Høyring -framlegg om endringar i film-og videogramlova

På bakgrunn av høyringa har ein valt å ikkje gå vidare med forslaget.

Status: Ferdigbehandlet

Høyringsfrist: 11.03.2008

På bakgrunn av høyringa har ein valt å ikkje gå vidare med forslaget.

Vår ref.: 2008/00190 ME LAB:elt

Høyring - framlegg om endringar i film- og videogramlova

Kultur- og kyrkjedepartementet legg med dette fram utkast til endringar i lov av 15. mai 1987 nr. 21 om film og videogram. Høyringsnotatet er også lagt ut på Internett.

Departementet ber høyringsinstansane vurdere om notatet bør leggjast fram for ev. underliggjande organ. Organ og andre som ikkje er oppført på høyringslista kan også gi høyringsfråsegn.

Kultur- og kyrkjedepartementet ber om at eventuelle merknader er departementet i hende seinast 11. mars 2008.

Vi ber om at eventuelle høyringsfråsegner vert gitt både skriftleg og elektronisk til e-postadresse postmottak@kkd.dep.no.

Bakgrunn og gjeldande rett

Den såkalla følgjeregelen i film- og videogramlova § 5 andre ledd inneber at barn og unge som er inntil tre år yngre enn dei fastsette aldersgrensene, kan sjå filmar med aldersgrense på 7, 11 eller 15 år når dei er saman med føresette eller andre i føresettes stad. 18-årsgrensa er likevel absolutt.

Regelen inneber at foreldra innanfor dei grensene som er fastsette i film- og videogramlova § 5 har høve til å overprøve den aldersgrensa som er fastsett av Medietilsynet ut frå ei vurdering av kor mogent og robust det konkrete barnet er.

Følgjeregelen vart vurdert så seint som i 2006, jf Ot.prp. nr. 72 2005-2006. Bakgrunnen var et Dok.nr.8-forslag frå stortingsrepresentantane May Hansen og Magnar Lund Bergo som bad regjeringa mellom anna om å vurdere å fjerne følgjeregelen. 

Regjeringa gjekk i denne samanhengen inn for å oppretthalde følgjeregelen, med følgjande grunngiving:

·        Følgjeregelen er basert på at barn og unge utviklar seg forskjellig, og at det er foreldra som kjenner barnet best.

·        Følgjeregelen gir systemet ein fleksibilitet som mellom anna opnar for at barn og unge kan sjå filmar av pedagogisk, kulturell eller historisk art som er eigna til å gje viktige impulsar og lærdom, men som det ikkje er tilrådeleg at dei ser aleine.

·        Alle dei nordiske landa utanom Island praktiserer ein form for følgjeregel. Med unntak av Finland har dessutan foreldra i dei andre nordiske landa ein vidare rett til å overprøve aldersgrensene enn i Noreg.

·        Eit fleirtal av høyringsinstansane meinte følgjeregelen burde oppretthaldast slik den er i dag.

Stortinget slutta seg til framlegget.

Departementets framlegg

Når Medietilsynet meiner at ein film kan verke sterkt på barn/unge under den fastsette aldersgrensa, vil tilsynet i tillegg til å fastsette aldersgrense leggje til ei åtvaring. Dette er meint som ei ekstra orientering til dei foreldra som vil ta med seg yngre barn for å sjå filmen. Etter film- og videogramforskrifta § 5-1 skal tilsynet også gi ei tilråding om kva for aldersgrupper ”filmen etter sitt innhald er eigna for”.  

Regelen synast per i dag å vere at korkje kinoannonsar, filmomtaler i avisene eller plakatar/oppslag på kinoane opplyser om Medietilsynet sine åtvaringar eller vurderingar om kva for aldersgrupper filmen etter sitt innhald er eigna for. I praksis vil foreldre difor vere nøydde til å gå inn på Medietilsynet sine nettsider eller Filmweb.no for å finne ut om tilsynet har åtvara mot å ta med barn/unge under aldersgrensa på den aktuelle filmen.

Departementet vil kartleggje om dette er tilfredsstillande, både i eit forbrukarperspektiv og ut frå målet om å verne born og unge mot levande bilete som kan ”... påverke sinn eller rettsomgrep på ein skadeleg måte”, jf. film- og videogramlova § 5. Skal Medietilsynet sine åtvaringar ha nokon funksjon, er det ein føresetnad at dei er kjende av foreldre og føresette. Det er desse som i det konkrete tilfellet må ta standpunkt til om dei skal nytte seg av det høvet dei har etter følgjeregelen til å la sine barn få sjå filmar med ei høgare aldersgrense, og det er viktig at denne avgjera blir tatt på mest mogleg informert grunnlag.

Kultur- og kyrkjedepartementet ber også om synspunkt på eit forslag om at Medietilsynet, ved særskilte høve der dei meiner at ein film kan verke særleg skræmande for barn og unge under den aktuelle aldersgrensa, bør ha høve til å gjere unntak frå følgjeregelen. I slike høve vil aldersgrensa vere absolutt og foreldre eller andre føresette vil miste retten til å overprøve den aldersgrensa som er fastsett av Medietilsynet.

Der tilsynet har gjort unntak frå følgjeregelen vil den som står for framsyninga (normalt kinoen) ha eit sjølvstendig ansvar for å sørgje for at aldersgrensa vert overhaldt. Framsyning av filmar til barn/unge under aldersgrensa kan føre til at kommunen kan trekkje attende løyvet for framvisning. Forsettlege eller aktlause brot på lova kan også straffast med bøter eller fengsel opptil tre månader, jf lova § 13.

I tillegg gjer departementet framlegg om ein heimel for departementet til å gi reglar i forskrift om plikt til å opplyse om Medietilsynets vurderingar i samband med marknadsføringa av kinofilm. Dette bør gjerast for å sikre at tilsynets vedtak om aldersgrenser, tilrådingar og ev. åtvaringar blir gjort kjend for foreldre og føresette.

Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet legg til grunn at framlegget ikkje vil få økonomiske eller administrative konsekvensar, korkje for det offentlege eller for bransjen. Dette er i hovudsak tale om mindre endringar av innhaldet i aktivitetar som Medietilsynet og kinobransjen allereie utfører.   

Utkast til lovendring

§ 5 skal lyde:

§ 5. Aldersgrenser

Film og videogram som skal synast fram i næring, skal anten godkjennast for alle aldersgrupper, sju år og eldre, elleve år og eldre eller femten år og eldre.

Når dei er i lag med føresette eller andre i føresettes stad, kan

a)     barn frå fire år sjå film og videogram som er godkjende for aldersgruppa sju år og eldre, og

b)     barn frå åtte år sjå film og videogram som er godkjende for aldersgruppa elleve år og eldre, og

c)      ungdom frå tolv år sjå film og videogram som er godkjende for aldersgruppa femten år og eldre.

Medietilsynet kan i særlege høve gjere unntak frå reglane i dette leddet.

Ved aldersvurdering som nemnt i første leddet, skal Medietilsynet leggje avgjerande vekt på om filmen eller videogrammet kan påverke sinn eller rettsomgrep på ein skadeleg måte. Medietilsynet kan i tillegg uttale seg om ein film eller eit videogram høver for ei viss aldersgruppe.

Departementet kan i forskrift gjere unntak frå aldersgrensene for barn opp til eitt år og fastsetje krav om at det skal opplysast om Medietilsynets vurderingar etter denne paragrafen i samband med marknadsføringa av den aktuelle filmen.

 Med helsing 

 

 

Roy Kristiansen e.f. Lars Brustad
ekspedisjonssjef underdirektør

 

 

 

 

 

Barne- og likestillingsdepartementet

Barneombodet

Film & kino

Forbrukarombodet

Forbrukarrådet

Klagenemnda for film og videogram

Kommunal- og regionaldepartementet

KS

Medietilsynet

Norsk filmfond

Norsk filminstitutt

Norsk filmklubbforbund

Norsk kinoforbund

Norsk Videogramforening

Norske Filmbyråers Forening

Norske Kinosjefers Forbund

Norske Videohandleres Forbund

 

 

 

 

Til toppen