Høringsbrev

Landbruks- og matdepartementet foreslår å endre Forskrift om seter og tilleggsjord m.m. i statsallmenning. Forslaga til endring er grunna i råd frå ei arbeidsgruppe nedsett av departementet i 2006, som hadde til oppgåve å vurdere rammene for utøvinga av bruksrettar i statsallmenningar, under dette fjellova si føresegn om at bruksrettane skal kunne nyttast i samsvar med rasjonell bruk og etter tida og tilhøva. Endringane skal gi større rom for næringsutvikling i statsallmenningane. Forskrifta med merknader blir no sendt til høyring. Høyringsfristen er sett til 1. november 2008.

Bakgrunn

Landbruks- og matdepartementet sender med dette på høyring utkast til endringar i forskrift om seter og tilleggsjord m.m. i statsallmenning av 22. juni 1984. 

Forskrifta blei sist endra i mars 2007, jf. tidlegare rundskriv M-3/2007, da det blei gjort enkelte endringar i omgrep, ein del språklege endringar og fleire viktige endringar i merknadene om praktiseringa av forskrifta. Dette femna m. a. lemping på kravet til mjølkeproduksjon på seter, at det skal kunne bli utvist seter der det ligg til rette for ein kombinasjon av jordbruksmessig og småskala turistmessig utnytting av setrene i statsallmenningane, og at det normalt bør bli gitt løyve til ombygging/ominnreiing av bygningar det ikkje lenger er behov for til seterformål, slik at desse kan tene hovudbruket på anna vis.

Forslaga til forskriftsendringar og endringar i praktiseringa av forskrifta no er for ein stor del ei oppfølging av ein rapport frå ei arbeidsgruppe nedsett av departementet 8. juni 2006. Arbeidsgruppa besto av medlemmer frå Fjellstyresambandet, Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Norske Reindriftsamers Landsforbund, Norsk allmenningsforbund, Statskog SF og Statens landbruksforvaltning. Departementet gav arbeidsgruppa i oppdrag å vurdere rammene for ­utøving av bruksrettar i statsallmenningar, under dette fjellova si føresegn om at bruksrettane skal kunne nyttast i samsvar med rasjonell bruk og etter tida og tilhøva. Arbeidsgruppa si innstilling er lagt ut på nettsida til Landbruks- og matdepartementet, sjå

http://www.regjeringen.no/nb/dep/lmd/aktuelt/nyheter/2006/Landbruk-Bruksrett-i-statsallmenninger.html?id=440003.

Fleirtalet i gruppa (alle unntatt Statskog SF) uttalte at ”allmenningsbruken ikke er bundet til de tradisjonelle bruksmåtene som det kan føres bevis for”, og at for eksempel utvising av tilleggsjord derfor må anerkjennast som ein bruksrett. Gruppa viste til følgjande bruksformer som no må aksepterast som ein del av bruksrettane (sitat):

  • utvisning av tilleggsjord til oppdyrking eller kultivering til beite og inngjerding 
  • oppføring av gjødselkum
  • oppføring av fellesfjøs
  • utnytting av vannkraft i liten skala til produksjon av strøm til dekning av dei bruksberettigede sitt jordbruksmessige behov 
  • oppføring av gjetarbu
  • matforedlingsmuligheter på seter
  • turisme/gardskule med seteropphald
  • natthamning.

Fleirtalet i gruppa ville generelt at det blir opna for at bruksrettane kan bli endra etter kvart som behov melder seg. Av gruppas fleirtal slutta representanten frå Statens landbruksforvaltning seg ikkje til at oppføring av fellesfjøs og utnytting av vasskraft er ein bruksrett.

Mindretalet i gruppa (Statskog SF) formulerte sin konklusjon slik (sitat):

  1. Det etableres rett til oppføring av nødvendig husvære, driftsbygninger og anlegg i forbindelse med beitebruk og naturlig tilgrensende virksomhet i statsallmenning.
  2. Administrasjon og utvisning av tilleggsjord vurderes overført til fjellstyrene.
  3. Det innføres bestemmelse om grunneiers adgang til å påklage fjellstyrenes manglende oppfølging av frifall/bortfall til Statens landbruksforvaltning.

Departementet sine vurderingar

Arbeidsgruppa arbeidde med sin rapport parallelt med at einskilde endringar i forskrifta var på høyring i 2006. Nokre av råda frå arbeidsgruppa blei følgde opp i samband med endringane i forskrifta i 2007.  Fleirtalet sine forslag knytt til omdisponering av seterhus med sikte på moglegheiter for foredling av mat på seter og omdisponering av seterhus til opplegg med turisme/gardskule med seteropphald blei såleis tatt inn ved endringa i forskrifta i mars 2007. Departementet sine vurderingar ut over dette og hovudtrekk i oppfølging av den nemnde rapporten  er omtala nedafor.

Gjetarbu, natthamning, utvising av areal til kultivering av beite og inngjerding m.m.
Departementet følgjer opp fleirtalsforslaga knytt til tilgang til oppføring av gjetarbu, areal til oppføring av gjødselkum, natthamning, og utvising av areal til kultivering av beite og inngjerding i høyringa, og knyt dette til bruksretten i statsallmenningane.  

Utvising av areal som berre skal nyttast til beite blir behandla av fjellstyret etter føresegnene om beite.  Inngjerding av beite for å førebyggje t. d. rovdyrskadar er etter departementet si vurdering ei form for grunndisponering som normalt vil krevje løyve frå m. a. Statskog som grunneigar. Statskog må leggje stor vekt på fjellstyret si tilråding og skal ikkje ta noka grunnavgift for slike løyve.  

Reglane føreset ut over dette at det som blir utvist blir teke i bruk. Departementet er kjend med at det i enkelte høve kan oppstå ein diskusjon om det tilviste er i bruk eller ikkje, jf. §§ 5 og 9. Departementet meiner det må vere opp til fjellstyret å vurdere dette og har ikkje laga detaljerte reglar på dette punktet.  

Tilleggsjord
Departementet gjer merksam på at det i denne høyringa er lagt til grunn at tilleggsjord er jord som blir nytta til produksjon av for som blir hausta og frakta bort frå arealet.  

Forslaget frå fleirtalet i arbeidsgruppa om at tilleggsjord er ein bruksrett føreset etter departementet si vurdering ei lovendring. Departementet sitt syn er at når ein eigar av eit bruk med allmenningsrett ønskjer å utvide sitt produksjonsareal kan det utvisast eit areal dersom dette ikkje reduserer beitearealet for dei andre med allmenningsrett. Ein slik eksklusiv rett til å disponere over eit avgrensa areal er historisk og juridisk sett ikkje ein bruksrett. Dette går etter departementet sitt syn fram av både lovtekstane og forarbeida til fjelloven. Departementet syner også til lovproposisjonen om allmenningslovene frå 1992 (Ot. prp. nr. 37 (1991-92) der det heilt utvitydig er sagt i kommentarane til den tilsvarande føresegna for bygdeallmenningar: 

”Som det fremgår av ordlyden i første og annet ledd er utvisning av dyrkingsjord og kulturbeite noe som ikke kan kreves i kraft av bruksrett i allmenningen, men som det kan søkes om og hvor de nærmere vilkår fastsettes i avtale.” 

Departementet er kjent med at fleire av organisasjonane som deltok i arbeidsgruppa ser på rett til tilleggsjord som ei viktig prinsippsak når det gjeld forståinga av bruksrett.  Spørsmålet om utvising av tilleggsjord er ein bruksrett eller ikkje speler likevel i praksis lita rolle. Statskog SF tar i dag ikkje betalt for utvising av tilleggsjord, med mindre utvisinga fører til tapt skogproduksjon, og er ope for alle spørsmål om dette dersom vedkommande allmenning har tilstrekkeleg med egna areal. Departementet legg til grunn at denne praksisen om ikkje å ta betalt for utvising blir ført vidare, og at dei som ønskjer å få utvist dyrkingsjord og kulturbeite til vanleg kan rekne med å få egna areal utvist.  I høyringsutkastet er det lagt opp til at det i framtida skal vere fjellstyret som utviser tilleggsjord.  Mynde blir med dette flytta frå Statskog til fjellstyret. Eit siktemål er å gi større rom for lokale vurderingar og skjøn, og sikre ein praksis som opnar for at tilleggsjord blir stilt til rådvelde for dei som er interesserte.  

Uavhengig av spørsmålet om bruksrett er det vidare kommunen som landbruksstyresmakt som skal godkjenne oppdyrking etter forskrift om nydyrking fastsett i medhald av jordlova.  

Vasskraft
Forslaget frå fleirtalet knytt til utnytting av vasskraft føreset etter departementet si vurdering også ei lovendring.  I fjellova av 1975, § 12, som omhandlar grunndisponeringstiltak, blei det eksplisitt teke inn at tiltak – under dette tiltak som gjeld vassdrag - berre kan skje når det ikkje medfører vesentleg skade for nokon som har bruksrett. Rettstilstanden er at utnytting av vasskrafta i ein statsallmenning er ein ressurs som staten som grunneigar rår over. Den enkelte med bruksrett har ikkje nokon eksklusiv rett til å utnytte vasskraft. Tilsvarande gjeld i bygdeallmenningane der vasskrafta blir forvalta av allmenningsstyret på vegne av alle dei som har bruksrett.  Departementet finn derfor ikkje å kunne legge til grunn at tiltak i vassdrag som til dømes kraftutbygging er ein bruksrett. 

Statskog SF har opplyst til departementet at det til no ikkje har vore nokon konkrete søknader om utnytting av vasskraft knytt til jordbruksdrift. Departementet legg likevel til grunn, som fleirtalet i arbeidsgruppa, at det i enkelte tilfelle kan vere rasjonelt at t.d. ei seter eller ei setergrend utnytter nærliggjande vassfall til produksjon av elektrisk kraft.  Føresetnaden må vere at utnytting av vassfallet ikkje er til skade eller ulempe for andre med bruksrett. Departementet meiner òg det er rimeleg at den som får løyve til utnytting av eit vassfall, og har inntekter eller klare fordelar av dette, skal betale ein konkret sum til grunneigaren. For mindre anlegg som berre skal forsyne ei seter med strøm skal Statskog ikkje ha vederlag.  Departementet følgjer opp dette i denne høyringa ved å utvide merknadene/retningslinene for praktisering av forskrifta.

Andre endringar

Departementet gjer elles merksam på at det er lagt opp til ei viss omdisponering av forskrifta. Dels er det teke inn nye føresegner i tråd med det som er omtalt ovafor og dels er forskrifta omdisponert med sikte på ein betre samling av føresegner som regulerer same tema, t. d. seter og tilleggsjord.   

Det er òg teke med ei føresegn om dispensasjon frå forskrifta.  Departementet legg til grunn at det bør vere opning for dispensasjon, men meiner samstundes at ei slik føresegn skal praktiserast strengt og innafor dei rammer fjellova set. 

Spørsmål om konsultasjon

Departementet viser til at det er etablert ei ordning med konsultasjon mellom statlege styresmakter og Sametinget. Dersom Sametinget eller særskilte samiske interesser som reindrifta ser behov for det vil departementet konsultere desse i tråd med gjeldande prosedyrar.   

Avslutning

Departementet ber om høyringsfråsegner innan 1. november 2008. 

Vi gjer merksam på at det er sjølve forskrifta som er til høyring. Forskrifta og departementet sine kommentarar om praktisering av forskrifta utgjer ein heilskap og bør sjåast i samanheng. Departementet tek såleis òg i mot synspunkt på retningslinene for praktisering slik dei går fram av høyringsdokumenta.  

Når det gjeld fjellstyra sine  høyringsfråsegner ber vi om at desse blir sende til Norges Fjellstyresamband, som vil bruke dei som grunnlag for si eiga høyringsfråsegn og oversende ei samla uttale til departementet. Dette er etter avtale mellom departementet og fjellstyresambandet. 

 

Med helsing

Pål Vidar Sollie (e.f.)
ekspedisjonssjef

                                                                                          Steinar Bø
                                                                                          avdelingsdirektør

 

Vedlegg:
Vedlegg 1:  Utkast til nytt rundskriv om Forskrift om seter og tilleggsjord m.m. i statsallmenning  (føresegner i forskrifta med departementet sine merknadar). 
Vedlegg 2: Utkast til ny forskrift om seter og tilleggsjord m. m. i statsallmenning (berre føresegnene i forskrifta).

Til toppen