Handlingsplan for meir entreprenørskap blant kvinner

Publikasjonsnr. K-0701 N

Regjeringa har som mål å føre både ein aktiv politikk for innovasjon og verdiskaping og ein framtidsretta politikk for likestilling. I tillegg dannar erkjenninga av at mangfald bidreg til meir verdiskaping, eit viktig utgangspunkt for næringspolitikken vår.

På bakgrunn av dette legg regjeringa fram ein eigen handlingsplan som har som mål å fremje entreprenørskap blant kvinner i Noreg. Planen legg til rette for meir entreprenørskap blant kvinner gjennom å styrkje vilkåra til kvinner for å etablere og utvikle verksemd og skape vekstbedrifter.