Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Høyringsbrev

Høyring - endringar i patentlova m.m. (gjennomgang av tiltaka som vart innførte i norsk rett ved gjennomføringa av EUs patentdirektiv m.m.)

 

Justis- og beredskapsdepartementet sender med dette på høyring eit høyringsnotat om endringar i patentlova m.m. (gjennomgang av tiltaka som vart innførte i norsk rett ved gjennomføringa av EUs patentdirektiv m.m.).

Vi ber adressatane om å leggje høyringsnotatet fram for underliggjande organ og organisasjonar og foreiningar på eige område som det vedkjem, og som ikkje er oppførte på adressatlista.

Høyringsbrevet og høyringsnotatet er tilgjengelege på http://www.regjeringen.no/nb/dep/jd/dok/hoeringer.html?id=1922. Høyringsfristen er 1. september 2012. Høyringsfråsegner bør helst sendast pr. epost til lovavdelingen@jd.dep.no, eventuelt som vanleg post til Justisdepartementet, Lovavdelingen, Postboks 8005 Dep, 0030 Oslo.

 

Med helsing

 

Toril K. Høyland
avdelingsdirektør

                                                           Magnus Hauge Greaker
                                                           lovrådgivar

 

Til toppen