Høring - Utkast til endringar i forskrift 5. desember 1980 nr. 4938 om målbruk i offentleg teneste

Status: Ferdigbehandlet

Høyringsfrist: 15.07.2006

 

 

Sluttføringa av høyringsframlegget er utsett. Spørsmålet om meir effektive registrerings- og rapporteringsordningar for målbruk i offentleg teneste må utgreiast nærmare.

Vår ref.:

Høringsinstanser

Deres ref

Vår ref

Dato

2006/03495KU/KU3IE:kdp

18.04.2006

Høyringsbrev – Utkast til endringar i forskrift 5. desember 1980 nr. 4938 om målbruk i offentleg teneste


1. Innleiing

Kultur- og kyrkjedepartementet sender med dette på høyring utkast til endringar i forskrift om målbruk i offentleg teneste. Høyringsfristen er 15. juli 2006.

Forskriftsutkastet med tilhøyrande dokumentasjon er tilgjengeleg på ODIN http://www.kkd.dep.no/kkd/. Vi ber om at høyringsinstansane sender saka vidare til eventuelle underliggjande organ eller andre relevante institusjonar som ikkje er oppførte på høyringslista.

Vi ber om at høyringsfråsegnene også blir sende elektronisk til postmottak@kkd.dep.no.

Forskrifta om målbruk i offentleg teneste har heimel i lov 11. april 1980 nr. 5 om målbruk i offentleg teneste (mållova). Gjeldande lov og forskrift er tilgjengelege på Lovdata under følgjande adresser:

http://www.lovdata.no/all/hl-19800411-005.html

http://www.lovdata.no/for/sf/kk/xk-19801205-4938.html

2. Bakgrunn

Høyringsutkastet følgjer opp to framlegg som vart lagde fram i St.meld. nr. 7 (2005–2006) Målbruk i offentleg teneste, som vart fremja 16. desember 2005. Stortinget slutta seg til framlegga 16. mars 2006, jf. Innst. S. nr. 98 (2005–2006).

I meldinga heiter det at departementet så snart meldinga er behandla i Stortinget tek sikte på å senda på høyring eit utkast til forskriftsføresegner om fastsetjing av interne rapporterings- og vekslingsrutinar og om innsending av årleg målbruksrapport.

Begge framlegga må sjåast i samanheng med prinsippet om veksling mellom bokmål og nynorsk i sentralt informasjonstilfang frå statsorgan som har heile landet som tenestekrins. Dette prinsippet er nærmare regulert i § 8 første ledd første og andre punktum i mållova og § 6 første ledd i den tilhøyrande forskrifta.

Vekslingsregelen i lova har følgjande ordlyd:

”Statsorgan som har heile landet som tenestekrins, skal syte for at rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o.l. som organet lagar, vekslar mellom målformene slik at det blir ei rimeleg kvantitativ fordeling mellom dei. Dersom det einskilde organet finn grunn for det, kan slikt tilfang gjevast ut i begge målformer.”

I forskrifta er det presisert at dette skal praktiserast slik:

”For tilfang etter § 8 første ledd i lova vil ei rimeleg kvantitativ fordeling seie at ingen av målformene skal vere representert med mindre enn 25 %.”

I den nemnde stortingsmeldinga heiter det følgjande om praktiseringa av dei siterte vekslingsreglane:

”Det har i fleire meldingar vore peikt på kor avgjerande viktig det er at ein har faste interne rutinar for korleis vekslinga mellom bokmål og nynorsk skal skje. Slike rutinar må fastsetjast og forankrast på høgste nivå i organisasjonen, dei må vera konkrete og operasjonelle, og dei må kombinerast med eit oppfølgingssystem som gjer at dei fungerer også i praksis. Det generelle inntrykket i dag er at dei rutinar som finst, er for uforpliktande. Det synest også nødvendig å få eit klart heimelsgrunnlag for å krevja at det blir fastsett formålstenlege vekslings- og rapporteringsrutinar. I innstillinga frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen til den førre meldinga uttalte medlemmene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet følgjande: «Dersom det etter prosjektperioden på 3 år ikkje er ein monaleg framgang i arbeidet med å auke andelen nynorsk i statsorgana, bør det vurderast å forskriftsfeste interne instruksar i alle statsorgan for korleis målbrukslova skal oppfyllast.» Departementet finn no at tida er inne til å følgja opp dette framlegget.”

I § 1 første ledd i lova er det fastsett at Kultur- og vitskapsdepartementet (no: Kultur- og kyrkjedepartementet) fører tilsyn med gjennomføringa av reglane om målbruk i offentleg teneste. I 1994 overførte departementet det operative ansvaret for å føra tilsyn med alle statsorgan under departementsnivået til Norsk språkråd (no: Språkrådet). Kultur- og kyrkjedepartementet fører sjølv tilsyn med dei andre departementa. Som ledd i dette tilsynsarbeidet innhentar Språkrådet og departementet kvart år rapportar om fordelinga mellom nynorsk og bokmål i kvart enkelt statsorgan.

I stortingsmeldinga vart det sagt følgjande om arbeidet med innhenting av dei årlege målbruksrapportane:

”I den førre meldinga vart det også peikt på at særleg Språkrådet har vanskar med å få inn dei årlege målbrukrapportane i tide, og at det blir brukt mykje ressursar på å purra opp dei som forsømer seg. Ikkje sjeldan er rapporteringa heller ufullstendig og uklar. Som det er dokumentert i denne meldinga, er det også kvart år ein god del statsorgan som ikkje sender inn rapport i det heile. Departementet meiner derfor at tida no er inne til også å ta inn i forskrifta til mållova at statsorgan har plikt til innan ein viss frist kvart år å senda inn rapport om eigen målbruk.”

I Innst. S. nr. 98 (2005–2006) uttalte fleirtalet i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, alle unnateke medlemmene frå Framstegspartiet, følgjande:

”Fleirtalet er tilfreds med at departementet no ønskjer å forskriftsfeste interne instruksar i alle statsorgan for korleis mållova skal oppfyllast. Fleirtalet er også positiv til departementet sitt framlegg om å ta inn i forskrifta til mållova at statsorgan har plikt til innan ein viss frist kvart år å sende inn rapport om eigen målbruk. I dag går det bort unødig mykje tid og ressursar på å purre opp dei organa som forsømer seg.”

3. Nærmare om grunnlaget for framlegga

Som det går fram ovanfor, har Stortinget slutta seg til framlegget om å ta inn nye føresegner på to punkt i forskrifta.

For det første er det tale om å forskriftsfesta at alle sentrale statsorgan har plikt til å fastsetja faste rutinar for korleis vekslinga mellom målformene i praksis skal skje. For det andre er det tale om å forskriftsfesta ei plikt for alle sentrale statsorgan til innan ein viss frist kvart år å senda inn ein rapport som viser korleis den kvantitative fordelinga mellom bokmål og nynorsk har vore i det føregåande kalenderåret.

Kva innhald vekslingsrutinane skal ha, kan ikkje regulerast i forskrifta. Slike detaljar må kvart enkelt organ sjølv avgjera. Forskrifta må likevel stilla visse minimumskrav. Ho bør derfor krevja at rutinane skal vera forankra i ein intern instruks, og at dei skal omfatta ei ordning med registrering av målform i dei dokumenta som kjem inn under vekslingsreglane.

Kravet om instruksfesting skal sikra at rutinane er forpliktande for alle einingar og medarbeidarar i organet, og at leiinga i organet har grunnlag for å kontrollera at alle følgjer dei fastsette rutinane.

Kravet om registrering skal sikra at organet sjølv har samla oversikt over den faktiske prosentfordelinga mellom nynorsk og bokmål. Registreringa vil også danna grunnlaget for den målbruksrapporten som skal sendast inn ved slutten av kalenderåret.

Forskrifta bør fastsetja at fristen for å senda inn rapporten skal vera 31. januar i det påfølgjande kalenderåret. Dette er i samsvar med det som i mange år har vore praktisert gjennom det tilsynsarbeidet som er drive i regi av Språkrådet og departementet.

Forskriftsfestinga vil klargjera at alle organ har plikt til å senda inn rapport. Det at også fristen blir fastsett i forskrifta, vil gjera det lettare å få inn alle rapportar i tide. Dette vil spare mykje ressursar som i dag går med til purring, og det vil føra til at samanstillinga av målbruksstatistikken kan gjennomførast samla i ein operasjon i februar månad kvart år.

Avgjerande for at vekslinga og rapporteringa skal fungera, er altså at organet har eit system for registrering av målform i kvart enkelt dokument, og at ein på grunnlag av denne registreringa enkelt kan rekna ut den faktiske prosentfordeliga for heile organet under eitt.

Dersom det ikkje finst eit slik registreringssystem, vil det i praksis vera vanskeleg å halda oversikt over korleis den faktiske prosentfordelinga er. Her ligg truleg mykje av forklaringa på at det gjennomgåande blir brukt for lite nynorsk. Utan eit fast registreringssystem vil ein dessutan måtta gjera ei etterfølgjande registrering for heile kalenderåret i samband med den årlege innrapporteringa. Dette inneber ein stor risiko for at ein del dokument blir utegløymde og dermed ikkje kjem med i registreringa i det heile. I tillegg er slik etterregistrering urasjonelt og dermed ressursøydande arbeid.

Som nemnt bør derfor forskrifta krevja at kvart organ etablerer eit system for registrering av målform i alle dei dokumenta som kjem inn under vekslingsreglane. Forskrifta kan likevel ikkje innehalda nærmare detaljar om korleis dette systemet bør vera.

Vi vil likevel tilrå at dei pålagde rutinane og sjølve registreringssystemet blir innretta slik at alle aktuelle dokument kan registrerast fortløpande, dvs. etter kvart som dei blir publiserte, anten dette skjer ved at eit papirdokument blir sendt ut, eller ved at dokumentet blir lagt ut på heimesida til organet.

Registreringssystemet kan til dømes vera eit rekneark som er innretta slik at prosentdelen nynorsk bli rekna ut automatisk. Da vil ein til kvar tid gjennom året kunna kontrollera kor stor nynorskprosenten er.

I eit slikt system må det enkelte dokument registrerast med ein unik identifikasjon slik at det lèt seg gjera å kontrollera at alle relevante dokument kjem med. Dette kan anten skje sentralt i organet eller avdelingsvis. Men i siste tilfelle må ein i tillegg ha ei sentral i samordning på tvers av avdelingane.

Dei dokumenta som kjem inn under vekslingskravet, kan vera av svært varierande storleik, frå ei kort melding på nokre få linjer til større publikasjonar på fleire hundre trykksider. Det seier seg sjølv at dokument med så ulik tekstmengd ikkje kan vega like tungt når prosentfordelinga skal reknast ut.

I den årlege målbruksrapporteringa er det derfor etablert som fast praksis at ein skil mellom dokument på under og over 10 sider. Det er også etablert praksis at ein registrerer sidetalet for kvart dokument som er på minst 10 sider. Her blir nynorskprosenten rekna på grunnlag av summen av sidetalet i alle dei aktuelle dokumenta. For dokument under 10 sider er det derimot berre talet på dokument som blir registrert, likevel slik at dokument på minst 5 sider tel dobbelt, dvs. at eitt slikt dokument blir registrert som to.

I samband med den årlege innrapporteringa er det laga to skjema i rekneark som er tilpassa denne registreringsmåten. Desse kan med fordel nyttast som mal for det registreringssystemet som kvart enkelt organ må laga seg.

På høyringssida vår er det lagt ut ein elektronisk versjon av begge dei to skjemaa. Desse kan hentast opp og brukast direkte slik dei er, eller dei kan tilpassast slik organet sjølv måtte ønskja det.

4. Framlegg til nye forskriftsreglar

På bakgrunn av grunngjevinga ovanfor gjer departementet framlegg om at dei to nemnde tillegga i forskrifta blir utforma på følgjande måte:

4.1 Vekslingsrutinar

Sentrale statsorgan skal fastsetje ein intern instruks om korleis vekslinga mellom målformene i praksis skal skje. Instruksen skal også innehalde faste rutinar for registrering av målform i kvart enkelt dokument som kjem inn under § 8 første ledd første og andre punktum, slik at organet kan halde oversikt over den faktiske prosentfordelinga mellom målformene.

4.2 Målbruksrapport

Innan 31. januar kvart år skal organet sende inn spesifisert og kvalitetssikra rapport som viser faktisk prosentfordeling mellom målformene i det kalenderåret som er gått. Departementa sender rapporten til Kultur- og kyrkjedepartementet, mens andre statsorgan rapporterer til Språkrådet.

4.3 Andre justeringar i forskrifta

4.3.1 Presisering i § 6 første ledd

Departementet foreslår også at det blir presisert i forskrifta at dei reglane som regulerer det aktuelle vekslingskravet, er første og andre punktum i § 8 første ledd i lova. I dag viser forskrifta berre til § 8 første ledd. Men dette leddet har også eit tredje punktum der det heiter at tilfang med særleg tilknyting til eit geografisk avgrensa område, skal vere i fleirtalsmålforma for området. Sidan dette er ein regel som krev at det blir nytta ei bestemt målform i det enkelte tilfelle, er det ikkje rimeleg at desse situasjonane blir rekna med i kravet om minst 25 pst. av kvar målform. For ordens skyld presiserer vi at vekslingskravet sjølvsagt gjeld når det aktuelle geografiske området ikkje har fleirtalsmålform.

På denne bakgrunn foreslår departementet at § 6 første ledd i forskrifta blir formulert slik:

For tilfang etter § 8 første ledd første og andre punktum i lova vil ei rimeleg kvantitativ fordeling seie at ingen av dei to målformene skal vere representert med mindre enn 25 %.

4.3.2 Presisering og redaksjonell endring i § 1

Departementet foreslår at det i § 1 i forskrifta blir presisert at også Språkrådet, ikkje berre departementet, kan føre tilsyn med målbruksreglane. Dette er i samsvar med etablert praksis sidan 1994, jf. omtale ovanfor under pkt. 2.

Vi foreslår også at det her blir presisert at dei to tilsynsinstansane kan be om nødvendige rapportar og opplysningar frå kvart enkelt statsorgan. Denne presiseringa er nødvendig på bakgrunn av den nye regelen i § 6 om plikt til å senda inn årleg målbruksrapport. Denne føresegna er avgrensa til sentrale statsorgan.

For å unngå at dette blir oppfatta slik at andre statsorgan ikkje treng rapportera om eigen målbruk, bør det presiserast at alle statsorgan har plikt til å gje opplysningar og rapportar om eigen målbruk dersom tilsynsorgana ber om det. Her vil det likevel ikkje vera tale om ei fast årleg rapporeringssyklus slik som for sentrale statsorgan.

Departementet foreslår også ei redaksjonell endring i § 1, slik at tilsynsregelen etter forslaget blir tredje ledd, mens noverande andre og tredje ledd blir første og andre ledd. Formålet med dette er å streka under at det er dei pliktene kvart enkelt statsorgan har til å følgja målbruksreglane, som er det primære, og at det eksterne tilsynsansvaret ikkje representerer noka avgrensing i det sjølvstendige ansvaret som kvart enkelt statsorgan har.

Etter dette foreslår departementet at § 1 i forskrifta får følgjande ordlyd:

Kvart statsorgan har plikt til å syte for at reglane om målbruk i offentleg teneste blir følgde.

Kvart statsorgan har ansvaret for at dei tilsette innan rimeleg tid får nødvendig opplæring i bokmål og nynorsk.

Kultur- og kyrkjedepartementet og Språkrådet fører tilsyn med gjennomføringa av reglane om målbruk i offentleg teneste og kan for dette formål be om nødvendige rapportar og opplysningar frå kvart enkelt statsorgan.

4.3.3 Ajourføring og redaksjonell endring i § 8

I § 8 er det fastsett at ajourførte lister over målvedtak i kommunar og fylkeskommunar blir tekne inn i Norsk lovtidend og Norsk lysingsblad to gonger for året. Den elektroniske publiseringsmåten gjennom Lovdata har gjort det unødvendig å kunngjera slike målvedtak i Norsk lysingsblad. Praksis no er at endringar blir melde til Lovtidend på vanleg måte, og at samla lista med dei aktuelle endringane innarbeidde deretter blir publisert som ny forskrift på Lovdata. I tillegg syter Lovdata for at endringsforskrifta blir publisert i Lovtidend. Denne ajourførte forskrifta er til kvar tid elektronisk tilgjengeleg på Lovdata, og det er derfor uaktuelt å publisera ny liste to gonger i året. I staden er det naturleg å utforma endringsforskrift i rimeleg tid etter at departementet har fått melding om endringar.

Departementet foreslår derfor at § 8 første ledd blir endra i samsvar med ny etablert praksis for kunngjering og publisering av målvedtaka.

Vi foreslår også ei teknisk endring i § 8 første ledd første punktum.

Etter dette vil § 8 første ledd få følgjande ordlyd:

Vedtak i kommunestyre eller fylkesting etter § 5 første ledd i lova skal meldast til Kultur- og kyrkjedepartementet. Ajourførte lister over slike målvedtak blir tekne inn som ny forskrift i Lovdata og kunngjorde i Norsk Lovtidend etter kvart som departementet får melding om endringar. Nye målvedtak får ikkje rettslege verknader for statsorgan før dei er kunngjorde på denne måten.

4.3.4 Ajourføring av departementsnamn

Departementsnamnet i forskrifta har ikkje vore retta i samsvar med dei omorganiseringar i departementsstrukturen med tilhøyrande namneendringar som har skjedd sidan forskrifta sist vart endra i 1989. Framleis står det derfor Kultur- og vitskapsdepartementet i dei aktuelle paragrafane, jf. §§ 1, 2 og 8.

Vi foreslår at dette blir endra til Kultur- og kyrkjedepartementet.

Vi viser til vedlagde forskriftsutkast.

5. Høyringsfrist

Høyringsfristen er 15. juli 2006. Vi ber om at alle høyringsfråsegnene også blir sende til postmottak@kkd.dep.no.

Høyringsnotatet er lagt ut på ODIN under adressa http://www.kkd.dep.no/kkd/. Vi ber om at saka blir send til aktuelle underliggjande organ eller andre aktuelle institusjonar som eventuelt ikkje er komne med på høyringslista.

Med helsing

Stein Sægrov e.f
avdelingsdirektør

Ingvar Engen
seniorrådgjevar

Departementa

Språkrådet

Bokmålsforbundet

Ivar Aasen-sambandet

Landslaget for språklig samling

Landssamanslutninga av nynorskkommunar

Noregs Mållag

Riksmålsforbundet

ABM-utvikling

Arbeidsdirektoratet

Arbeidsretten

Arbeidstilsynet

Arkeologisk museum i Stavanger

Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

Barneombodet

Bergvesenet

Bioforsk

Bioteknologinemnda

Brønnøysundregistra

Bunad- og folkedraktrådet

Datatilsynet

Det norske meteorologiske institutt

Direktoratet for naturforvaltning

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap

Fiskeridirektoratet

Forbrukarombodet

Forbrukarrådet

Forbrukartvistutvalet

Foreldreutvalet for grunnskolen

Forsvarets forskingsinstitutt

Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO)

Forsvarets mediesenter (FMS)

Forsvarets skolesenter (FSS)

Forsvarsbygg

Forsvarsstaben

Garantiinstituttet for eksportkreditt

Generaladvokaten

Havforskingsinstituttet

Helsetilsynet

Høgskolen i Agder

Høgskolen i Akershus

Høgskolen i Ålesund

Høgskolen i Bergen

Høgskolen i Bodø

Høgskolen i Buskerud

Høgskolen i Finnmark

Høgskolen i Gjøvik

Høgskolen i Harstad

Høgskolen i Hedmark

Høgskolen i Lillehammer

Høgskolen i Molde

Høgskolen i Narvik

Høgskolen i Nesna

Høgskolen i Nord-Trøndelag

Høgskolen i Oslo

Høgskolen i Østfold

Høgskolen i Sogn og Fjordane

Høgskolen i Sør-Trøndelag

Høgskolen i Telemark

Høgskolen i Tromsø

Høgskolen i Vestfold

Høgskolen i Volda

Høgskolen Stord/Haugesund

Høgsterett

Husbanken

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet

Jernbaneverket

Justervesenet

Konkurransetilsynet

Kredittilsynet

Kripos

Kunsthøgskolen i Bergen

Kunsthøgskolen i Oslo

Kyrkjerådet

Kystverket

Likestillings- og diskrimineringsombodet

Lotteri- og stiftelsestilsynet

Luftfartstilsynet

Mattilsynet

Medietilsynet

Nasjonalbiblioteket

Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design

Nasjonalt folkehelseinstitutt

Nasjonalt tryggingsorgan

NOKUT

NORAD

Noregs forskingsråd

Noregs geologiske undersøking

Noregs handelshøgskole

Noregs idrettshøgskole

Noregs musikkhøgskole

Noregs vassdrags- og energidirektorat

Noregs veterinærhøgskole

Norsk filmfond

Norsk filminstitutt

Norsk filmutvikling

Norsk institutt for jord- og skogkartlegging

Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking

Norsk institutt for skogforsking

Norsk kulturråd

Norsk lokalhistorisk institutt

Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek

Norsk polarinstitutt

Norsk utanrikspolitisk institutt

NOVA

NTNU, Informasjonsavdelingen

Økokrim

Oljedirektoratet

Patentstyret

Pensjonstrygda for sjømenn

Politidirektoratet

Politiets data- og materiellteneste

Politiets tryggingsteneste

Politihøgskolen

Post- og teletilsynet

Produktregisteret

Regjeringsadvokaten

Riksadvokaten

Riksantikvaren

Riksarkivet

Rikskonsertane

Riksteatret

Rikstrygdeverket

Sentralskattekontoret for storbedrifter

Sentralskattekontoret for utanlandssaker

Servicesenteret for departementa (tidl. Statens forvaltningsteneste)

Siviltenesta i Noreg

Sjøfartsdirektoratet

Skattedirektoratet

Skipsregistra

Sosial- og helsedirektoratet

Statens arbeidsmiljøinstitutt

Statens bygningstekniske etat

Statens forureiningstilsyn

Statens innkrevjingssentral

Statens institutt for forbruksforsking

Statens jernbanetilsyn

Statens kartverk

Statens lækjemiddelverk

Statens landbruksforvaltning

Statens lånekasse for utdanning

Statens pensjonskasse

Statens strålevern

Statistisk sentralbyrå, v/Anne Skranefjell

Statsbygg

Stiftinga Miljømerking i Noreg

Toll- og avgiftsdirektoratet

Trygderetten

Universitetet for miljø- og biovitskap

Universitetet i Bergen

Universitetet i Oslo

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Tromsø

Universitets- og høgskolerådet

Utdanningsdirektoratet

Utlendingsdirektoratet

Utrykkingspolitiet

Utsmykkingsfondet for offentlege bygg

Vegdirektoratet

Vernepliktsverket

Veterinærinstituttet

Vinmonopolet

Vox

Aetat – ingen merknader

Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Arbeidstilsynet – ingen merknader

Brønnøysundregistrene

Barneombudet

Datatilsynet – ingen merknader

Departementenes servicesenter

Det Norske Samlaget

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap – ingen merknader

Finansdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeridirektoratet – ingen merknader

Forbrukerrådet – ingen merknader

Fornyings- og administrasjonsdepartementet – ingen merknader

Forsvarsbygg – ingen merknader

Helse- og omsorgsdepartementet – ingen merknader

Høgskolen i Bergen

Høgskolen i Hedmark

Høgskolen i Sør-Trøndelag

Høgskolen i Telemark – ingen merknader

Høyesteretts kontor – ingen merknader

Justis- og politidepartementet

Justis- og politidepartementet v/ Lovavdelinga - Forskriftseininga

Kommunal- og regionaldepartementet – ingen merknader

Kunnskapsdepartementet

Kystverket – Kystdirektoratet

Landssamanslutninga av nynorskkommunar

Likestillings- og diskrimineringsombudet

Mattilsynet – ingen merknader

Miljøverndepartementet – ingen merknader

Noregs Mållag

Noregsuniversitetet

Norges forskningsråd – ingen merknader

Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet

Norges vassdrags- og energidirektorat – ingen merknader

Norsk filmutvikling – ingen merknader

Nynorsklaget

Nærings- og handelsdepartementet – ingen merknader

Oljedirektoratet – ingen merknader

Olje-og energidepartementet – ingen merknader

Pensjonstrygden for sjømenn – ingen merknader

Pensjonstrygden for sjømenn – ingen merknader

Politidirektoratet – ingen merknader

Politiets sikkerhetstjeneste – ingen merknader

Riksantikvaren – ingen merknader

Riksadvokaten – ingen merknader

Riksmålsforbundet

Riksteatret

Samferdselsdepartementet – ingen merknader

Samordna opptak

Sosial- og helsedirektoratet – ingen merknader

Språkrådet

Statens arbeidsmiljøinstitutt

Statens forurensningstilsyn

Statens legemiddelverk

Statens lånekasse for utdanning – ingen merknader

Statens strålevern – ingen merknader

Statens vegvesen Vegdirektoratet – ingen merknader

Statistisk sentralbyrå – ingen merknader

Statsbygg – ingen merknader

Universitetet i Bergen

Universitetet i Oslo – Humanistisk fakultet

Universitetet i Tromsø, Universitetsbiblioteket

Universitets- og høgskolerådet – ingen merknader

Utdanningsdirektoratet – ingen merknader

Utenriksdepartementet – ingen merknader