Bjørnefrykt i Lierne

Bjørnefrykt i Lierne

Norges Naturvernforbund
v/Erik Solheim
Boks 342 Sentrum
N-0101 Oslo

Deres ref

Vår ref

Dato

02/2634

25.07.02

Ark:

Bjørnefrykt i Lierne

Eg viser til brev til miljøvernministeren datert 19. juli 2002.

I brevet vert det etterlyst ekstra tiltak for å dempe frykta for bjørn i Lierne. Eg vil i den samanheng vise til at departementet, etter søknad frå Lierne kommune tidlegare i år, har løyvd kr 200 000 for at kommunen skal delta i prosjektet "Leve med rovdyr". Prosjektet skal nettopp legge vekt på tiltak retta mot barn og ungdom, og vil dermed omhandle dei problemstillingane Naturvernforbundet tar opp. Lierne kommune vart plukka ut til dette prosjektet fordi kommunen har kjerneområde for bjørn. Det er 7 andre kommunar med i prosjektet. Desse kommunane kan i tillegg til løyvinga dei har fått til disposisjon søke råd og kompetanse hos NINA, som har fått kr 800 000 m.a. for å støtte kommunane i prosjektet. Lokale informasjonsmøte inngår som ein viktig del av dette prosjektet.

I tillegg til dette fikk Lierne kommune i 2001 klarsignal for statlig finansiering av eit større prosjekt med inngjerding av sau på beite, som kommunen sjølv skal organisere og gjennomføre. Dette arbeidet er starta og det er sett ned ei arbeidsgruppe lokalt for å avklare utforming og eigedomsforhold for området som skal gjerdast inn. Målet er at gjerda skal vere på plass for beitesesongen 2003.

Naturvernforbundet foreslår vandringar i skogen med peileutstyr, eventuelt i samarbeid med skulane. Direktoratet for naturforvaltning (DN) har lagt opp til eit system der Statens Naturoppsyn (SNO) peilar binna frå fly kvar veke. Peiling frå bakken er meir usikkert fordi det er mange "dødsoner" i terrenget som peileutstyret ikkje dekker. Ved peiling 16.07.02 var binna på veg i sørleg retning og vart registrert ved Tjønndalsklumpen, omtrent ei mils avstand frå busetnaden i Inderdalen. Peilinga 23.07.02 viser at binna då var 7 km inn på svensk side, altså vidare sørover for det området den oppheldt seg ved den tidlegare peilinga. Behovet for hyppigare peilingar vil bli kontinuerleg vurdert av DN dersom situasjonen skulle krevje dette, for eksempel ved at binna igjen tar tilhald nær busetnaden.

Departementet er naturlegvis kjent med at kontakt mellom menneske og rovdyr, kanskje særleg bjørn, kan utgjere ei fare for menneske. Aktsemd er difor nødvendig ved ferdsel i område med bjørn. Lierne kommune, i samarbeid med Fylkesmannen i Nord-Trøndelag og Politimeisteren i Namdal, laga ei eigen brosjyre "Møte mellom mennesker og bjørn i Indre Namdal" i 1996/97, med aktuelle råd og tips. Ut frå dei opplysningane departementet har mottatt frå DN er det likevel ikkje noko som tyder på at "Arvaslibinna" viser avvikande åtferd i forhold til andre bjørnar, eller at den er nokon særskild trussel for menneske.

Lierne kommune har kjerneområde for bjørn, og er eit viktig område for oppbygginga av ei levedyktig bjørnestamme i landet, noe eg går ut frå at Norges Naturvernforbund er samd i. Ei binne med to ungar er svært verdifull i den norske bjørneforvaltninga, og er m.a. unntatt frå det betinga fellingsløyvet på 2 bjørnar som DN har gitt for Lierne kommune dette året.

Eg har likevel full forståing for at frykt kan oppstå sjølv om den reelle faren er liten. Dette spørsmålet vil verte omtala nærmare i den stortingsmeldinga om rovdyrpolitikken som departementet no arbeider med. Men det viktigaste er truleg at dei som står barn og unge nær, i samarbeid med fagstyresmaktene, held fram med å bearbeide frykta gjennom samtaler og informasjon, slik prosjektet "Leve med rovdyr" legg opp til. Eg ser dermed fram til et positivt og fruktbart samarbeid med kommunane og miljøvernorganisasjonane for å løyse dei utfordringane som er knytt til rovdyr i lokalsamfunnet.

Med helsing

André Støylen

Kopi: Direktoratet for naturforvaltning
Fylkesmannen i Nord- Trøndelag
Nord- Trøndelag fylkeskommune
Lierne kommune
Barneombudet