Høring - endringar i yrkestransportlova og yrkestransportforskrifta

Samferdselsdepartementet sender på høyring framlegg til endringar i yrkestransportlova.

Status: Under behandling

Høringsfrist: 10.09.2016

Vår ref.: 15/1947

Samferdselsdepartementet sender med dette på alminneleg høyring framlegg til endringar i lov om yrkestransport 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportlova) og forskrift 26. mars 2003 nr. 401 om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportforskrifta), samt forskrift 21. november 2014 nr. 1453 om endring i forskrift om yrkestransport innanlands med motorvogn og fartøy som enno ikkje er sett i verk, sjå vedlagt høyringsnotat.

Samferdselsdepartementet har utarbeidd eit framlegg til endring av yrkestransportlova som gir heimel for at det kan krevjast gebyr frå kandidatar som skal ta eksamen hos Statens vegvesen. Gebyret skal og omfatte utferding av kompetansebevis ved bestått eksamen.

Departementet gjer også framlegg om å endre (yrkestransportforskrifta) for å kunne fastsetje storleiken på gebyret.

Endringane er nødvendige som følgje av at Statens vegvesen skal overta ansvaret med avvikling av eksamen i høve til dei faglege krava som gjeld for tildeling av løyve for godstransport og persontransport (turbuss, drosje, selskapsvognløyve og løyve for transport for funksjonshemma). Dette har vært på høyring tidlegare, jf. høyringsbrev og høyringsnotat av 9. juli 2014.

Departementet gjer òg framlegg om å endre forskrift av 21. november 2014 nr 1453 om endring i forskrift om yrkestransport innanlands med motorvogn og fartøy (yrkestransportforskrifta). Forskrifta er ikkje sett i verk. Endringa inneber at departementet ikkje innfører ei godkjennings- og tilsynsordning med utdaningsinstitusjonar som tilbyr opplæring i dei relevante faga for løyveeksamen. Ei slik godkjennings- og tilsynsordning går fram av nemnde forskrift. Det vert og gjort framlegg om språklege endringar i føresegna.

Departementet tek sikte på at dette kan setjast i verk frå 1. januar 2017 eller så tidleg som
mogleg etter dette.

Høyringa er tilgjengeleg på departementet sine nettsider. Vi ber om at høyringssvar vert sendt elektronisk ved bruk av den digitale løysinga for høyringssvar. Alternativt kan høyringssvar sendast Samferdselsdepartementet, fortrinnsvis pr. e-post til
postmottak@sd.dep.no

Departementet ber om tilbakemelding innan 10. september 2016.

Med helsing

Anne-Lise Junge Jensen (e.f.)
avdelingsdirektør

Børge Breimo Helstrøm
førstekonsulent

 

 

Akademikerne
Akershus fylkeskommune
Arbeids- og sosialdepartementet
Arbeidsgiverforeningen Spekter
Aust-Agder fylkeskommune
Barne- likestillings- og inkluderingsdepartementet
Buskerud fylkeskommune
Datatilsynet
Direktoratet for forvaltning og IKT
Fagforbundet
Finansdepartementet
Finnmark fylkeskommune
Forbrukerombudet
Forbrukerrådet
Forsvarsdepartementet
Fylkesmannen i Aust-Agder
Fylkesmannen i Buskerud
Fylkesmannen i Finnmark
Fylkesmannen i Hedmark
Fylkesmannen i Hordaland
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Fylkesmannen i Nordland
Fylkesmannen i Nord-Trøndelag
Fylkesmannen i Oppland
Fylkesmannen i Oslo og Akershus
Fylkesmannen i Rogaland
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Fylkesmannen i Sør-Trøndelag
Fylkesmannen i Telemark
Fylkesmannen i Troms
Fylkesmannen i Vest-Agder
Fylkesmannen i Vestfold
Fylkesmannen i Østfold
Hedmark fylkeskommune
Helse- og omsorgsdepartementet
Hordaland fylkeskommune
Hovedorganisasjonen Virke
Justis- og beredskapsdepartementet
Klima- og miljødepartementet
Kollektivtrafikkforeningen
Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Kompetanseteam Vest AS
KS - Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon
KS Bedrift
Kulturdepartementet
Kunnskapsdepartementet
Landbruks- og matdepartementet
Landsorganisasjonen i Norge
Møre og Romsdal fylkeskommune
NHO Logistikk og Transport
NHO Reiseliv
NHO Transport
NKI Nettstudier
Nordland fylkeskommune
Nord-Trøndelag fylkeskommune
Norges Lastebileier-Forbund
Norges Taxiforbund
Norges Turbileierforbund
Norsk Jernbaneforbund
Norsk Transportarbeiderforbund
Nærings- og fiskeridepartementet
Olje- og energidepartementet
Oppland fylkeskommune
Oslo kommune - Byrådet
Rogaland fylkeskommune
Ruter AS
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statsministerens kontor
Statsministerens kontor
Sør-Trøndelag fylkeskommune
Telemark fylkeskommune
Transportbrukernes Fellesorganisasjon
Troms fylkeskommune
Utdanningsdirektoratet
Utenriksdepartementet
Vegdirektoratet
Vest-Agder fylkeskommune
Vestfold fylkeskommune
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund
Yrkestrafikkforbundet
Østfold fylkeskommune

Til toppen