Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Meld. St. 11 (2017–2018)

Nordisk samarbeid

Til innhaldsliste

3 Norden i Europa

Eit godt fungerande og økonomisk sterkt Europa er avgjerande for dei nordiske landa sin økonomi, velferd og tryggleik. Gjennom EØS-avtalen tek vi del i den same indre marknaden. Som deltakarer i den indre marknaden og medlemmar av Schengen har dei nordiske landa sterke interesser i å medverke i politikkutviklinga innanfor EU, både kvar for seg for å fremje nasjonale posisjonar, men òg samla der Norden har fellesinteresser. Ikkje minst når Europa står i ei krevjande brytingstid er det viktig at Norden tydeleg støttar opp om europeisk samhald og samarbeid. Vår felles interesse er å sikre at det europeiske samarbeidet styrkjer den nordiske velferdsmodellen og at europeisk samarbeid let seg inspirere av nordisk integrasjon og samarbeid.

3.1 Viktigaste resultat under norsk formannskap 2017

Den norske vektlegginga av «Norden i Europa» under formannskapen reflekterer regjeringa si prioritering av europapolitikken og følger opp ambisjonen til Finland om å setje «meir nordisk nytte i EU» på dagsordenen i 2016. Dei viktigaste resultata har vore:

  • Betre samordning av nordiske posisjonar i europaspørsmål gjennom arbeidet til Nordisk ministerråd, mellom dei nordiske hovudstadane og mellom dei nordiske landa sine EU-representasjonar og delegasjonar i Brussel.

  • Ei analyse av det nordiske lovgjevingssamarbeidet og gjennomføring av EU/EØS-lovgjevnad. Revitalisering av lovgjevnadssamarbeidet kan førebyggje grensehinder for individ og bedrifter og styrkje nordisk integrering. Analysen peikar særleg på lovgjevnadssamarbeid innanfor digitalisering, helse, aksjeselskap, sambuarførehald, utlendingslovgjevnad, strafferett og internasjonale konvensjonar.

  • Auka bruk av nordiske profileringframstøyt for å synleggjere og fremje felles interesser på den europapolitiske arenaen. Eksempelvis presentasjon av den nordiske kraftmarknadsmodellen i Brussel som innspel til den pågåande utviklinga av energiunionen til EU.

  • Tydelegare nordiske posisjonar når EU er i ein tidleg fase av utvikling av nytt regelverk på områder som er viktige for regionen. Miljøvernministrane sende til dømes eit felles innspel til Europakommisjonen sin plaststrategi der mellom anna tiltak mot viktige kjelder til mikroplast og marin forsøpling vart understreka. I Europakommisjonen si førebuing av den sosiale søyla la dei nordiske arbeidsministrane fram ein felles deklarasjon som mellom anna framheva at den sosiale søyla må respektere dei ulike nasjonale arbeidsmarknadsmodellane.

  • Forsterka nordisk samarbeid for å møte utfordringar i arbeidslivet i framtida. Statsministaren sitt initiativ overfor EU om arbeidslivskriminalitet vert følgt konkret opp på nordisk nivå i transportsektoren.

3.2 Samordna gjennomføring av EU/EØS-reglar

Noreg tek del av det forpliktande samarbeidet i Europa gjennom EØS-avtalen, Schengen-avtalen og andre avtalar/ordningar vi har med EU. Vi arbeider meir målretta enn nokon gong med å samordne det indre marknadsregelverket slik at ikkje ulik gjennomføring skal skape utilsikta grensehinder.

Det nordiske lovsamarbeidet har ein lang traditsjon tilbake til 1800-tallet og har gjeve opphav til samnordisk lovgjeving om til dømes avtalerett og opphavsrett. Samarbeidet har endra karakter i kraft av landa sine forpliktelsar til EU/EØS-lovgjeving, og handlar no hovudsakleg om utveksling av informasjon og erfaringar.

Ein analyse av det nordiske lovgjevingssamarbeidet er nyleg utarbeidd under leiing av professor Inge Lorange Backer frå Noreg. Analysen undersøkjer utfordringane og moglegheitene for det nordiske lovgjevingssamarbeidet, og den inneheld ei rekkje føreslag om eit styrkja lovgjevingssamarbeid som kan auke den nordiske integreringa og fremje den nordiske modellen internasjonalt.

Backer ynskjer mellom anna å betre moglegheitene til samarbeid om nasjonale lovgjevingsinitiativ og lovgjevingsinitiativ frå EU, og å førebygge nye grensehinder som fylgje av lovendringar eller nye lovforslag. Det vert òg foreslått eit sterkt lovgjevingssamarbeid på digitalisering, helse, aksjeselskap, sambuarførehald, utlendingslovgjeving, strafferett og internasjonale konvensjonar. Den svenske formannskapen vil i 2018 vurdere vidare oppfylging.

3.3 Påverknad og medverknad

Noreg treng målretta europapolitisk samarbeid med utvalde land. Tett kontakt med dei nordiske landa, både innanfor og utanfor rammene av Nordisk ministerråd, er sentralt for å ivareta norske interesser på EU-arenaer der vi sjølve ikkje deltek. Som ein godt integrert region med godt utvikla velferdsstatar kan Norden bidra til å styrke Europa økonomisk og politisk, og såleis medverke til å fremje eit trygt, fritt, økonomisk sterkt og ansvarleg Europa.

Ei tydeleg nordisk stemme i den europeiske debatten kan tene både Europa og Norden. Regjeringa legg difor vekt på å gjere Norden meir synleg, på auka samarbeid på den europapolitiske arenaen i Brussel og på auka bruk av fellesnordiske innspel på politikkområde der vi har felles interesser.

Med fagleg kunnskap og eit sterkt omdøme kan Norden på enkelte politikkområder fungere som inspirasjon og føregangsregion, og som ei kraft for å påverke den europeiske politikkutforminga.

Norden har gode føresetnader for å ta ei leiande rolle innanfor fylgjande område:

Digital marknad

Ein godt fungerande digital indre marknad vil skape nye arbeidsplassar, styrkje økonomien, vere eit viktig verkemiddel i arbeidet med grøn omstilling og stimulere konkurranse, innovasjon og investeringar i Europa.

Digital samhandling over landegrensene må vere effektivt og enkelt. Ministererklæringa frå Digital North-konferansen forpliktar dei nordiske landa til eit tettare samarbeid om utviklinga av ein digital indre marknad. Samarbeidet skal gje betre koordinering mellom dei offentlige tenestene til innbyggjarar på tvers av landegrensene, og skape fleire av dei nye jobbane. Det digitale samarbeidet i Norden vil opne opp ein digital marknad med meir enn 500 millionar menneske.

EU er vår viktigaste handelspartnar, og vi samarbeider på ei rekkje samfunnsområder slik som utdanning, forsking, politi og grensekontroll. EU si eIDAS-forordning vil til dømes sette juridiske premissar for samarbeidet ved at den set tryggingsstandardar for digital identifikasjon. Kva EU gjer for den digitale indre marknaden får difor òg direkte innverknad på Noreg. Etableringa av et eige ministerråd for digitalisering vil styrkje stemma til regionen i EU- og EØS-samarbeidet.

Boks 3.1 Samarbeid om offentleg geografisk informasjon

Tilgang til autorisert offentleg geografisk informasjon er viktig på ei rekkje samfunnsområder. Det er eit tett samarbeid mellom dei nordiske nasjonale kartverka på området. Det inneber mellom anna utveksling av data, røynsler og teknologiske løysingar. Det nordiske samarbeidet går òg utanfor Norden, mellom anna knytt til gjennomføring av eit EU-direktiv om etablering av ein infrastruktur for geografisk informasjon i Det europeiske fellesskapet (INSPIRE) og i Arktis der dei nordiske landa samarbeider med Russland, Canada og USA om felles data. Det gjeld òg andre områder, mellom anna om sjøkart og ei felles referanseramme for geografiske koordinatar.

Dei mange samtalane og ordningane med EU-land under den norske formannskapen viser at Norden vert oppfatta å ha ei meirverdi. Frå estisk side vart det til dømes uttrykt at ministererklæringa frå Digital North-konferansen hadde vore ei viktig inspirasjonskjelde for ministererklæringa til EU om eGov («Tallinnerklæringa»).

Klima og miljø

Grøn økonomi er aktuelt som tema og overbygning for fleire framlegg og initiativ som dei siste åra er vortne lanserte av EU. Dette temaet hadde ein sentral plass under den norske formannskapen i 2017. Norden kan fungere som ein inspirator mellom anna ut frå røynsler med grøne avgifter, høge attvinningstal, krav til bruk av miljøvennlege kjemikaliar, merkevare og miljøsertifisering. Nordiske røynsler vil vere nyttige for andre land som arbeider med å utforme sine verkemiddel.

Både Noreg og EU har forplikta seg til å redusere klimagassutsleppa med minst 40 prosent innan 2030, samanlikna med utsleppa i 1990. Noreg deltek allereie i kvotesystemet til EU for kjøp og sal av utsleppskvoter frå industrien og luftfarten. Vi skal òg samarbeide om utsleppsreduksjonar i sektorar som ikkje er omfatta av kvotesystemet, mellom anna utslepp frå transport-, jordbruks-, bygg- og avfallssektoren. Regjeringa meiner at Norden har særlege føresetnader til å påverke det europeiske arbeidet med utsleppsreduksjonar innanfor energi- og transportsektoren.

I mai 2017 vedtok dei nordiske miljøministrane å sende eit felles brev til Europakommisjonen med oppmoding om å heve ambisjonane for utvikling av europeiske reguleringar av klimagassutslepp frå tungtransport. I september 2017 vart dette fylgt opp med eit nordisk seminar i Brussel, der representantar frå næringslivet, ikkje-statlege organisasjonar og avgjerdstakarar i EU, diskuterte rammevilkår, teknologiar og andre løysingar som kan redusere utslepp og skape grunnlag for ei konkurransedyktig næringsverksemd i transportsektoren.

Om lag ein tredel av den maten som vert produsert globalt går tapt. Resultata frå eit treårig nordisk matsvinnprosjekt, som vart avslutta i 2017, har vekt interesse internasjonalt, og er vorte lagt fram i EU og OECD. Nordiske røynsler kring matsvinn vil inngå som eit element i statsministerinitiativet «Nordic Food Policy Lab». Under sommarmøtet 2017 vart dei nordiske ministrane samde om å halde fram samarbeidet.

Mattryggleik

Gjennom EØS-avtalen er det etablert eit omfattande harmonisert regelverk for mat, dyr og innsatsvarar. Regelverket utgjorde i 2017 om lag 40 % av alt regelverk som vart innlemma i EØS-avtalen. Det nordiske samarbeidet er ein viktig samarbeidskanal både når det gjeld utvikling av nytt regelverk og ved tilsyn og handheving av det eksisterande regelverket. Innanfor rammene av embetsmannskomiteen på matområdet er det etablert fleire arbeidsgrupper med deltakarar frå dei nordiske tilsynsorgana på matområdet.

Matinformasjonsforordninga, tilsyn med dyrevelferd og den nye kontrollforordninga er regelverk som i særleg grad påverkar dei nordiske landa, og det vart i 2017 arrangert ei rekke nordiske seminar om desse tema. Den 17. tilsynskonferansen på matområdet vart til dømes arrangert i Noreg i januar 2018 med 270 deltakare frå hele Norden. Temaet var «Nye omsetnings- og forbrukermønster – Effektivt tilsyn – En framtidsreise».

Energi

EU sitt arbeid med utvikling av ein energiunion, har innverknad på Noreg. Dette heng saman med at EU er den største handelspartnaren vår på energiområdet, og fordi store delar av EU sitt regelverk på dette området vert del av EØS-avtalen.

Formålet med energiunionen er å fremje energitryggleik, berekraft og konkurranseevne i energisektoren til EU. Dette skal ein kunne oppnå gjennom tiltak innanfor dei fem dimensjonane i energiunionen: forsyningstryggleik, ein fullt integrert indre energimarknad, energieffektivisering gjennom reduksjon av energietterspurnad, avkarbonisering av økonomien og forsking og innovasjon.

Det er omfattande kontakt mellom nordiske produsentar, nettsselskap, lovegjevarar og styresmakter. Samarbeidet gjer det mogleg å identifisere og utarbeide felles nordiske posisjonar som vert spelt inn til utviklinga av eit stadig meir felles europeisk regelverk under energiunionen. Under forhandlingane om marknadsdesignregelverket under tiltakspakken, «Clean Energy for all Europeans», har dei nordiske landa utarbeida felles posisjonar til regelverksframlegg for å sikre effektive og opne marknader som vil medverke til å vidareutvikle elektrisitetsmarknadane til Europa.

Arbeidsmarknad

Det europeiske samarbeidet er ein viktig del av arbeidslivssektoren og sosial- og helsesektoren. Aktuelle EU og EØS-saker er faste dagsordenpunkt på alle møta i det nordiske ministerrådet for høvesvis arbeidsliv og sosial- og helsepolitikk.

Framlegget til Europakommisjonen om ei europeisk søyle for sosiale rettar, som vart underteikna på det europeiske toppmøtet i Gøteborg 17. november 2017, har vore eit aktuelt tema under formannskapsperioden. Under Europakommisjonen si førebuing av ei slik søyle la dei nordiske arbeidsministrane i november 2016 fram ei felles fråsegn. Det vart mellom anna lagt vekt på at søyla for sosiale rettar må respektere dei ulike nasjonale arbeidsmarknadsmodellane, og at partane i arbeidslivet og kollektive forhandlingar har ei viktig rolle i den nordiske arbeidsmarknaden. Den europeiske søyla for sosiale rettar vert fylgt opp av EU-institusjonane. Det er venta ytterlegare initiativ til regelverk, i tillegg til initiativ som medfører oppdatering, utfylling og betre handheving av eksisterande EU-regelverk.

Boks 3.2 Personvernslovgjeving

Norsk senter for forskingsdata (NSD) har teke initiativ til eit nordisk samarbeid om nasjonal implementering av personvernslovgjevinga til EU. Saman med andre nordiske aktørar ser NSD på korleis nasjonale regelverk kan harmoniserast for gjennomføringa av forordninga. Eit tett samarbeid om regelverksutvikling og deling av data er essensielt for kvalitet på forsking og personvern og for å medverke til å byggje ned grensehinder i Norden.

Forsking og utdanning

Nordisk samarbeid om forsking og innovasjon baserar seg på lange tradisjonar og gjensidig tillit. Samarbeidet føregår gjennom ei rekkje institusjonar og organisasjonar, både på formalisert og ikkje-formalisert nivå.

Forsking gjer Norden synleg i Europa. Godt samarbeid gjer at Norden har ei forskingsstyrke like god som ein kva som helst anna europeisk stat. Auka mobilitet innanfor høgare utdanning og forsking i Norden og resten av Europa medverkar til ei slik utvikling. På utdanningsområdet arrangerte Kunnskapsdepartementet hausten 2017, i samarbeid med Nokut, ein nordisk konferanse om oppfylginga av Reykjavik-erklæringa om godkjenning av kvalifikasjonar for høgare utdanning. Intensjonen i erklæringa er at det skal vere automatisk godkjenning i Norden. Automatisk godkjenning medfører at ei høgare utdanning som er godkjend i eitt nordisk land, automatisk vert godkjent i eit anna. For å nå ambisjonen vil det allereie omfattande samarbeidet mellom Norric (Nordic recognition network) verte utvida. Våren 2018 får ei gruppe sett saman av Norric, departement, høgare utdanningsinstitusjonar og studentar i oppdrag å komme med konkrete framlegg til vidare oppfylging. EU har ein ambisjon om automatisk godkjenning i Europa, og røynslene med det nordiske arbeidet kan verte brukt i arbeidet til EU. Det nordiske samarbeidet kan ein òg sjå i nær samanheng med Unesco sitt arbeid med å etablere ein global konvensjon for godkjenning av høgare utdanning, Bolognaprosessen og Lisboakonvensjonen.

3.4 Norden i Europa – Regjeringa sine mål fram mot 2020

Regjeringa vil fram mot 2020:

  • Identifisere nordiske interesser og posisjonar med sikte på å meir effektivt påverke politikkutforminga til EU på eit tidleg tidspunkt.

  • Vidareutvikle det europapolitiske samarbeidet i Norden på strategiske områder som digitalisering, energi, klima og miljø og arbeidsmarknad.

  • Vidareføre samarbeidet om gjennomføring av indre marknadsregelverk i Norden med sikte på høg mobilitet og førebygging av grensehinder.

Til toppen
Til forsida av dokumentet