Frivilligerklæringa / Frivillighetserklæringen

Regjeringa Solberg la fram Frivilligerklæringa 1. juni 2015.

Frivilligerklæringa er regjeringa Solberg si erklæring for samspelet med frivillig sektor, og trekk opp grunnleggjande prinsipp og overordna mål for samspelet mellom regjering, statlege styresmakter og frivillig sektor. Formålet med frivilligerklæringa er å bidra til at staten fører ein heilskapeleg frivilligpolitikk som skaper føreseielege vilkår for frivillig sektor.

Frivilligerklæringa (.pdf)