Høyring - forslag til lovendringar for gjennomføring av avtale om overleveringsprosedyre mellom medlemsstatane i Den europeiske union og Island og Noreg (arrestordre) m.m.

Høyringsfrist: 01.04.2010

Status: Ferdigbehandlet

Høyringsfrist: 01.04.2010

Vår ref.: 200907981 ES BI

Høyring - forslag til lovendringar for gjennomføring av avtale om overleveringsprosedyre mellom medlemsstatane i Den europeiske union og Island og Noreg (arrestordre) m.m.  



Justisdepartementet sender med dette på høyring forslag til endringar i lov om nordisk arrestordre som skal gjennomføre avtale om overleveringsprosedyre mellom medlemsstatane i Den europeiske union og Island og Noreg (arrestordre). Høyringsnotatet inneheld også forslag om ei ny føresegn i straffeprosessloven kapittel 32 om fullføring av dom.

Avtalen og bakgrunnen for den er skildra i punkt 1, 3 og 4 i notatet. Ei oversikt over hovudpunkta i lovendringsforslaget finn ein i punkt 2. I punkt 15 har ein både tatt inn lovendringsforslaget med endringane viste i kursiv, og i tillegg har ein tatt med lovteksta slik ho vil sjå ut dersom dei endringane som er foreslått blir gjennomførte. Avtalen mellom Den europeiske union og Island og Noreg som ligg til grunn for forslaget, følgjer med som vedlegg.

Departementet ber om høyringsinstansane sitt syn på forslaga i høyringsnotatet. Høyringsfristen er 1. april 2010. Høyringsfråsegna sendast til Justisdepartementet, Lovavdelinga, postboks 8005 Dep, 0030 Oslo.

Departementet ber om at høyringsinstansane vurderer om høyrings¬brevet bør leggast fram for eventuelle underliggande instansar som ikkje er ført opp på lista over adressatar.

 
Høyringsbrevet og høyringsnotatet er publisert på www.regjeringen.no/nb/dep/jd/dok/hoeringer.html?id=1922.

 

Med helsing


Tonje Meinich
kst. avdelingsdirektør

Birgitte Istad
rådgjevar

Høyringsinstansar


Departementa

Høgsterett
Lagmannsrettane
Glåmdal tingrett
Bergen tingrett
Halden tingrett
Kristiansand tingrett
Nord-Troms tingrett
Nord-Østerdal tingrett
Ofoten tingrett
Oslo tingrett
Rana tingrett
Sis-Finnmárkku diggegoddi/Indre Finnmark tingrett
Trondheim tingrett

Domstoladministrasjonen
Riksadvokaten
Statsadvokatane
Politiets tryggingsteneste
Spesialeininga for politisaker
ØKOKRIM
Politidirektoratet
Regjeringsadvokaten

Sametinget

Stortingets ombodsmann for forvaltninga

Det kriminalitetsførebyggande råd (KRÅD)

Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen
Det juridiske fakultet, Universitetet i Oslo
Det juridiske fakultet, Universitetet i Tromsø
Norsk senter for menneskerettigheter (SMR)
Akademikerne
Amnesty International Norge
Den Norske Advokatforening
Den norske Dommerforening
Forsvarergruppen av 1977
Kompetanseutvalget for dommere
KROM – Norsk forening for kriminalreform
Landsorganisasjonen i Norge
NGO-forum for menneskerettigheter
Norges Juristforbund
Næringslivets Hovedorganisasjon
Politiets Fellesforbund
Politijuristene
Rettspolitisk forening
Statsadvokatenes forening
Straffedes organisasjon i Norge (SON)