Høyring - Forskrift i medhald av den nye stiftingslova § 7 tredje ledd og § 61 bokstav h m.m.

Status: Ferdigbehandla

Høyringsfrist: 13.12.2004

Vår ref.: 200408343 SIA-K HB

Ny lov om stiftingar vart vedteken som lov 15. juni 2001 nr. 59. Lova fastset m.a. at det skal opprettast et sentralt stiftingstilsyn som overtek dei forvaltningsfunksjonane fylkesmennene har hatt overfor stiftingane. Stiftingstilsynet skal føre eit sentralt stiftingsregister som avløyser stiftingsregistera til fylkesmennene.

I høyringsnotatet vert det føreslege ei forskrift til lova. Det er føresett at lova skal ta til å gjelde 1. januar 2005, og forskrifta vil gjelde frå same dato. Før lova og forskriftsforslaga her kan ta til å gjelde, må Ot.prp. nr. 88 (2003-2004) Om lov om endringer i stiftelsesloven vere ferdigbehandla av Odels- og Lagtinget, og Stortinget må ha slutta seg til forslaget frå departementet.

Høyringsfristen er sett til 13. desember 2004.

 

Med helsing

 

Wenche L. Kverneland
avdelingsdirektør

 

Henning Brath
seniorrådgiver

1 Innleiing

I høyringsutkastet vert det føreslege ei forskrift til lov 15. juni 2001 om stiftelser (stiftelsesloven). Det er føresett at lova skal ta til å gjelde 1. januar 2005, og forskrifta vil gjelde frå same dato.

Den nye stiftingslova § 7 slår fast at eit sentralt stiftingstilsyn skal overta dei tilsynsfunksjonane fylkesmennene har hatt overfor stiftingane. Stiftingslova § 7 tredje ledd første punktum gjev Kongen fullmakt til å fastsetje forskrift om organisasjonsmåte og oppgåver for stiftingstilsynet og om registrering av stiftingar.

Av § 7 tredje ledd andre punktum går det fram at det kan krevjast gebyr for registrering av stiftingar i stiftingsregisteret. Av tredje ledd siste punktum går det vidare fram at Kongen kan gje forskrift om når gebyr kan krevjast, om storleiken og om innkrevjinga av gebyra. I Ot.prp. nr. 88 (2003-2004) Om lov om endring i stiftelsesloven føreslår departementet at det i tillegg til gebyr også kan krevjast ei årleg avgift av stiftingane, og at heimelen til dette vert teken inn i § 7 tredje ledd.

Høyringsnotatet her gjeld for det første utkastet til forskrifter i medhald av stiftingslova § 7 tredje ledd. I punkt 2 nedanfor er forslag til reglar om organisasjonsmåte og oppgåver for Stiftingstilsynet og om registrering av stiftingar omtala. Punkt 3 handlar om forslag til reglar om når gebyr og avgifter kan krevjast, kor store dei skal vere og korleis dei skal innkrevjast.

Stiftingslova 2001 vil gjelde nye stiftingar og stiftingar som alt er oppretta når lova tek til å gjelde. I § 61 er det gjeve overgangsreglar om stiftingar som alt er etablerte, og etter bokstav h i denne føresegna har Kongen heimel til å fastsetje forskrift med ytterlegare overgangsreglar. Bokstav c i føresegna set ein frist på to år med å melde etablerte stiftingar til det nye Stiftingstilsynet for registrering i Stiftingsregisteret. Punkt 4 i høyringsnotatet inneheld forslag til ei nærare regulering av enkelte praktiske spørsmål i samband med denne overgangsføresegna.

Forskriftsheimlane i § 7 tredje ledd og § 61 bokstav h er i lova lagde til Kongen. I høyringsnotatet her er det lagt til grunn at heimlane vil bli delegerte til Justisdepartementet.

2 Organisasjonsmåte og oppgåver for Stiftingstilsynet, registrering av stiftingar

2.1 Organiseringa av tilsynet med stiftingane

Den nye stiftingslova føreset som nemnt at det skal opprettast eit sentralt tilsyn med stiftingane som skal overta dei funksjonane fylkesmennene har hatt etter stiftingslova av 1980. Stiftingstilsynet må vere oppretta når den nye stiftingslova tek til å gjelde.

Regjeringa legg opp til at tilsynet med stiftingane skal inngå i det noverande Lotteritilsynet i Førde, med felles leiing og administrasjon, men som ei separat avdeling. Tilsynet vil heite Lotteri- og stiftingstilsynet. I forskriftsutkastet er det føreslege ei føresegn om at kompetansen til Stiftingstilsynet etter stiftingslova vert lagd til Lotteri- og stiftingstilsynet. Siktemålet er å styrkje forvaltnings- og tilsynsfunksjonane overfor det frivillige Noreg. Departementet meiner dessutan at løysinga vil vere kostnadseffektiv og gje faglege synergieffektar. Ressursane vil òg kunne utnyttast på ein fleksibel måte. Det skal utarbeidast rekneskapar som viser ressursbruken for tilsynet med stiftingane. Gebyr- og avgiftsplikta for stiftingane skal berre finansiere tilsynet med stiftingane. Lovansvaret for stiftingslova skal framleis liggje i Justisdepartementet, og Justisdepartementet vil inntil vidare vere overordna forvaltningsorgan etter forvaltningslova. Sjå elles omtale under kap. 305 Lotteri- og stiftelsestilsynet i St.prp. nr. 1 (2004-2005) og kapittel 4 nedanfor.

2.2 Oppgåver for Stiftingstilsynet

Etter den nye stiftingslova vert det ikkje lenger skilt mellom private og offentleg stadfesta stiftingar. Alle stiftingar vil difor etter den nye lova vere underlagde det same tilsynet, men med nokre særreglar for næringsdrivande stiftingar.

Stiftingstilsynet får dei hovudoppgåver som går fram av stiftingslova § 7 første ledd. Føresegna lyder:

§ 7. Stiftelsestilsynet

Stiftelsestilsynet fører tilsyn med stiftelser. Stiftelsestilsynets oppgaver er:

a) å føre et stiftelsesregister der alle stiftelser skal være registrert, jf. § 8,

b) å føre tilsyn og kontroll med at forvaltningen av stiftelsene skjer i samsvar med stiftelsens vedtekter og denne lov,

c) å treffe vedtak med hjemmel i denne lov.

Departementet kan førebels ikkje sjå at det trengst ytterlegare reglar om verksemda i Stiftingstilsynet. Retningslinjer innanfor rammene av lova og forskrifta kan eventuelt utarbeidast dersom det viser seg å vere behov for det.

2.3 Registrering av stiftingar

Den nye stiftingslova inneber at stiftingsregistera til fylkesmennene vert avløyste av det sentrale stiftingsregisteret under Stiftingstilsynet. Kva for opplysningar Stiftingsregisteret skal innehalde, går fram av stiftingslova § 8, som også inneber at slike opplysningar må gå fram av registermeldinga. Stiftingslova § 12 har reglar om vedlegg til registreringsmeldinga. Desse reglane gjeld både vanlege og næringsdrivande stiftingar. For næringsdrivande stiftingar gjeld i tillegg reglane i stiftingslova § 13.

Stiftingsregisteret vil ha status som tilknytt register til Einingsregisteret. Alle stiftingar skal registrerast både i Einingsregisteret og i Stiftingsregisteret. I tillegg skal næringsdrivande stiftingar registrerast i Føretaksregisteret. Dette vidarefører ordninga for stiftingsregistera hos fylkesmennene etter stiftingslova av 1980. I Ot.prp. nr. 15 (2001-2002) Om lov om stiftelser (stiftelsesloven) kap. 12.4 vart det understreka som viktig å betre samordninga registera imellom. Det er svært viktig at felles opplysningar som skal gå fram av registera, ikkje skil seg frå kvarandre. Dette føreset rutinar som syter for at opplysningar som vert registrerte i eitt register, også vert fanga opp og registrerte på same måten i andre register. Vidare krev det at vedtak som er gjorde for eitt register, også får verknad for andre register.

Einingsregisteret tildeler alle juridiske einingar eit organisasjonsnummer. Organisasjonsnummeret som ein eintydig identifikator er ein nødvendig føresetnad for eit godt samspel (samordning og gjenbruk) av data mellom offentlege etatar og for enkle og effektive metodar for elektronisk utveksling av informasjon mellom einingane og det offentlege.

Einingsregisterlova § 1 lyder:

§ 1. Formål.

Denne lov skal fremme effektiv utnyttelse og samordning av offentlige opplysninger om juridiske personer, enkeltpersonforetak og andre registreringsenheter gjennom regler for oppretting, organisering og drift av et landsdekkende enhetsregister.

Enhetsregisteret skal entydig identifisere registreringsenhetene ved tildeling og registrering av organisasjonsnummer. Alle tilknyttede registre skal bidra til å redusere oppgaveplikten for næringslivet ved å benytte organisasjonsnummer og opplysninger fra Enhetsregisteret.

I Ot.prp. nr. 80 (2003-2004) Om lov om endringer i lov 13. juni 1994 nr 15 om Enhetsregisteret, lov 21. juni 1985 nr 78 om registrering av foretak, og i visse andre lover, har Nærings- og handelsdepartementet m.a. føreslege at det vert lagt betre til rette for at Einingsregisteret og Føretaksregisteret kan fylle oppgåvene som samordnar og tilretteleggjar for brukarane, dvs både private, næringslivet og det offentlege. Proposisjonen er enno ikkje ferdigbehandla av Stortinget. Ved den nærare utarbeidinga av registreringsrutinane Stiftingsregisteret, Einingsregisteret og Føretaksregisteret imellom må ein sjølvsagt byggje på dei føringane som er fastsette i proposisjonen og ved behandlinga av denne. Sjølv om registreringsreglane følgjer direkte av stiftingslova, einingsregisterlova og føretaksregisterlova, kan det vere naturleg å fastsetje enkelte føresegner om registreringa også i forskrifta her av omsyn til brukarane. Meir detaljerte rutinar og oppgåvefordelingar mellom Einingsregisteret og tilknytte register har det derimot ikkje vore vanleg å fastsetje i forskrifter som dette. Departementet føreslår likevel at det vert lagt ein kompetanseregel i forskrifta til Einingsregisteret og Stiftingstilsynet til å fastsetje nærare reglar om dette i fellesskap.

3 Gebyr for førstegongsregistrering og årleg avgift

Stiftingslova § 7 tredje ledd andre punktum slår fast at det kan krevjast gebyr for registrering av stiftingar i Stiftingsregisteret. Regjeringa har gått inn for at stiftingane sjølve skal fullfinansiere kostnadene med verksemda i Stiftingstilsynet.

I Ot.prp. nr. 88 (2002-2004) Om lov om endring i lov 15. juni 2001 nr. 59 om stiftelser (stiftelsesloven) føreslo departementet m.a. at stiftingane som supplement til gebyr også kunne ileggjast ei årleg avgift. Bakgrunnen for lovforslaget er at gebyr for førstegongsregistreringar som einaste finansieringsgrunnlag ville føre til svært høge gebyr. Ved å supplere registreringsgebyra med ei årleg avgift vil belastningane på stiftingane bli meir spreidde og ikkje gå ut over stiftingane si evne til å realisere sine formål. Ein viser her til kapittel 3 i proposisjonen. Departementet føreslo på denne bakgrunn følgjande endring i stiftingslova § 7 tredje ledd:

Kongen kan gi forskrift om Stiftelsestilsynets organisasjon og virksomhet og om registrering av stiftelser. Det kan kreves gebyr for registrerting av stiftelser i Stiftelsesregisteret og stiftelsene kan ilegges en årlig avgift. Kongen kan gi forskrift om når gebyr og avgift skal kreves, om størrelsen og om innkrevingen av disse.

Proposisjonen er enno ikkje ferdigbehandla i Odels- og Lagtinget. Forskriftsforslaga her føreset difor at Stortinget sluttar seg til forslaget frå departementet. I proposisjonen kapittel 3 presenterte departementet to ulike finansieringsmodellar, og la til grunn at modellen som var nemnd i kapittel 3.2 var den beste. Departementet føreslår at denne modellen vert teken inn i forskrifta.

I proposisjonen la departementet til grunn at grunnkapitalen inntil vidare kunne nyttast som utrekningsgrunnlag for klasseinndeling av gebyret og for storleiken på avgifta som var skissert i proposisjonen. Grunnkapitalen går fram av vedtektene til stiftinga, og er såleis ein samla storleik som er enkel å registrere og lett tilgjengeleg for stiftingsstyresmaktene.

Som det vart påpeika i proposisjonen, kan det likevel reisast innvendingar mot å bruke grunnkapitalen som utrekningsgrunnlag. Grunnkapitalen er i utgangspunktet nominell, og gjev difor ikkje nødvendigvis eit rett bilete av den økonomiske evna til stiftinga.

Frå og med rekneskapsåret 1997 har alle stiftingar hatt alminneleg rekneskapsplikt, jf lov 7 april 1995 nr 14, og eigenkapitalen og forvaltningskapitalen til stiftingane skal difor gå fram av rekneskapane. Frå og med rekneskapsåret 2000 har stiftingane hatt plikt til å sende rekneskapane til Rekneskapsregisteret. Sjølv om eigenkapitalen og forvaltningskapitalen ikkje står registrert i Stiftingsregisteret, er det difor mogeleg å finne tala ved å innhente opplysningar frå Rekneskapsregisteret.

Både eigenkapitalen og forvaltningskapitalen vil kunne gje eit betre bilete av den reelle kapitalsituasjonen til stiftingane enn grunnkapitalen. Slik departementet ser det, er det eigenkapitalen som truleg gjev det rettaste biletet av den økonomiske bereevna til ei stifting. Ved bruk av tenlege elektroniske verktøy går departementet ut frå at Stiftingstilsynet vil kunne innhente opplysningar frå Rekneskapsregisteret på ein effektiv måte. Departementet vil gjerne vite kva høyringsinstansane meiner om val av utrekningsgrunnlag før det vert teke endeleg stilling til spørsmålet. I forskriftsutkastet er det difor lagt opp til to alternative løysingar der høvesvis grunnkapitalen og eigenkapitalen vert lagd til grunn for klasseinndelinga. Departementet ber særleg om at høyringsinstansane uttalar seg om kva for ein av desse som bør leggjast til grunn.

Departementet har i proposisjonen lagt til grunn for utrekningsmodellen at stiftingar som alt er registrerte i stiftingsregistera til fylkesmennene, ikkje skal betale registreringsgebyr ved overgang til Stiftingsregisteret.

Av stiftingslova § 61 bokstav c går det fram at stiftingar som er oppretta før lova tok til å gjelde, skal vere melde til Stiftingstilsynet i samsvar med § 11 første ledd seinast to år etter at lova tek til å gjelde. § 12 første ledd bokstav a og b gjeld tilsvarande. Den årlege avgifta vil først bli utløyst når stiftinga er meld til Stiftingstilsynet. Sjå elles punkt 4 med forslag til overgangsreglar i medhald av stiftingslova § 61 bokstav h om overgangen frå registrering i stiftingsregisteret hos fylkesmannen til den nye sentrale stiftingsregisteret etter § 61 bokstav c.

4 Overgangen frå stiftingsregisteret hos fylkesmannen til det sentrale stiftingsregisteret etter stiftingslova § 61 bokstav c – nærare overgangsreglar

Stiftingslova av 1980 fastset at stiftingane skal registrerast hos fylkesmannen i fylket der stiftinga er oppretta. Fylkesmannen har òg det forvaltningsmessige tilsynet med stiftingane. Den nye stiftingslova legg tilsynsfunksjonen til Stiftingstilsynet, og stiftingane skal registrerast i Stiftingsregisteret, som skal førast av Stiftingstilsynet.

Stiftingslova 2001 vil ha verknad både for nye stiftingar og for stiftingar som alt er etablerte når lova tek til å gjelde. For stiftingar som alt er etablerte, gjev lova overgangsreglar i § 61. I § 61 bokstav h får Kongen dessutan heimel til å fastsetje nærare overgangsreglar.

§ 61 bokstav c gjeld overgangen frå stiftingsregisteret hos fylkesmannen til det nye sentrale stiftingsregisteret. Føresegna lyder:

c) Stiftelser som er opprettet før loven trer i kraft skal senest inne to år etter ikrafttredelsen være meldt til Stiftelsestilsynet i samsvar med § 11 første ledd. § 12 første ledd bokstavene a og b gjelder tilsvarende.

Sjølv om stiftinga i ein overgangsperiode etter at lova tek til å gjelde, ikkje er registrert i Stiftingsregisteret, vil det vere Stiftingstilsynet som er kompetent som tilsynsorgan og som har kompetanse til å treffe slike vedtak om stiftinga som den nye lova krev. Den nye lova har ikkje reglar om fylkesmannen, og fylkesmennene har ikkje lenger tilsynskompetanse etter at den nye lova tek til å gjelde. Dette inneber at tilsynsfunksjonen i ein periode vil liggje hos eit anna organ (Stiftingstilsynet) enn organet der stiftinga er registrert (fylkesmannen).

Fleire av dei vedtaka Stiftingstilsynet vil ha kompetanse til å gjere etter den nye lova, har samanheng med opplysningar som er registrerte eller skal registrerast om stiftinga. Som eksempel kan nemnast § 27 femte ledd, som fastset at Stiftingstilsynet ved enkeltvedtak kan gjere unnatak frå føresegnene i andre til fjerde ledd om krav til styresamansetjing, og kapittel 6 om omdanning. Reint praktisk er det difor å føretrekkje at kompetansen til å treffe ulike vedtak etter lova ligg hos same organ som har ansvar for registreringa av stiftingane. Dette er òg føresett i førearbeida til den nye lova, jf Ot.prp. nr. 15 (2000-2001) s. 66, der det heiter:

Departementet er enig med utvalget i at Stiftelsestilsynet også bør ha oppgaven som registreringsmyndighet. Det er vanskelig å tenke seg at de vedtak som må treffes i forbindelse med registrertingen av stiftelser i Stiftelsesregisteret, skal treffes av et annet organ enn det organ som fører tilsyn med stiftelser og treffer vedtak med hjemmel i loven ellers.

Departementet finn at det vil vere praktisk om stiftingane, i alle fall når dei sjølve oppmodar Stiftingstilsynet om å gjere vedtak etter lova, samtidig får ei plikt til å melde stiftinga til Stiftingsregisteret. På den måten unngår ein at Stiftingstilsynet må gjere vedtak om ei stifting som er registrert hos fylkesmannen og ikkje hos Stiftingstilsynet sjølv, og det vert lagt til rette for at Stiftingstilsynet kan samordne vedtaket og dei opplysningane som skal registrerast om stiftinga. Tilsvarande vil det vere praktisk med ei slik meldeplikt til Stiftingsregisteret ved meldingar om auking og nedsetjing av grunnkapitalen etter §§ 16 og 17, som inneber nye rutinar for tilsynsmakta og som det difor er praktisk at Stiftingstilsynet handterer.

Departementet føreslår ei føresegn om meldeplikt til Stiftingsregisteret i forskriftsutkastet § 5 tredje ledd. Føresegna inneber at meldeplikta gjer seg gjeldande tidlegare enn det som følgjer av toårsfristen etter § 61 bokstav c i lova i tilfelle der det er føresett at Stiftingstilsynet skal gjere vedtak eller får andre oppgåver som følgje av ei oppmoding frå stiftinga. Føresegna vil ha heimel i stiftingslova § 61 bokstav h. Departementet føreslår ikkje noka tilsvarande plikt til å melde stiftinga til Stiftingsregisteret i tilfelle der Stiftingstilsynet gjer vedtak om ei stifting av eige tiltak, til dømes etter § 29 eller § 43. Stiftingstilsynet vil truleg gjere langt færre slike vedtak, og det er dermed ikkje det same praktiske behovet for samordning mellom vedtaket og registreringa. Ein slik regel kan dessutan oppfattast som mindre rimeleg i høve til prinsippet som er slått fast i § 61 bokstav c i lova om ein overgangsfrist på to år for å melde stiftinga til Stiftingsregisteret.

Justisdepartementet ser òg behovet for ei nærare regulering av overgangen frå registrering hos fylkesmannen til registrering i Stiftingsregisteret. Sidan fylkesmennene sine oppgåver etter stiftingslova 1980 fell bort når den nye stiftingslova tek til å gjelde, kan det vere behov for å slå fast at så lenge ei stifting i medhald av overgangsregelen i § 61 bokstav c ikkje er meld til Stiftingsregisteret, skal fylkesmannen framleis ha stiftinga registrert hos seg etter reglane i stiftingslova 1980. Departementet ser vidare behov for ei føresegn om at endringar i registrerte opplysningar om ei stifting som førebels ikkje er meld til Stiftingsregisteret, må meldast til fylkesmannen. Opplysningar om endringar i styresamansetjing bør for ei slik stifting meldast til fylkesmannen og ikkje til Stiftingsregisteret. Formålet er å sikre at stiftingane til kvar tid er registrerte med fullstendige opplysningar enten hos fylkesmannen (i samsvar med 1980-lova) eller i det nye Stiftingsregisteret (2001-lova). Departementet føreslår vidare ei føresegn om at fylkesmannen skal gje Stiftingstilsynet dei opplysningar som er nødvendige for at det skal kunne utføre sine oppgåver etter lova. Dei nemnde føresegnene er tekne inn i forskriftsutkastet § 5 første og andre sedd.

5 Økonomiske og administrative konsekvensar

Den organisatoriske løysinga Lotteritilsynet og Stiftingstilsynet imellom er omtala i kapittel 2. Sjå elles St.prp. nr. 1 (2004-2005) under Kultur- og kyrkjedepartementets omtale i kap. 305 Lotteri- og stiftelsestilsynet, der det heiter:

Det nye Lotteri- og stiftelsestilsynet finansieres gjennom en felles driftspost på KKDs kapittel 305, Lotteri- og stiftelsestilsynet. På grunn av at inntektsgrunnlaget til lotteri- og stiftelsessiden er såpass forskjellig er det naturlig å dele opp i to inntektsposter. Den foreløpige inntektsrammen for stiftelsene for 2005 foreslås fastsatt til 2 mill. kroner, og forutsetter Stortingets vedtakelse av forslag i Ot.prp.nr. 88 (2003-2004) Om lov om endringer i lov 15. juni 2001 nr 59 om stiftelser (stiftelsesloven).

Inntektsposten på stiftelsessiden gjelder årsavgift og registreringsgebyr i tilknytning til opprettelsen av et stiftelsesregister. Inntektene skal dekke kostnader ved opprettelse og drift av Lotteri- og stiftelsestilsynets virksomhet etter stiftelsesloven.

Når inntektsramma er sett til 2 mill. kroner, skuldast det toårsfristen som er nemnd i stiftingslova § 61.

6 Merknader til dei ulike paragrafane

Til § 1

Føresegna viser i første punktum til hovudoppgåvene for Stiftingstilsynet slik dei går fram av stiftingslova § 7 første ledd. Ein føreslår at føresegna vert teken inn i forskrifta for å gjere denne meir brukarvennleg. Andre punktum i føresegna er ein konsekvens av den organisatoriske løysinga Lotteritilsynet og Stiftingstilsynet imellom, som er omtala i punkt 2 over.

Til § 2

Første ledd i føresegna gjev att regelen i stiftingslova § 8 første ledd første punktum. Vidare vert det avklara at Stiftingsregisteret får status som tilknytt register til Einingsregisteret og at næringsdrivande stiftingar også skal registrerast i Føretaksregisteret. Sjølv om reglane her følgjer av einingsregisterlova og føretaksregisterlova, vil ei føresegn om dette i forskrift gjere reglane meir tilgjengelege for brukarane.

Kompetanse til å gje detaljerte reglar og rutineomtalar vil det derimot etter departementet si oppfatning vere best å overlate til Stiftingstilsynet, Einingsregisteret og Føretaksregisteret å utarbeide i tråd med prinsippa i Ot.prp. nr. 80 og på bakgrunn av registererfaring. Det er oppretta ei prosjektgruppe som arbeider med utviklinga av Stiftingsregisteret, der også Einingsregisteret er representert. Gruppa skal m.a. ta stilling til korleis rutineomtalar og kontrollansvarsmodellar bør vere.

Til § 3

Føresegna byggjer i utgangspunktet på finansieringsmodellen som det er gjort nærare greie for i Ot.prp. nr. 88 (2003-2004) kapittel 3.2 og i kapittel 3 over. Som nemnt i kapittel 3 er det laga to alternative utkast til føresegna der høvesvis grunnkapitalen og eigenkapitalen vert lagd til grunn som utrekningsgrunnlag.

Departementet finn ikkje grunn til å ta inn tilsvarande føresegner om innbetaling og fristar som dei som er føreslegne for avgifter i forskrifta § 4 andre og tredje ledd. Føresegna gjev likevel Stiftingstilsynet kompetanse til å fastsetje nærare reglar om innbetalinga dersom det viser seg å vere behov for det.

Til § 4

Føresegna her byggjer på den same alternative finansieringsmodellen som er nemnd i merknadene til § 3 over. Reglane i andre og tredje ledd er vanlege forfalls- og innbetalingsføresegner for slike avgifter, jf m.a. forskrift 4. juli 1986 nr. 1433 om årsavgift for motorvogner § 2.

Ein regel som gjev gebyra og avgiftene tvangsgrunnlag for utlegg, er føreslegen i Ot.prp. nr 88 (2003-2004) som nytt fjerde ledd i stiftingslova § 7. Under inndrivinga av kravet vil skyldnaren kunne gjere dei same motsegner gjeldande som under ei eventuell rettssak om kravet, jf tvangsfullbyrdingslova § 4-2 tredje ledd. Det er ikkje vanleg å regulere tilhøvet mellom Statens innkrevjingssentral og gebyr- og avgiftsstyresmaktene ut over dette i forskrift. Nærare prosedyrar Statens innkrevjingssentral og Lotteri- og stiftingstilsynet imellom vil bli fastsette av departementet.

Av føresegna femte ledd går det fram at Stiftingstilsynet kan fastsetje nærare reglar om innbetalinga. Sjette ledd viser til føresegnene i morarentelova. Departementet finn ikkje grunn til å fråvike dei vanlege satsane i morarentelova.

Til § 5

Bakgrunnen for føresegna går fram av punkt 4. Føresegna knyter seg til overgangsregelen i § 61 bokstav c i lova, og vil ha heimel i bokstav h i same paragraf.

Første ledd har nokre reglar om perioden frå lova tek til å gjelde til ei stifting er meld til Stiftingsregisteret etter § 61 bokstav c i lova. Bokstav a presiserer at fylkesmannen skal vidareføre si registrering av opplysningar om stiftinga fram til registreringa er overteken av Stiftingsregisteret. Bokstav b vidarefører plikta til å melde endringar i registrerte opplysningar etter stiftingslova 1980 § 19 så lenge stiftinga ikkje er meld til det nye registeret. Når stiftinga er meld til Stiftingsregisteret, vil meldeplikta følgje av reglane i den nye lova.

Andre ledd pålegg fylkesmannen å gje Stiftingstilsynet opplysningar om stiftinga når dette er nødvendig for at tilsynet skal kunne utføre sin oppgåver etter stiftingslova. Opplysningsplikta er ikkje avgrensa til registrerte opplysningar etter stiftingslova 1980 § 19.

Tredje ledd inneber at ei stifting må meldast til Stiftingstilsynet tidlegare enn den toårsfristen som følgjer av § 61 bokstav c i lova dersom stiftinga søkjer Stiftingstilsynet om å gjere vedtak etter lova. Dersom ei stifting til dømes søkjer Stiftingstilsynet om å gjere vedtak om omdanning etter § 48 første ledd, jf § 50, kan stiftinga ikkje på same tid halde fram med å vere registrert hos fylkesmannen, men må i same samanheng meldast til Stiftingsregisteret. Det same gjeld ved melding om auking eller nedsetjing av grunnkapitalen.

Til § 6

Iverksetjinga føreset at Odels- og Lagtinget har behandla Ot.prp. nr 88 (2003-2004) og sluttar seg til forslaga.

Forslag til forskrift om stiftingslova

Fastsett av Justisdepartementet … med heimel i lov 15. juni 2001 nr. 59 om stiftelser § 7 tredje ledd og § 61 bokstav h…, jf kgl. res. …

§ 1 Stiftingstilsynet

Stiftingstilsynet har dei oppgåver som følgjer av stiftingslova § 7. Lotteri- og stiftingstilsynet utøver den kompetansen Stiftingstilsynet har etter lova.

§ 2 Registrering av stiftingar

Alle stiftingar skal registrerast i Stiftingsregisteret i samsvar med reglane i stiftingslova. Stiftingsregisteret er tilknytt register til Einingsregisteret, jf einingsregisterlova § 2 første ledd bokstav b nr. 3. Alle stiftingar skal òg registrerast i Einingsregisteret i samsvar med reglane i einingsregisterlova.

Næringsdrivande stiftingar skal i tillegg registrerast i Føretaksregisteret, jf føretaksregisterlova § 2-1 første ledd nr. 4, i samsvar med reglane i føretaksregisterlova.

Nærare reglar om samordning av registreringa og kontrollen av opplysningar registera imellom vert å fastsetje i fellesskap av Stiftingstilsynet, Einingsregisteret og Føretaksregisteret.

§ 3 Gebyr ved registrering (alternativ 1)

Gebyr etter føresegna her tilkjem staten ved Stiftingstilsynet.

For første gongs registrering i Stiftingsregisteret skal det betalast gebyr. Gebyret skal betalast etterskotsvis. Nærare reglar om innbetalinga kan fastsetjast av Stiftingstilsynet.

Gebyret vert fastsett slik:

a) Stiftingar som på registreringstidspunktet har ein grunnkapital frå kr 100.000 til kr 199.999, skal betale kr 750 i gebyr.

b) Stiftingar som på registreringstidspunktet har ein grunnkapital frå kr 200.000 til kr 499.999, skal betale kr 1.200 i gebyr.

c) Stiftingar som på registreringstidspunktet har ein grunnkapital frå kr 500.000 til kr 999.999, skal betale kr 2.000 i gebyr.

d) Stiftingar som på registreringstidspunktet har ein grunnkapital på kr 1.000.000 eller meir, skal betale kr 3.500 i gebyr.

Næringsdrivande stiftingar som skal betale gebyr til Føretaksregisteret i medhald av føretaskregisterlova § 4-1 tredje ledd, er fritekne for gebyr. Det same gjeld stiftingar som var registrerte i stiftingsregistera hos fylkesmennene før lova tok til å gjelde.

§ 3 Gebyr ved registrering (alternativ 2)

Gebyr etter føresegna her tilkjem staten ved Stiftingstilsynet.

For første gongs registrering i Stiftingsregisteret skal det betalast gebyr. Gebyret skal betalast etterskotsvis. Nærare reglar om innbetalinga kan fastsetjast av Stiftingstilsynet.

Gebyret vert fastsett slik:

a) Stiftingar som på registreringstidspunktet har ein eigenkapital frå kr 100.000 til kr 199.999, skal betale kr 750 i gebyr.

b) Stiftingar som på registreringstidspunktet har ein eigenkapital frå kr 200.000 til kr 499.999, skal betale kr 1.200 i gebyr.

c) Stiftingar som på registreringstidspunktet har ein eigenkapital frå kr 500.000 til kr 999.999, skal betale kr 2.000 i gebyr.

d) Stiftingar som på registreringstidspunktet har ein eigenkapital på kr 1.000.000 eller meir, skal betale kr 3.500 i gebyr.

Næringsdrivande stiftingar som skal betale gebyr til Føretaksregisteret i medhald av føretaskregisterlova § 4-1 tredje ledd, er fritekne for gebyr. Det same gjeld stiftingar som var registrerte i stiftingsregistera hos fylkesmennene før lova tok til å gjelde.

§ 4 Årleg avgift (alternativ 1)

Avgifter etter føresegna her tilkjem staten ved Stiftingstilsynet.

Alle stiftingar som pr. 1. januar er registrerte i Stiftingsregisteret, skal betale ei årleg avgift til Stiftingstilsynet. Dette gjeld likevel ikkje stiftingar som på tidspunktet for avgiftsutrekninga har ein grunnkapital på under kr 100.000.

Avgifta vert fastsett slik:

a) Stiftingar som på tidspunktet for avgiftsutrekninga har ein grunnkapital frå kr 100.000 til kr 199.999, skal betale kr 500 i årleg avgift.

b) Stiftingar som på tidspunktet for avgiftsutrekninga har ein grunnkapital frå kr 200.000 til kr 499.999, skal betale kr 750 i årleg avgift.

c) Stiftingar som på tidspunktet for avgiftsutrekninga har ein grunnkapital frå kr 500.000 til kr 999.999, skal betale kr 1.250 i årleg avgift.

d) Stiftingar som på tidspunktet for avgiftsutrekninga har ein grunnkapital på kr 1.000.000 eller meir, skal betale kr 3.500 i årleg avgift.

Avgifta skal vere betalt seinast 15. mars. Dersom fristen går ut på ein laurdag, søndag eller heilagdag, vert han utsett til neste yrkedag som ikkje er laurdag. Avgifta er å rekne som betalt i rett tid dersom innbetalinga er stempla av bank, postkontor eller registerførar før fristen er ute. Avgifta skal betalast til den bankkontoen registerføraren bestemmer.

Ved elektronisk betaling av avgift skal kundeidentifikasjon (KID) gjevast opp saman med betalingsoppdraget til betalaren sin bank. Betalingsformidlarar skal avvise elektroniske betalingsoppdrag for avgift dersom gyldig kundeidentifikasjon (KID) ikkje er påført.

Nærare reglar om innbetalinga kan fastsetjast av Lotteri- og stiftingstilsynet.

For avgift som ikkje er betalt i rett tid, skal det betalast renter i samsvar med lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinket betaling m.m. Rentene vert rekna frå forfallsdag til betaling er utført. Rentebeløp under kr 50 vert ikkje innkravde.

Stiftingar som i strid med føresegna i stiftingslova § 61 bokstav c ikkje er melde til Stiftingstilsynet innan 31. desember 2006, skal likevel ileggjast avgift som nemnt i denne paragrafen frå 1. januar 2007.

Der melding til Stiftingstilsynet skjer etter reglane i § 5 tredje ledd, skal det svarast avgift som nemnt i denne paragrafen frå mottak av oppmodinga eller meldinga. Avgift skal svarast frå og med det året oppmodinga er motteken.

§ 4 Årleg avgift (alternativ 2)

Alle stiftingar som pr. 1. januar er registrerte i Stiftingsregisteret, skal betale ei årleg avgift til Stiftingstilsynet. Dette gjeld likevel ikkje stiftingar som på tidspunktet for avgiftsutrekninga har ein eigenkapital på under kr 100.000.

Avgifta vert fastsett slik:

a) Stiftingar som på tidspunktet for avgiftsutrekninga har ein eigenkapital frå kr 100.000 til kr 199.999, skal betale kr 500 i årleg avgift.

b) Stiftingar som på tidspunktet for avgiftsutrekninga har ein eigenkapital frå kr 200.000 til kr 499.999, skal betale kr 750 i årleg avgift.

c) Stiftingar som på tidspunktet for avgiftsutrekninga har ein eigenkapital frå kr 500.000 til kr 999.999, skal betale kr 1.250 i årleg avgift.

d) Stiftingar som på tidspunktet for avgiftsutrekninga har ein eigenkapital på kr 1.000.000 eller meir, skal betale kr 3.500 i årleg avgift.

Avgifta skal vere betalt seinast 15. mars. Dersom fristen går ut på ein laurdag, søndag eller heilagdag, vert han utsett til neste yrkedag som ikkje er laurdag. Avgifta er å rekne som betalt i rett tid dersom innbetalinga er stempla av bank, postkontor eller registerførar før fristen er ute. Avgifta skal betalast til den bankkontoen registerføraren bestemmer.

Ved elektronisk betaling av avgift skal kundeidentifikasjon (KID) gjevast opp saman med betalingsoppdraget til betalaren sin bank. Betalingsformidlarar skal avvise elektroniske betalingsoppdrag for avgift dersom gyldig kundeidentifikasjon (KID) ikkje er påført.

Nærare reglar om innbetalinga kan fastsetjast av Lotteri- og stiftingstilsynet.

For avgift som ikkje er betalt i rett tid, skal det betalast renter i samsvar med lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinket betaling m.m. Rentene vert rekna frå forfallsdag til betaling er utført. Rentebeløp under kr 50 vert ikkje innkravde.

Stiftingar som i strid med føresegna i stiftingslova § 61 bokstav c ikkje er melde til Stiftingstilsynet innan 31. desember 2006, skal likevel ileggjast avgift som nemnt i denne paragrafen frå 1. januar 2007.

Der melding til Stiftingstilsynet skjer etter reglane i § 5 tredje ledd, skal det svarast avgift som nemnt i denne paragrafen frå mottak av oppmodinga eller meldinga. Avgift skal svarast frå og med det året oppmodinga er motteken.

§ 5 Overgang frå registrering hos fylkesmannen til registrering i Stiftingsregisteret

Før ei stifting er meld til Stiftingstilsynet etter stiftingslova § 61 bokstav c, gjeld følgjande reglar for stiftinga:

a) Ei stifting som er registrert i fylkesmannens register over stiftingar etter lov 23. mai 1980 nr. 11 om stiftelser m.m. § 18, skal halde fram med å vere registrert i dette registeret.

b) Endringar i melde opplysningar skal meldast til fylkesmannen etter lov 23. mai 1980 nr. 11 om stiftelser m.m. § 19.

Fylkesmannen skal gje Stiftingstilsynet dei opplysningar som trengst for at Stiftingstilsynet skal kunne utføre sine oppgåver etter lova.

Dersom ei stifting som nemnt i første ledd oppmodar Stiftingstilsynet om å gjere vedtak med heimel i lov 15. juni 2001 nr. 59 om stiftelser, skal stiftinga samtidig med at det vert sett fram slik oppmoding meldast til Stiftingstilsynet etter § 61 bokstav c i lova, sjølv om toårsfristen i føresegna ikkje er ute. Det same gjeld ved melding om auking av grunnkapitalen etter stiftingslova § 16 tredje ledd og ved melding om nedsetjing av grunnkapitalen etter stiftingslova § 17 tredje ledd.

§ 6 Iverksetjing

Forskrifta gjeld frå 1. januar 2005.

Departementene
Fylkesmennene
Lotteritilsynet
Brønnøysundregistrene
Datatilsynet
Forbrukerrådet
Kredittilsynet
Norges Bank
Regjeringsadvokaten
Riksadvokaten
Riksrevisjonen
Statistisk Sentralbyrå
Økokrim
Statens Innkrevingssentral
Bergen kommune
Oslo kommune
Stavanger kommune
Trondheim kommune
Oslo skifterett og byskriverembete
Foreningen for allmennyttige stiftelser
Akademikerne
Den Norske Advokatforening
Den norske Bankforening
Den norske Dommerforening.
Det norske Veritas
Handels- og Servicenæringens Hovedkontor
Kommunenes Sentralforbund
Landsorganisasjonen i Norge
Norges Autoriserte Regnskapsføreres forening
Norges Juristforbund
Norges Museumsforbund
Den Norske Revisorforening
Norske Boligbyggelags landsforening
Norske Inkassobyråers forening
Norsk forening for Fartøyvern
Norsk Presseforbund
Næringslivets Hovedorganisasjon
Oslo børs
Revisorrådet
Sparebankforeningen i Norge
Stiftelsen UNIFOR
Universitetene
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund
Stortingets ombudsmann for forvaltningen
Fylkesmennenes arkivforum