Høyring – endringar i inkassoforskriften – reduksjon av inkassosatsar

Status: Ferdigbehandlet

Høyringsfrist: 31.03.2009

Vår ref.: 200807634 EP TFJ/mk

Høyring – endringar i inkassoforskriften – reduksjon av inkassosatsar

Justisdepartementet sender med dette på høyring eit høyringsnotat med framlegg om å redusere maksimalsatsane i forskrift 14. juli 1989 nr. 562 til inkassoloven m.m. (inkassoforskriften) §§ 2-2 og 2-3. Det blir også gjort framlegg om at det skal ta lengre tid før ei inkassosak får status som tung sak etter inkassoforskriften § 2-3. Vidare inneheld høyringsnotatet ei drøfting av om kravshavarane bør dekkje delar av kostnadene ved utanrettsleg inkasso, som ein og gjerne høyrer adressatane sitt syn på.

Høyringsnotatet ligg ved. Vi ber adressatane vurderer om det er behov for å leggje notatet fram for underordna etatar og organ og dessutan foreiningar og organisasjonar på eige område som ikkje er førde opp på adressatlista. Høyringsbrevet og notatet er lagt ut på følgjande internettadresse: http://www.regjeringen.no/nb/dep/jd/dok/hoeringer

Departementet ber om svar innan 31. mars 2009. Høyringsfråsegnene skal sendast til Justisdepartementet, Lovavdelinga, Postboks 8005 Dep, 0030 Oslo. Dersom det let seg gjere, ber vi om at fråsegnene i tillegg blir sende som Word-filer til: tore.fjortoft@jd.dep.no.

Med helsing


Tone Ofstad e.f.
avdelingsdirektør


Tore Fjørtoft
lovrådgivar

Adressatar

Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Barne- og likestillingsdepartementet

Finansdepartementet

Nærings- og handelsdepartementet

 

Forbrukarombodet

Forbrukarrådet

Kredittilsynet

Noregs Bank

Regjeringsadvokaten

Statens innkrevjingssentral

Stortingets ombodsmann for forvaltninga

ØKOKRIM

 

Arbeidssøkerforbundet

Bankklagenemnda

Bedriftsforbundet

Debitorforeningen

Den Norske Advokatforening

Den norske Dommerforening

Den norske Revisorforening

Finansforbundet

Finansieringsselskapenes Forening

Finansnæringens Hovedorganisasjon

Gjeldsoffer-Alliansen

Handels- og Servicenæringens

Hovedorganisasjon

Inka Management AS

Inkassoklagenemnda

Intrum Justitia AS

Juridisk rådgivning for kvinner

Juss-Buss

Juss Hjelpa i Nord-Norge

KrediNor

KredittPartner AS

Landsorganisasjonen i Norge

Lindorff AS

Nordenfjeldske Creditreform AS

Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening

Norges Kreditorforbund

Norsk egeninkassoforening

Norske Inkassobyråers Forening

Norske Kredittopplysningsbyråers Forening

Næringslivets Hovedorganisasjon

PayEx

Regional støtte for behandling av gjeldsordningssaker

Sparebankforeningen i Norge