Høyring: forslag til ny forskrift om krav til teknisk standard for flytande anlegg som blir nytta til akvakultur – NYTEK-forskrifta

Status: Ferdigbehandlet

Høyringsfrist: 15.04.2011

Vår ref.:

1. Bakgrunn

Fiskeri- og kystdepartementet foreslår å skjerpe regelverket om tekniske krav og standardar i næringa for å hindre rømming.

Dagens forskrift om krav til teknisk standard for flytande akvakulturanlegg (NYTEK forskrifta) tredde i kraft 1. januar 2004. Forskrifta skal sikre at tekniske krav i NS 9415 blir kontrollerte og følgde opp. NS 9415 er ei bransjenorm, og set tekniske krav til flytande akvakulturanlegg. Det var ein omfattande revisjon av standarden i 2009, og det er behov for å revidere forskrifta.
Forslaget byggjer på eksisterande forskrift, men inneheld nokre nye element.

Ei utgreiing frå Fiskeridirektoratet om økonomiske og administrative konsekvensar som følgje av forskrifta er lagt ved.

Forslaget følgjer opp regjeringa sin Strategi for ei miljømessig berekraftig havbruksnæring, om skjerping av regelverket knytt til tekniske krav og standardar.

2. Berande omsyn bak forskriftsforslaget

Det berande omsynet bak forslaget er eit ønskje om ytterlegare å redusere faren for rømming, m.a. for å unngå tap av biologisk mangfald.  Forskrifta skal sørgje for gode, rømmingssikre anlegg utan å gjere vanleg drift unødig komplisert, og gir etter departementet sitt syn ein god balanse mellom omsynet til økonomien i næringa og kravet om å unngå rømming. Skjerping av krava til rømingssikring ivaretek også naturmangfaldslova sine krav om miljøforsvarlege teknikkar og driftsmetodar, jf naturmangfaldslova §§ 7, 9 og 12.

Forslaget baserer seg på erfaringar frå Rømmingskommisjonen for akvakultur, og erfaringane styresmaktene har hausta med gjeldande NYTEK-forskrift.  Forslaget avgrensar spelerommet til dei akkrediterte organa ved at vilkåra for å sertifisere blir spesifiserte i forskrifta. Dette sikrar eit uavhengig forhold mellom aktørane og gjer drifta meir føreseieleg for næringa.

Forslaget legg opp til at det er forskrifta som skal definere kva som er forsvarleg, og ikkje standarden. Standarden er ei bransjenorm og er ikkje rettsleg bindande. Den nye forskrifta legg til rette for meir effektive kontroll- og sanksjonstiltak.

3. Nærare om forslaget


3.1 Generelt
3.1.1 Anleggssertifikat for alle flytande akvakulturanlegg
Det blir stilt krav om at alle flytande akvakulturanlegg skal ha anleggssertifikat, sjå forslaget i kapittel 6. Etter ei overgangsperiode på eitt år forskrifta trer i kraft vil det ikkje lenger vere lov å ha anlegg i bruk basert på dugleiksbevis. Forslaget om å fase ut ordninga med dugleiksbevis er i samsvar med det noverande NYTEK- forskrift legg opp til. Det vil derfor berre vere ei form for anleggsgodkjenning, som til gjengjeld vil omfatte alle flytande akvakulturanlegg. Det vil ikkje vere mogleg å skrive ut nye dugleiksbevis etter at forskrifta trer i kraft.

Ordninga med anleggssertifikat inneber at alle akvakulturanlegg blir kontrollerte av eit akkreditert inspeksjonsorgan. I dag er det berre oppdrettsanlegg som var utplasserte på lokalitetar før 2004 som har ein slik total kontroll.

Det blir foreslått at inspeksjonsorgan som skriv ut anleggssertifikat skal rapportere dette til Fiskeridirektoratet. Innrapporteringa vil gi eit godt høve for styresmaktene til å følgje med på korleis innføringa av anleggssertifikat går i næringa. I tillegg blir det foreslått å rapportere dei data som dannar grunnlaget for anleggssertifikatet. Dette vil lette Fiskeridirektoratet sitt tilsynsarbeid.

Etter forslaget kan oppdrettsnæringa halde fram med å bruke flåtar og flytekragar som var tatt i bruk før 2004 , sjølv om desse hovudkomponentane ikkje er produktsertifiserte. Vilkåret er at det blir skrive ut eit hovudkomponentbevis av eit akkreditert sertifiseringsorgan og at komponentane blir brukte i anlegg med anleggssertifikat. For flåtar er dette ei innskjerping av noverande forskrift. Noverande forskrift opnar ikkje for at flytekragar som ikkje er produktsertifiserte, kan brukast etter 2012. Her blir altså tida for flytekragar forlenga.

3.1.2 Fleire og strengare dokumentasjonskrav
Forskriftsforslaget innfører nye og hevar eksisterande dokumentasjonskrav. Det blir foreslått at dokumentasjonskrav skal gjelde for lokalitetsrapport, sertifiseringsdokument,  produktsertifikat, anleggssertifikat, hovudkomponentbevis, fortøyingsanalyse og for inspeksjon av fortøying etter utlegg.

3.2 Nærare om enkelte delar av forslaget
3.2.1 Tilvisinga er til NS 9415
Det er den gjeldande utgåva av NS 9415 det blir vist til, eller tilsvarande internasjonal standard, med mindre noko anna går utrykkeleg fram.

3.2.3 Utvida krav til bruk av akkrediterte organ
I dag er det krav om at lokalitetsundersøkingsorgan skal vere kompetente, og at leverandørar av fortøying skal vere sertifiserte av eit akkreditert sertifiseringsorgan. Det blir foreslått at både lokalitetsundersøkingsorgan og fortøyingsanalyseorgan skal vere akkrediterte for formålet.

3.2.4 Krav om fortøyingsanalyse for alle anlegg
Det blir foreslått at alle anlegg skal ha ein fortøyingsanalyse seinast innan eitt år etter at forskrifta trer i kraft, og at analysen skal utførast av eit akkreditert fortøyingsanalyseorgan. Anlegg som har ein slik analyse etter noverande reglar i NYTEK- forskrifta § 11 er unntatt. Det er sentralt for rømmingssikkerheita til anlegget at det ligg føre ein slik analyse, og det er også eitt av fleire vilkår for at det kan skrivast ut anleggssertifikat.

3.2.5 Inspeksjon av fortøying etter utlegg ved fjernstyrt miniubåt eller liknande
Alle fortøyingar som blir lagt ut eitt år etter at forskrifta trer i kraft, må inspiserast ved hjelp av fjernstyrt miniubåt eller liknande. Forslaget inneber at gnag mellom liner, knausar under vann, anker som ligg feil og liknande kan oppdagast og rettast på.

3.2.6 Utvida krav til produktsertifisering
Kravet om produktsertifisering omfattar i dag nøter, flytekragar og flåtar. Det blir foreslått at også konstruksjonsdelar som inngår i fortøyinga blir produktsertifisert. Kva som er konstruksjonsdelar går fram av ein definisjon i forslaget § 5. Dei konstruksjonsdelane som er nemnde der, er det stilt krav til i NS 9415, og dei kan produserast i serie. Den komplette fortøyinga er mindre eigna for produktsertifisering fordi ho vil sjå ulik ut frå lokalitet til lokalitet, då ho må tilpassast botntopografi og miljøverknader frå bølgjer, straum mv. på lokaliteten og den fysiske utforminga av det konkrete anlegget.

3.2.7 Krav til bistandsplikt ved oppdatering av brukarhandbøker
Det blir foreslått at leverandørar av sertifiserte produkt skal ha plikt til å hjelpe oppdrettarane med å oppdatere tidlegare leverte brukarhandbøker som ikkje oppfyller krava i gjeldande NS 9415, slik at handbøkene blir i samsvar med standarden. Det er sett opp visse avgrensingar i denne plikta, sjå forslaget § 19.

3.2.8 Krav til system for sporing og avvikshandtering
Det blir foreslått ei føresegn som klargjer at produsentar av hovudkomponentar, delkomponentar som inngår i not, flytekrage og flåte og konstruksjonsdelar som inngår i fortøying og ekstrautstyr, skal ha system for sporing og avvikshandtering.

Også i dag skal sertifiseringsorgana, som ledd i produktsertifiseringa, sjekke at produsentane har system for sporing. Dette gjer likevel ikkje kravet overflødig. Føresegna vil gi eit klart signal om kor viktig det er å ha system for sporing og pålegg produsentane direkte å kunne spore produkta.

3.2.9 Krav om å setje i verk tiltak ved avvik
Etter forslaget har leverandørar plikt til å setje i verk tiltak for å avverje rømming når dei får mistanke om, eller har kjennskap til, avvik ved dei leverte produkta. Leverandøren skal i slike tilfelle straks varsle Fiskeridirektoratet og kjøparar av produktet.

3.2.10 Særskilte krav til verkstad som reparerer not
Det blir foreslått å skjerpe krava til verkstader som reparerer nøter. Reparasjon av nøter må etter forskriftsforslaget utførast av verkstader som er sertifisert av eit akkreditert sertifiseringsorgan, etter krava i NS 9415 eller tilsvarande internasjonal standard.

4. Økonomiske og administrative konsekvensar

Ein analyse over økonomiske og administrative konsekvensar følgjer som vedlegg til høyringsbrevet.

5. Overgangsperiode

Det vil vere behov for ein overgangsperiode. I forslaget er det lagt opp til ein overgangsperiode på eitt år frå forskrifta trer i kraft. Næringa er allereie gjennom dagens forskrift kjend med at dugleiksbevis skal fasast ut, og at nye hovudkomponentar skal vere produktsertifiserte. Det er nytt at fortøying også skal vere produktsertifisert. For å sikre at det er tilstrekkeleg med akkrediteringskompetanse og mogleg å skaffe sertifisert utstyr, kan ein frist på eitt år vere rimeleg.

På sikt kan det vere aktuelt å innføre krav om totalentreprise knytt til akvakulturanlegg, slik at det blir ein ansvarleg totalentreprenør som får hovudansvar for dimensjonering, montering, utplassering etc. Bruk av totalentreprise er velkjend frå andre sektorar, der viktige konstruksjonar er sett saman av komponentar levert av fleire underleverandørar. Vidare vil det truleg vere behov for enda meir spissa vedlikehaldskompetanse. Sjølv om det ikkje blir stilt krav i dette forslaget om totalentreprise ønskjer departementet innspel frå høyringsinstansane om dette.

6. Høyringsfrist

Merknader til forslaget må sendast Fiskeri- og kystdepartementet innan 15. april 2011. Merknadene kan med fordel sendast elektronisk til postmottak@fkd.dep.no


Med helsing


Magnor Nerheim
ekspedisjonssjef

Yngve Torgersen
avdelingsdirektør

Økonomiske og administrative konsekvenser av forslag til forskrift om krav til teknisk standard for anlegg som nyttes til akvakultur (pdf-format)

Finansdepartementet
Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet
Justisdepartementet
Kommunal- og regionaldepartementet
Miljøverndepartementet
Nærings- og handelsdepartementet
Sametinget

Direktoratet for Naturforvaltning
Fiskeridirektoratet
KLIF
Kystverket
Mattilsynet
Noregs Vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Havforskingsinstituttet
Rømmingskommisjonen for akvakultur

Finnmark fylkeskommune
Troms fylkeskommune
Nordland fylkeskommune
Nord-Trøndelag fylkeskommune
Sør-Trøndelag fylkeskommune
Møre og Romsdal fylke
Hordaland fylkeskommune
Rogaland fylkeskommune
Vest-Agder fylkeskommune
Aust-Agder fylkeskommune

Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening
Finansnæringens hovedorganisasjon
Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon
Innovasjon Noreg
Kommunenes Sentralforbund
LO v/ Fellesforbundet
Norges Fiskarlag
Norges Kystfiskarlag
Norsk Industri
Norske lakseelver
Norske Sjømatbedrifters Landsforening
Næringslivets Hovedorganisasjon

Bellona
Greenpeace Noreg
Natur og Ungdom
Norges Jeger- og Fiskerforbund
Norges Naturvernforbund
WWF Norge

Til toppen