Høyring - Endringar i jernbanelova og einskilde andre lover som følgje av jernbanereforma

Samferdselsdepartementet har sendt på høyring eit framlegg om endringar i jernbanelova og einskilde andre lovar som følgje av jernbanereforma. Høyringsfrist er 19. april 2016. Regjeringa la 10. juni 2016 fram ein lovproposisjon for Stortinget, med forslag til endringar i jernbanelova, pantelova, tinglysingslova og matrikkellova - sjå: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/prop.-143-l-20152016/id2503445/

Status: Ferdigbehandlet

Høringsfrist: 19.04.2016

Vår ref.: 16/564

Samferdselsdepartementet sender med dette på alminneleg høyring framlegg om endringar i jernbanelova og einskilde andre lovar som følgje av jernbanereforma, sjå vedlagte høyringsnotat.

Endringane er i følgje departementet naudsynte for å gjere det tydeleg at reforma ikkje skal føre med seg dårlegare tryggleik på jernbanen. Vidare går fleire av framlegga ut på å gjere det nye infrastrukturføretaket i stand til å utføre sine oppgåver på same måte som Jernbaneverket i dag, slik at reforma ikkje fører med seg auka administrative byrder.

I tillegg vert det gjort framlegg om ein heimel for det nye infrastrukturføretaket til å leggje ned private planovergangar når tryggleiksomsyn krevjer det, i tråd med gjeldande rettspraksis. Dette er etter departementets syn viktig for å hindre ulukkar ved planovergangar, og med reforma ville det vorte ein tyngre prosess for å gjere slike tiltak utan lovheimel som den framlagde.

Vi ber om at høyringssvar vert sendt elektronisk ved bruk av den digitale løysinga for høyringssvar (under "Send inn høringssvar").

Av omsyn til den vidare framdrifta med reforma set departementet høyringsfristen til tysdag 19. april.

Med helsing

Cecilie Taule Fjordbakk (e.f.) 

avdelingsdirektør

Erik Syvertsen
seniorrådgjevar

Arbeids- og sosialdepartementet
Barne- likestillings- og inkluderingsdepartementet
Finansdepartementet
Forsvarsdepartementet
Helse- og omsorgsdepartementet
Justis- og beredskapsdepartementet
Klima- og miljødepartementet
Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Kulturdepartementet
Kunnskapsdepartementet
Landbruks- og matdepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Olje- og energidepartementet
Statsministerens kontor
Utenriksdepartementet
Akershus fylkeskommune
Aust-Agder fylkeskommune
Buskerud fylkeskommune
Finnmark fylkeskommune
Hedmark fylkeskommune
Hordaland fylkeskommune
Møre og Romsdal fylkeskommune
Nordland fylkeskommune
Nord-Trøndelag fylkeskommune
Oppland fylkeskommune
Oslo kommune - Bymiljøetaten
Rogaland fylkeskommune
Sør-Trøndelag fylkeskommune
Telemark fylkeskommune
Troms fylkeskommune
Vest-Agder fylkeskommune
Vestfold fylkeskommune
Østfold fylkeskommune
Fylkesmannen i Aust-Agder
Fylkesmannen i Buskerud
Fylkesmannen i Finnmark
Fylkesmannen i Hedmark
Fylkesmannen i Hordaland
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Fylkesmannen i Nordland
Fylkesmannen i Nord-Trøndelag
Fylkesmannen i Oppland
Fylkesmannen i Oslo og Akershus
Fylkesmannen i Rogaland
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Fylkesmannen i Sør-Trøndelag
Fylkesmannen i Telemark
Fylkesmannen i Troms
Fylkesmannen i Vest-Agder
Fylkesmannen i Vestfold
Fylkesmannen i Østfold
KS
Riksadvokaten
Riksarkivet
Statens Kartverk
Norges Bondelag
Finans Norge
Statens jernbanetilsyn
Næringslivets Hovedorganisasjon
NHO Logistikk og Transport
NHO Transport
Transportbrukernes Fellesorganisasjon
Arbeidsgiverforeningen Spekter
Norsk Jernbaneforbund
Norsk lokomotivmannsforbund
Landsorganisasjonen i Norge
Grenland Rail AS
LKAB Malmtrafik AB
Hellik Teigen AS
LKAB Malmtrafikk AS
Oslo Havn KF
Sydvaranger malmtransport AS
Statens jernbanetilsyn
Konkurransetilsynet
Ruter AS
Bybanen AS
Jernbaneverket
Flytoget AS
NSB AS
NSB Gjøvikbanen AS
SJ AB
Boreal Transport Midt-Norge AS
Keolis Norge AS
Sporveien T-banen AS
Sporveien Trikken AS
CargoNet AS
CargoLink AS
Green Cargo AB
Hector Rail AB
LKAB Malmtrafik AB
Tågåkeriet i Bergslagen AB
Akerhusmuseet
Bergen elektriske sporvei
Stiftelsen Buskerudmuseene
Museene i Sør-Trøndelag AS
Norsk jernbaneklubb Gamle Vossebanen
Norsk jernbaneklubb Krøderbanen
Jernbaneverket Norsk Jernbanemuseum
Vest-Agder-museet IKS
Norsk industriarbeidermuseum
ABB Eiendom
Borregaard
Sogn og Fjordane fylkeskommune