Forslag til forskrift om tvangsmulkt og lovbrotsgebyr i medhald av lov om meldeplikt ved nedlegging av næringsverksemd (omstillingslova)

Status: Ferdigbehandlet

Høringsfrist: 16.05.2008

Vår ref.: 200801319-2/GBS
1. Innleiing

Vedlagt følgjer forslag til ny forskrift om tvangsmulkt og lovbrotsgebyr i medhald av lov om meldeplikt ved nedlegging av næringsverksemd (omstillingslova).

Ot. prp. nr. 27 (2007-2008) om lov om meldeplikt ved nedlegging av næringsverksemd (omstillingslova) vart oversendt Stortinget 21. desember 2007. Det er forventa at behandlinga i Stortinget vil vere avslutta i løpet av vårsesjonen. Departementet tek sikte på at lova skal tre i kraft 1. juli 2008. Forslaget til ny forskrift vert sendt på høyring under føresetnad om at lova blir vedteken av Stortinget.

Omstillingslova inneheld forslag til tiltak ved nedlegging av bedrifter. Eit av tiltaka er å innkalle til drøftingar mellom bedrift, det offentlege, tilsette og moglege investorar. Det er såleis gjort framlegg om å innføre ei obligatorisk meldeplikt til fylkeskommunen for bedrifter som har fleire enn 30 tilsette når det ligg føre planar om nedlegging. Melding skal sendast til fylkeskommunen seinast 30 dagar før ei eventuell nedlegging kan gjennomførast.

Dei pliktene bedrifta har etter lova og som kan sanksjonerast går fram av lova §§ 3, 4 og 6. § 3 seier kva for opplysningar meldinga skal innehalde. Bedrifta kan, etter § 4, ikkje treffe endeleg avgjerd om nedlegging før 30 dagar etter at fylkeskommunen har fått meldinga etter § 3. Etter § 6 påkvilar det eigaren råderettsband i perioden etter at meldinga er sendt og fram til drøftingane etter § 5 er avslutta. 

For å sikre at lova blir etterlevd og effektivisere måten ho blir handheva på, er det i omstillingslova teke inn reglar om sanksjonar. I forslaget er det føresegner om tvangsmulkt i § 7 og om lovbrotsgebyr i § 8, og fastsett at Kongen kan gi nærmare reglar om dette. Etter § 7 kan Kongen fastsetje nærmare føresegner om pålegging av tvangsmulkt, blant anna om vilkår for tvangsmulkt og om storleiken på mulkta og om renter ved forseinka betaling. På same måten kan det etter § 8 fastsetjast nærmare reglar om gjennomføringa. Dette gjeld til dømes inndriving, betalingsfrist og om det skal betalast renter. Forslaget til føresegner skal sikre at pliktene etter lova vert etterlevd slik at føremålet med lova vert nådd. For nærmare omtale av bakgrunnen syner ein til side 29, 47 og 48 i proposisjonen.

Ilegging av tvangsmulkt og lovbrotsgebyr skal i utgangspunktet skje i dei tilfella der det skjer alvorlege brot på dei pliktane bedriftene har etter omstillingslova. Dette er det teke omsyn til ved fastsetjing av nivået på tvangsmulkta og lovbrotsgebyret. Ved berekning av storleiken på mulkt eller gebyr, har vi valt å ta utgangspunkt i grunnbeløpet i folketrygda. Storleiken vil då vere fleksibel gjennom dei faste justeringane som vert gjort med jamne mellomrom. Det inneber at ein ikkje treng gjere endringar i forskrifta for å endre storleiken på mulkta og gebyret. Ved å leggje storleiken på ½ G ved løpande tvangsmulkt og ikkje høgare enn 5 G ved eingongsbeløp vil det etter departementet si vurdering vere proporsjonalitet og balanse mellom omsynet til å oppnå føremålet med lova og at pliktene vert etterlevd, og dei kostnadene som mulkt eller gebyr påfører bedriftene.

I utkastet til forskrift er det teke inn reglar om storleiken på tvangsmulkta og lovbrotsgebyret, fristar, vilkår for ilegging, ettergjeving, klage og renter. Nærings- og handelsdepartementet legg ikkje i denne omgangen fram forslag til auka lovbrotsgebyr ved gjentekne brot på § 4 fordi ein ikkje kan sjå at det er behov for det. Om utviklinga skulle tilseie det etter at lova har virka ei tid, kan det vurderast om ein likevel treng å regulere dette ved eit seinare høve.

Nærings- og handelsdepartementet legg med dette fram forslag til forskrift om nærmare reglar for fastsetjing av tvangsmulkt og lovbrotsgebyr. Forskrifta skal etter planen tre i kraft samstundes med lova, 1. juli 2008.

For nærmare opplysningar og informasjon om lovforslaget viser ein til :

http://www.regjeringen.no/nb/dep/nhd/dok/regpubl/otprp/2007-2008/Otprp-nr-27-2007-2008-.html?id=494729  

Frist for eventuelle kommentarar er sett til 16. mai 2008. Send gjerne høyringssvaret til departementet på e-post til postmottak@nhd.dep.no.

2. Utkast til forskrift om tvangsmulkt og lovbrotsgebyr i medhald av omstillingslova

Forskrift om fastsetjing, berekning og ettergjeving m.v. av tvangsmulkt og lovbrotsgebyr i medhald av omstillingslova

Fastsett ved kgl.res. dd.måned.2008 med heimel i lov xx xx 2008 nr. xx om meldeplikt ved nedlegging av næringsverksemd (omstillingslova) §§ 7 og 8. Fremma av Nærings- og handelsdepartementet. 

§ 1 Verkeområde

Forskrifta har reglar om pålegging av tvangsmulkt og lovbrotsgebyr etter føresegnene i omstillingslova §§ 7 og 8.   

§ 2 Tvangsmulkt

Tvangsmulkt etter omstillingslova § 7 kan fastsetjast som ei laupande dagmulkt eller som eit eingongsbeløp. Eingongsbeløp kan gjentakast ved fastsetjing av ny frist for å oppfylle plikta. Ved laupande dagmulkt held dagmulkta fram til plikta vert oppfylt. Tvangsmulkta går til statskassen.

Tvangsmulkt kan berre gjevast ved alvorlege brot på pliktene etter §§ 3, 4 eller 6. Som alvorlege brot reknast blant anna at det ikkje er sendt inn melding i det heile, eller at meldinga er so mangelfull eller at endeleg avgjerd om nedlegging er treft så kort tid etter meldinga er sendt inn, at fylkeskommunen ikkje har hatt høve til å gjennomføre behandling av meldinga, jf. reglane i omstillingslova § 5.  

Har fylkeskommunen fastsett laupande tvangsmulkt, skal mulkta setjast til ½ G (G=grunnbeløpet i folketrygda) per dag.  

Har fylkeskommunen fastsett eit eingongsbeløp kan mulkta ikkje setjast høgare enn 5 G. Ved fastsetjing av storleiken på mulkta skal det blant anna takast omsyn til at mulkta skal få tilstrekkeleg førebyggjande verknad samstundes som ein kan sjå hen til bedrifta sin storleik (omsetnad og tal på tilsette) ved fastsetjinga.   

Fylkeskommunen fastset frist for betaling etter reglane i omstillingslova § 7 andre ledd. Ved forseinka betaling gjeld lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinket betaling mm.  

§ 3 Lovbrotsgebyr

Lovbrotsgebyr etter omstillingslova § 8, jf. §4, kan ikkje setjast høgare enn 5 G. Ved fastsetjing av storleiken på gebyret skal det blant anna takast omsyn til at gebyret skal få tilstrekkeleg førebyggjande verknad samstundes som ein kan sjå hen til bedrifta sin storleik (omsetnad og tal på tilsette). Lovbrotsgebyret går til statskassen 

Lovbrotsgebyr kan berre ileggast ved alvorlege brot på § 4. Som alvorlege brot reknast  mellom anna at avgjerd om nedlegging er treft før melding er sendt inn, eller at avgjerd er treft så kort tid etter meldinga er sendt inn at fylkeskommunen ikkje har hatt høve til å gjennomføre behandling av meldinga, jf. reglane i omstillingslova § 5.  

Frist for å betale lovbrotsgebyret skal vere to veker etter at vedtak om det er fatta.

Ved forseinka betaling gjeld lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinket betaling mm.  

§ 4 Inndriving av tvangsmulkt og lovbrotsgebyr

Tvangsmulkt og lovbrotsgebyr skal betalst til statskassen. Fylkeskommunen sender påkrav om tvangsmulkt og lovbrotsgebyr som er forfalle. Blir beløpet ikkje betalt, skal kravet sendast til namsstyresmakta for inndriving.  

§ 5 Ettergjeving

Fylkeskommunen kan etter søknad heilt eller delvis ettergje pålagt lovbrotsgebyr eller tvangsmulkt om det vert godgjort at det låg føre særskilte omstende som gjorde det svært vanskeleg å oppfylle pliktene etter omstillingslova §§ 3, 4 eller 6.

Søknad om ettergjeving må setjast fram for fylkeskommunen innan ein månad etter vedtak om ilegging av lovbrotsgebyr eller tvangsmulkt.

Fylkeskommunens vedtak i sak om ettergjeving kan påklagast til Fylkestinget etter reglane i forvaltningslova §§ 28 flg.  

§ 6 Klage

Vedtak om lovbrotsgebyr eller tvangsmulkt kan klagast inn for Fylkestinget etter reglane i forvaltningslova §§ 28 flg.  

§ 7 Iverksetjing

Forskrifta gjeld frå xx.xx 2008. 

3. Merknader til føresegnene

Til § 1

Føresegna fastset verkeområdet for forskrifta. 

Til § 2

Tvangsmulkt som tvangsmiddel brukast til å tvinge fram oppfylling av ei plikt som går ut på anna enn pengar. Fylkeskommunen har val mellom å fastsetje tvangsmulkta som eit eingongsbeløp eller som ei laupande mulkt. Mulkta går til statskassen. Laupande dagmulkt held fram til plikta vert oppfylt. Mulkta lauper både på virkedagar og på fridagar. Dersom brot på omstillingslova §§ 3, 4 eller 6 ikkje vert retta opp, kan mulkt som er fastsett som eit eingongsbeløp gjentakast, og det skal då setjast ny frist. Ein tenkjer her på dei tilfella der det er fastsett eit eingongsbeløp som skal betalast innan ein bestemt frist om forholdet ikkje er retta opp innan fristen. Er fristen nådd, men pliktene etter omstillingslova likevel ikkje vert oppfylt, kan det etter føresegna fastsetjast eit nytt eingongsbeløp, i tillegg til det gamle, med ny betalingsfrist.  

Tvangsmulkta skal berre brukast ved alvorlege brot på føresegnene i lova. Fylkeskommunen må i kvart enkelt tilfelle vurdere kva som skal reknast som eit alvorleg brot. I andre ledd er det eksempel på kva som reknast som alvorlege brot. Det kan blant anna vere der melding ikkje er sendt inn i det heile, eller der avgjerd etter omstillingslova § 4 er teken så raskt etter innsending av meldinga, at saksbehandlinga etter lova § 5 ikkje let seg gjennomføre. Vidare kan fylkeskommunen sjå på om saksbehandlinga kan tenkjast å gje grunnlag for å føre fram til vidare drift eller andre løysingar.  

Tredje ledd fastset storleiken på mulkta. Eingongsbeløp skal maksimalt vere fem G. Laupande dagmulkt skal alltid setjast til ein halvpart av folketrygdas grunnbeløp (G = kr. 66 812,- per 01.05.07). Det er vurdert om storleiken på den laupande mulkta skal fastsetjast individuelt i kvart enkelt tilfelle. Departementet har komme til at laupande mulkt bør ha ein fast storleik. Det er lagt vekt på at ei dagmulkt på ½ G vil vere føreseieleg og vil vere tilstrekkeleg til å oppfylle pliktene etter lova, samstundes som ho ikkje vil utgjerde ei unødvendig byrde. 

Fjerde ledd gir retningsliner for kor høg ei mulkt som er fastsett som eit eingongsbeløp skal setjast. Storleiken av eingongsbeløpet er ei skjønnsmessig vurdering og må vurderast konkret. Mulkta skal vere så stor at den er effektiv, men utan å vere urimeleg. For å oppnå dette skal fylkeskommunen ved vurderinga av storleiken, ta omsyn til kor viktig det er at plikta vert oppfylt. Kostnaden for den aktuelle bedrifta kan også vurderast her. 

Omstillingslova § 7 har reglar om fristen for betaling. Det skal vere minst ei vekes frist for betaling etter at det er sendt pålegg. Eingongsmulkta forfell til betaling første vyrkedag etter at fristen er ute. Laupande dagmulkt forfell til betaling i daglege terminar frå og med første vyrkedag etter at fristen i pålegget er ute. Rentar lauper etter dei alminnelege reglane i lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinket betaling mm. 

Til § 3

Lovbrotsgebyr skal berre brukast ved brot på omstillingslova § 4. Vedtak om lovbrotsgebyr pålegg bedrifta å betale eit pengebeløp til statskassen som følgje av at eigarane av bedrifta ikkje har overhalde handlingsnorma i omstillingslova § 4. Når det gjeld storleiken, viser vi til merknaden til § 2.  

Lovbrotsgebyret skal berre brukast ved alvorlege brot på føresegna i lova. Spørsmålet om ilegging av lovbrotsgebyr er ei skjønnsmessig avgjerd, og fylkeskommunen må i kvart enkelt tilfelle vurdere kva som skal reknast som alvorleg brot. Andre ledd gir eksemplar på kva som reknast som alvorlege brot. Sjå òg merknad til § 2.

Fristen for betaling er sett til to veker etter at vedtaket er fatta. Lovbrotsgebyret forfell til betaling første vyrkedag etter at fristen er ute. Renter lauper etter dei alminnelege reglane i lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinket betaling mm. 

Til § 4

Etter § 4 skal betaling av mulkt og lovbrotsgebyr skje etter påkrav frå fylkeskommunen om den ikkje uoppfordra vert betalt etter kvart som mulkta eller lovbrotsgebyret forfell til betaling. Vert kravet ikkje betalt innan fristen som er sett, vert det sendt til namsmannen for inndriving etter reglane i lov 26. juni 1992 nr. 86 om tvangsfullbyrdelse.  

Til § 5

Etter første ledd har fylkeskommunen etter søknad moglegheit til å redusere eller ettergje tvangsmulkt eller lovbrotsgebyr. Ein føresetnad for dette er om det i ettertid kjem fram at det låg føre særlege grunnar til at pliktene etter lova ikkje vart følgde. Dette kjem i tillegg til at fylkeskommunen på eige initiativ kan redusere og gje opp kravet på tvangsmulkt eller lovbrotsgebyr. 

Føresegna er ein ekstra sikringsventil som berre kan brukast når det ligg føre særskilte omstende, og det dessutan vil vere urimeleg å oppretthalde kravet. Fylkeskommunen må vurdere i det enkelte tilfelle kva for grunnar som kan seiast å vere tilstrekkeleg for å kunne ettergje kravet. Det vil vere naturlig å ta utgangspunkt i forhold hos bedrifta eller eigaren. Manglande kjennskap eller vilje til å etterleve pliktene i lova er openbart ikkje grunn god nok for å ettergje kravet. 

I andre ledd første setning er det fastsett ein frist på ein månad for å søkje om ettergjeving. Fristen skal reknast frå det tidspunktet fylkeskommunen i tråd med omstillingslova § 5 tredje ledd har sendt melding til alle som har delteke i drøftingane.  

Departementet har vurdert om søknad om ettergjeving automatisk skal gje oppsetjande verknad. Automatisk oppsetjande verknad vil kunne stimulere pliktsubjekta til klager og medvetne forsøk på trenering, og dermed medverke til å undergrave føremålet med tiltaka – å stimulere til oppfylling av lovpålagde plikter. Reglane vil vere meir effektive, og med ei monaleg mindre arbeidsbyrde for forvaltninga. Departementet føreslår derfor ikkje automatisk oppsetjande verknad. Det fører til at hovudregelen i forvaltningslova   § 42 gjeld, og inneber at ein kan søkje om oppsetjande verknad i desse tilfella.   

Etter føresegna i tredje ledd kan avgjerd om ettergjeving av mulkt eller lovbrotsgebyr påklagast etter reglane i forvaltningslova §§ 28 flg. Fylkeskommunen si avgjerd er ei administrativ avgjerd og ikkje ei avgjerd som skal treffast av dei politisk valde organa. Etter forvaltningslova § 28 andre ledd vil det føre til at ein klage over administrasjonen sitt vedtak skal behandlast av nærmaste overordna organ som i slike tilfeller vil vere fylkestinget.

Til § 6

Etter første ledd kan avgjerd om tvangsmulkt og lovbrotsgebyr klagast inn for Fylkestinget etter reglane i forvaltningslova §§ 28 flg, jf. også merknadene til § 5.  

Departementet føreslår heller ikkje i samband med klager automatisk oppsetjande verknad. Grunngjevinga er den same som ved søknad om ettergjeving etter § 5, jf. merknadene til § 5 andre ledd. Det fører til at hovudregelen i forvaltningslova § 42 gjeld, og inneber at ein kan søkje om oppsetjande verknad i desse tilfella.

Til § 7

Forskrifta skal ta til å gjelde samstundes med at omstillingslova tek til å gjelde.

4. Økonomiske og administrative konsekvensar

Sanksjonane skal vere eit insitament for dei ansvarlege til å følgje lova. Departementet legg til grunn at bedriftene vil halde seg til lova. Difor forventar ikkje departementet vesentlege økonomiske og administrative konsekvensar av forslaget om tvangsmulkt og lovbrotsgebyr. For dei føretaka som vert pålagd å betale tvangsmulkt eller lovbrotsgebyr vert det sjølvsagt auka kostnader, men desse kostnadene kan dei unngå ved å halde seg til lova.

For fylkeskommunane vil heller ikkje forskrifta føre til særlege økonomiske og administrative konsekvensar. Etter departementet sine berekningar vil det totalt kunne dreie seg om 300 meldingar per år, og departementet legg til grunn at det store fleirtalet av dei som pliktar å sende melding gjer det innanfor rammene som lova set. I den grad det vert trong for å påleggje tvangsmulkt eller lovbrotsgebyr er det grunn til å tru at det berre vil vere i eit fåtal saker, som ikkje vil føre til ei nemneverdig auking i dei økonomiske og administrative konsekvensane utover det som vil følgje av lova i seg sjølv. Det vil neppe vere trong for å etablere nye administrative rutinar hos fylkeskommunane. 

Med hilsen
Tom Hugo-Sørensen (e.f.)
avdelingsdirektør

                                                            Geir Bj. Sætre
                                                            seniorrådgiver

Alle departementa

Alle fylkeskommunane

Arbeidsgiverforeningen NAVO

Finansnæringens Hovedorganisasjon

Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon

Innovasjon Norge

Kommunenes Sentralforbund

Konkurransetilsynet

Landsorganisasjonen i Norge

Næringslivets Hovedorganisasjon

Arbeids- og velferdsdirektoratet (NAV)

Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund

Akademikerne

Den Norske Advokatforening

Bedriftsforbundet

Den norske Revisorforening

Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening (NARF)

Norges Juristforbund

Regjeringsadvokaten

Energibedriftenes Landsforening

Norsk Industri

Norges Skogeierforbund

Landbruks- og matdepartementet - ingen merknader
Miljøverndepartementet - ingen merknader
Samferdselsdepartementet - ingen merknader
NAV Oslo - ingen merknader
Finansdepartementet - ingen merknader
Helse- og omsorgsdepartementet - ingen merknader
Den norske Revisorforening - ingen merknader
Landsorganisasjonen i Norge - merknader (pdf-format)
Arbeidsgiverforeningen Spekter - merknader (pdf-format)
Kommunal- og regionaldepartementet - ingen merknader
Arbeids- og inkluderingsdepartementet - ingen merknader
Den Norske Advokatforening - merknader (word-format)
FNH - Finansnæringens Hovedorganisasjon - ingen merknader
Sør-Trøndelag fylkeskommune - merknader (word-format)
Sogn og Fjordane fylkeskommune - merknader (word-format)
Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon - merknader (word-format)
Konkurransetilsynet - merknader (word-format)
Næringslivets Hovedorganisasjon - merknader (pdf-format)
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund - ingen merknader
Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening - ingen merknader
Fiskeri- og kystdepartementet - ingen merknader
Akademikerne - ingen merknader
Fornyings- og administrasjonsdepartemenet - ingen merknader
Barne- og likestillingsdepartementet - ingen merknader