Høyring - framlegg om endring av instruksen for Norsk Naturskadepool § 5

Høyringsfrist: 01.09.2010

Status: Ferdigbehandlet

Høyringsfrist: 01.09.2010

Vår ref.: 201006007 EP HEA/mk

Høyring – framlegg om endring av instruksen for Norsk Naturskadepool § 5

1. Innleiing
Justisdepartementet gjer i høyringsbrevet her framlegg om endringar i Instruks for Norsk Naturskadepool, som er fastsett ved forskrift 21. desember 1979 nr. 3420. Forslaget går ut på å endre dato for innmelding av skade i forskrifta § 5.

Ei liste over høyringsinstansane følgjer som vedlegg. Vi ber om at adressatane sjølve legg fram høyringsbrevet for underliggjande etatar og organ som saka kjem ved. Høyringsbrevet er tilgjengeleg på internett på adressa www.regjeringa.no/jd.

Høyringsfristen er 1. september 2010. Høyringsfråsegnene skal sendast til Justisdepartementet, Lovavdelinga, Postboks 8005 Dep, 0030 Oslo.

2. Nærmare om endringsforslaget
Det følgjer av lov 16. juni 1989 nr. 70 om naturskadeforsikring § 4 første ledd at alle skadeforsikringsselskap som erstattar naturskade etter § 1 i lova, skal vere medlemmar av ein felles skadepool. Med heimel i § 4 tredje ledd i lova er det fastsett forskrift om instruks for skadepoolen, jf. forskrift 21. desember 1979 nr. 3420 om instruks for Norsk Naturskadepool.

Etter § 5 i forskrifta skal alle naturskadar meldast til Norsk Naturskadepool. Skadane skal meldast seinast innan den 5. i næraste påfølgjande månad. Norsk Naturskadepool har i brev 23. april 2010 til Justisdepartementet teke til orde for ei endring av instruksen § 5 med sikte på å leggje til rette for eit nytt system for rapportering av skadar. Samstundes er det lagt opp til ei endring av meldingsrutinane. Kopi av brevet følgjer vedlagt. Grunngjevinga for forslaget går fram av brevet.

Norsk Naturskadepool har foreslått at instruksen § 5 første punktum skal lyde:

”Alle skader skal meldes NP hver måned, senest innen siste dag i måneden skaden inntraff.”

3. Økonomiske og administrative konsekvensar
Justisdepartementet legg til grunn at framlegget ikkje vil få nemndande økonomiske eller administrative konsekvensar for det offentlege. For Norsk Naturskadepool vil framlegget ha fleire positive administrative verknader, til dømes moderniserte rutinar ved innmelding av skadar, utbetalingar og uttak av rapportar og statistikk, jf. brevet frå Norsk Naturskadepool.

4. Framlegg til forskriftsendring

I

I forskrift 21. desember 1979 nr. 3420 om instruks for Norsk Naturskadepol skal § 5 første punktum lyde:

Alle skader skal meldes til NP hver måned, senest innen siste dag i måneden skaden inntraff.

II

Forskrifta gjeld frå…

Endringa gjeld berre skader som inntreffer etter iverksetjinga av forskrifta.

 

Med helsing


Tone Ofstad e.f.
avdelingsdirektør

                                                              Hans Kaiser
                                                              førstekonsulent

Adressater:

Finansdepartementet
Landbruks- og matdepartementet

Finanstilsynet
Statens Naturskadefond

Finansnæringens Fellesorganisasjon (FNO)

Til toppen