Høyring - forslag til endringar i aksjelova og allmennaksjelova - Direktiv 2007/63/EF

Justisdepartementet sender med dette på høyring forslag til endringar i lov 13. juni 1997 nr. 44 om aksjeselskaper og lov 13. juni 1997 nr. 45 om allmennaksjeselskaper på bakgrunn av direktiv 2007/63/EF. I høyringsbrevet blir det gjort framlegg om endringar i allmennaksjelova § 13-10 og aksjelova § 13-10 om fusjon. Aksjelova og allmennaksjelova § 14-4 tredje ledd viser til § 13-10. Endringsforslaget får med det verknad også for fisjon.

Status: Ferdigbehandlet

Høringsfrist: 17.06.2008

Vår ref.: 200802496 EP TOF/bj

Høyring – forslag til endringar i aksjelova og allmennaksjelova som følgje av Europaparlaments- og rådsdirektiv 2007/63/EF om endring av Rådets direktiv 78/855/EØF og 82/891/EØF når det gjeld kravet til ein rapport frå ein uavhengig ekspert i samband med fusjon eller fisjon av allmenne selskap med avgrensa ansvar

1. Innleiing
Europaparlamentet og Rådet for den europeiske union vedtok den 13. november 2007 direktiv 2007/63/EF om endring av Rådets direktiv 78/855/EØF og 82/891/EØF når det gjeld kravet til ein rapport frå ein uavhengig ekspert i samband med fusjon eller fisjon av allmenne selskap med avgrensa ansvar. Direktivet fell inn under EØS-avtalen artikkel 77, jf. vedlegg XXII, om selskapsrett.

Direktivet inneber ei endring av reglane i tredje selskapsdirektiv (78/855/EØF) om fusjon og sjette selskapsdirektiv (82/891/EØF) om fisjon som krev at uavhengige sakkunnige skal utarbeide ein rapport om fusjonen eller fisjonen. Endringa går i hovudsak ut på at det blir gjort unnatak frå dette kravet dersom alle aksjeeigarane er samde om dette.

Justisdepartementet sender med dette på høyring forslag til endringar i lov 13. juni 1997 nr. 44 om aksjeselskaper og lov 13. juni 1997 nr. 45 om allmennaksjeselskaper på bakgrunn av direktiv 2007/63/EF. I høyringsbrevet blir det gjort framlegg om endringar i allmennaksjelova § 13-10 og aksjelova § 13-10 om fusjon. Aksjelova og allmennaksjelova § 14-4 tredje ledd viser til § 13-10. Endringsforslaget får med det verknad også for fisjon.

Tredje og sjette selskapsdirektiv gjeld berre for allmennaksjeselskap. Endringsdirektivet inneber at det må gjerast endringar i allmennaksjelovas reglar i § 13?10, jf. § 14-4 tredje ledd, om at uavhengige sakkunnige skal utarbeide ei utgreiing om fusjonsplanen eller fisjonsplanen.

Også aksjelova har reglar om utgreiing om fusjonsplanen eller fisjonsplanen, jf. aksjelova § 13-10, jf. § 14-4 tredje ledd, men desse reglane er ikkje naudsynte etter fusjonsdirektivet og fisjonsdirektivet. Endringsdirektiv 2007/63/EF har difor ikkje noko å seie for aksjeselskapa. Men det er ikkje grunn til å ha ulike reglar for aksjeselskap og allmennaksjeselskap på dette punktet, og i høyringsbrevet her foreslår departementet endringar også i aksjelova § 13-10.

Justisdepartementet ber om høyringsinstansane sitt syn innan 17. juni 2008. Høyringsfråsegnene skal sendast til Justisdepartementet, Lovavdelinga, Postboks 8005 Dep, 0030 Oslo. Dersom det let seg gjere, ber vi om at fråsegnene i tillegg blir sende på e-post til adressa tone.ofstad@jd.dep.no.

Vi ber om at høyringsinstansane legg saka fram for underordna organ som ikkje er særskilt nemnde på lista over høyringsinstansar. Høyringsbrevet er tilgjengeleg på Justisdepartementets nettside: http://www.regjeringen.no/nb/dep/jd.

Direktiv 2007/63/EF er lagt ved i dansk versjon.

2. Nærmare om direktiv 2007/63/EF
Formålet med direktivet er å forenkle dei administrative byrdene ved fusjon og fisjon. Direktivet følgjer opp ”A strategic review of Better Regulation in the European Union” av 14. november 2006, KOM (2006) 689, og “Action Programme for Reducing Administrative Burdens in the European Union” av 24. januar 2007, KOM (2007) 23.

Direktivet gjer for det første endringar i tredje selskapsdirektiv (78/855/EØF) om fusjon. Artikkel 10 i fusjonsdirektivet krev at uavhengige sakkunnige skal gå gjennom fusjonsplanen og utarbeide ein skriftleg rapport til aksjeeigarane. Direktiv 2007/63/EF innfører eit nytt nr. 4 i artikkel 10, som går ut på at det ikkje er krav om undersøking av fusjonsplanen eller rapport frå ein uavhengig sakkunnig dersom alle aksjeeigarane og innehavarane av andre verdipapir som gir stemmerett i selskapa som deltar i fusjonen, er samde om dette.

Artikkel 11 nr. 1 i fusjonsdirektivet har føresegner om kva for dokument som skal vere tilgjengelege for aksjeeigarane før generalforsamlinga som skal ta stilling til fusjonsplanen. Som ein konsekvens av endringa av artikkel 10 endrar direktiv 2007/63/EF bokstav e i artikkel 11 nr. 1, slik at det går fram at rapporten etter artikkel 10 berre skal vere tilgjengeleg for aksjeeigarane der det er krav om ein slik rapport.

Vidare gjer direktiv 2007/63/EF endringar i sjette selskapsdirektiv (82/891/EØF) om fisjon. Også fisjonsdirektivet har føresegner om at uavhengige sakkunnige skal utarbeide ein rapport om fisjonsplanen, jf. artikkel 8, men artikkel 10 i dette direktivet opnar allereie for at medlemsstatane kan tillate at ein gjer unnatak frå mellom anna kravet i artikkel 8 dersom alle aksjeeigarane og innehavarane av verdipapir som gir stemmerett i selskapa, har gitt avkall på dette. Endringsdirektivet endrar artikkel 10 slik at unnataket går fram direkte av direktivet. Det vil seie at det ikkje lenger er opp til medlemsstatane å bestemme om det skal gjelde eit unnatak frå kravet om at uavhengig sakkunnige skal utarbeide ein rapport, dersom alle aksjeeigarane er samde om det.

Som for fusjonsdirektivet artikkel 11 er det gjort ei konsekvensendring i fisjonsdirektivet artikkel 9 nr. 1 om at rapporten skal gjerast tilgjengeleg for aksjeeigarane. Bokstav e i artikkel 9 nr. 1 er endra slik at det går fram at rapporten etter artikkel 10 berre skal vere tilgjengeleg for aksjeeigarane der det er krav om at det skal utarbeidast ein slik rapport.

Endringane i fusjonsdirektivet og fisjonsdirektivet inneber at det også for nasjonale fusjonar og fisjonar blir mogeleg å gjere unnatak frå kravet om at uavhengige sakkunnige skal utarbeide ein rapport til aksjeeigarane, slik det allereie er etter direktiv 2005/56/EF om fusjon over landegrensene, jf. artikkel 8 nr. 4 i dette direktivet.

3. Gjeldande rett
Allmennaksjelova har reglar om fusjon i kapittel 13. Det følgjer av § 13-3 at styra i dei selskapa som skal fusjonere, skal utarbeide ein felles fusjonsplan. Vedtaket om fusjon blir gjort ved at generalforsamlinga i kvart selskap godkjenner fusjonsplanen med fleirtal som for vedtektsendring. Når fusjonsplanen er ferdig, skal styret i kvart selskap utarbeide ein utførleg, skriftleg rapport om fusjonen og kva den vil innebere for selskapet, jf. § 13-9.

Det følgjer av § 13-10 at styret i kvart selskap også skal syte for at det blir utarbeidd ei utgreiing om fusjonsplanen. Ein eller fleire sakkunnige skal utarbeide utgreiinga. Som uavhengig sakkunnig skal ein nytte ein statsautorisert eller registrert revisor, jf. tilvisinga til § 2-6 andre ledd. Andre ledd i § 13-10 har nærare krav til innhaldet i utgreiinga. Mellom anna skal det gå fram kva for framgangsmåtar som er nytta for å fastsetje vederlaget til aksjeeigarane i det overdragande selskapet, om det har vore særlege vanskar ved fastsetjinga av vederlaget, og om vederlaget til aksjeeigarane er grunngitt på ein rimeleg og sakleg måte. Allmennaksjelova § 13-10 gjennomfører artikkel 10 i fusjonsdirektivet.

Fusjonsplanen, den sakkunnige utgreiinga og andre saksdokument skal etter allmennaksjeloven § 13-12 første ledd bli sende til aksjeeigarane seinast ein månad før generalforsamlinga. Denne føresegna gjennomfører artikkel 11 nr. 1 i fusjonsdirektivet.

Allmennaksjelova kapittel 11 har reglar om fisjon. På same måte som det som gjeld for fusjon, er det krav om å utarbeide ein fisjonsplan som generalforsamlinga skal godkjenne, jf. § 14-4 første og andre ledd og § 14-6. Det skal også bli utarbeidd ein styrerapport og ei sakkunnig utgreiing for fisjonsplanen, jf. § 14-4 tredje ledd, som mellom anna viser til reglane i fusjonskapitlet om styrerapport i § 13-9 og om sakkunnig utgreiing i § 13-10. Dette inneber at det ved fisjon er dei same reglane om sakkunnig utgreiing som det som gjeld ved fusjon. Gjennom tilvisinga til § 13-10 i § 14-4 tredje ledd er artikkel 8 i fisjonsdirektivet gjennomført i norsk rett.

Opninga etter fisjonsdirektivet artikkel 10 for at medlemsstatane kan gjere unnatak frå kravet om sakkunnig utgreiing dersom aksjeeigarane er samde om dette, er ikkje brukt i norsk rett.

Artikkel 9 nr. 1 i sjette selskapsdirektiv om at saksdokumenta, det vil mellom anna seie den sakkunnige utgreiinga, skal vere tilgjengelege for aksjeeigarane før generalforsamlinga, er gjennomført i norsk rett gjennom tilvisinga til § 13-12 i § 14-4 tredje ledd.

4. Gjennomføring av direktiv 2007/63/EF i norsk rett
Direktiv 2007/63/EF inneber at ein i allmennaksjelova må ta inn ein regel om at det ikkje er naudsynt med ei utgreiing om fusjonsplanen eller fisjonsplanen dersom alle aksjeeigarane er samde om det. Reglane om utgreiing om fusjonsplanen står i allmennaksjelova § 13-10. I lovforslaget er det foreslått eit nytt fjerde ledd i denne paragrafen, som slår fast at krava i første og andre ledd ikkje gjeld dersom alle aksjeeigarane i dei selskapa som tar del i fusjonen, samtykkjer til dette.

Føresegna i lovforslaget gjer ikkje unnatak frå reglane i § 13-10 tredje ledd. § 13-10 tredje ledd går ut på at utgreiinga for det overtakande selskapet også skal fylle krava som går fram av § 2-6 første ledd eller § 10-2. Forslaget inneber at ein må gjere ei utgreiing etter desse reglane sjølv om aksjeeigarane er samde om at det ikkje er naudsynt med ei utgreiing om fusjonsplanen. Utgreiinga etter tredje ledd har ein annan funksjon enn utgreiinga etter første og andre ledd. Tredje ledd gjeld berre for det overtakande selskapet, og ein må sjå det saman med stiftinga eller kapitalutvidinga i dette selskapet, som skjer etter dei vanlege sakshandsamingsreglane i kapittel 2 eller kapittel 10.

Ei endring av reglane i § 13-10 får også verknad for reglane om fisjon. § 14-4 tredje ledd viser mellom anna til § 13-10. Forslaget om eit nytt fjerde ledd i § 13-10 inneber dermed at det heller ikkje er krav om utgreiing om fisjonsplanen dersom alle aksjeeigarane er samde om det.

Fusjonsdirektivet og fisjonsdirektivet gjeld ikkje for aksjeselskap. Endringsdirektivet har difor heller ikkje noko å seie for desse selskapa. Justisdepartementet foreslår likevel det same unnataket i § 13-10 i aksjelova som det som er foreslått i allmennaksjelova. På same måte som etter allmennaksjelova får ei endring av § 13-10 i aksjelova verknad også ved fisjon, jf. aksjelova § 14-4 tredje ledd. Reglane om utgreiing om fusjonsplanen og fisjonsplanen er ikkje like strenge for aksjeselskapa som dei som gjeld for allmennaksjeselskapa, men Justisdepartementet kan ikkje sjå nokon grunn til ikkje å ta inn det same unnataket i aksjelova. Samtykkje frå alle aksjeeigarane er dessutan meir praktisk i aksjeselskapa sidan dei normalt har færre aksjeeigarar enn allmennaksjeselskapa.

5. Lovforslag

I

I lov 13. juni 1997 nr. 44 om aksjeselskaper skal § 13-10 nytt fjerde ledd lyde:

(4) Kravene i første og annet ledd gjelder ikke dersom samtlige aksjeeiere i selskapene som deltar i fusjonen, samtykker til dette.

II

I lov 13. juni 1997 nr. 45 om allmennaksjeselskaper skal § 13-10 nytt fjerde ledd lyde:

(4) Kravene i første og annet ledd gjelder ikke dersom samtlige aksjeeiere i selskapene som deltar i fusjonen, samtykker til dette.

III

Lova tek til å gjelde frå den tid Kongen fastset.


Med helsing

Inge Lorange Backer e.f.
ekspedisjonssjef

Tone Ofstad
avdelingsdirektør

Høyringsinstansar

Alle departementa

Brønnøysundregistra
Folketrygdfondet
Forbrukarombodet
Forbrukarrådet
Konkurransetilsynet
Kredittilsynet
Noregs Bank
Regjeringsadvokaten
Riksadvokaten
Riksrevisjonen
Statistisk sentralbyrå
Verdipapirsentralen
ØKOKRIM

Akademikerne
AksjeNorge
Aksjonærforeningen
Bedriftsforbundet
Den Norske Advokatforening
Den norske Revisorforening
Det norske Veritas
Eiendomsmeglerforetakenes Forening
Finansforbundet
Finansieringsselskapenes forening
Finansnæringens Hovedorganisasjon
Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon
Handelshøyskolen BI
KS (kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon)
Landsorganisasjonen i Norge
Norges Autoriserte Regnskapsføreres forening
Norges Fondsmeglerforbund
Norges Handelshøyskole
Norges Juristforbund
Norges Kreditorforbund
Norges Rederiforbund
Norske Finansanalytikeres Forening
Norske Forsikringsmegleres Forening
Norske Inkassobyråers Forening
Norsk Investorforum
Norsk senter for menneskerettigheter
Næringslivets Hovedorganisasjon
Oslo Børs ASA
Siviløkonomene
Skatterevisorenes Forening
Sparebankforeningen i Norge
Universitetet i Bergen, Det juridiske fakultet
Universitetet i Oslo, Det juridiske fakultet
Universitetet i Tromsø, Det juridiske fakultet
Verdipapirfondenes Forening
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund

 

Til toppen