Høyringsbrev - ny forskrift om tilgang til å drive fiske og fangst i farvatn underlagt ein annan stat sin fiskerijurisdiksjon

Nærings- og fiskeridepartementet foreslår i dette høyringsbrevet å vedta ei ny forskrift om tilgang til å drive fiske og fangst i farvatn underlagt ein annan stat sin fiskerijurisdiksjon. Forslaget inneber at fartøy som fører norsk flagg ikkje kan drive fiske i slike farvatn utan at dette er godkjent av norske myndigheiter.

Status: Under behandling

Høringsfrist: 15.07.2016

Vår ref.: NFD 14/8543-2

Bakgrunn for forslaget

Gjennom FN-avtalen om fiske på det opne hav av 4. august 1995 er Noreg forplikta til å sikre at fartøy som fører norsk flagg ikkje fiskar i farvatn underlagt andre statar sine jurisdiksjonsområde utan at dette er godkjent av norske myndigheiter. Plikta, som følgjer av FN-avtalen artikkel 18.3(b)(iv), er ein del av vårt flaggstatsansvar, som er vidare utdjupa i FN sin matvareorganisasjon, FAO, sine frivillige retningslinjer for flaggstatsansvar. Retningslinjene stiller mellom anna krav til samarbeid mellom flaggstaten og kyststat, for å sikre at fiske i kyststaten sine jurisdiksjonsområde skjer i samsvar med ei berekraftig utnytting av ressursane. Formålet med reglane om flaggstatsansvar er å hindre ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske) og å sikre langsiktig bevaring og berekraftig bruk av viltlevande marine ressursar. Noreg var ein av pådrivarane for å få på plass desse reglane.

 

Trass i våre internasjonale plikter har Noreg per i dag ikkje etablert noko generelt regelverk med krav om at norske fartøy må ha godkjenning for å fiske i andre statar sine jurisdiksjonsområde. Etter at dei økonomiske sonene vart oppretta på slutten av 70-talet, inngjekk Noreg bilaterale fiskeriavtalar med naboland som også inkluderte gjensidig tilgang til å fiske i kvarandre sine farvatn, såkalla lisensavtalar. Desse har til no vore tilstrekkelege til å unngå uautorisert fiske i område dekt av dei bilaterale fiskeriavtalane, men departementet har den siste tida blitt gjort merksam på at enkelte reiarlag har vist interesse for å drive fiske i farvatn til statar som Noreg per i dag ikkje har bilaterale avtalar med.

 

Alle norske fartøy er i dag bundne av føresegner gitt i eller i medhald av havressurslova og deltakarlova uavhengig av kvar dei oppheld seg. Fartøya må såleis ta omsyn til mellom anna rapporteringsreglar og reglane om førstehandsomsetning ved fiske i andre statar sine farvatn. Ettersom kravet til lisens ikkje er nedfelt i noko regelverk, kan norske fartøy likevel operere innanfor jurisdiksjonsområda til andre statar enn dei Noreg har bilaterale avtalar med utan at Noreg som flaggstat har noko direkte oppfølgingsansvar når det gjeld fisket. Departementet ønsker med forskriftsforslaget å tette dette hòlet i det norske regelverket, og dermed sikre at vi kan følge opp vårt flaggstatsansvar uavhengig av kvar dei norske fartøya oppheld seg.

 Departementet sitt forslag

Departementet foreslår å etablere eit forbod for norske fartøy mot å fiske i andre land sine jurisdiksjonsområde utan godkjenning frå norske myndigheiter. Departementet foreslår at slik godkjenning skal verte rekna for gitt når fartøyet gjennom Fiskeridirektoratet har fått løyve til å fiske i farvatn underlagt annan stat sin fiskerijurisdiksjon på bakgrunn av avtale mellom Noreg og denne staten. Dette er ei vidareføring av den praksis som lisensavtalane utgjer i dag.

 

Departementet ser vidare at det i enkelte tilfelle kan vere formålstenleg for det enkelte reiarlag å inngå eigne lisensavtalar med ein kyststat om fiske i kyststaten sine farvatn. Under føresetnad av at ein slik avtale vert inngått med rette myndigheiter, og at fisket går føre seg i tråd med regelverk fastsett av kyststaten og anna internasjonalt regelverk, kan ikkje departementet sjå at dette er problematisk. For å sikre oppfølging av vårt flaggstatsansvar, foreslår vi likevel å setje som vilkår at slike avtalar må godkjennast av norske fiskerimyndigheiter.

 

På bakgrunn av det ovanfor nemnde foreslår departementet at det vert fastsett ei ny forskrift om tilgang til å drive fiske og fangst i farvatn underlagt annan stat sin fiskerijurisdiksjon i tråd med forslaget nedanfor.

 

Frist for å sende høyringssvar er 15. juli 2016.

Høyringar er opne, og alle kan sende innspel til oss. Vi ber om at høyringssvara vert sendt inn digitalt ved å bruke skjemaet for høyringssvar på www.regjeringen.no

Forskrift om adgang til å drive fiske og fangst i farvann underlagt annen stats fiskerijurisdiksjon

 

Fastsatt av Nærings- og fiskeridepartementet den …. 2016 med hjemmel i lov 26. mars 1999 nr. 15 om retten til å delta i fiske og fangst (deltakerloven) § 20.

 

§ 1. Virkeområde

Denne forskrift gjelder norske fartøys adgang til å drive fiske og fangst i farvann underlagt annen stats fiskerijurisdiksjon.

 

§ 2. Deltakelse

Det er forbudt å drive ervervsmessig fiske eller fangst med norsk fartøy i farvann underlagt annen stats fiskerijurisdiksjon.

 

Unntatt fra forbudet i første ledd er fartøy som gjennom Fiskeridirektoratet får tillatelse til å fiske i farvann underlagt annen stats fiskerijurisdiksjon på bakgrunn av avtale mellom Norge og denne staten, eller etter avtale mellom kyststaten og fartøyets eier som er godkjent av norske myndigheter.

 

§ 3. Overtredelsesgebyr

Foretak og den som forsettlig eller uaktsomt overtrer bestemmelser gitt i eller i medhold av denne forskriften kan ilegges overtredelsesgebyr i henhold til deltakerloven § 28.

 

§ 4. Straff

Den som forsettlig eller uaktsomt overtrer bestemmelser gitt i eller i medhold av denne forskriften straffes etter deltakerloven § 31.

 

§ 5. Ikrafttredelse

 

Denne forskrift trer i kraft straks.