingar som oppstår i den samanhang, samt gitt retningsliner for sakshandsaming i interrimperioden før nye forskrifter er på plass.

I

Dei viktigaste endringane ved ikraftsetjinga av den nye yrkestransportlova frå 1. januar 2003 vert rekna opp nedanfor:

  • Det vil ikkje lenger krevjast særskilt ruteløyve for såkalla ”omvendt” pendeltransport, dvs. transport inkludert overnatting som er lagt til rette for regelmessig transport av grupper personar frå eit avgangsområde til eit bestemmelsesområde slik at gruppa som har vore med på turen ut returnerer samla til avgangsområdet med ein seinare tur, ytl.§ 2 andre ledd bokstav c).
  • Det blir gitt heimel for departementet (etter søknad i enkelttilfelle) til å kunne godkjenne rett til å halde tilbake reisande som i kontroll ikkje kan vise fram gyldig billett, dersom vedkommande ikkje betalar tilleggsavgift på staden eller

gjev tilstrekkelege opplysningar om namn, adresse og fødselsdato, ytl.§33 andre ledd.

  • Restriksjonane på utleige av buss vert oppheva.
  • Det vert høve til å nytte anbod i ferjedrifta, ytl. § 6.
  • Handsaming av løyve for godstransport vert overført til fylkeskommunen, ytl. § 12.
  • Tilsette i det offentlege eller i offentleg godkjend institusjon innan helse- eller omsorgssektoren kan under visse omstende utføre persontransport, ytl. § 19.
  • Transport med beltebil vert ikkje lenger omfatta av lova.
  • Heimlane til å gje fritak frå løyvekravet vert samla på departementsnivå.

Utsett ikraftsetjing av dei nye forskriftene får ikkje innverknad på dei nemnde endringane. Når det gjeld overføring av ansvaret for godstransport (ytl. §§ 5 og 8) medfører dette at fylkeskommunen (og) blir klageinstans for saker som gjeld slike løyve. Eventuelle klager på vedtak av gjort av fylkeskommunen som førsteinstans før 1. januar 2003, vert handsama av departementet som etter dagens ordning.

II

I medhald av yrkestransportlova § 42 nr. 2 vil forskrifter gitt med heimel i samferdselslova framleis gjelde med mindre dei vert uttrykkeleg oppheva.

Det er såleis mogeleg å setje lova i kraft før dei nye forskriftene er klare. I dei tilfelle dei gamle forskriftene er i strid med yrkestransportlova, eller der det oppstår regeltomme rom, kan det oppstå problem ved handsaming av saker etter lova.

Ein gjennomgang av yrkestransportlova og forskriftene til samferdselslova viser at det er den delen som regulerer drosje det vil oppstå mindre avvik. Etter som kravet til økonomisk garanti,og fagleg kompetanse i ytl. § 4 andre ledd (samt politiattest etter utkastet til nye forskrifter) for tildeling av drosjeløyve, selskapsvogn og løyve for transport av funksjonshemma er nytt i høve til gjeldande regelverk, vil desse krava førebels ikkje kunne aktiviserast etter som dei gamle forskriftene ikkje regulerer dette. Dette må løysast gjennom dispensasjonar i den aktuelle perioden. Den som får drosjeløyve (selskapsvognløyve, løyve for transport av funksjonshemma) i denne interrimperioden, vil når det gjeld kravet til garanti bli omfatta av den same overgangsordninga som gjeld eksisterande løyvehavarar som hadde løyve før 1.1. 2003. Fristen vil bli fastsett i samband med dei nye forskriftene. Det må og gjerast unntak frå kravet til fagleg kompetanse i ytl. § 4 andre ledd bokstav c). Det må difor setjast vilkår om at kravet til fagleg kompetanse skal vere oppfylt innan 31.12. 2003 om ikkje løyve skal trekkjast tilbake. Vedkomande fylkeskommune får fullmakt til å gjere unntak frå krava i ytl. § 4 andre ledd bokstav b) og c) jfr. §§ 9, 11og 21 inntil vidare i samsvar med ovannemnde.

Politiattest vil førebels ikkje kunne krevjast ved tildeling av løyve, men som etter dagens ordning må søkjar leggje fram køyresetel. Når det gjeld avviklingsfristen dei etterletne får dersom løyvehavar dør, er reguleringa for drosjeløyve no flytt frå lov til forskrift. Dvs. at i interrimperioden er det ikkje fastsett nokon konkret avviklingsfrist. Departementet legg til grunn at slik avviklingsfrist der det vert aktuelt vert gitt ei lengd på tre år, slik det framgår av samferdselslova og som framlegget til dei nye forskriftene til yrkestransportlova óg har lagt opp til.

Framlegget til nye forskrifter legg opp til at det ikkje lenger skal gjevast eitt års ansiennitet for det teoretiske kurset for drosjeløyve når det vert gjort obligatorisk. Departementet legg til grunn at alle som har avlagt det såkalla NKI-kurset for drosjeløyve før 1.1. 2003 vil få medrekna eitt års ekstra ansiennitet ved framtidige tildelingar av drosjeløyve. Det same gjeld dei som har avlagt kurset etter 1.1. 2003, dersom førsteinstansvedtak om tildeling av løyve vert gjort før ikraftsetjing av dei nye forskriftene.

Dei som alt har avlagt kurset i noverande form, har oppfylt utdanningskravet óg i høve til framtidige løyvetildelingar.

Når det gjeld det prosessuelle, vil vidareføring av dei gamle forskriftene få som konsekvens at fylkeskommunen framleis vil vere løyvemyndigheit for riksvegferjer innanfor fylket utanom anbodstilfella. (Framlegget til nye forskrifter legg opp til at løyvemyndigheiten vert delegert til Vegdirektoratet.)

Med hilsen

Arnfinn Øen e.f.

Jan Vidar Weltzien

VEDLEGG