NOU 2017: 17

På ein søndag? — Reglane om søndagshandel og konsekvensane av endringar

Til innhaldsliste

1 Ordval

1.1 Innleiing

Utvalet gjer her greie for sine språklege val.

1.2 Norske ord

Hentestad blir brukt i staden for hentepunkt og pick up point.

Visingsrom blir brukt i staden for utstillingslokale og show room.

1.3 Nynorske ord

Ulagleg arbeidstid blir brukt i staden for ubekvem arbeidstid, i tråd med språkbruken i Meld. St. 29 (2010–2011).

Skjærtorsdag blir brukt i staden for helgetorsdag.

Verkedag blir brukt i staden for vyrkedag, men aller helst unngått heilt.

1.4 Kor mange kvardagar har vi i veka?

Ein treng å avgrense ulike tidsrom, gjerne i samband med rettslege fristar. Lovgivaren har regulert nærare kva dagar som er omfatta og ikkje omfatta av omgrepet verkedag. Tidsavgrensingane er gjorde på ulike måtar, og ein har ikkje ord i rettsspråket som klart nok refererer til dei dagane eller tidsromma ein vil fastsetje.

Eit vanleg utgangspunkt er å skilje mellom seks kvardagar og éin helgedag (søndag) eller fem verkedagar og to dagar helg, men i daglegtalen er ikkje laurdag ein kvardag.1 Mange får òg tillegg for å arbeide på laurdagar. Fordi det er uklart, vil utvalet freiste å unngå ordet kvardag. Ordet kvardag er heller ikkje vanleg i rettsspråket.

Ferielova § 5 første ledd seier at laurdagar er verkedagar: Som virkedager regnes alle dager som ikke er søndager eller lovbestemte helge- eller høytidsdager. Det inneber at ferie i 25 verkedagar vil seie ferie i fire veker og éin dag. Også i desse lovene er laurdagen verkedag: Domsstollova § 149 (sjå òg kommentarutgåva), foreldelseslova § 29 andre ledd, burettslagslova § 13-3, allmennaksjelova § 18-4 tredje ledd, samvirkelova § 7 andre ledd, gjeldsbrevlova § 5, forvaltningslovforskrifta, husleigelova § 3-2 andre ledd, skattebetalingslova § 10-2.

Gravplassforskrifta § 12 seier eksplisitt at laurdag ikkje er verkedag når det gjeld fristen for gravlegging i gravferdslova § 10 (10 verkedagar).2 Også vallova § 15-5 andre ledd seier at laurdag, innanfor området til vallova, ikkje er kvardag: Hvis en dato for avslutningen av en frist faller på en lørdag eller en helligdag, løper fristen ut den nærmest påfølgende hverdag.3 Alkohollova seier at veka har meir enn fem kvardagar, sjå § 3-4 andre ledd: Åpningstiden for AS Vinmonopolets utsalg fastsettes av departementet. Departementet kan bestemme at salgstiden skal begrenses til ukens 5 første hverdager.

1.5 Helgedag, heilagdag eller høgtidsdag?

Heilagdagslova nyttar i dag ordet helligdag, og seier i § 2 at søndag er heilagdag.4 Opningstidslova av 1985 nytta ordet helligdag, medan opningstidslova av 1998 nytta helgedag. Arbeidsmiljølova nyttar søn- og helgedag.5 Arbeid på laurdagar er ikkje særleg regulert i arbeidsmiljølova, anna enn som dag før søn- og helgedag (det utvida søndagsdøgnet). Lov om 1. og 17. mai som høgtidsdager taler om høgtidsdagar. Alkohollova nyttar ordet helligdag, og reguleringa er tydeleg på at 1. og 17. mai ikkje er omfatta av omgrepet.6 Husleigelova og skattebetalingslova skil mellom søndag og heilagdag, slik at det kunne gjelde ulike reglar for søndagar og for (andre) heilagdagar, til forskjell frå arbeidsmiljølova, som regulerer dei to likt (søn- og helgedagar).

Opningstidsreglane i heilagdagslova § 5 gjeld òg på 1. og 17. mai.7 I mangel av fellesomgrep vel utvalet å tale om søn- og høgtidsdagar. Dette omfattar søndagar, heilagdagar og høgtidsdagane 1. og 17. mai. Høgtidsdag er eit ord som ikkje speler på at noko er heilag (religiøst), og kan ikkje forvekslast med helg (laurdag og søndag då skulebarn og dei fleste arbeidstakarar har fri).

Fotnotar

1.

I burettslagslova § 4-15 andre ledd er det sagt eksplisitt: «Med kvardagar er meint alle dagar utanom sundagar og andre helgedagar, laurdagar og 1. og 17. mai.» – Norsk ordbok: (namn på) sjette dag i veka (før 1973 rekna som sjuande dag); siste kvardag i veka.

2.

At laurdag ikkje blir rekna med i fristen, følgjer av same lovføresegn, men er knytt til ein annan frist (melding til politiet før kremasjon).

3.

Prop. 64. L (2010–2011) gjer greie for at vallova tidlegare opererte med heilagdagar og kvardagar og ikkje hadde noko unntak for fristar som gjekk ut på laurdagar. Lova hadde ikkje blitt endra etter kvart som offentlege kontor tok til å stengje på laurdagar.

4.

Det er ikkje samanheng mellom heilagdag og heilagdagsfred. I heilagdagslova av 1965 var søndagen heilagdag sjølv om det berre var heilagdagsfred mellom kl. 06 og kl. 13. Etter gjeldande heilagdagslov er julaftan ikkje heilagdag, sjølv om utsalsstadene stengjer kl. 16 og heilagdagsfreden tek til då.

5.

Det er ein interessant diskusjon om orda helgedag og heilagdag er synonym.

6.

Det gjeld andre reglar for aftnane før 1. og 17. mai enn før heilagdagar, sjå alkohollova § 3-4a.

7.

Ein kan spørje om dagane som er regulerte i heilagdagslova § 2, skal kallast kyrkjelege høgtidsdagar eller kristne høgtidsdagar. Ordet kristen vil peike i retning av at grunngivinga for heilagdagen er ei felles kristen forståing eller følgjer direkte av Bibelen. Ordet kyrkjeleg peiker meir i retning av at heilagdagen er eit resultat av den organiserte verksemda innanfor kristendommen i ulike kyrkjesamfunn. Innanfor kristendommen er det fleire sett med heilagdagar og jamvel ulike kalendrar (slik at høgtidene fell på ulike dagar). Alle desse ulike heilagdagane vil vere kristne, men heilagdagane i heilagdagslova som gjeld i Noreg, spring ut av vestkyrkja (den romersk-katolske og protestantiske) sine tradisjonelle festdagar. Dette taler for å kalle norske heilagdagar for kyrkjelege, ikkje kristne. Fordi austkyrkja utvilsamt er kristen, men har ulik kalender, kallar vi dei religiøst grunngitte norske heilagdagane for kyrkjelege.

Til forsida av dokumentet