M-43/1996 - Statsbudsjettet 1998 - Budsjettframlegg fra fylkesmannen si landbruksavdeling

R-485 (15.12.1996)

Rundskriv
M-43/1996
R-485

Saksnr. 1996/6838

15. desember 1996

Vedlegg
Oversikt over arbeidsoppgåvene sin plassering i tabell IA og 2A

 

Til fylkesmennene

Statsbudsjettet 1998 - budsjettframlegg fra fylkesmannen si landbruksavdeling

Innleiing

Landbruksdepartementet gir med dette rundskrivet generelle retningslinjer for budsjettframlegget for 1997 frå fylkesmannen si landbruksavdeling (FMLA). Frist for innsending av budsjettframlegget er 1. mars 1997.

Utviklingslinene som Regjeringa har trekt opp for norsk landbruk i St.prp. nr. 8 (1992-93) "Landbruk i utvikling" ligg fast Kort oppsummert kan ein seie at måIsettinga for gjeldande politikk er å leggje til rette for ei fornying i landbruket som sikrer eit livskraftig landbruk og for framtida. Hovudutfordringane framover for landbruket slik dei er nedfelt i St.prp. nr. 1 (1996-97) er meir konkurransedyktige produkt for heime- og utemarknaden, jordbruksprisar som i større grad harmonerer med prisnivået i naboland, betre produktkvaliteten og vareutvalet for å møte auka krav frå forbrukarane, minske overkapasiteten i einskilde produksjonar, vidareutvikle arbeidet med å leggje tilrette for ungdoms- og kvinnearbeidsplassar, sikre produksjon av fellesgode for heile samfunnet, vidareutvikle nye landbruksbaserte tilleggsnæringar i samspel med andre offentlege instansar, ivareta miljøomsyn, dyrevern, og helsemessige krav i produksjonen, auke den økologiske produksjonen, ta i bruk forskingsresuItat i heile landbrukssektoren med sikte på å møte nasjonale og internasjonale marknadsutfordringar.

Ut frå sine tradisjonelle roller og erfaringsbakgrunn innanfor landbruket vil kvinner og menn ofte representere ulike ressursar. behov og prioriteringar. FyIkesmannen må leggje til rette for at både kvinners og menns ressursar, behov og prioriteringar blir ivaretatt i eiga verksemd, i planlegginga og gjennomføringa av tiltak.

Landbrukspolitikken slik den er utforma i dag er på mange måtar eit rammeverk kor det er lokal fridom til å vele strategiar og opplegg for korleis måla skal nås. Som ein konsekvens av dette blir og Landbruksdepartementet sitt styringsansvar overfor fyIkesmannen utøvd på eit strategisk nivå der mål- og resultatstyring er hovudstyringsformen. jf. St.prp. nr. 1 (1996-97) om alternativ organisering av fylkesmannens landbruksavdeling. Styringsformen inneber at departementet i dialog med fyIkesmannen fastset resultatmål.

Landbruksavdelingane får gjennom delegasjon stor fridom til sjølv å avgjere korleis måla skal nåast. Ein viktig føresetnad for dette resultstyringsprinsippet er at FMLA kan syne til grundig dokumentasjon av dei strategiane og ressursane som blir sette inn.

Retningslinene for styring og kommunikasjon mellom bl.a. Landbruksdepartementet og FMLA er omtalt i rapport M-06551B. Administrasjonsdepartementet har på same måte, i samarbeid med berørte fagdepartement, utarbeidd retningsliner for styringa mellom departementa og fylkesmannsembeta som heilskap. I desse retningslinene inngår budsjettforslag som eit viktig grunnlag for den styringsdialogen (konsernmøter, embetsmøter som blir gjennomført mellom departement og underliggjande verksemder.

Budsjettframlegget til fylkesmannen si landbruksavdeling

Budsjettframlegget frå FMLA skal innehalde 1. MåI og strategiar, 2. Rapport for 1996 og 3. Budsjettframlegg for 1998, inkl. resultatmål. Budsjettframlegget skal ha eit omfang på høgst 20 sider (rapportar o.l. som beskriv og dokumenterer ymse tiItak kan om ønskjeleg leggast ved).

1. Mål og strategiar

1.1 Verksemdide

Under dette punktet vil vi be om å få ein kort presentasjon av FMLA sin verksemdide/visjon.

1.2 Beskriving av tilstanden og framtidige behov for tenester hos fylkesmannen si landbruksavdeling

Avsnittet skal gje ei framstilling/analyse av tilstanden for landbruket og bygdene i fyIket med utgangspunkt i måla nedfelt i St.prp.nr. 8 (1992-93 )) og St.prp.nr. 1 (1996-97). Samstundes vil vi be om at FMLA beskriv nærare utviklingstrekka i landbruket og landbruksbasert verksemd dei seinare åra, herunder:

  • produktivt jordareal
  • produksjonsformen, mengde, verdiskaping og grad av robusthet
  • strukturutvikling
  • miljøtilstand
  • bosettingsmønster

I denne framstillinga skal avdelinga og beskrive kva effektar ulike tiltak har hatt (resultatanalyse).

Vi ber vidare om at det blir gjeve greie for korleis ein trur at behova for FMLA sine tenester vil utvikle seg dei næraste åra og kva konsekvensar dette bør få for avdelinga med omsyn til vektlegging av mål- og satsingsområde.

1.3 Mål

FMLA skal her gjere greie for sine overordna mål/hovudmål. Måla må vere forankra i tilstandsbeskrivinga, jf. pkt. 1.2. I utforminga av måla må ein leggje vekt på å få fram den effkten verksemda har på utviklinga i bygdesamfunnet. Når det gjeld resultatmål syner vi til omtalen under pkt. 3.1.

1.4 Strategiar

FMLA skal leggje fram dei strategiane som er lagt til grunn for verksemda. Strategiane skal ha ein klar forankring i FMLA sine mål, samstundes som dei tek utgangspunkt i realistiske ressursrammer.
Det er viktig at strategiane synleggjer korleis FMLA har tenkt å kome frå nåtilstand (if. framstillinga av tilstanden under pkt. 1.2) til den tilstanden i framtida som ein ønskjer (if. målsetjingane under pkt. 1.3).
Landbruksdepartementet vil og be om at det blir utarbeidd strategiar på område med behov for endring, if. framtidig behov for avdelinga sine tenester under pkt. 1.2. Departernentet ber videre om at FMLA legg fram strategiar for følglande område:

Kompetanseutvikling

FMLA har sidan 1994 hatt eit særskilt ansvar for arbeidet med kompetanseutvikling, både i høve til eiga avdeling og landbruksforvaltninga i kommunane. Vi vil be om at FMLA synleggjer korleis utfordringane knytt til kompetanseutvikIing generelt blir handtert i avdelinga. Kompetansehevingsprosjekt retta mot tilsette i kommunal landbruksforvaltning er fortsatt svært viktig og må prioriterast. FMLA må og synleggjere strategiar for vidareutvikling av kompetanse knytta til internasjonale tilhøve. Vidare må det synleggjerast kva strategiar som vil bli nytta for å auke kommuneleiinga si interesse for deltaking på FMLA sine opplæringstiltak og utforminga av desse. Departementet arbeider med ei stipendordning for kvinner som ønskjer leiarutdanning.
Det skal utarbeidast ein opplærlingsplan for 1997 med Utgangspunkt i røvnsler frå tidlegare arbeid med kompetanseutvikling. Planen skal innehalde ei overordna beskriving av tema, tiltak. foremål med tiltaka, målgruppe og finansiering (øyrernerka midlar, ordinær ramme og ekstern finansiering) og leggjast ved budsjettforslaget for 1998 i 2 eksemplar.

‑ Effektivisering og kvalitetssikring

Vi vil be om at FMLA gir ei grundig utgreiing om kva strateiar som vil bli nytta for å auke effektiviseringa av arbeidet i eiga avdeling t.d. omprioriteringar, vidareutviklinig av organisasjonen osv. jf. m.a. St.prp. nr. 1 (1996-97) om alternativ organisering, av fylkesmannens landbruksavdeling. Samtlege avdelingar må rekne ut årleg potensial for effektivisering i pst. av talet på årsverk i avdelinga. Omtalen må og synleggjere kva strategiar FMLA har for å sikre kvaliteten på tenestene sine.

Oppfølgjing av kommunane

Vi ber om at FMLA gjer grundig greie for korleis aivdelinga i praksis følgjer opp kommunane, herunder aktiviteten i høve til det politiske nivået m.o.t. å vise kva landbruket representerer både av verdiskaping, sysselsetting og skatteinngang. Vidare ber vi orn at FMLA synleggjer kva rutinar som er utvikla/blir nytta m.o.t. kontroll/tilsyn for å sikre at kommunane ivaretek funksjonane sine som sjølvstendig landbruksstyresmakt. Kommunane er FMLA si viktigste målgruppe og verkemidla er informasjon, rådgjeving og tilsyn/kontroll. Dette må prege arbeidsmåtar og prioritering av innsats i FMLA.

Dei øyremerka midlane til landbruksforvaltninga blir frå 1997 innlemma i rammetllskotet til kommunane og dermed ein del av kommunane sine frie inntekter. Dette gjer det nødvendig med auka innsats frå fyIkesmennene i deira tilsyn og oppfølging av kommunane. Det må opplysast om kva for konkrete tiltak som vert sette iverk for å sikre at kommunane set av dei ressursane som trengs for giennomføring av landbrukspolitikken, if. fyIkesmannen si behandling av kommunale budsjett og økonomiplanar. Vidare må det opplysast i kva grad fylkesmanne brukar fullmaktene i medhald av jordlova og skoglova til å handheve kompetansekravet når det gjeld dei tilsette i kommunal landbruksforvaltning.
Vi vil og be om at FMLA synleggjer kva metodar som blir nytta for å sikre at avdelinga sin startegi høve til kommunane er tilstrekkeleg forankra i embetet sin samla strategi for oppfølging av kommunesektoren.

Samhandling ogsamarbeid innad i fylkesmannsembetet

Ei av målsettingane med integreringa av FMLA i fylkesmannsembeta var omsynet til faglege og administrative samordningsgevinstar. Vi vil be om at FMLA synleggjer kva metodar/rutinar som blir nytta i embetet for å fremje ei slik samordning/samhandling, og for å unngå dobbeltbehandling og målkonfliktar, t.d. når det gjeld plansaker og høyringsuttalelsar.

2. RAPPORT 1996

Rapporteringsdelen skal ha fokus på resultat av aktiviteten til FMLA i 1996.

Vi ber om at ressursinnsatsen i FMLA blir fyIt inn i tabell 1A på neste side.

FMLA skal gi ein kortfatta resultatbeskriving knytt opp imot dei ulike resultatområda i tabell 1 A. Rapporteringa skal gjerast i høve til dei resultatmåla som er utvikIa i den einskilde avdeling, jfr. pkt. 3.1. Resultatsbeskrivinga skal synleggjere kva effektar aktiviteten har gitt direkte og indirekte (særskilt ringverknadene av BU-midler). Ein skal vidare syne korleis resultatet er i høve til planlagt aktivitet for 1996 og kva som eventuelt er årsaka til at ein ikkje nådde dei måla som blei sette. Vi ber og om eit overslag over kor stor del av FMLA sin ressursinnsats som er gått med til arbeid direkte i forhold til det kommunale forvaltningsområdet innanfor dei ulike rapporteringsområda.

Tabell 1A Planlagt ressursforbruk og registrert ressursforbruk i årsverk og 1000 kr for 1996.

Rapporteringsområde:

1996

1996

     
         

Herav oppfølg.kom. i årsverk

 

Årsverk

i kr 1.000

Årsverk

i kr. 1000

Årsverk

A.Landbruksbasert næringsutvikling.
1. Jordbruk
2. Skogbruk
3. Andre tiltak

         

B. Miljø- og arealforvaltning
4. Arealforvaltning
5. Naturforvaltning
6. Kulturlandskap
7. Ureining

         

C. Inntekts- og velferdspol. tiltak

         

8. Avløysarordninga
9. Produksjonstillegg

         

D. Støttefunksjonar

         

10. Internadministrasjon
11. Kontrolloppgaver
12. Statistikk
13. Beredskap

         

Sjukefravær

         

Permisjonar(Lønte)

         

Sum totalt

         

Herav prosjekt finansiert innanfor ordinære rammer

         

Herav prosjekt eksternt finansiert

         

Tabell 1B Budsjetterte inntekter 1996 og faktiske inntekter 1996 (kap. 4102)

Post

Budsjett 1996

Regnskap 1996

4102-01 Refusjonar

   

4102-3 Gebyr for handsaming av kons.s.

   

4102-04 Oppdragsinntekter

   

410-1-15 Refusjon arbeidsmarknadstiltak

   

4102-16 Refusjon fødselspengar

   

3. Budsjettframlegg 1998

Budsiettframlegget skal på vanleg måte femne om alle utgifter og inntekter som kjem til kontant utbetaling, eller innbetaling i budsjettåret, og framlegget skal byggje på forventa prisnivå i 1997. Forventa prisstigning i 1998 vil bli innarbeidd av departementet. Budsjettframlegget for 1998 må vere innafor tildelt ressursramme for 1997, eventuelt justert i høve til endringar som følgje av endringar i ekstern finansiering.
Landbruksdepartementet vil be om at FMLA fyller inn sine reviderte ressursanslag, for 1997 og budsjettframlegg for 1998 i tabell 2A. Vi ber og om eit overslag over kor stor del av FMLA sin ressursinnsats som er gått med til arbeid direkte i forhold til det kommunale forvaltningsområdet innanfor dei ulike rapporteringsområda.
Retningslinene for statsbudsjettet for 1998 er enno ikkje utforma. av Finansdepartementet.
Landbruksdepartementet vil derfor eventuelt kome attende dersom det er endringar i føresetnadene eller behov for tilleggsdata.

Tabell 2A Ressursinnsats i årsverk og 1000 kr. for 1997 og 1998

Rapporteringsområde

1997

1998

         

Herav oppfølg.kom

 

Årsverk

i kr 1000

Årsverk

i kr. 1000

i årsverk

A. Landbruksbasert næringsutvikl.
1. Jordbruk
2 Skogbruk
3. Andre bygdenæringar

         

B. Miljø- og arealforvaltning
4. AreaIforvaltning
5. Naturforvaltning
6. Kulturlandskap
7. Ureining

         

C. Inntekts- og velferdspol. tiltak
8. Avøysarordninga
9. Produksjonstillegg

         

D. Støttefunksjonar
10. Internadministrasjon
11. Kontrolloppgaver
12. Statistikk
13. Beredskap

         

Sjukefravær

         

Permisjonar(Lønte)

         

Sum totalt

         

Herav prosjekt finansiert innanfor
ordinære rammer

         

Herav prosjekt eksternt finansiert

         

3.1 Resultatmål

Ordninga som blei innfort frå 1995 med at FMLA sjølv utviklar hensiktsmessige resultatmål for kvart rapporteringsområde jfr. tabell 1A blir vidareført og for budsjettframlegget for 1997. Resultatmåla skal synleggjerast i budsjettframlegget. I dette arbeidet må FMLA leggje vekt på å finne fram til resultatmål som syner effektane av avdelinga sine ulike aktivitetar/tiltak. FMLA må sjølv utarbeide opplegg for resultat-dokumentasjon i høve til eigne resultatmål som det skal rapporterast på for 1997 og seinare år.
I styringsdialogen mellom departementet og FMLA, særleg i konsernmøtet, vil resultatmål og resultatoppnåing stå sentralt. Gjennom denne styringsdialogen vil ein i fellesskap kunne kome fram til justerte resultatkrav og nye oppfølgjingspunkt.
Gjennorngangen av landbruksavdelingane sine budsjettforslag for 1997 viser noko varierande kvalitet på konsept og innhald når det gjeld resultatmål for verksemda. Fleire fylke let vere å følgje standardisert rapporteringsskjema, og utformar for vide og generelle resultatmål. Konkretisering og mest mogleg tallfesting av resultatkrava er nødvendig dersom aydelingane sin innsats og måloppnåing skal kunne vurderast, og slik vere eit tenleg styringsreiskap, samt gi departementet eit tilstrekkeleg vurderingsgrunnIag ved utmålinga av resultatorientert budsjettildeling til fyIka.

3.2 Stillingar m.m.

Skjemaet for organiserte stillingar pr. 01.01.97 må fyllast ut.

   

Tidsavgr.

Tidsavgr.

 

Faste

2 år

4 år

Gruppe 1
Landbruksdirektør
Seksjonssjef

     

Sum gruppe 1

     

Gruppe II
Leiarstillingar
Sakshandsamar
Ingeniørstillingar
Kontorstillingar
Rådgivar

     

Sum gruppe II

     

Sum gruppe I og II

     

Eventuelle kommentarar om utlånte heimlar, vakante heimlar m.m.

3.3 Inntekter

FMLA må budsjettere alle inntekter så realistisk som mogleg, og inntektene må i nødvendig grad sjåast i samanheng med nivået på utgifter som er knytt til desse. Reduserte inntekter vil normalt føre til ein tilsvarande reduksjon på utgiftssida. Dersom ein ventar at inntektene vil gå ned, er det difor viktig at verksemda vurderer nærare korlels ein kan kompensere for i inntektsbortfallet.

Tabell 2B Budsjetterte inntekter 1997 og 1998 (kap. 4102)

Post

Budsjett .1997

Budsjett 1998

4102-04 Oppdragsinntekter og refusjonar

   

4102-15 Refusjon arbeidsmarknadstiltak

   

4102-16 Refusjon fødsels-/adopsjonspengar

   

Post 04 Oppdragsinntekter og refusjonar
Oppdragsinntekter knytte til teknisk planlegging skal budsjetterast og regnskapsførast under kap. 4102 post 04, dette gjeld og refusjonar og andre inntekter som tidlegare vart budsjetterte og regnskapsførde under post 01.

I rundskriv M-106/92 - Retningslinjer for teknisk planlegging i landbruksetatane - er det stilt krav om særskilde budsjett og regnskap for den tekniske planleggingsfunksjonen ved FMLA, jf. retningslinenes pkt. 4 om økonomiforvaltninga.

Praktiske spørsmål
Budsjettframlegget med dei føreskrivne vedlegg bes oversendt Landbruksdepartementet ved Administrasjons- og økonomavdelinga i 8 eksemplar innan 01. 03.1997.
Alle tabellmalar vert sendt frå departementet på mail, og utfylte tabellar skal sendast attende på mail, i tillegg til i budsjettframlegget.
Eventuelle spørsmål i tilknyting til rundskrivet kan rettast til Seksjon for plan, forsking og ytre forvaltning.
Vi gjer oppmerksam på at verksemda sitt budsjettframlegg er eit offentleg dokument, og at det på oppmoding vert sendt Stortinget. St.prp. nr. 1 er Regjeringa sitt budsjettframlegg. Departementet tillet ikkje at verksemdene uoppfordra går direkte til Stortinget med budsjettsaker.

Med hilsen

Terje Jensen
avdelingsdirektør

   
   

Hans Inge Bale
førstekonsulent


Telf: 22 24 91 61
Faxnr: 22 24 95 55