Høring - utkast til ny forskrift til lov om frittståande skolar

Status: Ferdigbehandlet

Høringsfrist: 10.02.2004

Vår ref.: 200308908

Dykkar ref

Dykkar dato

Vår ref

Dato

   

200308908

10.11.03

I INNLEIING
Stortinget vedtok våren 2003 ei ny lov om frittståande skolar, lov 04.07.2003 nr. 84 (friskolelova). Friskolelova blei sett i kraft 01.10.2003 og erstatta privatskolelova, lov 14.06.1985 nr. 73. Privatskolelova og tilhørande forskrifter blei oppheva med verknad frå 01.10.2003.

Somme av forskriftene til privatskolelova er med heimel i friskolelova førte vidare i forskrift til friskolelova 26.09.2003 nr. 1194. Dessutan vil aktuelle føresegner i forskrifta til opplæringslova i hovudsak bli tekne inn i forskrifta til friskolelova framfor å nytte tilvisingar som i dag. Departementet vil samle desse forskriftene i ei forskrift, noko som vil gjere forskriftsstoffet meir brukarvennleg. Det er denne forskrifta som med dette vert send på høring.

Forskrifta om budsjett, rekneskap, kontroll og revisjon (rekneskapsforskrifta) er ført vidare med heimel i friskolelova i forskrifta til friskolelova 25.09.2003 nr. 1182, men er ikkje teken med i dette samleforslaget. Det vil bli fremja eit eige endringsforslag om denne forskrifta seinare. Departementet vil i samanheng med forslaget til ny rekneskapsforskrift dessutan utarbeide eit forslag til forskrifter til føresegna om kompletterande undervisning i friskolelova § 6-5.

Departementet gjer elles merksam på at føresegnene om rett til skyss, om helsetilsyn og om rett til spesialundervisning, er tekne inn i friskolelova.

Når det gjeld innhaldet, blir forskriftene i hovudsak førte vidare utan store innhaldsmessige endringar, men med nokre justeringar for å tilpasse regelverket til systematikken og omgrepa i friskolelova. Departementet vil i dette brevet berre kort gjere greie for slike tekniske endringar. Visse innhaldsmessige endringar er likevel også gjorde. Bakgrunnen for desse vil bli presentert på ein meir utfyllande måte.

II STRUKTUR 
Departementet har valt å strukturere forskrifta til friskolelova etter ei tematisk inndeling liknande den mellom anna forskrifta til opplæringslova bruker. Grunngivinga er at brukarane vil ha lettare for å finne fram etter ein slik struktur når ein har å gjere med ei forskrift av ein viss storleik.

III MERKNADER TIL REGLANE

Særskilt om ansvarsdelinga mellom styret for skolen og dagleg leiar

Oppgåvene og ansvarsområda til styret for skolen går fram av § 5-2 i friskolelova. I somme saker har styret fått eit eksklusivt mynde, slik at styret sjølv må handsame området/oppgåva. Der styret derimot ikkje har fått eit slik eksklusivt mynde, kan oppgåver delegerast til den styret vel, mellom anna til skolen sin daglege leiar, jf. § 5-2 siste ledd.

Oppgåvene og ansvarsområdet for den daglege leiaren går ikkje direkte fram av § 4-1 andre ledd i friskolelova, der det berre blir stilt krav om at skolen skal ha ein dagelg leiar. Ein må derfor leggje ei tolking til grunn for forståinga av kva omgrepet dagleg leiing omfattar, jf. også forarbeida til føresegna i Ot.prp. nr. 33 (2002-2003). Etter departementet sitt syn omfattar den daglege leiinga av ein skole alle løpande avgjersler som er del av den daglege drifta, inkludert det å fungere som kontakt mellom skole og heim, og mellom skolen og styret for skolen. Vidare omfattar den daglege leiinga ansvaret for den praktiske gjennomføringa av dei oppgåvene som er pålagde skolen, til dømes at elevane får vurdering. Det formelle ansvaret for at rettane til elevane faktisk blir oppfylte, meiner departementet ligg på styret for skolen i kraft av den rolla styret har som øvste ansvarlege organ med ansvar for leiinga av skolen etter friskolelova §§ 5-1 og 5-2.

Denne fordelinga av oppgåver og ansvarsområde mellom styre og dagleg leiar i friskolelova ligg til grunn for den fordelinga av oppgåver og ansvar som departementet gjennomgåande har lagt opp til i forskrifta.

Kapittel 1 Verkeområde

Føresegna slår fast at forskrifta ikkje berre gjeld skolar som blir godkjende etter friskolelova, men også skolar som er blitt godkjende etter privatskolelova.

Kapittel 2 Vurdering av elevar i frittståande grunnskolar

Forslaget i kapitlet tek inn og fører i hovudsak vidare dei gjeldande føresegnene som går fram av kapittel 3 i forskrift til opplæringslova om vurdering av elevar i grunnskolen.

I § 2-1 blir det foreslått at det er skolen sitt styre som har ansvaret for at rettane til elevane blir oppfylte.

Det er i § 2-1 tredje ledd foreslått at elevar ved skolar som utgjer eit fagleg-pedagogisk alternativ og nyttar alternative former for vurdering godkjende av departementet, og elevar ved internasjonale skolar som nyttar alternative former for vurdering godkjende av departementet, har rett til vurdering etter skolen sitt godkjende system for vurdering.

For fagleg-pedagogiske skolar som nyttar slike alternative, godkjende former for vurdering, vil eit unntak frå dei vanlege vurderingsføresegnene vere ein naturleg føresetnad.

Når det gjeld dei internasjonale skolane har unntaket bakgrunn i at desse i enkelte tilfelle kan ønskje å følgje eit internasjonalt system for vurdering.

Etter § 2-2 i forslaget skal kvar elev ha ein kontaktlærar som har særleg ansvar for dei praktiske, administrative og sosialpedagogiske gjeremåla som gjeld eleven, mellom anna kontakten med heimen og samtalar med foreldra til eleven.

Departementet innfører omgrepet kontaktlærar for å samordne forskrifta med dei endringane som blei gjorde i opplæringslova med verknad frå 01.08.2003. Departementet viser til Ot.prp. nr. 67 Om større lokal handlefridom i grunnopplæringa og til opplæringslova § 8-2 andre ledd.

Ein viktig skilnad ligg likevel i at medan opplæringslova tidlegare kravde at elevane blei organiserte i klassar med eigen klassestyrar, og kontaktlæraren kjem i staden for dette kravet, har ikkje privatskolelova hatt noko slikt krav. Departementet held oppe og fører såleis vidare den frie retten til organisering av elevane for dei frittståande skolane, men styrkjer sambandet mellom skolen og eleven og mellom skolen og heimen til eleven gjennom innføringa av kontaktlærar.

I §§ 2-8, 2-9, 2-12, 2-16 og 2-17 foreslår departementet å gi dagleg leiar ansvaret for ei rekkje oppgåver. Departementet ser det slik at dette er oppgåver som fell innanfor ansvarsområdet for den daglege leiaren etter friskolelova § 4-1. Kontaktlæraren har også fått oppgåver i § 2-12.

Kapittel 3 Vurdering i vidaregåande opplæring

Forslaget i kapitlet tek inn og fører i hovudsak vidare dei gjeldande føresegnene som går fram av kapittel 4 i forskrift til opplæringslova om vurdering av elevar i den vidaregåande skolen.

Etter § 3-1 blir det foreslått at det er styret for skolen som har ansvaret for at elevane sine rettar til vurdering blir oppfylte.

I § 3-6 blir ”skolen” gitt ansvar for å informere elevane om kva som er grunnlaget for karakterane. Bakgrunnen for dette forslaget er at departementet meiner skolen sjølv er nærast til å fastsetje dette ansvaret.

I forslaga i §§ 3-7, 3-9, 3-10, 3-15, 3-20, 3-25 og 3-30 er fleire oppgåver lagde til styret i tråd med det ansvarsområdet departementet legg til grunn at styret har med bakgrunn i friskolelova § 5-2.

Det er foreslått at dagleg leiar blir gitt mynde etter § 3-23, 3-26, 3-27 og 3-31, jf. friskolelova § 4-1.

I § 3-19 andre leddet blir det foreslått eit unntak frå kravet om at alle fag som kjem til uttrykk på vitnemålet i medhald av læreplanen, må være bestått. Unntaket gjeld kroppsøving, sidemål og tilfelle der ein elev har vore friteken for vurdering i faget eller eleven har spesifikke lærevanskar, respektive §§ 4-15, 8-2 og 4-23 andre ledd i forskrift til opplæringslova.

Det har tidlegare vore usikkert om retten til fritak for vurdering i norsk sidemål i vidaregåande skole etter § 8-2 i forskrift til opplæringslova også omfatta elevar i private vidaregåande skolar. Departementet ser ingen grunn til at ikkje også elevar som tek vidaregåande opplæring utanfor den offentlege skolen skal kunne få fritak i slike tilfelle § 8-2 nemner. Ved å vise til § 8-2 i forskrifta ønskjer departementet å klargjere at ein slik rett også gjeld for elevar i frittståande vidaregåande skolar.

I §§ 3-24 og 3-29 har departementet valt å berre ta inn ei tilvising til dei aktuelle føresegnene i forskrifta til opplæringslova, framfor å ta inn heile forskriftsteksten. Dette har samanheng med at det er fylkeskommunen som har ansvaret for eksamen og sensorar også ved private skolar. Departementet finn det difor tilstrekkeleg å vise til opplæringslova her.

Når det gjeld § 3-28, legg departementet til grunn at fylkeskommunane kan formidle eksamensplassar for privatistar ved frittståande vidaregåande skolar utan at dette vil stride mot den plikta dei frittståande skolane har til berre å drive skoleverksemd, jf. friskolelova § 1-4 første ledd. Denne vurderinga knyt seg til at det vil dreie seg om eksamen i fag som er godkjende av departementet. Skolen kan difor ikkje gjennom eit eventuelt tilbod til privatistar gå utanfor rammene for si godkjende verksemd. Vidare vil avgrensinga etter § 1-4 innebere at den frittståande skolen ikkje har høve til å krevje eit høgare gebyr enn det standardiserte offentlege gebyret for ein slik type eksamen.

Kapittel 4

Forslaget i kapitlet tek inn og fører vidare dei gjeldande føresegnene som går fram av kapittel 5 i forskrift til opplæringslova om klage på vurdering av elevar.

Kapittel 5

Forslaget i kapitlet tek inn føresegnene som går fram av kapittel 10 i forskrift til opplæringslova om skyss av elevar i vidaregåande opplæring.

§ 5-3 omfattar plikta for fylkeskommunen, men er teken med for å vise at det finst ein dispensasjonsheimel.

Kapittel 6

Forslaget i kapitlet tek inn føresegnene som går fram av kapittel 22 i forskrift til opplæringslova om rett til nødvendig rådgiving.

Forslaget er ei følgje av at det blei teke inn ein rett til nødvendig rådgiving for elevar i frittståande skolar i friskolelova § 3-11.

I § 6-3 er det foreslått at skolen sitt styre får ansvaret for at rettane etter kapittel 6 til sosialpedagogisk rådgiving blir oppfylte, jf. friskolelova § 5-2.

Kapittel 7

Forslaget i kapitlet tek inn og fører vidare dei gjeldande føresegnene som går fram av kapittel 15 i forskrift til opplæringslova om politiattest.

Kapittel 8

Forslaget i kapitlet viser til forskrifta om tilskott til dekning av skolepengar til elevar ved utanlandske eller internasjonale vidaregåande skolar. Denne forskrifta blir revidert årleg samstundes med at dei andre forskriftene om støtteordninga i Lånekassen blir reviderte. På grunn av den årlege revideringa finn ikkje departementet det føremålstenleg å ta inn ei tilvising i § 8- 1 som syner datoen og nummeret til den nogjeldande forskrifta. Dei reviderte forskriftene blir gjorde kjende gjennom brosjyrane til Lånekassen og på Lånekassen sine heimesider på Internett.

IV. HØRINGSFRIST

Departementet ber om merknader innan 10. februar 2004.

Med helsing

Johan Raaum e.f. 
ekspedisjonssjef

 

Hein Th. Ferre 
avdelingsdirektør

 

UTKAST

Forskrift til lov 04.07.2003 nr. 84 om frittståande skolar

Kapittel 1 Verkeområde

§ 1-1 Verkeområde 
Denne forskrifta gjeld skolar som er godkjende etter lov 04.07.03 nr. 84 om frittståande skolar (friskolelova). Forskrifta gjeld også skolar som er godkjende etter tidlegare lov 14.06.1985 nr. 73 om tilskot til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring (privatskulelova).

Kapittel 2 Vurdering av elevar i frittståande grunnskolar

(Heimel: lov om frittståande skolar § 2-3 siste ledd)

§ 2-1 Rett til vurdering 
Elevar i frittståande grunnskolar godkjende etter lov om frittståande skolar § 2-1, har rett til vurdering etter reglane i dette kapitlet. Skolen sitt styre har ansvaret for at rettane til elevane blir oppfylte.

Det skal leggjast vekt på å gi god tilbakemelding og rettleiing til elevane med sikte på å fremje læring og utvikling. Det skal også leggjast til rette for at elevane kan gjere god eigenvurdering.

Elevar i skolar godkjende som eit fagleg-pedagogisk alternativ som nyttar alternative vurderingsformer godkjende av departementet, har rett til vurdering etter skolen sitt godkjende system for vurdering. Det same gjeld elevar i internasjonale skolar.

Alle som har gjennomgått opplæring i skole godkjent etter friskolelova har rett til å få opplæringa dokumentert.

§ 2-2 Skolen og kontakten med heimen 
Skolen skal halde god kontakt med foreldra. Kvar elev skal ha ein kontaktlærar som har særleg ansvar for dei praktiske, administrative og sosialpedagogiske gjeremåla som gjeld eleven, mellom anna kontakten med heimen. Kontaktlæraren skal minst to gonger om året ha ein planlagd og strukturert samtale med dei. I samtalen skal kontaktlæraren mellom anna gjere greie for korleis eleven står i høve til dei måla som er sette i læreplanverket og korleis eleven arbeider til dagleg. Samtalen skal munne ut i ei oppsummering, mellom anna med sikte på å bli einige om kva det særskilt skal leggjast vekt på i det vidare arbeidet. Etter fylte 12 år har eleven rett til å vere med.

I tillegg til samtale kan ein nytte skriftleg melding når skolen og/eller heimen finn det formålstenleg. Skriftleg melding skal alltid sendast når foreldra ikkje møter til samtale.

Alle elevar skal ha ei meldingsbok som blir brukt av foreldra og av kontaktlæraren til meldingar om fråvær, søknader om å få fri osv. Melding til heimen om eventuell misferd skal ein gi i eige brev.

§ 2-3 Vurderingsformer 
På barnesteget skal skolen berre nytte vurdering utan karakterar.

På ungdomssteget skal eleven, i tillegg til vurdering utan karakterar, ha fagkarakterar og karakterar i orden og åtferd. Terminkarakterar og karakterar på dei enkelte prøvene/arbeida skal supplerast med grunngiving og rettleiing.

Det enkelte prosjektarbeidet skal ha ei eiga skriftleg vurdering utan karakter. Den kompetansen eleven utviklar gjennom prosjektarbeidet, tel også med i den samla vurderinga i det/dei fag som temaet hører inn under. Det skal opplysast på vitnemålet at eleven har teke del i arbeidet med og gjennomført ei avsluttande prosjektoppgåve, og kva temaet for oppgåva har vore.

§ 2-4 Vurdering med karakterar på ungdomssteget 
Terminkarakterar er karakterar som til vanleg blir gitt to gonger om året i fag og i orden og åtferd.

Standpunktkarakterar er karakterar som skal givast ved slutten av skoleåret i avgangsfag. Avgangskarakterar er

  • standpunktkarakterar i fag
  • standpunktkarakterar i tilvalsfag dersom eleven og foreldra ønskjer vurdering med karakter
  • endelege karakterar i orden og åtferd
  • avgangsprøvekaraktera

§ 2-5 Tidspunkt for fastsetjing av karakterar 
Terminkarakterar skal fastsetjast:

  • til jul, eller seinast innan utløpet av januar, for 8., 9. og 10. klassesteget
  • ved slutten av skoleåret for 8. og 9. klassesteget i fag som ikkje er avgangsfag

Avgangskarakterar skal fastsetjast:

  • ved slutten av skoleåret: standpunktkarakterar i avgangsfag for 8., 9. og 10. klassesteget, dessutan endelege karakterar i orden og åtferd for 10. klassesteget
  • seinast dagen før fellessensurmøtet etter forskrifta § 3-14 første ledd: standpunktkarakterar i skriftlege fag
  • seinast dagen før kunngjering om munnleg avgangsprøve: standpunktkarakterar i munnlege fag
  • i felles sensurmøte; tidspunkt fastsett av Læringssenteret: avgangsprøvekarakterar
  • etter at undervisninga og annan skoleaktivitet er avslutta: endelege karakterar i orden og åtferd.

§ 2-6 Karakterar i faga 
Det skal givast terminkarakterar og avgangskarakterar i faga. Eleven og foreldra kan likevel velje om eleven skal ha vurdering med karakter i tilvalsfag. Dersom ein vel vurdering med karakter i tilvalsfag, skal det setjast terminkarakter og avgangskarakter som i faga. Norsk sidemål skal ha eigen karakter. Ordinære språkfag, tilvalsspråk og tilval språkleg fordjuping skal ha karakter både i munnleg og skriftleg såframt det blir sett karakter. Dette gjeld likevel ikkje i teiknspråk som førstespråk og teiknspråk fordjuping, der det blir sett berre éin karakter. I norsk munnleg skal det berre setjast éin karakter, som omfattar både hovudmål og sidemål.

Ved byrjinga av det skoleåret da eleven tek til med tilvalsfag, skal skolen spørje eleven og foreldra om eleven skal ha vurdering med karakter i faget.

Det skal nyttast talkarakterar på ein skala frå 1 til 6. Karakteren 1 inneber at eleven har oppnådd liten kompetanse i faget. Karakteren 6 inneber at eleven har oppnådd særleg høg kompetanse.

Når karakteren i det enkelte faget skal fastsetjast, skal det leggjast vekt på i kva grad eleven har oppnådd kompetanse i faget, slik kompetansen er beskriven i læreplanen i faget ved hjelp av fellesmåla for faget, måla for dei enkelte hovudtrinna og innhaldet i faget. Føresetnadene til den enkelte eleven skal ikkje trekkjast inn, unnateke for faget kroppsøving. I kroppsøving skal det leggjast vekt på både kompetansen og føresetnadene til den enkelte eleven.

§ 2-7 Karakterar i orden og åtferd 
I orden og åtferd skal desse karakterane nyttast:

  • God (G). Eleven syner vanleg god orden og åtferd.
  • Nokså god (Ng). Eleven syner under vanleg god orden og åtferd.
  • Lite god (Lg). Karakteren skal nyttast berre i særhøve.

Den vurderinga skolen gir av orden og åtferd, må haldast skild frå vurderinga av dei reint faglege prestasjonane. Ein skal ta omsyn til eleven sine føresetnader, og til vanleg ikkje leggje avgjerande vekt på enkelthendingar. Hovudgrunnlaget skal vere orden og åtferd hos eleven det siste halve skoleåret.

Ved fastsetjinga av karakter i orden tek ein omsyn til om eleven viser vanleg god arbeidsinnsats og følgjer dei ordensreglane som er fastsette for kvar skole. Ugyldig fråvær skal reknast som brot på ordensreglane.

Ved fastsetjinga av karakter i åtferd tek ein omsyn til korleis eleven ter seg på skoleområdet og elles når skolen har ansvaret for tilsynet med elevane. Ein skal særleg leggje vekt på korleis eleven ter seg mot andre elevar, lærarar og andre tilsette. Ein kan også ta omsyn til korleis elevane ter seg mot kvarandre på skolevegen.

§ 2-8 Fritak for vurdering med karakter i faga 
Når eleven får opplæring etter individuell opplæringsplan, tek foreldra avgjerd om eleven skal ha vurdering med karakter eller berre vurdering utan karakter. Valretten gjeld berre i fag der eleven får opplæring etter slik plan. Den daglege leiaren av skolen skal sørgje for at foreldra får nødvendig rettleiing om kva dette valet inneber for vurderinga av eleven.

I fag der det blir gitt både skriftleg og munnleg karakter (språkfag), kan foreldra til ein elev med individuell opplæringsplan i faget også velje om eleven skal ha berre munnleg eller skriftleg karakter i faget. Den som vel karakter i norsk skriftleg, kan da velje karakter i den eine eller begge målformer.

§ 2-9 Fastsetjing av termin- og standpunktkarakterar i faga 
Karakteren i det enkelte faget skal gi uttrykk for kva nivå eleven er på når karakteren blir fastsett, og ut frå kva som er naturleg å vente på det tidspunktet.

Faglæraren fastset karakteren på grunnlag av dokumentasjon han eller ho har skaffa seg. Det skal ikkje leggjast avgjerande vekt på ei enkelt prøve.

Eleven og foreldra skal få skriftleg varsel dersom standpunktkarakteren kan bli sett ned i høve til siste terminkarakter. Varslet skal givast så tidleg at betre innsats kan påverke karakteren.

Dersom det er tvil om ein elev kan få termin- eller standpunktkarakter i eitt eller fleire fag på grunn av stort fråvær eller av andre særlege omsyn, må saka leggjast fram for skolen sin daglege leiar til avgjerd. Eleven og foreldra skal få skriftleg varsel i god tid før avgjerd blir teken.

Dersom den daglege leiaren er i tvil om reglane for fastsetjing av termin- og standpunktkarakterar er følgde, kan han eller ho krevje ny fagleg vurdering, skriftleg eller munnleg, av enkeltelevar eller heile klassar før karakterane blir fastsette og førte i protokollen.

Er dagleg leiar og faglærar(ane) framleis usamde, fastset den daglege leiaren karakteren.

§ 2-10 Fastsetjing av karakter for elevar som har stort gyldig eller ugyldig fråvær 
Elevar som har stort gyldig eller ugyldig fråvær, får siste terminkarakter(ar) ført(e) på vitnemålet.

§ 2-11 Fastsetjing av karakterar for elevar som blir fritekne for opplæringsplikt 
Ein elev som blir friteken for opplæringsplikt, jf. lov om frittståande skolar § 3-3 andre ledd og opplæringslova § 2-1 fjerde ledd, får dei siste terminkarakterane førte på vitnemålet.

§ 2-12 Fastsetjing av karakterar i orden og åtferd 
Karakterane skal fastsetjast i møte mellom alle lærarane til eleven. Ved usemje skal det røystast. Når ein elev får ein annan karakter enn God, skal det førast møtebok med ei kort grunngiving og eventuelt røystetal. Møteboka skal makulerast eitt år etter at elev og foreldre har fått melding om karakteren.

Kontaktlærar leier møtet der terminkarakterane i orden og åtferd blir fastsette. Ved likt røystetal har kontaktlærar dobbelrøyst.

Dersom den daglege leiaren er i tvil om reglane for fastsetjing av karakter er blitt følgde, kan han eller ho krevje nytt møte. Dagleg leiar er med i dette møtet og har røysterett. Ved likt røystetal har dagleg leiar dobbelrøyst.

Dagleg leiar leier møtet der dei endelege karakterane i orden og åtferd blir fastsette. Ved likt røystetal har dagleg leiar dobbelrøyst.

Eleven og foreldra skal varslast skriftleg dersom endeleg karakter i orden og/eller åtferd kan bli sett ned i høve til siste terminkarakter. Varselet skal givast så tidleg at betre orden/åtferd kan påverke karakteren.

Dersom det er tvil om ein elev på grunn av stort fråvær eller av andre særlege grunnar kan få terminkarakter eller endeleg karakter i orden og åtferd, må saka leggjast fram for rektor til avgjerd. Eleven og foreldra skal få skriftleg varsel i god tid før avgjerd blir teken.

§ 2-13 Grunnlaget for avgangsprøvekarakterar 
Avgangsprøvekarakterar blir fastsette på grunnlag av offentlege prøver. Avgangsprøva kan vere skriftleg og/eller munnleg. Kvar elev skal prøvast i minst eitt fag.

Læringssenteret lagar oppgåvesett og fastset prøvefaga for den enkelte skolen til den skriftlege avgangsprøva, og ordninga for munnleg avgangsprøve.

Læringssenteret avgjer kvart år kva for fylke og kommunar det skal haldast munnleg avgangsprøve i, medan kommunen fastset fag og prøveparti ved dei enkelte skolane. Faglæraren lagar oppgåver og drøfter dei før prøva med ein sensor oppnemnd av Fylkesmannen. Saman med den oppnemnde sensoren har faglæraren ansvaret for gjennomføringa av prøva.

§ 2-14 Fastsetjing av avgangsprøvekarakterar i skriftlege fag og munnlege fag 
Elevsvar frå den skriftlege avgangsprøva blir sensurerte av to sensorar etter retningslinjer laga av Læringssenteret under førehandssensuren kvart år. Sensorane blir oppnemnde av Fylkesmannen i kvart fylke. Karakterane blir endeleg fastsette på fellessensurmøtet.

Etter munnleg eksaminasjon fastset sensor karakteren etter drøfting med eksaminator (faglæraren). Sensoren og faglæraren har kvar for seg høve til å gi merknader til eksaminasjonen eller sensuren.

§ 2-15 Fritak frå avgangsprøva 
Elevar som er fritekne for vurdering med karakter i prøvefaget/-faga, skal ikkje ta del i avgangsprøva.

Når det ligg føre tungtvegande grunnar, kan elevar etter søknad frå foreldra bli fritekne frå avgangsprøva.

§ 2-16 Bortvising frå avgangsprøva 
Ein elev som ikkje rettar seg etter dei reglane Læringssenteret har fastsett for avgangsprøva, kan visast bort av dagleg leiar. Vedtak om bortvising kan klagast på til skolen sitt styre og vidare til Fylkesmannen. Skolen skal gi eleven og foreldra melding om klageretten.

§ 2-17 Protokollføring av terminkarakterar og avgangskarakterar 
Kvar skole skal føre ein protokoll for terminkarakterar og ein protokoll for avgangskarakterar.

Elevar som blir fritekne for opplæringsplikt, skal framleis stå i protokollen for terminkarakterar og protokollen for avgangskarakterar.

Terminkarakterane skal førast i protokollen for terminkarakterar og underskrivast av faglærarane og klassestyraren innan ein frist fastsett av dagleg leiar. Avgangskarakterar skal førast i protokollen for avgangskarakterar og underskrivast av faglærarane og dagleg leiar innan ein frist fastsett av Læringssenteret.

Karakterane er fastsette når dei er førte i protokollen og protokollen er underskriven. Avgangskarakterane skal skrivast utan pluss, minus eller mellomkarakterar. Karakterrubrikkar som ikkje blir brukte, skal blokkerast med vassrett strek. Merknadsrubrikken i protokollen for avgangskarakterar skal berre brukast for eventuelt å gi opplysning om kva karakteroppgjer karakteren (karakterane) er henta frå, og om eleven har avlagt skriftleg avgangsprøve i munnleg form. Føringsfeil i protokollen skal rettast. Rettinga skal attesterast av dagleg leiar.

Terminkarakterar kan ikkje endrast etter at dei er fastsette. Avgangskarakterar kan endrast etter klage.

§ 2-18 Føring av terminkarakterar i karakterbok 
Alle elevar på ungdomssteget skal ha karakterbok/karakterkort, der terminkarakterane skal førast. Også fråvær skal førast i karakterbok/karakterkort.

§ 2-19 Vitnemål. Vedlegg til vitnemålet 
Alle elevar skal ha vitnemål på fastsett formular når dei blir skrivne ut frå grunnskolen. Det er to vitnemålsformular, eitt for elevar som får vurdering med karakterar, og eitt for elevar som er heilt fritekne for vurdering med karakterar i faga, men som får karakterar i orden og åtferd.

Elevar med samisk i fagkrinsen skal ha vitnemål med norsk og samisk tekst.

Vitnemålet skal stemplast med blindpregingsstempel.

Elevar som ikkje får karakter(ar), skal ha eit vedlegg til vitnemålet, skrive på papiret til skolen, med opplysningar om m.a.

  • heimel i lov eller forskrift
  • årsak til unntaket
  • eventuelt alternativt opplegg
  • anna som kan vere til nytte for eleven seinare

Det skal ikkje visast til eit slikt vedlegg i vitnemålet.

§ 2-20 Føring av vitnemål med karakterar 
Vitnemålet skal førast på grunnlag av protokollen for avgangskarakterar. Alle opplysningar som står i karakterrubrikkane og i merknadsrubrikken, skal førast på vitnemålet. Karakterane skal skrivast fullt ut.

Elev i skole for spesialundervisning og elev i fengselsundervisning skal få vitnemål frå ein naboskole eller skolen på heimstaden når eleven og/eller foreldra ber om det. Skolen skal opplyse om denne retten.

Elevar som har hatt individuell opplæringsplan, skal få dette nemnt på vitnemålet dersom eleven/foreldra ønskjer det.

§ 2-21 Vitnemål for elevar som ikkje skal ha fagkarakterar 
Elevar som er heilt fritekne for vurdering med karakterar utan i orden og åtferd, skal ha vitnemål som viser at eleven har fullført grunnskolen.

§ 2-22 Føring av karakterprotokoll og vitnemål for elevar som ikkje skal ha fagkarakterar 
I karakterrubrikken skal det ved føring av termin- og standpunktkarakterar skrivast:

  • " “Følgt undervisninga/Fulgt undervisningen” ved fritak for vurdering med karakterar
  • “Følgt undervisninga frå (dato)/Fulgt undervisningen fra (dato)” for elevar som har kome frå utlandet siste skolehalvåret
  • “Friteken//Fritatt” ved fritak frå opplæring
  • " Stort gyldig fråvær/Stort gyldig fravær ”
  • “Stort ugyldig fråvær/Stort ugyldig fravær”.

I karakterrubrikken skal det ved føring av avgangsprøvekarakterar skrivast:

  • “Friteken/Fritatt” ved fritak frå avgangsprøva etter søknad
  • “Sjuk/Syk” når ein elev er eller blir sjuk på prøvedagen
  • “Ikkje møtt/Ikke møtt” ved fråvær frå avgangsprøva utan gyldig grunn
  • " Ikkje fullført/Ikke fullført ” ved bortvising frå avgangsprøva

For elevar som får siste terminkarakter ført på vitnemålet, skal det gjerast greie for kva termin karakteren er henta frå.

Kapittel 3 Vurdering i vidaregåande opplæring

(Heimel: lov om frittståande skolar § 2-3 siste ledd)

Virkeområde og definisjonar

§ 3-1 Rett til vurdering 
Elevar i skolar godkjende etter lov om frittståande skolar § 2-2 bokstav a, c og d, har rett til vurdering etter reglane i dette kapitlet. Skolen sitt styre har ansvaret for at rettane til elevane blir oppfylte.

Elevar i skolar godkjende som eit fagleg-pedagogisk alternativ som nyttar alternative vurderingsformer godkjende av departementet, har rett til vurdering etter skolen sitt godkjende system for vurdering. Det same gjeld elevar i internasjonale skolar.

Alle som har gjennomgått opplæring i skole godkjent etter friskolelova har rett til å få opplæringa dokumentert.

§ 3-2 Virkeområde 
Reglane i dette kapitlet gjeld

  • vurdering, eksamen og dokumentasjonsordningar som gjeld vidaregåande opplæring etter opplæringslova
  • karaktersystemet i vidaregåande skole
  • oppmelding til eksamen
  • fritak for vurdering i fag
  • fritak for fag
  • reaksjonar ved brot på eksamensføresegnene

§ 3-3 Definisjonar

  • Elev er etter reglane i dette kapitlet ein som er teken inn i ein frittståande vidaregåande skole, og som har teke imot plassen. Ein elev kan vere heilkurselev eller delkurselev.
  • Eksamen er den prøva som blir organisert etter reglane i dette kapitlet, og som blir halden ved avslutninga av fag.

Vurdering

§ 3-4 Grunnlaget for vurdering 
Grunnlaget for vurdering i vidaregåande opplæring er dei samla måla for opplæringa slik dei kjem til uttrykk i den generelle delen av læreplanen og i læreplanane for dei enkelte faga og kursa.

Vurderinga skal gi uttrykk for i kva grad måla for opplæringa (individnivå) er nådd.

Vurderinga skal også gi uttrykk for i kva grad skolen si organisering, tilrettelegging og gjennomføring av opplæringa medverkar til å nå dei mål som er fastsette i dei fagspesifikke læreplanane og i den generelle delen av læreplanen, jf. forskrifta til opplæringslova § 2-1.

§ 3-5 Gruppering av den samla vurderinga 
I dette kapitlet blir vurderinga delt inn i to grupper i forhold til dei samla måla i læreplanane:

  1. Individuell vurdering som blir avslutta med karakter
  2. Individuell vurdering som ikkje blir avslutta med karakter.

Ved individuell vurdering av elevar skal det leggjast vekt på løpande munnleg og skriftleg tilbakemelding, oppfølging og rettleiing i forhold til dei mål den enkelte eleven arbeider mot.

§ 3-6 Generelt om karakterar i fag/kurs 
I fag/kurs blir vurderinga avslutta med standpunktkarakter og eventuelt eksamenskarakter for elev i skole.

Karakterane i fag/kurs skal gi uttrykk for i kva grad måla i dei fagspesifikke læreplanane er nådd. Dette gjeld også dei mål i den generelle delen av læreplanen som er nedfelte i måla i dei fagspesifikke læreplanane for faget/kurset, deriblant fellesmål. Skolen har plikt til å informere eleven om kva som er grunnlaget for karakterane.

§ 3-7 Standpunktkarakterar og terminkarakterar i fag/kurs for elevar 
Standpunktkarakterar i fag/kurs skal gi uttrykk for i kva grad eleven har nådd dei fastsette måla, jf. § 3-6.

Skolen sitt styre har ansvaret for at faglæraren, etter drøfting i møte der lærarane til eleven er til stades, set standpunktkarakterar eller gjer vedtak om at standpunktkarakterar ikkje kan givast.

Som grunnlag for standpunktkarakter skal det normalt setjast to separate terminkarakterar som blir gjorde kjende for eleven/foreldra, éin for første termin og éin for andre termin. Den første terminkarakteren skal givast rundt midten av opplæringsperioden. Eleven skal få opplyst karakteren i andre termin samtidig med standpunktkarakteren.

Ved eventuell periodisering av opplæring knytt til eit fag eller til komprimert opplæring som ikkje går over to ordinære terminar, skal det givast terminkarakter midt i perioden og ved slutten av perioden, slik at standpunktkarakter blir gitt på bakgrunn av to terminkarakterar.

Ved fastsetjinga av standpunktkarakterar skal det leggjast størst vekt på resultatet for 2. termin.

Eksamen i eitt eller fleire fag som er halden før vedtaket om standpunktkarakter er gjort, vil bli annullert dersom eleven ikkje har oppnådd terminkarakter etter 2. termin som del av grunnlaget for standpunktkarakter i faget/faga.

§ 3-8 Eksamenskarakterar 
Karakterar til eksamen skal gi uttrykk for i kva grad ein har nådd dei måla ein blir prøvd i. Eksamensformene og dei oppgåvene som blir laga, skal utformast med tanke på at ein så stor del av måla som mogleg kan bli vurderte ved eksamen , jf. § 3-6.

§ 3-9 Standpunkt- og terminkarakterar i orden og åtferd for elevar 
For elevar skal det givast ein felles karakter i orden og åtferd.

Karakteren i orden og åtferd skal gi uttrykk for

  • om eleven sine arbeidsvanar er prega av ansvar, orden og at eleven er ryddig, punktleg og påliteleg
  • om eleven opptrer omsynsfullt, realt og høfleg mot andre

Kriteria for karakterane i orden og åtferd skal gjerast kjende for eleven.

Skolen sitt styre har ansvaret for at terminkarakter og standpunktkarakter i orden og åtferd blir sette etter drøfting i møte der alle lærarane til eleven er til stades.

Standpunktkarakterane i orden og åtferd skal baserast på to terminkarakterar.

§ 3-10 Individuell vurdering som ikkje blir avslutta med karakter 
Eleven skal få løpande individuell rettleiing og vurdering i forhold til måla i dei fagspesifikke læreplanane, under dette fellesmål, t.d. når det gjeld hans/hennar arbeid og utvikling i faget, med sikte på å hjelpe eleven til å nå desse måla på best mogleg måte.

Eleven skal få løpande individuell rettleiing og vurdering i forhold til dei mål i den generelle delen av læreplanen som ikkje inngår i dei fagspesifikke læreplanane, med sikte på at han/ho skal kunne nå desse måla på best mogleg måte.

Individuell vurdering som ikkje blir avslutta med karakter, skal givast for å utvikle heilskapleg kompetanse hos eleven i samsvar med dei samla måla for opplæringa, mellom desse verdi- og holdningsmål, og utvikling av eigenskapar og dugleik.

Som ein del av den individuelle rettleiinga og vurderinga som ikkje skal avsluttast med karakter, skal skolen minst ein gong kvart halvår gjennomføre ein samtale med eleven

Det er ansvaret til skolen sitt styre å sjå til at rettleiinga og vurderinga blir gjennomført etter intensjonane.

§ 3-11 Planlegging, gjennomføring og vurdering av opplæringa 
Den enkelte skolen skal ha eit system som sikrar at opplæringa blir planlagd, gjennomført og vurdert i samarbeid med eleven og som sikrar at opplæringa er i tråd med den generelle delen av læreplanen og dei fagspesifikke læreplanane.

Elevane skal få ei innføring som gir grunnlag for å kunne delta aktivt i dette arbeidet.

§ 3-12 Karakterar
Vurderinga med karakterar er delt inn i denne grupperinga:

  • Over middels måloppnåing i faget
  • Middels måloppnåing i faget
  • Under middels måloppnåing i faget
  • Inga måloppnåing i faget.

Det skal brukast talkarakterar dersom ikkje anna er bestemt i medhald av reglane i dette kapitlet eller i læreplanen for faget.

Relatert til dei mål som er fastsette i læreplanane, har dei enkelte karaktergradane dette innhaldet:

  • Over middels måloppnåing i faget: 
    Karakteren 6 og karakteren 5. Karakteren 6 gir uttrykk for svært høg måloppnåing i faget. Eleven viser sjølvstende og utmerkjer seg spesielt. Karakteren 5 gir uttrykk for høg måloppnåing i faget, men eleven viser noko mindre sjølvstende
  • Middels måloppnåing i faget: 
    Karakteren 4 og karakteren 3. Karakteren 4 gir uttrykk for middels eller noko over middels måloppnåing i faget. Karakteren 3 gir uttrykk for noko under middels måloppnåing i faget.
  • Under middels måloppnåing i faget: 
    Karakteren 2 eller karakteren 1. Karakteren 2 gir uttrykk for mangelfull og usikker måloppnåing i faget. Karakteren 1 gir uttrykk for svært svak og utilstrekkeleg måloppnåing i faget.
  • Inga måloppnåing i faget: 
    Karakteren 0.

Det skal berre brukast heile talkarakterar. Bestått tilsvarer karakterane 2 - 6. Departementet kan i spesielle tilfelle bestemme ei anna grense for bestått.

§ 3-13 Karakterar i orden og åtferd 
Karakteren i orden og åtferd skal setjast etter ein tredelt skala: God, Nokså god, Lite god. Karakteren God skal beskrive den vanleg gode orden og åtferd. Nokså god skal nyttast ved klare avvik frå vanleg god orden og åtferd. Karakteren Lite god skal nyttast i ekstraordinære tilfelle av mykje svak orden og åtferd.

§ 3-14 Fritak for vurdering i kroppsøvingsfaget 
Elevar som ikkje kan følgje den ordinære opplæringa i den praktiske delen av kroppsøvingsfaget, skal givast tilrettelagd opplæring. Fritak for vurdering av den praktiske delen av faget skal givast når den tilrettelagde opplæringa ikkje kan vurderast med karakter.

Det blir ikkje gitt fritak for vurdering av den teoretiske delen.

Elevar med fritak for vurdering i den praktiske delen av kroppsøvingsfaget kan få vitnemål.

§ 3-15 Fritak for fag eller del av fag 
Normalt skal elevane følgje alle fag i eit kurs. Skolen sitt styre kan likevel etter søknad gi fritak for fag som inngår i fagfordelinga i eit kurs, dersom vedkomande tidlegare har bestått det same faget eller har bestått likeverdig eller meir omfattande opplæring i faget. Dette gjeld ikkje for faget kroppsøving.

For den praktiske delen av faget kroppsøving kan skolen sitt styre etter søknad gi fritak når det ved fråsegn frå lege er dokumentert at opplæringa er til skade for eleven, og tilpassa opplæring ikkje er mogleg.

§ 3-16 Varsling ved ikkje bestått eller ikkje gitt karakter 
Dersom det er fare for at ein elev får ikkje bestått standpunktkarakter, under dette at det ikkje er grunnlag for å gi karakter på grunn av stort fråvær, skal eleven/foreldra givast skriftleg varsel utan ugrunna opphald etter at det er blitt klart at slik fare ligg føre. Det same gjeld dersom det er fare for at ein elev kan få karakteren Nokså god eller Lite god i orden og åtferd.

Dokumentasjon

§ 3-17 Typar av dokumentasjon 
Følgjande dokumentasjon kan utferdast til elevar:

  • Vitnemål
  • Kompetansebevis

Dokumentasjonen blir utferda av skolen.

Departementet fastset dei formulara som skal nyttast etter denne paragrafen.

§ 3-18 Rett til ny dokumentasjon 
Ein elev som oppnår ny(e) karakter(ar) i fag eller som tek nye fag, har rett til ny dokumentasjon etter reglane i denne paragrafen.

Nytt vitnemål kan utferdast på grunnlag av

  • nytt fag som blir teke til erstatning for tidlegare fag
  • ny eksamenskarakter som er betre enn gjennomsnittet av tidlegare oppnådd standpunktkarakter og eksamenskarakter, dersom eleven tidlegare har oppnådd både standpunktkarakter og eksamenskarakter i faget
  • ny eksamenskarakter som er betre enn tidlegare oppnådd standpunktkarakter, dersom eleven tidlegare har oppnådd standpunktkarakter, men ikkje eksamenskarakter, i faget
  • ny eksamenskarakter som er betre enn tidlegare oppnådd eksamenskarakter dersom eleven tidlegare har oppnådd eksamenskarakter, men ikkje standpunktkarakter, i faget

Dersom eit vitnemål eller eit kompetansebevis går tapt, skal det utferdast nytt, identisk vitnemål/kompetansebevis.

§ 3-19 Vitnemål 
Vitnemål blir gitt som dokumentasjon for bestått treårig opplæringsløp som gir studie- eller yrkeskompetanse i fag som ikkje har læretid i bedrift.

For å få utferda vitnemål, må som hovudregel alle fag og eksamenar som kjem til uttrykk på vitnemålet i medhald av læreplan, vere bestått, sjå likevel § 4-15, § 8-2 og § 4-23 andre ledd i forskrift til opplæringslova.

§ 3-20 Unntak frå vilkåra for å få vitnemål 
Elevar i yrkesfaglege studieretningar som har fulgt opplæringa, men ikkje bestått i inntil to av dei felles allmenne faga som inngår i fag- og timefordelinga for opplæringa, kan likevel i særskilde tilfelle få utferda vitnemål som gir yrkeskompetanse. Samtykke til slikt unntak kan givast når eleven anten

  • har vore friteken for vurdering med karakter i faget/faga i grunnskolen eller
  • har vore friteken for vurdering med karakter i faget/faga i den vidaregåande skolen eller
  • har spesifikke lærevanskar (t.d. store lese- og skrivevanskar eller store matematikkvanskar). Slike vanskar kan også vurderast etter at standpunktkarakter er sett eller eksamen har vore gjennomført

I dei yrkesfaga der det er knytt offentleg nasjonal eller internasjonal sertifisering til eit utferda vitnemål, kan det ikkje gjerast unntak i strid med slike sertifiseringsføresegner.

Før søknad om unntak etter andre leddet kan bli behandla, skal det liggje føre dokumentasjon som viser at vilkåra er oppfylte. Dokumentasjonen må vere av nyare dato. Før søknad om unntak etter tredje strekpunkt i andre leddet kan bli behandla, skal det liggje føre sakkunnig vurdering. Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal sørgje for at slik vurdering blir utarbeidd.

Styret avgjer søknad om unntak i samsvar med vilkåra i første leddet. Det kan ikkje givast førehandstilsegn om unntak etter denne paragrafen.

§ 3-21 Føring av karakterar på vitnemålet 
I dei felles allmenne faga som har fleire nivå som byggjer på kvarandre, skal berre karakterar som er oppnådd på høgste nivået førast på vitnemålet.

I dei studieretningsfaga som har fleire nivå, skal alle karakterar oppnådde på kvart nivå førast på vitnemålet.

§ 3-22 Kompetansebevis 
Kompetansebevis blir utferda som dokumentasjon for vidaregåande opplæring i dei tilfella vilkåra for å få vitnemål ikkje er oppfylte.

Kompetansebevis blir utferda som dokumentasjon for modular og fag der det blir gitt standpunktkarakter og/eller eksamenskarakter. Kompetansebevis blir òg utferda som dokumentasjon for gjennomgått opplæring.

§ 3-23 Fråvær 
Alt fråvær for elevar skal førast på vitnemål og kompetansebevis. Fråvær skal førast i dagar og enkelttimar. For delkurselevar skal fråvær førast berre i timar.

Årsak til fråvær kan krevjast ført på dokumentasjonen. Eleven eller kursdeltakaren har sjølv ansvaret for å dokumentere årsaka til fråværet.

Organisert eller sjølvstendig studiearbeid, deriblant skoleadministrative gjeremål, etter avtale med faglærar eller dagleg leiar, blir ikkje rekna som fråvær.

Avgrensa oppover til i alt 14 dagar i skoleåret skal følgjande ikkje førast som fråvær og bør søkjast kompensert ved eigen innsats frå eleven, tilrettelagd av skolen:

  • Arbeid på regionalt plan eller landsplan som tillitsvald i landsdekkjande organisasjonar
  • Arbeid på regionalt plan eller landsplan som tillitsvald i landsdekkjande organisasjonar
  • Arbeid på regionalt plan eller landsplan som tillitsvald i elevorganisasjon
  • Dokumenterte lovpålagde oppmøte
  • Dokumentert langvarig eller kronisk sjukdom
  • Organisert hjelpearbeid i krisesituasjonar
  • Inntil to dagar ved religiøse høgtider for elevar som er medlemmer av andre trussamfunn enn Den norske kyrkja.

Stort fråvær kan medføre at grunnlaget for å gi vurdering med standpunktkarakter manglar.

§ 3-24 Eksamen 
Reglane i forskrifta til opplæringslova §§ 4-29 til 4-34 gjeld også frittståande vidaregåande skolar.

§ 3-25 Plikt til å gi melding 
Skolen sitt styre må sjå til at eleven blir gitt melding om høve til ny eksamen, utsett eksamen, særskild eksamen, jf. forskrift til opplæringslova §§ 4-32 til 4-34.

§ 3-26 Særskild tilrettelegging av eksamen 
Når ein elev har særleg behov for det, kan fylkeskommunen i samarbeid med dagleg leiar samtykkje i at den praktiske gjennomføringa av eksamen blir særskilt tilrettelagt.

§ 3-27 Oppmelding til eksamen 
Dagleg leiar melder opp til eksamen alle elevar som tek del i opplæring som blir avslutta med eksamen.

Eleven må sjølv melde seg til ny eksamen, utsett eksamen og særskild eksamen, jf. forskrift til opplæringslova §§ 4-32 til 4-34. Oppmelding skjer til skolen.

Ein elev som på grunn av stort fråvær i skoleåret eller av andre grunnar ikkje kan få standpunktkarakter, kan ikkje meldast opp som elev til eksamen i faget same skoleåret.

§ 3-28 Privatistar 
Reglane i kapittel 4 i forskrift til opplæringslova gjeld også for dei som melder seg som privatistar ved ein frittståande vidaregåande skole.

Sensorar

§ 3-29 Sensorar 
Reglane i forskrift til opplæringslova §§ 4-53 og 4-54 gjeld også for frittståande skolar

Fusk og bortvising

§ 3-30 Reaksjonsmåtar ved fusk 
Eksamensprøve kan annullerast dersom kandidaten har fuska eller forsøkt å fuske ved eksamen. Spørsmålet om annullering av eksamensprøve skal avgjerast av skolen sitt styre. Dersom eksamen blir annullert på grunn av fusk eller forsøk på fusk, kan kandidaten tidlegast gå opp til den eksamen i faget som blir arrangert eitt år etter at eksamen blei annullert.

§ 3-31 Bortvising frå eksamen 
Den som er oppe til eksamen og som vanskeleggjer gjennomføringa av denne ved åtferd som er forstyrrande for andre kandidatar, kan etter å ha blitt åtvara visast bort. Spørsmålet om bortvising skal avgjerast av dagleg leiar.

Kapittel 4 Klage på vurdering av elevar

(Heimel: lov om frittståande skolar § 2-3 siste leddet)

§ 4-1 Kva det kan klagast på 
Det kan klagast på standpunktkarakterar, avgangskarakterar/eksamenskarakterar. Det kan også klagast på vedtak om ikkje å setje standpunktkarakter.

§ 4-2 Kven som kan klage 
Elevar eller dei desse gir skriftleg fullmakt, har klagerett. Foreldre til umyndige elevar har sjølvstendig klagerett. Ein elev under 15 år kan ikkje klage utan skriftleg samtykke frå foreldra.

§ 4-3 Avgjerd i klagesaka 
Behandling av klage over karakter kan føre til at karakteren blir ståande eller til at han blir endra til gunst eller ugunst for klagaren. Avgjerda skal grunngivast. Avgjerda er endeleg og kan ikkje klagast på.

Fører klagebehandlinga til endring av vitnemålet/innhaldet i kompetansebevis, skal det skrivast nytt, og tidlegare vitnemål/kompetansebevis skal leverast tilbake.

§ 4-4 Saksgangen ved klage 
Dei som har klagerett etter § 4-2, skal få opplysningar om høve til å klage, klagefristen og om kva klagen skal innehalde i medhald av denne forskrifta og lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker §§ 29, 30, 31 og 32. Dei som har klagerett, skal også få informasjon om retten til å få retningslinjer som er gitt sensorane og grunngiving etter forskrifta § 4-7.

Klagen skal sendast til den skolen der klagaren er elev.

Ved klage i samband med skriftleg avgangsprøve i grunnskolen skal skolen sende klagen saman med prøvesvaret til statens utdanningskontor i fylket, jf. forskrifta § 5-9 første ledd. Ved klage i fag der det blir vurdert fleire svar, skal alle elevsvara leggjast ved.

§ 4-5 Klagefristar 
Frist for å klage på vedtak som gjeld avgangskarakterar/eksamenskarakterar og standpunktkarakterar er 10 dagar.

Fristen skal reknast frå det tidspunktet da melding om vedtaket er komen fram til den som har klagerett, eller da den som har klagerett, burde ha gjort seg kjend med vedtaket. Fristen blir avbroten når den som har klagerett, ber om grunngiving for vedtaket. Fristen tek igjen til når grunngiving er gitt.

§ 4-6 Formkrav 
Klage må fremjast skriftleg, og underskrivast av klagaren eller eventuelt av fullmektig. Klagen skal nemne det vedtaket som blir påklaga, og dersom det er nødvendig, gi opplysningar som gjer det mogleg å avgjere spørsmål om klagerett og om klagefristen er halden. Klagen bør innehalde grunngivinga for klagen, jf. likevel forskrifta § 4-9 fjerde ledd siste punktum.

§ 4-7 Rett til grunngiving 
Den som har klagerett, jf. forskrifta § 4-2, kan innanfor klagefristen krevje grunngiving for karakterar i fag der det blir halde munnleg avgangsprøve/eksamen, fastsett standpunktkarakterar, karakter for praktisk eksamen eller standpunktkarakter i orden og åtferd. Grunngivinga skal givast av sensor eller ein lærar som har teke del i karakterfastsetjinga.

Dersom ein elev ikkje får standpunktkarakter eller får ikkje bestått som standpunktkarakter, kan det krevjast grunngiving for det.

Den som har klagerett, kan ikkje krevje grunngiving av karakter til skriftleg avgangsprøve/eksamen.

§ 4-8 Rett til å gjere seg kjend med eige svar og eventuelle retningslinjer for sensorar ved skriftleg avgangsprøve/eksamen
Eleven har etter at karakter ved skriftleg avgangsprøve/eksamen er fastsett, rett til å gjere seg kjend med eige svar. På oppmoding skal han/ho få kopi av svaret. Eleven kan også krevje at eventuelle retningslinjer som er gitt sensorane til hjelp ved sensureringa, blir lagde fram.

§ 4-9 Klage over karakter til skriftleg avgangsprøve/eksamen. Klageinstans og klagebehandling. Oppbevaring av eksamenssvar ved skriftleg avgangsprøve/eksamen
Klageinstans for vurdering av skriftleg avgangsprøve i grunnskolen er ei klagenemnd på 3 medlemmer. Fylkesmannen oppnemner klagenemndene.

Klageinstans for vurdering av skriftleg sentralgitt eksamen i vidaregåande opplæring er klagenemnd oppnemnd av Fylkesmannen. Klageinstans for vurdering av skriftleg lokalgitt eksamen i vidaregåande opplæring er klagenemnd oppnemnd av fylkeskommunen etter retningslinjer gitt av Fylkesmannen.

Medlemmene av ei klagenemnd må ikkje ha teke del i førstegangsbedømminga og bør så langt mogleg ikkje vere frå den same skolen som klagaren. Når det er felles sensur for fleire grunnskolar, skal medlemmene så langt råd er ikkje vere frå same skolen som klagaren.

Klagenemnda skal gjerast kjend med den karakteren prøvesvaret fekk ved den ordinære sensuren. Nemnda skal elles ikkje få andre opplysningar enn svaret og dei opplysningane som kan leggjast ved svaret ved eksamen. Nemnda skal ikkje gjerast kjend med eventuell grunngiving for klagen.

Ved klage over karakter til skriftleg avgangsprøve/eksamen prøver nemnda alle sider ved karakterfastsetjinga. Finn ho at karakteren er urimeleg i forhold til eksamensprestasjonen, set ho ny karakter.

Prøvesvar/eksamenssvar skal oppbevarast ved skolen i minst eitt år.

§ 4-10 Klage over karakter ved munnleg avgangsprøve/eksamen. Klageinstans og klagebehandling
Ved munnleg avgangsprøve/eksamen kan det berre klagast over formelle feil som kan ha noko å seie for resultatet. Ved klage over munnleg avgangsprøve/eksamen innhentar skolen sitt styre fråsegn frå sensor og eksaminator og sender desse fråsegnene og klagen saman med si eiga fråsegn til Fylkesmannen ved klage i grunnskolen og til fylkestinget eller den fylkestinget gir mynde som klageinstans, ved klage i vidaregåande opplæring. Kopi av fråsegnene skal sendast til klagaren.

Dersom klagaren får medhald i klage over munnleg avgangsprøve/eksamen, skal karakteren annullerast, og klagaren har rett til å gå opp til ny avgangsprøve/eksamen. Dersom klagaren vel å gå opp til ny munnleg avgangsprøve/eksamen, skal prøvesvaret bedømmast av ny sensor.Gjeld klagen prøve i trekkfag, skal det trekkjast fag på ny. Melding om faget skal givast eleven med same frist som ved ordinær prøve.

§ 4-11 Klage over eksamensresultat ved andre, ikkje-skriftlege eksamenar i vidaregåande opplæring
Ved andre ikkje-skriftlege eksamenar enn munnleg eksamen, der det ikkje ligg føre dokumentasjon som kan vurderast av ei klagenemnd, kan det berre klagast over formelle feil som kan ha noko å seie for resultatet. I slike tilfelle skal ein følgje same prosedyren som for munnleg eksamen i forskrifta § 4-10.

Dersom ein slik eksamen resulterer i dokumentasjon som kan vurderast fagleg av ei klagenemnd, skal ein følgje same prosedyren som for skriftleg eksamen i forskrifta § 4-9.

§ 4-12 Klage over standpunktkarakter. Klageinstans og klagebehandling 
Ved klage over standpunktkarakter, eller over vedtak om ikkje å fastsetje standpunktkarakter, kan klageinstansen berre vurdere om gjeldande føresegner om karakterfastsetjing er følgde. Med klagen skal følgje fråsegn frå faglæraren om korleis karakteren er fastsett eller kvifor karakter ikkje er sett, og fråsegn frå skolen sitt styre om saksbehandlinga ved skolen. Kopi av fråsegna skal sendast klagaren.

Klageinstans i grunnskolen er Fylkesmannen. Klageinstans i vidaregåande opplæring er fylkestinget eller den fylkestinget gir mynde. Fylkesmannen i Oslo og Akershus er klageinstans når klagaren tek vidaregåande opplæring ved ein frittståande skole i utlandet.

Dersom klagen blir funnen rettkomen, må klageinstansen presisere kva reglar han meiner er brotne eller det kan reisast tvil om er brotne, og sende saka tilbake til skolen. Klageinstansen skal informere klagaren om resultatet av klagebehandlinga. Dagleg leiar eller den skolen sitt styre oppnemner og faglærar gjennomfører ny vurdering. Dagleg leiar eller den skolen sitt styre har oppnemnt set endeleg karakter. Den nye avgjerda kan det ikkje klagast på.

Finn klageinstansen at klagaren ikkje kan få medhald, er avgjerda endeleg.

§ 4-13 Klage over karakter i orden og åtferd. Klageinstans og klagebehandling 
Ved klage over karakter i orden og åtferd skal eleven sin kontaktlærar og dagleg leiar eller den skolen sitt styre har oppnemnt gi fråsegn som saman med klagen skal sendast til klageinstansen. I fråsegna skal det gjerast greie for kva karakterar i orden og åtferd som har vore gitt tidlegare, kva tiltak skolen har sett i verk for å rette på forholda og ei fyldig grunngiving for karakteren. Kopiar av ordensreglement for skolen, utskrift av protokoll som viser korleis skolen har behandla saka m.m. skal leggjast ved fråsegna. Ved klage i grunnskolen skal det også gjerast greie for om heimen har vore varsla om at karakteren kunne bli sett ned og eventuell anna korrespondanse med foreldra. Klagaren skal ha kopi av fråsegna.

Klageinstans i grunnskolen er Fylkesmannen. Klageinstans i vidaregåande opplæring er fylkestinget eller den fylkestinget gir mynde.

Klageinstansen avgjer om klagen skal medføre endring av karakteren til gunst eller ugunst for klagaren.

Kapittel 5 Skyss av elevar i vidaregåande opplæring

(Heimel: lov om frittståande skolar § 3-7 fjerde og femte leddet)

§ 5-1 Fylkeskommunens ansvar 
Fylkeskommunen har ansvaret for skyss for elevar som er busette i fylket, jf. lov om frittståande skolar § 3-7 første ledd. Fylkeskommunen kan velje om eleven skal få gratis skyss eller full skyssgodtgjersle.

Reglane i kapitlet her gjeld ikkje vidaregåande skolar som er godkjente etter lov om frittståande skolar § 2-2 bokstav e), jf. lova § 3-7 femte leddet.

§ 5-2 Full skyssgodtgjersle 
Eleven har rett til full skyssgodtgjersle i dei tilfella fylkeskommunen ikkje gir tilbod om gratis skyss. Full skyssgodtgjersle inneber at dei naudsynte faktiske skysskostnadene for eleven blir dekte. Val av transportmiddel skal avklarast med fylkeskommunen så snart som mogleg etter at eleven har fått tildelt skoleplass. Kostnadene skal dokumenterast. Dersom det ikkje er mogleg å avklare val av transportmiddel før skolen tek til, må fylkeskommunen likevel dekkje elevens dokumenterte faktiske og naudsynte skysskostnader i perioden fram til slik avklaring skjer.

Ved bruk av privat bil skal skysskostnadene bli dekte etter satsane for dekning av utgifter ved reise for undersøking og behandling, jf. forskrift 11. mars 1997 nr 211. Eventuelle naudsynte kostnader som er større enn det satsen dekkjer, må dokumenterast. Slike kostnader kan mellom anna vere betaling av bompengar og fergeturar.

§ 5-3 Dispensasjon frå kravet om gratis skyss 
Dispensasjon frå plikta for fylkeskommunen til å sørgje for gratis skoleskyss, jf. § 3-7 i lov om frittståande skolar kan etter søknad frå fylkeskommunen til departementet givast når vilkåra i forskrift til opplæringslova §§ 10-3 og 10-4 er oppfylte.

Kapittel 6 Retten til nødvendig rådgiving

(Heimel: lov om frittståande skolar § 3-11)

§ 6-1 Sosialpedagogisk rådgiving 
Den enkelte eleven har rett til å få nødvendig rådgiving, oppfølging og hjelp med å finne seg til rette under opplæringa, ved spesielle faglege vanskar under opplæringa, og ved personlege og sosiale vanskar som har noko å seie for opplæringa.

§ 6-2 Utdannings- og yrkesrådgiving 
Den enkelte eleven har rett til å få rådgiving om utdannings- og yrkesval. Ved overgangen frå grunnskole til vidaregåande opplæring skal det leggjast særleg vekt på rådgiving om kva dei ulike studieretningane fører fram til.

Den enkelte eleven skal få informasjon om utdanning, yrke og arbeidsmarknad. Dette omfattar mellom anna informasjon om

  • Grunntrekka ved utdanningsvegane i Norge og andre land
  • Yrke og arbeidsmarknad lokalt, nasjonalt og internasjonalt
  • Ulike inntaksvilkår, søknadsfristar, lånevilkår, finansieringsordningar

Informasjonen og rådgivinga må leggjast opp slik at eleven gradvis kan utvikle kunnskap, sjølvinnsikt og evne til sjølv å kunne ta avgjerd om vidare utdanning og framtidig yrke, utan omsyn til tradisjonelle kjønnsroller.

§ 6-3 Ansvar 
Skolen sitt styre er ansvarleg for å oppfylle rettane etter forskrifta §§ 6-1 og 6-2.

Kapittel 7 Krav om politiattest ved tilsetjing i frittståande grunnskolar

(Heimel: lov om frittståande skolar § 4-3 tredje ledd)

§ 7-1 Generelt 
Alle som skal tilsetjast i grunnskolen eller skolefritidsordninga, skal leggje fram attest frå politiet. Kravet gjeld både fast personell og mellombels tilsette.

§ 7-2 Innhaldet i politiattesten 
Med politiattest etter friskolelova § 4-3 er meint ein politiattest som viser om personen er sikta, tiltalt eller dømd for brot på straffelova §§ 195, 196, 200 andre ledd og 201 bokstav c. Attesten skal ikkje vere eldre enn 3 månader.

Førelegg, overføring til konfliktråd, påtaleunnlating, frikjenning og fråfallen sikting eller tiltale skal ikkje gå fram av attesten.

§ 7-3 Framgangsmåte 
Arbeidsgivaren skal i utlysingsteksten gjere søkjarar merksame på at det vil bli kravd politiattest ved tilsetjing, men at slik attest ikkje skal leggjast ved søknaden. Attest skal berre krevjast av den søkjaren som får tilbod om stillinga. Det skal i tilbodet takast atterhald om at forhold nemnde i friskolelova § 4-3 og forskrifta § 7-2 kan medføre endring i tilbodet om stilling. Politiattest skal liggje føre før arbeidstakaren blir tilsett i stillinga.

For utferding av attest gjeld lov 11. juni 1971 nr. 52 om strafferegistrering og forskrift 20. desember 1974 nr. 4 om strafferegistrering, med dei unntak og presiseringar som går fram av forskrifta § 7-2.

§7-4Behandling av politiattest
Politiattesten skal oppbevarast utilgjengeleg for uvedkomande, og skal makulerast straks etter å ha vore nytta i tilsetjingssaka eller til det formålet attesten er innhenta, jf. forskrifta § 7-3.

§ 7-5 Teieplikt 
Den som får kjennskap til opplysningar gjennom ein politiattest, pliktar å hindre at uvedkomande får tilgjenge eller kjennskap til opplysningane, jf. forvaltningslova §§ 13 - 13e. Brot kan straffast etter straffelova § 121.

Kapittel 8 Offentlege tilskot og skolepengar

(Heimel: lov om frittståande skolar § 6-5 siste punktum)

§ 8-1 Offentleg tilskot til og skolepengar 
Norske statsborgarar som er elevar ved utanlandske eller internasjonale vidaregåande skoler i Noreg eller utlandet og som har krav på støtte frå Statens lånekasse for utdanning, får tilskot til dekning av skolepengar etter forskrift om tilskott til dekning av skolepengar til elevar ved utanlandske eller internasjonale vidaregåande skolar.

Høringsbrev om ny forskrift til friskolelova – liste over høringsinstansar

Akademikerne

Barneombudet

Departementa

Elevorganisasjonen

Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG)

Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO)

Fylkeskommunane

Handels og Servicenæringenes hovedorganisasjon (HSH)

Kommunane

Landslaget for udelte og fådelte skoler (LUFS)

Kommunenes Sentralforbund (KS)

Landsorganisasjonen i Norge (LO)

Likestillingsombudet

Lærernes Yrkesforbund

Læringssenteret

Norges Kvinne- og Familieforbund

Norsk Forbund for Utviklingshemmede (NFU)

Norsk Lektorlag

Norsk Skolelederforbund

Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)

Friskoleorganisasjonane

Riksrevisjonen

Skolenes landsforbund

Fylkesmennene

Utdanningsforbundet

Utdanningsgruppenes hovedorganisasjon

Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS)