G-01/2011 Ikrafttreding av endring i utlendingsforskrifta § 14-2 tredje ledd

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Justis- og politidepartementet

§ 14-2 tredje ledd tredje punktum slår fast at innreiseforbod gjeve i medhald av utlendingslova § 66 første ledd bokstav a, d og andre ledd, som hovudregel ikkje skal setjast til meir enn to år når utlendingen har barn i Noreg og vilkåra i første punktum er oppfylt.

Utlendingsdirektoratet
Utlendingsnemnda
Politidirektoratet
Utenriksdepartementet

Kopi: Arbeidsdepartementet

 

 

 

 

 

Nr.

Vår ref

Dato

G-01/2011

201010587-   /SBO

16.02.2011

 

G-01/2011 Ikrafttreding av endring i utlendingsforskrifta § 14-2 tredje ledd

 

1. Innleiing


Justisdepartementet vedtok 15.februar 2011 ei endring i forskrift 15. oktober 2009 nr. 1286 om utlendingers adgang til riket og deres opphold her (utlendingsforskrifta) § 14-2 tredje ledd. Endringa består i at det er lagt til eit nytt tredje punktum. Endringa trer i kraft 1. mars 2011. 

Endringsforskrifta følgjer vedlagt.

Endringa supplerer endringar vedtekne av Justisdepartementet 20. desember 2010 i utlendingsforskrifta og forskrift av 23. desember 2009 om politiets utlendingsinternat (utlendingsinternatforskrifta). Desse gjennomfører Europaparlaments- og Rådsdirektiv (EF) nr. 2008/115 (returdirektivet) i norsk rett. Endringane av 20. desember 2010 er gjort reie for i rundskriv G-17/2010 Ikrafttredelse av endringer i utlendingsforskriften – gjennomføring av Europaparlaments- og Rådsdirektiv (EF) nr. 2008/115 (returdirektivet). 


2. Nytt tredje punktum i utlendingsforskrifta § 14-2 tredje ledd


§ 14-2 tredje ledd tredje punktum slår fast at innreiseforbod gjeve i medhald av utlendingslova § 66 første ledd bokstav a, d og andre ledd, som hovudregel ikkje skal setjast til meir enn to år når utlendingen har barn i Noreg og vilkåra i første punktum er oppfylt. 

§ 14-2 tredje ledd første punktum slår fast at det som hovudregel ikkje skal påleggjast varig innreiseforbod dersom utlendingen har barn i Noreg som vedkomande i lengre tid har budd fast saman med eller har utøvd samvere med av eit visst omfang, og utlendingen skal halde fram med å bu saman med eller vidareføre samveret med barnet. Denne regelen gjeld uavhengig av kva for grunnlag utlendingen er utvist på.

Justisdepartementet innfører med nytt tredje punktum ein regel som spesifikt gjeld tilfelle der heimelen for utvisning er utlendingslova § 66 første ledd bokstav a, d og andre ledd. Dette er dei heimlane for utvisning som er omfatta av returdirektivet, og som ikkje er knytt til brot på straffelova eller grunnleggjande nasjonale interesser.

At utlendingar som nemnt i tredje punktum som hovudregel ikkje skal bli pålagt innreiseforbod på meir enn to år, inneber ei viss oppmjuking ettersom gjeldande praksis er fem års innreiseforbod i mange saker. Oppmjukinga heng saman med at det ved endringane vedtekne 20.12.2010 vart gjort ei generell oppmjuking når det gjeld innreiseforbod pålagt i medhald av utlendingslova § 66 første ledd bokstav a, d og andre ledd. Bakgrunnen for den generelle oppmjukinga var at returdirektivet slår fast at varigheita av eit innreiseforbud innanfor direktivet sitt bruksområde, som hovudregel ikkje skal overstige fem år. Etter tidlegare praksis vart det ofte gjeve varig innreiseforbod i desse sakene når dei var av ei viss alvorsgrad og omfang. Hovudregelen om ei øvre grense på fem års innreiseforbod er teken inn i forskrifta § 14-2 andre ledd første punktum.

Personar med barn i riket var etter tidlegare § 14-2 andre ledd tilgodesett med ein mildare regel: Innreiseforbodet skulle som hovudregel ikkje gjerast varig, men gjerast ”tidsbegrenset for to eller fem år”. Departementet meiner at den generelle nedjusteringa av innreiseforbodet frå varig til fem år i saker som er omfatta av returdirektivet, også bør medføre at utlendingar med barn i riket får redusert innreiseforbodet frå fem til to år. Dette er no innført i § 14-2 tredje ledd nytt tredje punktum. Grunngjevinga for den mildare regelen er, som før, primært at omsynet til barnets beste taler for kortare innreiseforbod i saker som råkar barn.

Den nye regelen i § 14-2 tredje ledd tredje punktum slår fast at innreiseforbudet som hovudregel ikkje skal setjast lengre enn to år. Dersom brota på utlendingslova er særleg grove eller andre særskilde forhold taler for det, kan innreiseforbodet setjast til fem år, jf. § 14-2 andre ledd første punktum. Når offentleg orden eller grunnleggjande nasjonale interesser gjer det naudsynt, kan innreiseforbodet også setjast til meir enn fem år, jf. § 14-2 andre ledd andre punktum. Kvar grensa skal gå for å gje lengre innreiseforbod enn to år, må fastsetjast nærare i praksis.

 

 

Med helsing

 

 

Birgitte Ege (e.f.)
avdelingsdirektør                                                                 

                                                                                               Sigurd Bordvik
                                                                                               rådgjevar

                                                                                                           

 

 

Vedlegg: Endringsforskrifta