Faktaark – Instruks om innløysing og regulering av festeavgift i festeforhold for bustadhus der staten eller statleg styrde verksemder eig tomta

Reglementet skal gjelde for tomter som er eigde av staten, statsføretak, Opplysningsvesenets fond og andre fond så langt staten eller statsføretak kan gi instruks til fondet.

Faktaarket finnast i pdf-format her.

Bakgrunn
I Stoltenberg II-regjeringas tiltredingsfråsegn heiter det at staten og statleg styrde fond skal instruerast til å innrømme innløysingsrett for festetomter anna kvart år til 30 gonger konsumprisregulert opphavleg leige. Dei som ikkje ynskjer innløysing, får tilbod om vidare leige regulert med konsumprisindeks. Instruks om innløysing og regulering av festeavgift i festeforhold for bustadhus der staten eller statleg styrde verksemder eig tomta, vart stadfesta av Kongen i statsråd 12. september 2007. 

Instruksen sitt verkeområde
Reglementet skal gjelde for tomter som er eigde av staten, statsføretak, Opplysningsvesenets fond og andre fond så langt staten eller statsføretak kan gi instruks til fondet. For at instruksen skal gjelde for Opplysningsvesenets fond, må det til ei endring av lov om Opplysningsvesenets fond. Det vil verte fremja eit lovendringsforslag for Stortinget, slik at instruksen kan ta til å gjelde frå 1. juli 2008.

Nærmare om innhaldet i instruksen
Ut frå ordlyden i tiltredingsfråsegna frå regjeringa har ein funne det naudsynt å gjere nokre presiseringar i instruksen. Den vesentlegaste er at føresegnene i instruksen om innløysing og regulering av festeavgift berre skal omfatte tomt med bustadhus. Det vil seie at instruksen ikkje gjeld hytter eller andre typar bygg som står på statleg festetomt. For det andre vert tomtefestelova sitt system følgd ved at det må ha gått 30 år av festetida før det kan krevjast innløysing første gong. Festaren må framsetje skriftleg krav om innløysing. Dette må gjerast seinast eitt år før innløysingstida er inne.

Prisen for tomta skal setjast til 30 gonger opphavleg normal festeavgift regulert i samsvar med endringa i pengeverdien (konsumprisindeksen). Det er òg naudsynt å presisere at ein ved fastsetjing av beløpet for innløysing, skal ta utgangspunkt i opphavleg normal festeavgift. Det vil seie den avgifta som vart avtalt som fast festeavgift då festeavtalen vart inngått. Når det gjeld regulering av leige for dei som ikkje ynskjer innløysing, skal festeavgifta regulerast i samsvar med konsumprisindeks, fastsett på grunnlag av avgifta 1. januar 2002. 

Instruksen gjeld og ved framfeste, der staten eig tomta, men ein mellommann står som bortfestar. Den som festar tomta, kan i slike høve krevje innløysing overfor staten etter reglane i instruksen.

I tråd med tiltredingsfråsegna frå Stoltenberg II-regjeringa skal staten, eller verksemder som er styrde av staten, bere tapet som oppstår ved at festar ikkje skal betale full pris ved innløysing, og har krav på lågare festeavgift enn etter tomtefestelova sitt system.

Ikraftsetjing og nedregulering av festeavgift
Instruksen vert sett i kraft 1. juli 2008. Festeavgift som har vorte oppregulert på anna grunnlag enn etter endringa i pengeverdien i perioden 1. januar 2002 til 1. juli 2008, vert nedregulert. Avgifta blir frå 1. juli 2008 sett til det beløpet som det på tidspunktet for siste regulering kunne vorte regulert til på grunnlag av endringa i pengeverdien.