Framlegg til endring av våpeninstruks for politiet

Høyring med framlegg om at Politidirektoratet, etter samtykke frå Justis- og beredskapsdepartementet, kan bestemme at politiet sitt innsatspersonell for ei tidsavgrensa periode skal bera einhandsskytevåpen (pistol) i dagleg teneste.

Status: Ferdigbehandlet

Høyringsfrist: 04.02.2015

Vår ref.: 14/8072

Framlegg til endring av våpeninstruks for politiet 

1.   Innleiing

Justis- og beredskapsdepartementet sender med dette framlegg til endring av våpeninstruks for politiet på høyring. Bakgrunnen for høyringsframlegget er behovet for ein klar regel i våpeninstruksen som tryggjer adgang til væpning av politiet for å ivaretake politiet sin eigentryggleik og innsatsevne. Framlegget inneber at Politidirektoratet, etter samtykke frå Justis- og beredskapsdepartementet, kan bestemme at politiet sitt innsatspersonell for ei tidsavgrensa periode skal bera einhandsskytevåpen (pistol) i dagleg teneste. 

Høyringsframlegget endrar ikkje gjeldande prinsipp om eit uvæpna politi. Den føreslåtte endringa skal difor berre gjelde for situasjonar der mindre inngripande tiltak ikkje er tilstrekkeleg for å redusere risikoen mot polititenestepersonar. Framlegget som sendast på høyring skal gjelde fram til ny våpeninstruks for politiet vert sett ikraft og seinast inntil utgangen av 2015. 

Våpeninstruksen for politiet er ein særinstruks som er fastsett av Justis- og beredskapsdepartementet i medhald av politilova § 29. Instruksen kan endrast ved departementsvedtak. Formelt sett er det ikkje eit krav om at framlegg til endring av slike særinstruksar skal sendast på høyring. Omsynet til ein forsvarleg saksutgreiing talar likevel for å sende denne saka på ei kort høyring til utvalde instansar. Grunnen til den korte høyringsfristen er behovet for ein snarleg handsaming av saka.

Ei liste overdei instansar som har fått førelagt utkastet ligg ved.

Høyringsfråsegner skal gjevast digitalt på www.regjeringen.no/id2358832 under «Send inn høringssvar». Her kan du registrere deg, mellomlagre ei fråsegn og laste opp vedlegg. Alle kan gje høyringsfråsegn, men ver merksam på at fråsegner er offentlege etter Offentleglova og vert publisert saman med andre høyringsfråsegner. 

Høyringsfråsegner kan alternativt sendast til Justis- og beredskapsdepartementet på e-post til: postmottak@jd.dep.no.

Vi ber om tilbakemeldingar innan 4. februar 2015.

Eventuelle førespurnader sendast til seniorrådgjevar Verner Bjerkvik –tlf 22245509.

2.   Bakgrunn

På bakgrunn av utviklinga i trugsmålssituasjonen gjorde Etterretningstjenesten og Politiets sikkerhetstjenste, gjennom Felles kontraterrorsenter (FKTS), i oktober 2014 ei gradert trugsmålvurdering som vart sendt til relevante departement og etatar. Denne trugsmålvurderinga konkluderar med at det truleg kan verte truga med, og verte freista utført, terroråtak i Noreg innan dei neste 12 månader. Ut frå ei vurdering av korleis ekstreme islamistar veljer mål og metodar, samt det fiendebiletet som den Islamske stat  teiknar opp, kan særleg militært personell, politi og einskilde politiske avgjerdstakarar vere utsette. 

Politidirektoratet vurderte risikoen mot polititenestepersonar som så alvorleg at dei 18. november 2014 ba Justis- og beredskapsdepartementet om samtykke til å væpne uniformert innsatspersonell i kategori 1, 3 og 4 med pistol.

I brevet vart det i hovudsak synt til at mindre inngripande tiltak ikkje er tilstrekkeleg for å dempe risikoen mot polititenestepersonar, og at væpning er naudsynt for at politiet fortsatt skal kunne løyse sine oppdrag. Justis- og beredskapsdepartementet la avgjerande vekt på Politidirektoratet sine politifaglege vurderingar og gav den 21. november 2014 samtykke til at innsatspersonell i kategori 1, 3 og 4 i politiet kan bera pistol i dagleg teneste fram til 19. desember 2014. Samtykket gjeld der politiet meiner væpning er naudsynt for å oppretthalde eigentryggleik og rask innsatsevne. Politidirektoratet ba den 4. desember Justis- og beredskapsdepartementet om å kunne forlenge væpningspraksisen fram til 15. februar 2015, noko som departementet i brev 17. desember 2014 har gjeve samtykke til. Om Politidirektoratet meiner det er behov for ytterlegare forlenging av væpningspraksisen, må ny og grunna oppmoding sendast departementet innan 5. februar 2015.

3.   Gjeldande rett

Justis- og beredskapsdepartementet har i medhald av politiloven § 29 gjeve våpeninstruks for politiet. Politiet sin adgang til å kunne væpnast med skytevåpen er nærare regulert i våpeinstruksen § 10. Som hovudregel skal politisjef gje ordre om væpning for løysing av nærare bestemte oppdrag. Etter instruksen § 10 første ledd bokstav d kan Justis- og beredskapsdepartementet likevel samtykke til eller gje ordre om væpning av politiet for løysing av særmerkte oppdrag eller under særskilte forhold. Denne regelen gjev høve til å væpne større delar av politistyrken med skytevåpen, og har gjeve grunnlag for Justis- og beredskapsdepartementet sitt samtykke til væpning av politiet sitt innsatspersonell.

Væpningsheimelen føreset likevel at situasjonen som grunngjev væpning er sakleg avgrensa, og gjev etter departementet sitt syn ikkje grunnlag for ei langvarig, tidsuavgrensa og generell avgjerd om væpning av alt uniformert innsatspersonell. Gjeldande regelverk er soleis ikkje tilpassa noverande situasjon med ei trugsmålvurdering som åtvarar om freistnad på åtak mot mellom anna politipersonell innanfor de kommande 12 månadene.

Justis- og beredskapsdepartementet har bede professor Tor-Geir Myhrer om å gje ei vurdering av heimelsgrunnlaget for dette tiltaket. Ein kopi av denne utgreiinga ligg ved. Når det gjeld spørsmålet om kor langt væpningsheimelen etter gjeldande våpeninstruks rekk, konkluderar Myhrer med følgjande: «Etter mitt skjønn må det legges til grunn at gjeldende våpeninstruks § 10 1. ledd bokstav d ikke gir hjemmel for en så langvarig, tidsuavgrenset og generell[] beslutning om bevæpning av alt operativt personell, som følger av Politidirektoratets anmodning av 18. november d.å.» 

Myhrer konkluderer vidare med at«Bestemmelser som tar sikte på å gi grunnlag for en mer generell bevæpning av norsk politi bør av hensyn til de polisiære grunnprinsipper som politiloven § 6 er et rettslig uttrykk for, forlegges Stortinget som lovsak og forankres i politiloven». Vidare drøftar han i kva grad politilova gjev høve til å fastsette ein ny og særskilt tilpassa regel om væpning i gjeldande våpeninstruks. Om dette seier han mellom anna: «Dess mer tidsavgrenset og konkretisert en ny bevæpningsbestemmelse gjøres, dess lettere blir den selvsagt å forene rettslig sett med de polisiære grunnprinsipper». 

Justis- og beredskapsdepartementet ser etter dette behov for å fastsette ein klar regel i gjeldande våpeninstruks som tryggjer at departementet kan samtykke i væpning  av innsatspersonell når dette er naudsynt for å ivareta politiets eigentryggleik og innsatsevne. Som det fremgår under punkt fire nedanfor, er forslaget til ny bestemmelse i våpeninstruksen tidsavgrensa, konkretisert, og føreset at politiet gjer lokale vurderingar av behovet for væpning. 

Justis- og beredskapsdepartementet reknar difor at den føreslåtte endringa i våpeninstruksen kan fastsettast som departementsvedtak. Om situasjonen med mellombels væpning av politiet varar over lang tid, ser likevel Justis- og beredskapsdepartementet det som naturleg å informere Stortinget på høvande måte.

4.   Nærare om endringsframlegget

Framlegget til endring av politiet sin heimel for væpning er teke inn i våpeninstruks § 10 fjerde ledd. Etter framlegget sin første punktum kan Politidirektoratet, etter samtykke frå Justis- og beredskapsdepartementet, fastsette væpning med einhandsskytevåpen for inntil tre månader. Ein føresetnad for å kunne fastsette endringa i væpningspraksisen, er at det ut frå tilgjengeleg informasjon reknast for naudsynt med væpning med skytevåpen for å tryggje rask innsatsevne og eigentryggleik.   

Tiltaket kan på dei vilkår som er fastsett i første punktum forlengast med inntil åtte veker av gangen. Hensikta med ei javnleg prøving er å tryggje ei fortløpande vurdering av behovet for væpning. Det vert også føreslått at politiet sine avgjerder om væpning skal gjevast ut frå lokale risiko- og sårbarheitsvurderingar, vurdert opp mot politiet si oppgåveløysing. 

Etter gjeldande våpeninstruks skal det som hovudregel nyttast verneutstyr under utføring av væpna politioppdrag. Ein slik praksis er lite tenleg når politiet skal væpnast for å utføre ordinær polititeneste. Difor er det i framlegget gjort endringar i våpeninstruksen § 6, slik at Politidirektoratet kan fastsette særskilte retningsliner for kva verneutstyr som skal nyttast i væpna polititeneste. 

4.1  Endringar i ny våpeninstruks for politiet

Den situasjonen som grunngjev endringar i væpningspraksisen har ikkje vore særskilt handsama i framlegget til ny våpeninstruks som er til handsaming i Justis- og beredskapsdepartementet. Departementet tek sikte på å innarbeide ein heimel i ny våpeninstruks som tilsvarar den som no sendast på høyring.  

5.   Økonomiske og administrative følgjer

Justis og beredskapsdepartementet reknar ikkje med at framlegget vil ha nemnande økonomiske eller administrative følgjer for politiet.  

Med vennleg helsing
Birgitte Ege
avdelingsdirektør

Verner Bjerkvik
seniorrådgjevar

 

Vedlegg: 

Beslutning om endring i særinstruks 1. august 1989 nr. 4872: Våpeninstruks for politiet

Hjemmel: Fastsatt av Justis- og beredskapsdepartementet …. februar 2015 med hjemmel i lov 4. august 1995 nr. 53 om politiet (politiloven) § 29.

I

I særinstruks 1. august 1989 nr. 4872 gjøres følgende endringer:

§ 10 fjerde ledd skal lyde:

§ 10. Politisjef kan for det enkelte tilfelle gi ordre om bevæpning med skytevåpen av politimann når

a) konkrete opplysninger eller omstendighetene for øvrig gir grunn til å tro at politimann i tjenesteoppdrag vil stå overfor bevæpnet person, eller

b) oppdraget fremstår som særlig farlig for de impliserte politimenn, eller

c) oppdragets karakter gjør bevæpning nødvendig av andre grunner, eller

d) Justisdepartementet har samtykket i eller beordret at bevæpning foretas til løsing av spesielle oppdrag, eller under særlige forhold.

Når politisjef ikke er tilgjengelig og forsinkelsen kan føre til tap av menneskeliv eller alvorlig personskade, kan hans faste stedfortreder gi slik bevæpningsordre. I stedfortreders fravær kan jourhavende gi ordre om bevæpning. Er heller ikke jourhavende tilgjengelig, kan vaktsjef gi bevæpningsordre. I slike tilfeller skal ordren snarest mulig forelegges for vedkommende politisjef.

Justisdepartementet kan i særlige tilfeller gi samtykke til at også andre bemyndiges til å gi bevæpningsordre.

Politidirektoratet kan etter samtykke fra Justisdepartementet beslutte at polititjenestemenn skal bære enhåndsskytevåpen i daglig tjeneste for en periode på inntil tre måneder, når det ut fra tilgjengelig informasjon anses nødvendig for å ivareta egen sikkerhet. Justisdepartementet kan samtykke til å forlenge bevæpningsadgangen med inntil åtte uker av gangen på de vilkår som er fastsatt i første punktum. Politiets beslutning om bevæpning skal gis ut fra lokale risiko- og sårbarhetsanalyser vurdert opp mot politiets oppgaveløsing.   

Politisjef gir instruks om bevæpning med skytevåpen i spesielle oppdrag.

Den som gir bevæpningsordre, avgjør hvilke skytevåpen som skal utleveres. Politimann kan kun utrustes med den/de våpentype(r) han er godkjent for bruk av.

§ 6 skal lyde:

§ 6.Verneutstyr skal alltid oppbevares i umiddelbar nærhet av våpnene. Verneutstyr nyttes når bevæpningsordre er gitt, med mindre oppdragets art tilsier noe annet. Politidirektoratet kan fastsette særlige bestemmelser for bruk av verneutstyr ved beslutning om bevæpning i medhold av § 10 fjerde ledd.

II

Ikrafttredelse

Endringene trer ikraft X. februar 2015 og gjelder til og med 31. desember 2015.

  • Kripos
  • Politidirektoratet
  • Politiets sikkerhetstjeneste
  • Politihøgskolen
  • Riksadvokaten
  • Spesialenheten for politisaker
  • Hovedverneombudet for politiet
  • Norges Politilederlag
  • Norsk Tjenestemannslag
  • Politiets Fellesforbund
  • Politijuristene
  • Parat
  • Statsadvokatenes forening
  • Kommunenes sentralforbund
  • Den norske Advokatforening
  • Norges Juristforbund

Til toppen