Meld. St. 41 (2020–2021)

Datatilsynets og Personvernnemndas årsrapportar for 2020

Årsrapportane til Datatilsynet og Personvernnemnda blir kvart år sende til Stortinget i ei melding frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Meldinga inneheld ei skildring av arbeid, tiltak, vedtak og tilsyn som er gjort i året som har gått. Meldinga gir òg eit blikk inn i framtida og utfordringar i tida som kjem. I Kommunal- og moderniseringsdepartementet si innleiing til meldinga peiker departementet på og kommenterer nokre tema som har vore sentrale og som har påverka utviklinga for personvernet i meldingsåret. Departementet omtaler personvern i ein pandemisituasjon, ansvarleg bruk av personopplysningar, gjenbruk av personopplysningar i forvaltninga, Personvernkommisjonen, og utviding av verkeområde for personopplysningsloven.

Les dokumentet

Følg meldinga vidare på www.stortinget.no