Historisk arkiv

Strengare krav til oppdrettsanlegg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

- Når eg i dag sender forslag til strengare reglar for teknisk standard for oppdrettsanlegg (NYTEK) på høyring, tek vi eit viktig steg vidare i arbeidet med å redusere risikoen for at oppdrettslaks rømmer, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Forslaget til strengare reglar for teknisk standard for oppdrettsanlegg følgjer opp regjeringa sine tiltak i strategien for ei miljømessig berekraftig havbruksnæring, som vart lagt fram i 2009.

- Rømmingstala har gått betydeleg ned gjennom fleire år, men dei tre siste åra har dei auka igjen. Dette viser at det framleis er arbeid som står att. Det nye regelverket er viktig i arbeidet med å redusere rømmingstala ytterlegare, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Norsk standard NS 9415, som blant anna set krav til korleis flytande oppdrettsanlegg skal utformast og dimensjonerast, vart revidert i 2009. Etter dette er forskrifta om teknisk utforming av oppdrettsanlegga gjennomgått. Erfaringane med gjeldande regelverk har stått sentralt i utforminga av det nye regleverket som no blir sendt på høyring.

Kontaktperson: Yngve Torgersen, 901 43 951