Endring i forskrift om stadnamn - høyring

Framlegget til endringar i forskrifta følgjer opp lovendringane i Stadnamnlova som hadde verknad frå 1. juli 2019, slik at forskrifta blir tilpassa til lova. Det er i tillegg gjort framlegg til utfyllande reglar om korleis stadnamnlova skal gjennomførast.

Status: Ferdigbehandla

Høyringsfrist: 07.04.2021

Vår ref.: 19/6649

Endring i forskrift om stadnamn - høyring

Høyringsbrevet som PDF-fil

Kulturdepartementet gjer med dette framlegg om endringar i forskrift 23. mai 2017 nr. 638 om stadnamn.

Lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn (stadnamnlova) vart endra ved lov 21. juni 2019 nr. 59  om endringar i stadnamnlova (organisering av stadnamntenesta m.m). Endringane fekk verknad frå 1. juli 2019.

Framlegget til endringar i forskrifta (vedlagt) følgjer opp lovendringane, slik at forskrifta blir tilpassa til lova. Det er i tillegg gjort framlegg til utfyllande reglar om korleis stadnamnlova skal gjennomførast.

Bruk den digitale løysinga for å sende inn høyringssvar. Klikk på "send høyringssvar". Høyringssvar er offentlege etter offentleglova, og vil bli publiserte på nettsidene våre.

Fristen for å sende inn høyringssvar er 7. april 2021.

 

Med helsing

Gunhild Strand Molle (e.f.)
avdelingsdirektør

Sigfrid Tvitekkja
seniorrådgjevar

Høyringsnotatet  som vart lagt ut 9.12., er justert. Det er berre framlegget til § 4 andre ledd om verkeområdet for samisk rettskriving som er justert (sjå side 9, 21 og 25). Justeringa er gjord fordi feil versjon av paragrafen vart sendt ut.

Høyringsnotat - framlegg til endringar i forskrift 23. mai 2017 nr. 638 om stadnamn - (justert versjon 18. des. 2020) (.pdf)

Departementa
Fylkeskommunane
Fylkesmennene
Kommunane
Sametinget
Bokmålsforbundet
Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur
Direktoratet for naturforvaltning
Forsvaret
Halti kvenkultursenter IKS
Klagenemnda for stadnamnsaker
Kvenlandsforbundet
Kommunenes Sentralforbund
Navnebeskyttelsen i Norge
NIBR
Noregs Mållag
Norges Bygdekvinnelag
Norges Bondelag
Norsk Bonde- og Småbrukarlag
Norsk-finsk forbund
Norske Kveners Forbund
Norsk kulturråd
Nasjonalbiblioteket
Noregs vassdrags- og energidirektorat
Posten Noreg AS
Riksmålsforbundet
Samarbeidsnemnda for namnegransking
Språkrådet
Statens kartverk
Universiteta
Vegdirektoratet