F-03-18 Forskrift om opptak til høgre utdanning - endringar

Kunnskapsdepartementet fastsette 3. januar 2017 forskrift om opptak til høgre utdanning (opptaksforskrifta) med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler (uhl.). Det er gjort endringar i forskrifta 11. oktober 2017 og 30. januar 2018. Det er gjort endringar i §§ 2-1, 2-4, 3-4, 3-5, 3-6, 4-1, 4-2, 4-3, 4-4, 4-5, 4-6, 4-7, 4-8, 4-9, 4-10, 4-11, 5-1, 7-11 og 8-2 i forskrifta.

Endringar som ikkje er spesielt nemnde under, skal gjelde frå og med opptak til studieåret 2019-2020. Vi gjer merksam på at departementet etter innspel i høyringa er komne fram til at musikkteaterutdanning ved NSKI er scenekunstutdanning og at forslaget om endring i § 4-9 derfor ikkje er naudsynt. Dette inneber òg at NSKI i spesielle tilfelle kan gjere unntak frå krav om generell studiekompetanse for opptak til musikkteaterutdanning med heimel i § 3-6.