Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Rundskriv N-6/2005

Delegasjon til å gje dispensasjon frå krava til etablering i yrket som transportør - krav til økonomi og fagleg kvalifikasjon

SAMFERDSELSDEPARTEMENTET
Rundskriv N-6/2005

Fylkeskommunane, samferdselsavdelingane
Oslo kommune, samferdselsetaten
Norges Lastebileier-Forbund
Norges Taxiforbund
Norsk Turbileierforbund
Norsk Transportarbeiderforbund
Transportbedriftenes Landsforening
Statens vegvesen, Vegdirektoratet

30.11.2005

Sak: 05/1842

DELEGASJON TIL Å GJE DISPENSASJON FRÅ KRAVA TIL ETABLERING I YRKET SOM TRANSPORTØR - KRAV TIL ØKONOMI OG FAGLEG KVALIFIKASJON

Samferdselsdepartementet kan etter yrkestransportforskriften § 23,1. ledd i særlege tilfelle gjere unnatak frå forskrifta dersom Norge sine folkerettslege plikter ikkje er til hinder for det.

Samferdselsdepartementet finn det no føremålsteneleg å delegere til Vegdirektoratet departementet sin rett til å gje dispensasjon frå krava om adgang til yrket når det gjeld økonomi og fagleg kvalifikasjon, jfr. yrkestransportforskriften §§ 7,8 og 10. Vedtaket om delegasjon gjeld frå 1. januar 2006.

Søknad om dispensasjon skal som tidlegare sendast fylkeskommunen som førebur saka og kjem med tilråding til Vegdirektoratet om det er grunnlag for å godta dispensasjon. Det er høve til å klage Vegdirektoratet sitt vedtak om dispensasjon til Samferdselsdepartementet.

Søknad om dispensasjon som er motteken av fylkeskommunen før datoen for vedtaket om delegasjon tek til å gjelde, skal handsamast av Samferdselsdepartementet som førsteinstans.

Til orientering følgjer kopi av Samferdselsdepartementet sitt brev av i dag til Vegdirektoratet om delegasjon av retten til å kunne gje dispensasjon frå krava til økonomi og fagleg kvalifikasjon.

Arnfinn Øen (e.f)

Edgar Grønfur

Vedlegg