Kongelig resolusjon om tomtefeste

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Justis- og politidepartementet

Justis- og politidepartementet KONGELEG RESOLUSJON
Statsråd: Knut Storberget
Ref. nr.: 18
Saksnr.: 200604556 EP
Dato: 30.06.2006

TOMTEFESTE:

1) SANKSJON AV LAGTINGETS VEDTAK TIL LOV OM ENDRINGAR I LOV 20. DESEMBER 1996 NR. 106 OM TOMTEFESTE MV.

2) IKRAFTSETJING AV LOV OM ENDRINGAR I LOV 20. DESEMBER 1996 NR. 106 OM TOMTEFESTE MV.

3) FORSKRIFT OM ENDRING AV FORSKRIFT 8. JUNI 2001 NR. 570 OM TOMTEFESTE M.M.

4) FORSKRIFT OM OVERGANGSREGLAR

1. Sanksjon av lov om endringar i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste mv.

Lagtinget har 16. juni 2006 gjort vedtak til lov om endringar i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste mv. Vedtaket er sendt Regjeringa med oppmoding om Kongens sanksjon.

Vedtaket er gjort etter forslag i odelstingsproposisjon til Stortinget om same emne, jf. Ot.prp. nr. 78 (2005–2006) og Innst. O. nr. 74 (2005–2006) frå Stortingets justiskomité. Departementet foreslår at vedtaket til lov blir sanksjonert, jf. Grunnlova § 77.

2. Ikraftsetjing av lov om endringar i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste mv.

Justisdepartementet gjer med dette framlegg om at lov om endringar i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste mv. skal gjelde frå 1. juli 2006, med slike nærare overgangsreglar som blir fastsette her, jf. punkt 4 nedafor.

3. Forskrift om endring av forskrift 8. juni 2001 nr. 570 om tomtefeste m.m.

3.1. I høyringsnotat 26. januar 2006 foreslo Justisdepartementet nokre endringar i forskrift 8. juni 2001 nr. 570 om tomtefeste m.m. § 4. Føresegna gjeld innløysing av tomt til fritidshus når tomta høyrer til ein landbrukseigedom. Om høyringa viser departementet til Ot.prp. nr. 78 (2005-2006) punkt 2.2.

3.2 For det første blei det foreslått ei endring i – eventuelt oppheving av – § 4 første ledd bokstav c. Høyringsforslaget var at orda ”ein tidel eller meir” i § 4 første ledd bokstav c første punktum blir endra til ”5 % eller meir”. Ved dette vil fleire festetomter falle under regelen i § 4 første ledd, slik at bortfestaren kan møte eit krav om innløysing frå festaren ved i staden å tilby lenging på same vilkår som før etter lov om tomtefeste § 33. Departementet viser til Ot.prp. nr. 78 (2005-2006) punkt 5.1 (side 20-21). Høyringsinstansane sine merknader går fram av Ot.prp. nr. 78 (2005-2006) punkt 5.2 (side 21-22), og departementet sin vurdering går fram av punkt 5.3 (side 22-23). I samsvar med det som er sagt der, gjer departementet no framlegg om at ordlyden ”ein tidel eller meir” blir endra til ”5 % eller meir” i forskrifta § 4 første ledd bokstav c første punktum. Når det gjeld økonomiske og administrative konsekvensar av forskriftsendringa, viser departementet til Ot.prp. nr. 78 (2005-2006) punkt 7.3 andre avsnitt (side 35).

3.3 For det andre blei det foreslått eit nytt tredje ledd og eit nytt fjerde ledd i § 4 for å klårgjere einskilde spørsmål som gjeld forskrifta § 4. Noverande § 4 tredje og fjerde ledd blei foreslått som nye femte og sjette ledd. I høyringsnotatet punkt 4.4 ”Klårgjering av forskrifta – visse sameigehøve, forskriftas eigedomsomgrep m.m.” heiter det mellom anna:

”4.4.2 Visse sameigehøve

Justisdepartementet tar for det første opp om det bør framgå direkte korleis ein skal forstå § 4 første ledd bokstav b når det til landbrukseigedomen ligg part i ein sameigeeigedom, og tomta som gir festeinntektene, høyrer til sameiget. I så fall må regelen vere – slik må etter departementet si vurdering bokstav b bli forstått i dag – at festeinntektene som fell på sameigeparten, reknast med i reknegrunnlaget etter første ledd bokstav b. Eit praktisk eksempel på eit slikt høve er der festetomta ligg i utmark som høyrer til fleire landbrukseigedomar i fellesskap. Om felles utmark med festetomter ligg til dømes til tre landbrukseigedomar, som kvar har 1/3 lut i sameiget, kan kvar av dei rekne inn 1/3 av festeinntekta frå utmarka i sine inntekter ved vurderinga etter § 4 første ledd bokstav b.

[I høve til] bokstav c … må inntekter og utgifter frå festetomter i slike sameiger handsamast på den same måten … . Også dette meiner departementet at ein bør vurdere å si i forskrifta.

På den andre sida bør truleg ikkje areal frå ein slik sameigeeigedom trekkjast inn når det skal vurderast om landbrukseigedomen fyller arealkrava i § 4 første ledd bokstav a. Departementets forslag til klårgjerande føresegn seier dette uttrykkeleg.

Eit spørsmål som oppstår i slike sameigehøve, er korleis landbruksunntaket skal forstå[s] om sameigarane på bortfestarsida ikkje er samde i om ein skal akseptere innløysing eller ikkje, når ein festar har fremja eit krav om innløysing. Ein kan klårt nok ikkje løyse saka ved å gi innløysing mot nokon av bortfestarane, men ikkje mot andre. I så fall ville innløysinga ikkje gitt anna resultat enn at festaren blei sameigar på bortfestarsida, i staden for dei bortfestarane som blei løyst ut. Løysinga må bli at ein [bort]festar kan avvise innløysing av festetomta med verknad for alle, eller at ein eller eit fleirtal kan akseptere innløysing med verknad for alle. Slik forskrifta § 4 første ledd, jf. andre ledd, er utforma, gir den ein rett til å nekte innløysing for den som fyller vilkåra for dette. Omsyna bak landbruksunntaket taler for at den som ønskjer å nytte § 4, kan gjere dette, i strid med både ønsket frå festaren og ønsket frå eigne sameigarar på bortfestarsida om å akseptere innløysing. Justisdepartementet sin vurdering er at dette følgjer av den gjeldande regelen, og departementet foreslår at dette blir presisert i forskrifta § 4.

4.4.3 Kva som er ein landbrukseigedom etter § 4

Eit neste spørsmål som bør bli vurdert presisert i forskrifta, er kva ein skal rekne som ein landbrukseigedom etter § 4. Spørsmålet oppstår når det som er ei driftseining består av fleire matrikkeleiningar/bruksnummer. Festetomta kan teknisk sett liggje på eller til ein av desse. Andre matrikkeleiningar kan vere lagt til driftseininga før eller etter at festetomta blei oppretta. Skal ein då rekne heile driftseininga eller berre den matrikkeleininga som festetomta ligg på eller til, som "landbrukseigedom" i forskrifta § 4? Dei reelle omsyna som ligg bak landbruksunntaket, taler for at det er driftseininga slik den står fram på det tidspunktet innløysingsspørsmålet kjem opp, som ein bør se på når ein vurderer om vilkåra etter § 4 er oppfylt eller ikkje. Justisdepartementet ber om høyringsinstansane sitt syn på at det blir sagt i forskrifta at landbrukseigedomen etter § 4 er den registrerte eigedomen som festetomta høyrer til, medrekna eigedomar med andre registernemningar når alle har same eigar, blir nytta under eitt, og i økonomisk samanheng står fram som éin eigedom.

Ein regel om dette er også truleg den einaste løysinga på denne type spørsmål som kan gi god samanheng mellom ulike regelverk, og dermed minst mogleg praktisk ugreie for partane. Departementet viser her til den nye regelen i lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering § 20 om samla fast eigedom. Etter denne kan kommunen fastsetje at to eller fleire matrikkeleiningar som har same eigar og blir nytta under eitt, og som i økonomisk samanheng står fram som éin eigedom, skal registrerast i matrikkelen som ein samla fast eigedom. Også eigaren kan krevje slik registrering når vilkåra er til stades. Det er etter Justisdepartementet sitt syn best om ei driftseining i landbruket som fyller vilkåra for samla fast eigedom, reknast som ein landbrukseigedom etter forskrifta § 4, anten eigedomen reint formelt er blitt samla eller ikkje etter lov om eigedomsregistrering. Lov om eigedomsregistrering § 20 har dermed danna mønster for den presiseringa i tomtefesteforskrifta § 4 som departementet har forma eit forslag til.

4.4.4 Når ei festetomt høyrer til ein landbrukseigedom

Ei festetomt må etter Justisdepartementet si vurdering reknast som å liggje til eller høyre til ein landbrukseigedom både når den ligg på eigedomen, og når den er utskilt frå landbrukseigedomen. Korleis dette praktisk er gjort varierer i praksis. Nokre festetomter har eige bruksnummer, og tilknytinga til landbrukseigedomen går reint praktisk fram av at grunnboka viser at festetomta er utskilt frå det gards- og bruksnummeret som utgjer landbrukseigedomen. Andre festehøve vil stå som eit hefte som er registrert på landbrukseigedomens grunnboksblad. Nokre stader har ein gitt festetomtene eit festenummer, andre stader ikkje. Det bør gå fram av forskrifta § 4 at ei festetomt høyrer til ein landbrukseigedom både når den høyrer til denne som festegrunn, og når den er utskilt frå denne.

4.4.5 Utforminga av høyringsforslaget og spørsmålet om ein nærare overgangsregel

Justisdepartementet ber om høyringsinstansane sine merknader til følgjande endringsforslag:

Forskrift 8. juni 2001 nr. 570 om tomtefeste m.m. § 4 tredje og fjerde ledd skal lyde:

"Der ein part i ein sameigeeigedom ligg til landbrukseigedomen, til dømes der sameige i utmark ligg til eigedomen, reknast inntekter og utgifter som fell på sameigeparten med i reknegrunnlaget etter første ledd bokstav b og c og andre ledd andre punktum. Areal frå sameigeeigedomen reknast ikkje i landbrukseigedomens areal etter første ledd bokstav a. For festetomt som ligg i sameige mellom fleire landbrukseigedomar, kan kvar sameigar som for sin del fyller vilkåra etter første, jf. andre ledd, setje fram eit tilbod som nemnd i første ledd første punktum. Slik nekting av innløysing og tilbod om lenging frå ein sameigar får verknad mellom festaren og alle sameigarane.

Landbrukseigedomen etter paragrafen her er den registrerte eigedomen som festetomta høyrer til, medrekna eigedomar med andre registernemningar når alle har same eigar, blir nytta under eitt, og i økonomisk samanheng står fram som éin eigedom. Ei festetomt høyrer til ein landbrukseigedom når den høyrer til denne som festegrunn eller er utskilt frå denne."

Noverande tredje og fjerde ledd blir femte og sjette ledd.”

I høyringa gjev Den Norske Advokatforening støtte til departementets vurderingar. Tomtefesterforbundet seier dette:

”Her mener vi at innløsning ikke skal nektes om tilknytningen mellom festetomt og bortfester som landbrukseiendom er et sameie. Her må innløsning gis.”

Huseiernes Landsforbund seier på den andre sida at regelen bør seie at ”areal skal tas med i vurderingen av størrelsen på bortfesters eiendom” etter § 4 første ledd bokstav a. Det same meiner Norges Skogeierforbund, som held fram at for ”mange gårdsbruk er andeler i sameier helt avgjørende for drifta og det kan ikke være gode grunner til at dette ofte viktige arealet ikke skal telle med”.

Norges Skogeierforbund støtter departementets vurdering i høyringsnotatet punkt 4.4.2 ”om at landbruksunntaket kan nyttes selv om det er i strid med ønsket fra fester og øvrige sameieparter”. Departementet forstår det også slik at Norges Skogeierforbund støtter det departementet gjekk inn for under punkt 4.4.3 i høyringsnotatet. Det same (om punkt 4.4.3) gjeld Fylkesmannen i Telemark. Det verker også som om Norsk Skogbruksforening (NORSKOG) sluttar seg til punkt 4.4.3, og dessutan til punkt 4.4.4.

Norges Bondelag seier mellom anna dette:

”Norges Bondelag støtter Justisdepartementets forslag om å ta inn en uttrykkelig presisering i forskriften om hvordan forskriften er å forstå i forhold til festetomter som ligger til landbrukseiendommer i et realsameie. …

Norges Bondelag støtter videre forslaget om å presisere nærmere hva som er en landbrukseiendom i høringsbrevet punkt 4.4.3 og når en festetomt anses å ligge til en landbrukseiendom i høringsbrevet punkt 4.4.4.”

Norges Skogeierforbund og Norges Bondelag tar opp spørsmål som gjeld utmarkslag og festetomter som er organisert gjennom utmarkslag. Dei går inn for at utmarkslaga sin festegrunn ikkje bør kunne løysast inn, eller at desse bør ”likestilles med” sameigehøve.

Landbruks- og matdepartementet har tatt opp spørsmål som gjeld utforminga av forskrifta, og dei to departementa har hatt kontakt om dette.

J u s t i s d e p a r t e m e n t e t viser til at det her er tale om ei klårgjering av einskilde praktisk viktige detaljer som gjeld landbruksunntaket. Det har under handsaminga av høyringssaka ikkje vore vurdert nærare om ein til dømes burde la vere å la landbruksunntaket gjelde der festetomta ligg på grunn som er sameige mellom landbrukseigedomar, jf. merknaden frå Tomtefesterforbundet. På den andre sida bør sjølve bruket sin storleik fylle dei krava som forskrifta § 4 første ledd bokstav a set til areal, for at landbruksunntaket skal kunne påropast. Sameigestrekningar kan vere store i areal og bør ikkje trekkast inn her, anten festetomten ligg på grunn som er i sameige, eller ikkje. Det ville gjort at bokstav a, som mellom anna skal hindre at dei minste bruka kan pårope landbruksunntaket, i praksis ville fått lite å seie som reell avgrensing for landbrukseigedomar med utmark i sameige. Departementet vil nemne at bokstav b og c lett kan vere oppfylt sjølv om det gjeld bruk som har landbruksdrift med eit svært lite omfang.

Slik Justisdepartementet ser det, er det best å ikkje rekne inn areal frå sameigestrekninga i vurderinga etter bokstav a. Om ein skulle rekna med dette, og likevel halde unna små bruk som har landbruksdrift med eit svært lite omfang, måtte ein utforma meir kompliserte regler for å trekkje grensa. Dette ville i seg sjølv vere uheldig. Landbruksunntaket bør berre gjelde der det er tale om eit landbruk som gir grunn for unntak, sett i høve til det som gjeld for grunneigarar generelt sett. Departementet legg til at presiseringa gjer det klårt at § 4 første ledd på dette punktet skil seg frå tolkinga av konsesjonslova § 4 første ledd nr. 4. Dei to reglane har ikkje direkte samanheng.

Høyringsfråsegnene som har tatt opp spørsmål knytt til utmarkslag, klårgjer ikkje kva utmarkslaga er reint rettsleg og korleis dei aktuelle rettshøva er organisert i høvet mellom grunneigarar, utmarkslaget og festarar. Det går fram av høyringsfråsegnene at det her er ulike variantar av rettsleg organisering. Departementet har ikkje grunnlag for å gå inn i denne problemstillinga, mellom anna fordi den gjeld spørsmål som ikkje har vore høyringshandsama. Departementet har desse merknadene om gjeldande rett: Om festetomta ikkje høyrer til ein landbrukseigedom, vil landbruksunntaket ikkje gjelde. Om festetomta høyrer til landbrukseigedomen, og landbrukseigedomen er eigd av ein person som også er bortfestar, vil det følgje av ei konkret vurdering av forskrifta § 4 om bortfestaren kan pårope seg landbruksunntaket eller ikkje. Om då føresegna i § 4 andre ledd får avgjerande verknad, eller om føresegnene i § 4 første ledd bokstav c andre punktum flg. får noko å seie, vil avhenge av dei konkrete tilhøva, jf. ordlyden i føresegnene.

Departementet følgjer opp forslaget frå høyringsnotatet til § 4 nytt tredje og fjerde ledd. Noverande § 4 tredje og fjerde ledd blir femte og sjette ledd.

For nærare merknader til § 4 nytt tredje og fjerde ledd viser departementet til merknadene i høyringsnotatet 26. januar 2006 punkt 4.4.2 til 4.4.4, som er sitert foran. Punkt 4.4.2 gjeld § 4 nytt tredje ledd. Når første punktum i nytt tredje ledd taler om at ein part i ein sameigeeigedom ”ligg til” landbrukseigedomen, er dette same uttrykksmåte som i lov 18. juni 1965 nr. 6 om sameige § 10 andre ledd, og det skal bli forstått på same måte som der. Når det gjeld festetomter i sameigegrunn som ligg til landbrukseigedomer, vil sameigegrunnen det gjeld truleg alltid eller i dei fleste tilhøva vere eit ”jordsameige” etter forståinga i lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistering § 5 første ledd bokstav d. Punkt 4.4.3 gjeld § 4 nytt fjerde ledd første punktum. Som det går fram av høyringsnotatet, er forskrifta § 4 nytt fjerde ledd første punktum til dels utforma etter mønster frå den nye lova om eigedomsregistrering § 20. Om partane er usikre på om vilkåra er oppfylte, betyr dette at ein praktisk sett kan søkje råd hos kommunen etter at lov om eigedomsregistrering er blitt innarbeidd i praksis. Punkt 4.4.4 gjeld § 4 nytt fjerde ledd andre punktum.

Når det gjeld økonomiske og administrative konsekvensar av forskriftsendringa, er det her tale om tilføyingar i forskrifta § 4 som vil klårgjere spørsmål som det elles kunne blitt tvist om. Departementet legg til grunn at endringane kan verke ressursinnsparande for partane og organ for tvisteløysing. Dette får ikkje budsjettmessige verknader.

4. Overgangsreglar

Iverksetjinga av endringane i reglane om krav om innløysing i tomtefestelova kapittel VI og i forskrift om tomtefeste m.m. § 4 gjer det naudsynt med nokre overgangsreglar. Endringslova del VI gir heimel for overgangsreglar. Justisdepartementet foreslår ei eiga forskrift om overgangsreglar som gjeld lovendringane. Overgangsreglane som gjeld endringa i forskrift om tomtefeste m.m., vil følgje av endringsforskrifta romartal II, jf. punkt 3 foran.

I høyringsnotat 26. januar 2006 skisserte Justisdepartementet moglege overgangsreglar for dei ulike lov- og forskriftsendringane. I høyringa var det innvendingar frå einskilde instansar særlig til forslaget om at endringane om innløysing i lova § 32 og § 34, jf. forskrift 8. juni 2001 nr. 570 om tomtefeste m.m. § 4, skulle gjelde der krav om innløysing frå festaren blir fremja på grunnlag av at innløysingstida er inne eller festetida er ute eitt år og to månader etter ikraftsetjinga av lovendringane. Høyringsinstansane sine merknader til overgangsreglane er referert i Ot.prp. nr. 78 (2005-2006) punkt 3.2, 4.2 og 5.2. Departementet viser også til sine merknader om overgangsspørsmåla i Ot.prp. nr. 78 (2005-2006) punkt 3.3, 4.3 og 5.3. Departementet sine forslag til overgangsreglar er i alt vesentleg i samsvar med forslaga i høyringsnotatet 26. januar 2006.

Ein kan merke seg at overgangsføresegna som gjeld endringa i lov om tomtefeste § 34 andre ledd andre punktum om festetomter til fritidshus, er avgrensa til å gjelde når festetomta høyrer til statsallmenning. Når festetomta høyrer til Finnmarkseigedomens grunn i Finnmark, gjeld regelen i § 34 andre ledd andre punktum frå 1. juli 2006 utan noka nærare overgangsføresegn. For desse siste tilfella er det heller ikkje innløysingsrett før 1. juli 2006, og det er då ikkje naudsynt med ein overgangsregel. Endringa i lov om tomtefeste § 34 andre ledd første punktum om bygdeallmenningar seier berre det som gjeld også i dag. Overgangsføresegna gjeld derfor berre § 34 andre ledd andre punktum om statsallmenningar.

På dei punkta der overgangsforskrifta eller endringsforskrifta romartal II ikkje viser til endringane som blir gjort, vil endringane få verknad frå 1. juli 2006, også for verserande saker. Den nye føresegna i tomtefesteloven § 43 tredje ledd får til dømes verknad også for saker der kravet om skjønn er sett fram før 1. juli 2006, då overgangsforskrifta § 3 berre viser til endringane i ”§ 43 første og andre ledd”. Overgangsforskrifta gjeld berre lovvedtaket romartal I og II, som gjeld tomtefeste. Lovvedtaket romartal III, IV og V gjeld heilt andre spørsmål.

Justis- og politidepartementet

tilrår:

1. Sanksjon av Lagtingets vedtak 16. juni 2006 til lov om endringar i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste mv.

2. Lova gjeld frå 1. juli 2006.

3. Forskrift om endring av forskrift 8. juni 2001 nr. 570 om tomtefeste m.m. blir fastsett i samsvar med vedlagt forslag.

4. Forskrift om overgangsreglar ved ikraftsetjing av lov 30. juni 2006 om endringar i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste mv. blir fastsett i samsvar med vedlagt forslag.

Forskrift om endring av forskrift 8. juni 2001 nr. 570 om tomtefeste m.m.

(Fastsett ved kongeleg resolusjon 30. juni 2006, med heimel i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste § 34 tredje ledd. Fremja av Justis- og politidepartementet.)

I

I forskrift 8. juni 2001 nr. 570 om tomtefeste m.m. blir det gjort følgjande endringar:

§ 4 første ledd bokstav c første punktum skal lyde:

inntekta frå festetomtene etter tenkt lovleg regulering på innløysingstida til saman utgjer 5 % eller meir i høve til det gjennomsnittlege årlege driftsresultatet ved drift av eigedomen som jord-, skog- eller hagebruk dei tre rekneskapsåra som fell før dagen etter at festaren seinast kan setje fram innløysingskravet.

§ 4 tredje og fjerde ledd skal lyde:

Der ein part i ein sameigeeigedom ligg til landbrukseigedomen, til dømes der sameige i utmark ligg til eigedomen, reknast inntekter og utgifter som fell på sameigeparten, med i reknegrunnlaget etter første ledd bokstav b og c og andre ledd andre punktum. Areal frå sameigeeigedomen skal ikkje reknast i landbrukseigedomens areal etter første ledd bokstav a. For festetomt som ligg i sameige mellom fleire landbrukseigedomar, kan kvar sameigar som for sin del fyller vilkåra etter første, jf. andre ledd, setje fram eit tilbod som nemnd i første ledd første punktum. Slik nekting av innløysing og tilbod om lenging frå ein sameigar får verknad mellom festaren og alle sameigarane.

Landbrukseigedomen etter paragrafen her er den registrerte eigedomen som festetomta høyrer til, medrekna eigedomar med andre registernemningar når alle har same eigar, blir nytta under eitt, og i økonomisk samanheng står fram som éin eigedom. Ei festetomt høyrer til ein landbrukseigedom når den høyrer til denne som festegrunn eller er utskilt frå denne.

§ 4 noverande tredje og fjerde ledd blir femte og sjette ledd.

II

Forskrifta gjeld frå 1. juli 2006.

Endringa i forskrift 8. juni 2001 nr. 570 om tomtefeste m.m. § 4 første ledd bokstav c første punktum skal berre gjelde der krav om innløysing blir fremja på grunnlag av at innløysingstida er inne eller festetida er ute 1. september 2007 eller seinare. Ved krav om innløysing når festetida er ute for ei tomt som er festa bort for festaren si livstid, gjeld likevel endringa der festaren døydde eller døyr 1. juli 2006 eller seinare. Dersom kravet om innløysing er endeleg avgjort ved avtale, skjønn eller rettsavgjerd før 1. juli 2006, gjeld endringa ikkje, sjølv om innløysingstida er inne eller festetida er ute 1. september 2007 eller seinare.

Forskrift om overgangsreglar ved ikraftsetjing av lov 30. juni 2006 om endringar i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste mv.

(Fastsett ved kongeleg resolusjon 30. juni 2006, med heimel i lov 30. juni 2006 om endringar i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste mv. romartal VI. Fremja av Justis- og politidepartementet.)

§ 1. Endringane i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste § 32 første ledd skal gjelde der krav om innløysing blir fremja på grunnlag av at innløysingstida er inne eller festetida er ute 1. september 2007 eller seinare.

§ 2. Endringane i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste § 34 andre ledd andre punktum om festetomter til fritidshus som høyrer til ein statsallmenning og i lov 6. juni 1975 nr. 31 om utnytting av rettar og lunnende m.m. i statsallmenningane (fjellova) § 13 tredje ledd andre punktum skal gjelde der krav om innløysing blir fremja på grunnlag av at innløysingstida er inne eller festetida er ute 1. september 2007 eller seinare. Ved krav om innløysing når festetida er ute for ei tomt som er festa bort for festaren si livstid, gjeld likevel endringane der festaren døydde eller døyr 1. juli 2006 eller seinare. Dersom kravet om innløysing er endeleg avgjort ved avtale, skjønn eller rettsavgjerd før 1. juli 2006, gjeld endringane ikkje, sjølv om innløysingstida er inne eller festetida er ute 1. september 2007 eller seinare.

§ 3. Endringane i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste § 43 første og andre ledd gjeld ikkje der krav om skjønn er sett fram før 1. juli 2006.

§ 4. Forskrifta gjeld frå 1. juli 2006.