Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Høyringsbrev

Høyring – framlegg om endringar i forskrift 7. mai 2010 nr. 654 om kredittavtaler mv. – gjennomføring av direktiv 2011/90/EU


Justis- og beredskapsdepartementet sender med dette på høyring eit framlegg om endringar i forskrift 7. mai 2010 nr. 654 om kredittavtaler mv. for å gjennomføre Kommisjonsdirektiv 2011/90/EU om endring i del II i vedlegg I til Europaparlaments- og rådsdirektiv 2008/48/EF om forbrukarkredittavtaler i norsk rett. Endringane gjeld føresetnadene som skal leggjast til grunn ved berekning av effektiv rente i samband med avtaler om forbrukarkreditt. Det er gjort nærmare greie for framlegget i det vedlagte høyringsnotatet. Kommisjonsdirektiv 2011/90/EU (dansk og engelsk språkversjon), Europaparlaments- og rådsdirektiv 2008/48/EF (dansk språkversjon) og Kommisjonens retningsliner av 8. mai 2012 er vedlagt høyringsnotatet.

Ei liste over adressatane er lagt ved høyringsbrevet. Vi ber om at adressatane gjer høyringsnotatet kjent for eventuelle underordna etatar og organ. Høyringsbrevet og høyringsnotatet er tilgjengelege på www.regjeringen.no/jd.

Høyringsfristen er 7. desmeber 2012. Vi ber om at høyringsfråsegnene fortrinnevis blir sende elektronisk til lovavdelingen@jd.dep.no, eventuelt som vanleg post til Justis- og beredskapsdepartementet, Lovavdelinga, Postboks 8005 Dep, 0030 Oslo. Ein førebels versjon av ny reknesimulator som tek høgde for direktivendringane er utarbeidd av EU-Kommisjonen, og kan sendast ut på førespurnad.

Med hilsen

Per Sigvald Wang e.f.
lovrådgjevar

Johannes Eriksen
rådgjevar

Til toppen