Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Høring - Vedrørende nye regler for kompensasjon for tjenester av allmenn økonomisk betydning

Status: Ferdigbehandlet

Høringsfrist: 01.07.2006

Vår ref.: -

Høringsinstanser

Deres ref

Vår ref

Dato

200600923

12.05.06

Høringsbrev vedrørende nye regler for kompensasjon for tjenester av allmenn økonomisk betydning

Fornyings- og administrasjonsdepartementet sender med dette på høring utkast til forskrift om endring av forskrift om gjennomføring av EØS-regler om unntak fra notifikasjonsplikt for enkelte former for offentlig støtte (forskrift av 12. mai 2003 nr. 1429). Forkriftsendringen gjennomfører nye regler for kompensasjon til foretak som utfører tjenester av allmenn økonomisk betydning, uten krav om forutgående notifikasjon til EFTAs Overvåkningsorgan.

Forskriftsendringen gjennomfører Kommisjonsvedtak nr. 842/2005 av 28. november 2005 om anvendelse av EF artikkel 86 (2) på statsstøtte i form av kompensasjon til visse foretak som utfører tjenester av allmenn økonomisk betydning. Rettsakten skal implementeres i EØS-avtalen og forventes å bli behandlet av EØS-komiteen i juni.

Bakgrunnen for og innholdet i rettsakten er nærmere beskrevet i vedlagte høringsnotat. Det bes om at saken, i den grad det anses som nødvendig, forelegges underliggende/tilsluttede instanser. Utkast til endringsforskrift og Kommisjonsvedtak nr. 842/2005 (dansk tekst) følger også vedlagt.

Det bes om eventuelle merknader innen 1. juli 2006.

Med hilsen

Pål Hellesylt (e.f.)
avdelingsdirektør

Olav Boge
rådgiver

Vedlegg:

Innleiing
Gjennom vedtak i EØS-komiteen nr. XX av DATO vart Kommisjonsvedtak nr. 842/2005 av 28. november 2005 om bruk av artikkel 86 (2) i EF-traktaten for offentleg stønad i form av kompensasjon til føretak som utfører tenester av allmenn økonomisk interesse innlemma i EØS-avtalen.

Kommisjonsvedtaket klårgjer vilkåra for korleis offentlege styresmaktar kan gi tilskott til føretak som utfører tenester av allmenn økonomisk interesse. Dersom vilkåra er oppfylde, kan slike tilskott givast utan førehandsmelding til EFTAs Overvakningsorgan.

I Forskrift om gjennomføring av EØS-regler om unntak fra notifikasjonsplikt for enkelte former for offentlig støtte er det vist til fleire regelsett som tillet offentleg stønad utan førehandsmelding (notifikasjon) til ESA. Det nye vedtaket vert foreslått gjennomført i norsk rett gjennom ei tilvising frå ny § 5 i forskrifta til Kommisjonsvedtaket som er innlemma i Vedlegg XV til EØS-avtalen.

Kommisjonsvedtaket er ein del av ein regelpakke som skal gi meir presise reglar i saker om kompensasjon til utføring av tenester av allmenn økonomisk interesse og gjere det lettare å berekne utfallet på førehand i høve til reglane om offentleg stønad.

Kommisjonen har òg utarbeidd retningslinjer for vurdering av notifiserte tilskottsordningar som inneber offentleg stønad, og gjort endringar i innsynsdirektivet om separate rekneskap for føretak som mottek tilskott for utføring av tenester av allmenn økonomisk interesse.

Bakgrunn for Kommisjonsvedtak nr. 842/2005
Etter artikkel 61 (1) i EØS-avtalen er offentleg stønad til næringsdrivande som hovudregel forbode. Visse stønadsformer kan likevel vere lovlege i medhald av unntaksheimlane i EØS-avtalen. Styresmaktane må som hovudregel førehandsmelde stønaden til EFTAs Overvakingsorgan, som gjer vedtak om å godkjenne stønaden før han kan setjast i verk, i samsvar med del 1 artikkel 1 nr. 3 i protokoll 3 til ODA-avtalen.

Artikkel 59 (2) i EØS-avtalen tillet offentleg tilskott til føretak som har fått i oppdrag å utføre ei teneste av allmenn økonomisk interesse. Vilkåra et at tilskottet ikkje må vere uforholdsmessig og ikkje påverke utviklinga av samhandelen i eit omfang som står i motstrid til EØS-statanes interesser.

Lenge var det rettsleg usikkert om eitkvart tilskott i medhald av artikkel 59 (2) også skulle reknast som offentleg stønad etter artikkel 61 (1). Dersom tilskottet fell inn under definisjonen av offentleg stønad i artikkel 61 (1) i EØS-avtalen, inneber dette at tilskottet må meldast (notifiserast) til ESA før det vert sett i verk (i EU tilsvarande melding til Kommisjonen).

På den eine sida kan eitkvart tilskott frå offentlege styresmakter framstå som ein ”stønad” gitt av offentlege midlar. På den andre sida kunne ein hevde at tilskott som ikkje overkompenserer for utføringa av den pålagde tenesta ikkje inneber nokon reell økonomisk fordel, og då heller ikkje inneheld noko stønadselement som må notifiserast. Til dømes uttrykte Ferring-dommen i 2001 (sak C-53/00) at slik kompensasjon ikkje var meldepliktig stønad.

EF-domstolen gav ei prinsipiell avklaring i den såkalla Altmark-saka (sak C-280/00). Domstolen sette fire vilkår for at tilskott til eit føretak som utfører ei teneste av allmenn interesse ikkje skal verte rekna som offentleg stønad:

  • Føretaket må vere pålagt ei teneste av allmenn økonomisk interesse og tenesta må vere klårt definert.
  • Kriteria for utrekning av kompensasjonen må vere fastlagde på førehand på ein objektiv og ikkje-diskriminerande måte.
  • Kompensasjonen må ikkje overstige utgiftene ved å utføre tenesta.
  • Storleiken på kompensasjonen må anten fastleggjast etter anbodsprosedyre eller på grunnlag av ein analyse av kostnadene hos eit veldrive føretak.

Tilskott som fylgjer desse fire vilkåra er ikkje omfatta av forbodet mot offentleg stønad og må ikkje notifiserast til ESA. Dersom eitt av vilkåra ikkje er oppfylt, må tilskottet i utgangspunktet notifiserast før det vert sett i verk.

Kommisjonsvedtaket gjer unntak frå notifikasjonsplikta for visse typar tilskott, sjølv om tilskottet må reknast å innebere offentleg stønad, fordi vilkåra i Altmark-dommen ikkje er oppfylde.

Samstundes med vedtaket om å innlemme Kommisjonsvedtak nr. 842/2005 i EØS-avtalen har EØS-komiteen vedteke at Kommisjonsdirektiv 2005/81 om endring i innsynsdirektivet skal innlemmast i EØS-avtalen. Føretak som er omfatta av vedtaket vil også vere omfatta av plikta til å føre separate rekneskapar. Finansdepartementet gjer framlegg om endring i forskrift til rekneskapslova for å gjennomføre endringa i innsynsdirektivet.

Innhaldet i Kommisjonsvedtak nr. 842/2005
Dette avsnittet tek sikte på å gi eit samandrag av reglane i kommisjonsvedtaket. Det omfattar tilskott til visse kategoriar av føretak som er tillagde oppgåva å utføre tenester av allmenn økonomisk interesse:

  1. Tilskott på mindre enn 30 mill. Euro per år som vert gitte til føretak med mindre gjennomsnittleg omsetjing før skatt enn 100 mill. Euro rekna over dei siste to rekneskapsåra.
  2. Tilskott til sjukehus og sosiale bustadføretak.
  3. Tilskott til kompensasjon for luft- eller sjøvegs transport til øyer med gjennomsnittleg færre enn 300.000 passasjerar årleg i dei siste to rekneskapsåra.
  4. Tilskott til lufthamner med gjennomsnittleg færre enn 1 mill. passasjerar årleg i dei siste to rekneskapsåra, og hamner med gjennomsnittleg færre enn 300.000 passasjerar årleg i dei siste to rekneskapsåra.

Det vert kravd at innhaldet i den tenesta som tilskottsmottakaren skal utføre må vere fastlagt i ei ”offisiell rettsakt”. Dette kan vere lov eller forskrift, konsesjon, avtale o.a. Det gjeld ingen formkrav, men det vert stilt krav til innhaldet i rettsakta. Fyrst og fremst må ein fastsetje innhaldet i tenesta, kor lenge plikta gjeld, kva for eit føretak som skal utføre tenesta og i kva for eit område tenesta skal utførast.

Kommisjonsvedtaket inneheld detaljerte regler for korleis tilskottet må utreknast for å hindre overkompensasjon. Vedtaket inneheld føresegn om korleis dei relevante kostnadene for å utføre tenesta skal utreknast. Det skal gjerast frådrag i tilskottet dersom tenesta samstundes gir inntekter. Tenesteutøvaren skal kunne få ein rimeleg profitt for si utføring av tenesta, men då skal det takast omsyn til risikoen som er forbunde med tenesta. Dersom føretaket utfører anna verksemd i tillegg til tenesta av allmenn økonomisk interesse, skal det førast separate rekneskapar for kostnadene og inntektene som skriv seg frå tenesta av allmenn økonomisk interesse.

Til sist inneheld vedtaket visse formelle krav. Styresmaktane skal ha oversyn over kva for tilskott som er gitte dei siste 10 åra, og det skal sendast rapportar kvart tredje år om tildelte tilskott.

Endring i Forskrift om gjennomføring av EØS-regler om unntak fra notifikasjonsplikt for enkelte former for offentlig støtte
Regelverket vert foreslått gjennomført i norsk rett gjennom ei tilvising i Forskrift om gjennomføring av EØS-regler om unntak fra notifikasjonsplikt for enkelte former for offentlig støtte. Føresegna er gitt i medhald av Lov om offentlig støtte. På denne måten vert talet på paragrafar i føresegna halde nede, samtidig som krava for å sleppe melding (notifikasjon) går fram av tilvisinga til Kommisjonsvedtaket.

Økonomiske og administrative konsekvensar
Forslaget har ikkje vore utgreidd med omsyn til økonomiske eller administrative konsekvensar. Kommisjonsvedtaket tek sikte på å forenkle reglane for tilskott til føretak som utfører teneste av allmenn økonomisk interesse, og forskriftsendringa gjennomfører EØS-rettslege pliktar i norsk rett.

Kommisjonsvedtaket inneber at færre tilskottsordningar må notifiserast til ESA og vil kunne setjast i verk raskare. Reglane vil medverke til at det vil verte lettare å føresjå mogleg ulovleg offentleg stønad og føre til mindre rettsleg uvisse knytt til stønaden. Samstundes vil tilskottsgjevaren måtte vurdere om vilkåra i regelverket er oppfylde.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Barne- og likestillingsdepartementet
Finansdepartementet
Fiskeri- og kystdepartementet
Forsvarsdepartementet
Helse- og omsorgsdepartementet
Justis- og politidepartementet
Kommunal- og regionaldepartementet
Kultur- og kirkedepartementet
Kunnskapsdepartementet
Landbruks- og matdepartementet
Miljøverndepartementet
Nærings- og handelsdepartementet
Olje- og energidepartementet
Samferdselsdepartementet
Utenriksdepartementet
Statsministerens kontor
Innovasjon Norge
Konkurransetilsynet
Kommunenes Sentralforbund
Næringslivets Hovedorganisasjon
Landsorganisasjonen i Norge
Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon

Arbeids- og inkluderingsdepartementet (30.06.06) – ingen merknader
Barne- og likestillingsdepartementet (27.06.06) – ingen merknader
Enova (29.06.06)
Finansdepartementet (27.06.06)
Fiskeri- og kystdepartementet (04.07.06) – ingen merknader
Forsvarsdepartementet (27.06.06) – ingen merknader
Helse- og omsorgsdepartementet (11.07.06) – ingen merknader
Innovasjon Norge (18.05.06) – ingen merknader
Justis- og politidepartementet (27.06.06) – ingen merknader
Kommunal- og regionaldepartementet (23.06.06) – ingen merknader
Konkurransetilsynet (20.06.05) – ingen merknader
Kultur- og kirkedepartementet (06.07.06) – ingen merknader
Kunnskapsdepartementet (19.07.06) – ingen merknader
Landbruks- og matdepartementet (18.05.06) – ingen merknader
Landsorganisasjonen i Norge (21.06.06) – ingen merknader
Næringslivets hovedorganisasjon (29.06.06) – ingen merknader
Olje- og energidepartementet (04.07.06)
Samferdselsdepartementet (29.06.06) – ingen merknader

Til toppen