M-67/1995 - Statsbudsjettet 1997 - Budsjettframlegg fra fylkesmannen si landbruksavdeling

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Landbruksdepartementet

R-430 (17.11.1995)

Rundskriv
M-67/1995
R-430

Saksnr. 1995/98509

17. november 1995

Vedlegg ‑ Oversikt over arbeidsoppgavene sin plassering i tabell 1A og 2A

Til

fylkesmennene


Innleiing

Landbruksdepartementet gir med dette rundskrivet generelle retningsliner for budsjettframlegget for 1997 frå fylkesmannen si landbruksavdeling (FMLA). Frist for innsending av budsjettframlegget er 15. februar 1996.

Utviklingslinene som Regjeringa har trekt opp for norsk landbruk i St.prp. nr. 8 (1992-93) «Landbruk i utvikling» ligg fast. Kort oppsummert kan ein seie at målsettinga for gjeldande politikk er å leggje til rette for ei fornying i landbruket som sikrer eit livskraftig landbruk og for framtida. Hovudutfordringane framover for landbruket slik dei er nedfelt i St.prp. nr. 1 (1995-96) er meir konkurransedyktige produkt for heime- og utemarknaden, jordbruksprisar som i større grad harmonerer med prisnivået i våre naboland, meir fokusering på forbrukaromsyna, minske overkapasiteten i einskilde produksjonar, tilretteleggje for kvinnearbeidsplassar, sikre produksjon av fellesgode for heile samfunnet, vidareutvikle nye landbruksbaserte tilleggsnæringar, betre kvaliteten i ressurs- og miljøforvaltninga, ta i bruk forskingsresultat i heile landbrukssektoren med sikte på å møte nasjonale og internasjonale marknadsutfordringar.

Landbrukspolitikken slik den er utforma i dag er på mange måtar eit rammeverk kor det er lokal fridom til å velgje strategiar og opplegg for korleis måla skal nås. Som ein konsekvens av dette blir og Landbruksdepartementet sitt styringsansvar overfor fylkesmannen utøvd på eit strategisk nivå der mål- og resultatstyring er hovudstyringsformen. Styringsformen innebere at departementet i dialog med fylkesmannen fastsette resultatmål, og der landbruksavdelingane gjennom delegasjon får stor fridom til sjølv å avgjere korleis måla skal nås. Ein viktig føresetnad for dette resultatstyringsprinsippet at FMLA kan syne til grundig dokumentasjon av resultater/effektar av dei strategiane og ressursane som blir satt inn. Kravet til auka dokumentasjon av effektar/resultater av den offentlege politikken er nå generelt blitt forsterka ved at dette punktet blir særleg omtalt i Gul bok 1996 (St. prp nr 1 Statsbudsjettet 1996).

Som ein lekk i arbeidet med å utvikle ein betre resultatdokumentasjon og som ein vidareføring av budsjettrundskrivet for 1996 skal FMLA i budsjettforslaget for 1997 utvikle hensiktsmessige resultamål knytt til kvart rapporteringsområde, jfr. tabell 1A. Opplegget for dette er nærare omtala under pkt. 3.1.

Retningslinene for styring og kommunikasjon mellom bl.a. Landbruksdepartementet og FMLA er omtalt i rapport M -0655B. Administrasjonsdepartementet har på same måte, i samarbeid med berørte fagdepartement, utarbeidd retningsliner for styringen mellom departementa og fylkesmannsembeta som heilskap. I desse retningslinene inngår budsjettforslaga som eit viktig grunnlag for den styringsdialogen (konsernmoter, embetsmøter m.m.) som blir gjennomført mellom departement og underliggjande verksemder.

Budsjettframlegget til fylkesmannen si landbruksavdeling

Budsjettframlegget fra FMLA skal innehalde 1. Mål og strategiar, 2. Rapport for 1995 og 3. Budsjettframlegg for 1997.

1. Mål og strategiar

1.1 Verksemdide

Under dette punktet vil vi be om å få ein kort presentasjon av FMLA sin verksemdide/visjon.

1.2 Beskriving av tilstanden og framtidige behov for tenester hos fylkesmannen si landbruksavdeling

Avsnittet skal gje ei framstilling/analyse av tilstanden for landbruket og bygdene i fylket med utgangspunkt i måla nedfelt i St.prp.nr. 8 (1992-93) og St.prp.nr. 1 (1995-96). Samstundes vil vi be om at FMLA beskriver nærare utviklingstrekka i landbruket og landbruksbasert verksemd dei i seinare åra. I denne framstillinga bør avdelinga og seie noko om kva effektar ulike tiltak har hatt.

Vi ber vidare om at det blir gjeve greie for korleis ein trur at behova for FMLA sine tenester vil utvikle seg dei næraste åra og kva for konsekvensar dette bør få for avdelinga med omsyn til vektlegging av mål- og satsingsområde.

1.3 Mål

FMLA skal her gjere greie for sine overordna mål/hovudmål. Måla må vere forankra i tilstandsbeskrivingen under pkt. 1.2. I utforminga av måla må ein leggje vekt på å få fram den effekten verksemda har på utviklinga i bygdesamfunnet. Når det gjeld resultatmål syner vi til omtalen under pkt. 3.1.

1.4 Strategiar

FMLA skal leggje fram dei strategiane som er lagt til grunn for verksemda. Strategiane skal ha ein klar forankring i FMLA sine mål, samstundes som dei tek utgangspunkt i realistiske ressursrammer.

Det er viktig at strategiane synleggjer korleis FMLA har tenkt å kome fra nåtilstand (jfr. framstillinga av tilstanden under pkt. 1.2) til den tilstanden i framtida som ein ønskjer (jfr. målsetjingane under pkt. 1.3).

Landbruksdepartementet vil og be om at det blir utarbeidd strategiar på område med behov for endring, jfr. framtidig behov for avdelinga sine tenester under pkt. 1.2 over. Departementet ber videre om at FMLA legg fram strategiar for følgjande område:

Kompetanseutvikling
FMLA har sidan 1994 hatt eit særskilt ansvar for arbeidet med kompetanseutvikling både i høve til eiga avdeling og landbruksforvaltninga i kommunane. Vi vil be om at FMLA synleggjer korleis utfordringane knytt til kompetanseutvikling generelt blir handtert i avdelinga. I dette ligg og at FMLA skal synleggjere korleis avdelinga i praksis legg til rette for kompetanseutvikling i høve til kommunane og kva strategiar avdelinga nyttar for å skaffe fram rett kompetanse i høve til oppgavene i eiga avdeling.
Dei internasjonale rammevilkåra for norsk landbruk stiller FMLA overfor særskilte utfordringer og krav m.o.t. kompetanse. Vi vil be om at FMLA synleggjer kva strategiar som blir nytta for å auka kompetansen på internasjonale tilhøve og kva metodar som blir nytta for å sikre at denne kompetansen får tilstrekkeleg forankring i eiga avdeling.

‑ Effektivisering og kvalitetssikring
Vi vil be om at FMLA gir ein utgreiing om kva strategiar som blir nytta for å auka effektiviseringa av arbeidet i eiga avdeling, med opp- og nedpriroiteringar, og kva som er årleg potensiale for effektivisering. Omtalen må og synleggjere kva strategiar FMLA har for å sikre kvaliteten på tenestene sine.

Oppfølgjing av kommunane
Vi ber om at FMLA gjer greie for korleis avdelinga i praksis følgjer opp kommunane. I den samanheng vil vi særleg be om at FMLA synleggjer kva rutinar som er utvikla/blir nytta m.o.t. kontroll/tilsyn for å sikre at kommunane ivaretar funksjonane sine som sjølvstendig landbruksstyresmakt. Samstundes er vi interessert i ein beskriving av aktiviteten i høve til det politiske nivået i kommunane m.o.t. å vise kva landbruket representerer både av verdiskaping og moglegheit for økt sysselsetting og skatteinngang.

Vi vil og be om at FMLA synleggjer kva metodar som blir nytta for å sikre at avdelinga sin strategi i høve til kommunane er tilstrekkeleg forankra i embetet sin samla strategi for oppfølgjing av kommunesektoren.

Samhandling og samarbeid innad i fylkesmannsembetet
Ei av målsettingane med integreringa av FMLA i fylkesmannsembeta var omsynet til faglege og administrative samordningsgevinster. Vi vil be om at FMLA synleggjer kva metodar/rutinar som blir nytta i embetet for å fremje ein slik samordning/samhandling.

2. Rapport 1995

Rapporteringsdelen skal ha fokus på resultat av aktiviteten til FMLA i 1995.

Vi ber om at ressursinnsatsen i FMLA blir fylt inn i tabell 1A på neste side.

FMLA skal gi ein kortfatta resultatbeskriving knytt opp mot dei ulike resultatområda i tabell 1A. Rapporteringa skal skje i høve til dei resultatmål som er utvikla i den einskilde avdeling, jfr. pkt. 3.1. Resultatsbeskrivinga skal synleggjere kva effektar aktiviteten har gitt direkte og indirekte (særskilt ringverknadene av BU-midler). Ein skal vidare syne korleis resultatet er i høve til planlagt aktivitet for 1995 og kva som eventuelt er årsaka til at ein ikkje nådde dei måla som blei sett.

Tabell 1A Planlagt ressursforbruk og registrert ressursforbruk i årsverk og 1000 kr. for 1995.

Rapprteringsområde

Planlagt 1995.

Forbruk i

1995

 

Årsverk 1000 kr

Årsverk

1000 kr

A. Landbruksbasert næringsutvikling

       

1. Jordbruk

       

2. Skogbruk

       

3. Andre bygdenæringar

       

B. Miljø- og arealforvaltning

       

4. Arealforvaltning

       

5. Naturfonvaltning

       

6. Kulturlandskap

       

7. Ureining

       

C. Inntekts- og velferdspol. tiltak

       

8. Avløysarordninga

       

9. Produksjonstillegg

       

D. Støttefunksjonar

       

10. Internadministrasjon

       

11. Kontrolloppgaver

       

12. Statistikk

       

13. Beredskap

       

14. Støttefunksjon overfor kommunane

       

Sjukefravær

       

Permisjonar (Lønte)

       

Sum totalt

       

Herav prosjekt finansiert innanfor ordinære rammer

       

Herav prosjekt eksternt finansiert

       

Tabell 1B Budsjetterte inntekter 1995 og faktiske inntekter 1995 (kap. 4102)

Post

Budsjett 1995

Regnskap 1995

4102-01 Refusjonar

   

4102-03 Gebyr for handsaming av kons.s.

   

4102-04 Oppdragsinntekter

   

4102-15 Refusjon arbeidsmarknadstiltak

   

4102-16 Refusjon fødselspenger

   

3. Budsjettframlegg 1997

Budsjettframlegget skal på vanleg måte femne om alle utgifter og inntekter som kjem til kontant utbetaling eller innbetaling i budsjettåret, og framlegget skal byggje på forventa prisnivå i 1996. Forventa prisstigning i 1997 vil bli innarbeidd av departementet. Budsjettframllegget for 1997 må vere innafor tildelt ressursramme for 1996, eventuelt justert i høve til en økning/minsking som følgje av ekstern finansiering.

Landbruksdepartementet vil be om at FMLA fyller inn sine reviderte ressursanslag for 1996 og budsjettframlegg for 1997 i tabell 2A på neste side.

Retningslinene for statsbudsjettet for 1997 er enno ikkje utforma av Finansdepartementet. Landbruksdepartementet vil derfor eventuelt kome attende dersom det er endringar i føresetnadene eller behov for tilleggsdata.

Tabell 2A Ressursinnsats i årsverk og 1000 kr. for 1996 og 1997

Rapporteringsområde

1996

1997

 

Årsverk

i 1000 kr

Årsverk

i 1000 kr

 

A. Landbruksbasert næringsutvikling

         

1. Jordbruk

         

2. Skogbruk

         

3. Andre bygdenæringar

         

B. Miljø- og arealforvaltning

         

4. Arealforvaltning

         

5. Naturforvaltning

         

6. Kulturlandskap

         

7. Ureining

         

C. Inntekts- og velferdspol. tiltak

         

8. Avløysarordninga

         

9. Produksjonstillegg

         

D. Støttefunksjonar

         

10. Internadministrasjon

         

11. Kontrolloppgaver

         

12. Statistikk

         

13. Beredskap

         

14. Støttefunksjon overfor kommunane

         

Sjukefravær

         

Permisjonar (Lønte)

         

Sum totalt

         

Herav prosjekt finansiert innanfor ordinære rammer

         

Herav prosjekt eksternt finansiert

         
               

3.1 Resultatmål

Ordninga som blei innført fra 1995 med at FMLA sjølv utvikler hensiktsmessige resultatmål for kvart rapporteringsområde (jfr. tabell 1 A) blir vidareført og for budsjettframlegget for 1997. Resultatmåla skal synleggjerast i budsjettframlegget. I dette arbeidet må FMLA leggje vekt på å finne fram til resultatmål som seier mest mogleg om effekten av avdelinga sine ulike aktivitetar/tiltak. FMLA må sjølv utarbeide opplegg for resultatdokumentasjon i høve til eigne resultatmål som det skal rapporterast på for 1997 og seinare år. Resultatdokumentasjon kan bli gitt verbalt, men det må da finnast talmateriale som kan underbyggje omtalen.

I styringsdialogen mellom departementet og FMLA, særleg i konsernmøtet, vil resultatmål og resultatoppnåing stå sentralt. Gjennom denne styringsdialogen vil ein i fellesskap kunne kome fram til justerte resultatkrav og nye oppfølgjingspunkt for FMLA.

3.2 Stillingar m.m.

Skjemaet for organiserte stillingar pr. 01.01.96 må fyllast ut.

 

Faste

Tidsavgrensa 2 år

Tidsavgrensa 4 år

Gruppe I

Landbruksdirektør

Seksjonssjef

     

Sum gruppe I

     

Gruppe II

Leiarstillingar

Sakshandsamar

Ingeniørstillingar

Kontorstillingar

Prosjektleiar

Rådgivar

     

Sum gruppe II

     

Sum gruppe I og II

     

Eventuelle kommentarar om utlånte heimlar, vakante heimlar m.m.

3.3 Inntekter

FMLA må budsjettere alle inntekter sårealistisk som mogleg, og inntektene må i nødvendig grad sjåast i samanheng med nivået på utgifter som er knytt til desse. Reduserte inntekter vil normalt føre til ein tilsvarande reduksjon på utgiftssida. Dersom ein ventar at inntektene vil gå ned, er det difor viktig at verksemda vurderer nærare korleis ein kan kompensere for inntektsbortfallet.

Tabell 2B Budsjetterte inntekter 1996 og 1997 (kap. 4102)

Post

Budsjett 1996

Budsjett 1997

4102-01 Refusjonar

   

4102-03 Gebyr for handsaming av kons.s.

   

4102-04 Oppdragsinntekter

   

4102-15 Refusjon arbeidsmarknadstiltak

   

4102-16 Refusjon av fødselspenger

   

Praktiske spørsmål

Budsjettframlegget med dei føreskrivne vedlegg bes oversendt Landbruksdepartementet ved Administrasjons- og økonomiavdelinga i 4 eksemplar innan 15.02.96.

Alle tabellmalar vert sendt på mail, og utfylte tabellar skal sendast på mail, i tillegg til i budsjettframlegget.

Eventuelle spørsmål i tilknyting til rundskrivet kan rettast til Seksjon for plan, forsking og ytre forvaltning ved Wenche Østrem, tlf. 22 349121 eller Saxe Frøshaug, tlf. 22 349155.

Vi gjer merksam på at verksemda sitt budsjettframlegg er eit offentleg dokument, og at desse vert sendt Stortinget som ikkje trykt vedlegg til St.prp. nr. 1. St.prp. nr. 1 er Regjeringa sitt budsjettframlegg, og departementet tillet ikkje at verksemdene uoppfordra går direkte til Stortinget med budsjettsaker.

Med hilsen

Terje Jensen (e. f)
avdelingsdirektør

   
   

Wenche Østrem
rådgivar