Ot.prp. nr. 36 (1996-97)

Om lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innholdsfortegnelse

31 Merknader til utkastet til lov om grunnskole og vidaregåande opplæring (opplæringslova)

Kapittel 1 Formål og verkeområde

§ 1-1 Verkeområdet for lova

Lova gjeld grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring i offentlege skolar og lærebedrifter dersom ikkje noko anna er særskilt fastsett.

Lova gjeld privat opplæring så langt det følgjer av kapittel 13 og §§ 15-2, 16-1 andre leddet og 16-2 femte leddet.

For grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring spesielt organisert for vaksne som kommunen eller fylkeskommunen har ansvar for, gjeld §§ 1-2, 1-3, 2-3 andre leddet, 3-4 første leddet, 7-5, 10-1, 14-5, 15-1, 16-1 første leddet og 16-2. For spesialundervisning for vaksne etter § 5-2 gjeld kapittel 5.

Merknader til § 1-1:

Regelen er i samsvar med lovutkastet frå utvalet.

Regelen reknar opp det saklege verkeområdet for lova. Lova skal gjelde for all grunnskoleopplæring utan omsyn til type institusjon eller eigarforhold. Lovutkastet omfattar altså ei slik opplæring i både kommunale, fylkeskommunale, statlege og private institusjonar og både i ordinære skolar og der grunnskoleopplæringa er ein del av til dømes eit statleg kompetansesenter for spesialundervisning, sjukehus, fengsel og private barneverninstitusjonar, med mindre det er gitt heimel for unntak. Utanfor lova fell blant anna skolefritidsordningar, sommarskolar og liknande som ikkje er ein del av grunnskoleopplæringa.

På same måten skal lova gjelde for all vidaregåande opplæring, også læreforhold i bedrifter. Lovutkastet regulerer likevel ikkje vidaregåande opplæring som blir gitt av private utan statstilskot etter lova.

Tekniske fagskolar blir etter denne lova ikkje rekna som vidaregåande opplæring, sjå likevel vurderingane frå departementet i kapittel 27, der departementet går inn for at slike skolar skal reknast med i kravet til omfanget av fylkeskommunen sitt tilbod.

For private skolar er det gjort enkelte unntak, blant anna av omsyn til dei internasjonale pliktene til Noreg, jf. § 13-1 og § 13-7 i lovutkastet. Unntak på fleire punkter er gjorde for privat heimeopplæring, jf. § 13-2.

Berre somme delar av lova gjeld for grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring spesielt organisert for vaksne som kommunen eller fylkeskommunen har ansvaret for. Lovutkastet omfattar også slik opplæring som studieforbunda gir etter oppdrag frå kommunar eller fylkeskommunar og slik opplæring i fylkeskommunale arbeidsmarknadskurs. Elles gjeld ikkje opplæringslova for grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring spesielt organisert for vaksne. Lovutkastet frå departementet inneber at slik opplæring heller ikkje vil vere regulert av vaksenopplæringslova.

Bruken av lova overfor utlendingar går fram av § 2-1 andre leddet og forskrifter etter § 3-1 sjuande leddet.

Det geografiske verkeområdet for lova er ikkje lovfest. Det følgjer derfor av allmenne prinsipp at lova gjeld i riket, men ikkje for Svalbard, jf. § 2 i svalbardlova. Lova gjeld også for norske private skolar i utlandet som får statsstøtte med heimel i § 13-3 i lovutkastet.

Sjå også vurderingane til departementet i kapitla 2 og 5.

§ 1-2 Formålet med opplæringa

Opplæringa skal fremje menneskeleg likeverd og likestilling, åndsfridom og toleranse, økologisk forståing og internasjonalt medansvar.

Opplæringa skal leggje eit grunnlag for vidare utdanning og for livslang læring og støtte opp under eit felles kunnskaps-, kultur- og verdigrunnlag og eit høgt kompetansenivå i folket.

Opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven og lærlingen.

Det skal leggjast vekt på å skape gode samarbeidsformer mellom lærarar og elevar, mellom lærlingar og bedrifter, mellom skole og heim, og mellom skole og arbeidsliv. Alle som er knytte til skolen eller til lærebedriftene, skal arbeide for å hindre at elevar og lærlingar kjem til skade eller blir utsette for krenkjande ord eller handlingar.

Grunnskolen skal i samarbeid og forståing med heimen hjelpe til med å gi elevane ei kristen, moralsk og humanistisk oppseding, utvikle evnene og føresetnadene deira, åndeleg og kroppsleg, og gi dei god allmennkunnskap, slik at dei kan bli gagnlege og sjølvstendige menneske i heim og samfunn.

Den vidaregåande opplæringa skal ta sikte på å utvikle dugleik, forståing og ansvar i forhold til fag, yrke og samfunn, og hjelpe elevane og lærlingane i den personlege utviklinga deira. Den vidaregåande opplæringa skal vere med på å utvide kjennskapen til og forståinga av dei kristne og humanistiske grunnverdiane, den nasjonale kulturarven vår, dei demokratiske ideane og den vitskaplege tenkjemåten og arbeidsmåten.

Merknader til § 1-2:

Lovutkastet frå departementet er i samsvar med § 1-2 og § 1-3 i lovutkastet frå utvalet, med unntak av at det etter lovutkastet frå departementet også skal leggjast vekt på gode samarbeidsformer mellom lærlingar og bedrifter, og mellom skole og arbeidsliv. Lovutkastet frå departementet framhevar også gode samarbeidsformer mellom skole og heim i større grad enn utkastet frå utvalet. I tillegg er ordet humanistisk teke inn i femte leddet i lovutkastet frå departementet.

Første til fjerde leddet reknar opp dei felles måla og hovudprinsippa for grunnskolen og den vidaregåande opplæringa, såleis også fagopplæringa i bedrift. Slik opplæring spesielt organisert for vaksne er også omfatta, jf. § 1-1. Mens femte leddet presiserer formålet med grunnskoleopplæringa, presiserer sjette leddet formålet med den vidaregåande opplæringa.

Formålsparagrafane for grunnskolen og den vidaregåande opplæringa slik dei er i dag, blir i hovudsak vidareførte (sjå gsl. § 1, lvgo. § 2 og lfa. § 1a) i lovutkastet frå departementet.

Lovutkastet har likevel enkelte endringar som tek sikte på å skape betre samsvar mellom formålsparagrafane for grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. Det skal gå fram av lova at grunnskolen - på same måten som den vidaregåande opplæringa - også skal fremje menneskeleg likeverd og likestilling, økologisk forståing og internasjonalt medansvar.

Lovutkastet inneheld også fleire av hovudmåla for styringa av opplæringssektoren. Det gjeld blant anna målet om eit felles kunnskaps-, kultur- og verdigrunnlag. Utkastet til formålsparagraf inneheld også reglar om arbeidsmiljø, mobbing og tryggleik. Dessutan er tanken om opplæring som livslang læring teken inn i utkastet til formålsparagraf.

Lovutkastet fører også vidare tilpassa opplæring som lovfest generelt mål i grunnskolen (jf. gsl. § 7 nr. 1), og det blir gjort framlegg om at det også skal gjelde den vidaregåande opplæringa.

Sjå også vurderingane til departementet i kapitla 6 og 15.

§ 1-3 Forskrifter

Departementet kan gi forskrifter for å fylle ut dei overordna måla og prinsippa for opplæringa.

Merknader til § 1-3:

Lovutkastet frå departementet er i hovudsak i samsvar med § 1-4 i lovutkastet frå utvalet. Lovutkastet frå departementet legger heimelen til departementet, og ikkje til Kongen i statsråd slik utvalet gjer framlegg om.

Regelen fører vidare gsl. § 7 nr. 4 og 12 nr. 1 a, lvgo. § 5 første leddet og lfa. § 18 første leddet.

Forskriftene skal vere utfyllande til § 1-2 i lovutkastet. Forskriftsheimelen omfattar blant anna den generelle delen av læreplanverket for grunnskolen, den vidaregåande opplæringa og vaksenopplæringa.

Regelen er avgrensa til overordna mål og prinsipp for opplæringa og gir såleis ikkje heimel til å gi reglar om organisering eller ressursbruk. Med heimel i § 2-3 andre leddet og § 3-4 første leddet i lovutkastet kan departementet gi meir detaljerte forskrifter om innhaldet i opplæringa.

Kapittel 2 Grunnskolen

§ 2-1 Rett og plikt til grunnskoleopplæring

Barn og ungdom har rett og plikt til offentleg grunnskoleopplæring i samsvar med denne lova og tilhøyrande forskrifter. Unntak frå plikt til offentleg grunnskoleopplæring gjeld dersom dei på annan måte får tilsvarande opplæring.

Retten til grunnskoleopplæring gjeld når det er sannsynleg at barnet skal vere i Noreg i meir enn tre månader. Plikta til grunnskoleopplæring byrjar når opphaldet har vart i tre månader. Departementet kan i særlege tilfelle frita elevar frå denne plikta.

Grunnskoleopplæringa skal ta til det kalenderåret barnet fyller 6 år. Etter sakkunnig vurdering og med skriftleg samtykke frå foreldra kan kommunen i særlege tilfelle vedta å utsetje skolestarten eitt år.

Retten og plikta til opplæring varer til eleven har fullført det tiande skoleåret. Etter sakkunnig vurdering og med skriftleg samtykke frå foreldra kan kommunen heilt eller delvis vedta å frita ein elev for opplæringsplikta dersom omsynet til eleven tilseier det.

Dersom ein elev utan å ha rett til det har fråvære frå den pliktige opplæringa, kan foreldra eller andre som har omsorg for eleven, straffast med bøter dersom fråværet kjem av at dei har handla forsettleg eller aktlaust. Offentleg påtale blir ikkje reist utan når kommunen set fram krav om slik påtale.

Den offentlege grunnskolen er gratis. Kommunen skal halde elevane i grunnskolen med lære- og lesebøker, skrive- og teiknemateriell og anna undervisningsmateriell.

Merknader til § 2-1:

Første leddeter i samsvar med § 2-1 første leddet første punktum i lovutkastet frå utvalet.

Regelen fører vidare gsl. § 13 nr. 1 om retten og plikta for elevane til å gå i offentleg grunnskole dersom dei ikkje på annan måte får tilsvarande opplæring. Plikta kan oppfyllast i ein offentlege skole, i ein godkjend privat skole eller gjennom privat heimeopplæring (sjå § 13-2 med merknader i lovutkastet).

Regelen om opplæring i samsvar med lov og forskrifter er derimot ny i lova, og klargjer at det nærmare innhaldet og omfanget av rettane til eleven må fastleggjast på bakgrunn av dei andre reglane og forskriftene i lova om innhald og omfang av grunnskoletilbodet. Sjå også merknadene til § 2-2 først leddet og § 2-3 andre leddet i lovutkastet.

Kommunen kan gi permisjon frå pliktig opplæring, sjå nærmare § 2-11 med merknader i lovutkastet.

Andre leddet er i samsvar med lovutkastet frå utvalet og er nytt i forhold til lovgivinga i dag.

Regelen omfattar også barn av asylsøkjarar når det er sannsynleg at det blir gitt opphaldsløyve eller når tida for å behandle ein søknad om asyl tek lengre tid enn tre månader.

Om opphaldet i landet er ulovleg, spelar etter lovutkastet inga rolle for retten og plikta for barnet til grunnskoleopplæring. Det er likevel ein føresetnad at barn som er i kyrkjeasyl, må gå på vanleg skole. Det kan ikkje krevjast at kommunen må tilby opplæring i kyrkja.

Norske borgarar som buset seg i utlandet, har ikkje rett og plikt til grunnskoleopplæring etter norsk lov. Personar busette i Noreg som tek kortare ferieopphald og liknande i utlandet, må ein derimot rekna med er omfatta av grunnskoleplikta, slik at det i desse tilfella må søkjast om permisjon.

Dispensasjonsheimelen i tredje punktum kan til dømes vere aktuell når det er klart at opphaldet berre varer ei kort tid ut over tre månader, slik at opplæringsperioden berre kan bli kortvarig.

Tredje leddeter i samsvar med lovutkastet frå utvalet. Regelen fører i hovudsak vidare gsl. § 13 nr. 2 og grunnskoleforskrifta § 2-1 nr. 1.

Fjerde leddeter i samsvar med lovutkastet frå utvalet. Første punktum fører vidare gsl. § 13 nr. 3 første leddet første punktum. Andre punktum erstattar reglane om fritak i gsl. § 13 nr. 3 første og andre leddet.

Ein kommune kan etter søknad velje å la ein elev gå eit ekstra år i grunnskolen dersom det i det enkelte tilfellet verkar formålstenleg. Ettersom retten til vidaregåande opplæring er knytt til fullført grunnskole og ikkje til eit visst tal på år eller til eit visst alderssteg, går eit slikt ekstra år ikkje ut over retten for elevane til vidaregåande opplæring.

Fritak etter andre punktum skal berre givast i heilt spesielle unntakstilfelle, først og fremst der det er urimeleg overfor eleven å gjennomføre opplæringsplikta. Elevar som blir fritekne for opplæringsplikt, mister ikkje dermed opplæringsretten, og dei skal ha rett til å komme tilbake for å fullføre grunnskolen på eit seinare tidspunkt.

Femte leddeter i samsvar med § 2-1 sjette leddet frå utvalet. Skyldkravet er likevel presisert i lovutkastet frå departementet. Regelen fører vidare gsl. § 13 nr. 10.

Sjette leddeter i samsvar med § 2-1 sjuande leddet i lovutkastet frå utvalet. Regelen, som er ei vidareføring av gsl. § 10 nr. 3 og § 37 nr. 4, slår fast prinsippet om at den offentlege grunnskolen er gratis.

Sjå også vurderingane til departementet i kapitla 5 og 7.

§ 2-2 Omfanget av grunnskoleopplæringa i tid

Departementet gir forskrifter om samla tid til opplæring i grunnskolen.

Kommunen kan gi forskrifter om undervisningstid ut over timerammene i forskriftene etter første leddet. Kravet i § 38 første leddet bokstav c i forvaltningslova om kunngjering i Norsk Lovtidend gjeld ikkje.

Opplæringa skal strekkje seg over minst 38 skoleveker innanfor ei ramme på 45 samanhengande veker i skoleåret.

Kommunen gir forskrifter om skole- og feriedagar i skoleåret for elevane. Forskrifta skal vere tilpassa avviklinga av nasjonale prøver. Kravet i § 38 første leddet bokstav c i forvaltningslova om kunngjering i Norsk Lovtidend gjeld ikkje.

Departementet kan gi forskrifter om rammer for dagleg skoletid og om pausar for elevane.

Merknader til § 2-2:

Første leddeter i nytt i forhold til lovutkastet frå utvalet og er i hovudsak ei vidareføring av gsl. § 6 nr. 2. Heimelen omfattar også særlege timerammer for blant anna elevar som får særskild språkopplæring, til dømes teiknspråkelevar, elevar med kvensk-finsk bakgrunn som får opplæring i finsk og elevar som får samisk opplæring.

Rettane til elevane i forhold til minstetimetalet - jf. § 2-1 første leddet - kan i praksis ikkje gjelde fullt ut. Timar der eleven har vore fråverande og eleven eller foreldra til eleven sjølv er skyld i fråværet, kjem til frådrag i retten. Dessutan vil rettane avgrensast av kortare fråvære. I samband med meir langvarig sjukdom kan kommunen vere plikta til å gi opplæring ein annan stad enn på skolen.

Andre leddet første punktum er i samsvar med lovutkastet frå utvalet. Regelen er ny i forhold til lovgivinga i dag.

Andre leddet andre punktum er nytt i forhold til lovutkastet frå utvalet.

Tredje leddeter i hovudsak i samsvar med § 2-2 fjerde leddet første punktum i lovutkastet frå utvalet, men stiller kommunen i utgangspunktet fritt til å fastsetje eit anna tal på undervisningsdagar enn 190, berre dei er fordelte på minst 38 skoleveker og innanfor ein ytre ramme på ikkje meir enn 45 samanhengande veker. Regelen tek omsyn til at det i enkelte tilfelle er behov for ei kortare skoleveke enn fem undervisningsdagar. Regelen er ny i forhold til lovgivinga i dag.

Forskrifter etter første og femte leddet vil likevel i praksis setje grensar for kor fritt kommunen kan fastsetje talet på undervisningsdagar.

Fjerde leddet første og andre punktum er i samsvar med § 2-2 femte leddet i lovutkastet frå utvalet. Reglane er delvis nye i forhold til lovgivinga i dag, og delvis ei vidareføring av grunnskoleforskrifta § 1-2 nr. 1 første leddet.

Fjerde leddet tredje punktum er nytt i forhold til lovutkastet frå utvalet.

Femte leddeter i samsvar med lovutkastet frå utvalet. Regelen fører vidare gsl. § 6 nr. 3.

Sjå også vurderingane til departementet i kapittel 14.

§ 2-3 Innhald og vurdering i grunnskoleopplæringa

Grunnskoleopplæringa skal omfatte kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering, norsk, matematikk, framandspråk, kroppsøving, kunnskap om heimen, samfunnet og naturen, og estetisk, praktisk og sosial opplæring. Ein del av undervisningstida etter § 2-2 kan brukast til fag og aktivitetar som skolen og elevane vel, til leirskoleopplæring og til opplæring på andre skolar eller på ein arbeidsplass utanfor skolen. Kommunane avgjer sjølv korleis timar ut over minstetimetalet gitt i forskrifter etter § 2-2 skal brukast.

Departementet gir forskrifter om fag- og timefordelinga og om læreplanar som fastset innhaldet i opplæringa og korleis opplæringa skal gjennomførast. Departementet gir forskrifter om vurdering av elevane og om klage på vurdering.

Elevane skal vere aktivt med i opplæringa. Undervisningspersonalet skal tilretteleggje og gjennomføre opplæringa i samsvar med læreplanar gitt etter lova her. Rektor skal organisere skolen i samsvar med første leddet og forskrifter etter andre leddet og i samsvar med § 1-2 og forskrifter etter § 1-3.

Etter søknad frå kommunen kan departementet gi ein skole løyve til avvik frå første leddet og frå forskrifter om læreplanar dersom kravet til opplæringa samla ikkje blir mindre. Før slikt løyve blir gitt, må det liggje føre fråsegn frå samarbeidsutvalet.

Merknader til § 2-3:

Første leddeter i hovudsak i samsvar med lovutkastet frå utvalet. Lovutkastet frå departementet er justert i forhold til lov 28.06.1996 nr. 53 om endringar i grunnskolelova. Endringa gjeld det nye faget i grunnskolen, kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering. Regelen erstattar gsl. § 7 nr. 2 og 3.

Elevane har plikt til å vere med i opplæringa så lenge ho er gratis. Det gjeld også leirskoleopplæring, jf. andre punktum.

Andre leddet er i hovudsak i samsvar med lovutkastet frå utvalet.

Regelen fører vidare heimelen for departementet til å gi forskrifter om innhaldet i opplæringa og om elevvurdering, jf. gsl. § 7 nr. 4 første leddet og § 13 nr. 6.

Heimelen omfattar også forskrifter om særskild språkopplæring, mellom anna teiknspråkopplæring, finskopplæring og samisk opplæring, samt læreplanar og vurdering innanfor opplæring spesielt organisert for vaksne (sjå § 1-1).

Forskriftsheimelen om elevvurdering omfattar også sensorarbeid, blant anna plikter for personalet, og dei øvrige delane av den praktiske gjennomføringa av prøver og eksamenar og korleis vitnemål skal førast. Dessutan omfattar heimelen forskrifter som gjer unntak frå reglane i forvaltningslova om klage og reglane i § 16-2 i lovutkastet om klageinstans.

Etter den generelle regelen i § 2-1 første leddet i lovutkastet har elevane blant anna rett til opplæring i samsvar med forskrifter etter fjerde leddet om innhaldet i opplæringa. Elevane har i denne samanhengen ikkje absolutt rett til å nå måla i læreplanane, men skal få ei opplæring som er eigna til å gjere dei i stand til å nå dei måla som planane fastset. For elevar som får spesialundervising gjeld likevel enkelte særreglar, sjå kapittel 5 i lovutkastet.

Tredje leddet første punktum er i samsvar med § 2-1 første leddet andre punktum i lovutkastet frå utvalet. Regelen er ny i forhold til lovgivinga i dag. Skolen skal organisere og gjennomføre opplæringa slik at elevane har høve til å delta aktivt. Det er ein føresetnad at opplæringa i skolen er i samsvar med læreplanane. Regelen er ikkje til hinder for at enkeltelevar på grunn av sjukdom eller funksjonshemming blir fritekne for visse delar av opplæringstilbodet eller får det i ei anna form.

Tredje leddet andre og tredje punktum er i hovudsak i samsvar med § 2-3 tredje leddet i lovutkastet frå utvalet. Reglane fører vidare og klargjer pliktene for personalet i forhold til slik dei idag er fastsette i gsl. § 22 nr. 1 første punktum og § 10-2 nr. 1 i grunnskoleforskrifta.

Reglane er ikkje meint å vere noka uttømmande opprekning av pliktene til personalet ved skolen.

Læreplanane er også forpliktande for kommunar og fylkeskommunar. Pliktene følgjer av det generelle ansvaret som kommunane og fylkeskommunane har for opplæringsverksemda, jf. § 14-1 flg. Kommunar og fylkeskommunar skal såleis organisere og sørgje for nok ressursar til opplæringsverksemda, slik at kvar enkelt elev får opplæring i samsvar med læreplanane.

Pliktene til personalet og leiinga er avgrensa av dei ressursrammene og dei organisatoriske rammene som arbeidsgivaren set.

Fjerde leddeter i samsvar med lovutkastet frå utvalet. Regelen fører vidare gsl. § 7 nr. 8.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 11.

§ 2-4 Opplæringa i faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering. Fritak frå religiøse aktivitetar m.m.

Merknader til § 2-4:

Departementet viser til eigen lovproposisjon som gjer framlegg om lovreglar knytte til faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering.

Sjå vurderingane frå departementet i kapittel 1.

§ 2-5 Målformer i grunnskolen

Kommunen gir forskrifter om kva målform som skal vere hovudmål i dei enkelte skolane. Hovudmålet skal nyttast i skriftleg opplæring og i skriftleg arbeid. Frå og med 8. klassetrinnet vel elevane sjølv kva skriftleg hovudmålform dei vil bruke.

I den munnlege opplæringa avgjer elevane og undervisningspersonalet sjølve kva for talemål dei vil bruke. Undervisningspersonalet og skoleleiinga skal likevel i størst mogleg grad ta omsyn til talemålet til elevane i ordval og uttrykksmåtar.

Foreldra vel målform i lærebøkene til elevane til og med 7. klassetrinnet. Frå og med 8. klassetrinnet vel elevane sjølv. I norskopplæringa skal elevane ha lærebøker på hovudmålet.

Når minst ti elevar på eitt av klassetrinna 1-7 i ein kommune ønskjer skriftleg opplæring på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedteke, har dei rett til eigen klasse dersom det ikkje blir mindre enn ti elevar igjen i den klassen eller i kvar av dei klassane elevane går ut frå. Retten gjeld så lenge det er minst seks elevar igjen i den klassen som er oppretta etter deling. Kommunen avgjer ved kva skole i kommunen tilbodet om opplæring på anna hovudmål skal givast.

Elevar som blir overførte til ein ny skole med eit anna hovudmål enn det dei har hatt på klassetrinna 1-4, har framleis rett til skriftleg opplæring på det opphavlege hovudmålet. Dei har rett til norskundervisning i eiga gruppe, uavhengig av kor mange dei er.

Dei to siste åra i grunnskolen skal elevane ha opplæring i begge målformer. Departementet kan gi forskrifter om fritak frå opplæring i sidemålet for elevar som får særleg språkopplæring.

Merknader til § 2-5:

Første leddeter i samsvar med lovutkastet § 2-4 første leddet frå utvalet. Første og andre punktum fører vidare gsl. § 40 nr. 3. Tredje punktum fører vidare gsl. § 40 nr. 5 tredje punktum.

Fastsetjing av hovudmål gjer at elevane må bruke denne målforma i dei skriftlege arbeida sine, i tillegg til at skolen og lærarane i samband med prøver, meldingar og liknande bruker hovudmålet. Det vil framleis vere høve for kommunane til å fastsetje ulike målformer for dei ulike skolane i kommunen. Frå og med 8. klasse vel elevane sjølv målform i dei skriftlege arbeida sine, mens skolen framleis kan bruke det vedtekne hovudmålet i det skriftlege materialet sitt. Det målet eleven har valt, blir hovudmålet i norskopplæringa.

Andre leddet er i hovudsak i samsvar med lovutkastet § 2-4 andre leddet frå utvalet. Plikta til å ta omsyn til målforma og dialekten til elevane i utarbeiding av prøver, meldingar og liknande er teken ut i lovutkastet frå departementet. Første punktum fører vidare retten for elevane til sjølv å velje talemål («det målet dei talar heime») etter gsl. § 40 nr. 1, første del av første punktum. Retten er utvida til også å omfatte personalet. Andre punktum fører vidare gsl. § 40 nr. 1, andre del.

Tredje leddeter i samsvar med lovutkastet § 2-4 tredje leddet frå utvalet. Første og andre punktum fører vidare gsl. § 39 nr. 2., tredje punktum presiserer valretten for elevane til også å omfatte lærebøker. Regelen inneber at foreldra eller den enkelte eleven sjølv kan velje lærebøker på anna målform.

Fjerde leddet er i hovudsak i samsvar med § 2-4 fjerde leddet i lovutkastet frå utvalet. Lovutkastet frå departementet har lagt til den føresetnaden som gjeld i dag, om at det ikkje må bli mindre enn ti elevar igjen i den klassen eller i kvar av dei klassane elevane går ut frå.

Første punktum fører vidare gsl. § 40 nr. 6 første leddet. Andre punktum fører vidare gsl. § 40 nr. 6 tredje leddet. Tredje punktum er nytt i forhold til lovgivinga idag.

Elevane i den særskilt oppretta målformklassen vil få den ønskte målforma i norskopplæringa, og dei skriftlege arbeida til både eleven og skolen skal vere på den ønskte målforma.

I dei tilfella der kommunen alt har oppretta klasser med den ønskte målforma, er regelen slik å forstå at elevane kan få tilbod om opplæring i desse klassane. Dette vil til dømes gjelde der kommunen har vedteke ulikt hovudmål for skolane i kommunen.

Femte leddeter i samsvar med § 2-4 femte leddet i lovutkastet frå utvalet og fører vidare gsl. § 40 nr. 6 fjerde leddet.

Elevane vil få den ønskte målforma i norskopplæringa, og dei skriftlege arbeida til både eleven og skolen skal vere på den ønskte målforma.

Regelen gjeld ikkje byte av skole i samband med at eleven skifter bustad.

Sjette leddet første punktum er i samsvar med § 2-4 sjette leddet i lovutkastet frå utvalet og fører vidare gsl. § 40 nr. 5 første leddet første punktum.

Sjette leddet andre punktum er nytt i forhold til lovutkastet frå utvalet og fører vidare gsl. § 40 nr. 5 andre leddet. Heimelen er avgrensa til å gjelde særleg språkopplæring, til dømes elevar som får samisk opplæring, elevar med kvensk-finsk bakgrunn som får opplæring i finsk, elevar som får teiknspråkopplæring og elevar frå språklege minoritetar. Departementet kan her gi forskrifter om vilkår for fritak, altså kva for omfang språkopplæringa må ha før det kan givast fritak. Heimelen gjeld fritak både frå rett og plikt til sidemålsopplæring.

Sjå også vurderingane til departementet i kapittel 12.

§ 2-6 Teiknspråkopplæring

Elevar som har teiknspråk som førstespråk, har rett til grunnskoleopplæring i og på teiknspråk. Omfanget av opplæringa i tid og innhaldet i opplæringa fastsetjast i forskrifter etter § 2-2 og § 2-3 i denne lova.

Kommunen kan bestemme at opplæringa i og på teiknspråk skal givast på ein annan stad enn den skolen eleven soknar til.

Barn under opplæringspliktig alder som har særlege behov for teiknspråkopplæring, har rett til slik opplæring. Departementet gir nærmare forskrifter.

Merknader til § 2-6:

Generelt: Regelen er ny i forhold til lovutkastet frå utvalet.

Første leddetlovfester § 2-4 nr. 1 og 3 i grunnskoleforskrifta.

Departementet tek også sikte på å føre vidare forskrifter om at elevar med teiknspråk som førstespråk blir fritekne frå sidemålsopplæringa, jf. § 2-4 nr. 2 i grunnskoleforskrifta og § 2-5 sjette leddet i lovutkastet.

Andre leddet lovfester § 2-4 nr. 5 i grunnskoleforskrifta. Regelen inneber at § 8-1 i lovutkastet ikkje gjeld i slike tilfelle.

Tredje leddet lovfester § 2-4 nr. 4 i grunnskoleforskrifta og fører vidare delar av forskriftskompetansen til departementet i gsl. § 8 nr. 7.

I den grad opplæringstilbodet oppfyller rettane til barnet, skal det vere gratis, uavhengig av om tilbodet blir gitt i barnehagen eller andre stader. Det kan såleis ikkje krevjast eigenbetaling for den tida barnet får oppfylt rettane sine i barnehagen.

Sjå også vurderingane til departementet i kapittel 7.

§ 2-7 Finskopplæring for elevar med kvensk-finsk bakgrunn

Når minst tre elevar med kvensk-finsk bakgrunn ved grunnskolar i Troms og Finnmark krev det, har elevane rett til opplæring i finsk. Omfanget av opplæringa i tid og innhaldet i opplæringa fastsetjast i forskrifter etter § 2-2 og § 2-3 i denne lova. Frå og med 8. klassetrinnet vel elevane sjølv om dei vil ha opplæring i finsk.

Departementet kan gi forskrifter om alternative former for opplæring etter første leddet når opplæringa ikkje kan givast av eigna undervisningspersonale på skolen.

Merknader til § 2-7:

Regelen er ny i forhold til lovutkastet frå utvalet og i forhold til lovgivinga i dag.

Regelen gir rett til finskopplæring på den skolen eleven soknar til , jf. § 8-1 i lovutkastet.

Det er eit krav om tre elevar totalt på den same skolen, uavhengig av årskull. Elevane har ikkje rett til klassedeling, men rett til opplæring i eigen klasse i finsktimane. Klassen kan vere aldersblanda.

Når kommunen har vedteke samisk opplæring for alle grunnskoleelevar i kommunen, jf. § 6-2 fjerde leddet, må elevar som vel finskopplæring, ha både finsk og samisk opplæring.

Sjå også vurderingane til departementet i kapittel 23.

§ 2-8 Opplæring for elevar frå språklege minoritetar

Departementet gir forskrifter om plikt for kommunane til å gi særleg opplæring for elevar frå språklege minoritetar.

Merknader til § 2-8:

Regelen er ny i forhold til lovutkastet frå utvalet. Også andre reglar i lovutkastet gir heimel til å gi forskrifter om slik opplæring. Dette gjeld mellom anna §§ 2-2 første leddet, 2-5 sjette leddet og 10-1.

Sjå også vurderingar frå departementet i kapittel 7.

§ 2-9 Ordensreglement og liknande

Kommunen skal gi forskrifter om ordensreglement for den enkelte grunnskolen. Reglementet skal gi reglar om rettane og pliktene til elevane så langt dei ikkje er fastsette i lov eller på annan måte. Reglementet skal innehalde reglar om åtferd, reglar om kva tiltak som skal kunne brukast mot elevar som bryt reglementet og reglar om framgangsmåten når slike saker skal behandlast.

Ordensreglementet skal gjerast kjent for elevane og foreldra. Kravet i § 38 første leddet bokstav c i forvaltningslova om kunngjering i Norsk Lovtidend gjeld ikkje.

Fysisk refsing eller anna krenkjande behandling må ikkje nyttast.

Før det blir teke avgjerd om refsing, blant anna om bortvising, skal eleven ha høve til å forklare seg munnleg for den som skal ta avgjerda.

Merknader til § 2-9:

Generelt: Regelen er i samsvar med § 2-6 i lovutkastet frå utvalet.

Første leddet første punktum fører vidare gsl. § 16 andre leddet. Regelen klargjer forholdet til reglane i forvaltningslova om forskrifter, sjå også andre leddet om kunngjering.

Departementet går ut frå at dei fleste kommunane finn det mest formålstenleg å delegere fullmakta anten til eit folkevalt organ med særleg ansvar for skolar eller til organ ved skolane. Kommunen kan i den samanhengen fastsetje normalreglar eller liknande som skolane som hovudregel skal halde seg innanfor. Kommunen kan også velje å fastsetje generelle forskrifter som inneheld det same ordensreglementet for alle skolane i kommunen.

Første leddet andre punktum er nytt i forhold til lovgivinga i dag.

Refsingstiltak som ikkje går fram av ordensreglementet, kan ikkje brukast.

Andre leddet fører vidare det som i dag følgjer av § 2-2 nr. 1 tredje leddet i grunnskoleforskrifta.

Tredje leddetfører vidare gsl. § 16 fjerde leddet.

Fjerde leddeter nytt i forhold til lovgivinga i dag og omfattar alle refsingstiltak, også bortvising etter § 2-10.

Ein må praktisere regelen ulikt etter om det er tale om meir alvorlege regelbrot og refsingstiltak eller mindre alvorlege forhold. Regelen krev såleis ikkje nokon omstendeleg prosedyre før ei munnleg irettesetjing frå læraren. Men det er ein føresetnad at hovudprinsippet om retten for eleven til å forklare seg er sikra gjennom den utvekslinga av synspunkt og påstandar som i regelen går før ei munnleg irettesetjing.

Regelen er ikkje uttømmande i forhold til kva saksbehandlingsreglar som gjeld, jf. forvaltningslova.

Sjå også vurderingane til departementet i kapittel 20.

§ 2-10 Bortvising

Kommunen kan fastsetje i ordensreglementet at elevar på klassetrinna 8-10 som alvorleg eller fleire gonger bryt reglementet, kan visast bort frå undervisninga i inntil tre dagar, og at elevar på klassetrinna 1-7 kan visast bort frå undervisninga for enkelttimar eller for resten av dagen.

Rektor sjølv vedtek bortvising etter å ha rådført seg med lærarane til eleven. Før det blir gjort vedtak, skal ein ha vurdert å bruke andre hjelpe- eller refsingstiltak. Foreldra til elevar på klassetrinna 1-7 skal varslast før det blir sett i verk bortvising for resten av dagen.

Merknader til § 2-10:

Generelt: Regelen er i samsvar med § 2-7 i lovutkastet frå utvalet. I tråd med ordninga i gsl. § 16 og § 2-2 i grunnskoleforskrifta i dag gir ikkje regelen nokon sjølvstendig heimel til å vise bort, berre ein heimel for kommunen til å gi reglar om bortvising i ordensreglementet. Slike reglar må vere gitt i ordensreglementet før det kan bli gjort enkeltvedtak om bortvising.

Første leddeter ei avgrensing i forhold til den ordninga som gjeld i dag i gsl. § 16 andre leddet siste punktum.

I formuleringa om at ein elev kan visast bort «frå undervisninga», ligg det at det i mange tilfelle er formålstenleg å gi eleven alternativ opplæring eller eit anna tilbod i den perioden bortvisinga varer.

Andre leddet første punktum er ei vidareføring av det som i dag følgjer av § 2-2 nr. 1 femte leddet i grunnskoleforskrifta. Regelen vil seie at den som fungerer som rektor eller annan leiar for skolen, ikkje kan delegere kompetansen til å vise bort. Ved skolar som ikkje har rektor ligg denne kompetansen hos den læraren som har leiarfunksjonane ved skolen.

Andre leddet andre og tredje punktum er nye i forhold til lovgivinga i dag.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 20.

§ 2-11 Permisjon frå den pliktige opplæringa

Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker.

Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere borte frå skolen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag. Det er eit vilkår for retten at foreldra sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute.

Merknader til § 2-11:

Generelt: Regelen er ny i forhold til lovutkastet frå utvalet. Ein permisjon som er gitt, avkortar retten for eleven til grunnskoleopplæring tilsvarande, på same måten som heimeundervisninga til foreldra.

Første leddet fører vidare den kompetansen kommunen i dag har til å gi permisjon frå den pliktige opplæringa etter grunnskoleforskrifta § 2-1 nr. 5 tredje leddet.

Andre leddetfører vidare gsl. § 13 nr. 8 og lovfester § 2-1 nr. 5 første leddet i grunnskoleforskrifta.

Sjå også vurderingar frå departementet i kapittel 7.

Kapittel 3 Vidaregåande opplæring

§ 3-1 Rett til vidaregåande opplæring

Ungdom som har fullført grunnskolen eller tilsvarande opplæring, har etter søknad rett til tre års heiltids vidaregåande opplæring. Ungdom som har fylt 15 år, søkjer sjølv om inntak til den vidaregåande opplæringa.

Elevar og lærlingar har rett til opplæring i samsvar med denne lova og tilhøyrande forskrifter.

Heile retten må normalt takast ut innan fire år etter at grunnskolen er fullført, og innan fem år når opplæringa heilt eller delvis blir gitt i lærebedrift. Fylkeskommunen kan etter søknad gi eleven eller lærlingen løyve til utsetjing eller avbrot i opplæringa utan at retten tek slutt. Departementet gir forskrifter om kva forhold som skal gi rett til utsetjing eller avbrot.

Elev som etter reglane i kapittel 5 har rett til spesialundervisning, skal så langt som mogleg få vidaregåande opplæring i ytterlegare 2 år når eleven etter sakkunnig vurdering treng det.

Søkjarar har rett til inntak på eitt av tre alternative eittårige grunnkurs som dei har søkt på, og på to års vidaregåande opplæring som byggjer på grunnkurset. Søkjarar som etter kapittel 5 i lova har rett til spesialundervisning, og som på grunnlag av sakkunnig vurdering har særlege behov for eit særskilt grunnkurs, har rett til inntak på dette kurset innanfor ein kvote fastsett av departementet ved forskrift.

Fylkeskommunen skal tilby anna opplæring dersom ein elev eller ein lærling har særlege vanskar med å følgje den opplæringa som er vald.

Departementet gir forskrifter om inntak.

Opplæringa i offentleg vidaregåande skole eller i lærebedrift er gratis. Fylkeskommunen kan påleggje elevane og lærlingane å halde seg med undervisningsmateriell og utstyr til eige bruk som opplæringa til vanleg gjer det nødvendig å ha. Fylkeskommunen kan krevje betaling av elevane for utgifter til å kopiere slikt materiell. Departementet gir nærmare forskrifter.

Merknader til § 3-1:

Første leddeter i hovudsak i samsvar med lovutkastet frå utvalet. Regelen om at retten gjeld tilbod frå fylkeskommunen der søkjarar bur, er teken ut fordi denne retten alt er regulert i § 14-3 i lovutkastet om fylkeskommunen sitt ansvar for vidaregåande opplæring.

Første punktum fører vidare lvgo. § 8 første leddet første punktum. Andre punktum slår fast det som i dag følgjer av av § 2-2 femte leddet i forskrift 10.11.93 nr. 1164 om inntak til vidaregåande opplæring, og klargjer sjølvråderetten til ungdommar i forhold til foreldra. Det vil seie at elevar eller lærlingar i den vidaregåande opplæringa kan ta avgjerder på eiga hand i spørsmål knytte til opplæringa, til dømes samtykkje til spesialundervisning, kursval eller valfag.

Også elevar i private vidaregåande skolar som får statstilskott, bruker av treårsretten.

Andre leddet er i samsvar med lovutkastet frå utvalet. Regelen er blant anna ei vidareføring lvgo. § 15 andre leddet og lfa. § 12 nr. 1. Regelen klargjer at det nærmare innhaldet og omfanget av rettane til eleven eller lærlingen må fastleggjast på bakgrunn av andre reglar i lova og forskrifter om innhald og omfang av det vidaregåande opplæringstilbodet. Sjå også merknadene til § 3-4 første leddet i lovutkastet.

Tredje leddeter i samsvar med § 3-1 fjerde leddet i lovutkastet frå utvalet. Første punktum fører vidare lvgo. § 8 første leddet. Andre punktum er nytt og slår fast det som i dag indirekte følgjer av lvgo. § 8 første leddet andre punktum om at retten «normalt» må takast ut innan fire eller fem år.

Fjerde leddeter i samsvar med § 3-1 femte leddet i lovutkastet frå utvalet og fører i hovudsak vidare lvgo. § 8 fjerde leddet. Regelen er ikkje meint å vere nokon streng avgrensing av kva elevar som fylkeskommunen kan gje opplæring ut over tre år, og omfattar såleis óg elevar frå språklege minoritetar som har særlege språkvanskar.

Femte leddeter i samsvar med § 3-1 sjette leddet i lovutkastet frå utvalet.

Regelen fører vidare lvgo. § 8 andre, tredje og sjette leddet.

Søkjarane har rett til å konkurrere om plass på alle kurs som fylkeskommunen tilbyr der søkjarane bur, også til plassar som er kjøpte i andre fylke, jf. § 14-3 om at det er bustadfylkeskommunen som har ansvaret for å oppfylle rettane. Dessutan har søkjarane rett til å konkurrere om plass på landsdekkjande eller regionale tilbod skipa med heimel i § 14-3 tredje leddet andre punktum i lovutkastet.

Elevar i private vidaregåande skolar som får statstilskott, har den same retten som elevar i offentlege skolar i samband med overgang til fylkeskommunale skolar, med rett til VKI og VKII som byggjer på grunnkurset. Elevane er også omfatta av det ansvaret yrkesopplæringsnemnda har for å formidle lærlingar.

Sjette leddeter i hovudsak i samsvar med § 3-1 sjuande leddet i lovutkastet frå utvalet. Lovutkastet frå departementet er likevel meir generelt enn lovutkastet frå utvalet, men omfattar på same måten som lovutkastet frå utvalet også ei plikt til å tilby eit anna grunnkurs eller eit vidaregåande kurs. Plikta omfattar ikkje anna læreplass.

Regelen fører vidare lvgo. § 8 femte leddet.

Sjuande leddeter i samsvar med § 3-1 åttande leddet i lovutkastet frå utvalet. Regelen fører vidare lvgo. § 7 tredje leddet.

Regelen omfattar også forskrifter om retten til vidaregåande opplæring for elevar med annan bakgrunn enn fullført norsk grunnskole, sml. § 3-1 tredje leddet i lovutkastet frå utvalet. Sjå også vurderingar frå departementet i kapittel 5.

Åttande leddeter i hovudsak i samsvar med § 3-1 niande leddet i lovutkastet frå utvalet. Lovutkastet frå departementet inneheld heimel til å gi nærmare forskrifter.

Regelen er ny, men tek ikkje sikte på å endre gjeldande rett. Prinsippet om gratis opplæring går fram av lvgo. § 35 tredje leddet om forbod mot å ta skolepengar. Ordninga med å påleggje elevar eller lærlingar å halde seg med undervisningsmateriell og utstyr til eige bruk er i dag ikkje særleg lovregulert.

Ein del elevar eller lærlingar med særlege opplæringsbehov har behov for særskilt utstyr for å kunne gjennomføre opplæringa. Det kan i desse tilfella dreie seg om relativt kostnadskrevjande utstyr, som det ikkje er rett at eleven eller lærlingen får pålegg om å dekkje. Med uttrykket «til vanleg» i lovregelen blir det understreka at regelen berre er meint å omfatte utstyr og materiell som ordinært må skaffast, og som ein i dag ventar at elevane eller lærlingane sjølv held seg med. Når det gjeld ansvar for utstyr som ein ikkje kan krevje at eleven eller lærlingen sjølv held seg med, viser departementet til framlegget i Ot.prp. nr. 4 (1996-97) om nye reglar i folketrygdlova.

Forskriftsheimelen etter siste punktum gjeld utfyllande reglar til heile åttande leddet.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapitla 7 og 8.

§ 3-2 Omfanget av den vidaregåande opplæringa i tid

Departementet gir forskrifter om samla tid til opplæring i den vidaregåande opplæringa, også om samla læretid for lærlingar.

Opplæringa i skole skal strekkje seg over minst 38 skoleveker innanfor ei ramme på 45 samanhengande veker i skoleåret.

Fylkeskommunen gir forskrifter om skole- og feriedagar i skoleåret for elevane. Forskrifta skal vere tilpassa avviklinga av nasjonale prøver. Kravet i § 38 første leddet bokstav c i forvaltningslova om kunngjering i Norsk Lovtidend gjeld ikkje.

Departementet kan gi forskrifter om rammer for dagleg skoletid og for pausar for elevane.

Merknader til § 3-2:

Første leddeter i samsvar med lovutkastet frå utvalet og fører vidare lvgo. § 10 bkst. a og lfa. § 18 åttande leddet.

Andre leddeter i hovudsak i samsvar med § 3-2 tredje leddet første punktum i lovutkastet frå utvalet, men stiller fylkeskommunen i utgangspunktet fritt til å fastsetje eit anna tal på undervisningsdagar enn 190, berre dei er fordelt på minst 38 skoleveker og innanfor ei ytre ramme på ikkje meir enn 45 samanhengande veker. Regelen er ny i forhold til lovgivinga i dag.

Forskrifter etter første og fjerde leddet vil likevel i praksis setje grenser for kor fritt fylkeskommunen kan fastsetje talet på undervisningsdagar.

Tredje leddet første og andre punktum er i samsvar med lovutkastet frå utvalet. Reglane er i hovudsak ei vidareføring av lvgo. § 10 andre leddet.

Tredje leddet tredje punktum er nytt i forhold til lovutkastet frå utvalet.

Fjerde leddeter i samsvar med lovutkastet frå utvalet. Regelen er i hovudsak ei vidareføring av lvgo. § 10 bkst. b.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 14.

§ 3-3 Opplæringsordninga for den vidaregåande opplæringa

Den vidaregåande opplæringa skal føre fram til studiekompetanse, yrkeskompetanse, dokumentert delkompetanse eller anna avslutta vidaregåande opplæring.

Opplæringa i skole skal omfatte grunnkurs og vidaregåande kurs i fleire steg. Kvart kurs skal normalt ha lengd som eitt skoleår.

Fagopplæringa omfattar normalt to års opplæring i skole og eitt års opplæring i bedrift. Når opplæring i bedrift blir kombinert med verdiskaping i bedrifta, kan opplæringa strekkje seg over to år.

Dersom fylkeskommunen ikkje kan formidle opplæring i bedrift til dei som ønskjer slik opplæring, må også bedriftsdelen av opplæringa skje i skole.

Vidaregåande skolar skal gi tilbod om teoriopplæring for lærlingar og om kortare kurs.

Departementet kan gi forskrifter om avvik frå denne opplæringsordninga for særskilde, små fag, for lærlingar som ikkje fell inn under § 3-1 og for lærlingar med særskilde behov. Departementet gir forskrifter om kva fag som skal ha læretid i bedrift.

Merknader til § 3-3:

Første leddeter i samsvar med § 3-3 første leddet i lovutkastet frå utvalet, og fører vidare lvgo. § 3 første leddet.

Andre til fjerde leddeter nye i forhold til lovutkastet frå utvalet. Reglane fører i hovudsak vidare lvgo. § 3 tredje og sjette leddet og lfa. § 1 b andre og tredje leddet.

Femte leddeter i samsvar med § 3-3 tredje leddet i lovutkastet frå utvalet, og fører vidare lvgo. § 3 fjerde leddet.

Sjette leddet første punktum er nytt i forhold til lovutkastet frå utvalet. Regelen opnar blant anna for unntak i tråd med det som i dag følgjer av lfa. §§ 1b femte og sjette leddet og 10 femte og sjette leddet.

Sjette leddet andre punktum er i samsvar med delar av § 3-3 andre leddet i lovutkastet frå utvalet. Regelen fører vidare kompetansen til departementet etter lfa. § 2.

Sjå også vurderingane til departementet i kapittel 11.

§ 3-4 Innhald og vurdering i den vidaregåande opplæringa

Departementet gir forskrifter om kurstilbod, fag- og timefordeling og om læreplanar som fastset innhaldet i opplæringa og korleis opplæringa skal gjennomførast. Departementet gir forskrifter om vurdering av elevar og lærlingar og om klage på vurdering.

Elevane og lærlingane skal vere aktivt med i opplæringa. Undervisningspersonalet skal tilretteleggje og gjennomføre opplæringa i samsvar med læreplanar gitt etter lova her. Rektor skal organisere skolen i samsvar med forskrifter etter første leddet og i samsvar med §§ 1-2 og 3-3 og forskrifter etter § 1-3.

Departementet kan etter søknad frå fylkeskommunen gi ein skole løyve til avvik frå forskrifter om læreplanar. Før slikt løyve blir gitt, må det liggje føre fråsegn frå skoleutvalet.

Merknader til § 3-4:

Første leddeter i hovudsak i samsvar med § 3-3 andre leddet i lovutkastet frå utvalet. Heimelen for departementet til å fastsetje læretid i bedrifter er flytt til § 3-3 sjette leddet i lovutkastet.

Første punktum i regelen fører vidare lvgo. § 5 første leddet og lfa. § 18 første leddet. Utkastet fører også vidare heimelen for departementet i lvgo. § 10 til å fastsetje timefordelinga. Andre punktum i regelen fører vidare lvgo. § 6 første leddet og lfa. § 19 åttande leddet, jf. lfa §§ 22 og 23 sjette leddet.

Heimelen omfattar også forskrifter om særskild språkopplæring, som mellom anna teiknspråkopplæring, finskopplæring og samisk opplæring, samt læreplanar og vurdering innanfor opplæring spesielt organisert for vaksne (sjå § 1-1).

Forskriftsheimelen om elevvurdering omfattar også sensorarbeid, blant anna plikter for personalet, samt dei øvrige delane av den praktiske gjennomføringa av prøvar og eksamenar og korleis vitnemål skal førast. Dessutan kan det fastsetjast at retten til vurdering i samsvar med forskriftene (sjå § 3-1 andre leddet) krev eit visst oppmøte. Heimelen omfattar også klage på vurderingar, blant anna forskrifter som vik av frå forvaltningslova.

Etter den generelle regelen i § 3-1 andre leddet i lovutkastet har elevane blant anna rett til opplæring i samsvar med forskrifter etter første leddet om innhaldet i opplæringa. Elevane har i denne samanhengen ikkje absolutt rett til å nå måla i læreplanane, men skal få ei opplæring som er eigna til å gjere dei i stand til å nå dei måla som planane fastset. For elevar som får spesialundervising gjeld likevel enkelte særreglar, sjå kapittel 5 i lovutkastet.

Andre leddet er i samsvar med § 3-3 fjerde leddet i lovutkastet frå utvalet. Første punktum i regelen fører vidare lvgo. § 15 tredje og fjerde leddet og lfa. § 12 nr. 2. Andre og tredje punktum i regelen fører i hovudsak vidare lvgo. § 20, første leddet.

Skolen skal organisere og gjennomføre opplæringa slik at elevane har høve til å delta aktivt. Det er ein føresetnad at opplæringa i skolen er i samsvar med læreplanane. Regelen er ikkje til hinder for at enkeltelevar på grunn av sjukdom eller funksjonshemming blir fritekne for visse delar av opplæringstilbodet eller får det i ei anna form.

Reglane er ikkje meint å vere nokon uttømmande opprekning av pliktene til personalet ved skolen.

Læreplanane er også forpliktande for fylkeskommunen. Pliktene følgjer av det generelle ansvaret fylkeskommunane har for opplæringsverksemda, jf. § 14-3. Fylkeskommunen skal såleis organisere og sørgje for nok ressursar til opplæringsverksemda, slik at kvar enkelt elev får opplæring i samsvar med læreplanane.

Pliktene til personalet og leiinga er avgrensa av dei ressursrammene og organisatoriske rammene som arbeidsgivaren set.

Tredje leddeter i samsvar med § 3-3 femte leddet i lovutkastet frå utvalet. Regelen fører vidare lvgo. § 5 andre leddet. Det blir presisert at det er skoleutvalet som skal gi slik fråsegn, sml. § 2-3 fjerde leddet.

Sjå også vurderingane til departementet i kapittel 11.

§ 3-5 Fag- og sveineprøve utan læreforhold og skole

Det er mogleg å ta fag- og sveineprøva på grunnlag av allsidig praksis i faget som er 25 % lengre enn den fastsette læretida. Fylkeskommunane ved yrkesopplæringsnemnda avgjer om den praksisen eleven viser til, kan godkjennast, og kan i særlege tilfelle godkjenne kortare praksis.

Merknader til § 3-5:

Regelen er ny i forhold til lovutkastet frå utvalet og fører vidare lfa. § 20, første og tredje leddet.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 11.

§ 3-6 Oppfølgingstenesta

Fylkeskommunen skal ha ei oppfølgingsteneste for ungdom som har rett til opplæring etter § 3-1, og som ikkje er i opplæring eller i arbeid. Tenesta omfattar også ungdom som har tapt opplæringsretten etter § 3-8 eller § 4-6.

Departementet gir forskrifter om oppgåvene til oppfølgingstenesta.

Merknader til § 3-6:

Lovutkastet frå departementet er i hovudsak i samsvar med § 3-4 i lovutkastet frå utvalet. Regelen fører vidare lvgo. § 11a og § 16 andre leddet femte punktum og lfa. § 16 femte leddet andre punktum.

§ 3-7 Ordensreglement og liknande

Fylkeskommunen skal gi forskrifter om ordensreglement for den enkelte vidaregåande skolen. Reglementet skal gi reglar om rettane og pliktene til elevane så langt dei ikkje er fastsette i lov eller på ein annan måte. Reglementet skal innehalde reglar om åtferd, reglar om kva for tiltak som skal kunne brukast mot elevar som bryt reglementet og reglar om framgangsmåten når slike saker skal behandlast.

Ordensreglementet skal gjerast kjent for elevane og foreldra. Kravet i § 38 første leddet bokstav c i forvaltningslova om kunngjering i Norsk Lovtidend gjeld ikkje.

Fysisk refsing eller anna krenkjande behandling må ikkje nyttast.

Før det blir teke avgjerd om refsing, blant anna om bortvising eller tap av rettar, skal eleven ha høve til å forklare seg munnleg for den som skal ta avgjerda.

Merknader til § 3-7:

Generelt: Regelen er i samsvar med § 3-5 i lovutkastet frå utvalet.

Første leddetfører vidare kravet om ordensreglement i lvgo. § 15. Regelen klargjer forholdet til reglane om forskrifter i forvaltningslova, sjå også andre leddet om kunngjering.

Ein går ut frå at dei fleste fylkeskommunane finn det mest formålstenleg å delegere fullmakta anten til eit folkevalt organ med særleg ansvar for skolar eller til eit organ på skolane. Fylkeskommunen kan i den samanhengen fastsetje normalreglar eller liknande som skolen som hovudregel skal halde seg innanfor. Fylkeskommunen kan også velje å fastsetje generelle forskrifter som inneheld det same ordensreglementet for alle skolane i fylkeskommunen.

Refsingstiltak som ikkje går fram av ordensreglementet, kan ikkje brukast.

Andre og tredje leddeter nye i forhold til lovgivinga i dag.

Fjerde leddeter nytt i forhold til lovgivinga i dag og omfattar alle refsingstiltak, også bortvising etter § 3-8.

Avgjerda må praktiserast etter om det er tale om meir alvorlege regelbrot og refsingstiltak eller mindre alvorlege forhold. Regelen krev såleis ikkje nokon omstendeleg prosedyre før ei munnleg irettesetjing frå læraren. Men det er ein føresetnad at hovudprinsippet om retten for eleven til å forklare seg er sikra gjennom den utvekslinga av synspunkt og påstandar som i regelen går før ei munnleg irettesetjing.

Regelen er ikkje uttømmande i forhold til kva for saksbehandlingsreglar som gjeld, jf. forvaltningslova.

§ 3-8 Bortvising og tap av rettar

Fylkeskommunen kan fastsetje i ordensreglementet at elevar som alvorleg eller fleire gonger bryt reglementet, kan visast bort i inntil fem dagar. Rektor sjølv vedtek å vise bort ein elev etter leddet her etter å ha rådført seg med lærarane til eleven.

Når ein elev vedvarande har vist ei framferd som i alvorleg grad går ut over orden og arbeidsro på skolen, eller når ein elev alvorleg forsømmer pliktene sine, kan eleven visast bort frå resten av det grunnkurset eller vidaregåande kurset eleven er teken inn på. I samband med eit vedtak om bortvising for resten av lengda på kurset kan fylkeskommunen også vedta at eleven skal miste retten til vidaregåande opplæring etter § 3-1. Fylkeskommunen kan ikkje overlate til eit organ på skolen å treffe vedtak etter leddet her om bortvising eller tap av retten til vidaregåande opplæring.

Før det blir gjort vedtak om bortvising eller tap av rettar, skal ein vurdere om det er mogleg å bruke andre hjelpe- eller refsingstiltak.

Merknader til § 3-8:

Generelt: Regelen er i samsvar med § 3-6 i lovutkastet frå utvalet.

Første leddetfører vidare punkt B 9 b i forskrifter av 18.08.1978 nr. 2 om skolereglement. Regelen gir ikkje nokon sjølvstendig heimel til å vise bort, berre ein heimel for fylkeskommunen til å gi reglar om bortvising i ordensreglementet. Slike reglar må vere gitt i ordensreglementet før ein gjer noko enkeltvedtak om bortvising. Regelen klargjer at det er rektor som skal gjere vedtak om bortvising, og at denne kompetansen ikkje kan delegerast.

Andre leddet første og andre punktum fører i hovudsak vidare lvgo. § 16 andre leddet og gir i motsetnad til først leddet ein sjølvstendig heimel for bortvising.

Regelen klargjer at bortvisinga gjeld for resten av lengda på det kurset eleven er teken inn på.

Den fylkeskommunale oppfølgingstenesta har også ansvar for elevar som har mist heile eller delar av retten til vidaregåande opplæring, jf. § 3-6 i lovutkastet.

Andre leddet tredje punktumer nytt i forhold til lovgivinga i dag. Kompetansen til å gjere vedtak om bortvising for resten av lengda på kurset blir flytt frå rektor til fylkeskommunen, og det blir sett forbod mot å delegere kompetansen til eit organ på skolen.

Tredje leddeter i hovudsak ei vidareføring av lvgo. § 16 første leddet.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 20.

Kapittel 4 Vidaregåande opplæring i bedrift

§ 4-1 Kven som er lærling

Lærling er etter denne lova den som har skrive ein lærekontrakt med sikte på fagprøve eller sveineprøve i fag som har læretid etter forskrifter gitt med heimel i § 3-4.

Merknader til § 4-1:

Lovutkastet frå departementet er i samsvar med lovutkastet frå utvalet og fører vidare lfa. § 3 første leddet.

Regelen krev lærekontrakt mellom lærlingen og lærebedrifta. Ungdom som får avsluttande fagopplæring i skole, er såleis elevar etter lova, jamvel om dei får opplæring med sikte på fag- eller sveineprøve.

§ 4-2 Særlege rettar og plikter for lærlingen

Lærlingen er arbeidstakar i lærebedrifta, med dei rettane og pliktene som følgjer av lover og tariffavtalar, jf. likevel § 4-6 siste leddet.

Når læretida er over, fell også arbeidsavtalen bort. Dersom lærlingen skal halde fram i bedrifta, må ein ny arbeidsavtale bli inngått.

Lærlingar skal ha same tilgang på pedagogisk-psykologisk teneste som elevar i vidaregåande skole.

Merknader til § 4-2:

Generelt: Lovutkastet frå departementet er i samsvar med lovutkastet frå utvalet.

Første leddetfører vidare lfa. § 17 første leddet.

Lærlingane er omfatta av reglane i lov 4. februar 1977 nr. 4 om arbeidervern og arbeidsmiljø mv., med unntak av reglane om stillingsvern i §§ 56 flg. Sjå likevel § 4-5 tredje leddet.

Andre leddet fører i hovudsak vidare lfa. § 17 andre leddet. Det er presisert at arbeidsavtalen alltid fell bort når læretida blir avslutta.

Tredje leddet er nytt i forhold til lovutkastet frå utvalet. Regelen fører vidare lfa. § 13 femte leddet.

§ 4-3 Godkjenning av lærebedrift

Bedrifter som tek på seg opplæring av éin eller fleire lærlingar, må vere godkjende av yrkesopplæringsnemnda, jf. § 12-3. Som lærebedrift kan godkjennast enkeltbedrifter, offentlege etatar eller institusjonar og organ for samarbeid mellom bedrifter som i fellesskap tek på seg opplæringsansvar (opplæringskontor eller opplæringsring).

Ei lærebedrift må kunne gi ei opplæring som tilfredsstiller krava i forskrifter etter § 3-4 om innhaldet i opplæringa og ha ein fagleg kvalifisert person som har ansvaret for og tilsynet med opplæringa (fagleg leiar). Departementet kan gi nærmare forskrifter om vilkår for godkjenning av lærebedrifter.

Merknader til § 4-3:

Første leddeter i samsvar med lovutkastet frå utvalet. Ordlyden er endra med omsyn til omgrepa opplæringskontor og opplæringsring.

Eit opplæringskontor er eit organ for samarbeid mellom bedrifter om opplæring der det blir skipa ein ny juridisk person som er kontraktpart for lærlingane. Arbeidsgivaransvaret ligg i den bedrifta der lærlingen til kvar tid er plassert. Ein opplæringsring er eit organ for samarbeid mellom bedrifter om opplæring der arbeidsgivaren og partane i lærekontrakten er éi av bedriftene, men der delar av opplæringa skjer i ei anna bedrift. Lovutkastet frå departementet klargjer at desse forholda blir rekna som eit samarbeid mellom bedrifter og ikkje som ei samanslutning av bedrifter.

Skolar kan godkjennast som lærebedrifter når dei verkar som bedrifter, til dømes som arbeidsgivarar for elevassistentar i eit læreforhold. I andre samanhengar kan ein skole ikkje godkjennast som lærebedrift.

Ein skole kan likevel gi støtte på administrativt og rådgivande plan i ein opplæringsring eller i eit opplæringskontor. Skolen kan i denne samanhengen ikkje ta på seg arbeidsgivaransvaret for lærlingen.

Andre leddet er i hovudsak i samsvar med lovutkastet frå utvalet. Lovutkastet frå departementet er i større grad tilpassa praksis når det gjeld krav til fagleg leiar ved lærebedrifta. Lovutkastet frå departementet opnar såleis for at den faglege leiaren også kan vere kvalifisert på bakgrunn av praksis, ikkje berre på bakgrunn av utdanning slik lovutkastet frå utvalet kan tyde på. Det kan vere aktuelt for opplæring i nye fag eller andre særlege tilfelle når den faglege leiaren har lang, allsidig og relevant praksis.

Lovutkastet frå departementet klargjer også i større grad kva som er oppgåvene til den faglege leiaren.

Reglane i § 4-3 i lovutkastet fører i hovudsak vidare lfa. § 4.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 21.

§ 4-4 Rettane og pliktene til lærebedrifta m.m.

Opplæringa skal skje i samsvar med den fastsette læreplanen. Lærlingen skal få fri til å gjennomføre teoriopplæringa utanfor lærebedrifta. For fag med teorikrav ut over grunnkurs og vidaregåande kurs I må lærebedrifta dekkje kostnadene for tilleggsopplæringa.

Lærebedrifta skal leggje vekt på å skape eit godt arbeids- og læremiljø. Arbeids- og skoletida til lærlingen skal til saman ikkje vere lengre enn den arbeidstida som gjeld for andre arbeidstakarar i faget.

Lærebedrifta melder lærlingen til den fagprøva eller sveineprøva som blir halden nærmast den tida da læretida er ute. Lærebedrifta stiller nødvendig arbeidsplass, materiale, reiskapar og assistenthjelp til rådvelde under prøva. Lærebedrifta får eigedomsretten til produktet. Dersom fagprøva eller sveineprøva blir teken på ein skole og skolen dekkjer materialutgiftene, får skolen eigedomsretten til produktet av prøva.

Dersom lærebedrifta stansar eller utviklar seg på ein slik måte at ho ikkje lenger finn det mogleg å gi lærlingen tilfredsstillande opplæring, skal ho melde frå til yrkesopplæringsnemnda.

Lærebedrifter får tilskot frå fylkeskommunen etter forskrifter gitt av departementet.

Merknader til § 4-4:

Første og andre leddet og tredje leddet første og andre punktum er i samsvar med lovutkastet frå utvalet.

Etter § 3-4 første leddet kan departementet gi forskrifter om fag- og sveineprøver, også om den praktiske gjennomføringa av slike prøvar. Dette omfattar mellom anna heimel til å regulere lokaliseringa av prøvene, til dømes ved felles prøvestasjon. Også når prøvene er lokaliserte utanfor lærebedrifta, gjeld regelen i tredje leddet andre punktum.

Tredje leddet tredje og fjerde punktum er nytt i forhold til lovutkastet frå utvalet og i forhold til lovgivinga i dag.

Der det ikkje kan skaffast lærlingplass for elevane, skal fylkeskommunen gi opplæring i skole. I slike tilfelle tek lærlingane fag- eller sveineprøva på skolen. I tråd med regelen om prøve i bedrift har skolen i slike tilfelle eigedomsretten til prøvestykket. Men når prøvekandidaten sjølv dekkjer materialutgiftene, har han eller ho eigedomsretten til prøvestykket.

Eigedomsretten for bedrifta og skolen til prøvestykket er avgrensa av eit krav om at prøvestykket skal oppbevarast uendra med sikte på dokumentasjon i samband med ei eventuell klage på prøvevurderinga. Dette forholdet er også omfatta av heimelen til å gi forskrifter om fag- og sveineprøver i § 3-4 første leddet i lovutkastet.

Fjerde leddeter i samsvar med lovutkastet frå utvalet.

Femte leddeter i samsvar med lovutkastet frå utvalet.

Med unntak av ei presisering av regelen om opplæringsansvaret for lærebedrifta er reglane i § 4-4 i lovutkastet elles ei vidareføring av lfa. § 11 og 24.

Opplæringsplikta til lærebedriftene stemmer etter dette med opplæringsretten til lærlingane, jf. § 3-1 andre leddet i lovutkastet med merknader, og er likelydande med dei tilsvarande pliktene som ligg på fylkeskommunen i samband med skoletilbodet.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 21.

§ 4-5 Lærekontrakt

Det skal opprettast skriftleg lærekontrakt mellom lærebedrifta og lærlingen når læreforholdet tek til.

For å bli gyldig må kontrakten godkjennast av yrkesopplæringsnemnda, jf. § 12-3, og han får da verknad frå den tida arbeidsforholdet tek til. Departementet kan gi nærmare forskrifter om innhaldet i og forma på kontrakten.

Lærlingar som har fylt 21 år og som inngår lærekontrakt med full opplæring i bedrift, jf. § 3-3 sjette leddet, skal ha ei prøvetid på seks månader. Skriftleg lærekontrakt må opprettast seinast ein månad etter at læreforholdet tok til. I prøvetida kan både lærebedrifta og lærlingen seie opp læreforholdet. Reglane i lov 4. februar 1977 nr. 4 om arbeidervern og arbeidsmiljø m.v. §§ 58 og 63 gjeld også når lærlingen ikkje er skriftleg tilsett på ei bestemt prøvetid.

Det er ikkje nødvendig med samtykke frå verje når det blir skrive lærekontrakt.

Merknader til § 4-5:

Generelt: Lovutkastet frå departementet er i samsvar med lovutkastet frå utvalet.

Første leddetfører vidare lfa. § 10 første leddet. Regelen skal omfatte alle lærlingar, sml. lfa. § 10 andre leddet.

Lærlingar er omfatta av arbeidsmiljølova, med unntak av stillingsvernreglane. Lærlingane er dermed også omfatta av reglane om skriftleg arbeidskontrakt i §§ 55B og 55C i arbeidsmiljølova. Etter § 55 B, første leddet i arbeidsmiljølova skal det liggje føre skriftleg arbeidsavtale seinast éin månad etter at arbeidsforholdet tek til.

Ingen lærlingar kan ha prøvetid, heller ikkje i forhold til dei allmenne reglane om prøvetid i arbeidsmiljølova.

Andre leddet første punktum fører vidare lfa. § 10 tredje leddet tredje punktum.

Andre leddet andre punktum fører vidare lfa. § 10 tredje leddet første punktum. § 10 tredje leddet andre punktum blir ikkje ført vidare, men tilsvarande regel kan fastsetjast i forskrifter. Tredje leddet er nytt i forhold til lovutkastet frå utvalet, og fører vidare lfa. § 10 andre og fjerde leddet. Prøvetid kan ikkje brukast for andre lærlingar.

Fjerde leddeter nytt.

§ 4-6 Endring og heving av lærekontrakt

Lærekontrakten kan hevast av partane dersom dei er samde om det og etter at lærebedrifta har orientert yrkesopplæringsnemnda skriftleg om det, jf. § 12-3.

Etter samtykke frå yrkesopplæringsnemnda kan kontrakten hevast av både lærebedrifta og av lærlingen dersom

  1. A.

    den andre parten gjer seg skyldig i vesentlege brot på pliktene sine i arbeidsforholdet

  2. B.

    lærlingen eller lærebedrifta viser seg ute av stand til å halde fram i læreforholdet, eller

  3. C.

    lærlingen skriftleg seier frå at det er ei urimeleg ulempe for han eller ho å halde fram ut kontrakttida

Yrkesopplæringsnemnda avgjer i tilfelle når læreforholdet skal ta slutt. Lærebedrifta skal skrive ut ein attest for den delen av kontrakttida som er gjennomført med ei fråsegn om denne delen av opplæringa.

Når lærlingen frivillig hevar lærekontrakten, fell retten til vidaregåande opplæring etter § 3-1 bort dersom yrkesopplæringsnemnda ikkje vedtek noko anna. Når det blir gjort vedtak om å heve ein lærekontrakt etter krav frå lærebedrifta, beheld lærlingen retten til vidaregåande opplæring med mindre vedtaket fastset at retten fell bort.

Før det blir gjort vedtak om heving etter krav frå lærebedrifta eller før det blir gjort vedtak om tap av rettar, skal lærlingen kunne forklare seg munnleg for den som skal gjere vedtaket.

Etter samtykke frå yrkesopplæringsnemnda kan læretida avbrytast i samband med permisjon.

Dersom lærebedrifta stansar eller ikkje lenger fyller vilkåra for godkjenning etter § 4-3, eller dersom yrkesopplæringsnemnda finn at opplæringa ikkje er tilfredsstillande, skal nemnda medverke til å skaffe lærlingane ny læreplass for resten av læretida. Den nye lærebedrifta går inn i lærekontrakten i staden for den tidlegare lærebedrifta. Etter samtykke frå fylkeskommunen kan læretida i den nye lærebedrifta gjerast inntil eitt år lengre dersom lærlingen har fått mangelfull opplæring.

Læreforholdet kan ikkje endrast eller hevast på annan måte enn etter denne paragrafen. Unntak gjeld for lærlingar som har prøvetid etter § 4-5 tredje leddet.

Merknader til § 4-6:

Første leddeter i samsvar med lovutkastet frå utvalet og fører vidare lfa. § 16 første leddet.

Andre leddet er i samsvar med lovutkastet frå utvalet og fører vidare lfa. § 16 andre leddet. Ei mindre endring i ordlyden klargjer at vilkåra er alternative. I samband med vurderinga av om det skal givast samtykke, skal yrkesopplæringsnemnda ta stilling til om eitt av vilkåra er oppfylt.

Regelen kan blant anna brukast dersom lærebedrifta går konkurs og drifta tek slutt.

Samtykke frå yrkesopplæringsnemnda til heving og vedtak om tap av rettar må reknast som enkeltvedtak med den følgje at reglane i kapittel IV-VI i forvaltningslova kan brukast. Departementet er klageinstans for enkeltvedtak om tap av rettar, jf. § 16-2 andre leddet.

Tredje leddeter i samsvar med lovutkastet frå utvalet og fører vidare lfa. § 16 tredje leddet andre og tredje punktum. Kompetansen for yrkesopplæringsnemnda til å fastsetje tidspunktet for når læreforholdet tek slutt, gjeld berre i forhold til heving etter andre leddet. Plikta for lærebedrifta etter andre punktum er meint å gjelde heving både etter første og andre leddet.

Fjerde leddeter i samsvar med lovutkastet frå utvalet og fører vidare lfa. § 16 femte leddet og sjette leddet første punktum.

Tap av rettane etter lvgo. § 8 vil ikkje seie at eleven er utestengd frå den vidaregåande opplæringa for alltid, berre at eleven taper den uavgrensa retten til vidaregåande opplæring som ligg i lvgo. § 8. Eleven kan søkje om plass i den vidaregåande skolen i konkurranse med andre som ikkje har rettar etter lvgo. § 8, og han kan få tildelt ny læreplass. Oppfølgingstenesta vil framleis ha ansvar for eleven sjølv om rettane etter lovutkastet § 3-1 er mista.

Femte leddeter i samsvar med lovutkastet frå utvalet. Regelen er ny i forhold til lovgivinga i dag. Retten til å forklare seg munnleg vil berre gjelde der det blir gjort vedtak om å heve ein lærekontrakt etter krav frå lærebedrifta og tap av rettar i samband med dette.

Sjette leddeter i samsvar med lovutkastet frå utvalet og fører vidare lfa. § 15 første leddet.

Departementet går ut frå at yrkesopplæringsnemnda er relativt restriktiv når det gjeld å godkjenne permisjonar. I vurderinga av lengda på permisjonstida må ein ta omsyn til endringar i læreplanar og fagsamansetjingar, og til ei rimeleg avviklingstid for læreforholdet.

Sjuande leddeter i samsvar med lovutkastet frå utvalet og fører vidare lfa. § 15 andre leddet første, tredje, fjerde og femte punktum.

Første punktum i regelen vil ikkje seie rett til ny læreplass.

Andre punktum tillèt nødvendige tilpassingar av lærekontrakten etter avtale mellom lærebedrifta og lærlingen og etter godkjenning frå yrkesopplæringsnemnda.

Åttande leddeter i hovudsak i samsvar med lovutkastet frå utvalet, men viser også til særlege reglar for lærlingar med prøvetid. Regelen er ny i forhold til lovgivinga i dag.

§ 4-7 Tilsyn i den enkelte lærebedrifta

Éin eller fleire representantar for arbeidstakarane skal saman med den faglege leiaren føre tilsyn i lærebedrift med at

  • opplæringsforholda i lærebedrifta er tilfredsstillande

  • det blir skrive lærekontraktar

  • læreplanane for faga blir følgde

  • lærlingane får den teoriopplæringa dei har krav på

Merknader til § 4-7:

Lovutkastet frå departementet er i samsvar med lovutkastet frå utvalet og fører vidare lfa. § 8.

§ 4-8 Straff

Den som grovt forsømmer sitt opplæringsansvar eller tilset lærling utan å inngå skriftleg lærekontrakt eller unnlet å leggje lærekontrakten fram for yrkesopplæringsnemnda for godkjenning, kan straffast med bøter.

Merknader til § 4-8

Regelen er ny i forhold til lovutkastet frå utvalet og fører vidare § 14 i lov om fagopplæring i arbeidslivet.

Kapittel 5 Spesialundervisning for barn, unge og vaksne

§ 5-1 Rett til spesialundervisning

Elevar som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning.

I vurderinga av kva for opplæringstilbod som skal givast, skal det særleg leggjast vekt på utviklingsutsiktene til eleven. Opplæringstilbodet skal ha eit slikt innhald at det samla tilbodet kan gi eleven eit forsvarleg utbytte av opplæringa i forhold til andre elevar og i forhold til dei opplæringsmåla som er realistiske for eleven. Elevar som får spesialundervisning, skal ha det same totale undervisningstimetalet som gjeld andre elevar, jf. § 2-2 og § 3-2.

Merknader til § 5-1:

Generelt: Regelen fører vidare den retten som gjeld idag til spesialundervisning i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa, og erstattar reglane i gsl. § 8 nr. 1 og i lvgo. § 11 første leddet om spesialundervisning.

Retten til spesialundervisning i vidaregåande opplæring etter denne regelen gjeld både elevar med rett til vidaregåande opplæring etter § 3-1 i lovutkastet og elevar som er tatt inn til vidaregåande opplæring utan å vere omfatta av retten, jf. § 14-3 andre leddet.

Også elevar som ikkje har rett til vidaregåande opplæring, men som likevel er tekne inn på vidaregåande opplæring, har same retten til spesialundervisning i den tida opplæringa varer.

At spesialundervisning skal givast som ein rett til den enkelte, vil seie at eit opplæringstilbod på det minstenivået lova nemner, blir halde utanfor den fridommen kommunane har til å gjere økonomiske prioriteringar. Kommunen eller fylkeskommunen kan da ikkje lovleg avslå eit krav om spesialundervisning med den grunngivinga at det ikkje er sett av midlar til dette i kommunebudsjettet.

Retten etter § 5-1 gjeld opplæring, ikkje behandling. Det som skal reknast som opplæring etter den nye opplæringslova, er opplæring gitt under leiinga og ansvaret til skolen og på bakgrunn av opplæringsplanen for skolen.

Første leddet er i samsvar med lovutkastet frå utvalet.

Spørsmålet om vilkåra for spesialundervisning ligg føre, skal avgjerast etter ei konkret vurdering av om elevane får tilfredsstillande utbytte av den ordinære opplæringa. Om ein elev skal få spesialundervisning, er derfor eit stykke på veg avhengig av kva kommunen har sett inn av organisatoriske og pedagogiske differensieringstiltak innanfor den ordinære opplæringa, slik også ordninga er i dag.

Det er ikkje noko eintydig kriterium kva som er tilfredsstillande utbytte, men spørsmålet må vurderast ut frå ei avveging ut frå skjønn. Dersom eleven i det heile ikkje har noko konkret utbytte av den ordinære opplæringa, er vilkåret oppfylt. Det er likevel sjeldan eleven anten har fullt utbytte eller ikkje noko utbytte i det heile. Som regel har eleven større eller mindre utbytte av opplæringa. I at utbyttet skal vere tilfredsstillande, ligg det derfor at eleven kan ha rett til spesialundervisning også der han har eit visst utbytte av opplæringa.

For elevar som alt har eit visst utbytte av den ordinære opplæringa, kan det i somme tilfelle vere nok at eleven får spesialundervisning i nokre timar i veka eller for ein kort periode, eller at han får hjelp i form av ekstra lærar, assistent eller på annan måte, jf. andre og tredje punktum. For elevar som har svært lite eller i det heile ikkje utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, må derimot heile opplæringa leggjast særskilt til rette.

Elevar som har føresetnader for å lære raskare og meir enn gjennomsnittet, har ikkje rettar etter kapittel 5 i lovutkastet. Men særleg evnerike elevar er omfatta av det generelle målet om elevtilpassa opplæring, jf. § 1-2 tredje leddet i lovutkastet. I den grad den ordinære opplæringssituasjonen gir rom for det, må ein derfor også sikre dei særlege føresetnadene og behova til desse elevane.

Ei rekkje funksjonshemma elevar har behov for særskilt utstyr eller særskilde hjelpemiddel for å kunne ta imot opplæring. I den grad slikt utstyr er spesifikt knytt til opplæringa, må det vere den som har ansvaret for opplæringa, som også må sjå til at slikt utstyr er tilgjengeleg for eleven. Sjå framlegget i Ot. prp. nr. 4 (1996-97) om endringar i folketrygdlova. Sjå også § 9-3 i lovutkastet.

Lovutkastet frå departementet inneheld ikkje noka plikt for eleven til å ta imot spesialundervisning. Funksjonshemma elevar er likevel omfatta av den ordinære opplæringsplikta etter § 2-1 i lovutkastet og må følgje ordinær opplæring dersom dei ikkje får spesialundervisning. Sjå også merknadene til § 8-1 i lovutkastet.

Reglane i § 5-1 første ledd og andre ledd, første og andre punktum i lovutkastet vil seie at det nærmare innhaldet i og omfanget av retten til spesialundervising i hovudsak er avhengig av ei totalvurdering gjord ut frå skjønn. I og med at skjønnskriteria i lova gir ein peikepinn om ei konkret vurdering, er dei momenta i vurderinga som lova uttrykkjeleg nemner, ikkje uttømmande. Det kan tenkjast forhold som ein bør eller som ein kan leggje vekt på, jamvel om lova ikkje uttrykkjeleg nemner dei. Det gjeld til dømes det utbyttet eleven har av tidlegare opplæringstilbod.

Andre leddet, første punktum er i samsvar med lovutkastet frå utvalet.

Andre leddet andre punktumer i samsvar med lovutkastet frå fleirtalet i utvalet, men ordlyden er endra i tråd med framlegget frå mindretalet i utvalet. Det omfattar inga realitetsendring i forhold til lovutkastet frå fleirtalet i utvalet.

Prinsippet om likeverdig opplæring er framleis utgangspunktet for vurderinga av innhaldet i retten til spesialundervisning. Det vil seie at elevar med behov for spesialundervisning har krav på eit opplæringstilbod som er likeverdig med det tilbodet andre elevar får.

Med bakgrunn i at det tilbodet andre elevar får, kan variere både på den enkelte skolen og i kommunen, kan ein ikkje generelt fastslå kva som skal leggjast i samanlikningsgrunnlaget «andre elevar». I praksis er standarden på den ordinære undervisninga på den skolen eleven går på, det mest formålstenlege samanlikningsgrunnlaget. Men det kan også vere aktuelt å samanlikne med heile elevgrupper innanfor kommunen, fylket eller - for enkelte små grupper - heile landet. I og med at det her som regel er tale om opplæring som ikkje kan vurderast etter ein felles målestokk, må ei slik samanlikning nødvendigvis gjerast ut frå skjønn.

Ein må dessutan forstå prinsippet slik at eit opplæringstilbod er likeverdig - og dermed i tråd med § 5-1 i lovutkastet - når den funksjonshemma har omtrent dei same sjansane for å nå dei måla som er realistiske å setje for han, som andre elevar har for å realisere sine mål med det ordinære opplæringstilbodet.

På same måten som for ordinære elevar kan tilbodet formast ut under eit visst omsyn til kva for pedagogiske og økonomiske ressursar som står til disposisjon. På den andre sida er det ikkje utan vidare nok til å oppfylle kravet om likeverd at like store ressursar blir sette inn som for andre elevar. For å gi funksjonshemma elevar eit opplæringstilbod som gir dei sjansen til å realisere måla sine, er det i dei fleste tilfella nødvendig å setje inn større ressursar enn for den ordinære opplæringa.

Andre leddet tredje punktumer i samsvar med vurderingane frå utvalet og klargjer omfanget av opplæringsretten i forhold til lovgivinga i dag.

At timetalet er særleg nemnt, vil ikkje seie at andre krav i lova ikkje gjeld for slik opplæring. Somme reglar er særleg viktige for innhaldet i tilbodet, sjå § 5-5 i lovutkastet om bruk av læreplanen og § 9-3 første leddet i lovutkastet om retten for elevane til ein tilpassa arbeidsplass. Også dei andre delane av lovutkastet gjeld for elevar som får spesialundervisning, dersom det ikkje går fram klart av samanhengen at regelen ikkje skal gjelde.

Retten for elevane til opplæring i samsvar med undervisningstimetalet høyrer inn under dei same avgrensingane som rettane for andre elevar på dette området. Sjå merknadene til § 2-2 i lovutkastet.

Dersom kommunen eller fylkeskommunen fastset eit høgare timetal for andre elevar i kommunen eller i fylkeskommunen, skal det også gjelde for elevar som får spesialundervisning.

Regelen er ikkje til hinder for at vidaregåande opplæring blir gitt ut over dei tre åra eleven vanlegvis skal gå i vidaregåande opplæring. Dersom omsynet til eleven gjer dette ønskjeleg og fylkeskommunen og eleven er enige om dette, vil det fastsette timetalet kunne fordelast ut over til dømes fem år i staden.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 8.

§ 5-2 Spesialundervisning for vaksne

Vaksne som på grunn av sjukdom eller skade har behov for fornya grunnskoleopplæring, har rett til slik opplæring. Det same gjeld vaksne som tidlegare har mangla eller fått eit mangelfullt grunnskoletilbod og som derfor har behov for grunnskoleopplæring.

Vaksne som har særlege behov for opplæring for å kunne utvikle eller halde ved like grunnleggjande dugleik, har rett til slik opplæring. Opplæringa skal skje under fagleg og pedagogisk rettleiing og ansvar. Slik opplæring er unnateken frå kompetansekrava i § 10-1 i lova.

Merknader til § 5-2:

Generelt: Vaksne er i denne samanhengen personar som ikkje lenger har rettar etter §§ 2-1 eller 3-1 i lovutkastet.

Regelen gjeld rett til grunnskoleopplæring, og kommunen er ansvarleg for at rettane blir oppfylte, jf. § 14-1 i lovutkastet. Fylkeskommunen skal likevel oppfylle rettane for vaksne i sosiale og medisinske institusjonar som fylkeskommunen eig, eller som blir drivne for fylkeskommunen, jf. § 14-2 i lovutkastet.

Vaksne skal ikkje ha tilsvarande rettar i forhold til vidaregåande opplæring.

Første leddeter i samsvar med lovutkastet frå utvalet, med unntak av at «opplæring på grunnskolens område» er bytt ut med «grunnskoleopplæring». Dette er inga realitetsendring i forhold til lovutkastet frå utvalet. Regelen fører vidare retten til fornya grunnskoleopplæring etter vol. § 5 andre leddet.

Regelen gjeld vaksne som treng fornya grunnskoleopplæring, til dømes opplæring i lese- og skrivedugleik fordi dei har vore utsette for sjukdom, skade eller ulykke, eller vaksne som tidlegare har fått eit mangelfullt grunnskoletilbod.

Når ein skal vurdere om tilbodet har vore mangelfullt, må ein ta utgangspunkt i dei rettane som følgde av lovgivinga på det tidspunktet vedkommande tok grunnskolen.

Opplæringa skal ha eit omfang, eit innhald og ei lengd som gjer at ho gir den vaksne sjansen til å nå dei måla som det i kvart tilfelle er realistisk å setje opp.

Andre leddet er i samsvar med lovutkast frå fleirtalet i utvalet. Kravet om opplæringsplan er likevel teke ut. Kravet om individuelle opplæringsplanar er i lovutkastet frå departementet gjort generelt for all spesialundervisning, også for vaksne med rett til spesialundervisning, jf. § 5-5 første leddet.

Regelen fører vidare dei rettane som i dag ligg i vaksenopplæringslova § 5 andre leddet, slik denne regelen vart tolka i Malvikdommen (Rt. 1993 s. 811). Departementet legg til grunn at eit livslangt tilbod ikkje skal vere noko normalordning, og berre vil vere aktuelt i svært få tilfelle.

Kommunane kan også bruke miljøpersonale utan formell undervisningskompetanse til denne opplæringa. Pedagogisk kompetent personale skal likevel framleis spele ei sentral rolle i opplæringa, både gjennom utarbeidinga av den sakkunnige vurderinga og opplæringsplanen og gjennom fagleg-pedagogisk ansvar og rettleiing. Utøvinga av fagleg og pedagogisk rettleiing og ansvar krev tilsyn med opplæringssituasjonen og med dei som står for sjølve undervisninga.

Omfanget og innhaldet av rettane etter andre leddet krev at ein vurderer forholda til den enkelte eleven, dei tidlegare opplæringstilboda for eleven og liknande ut frå skjønn. Opplæringstilbodet må vere av eit slikt omfang og ha eit slikt innhald at det gir eleven sjanse til å nå dei måla som det er realistisk å setje for opplæringa. Kommunen kan til ein viss grad ta økonomiske omsyn i den nærmare utforminga av eit slikt tilbod. Tilbodet treng ikkje vere eit heildagsstilbod.

«Grunnleggjande dugleik» er i denne samanhengen meint å dekkje ADL-trening (opplæring i daglege gjeremål), grunnleggjande kommunikasjonsdugleik, grunnleggjande lese- og skrivedugleik, motorisk trening og liknande.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 8.

§ 5-3 Sakkunnig vurdering

Før kommunen eller fylkeskommunen gjer vedtak om spesialundervisning etter § 5-1 eller § 5-2, eller vedtak om spesialpedagogisk hjelp etter § 5-7, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering av dei særlege behova til eleven. Vurderinga skal vise om eleven har behov for spesialundervisning, og kva for opplæringstilbod som bør givast.

Den sakkunnige vurderinga skal blant anna greie ut og ta standpunkt til

  • eleven sitt utbytte av det ordinære opplæringstilbodet

  • lærevanskar hjå eleven og andre særlege forhold som er viktige for opplæringa

  • realistiske opplæringsmål for eleven

  • om ein kan hjelpe på dei vanskane eleven har innanfor det ordinære opplæringstilbodet

  • kva for opplæring som gir eit forsvarleg opplæringstilbod.

Departementet kan gi nærmare forskrifter om den sakkunnige vurderinga.

Dersom vedtaket frå kommunen eller fylkeskommunen avvik frå den sakkunnige vurderinga, skal grunngivinga for vedtaket blant anna vise kvifor kommunen eller fylkeskommunen meiner at eleven likevel får eit opplæringstilbod som oppfyller retten etter § 5-1, § 5-2 og § 5-7.

Merknader til § 5-3:

Generelt: Lovutkastet frå departementet er i samsvar med lovutkastet frå utvalet. § 5-2 tredje leddet i lovutkastet frå utvalet og tilvisinga til § 5-3 i § 5-7 andre leddet er tekne inn i § 5-3 i lovutkastet. Bruken av elevomgrepet kan passe dårleg for situasjonen til førskolebarn og vaksne, men må også omfatte desse gruppene. Som følgje av endringa er rettar etter § 5-7 lagde til i fjerde leddet.

Eit vedtak i kommunen og fylkeskommunen om spesialundervisning eller spesialpedagogisk hjelp skal vere så klart og fullstendig at det ikkje er tvil om kva for opplæringstilbod eleven skal få. Eit vedtak som berre tildeler eleven ein viss timeressurs utan å fastsetje nærmare krava til innhaldet i eller til den organisatoriske gjennomføringa av opplæringa, er ikkje nok.

I ein del tilfelle, der behovet for spesialundervisning er stabilt og godt dokumentert, kan det vere unødvendig tungvint å ta ei full saksbehandling med ei sakkunnig vurdering for kvart skoleår. Det må da kunne gjerast vedtak for fleire år om gongen.

Første leddeterstattar reglane om sakkunnig vurdering i gsl. §§ 8 og 13, lvgo. § 11 første leddet og vol. § 5 andre leddet.

Regelen gir ein rett for eleven og/eller foreldra til å krevje sakkunnig vurdering med sikte på å fastslå om eleven har særlege behov for - og dermed rett til - spesialundervisning eller spesialpedagogisk hjelp. Kor omfattande ei slik undersøking skal vere, må vurderast i det enkelte tilfellet.

Dei sakkunnige er i lova ikkje gitt kompetanse til å ta bindande avgjerder. Kommunestyret, fylkestinget eller den dei delegerer kompetanse til, må gjere vedtak om spesialundervisning. Den sakkunnige vurderinga er såleis rådgivande. Lovutkastet fastset likevel i fjerde leddet ei særskild grunngivingsplikt dersom vurderinga er ulik vurderinga frå kommunen eller frå fylkeskommunen.

Andre leddet er nytt i forhold til lovgivinga i dag, og stiller meir konkrete krav til kva den sakkunnige vurderinga skal innehalde. Opprekninga er ikkje i alle tilfelle uttømmande. Det kan også givast nærmare forskrifter etter tredje leddet. Somme punkt passar ikkje for å vurdere behova til vaksne eller førskolebarn. Det gjeld særleg der vurderinga viser til det ordinære opplæringstilbodet.

Tredje leddeterstattar delar av heimelen for departementet til å gi forskrifter etter gsl. §§ 8, 9 og 12 og lvgo. § 11 femte leddet

Fjerde leddeter nytt i forhold til lovgivinga i dag. Grunngivingsplikta kjem i tillegg til plikta etter §§ 24 og 25 i forvaltningslova.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 8.

§ 5-4 Nærmare om saksbehandlinga i samband med vedtak om spesialundervisning

Eleven eller foreldra til eleven kan krevje at skolen gjer dei undersøkingar som er nødvendige for å finne ut om eleven treng spesialundervisning, og eventuelt kva opplæring eleven treng. Undervisningspersonalet skal vurdere om ein elev treng spesialundervisning og melde frå til rektor når slike behov er til stades.

Før det blir gjort sakkunnig vurdering og før det blir gjort vedtak om å setje i gang spesialundervisning, skal det innhentast samtykke frå eleven eller frå foreldra til eleven. Med dei avgrensingane som følgjer av reglane om teieplikt og § 19 i forvaltningslova, har eleven eller foreldra til eleven rett til å gjere seg kjende med innhaldet i den sakkunnige vurderinga og til å uttale seg før det blir gjort vedtak.

Tilbod om spesialundervisning skal så langt råd er, formast ut i samarbeid med eleven og foreldra til eleven, og det skal leggjast stor vekt på deira syn.

Merknader til § 5-4:

Lovutkastet frå departementet er i samsvar med lovutkastet frå utvalet.

Regelen i § 5-4 i lovutkastet er ny i forhold til lovgivinga i dag.

Jamvel om elevomgrepet i lovutkastet kan passe dårleg for vaksne, skal regelen gi tilsvarande rettar til denne gruppa. Etter § 5-7 andre leddet skal § 5-4 andre og tredje leddet også gjelde førskolebarn.

Om eleven sjølv eller foreldra til eleven skal gi samtykke etter andre leddet, må avgjerast etter lov av 8. april 1981 om barn og foreldre. I den vidaregåande opplæringa skal ein likevel i alle tilfelle hente inn samtykke hjå eleven, og det er ikkje nødvendig med samtykke frå foreldra. Det heng saman med § 3-1 første leddet andre punktum i lovutkastet om at ungdom som har fylt 15 år, sjølv søkjer om inntak til vidaregåande opplæring.

Regelen i andre leddet andre punktum gjeld all lov- eller forskriftsfesta teieplikt.

Når det gjeld umyndiggjorde vaksne, må spørsmålet om samtykke følgje dei allmenne reglane om fullmakta til verja.

Tredje leddet i regelen gir PP-tenesta plikt til å rådføre seg med eleven og/eller foreldra i arbeidet med å forme ut tilbod om spesialundervisning og å leggje stor vekt på synspunkta deira. Ei tilsvarande plikt har vedtaksorganet der ein ikkje følgjer tilrådinga frå PP-tenesta.

§ 5-5 Unntak frå reglane om innhaldet i opplæringa

Reglane om innhaldet i opplæringa i denne lova og i forskrifter etter denne lova gjeld for spesialundervisning så langt dei passar. For elev som får spesialundervisning, skal det utarbeidast individuell opplæringsplan. Planen skal vise mål for - og innhaldet i opplæringa og korleis ho skal drivast. Også avvikande kontraktvilkår for lærlingar kan fastsetjast i den individuelle opplæringsplanen.

Klassestyraren til eleven skal kvart halvår utarbeide skriftleg oversikt over den opplæringa eleven har fått og ei vurdering av utviklinga til eleven. Rektor sender oversikta og vurderinga til eleven eller til foreldra til eleven og til kommunen eller fylkeskommunen.

Merknader til § 5-5:

Første leddet første punktum er i samsvar med lovutkastet frå utvalet. Regelen fører vidare gsl. § 7 nr. 5, men er ny i forhold til vidaregåande opplæring. Reglar om innhaldet i opplæringa blir i hovudsak gitt i § 2-3 i lovutkastet og i forskrifter etter § 2-3 andre leddet og § 3-4 første leddet.

Første leddet andre til fjerde punktum er for ein stor del i samsvar med lovutkastet frå utvalet. Mens lovutkastet frå utvalet avgrensar retten til individuell opplæringsplan til dei tilfella der det er gjort unntak frå dei allmenne læreplanane, gir lovutkastet frå departementet rett til individuell opplæringsplan for alle elevar som får spesialundervisning, også vaksne med rett til opplæring etter § 5-2 i lovutkastet.

Lovutkastet frå departementet inneheld også reglar om innhaldet i opplæringsplanen. Den individuelle opplæringsplanen må ta utgangspunkt i den generelle delen av læreplanane og læreplanane i faget så langt dei passar, og også ta utgangspunkt i lærevanskane og læreutsiktene til den enkelte eleven slik dei går fram av den sakkunnige vurderinga. Den individuelle opplæringsplanen skal vise mål for - og innhaldet i opplæringa og korleis ho skal drivast, og ein må samordne planen med planen for klassen.

For lærlingar kan den individuelle opplæringsplanen innehalde avvikande kontraktvilkår, blant anna avvik frå læreplanen. Regelen gir såleis yrkesopplæringsnemnda kompetanse til å godkjenne ein lærekontrakt (jf. § 4-5 andre leddet i lovutkastet) med kontraktvilkår som skil seg frå lova eller frå forskrifta om innhaldet i opplæringa. Her kan nemnda også godkjenne ein lærekontrakt med heile opplæringa i bedrift. Også for lærlingar skal utgangspunktet vere at dei allmenne reglane om innhaldet i opplæringa gjeld så lenge det særlege opplæringsbehovet til eleven ikkje grunngir noko anna. Departementet viser også til at forskriftene om innhaldet i opplæringa etter § 3-3 sjette leddet i lovutkastet sjølv kan opne for desse ordningane, blant anna vidareføring av lfa. § 10 femte og sjette leddet.

Regelen tek ikkje sikte på å gi lærlingar rettar ut over dei som følgjer av lova elles.

Reglane i andre til tredje punktum er nye i forhold til lovgivinga i dag. Fjerde punktum fører i hovudsak vidare lfa. § 10 femte og sjette leddet.

Andre leddet er i samsvar med lovutkastet frå utvalet. Regelen fører vidare det som i dag følgjer av § 1-4 nr. 3 i grunnskoleforskrifta, men er ny for den vidaregåande opplæringa.

Vurderinga må skje med bakgrunn i den individuelle opplæringsplanen.

Regelen gjeld også vaksne så langt han passar. Dessutan gjeld regelen førskolebarn så langt han passar, jf. § 5-7 andre leddet i lovutkastet. Det vil i praksis seie at den som har ansvaret for opplæringa, sørgjer for at oversikta og vurderinga blir utarbeidde og sender oversikta og vurderinga til kommunen og foreldra til barnet.

Dersom det ikkje er rektor på skolen, skal ein annan leiar for skolen sende inn oversikta og vurderinga.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 8.

§ 5-6 Pedagogisk-psykologisk teneste

Kvar kommune og kvar fylkeskommune skal ha ei pedagogisk-psykologisk teneste. Den pedagogisk-psykologiske tenesta i ein kommune kan organiserast i samarbeid med andre kommunar eller med fylkeskommunen.

Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal sørgje for at det blir utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det. Departementet kan gi forskrifter om dei andre oppgåvene til tenesta.

Merknader til § 5-6:

Lovutkastet frå departementet er i samsvar med lovutkastet frå utvalet.

Første leddetfører i hovudsak vidare gsl. 9 nr 1 første leddet første punktum og lvgo. § 11 tredje leddet.

Kravet om ei «teneste» vil seie krav til ein viss kontinuitet i personale og organisering. Etter lovutkastet er det ikkje høve til å basere seg på berre å kjøpe tenester utanfrå.

Det er dessutan ein føresetnad at den pedagogisk-psykologiske tenesta (PP-tenesta) er organisert slik at ho er tilgjengeleg for dei gruppene ho særleg skal stå til teneste for, det vil seie alle barn, unge og vaksne med særlege opplæringsbehov i kommunen eller fylkeskommunen. Sjå også § 4-2 tredje leddet i lovutkastet som klargjer at tenesta også skal vere eit tilbod til lærlingar.

Krava til den sakkunnige vurderinga slik dei er fastsette i § 5-3 i lovutkastet og eventuelt i forskrifter gitt av departementet, betyr også krav til kvaliteten på det arbeidet PP-tenesta har ansvaret for å få gjort. Indirekte stiller dette også krav til korleis PP-tenesta er organisert.

Dersom PP-tenesta sjølv ikkje har nok fagkompetanse i ei sak, må det innhentast kompetanse utanfrå, til dømes frå statleg kompetansesenter, privat sakkunnig eller andre kommunale tenester, til dømes kommunehelsetenesta.

Dei tilsette i PP-tenesta høyrer inn under den allmenne organisasjons- og instruksjonskompetansen til kommunen og fylkeskommunen. Det vil seie at kommunen og fylkeskommunen kan påleggje tenesta andre oppgåver i tillegg til dei som går fram av andre leddet første punktum eller av eventuelle forskrifter etter andre leddet andre punktum.

Jamvel om den tilsette organisatorisk og økonomisk høyrer inn under kommunen, vil ikkje det seie at kommunen eller fylkeskommunen kan instruere om kva dei pedagogisk-faglege vurderingane skal gå ut på. Saksførebuarane har plikt til å sørgje for at avgjerdene blir tekne på eit best mogleg fagleg grunnlag, jf. også fvl. § 17. Dersom dei sakkunnige skulle gi tilrådingar baserte på eit mangelfullt eller misvisande fagleg grunnlag, kan det lett føre til at vedtaket må reknast som ugyldig.

Andre leddet første punktum fører vidare det som i dag følgjer av § 1-4 nr. 2 i grunnskoleforskrifta og gjer at dei tilsvarande krava også gjeld for den vidaregåande opplæringa.

Andre leddet andre punktum fører vidare delar av forskriftskompetansen til departementet etter gsl. § 9 nr. 2 første leddet og lvgo. § 11 femte leddet. Forskriftskompetansen til departementet er avgrensa til å gi forskrifter om andre oppgåver for PP-tenesta. Forskriftskompetansen gjeld såleis ikkje nærmare krav til storleik, kompetanse og organisering.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 8.

§ 5-7 Spesialpedagogisk hjelp før opplæringspliktig alder

Barn under opplæringspliktig alder som har særlege behov for spesialpedagogisk hjelp, har rett til slik hjelp. Hjelpa kan knytast til barnehagar, skolar, sosiale og medisinske institusjonar og liknande, eller organiserast som eige tiltak. Hjelpa kan også givast av den pedagogisk-psykologiske tenesta eller av ein annan sakkunnig instans og bør omfatte foreldrerådgiving.

For spesialpedagogisk hjelp gjeld § 5-4 andre og tredje leddet i lova. § 5-5 andre leddet i lova gjeld så langt det passar.

Merknader til § 5-7:

Første leddeter i samsvar med lovutkastet frå utvalet og fører vidare gsl. § 13 nr. 4 og § 8 nr. 6.

Lovutkastet fastset ikkje noka nedre aldersgrense. På same måten som for spesialundervisning i grunnskole må ein i desse tilfella gjere ei totalvurdering av om vilkåret for å ha rett til spesialpedagogisk hjelp er oppfylt, ut frå skjønn.

I visse tilfelle er det særleg viktig at den spesialpedagogiske hjelpa blir sett inn tidleg i utviklinga, ettersom det kan vere grunnleggjande for den seinare utviklinga til barnet. Dersom det ligg føre slike forhold, har det stor vekt når ein skal vurdere om eit barn har krav på hjelp. Det må også stå sentralt i vurderinga av det nærmare innhaldet i og omfanget av eit slikt tilbod, slik at det i alle fall må krevjast at hjelpa får eit slikt innhald og omfang at ho er eigna til å hjelpe på dei særlege behova barnet har.

Regelen bruker uttrykket «spesialpedagogisk hjelp» i staden for «spesialundervisning», som er brukt i lova elles. Uttrykket omfattar meir enn det ein vanlegvis legg i «spesialundervisning». Ei slik hjelp kan omfatte leikotekverksemd, trenings- og stimuleringstiltak og rettleiing til foreldra og til personalet i barnehagen.

Ikkje sjeldan har barn med rett til spesialpedagogisk hjelp før opplæringspliktig alder også prioritet til opptak i barnehagen etter § 9 i lov 5. mai 1995 nr. 19 om barnehagar. Etter denne regelen skal kommunen sørgje for at barn med funksjonshemming som etter sakkunnig vurdering vil ha nytte av opphald i barnehagen, blir prioriterte i samband med opptak.

Det er likevel ikkje nokon nødvendig samanheng mellom ytingane etter lovutkastet og barnehagelova. Retten til spesialpedagogisk hjelp før opplæringspliktig alder er ikkje avhengig av at barnet går i barnehage, og barnehagelova pålegg ikkje kommunen å gi spesialpedagogisk tilbod til funksjonshemma barn som får barnehageplass.

Opprekninga i andre punktum er ikkje uttømmande. Den spesialpedagogiske hjelpa kan blant anna også givast heime.

Kommunen har i hovudsak ansvaret for å oppfylle retten til spesialpedagogisk hjelp, jf. § 14-1 første leddet i lovutkastet. Unntak gjeld barn i fylkeskommunale sosiale og medisinske institusjonar, jf. § 14-2 første leddet.

Spesialpedagogisk hjelp etter § 5-7 skal vere gratis. Dette gjeld sjølv om tilbodet blir gitt i barnehage. Sjå også merknadene til § 2-6 tredje leddet.

Andre leddeter vesentleg endra i forhold til lovutkastet frå utvalet. Retten til sakkunnig vurdering er sett inn i § 5-3, og det er lagt til ei tilvising til § 5-4 andre og tredje leddet. Regelen lovfester § 1-4 nr. 3 i grunnskoleforskrifta. Elles er regelen ny i forhold til lovgivinga i dag. Sjå også merknadene til § 5-4 og § 5-5 andre leddet.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 8.

§ 5-8 Helsetenestetilbod

Departementet kan gi forskrifter om helsetilsyn og medisinsk hjelp for elevar som får spesialundervisning.

Merknader til § 5-8:

Regelen er ny i forhold til lovutkastet frå utvalet og fører vidare gsl. § 11 tredje leddet. Regelen er ny for vidaregåande opplæring.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 15.

§ 5-9 Statens plikt til å sørgje for læremiddel

Departementet skal sørgje for at det blir utarbeidd lærebøker og andre læremiddel for spesialundervisning.

Merknader til § 5-9:

Regelen er ny i forhold til lovutkastet frå utvalet og fører vidare delar av gsl. § 7 nr. 7. Regelen er ny for vidaregåande opplæring.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 15.

Kapittel 6 Samisk opplæring

§ 6-1 Definisjonar

I lova her tyder

  • same: person som kan skrivast inn i samemanntalet, jf. § 2-6 i lov 12. juni 1987 nr. 56 om Sametinget og andre samiske rettsforhold (samelova), og barn av dei som kan skrivast inn

  • samisk: nordsamisk, sørsamisk eller lulesamisk

  • samisk distrikt: 1) det samiske forvaltningsområdet etter § 3-1 i samelova, 2) andre kommunar eller delar av kommunar etter forskrifter gitt av Kongen i statsråd etter at Sametinget og dei kommunane og fylkeskommunane spørsmålet gjeld, har fått uttale seg.

Merknader til § 6-1:

Lovutkastet frå departementet er i samsvar med lovutkastet frå utvalet. Regelen er ny i forhold til lovgivinga i dag.

Definisjonen av «same» omfattar alle som kan skrivast inn i samemanntalet og barna deira. I det ligg ikkje noko krav om faktisk å vere registrert i samemanntalet. Det er nok at vedkommande tilfredsstiller krava til å kunne bli registrert i manntalet, eller at foreldra kan registrerast.

Med barn skal ein i denne samanhengen forstå både eigne biologiske og adopterte barn.

Jamvel om legaldefinisjonen av «samisk språk» rettsleg sett sidestiller nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk, kan ein leggje vekt på utbreiinga og stillinga til språka i samband med læreplanarbeid, utvikling av samiske læremiddel osv.

Det samiske forvaltningsområdet omfattar etter § 3-1 i samelova Kárásjohka/Karasjok kommune, Guovdageaidnu/Kautokeino kommune, Unjárga/Nesseby kommune, Porsanger kommune, Deatnu/Tana kommune og Gáivuotna/Kåfjord kommune.

§ 6-2 Samisk opplæring i grunnskolen

I samiske distrikt har alle i grunnskolealder rett til opplæring i og på samisk.

Utanfor samiske distrikt har minst ti elevar i ein kommune som ønskjer opplæring i og på samisk, rett til slik opplæring så lenge det er minst seks elevar igjen i gruppa.

Kommunen kan vedta å leggje opplæring på samisk til éin eller fleire skolar i kommunen.

Kommunen kan gi forskrifter om at alle i grunnskolealder i samiske distrikt skal ha opplæring i samisk.

Utanfor samiske distrikt har samar i grunnskolealder rett til opplæring i samisk. Departementet kan gi forskrifter om alternative former for slik opplæring når opplæringa ikkje kan givast med eigna undervisningspersonale på skolen.

Elevane avgjer sjølv om dei vil ha opplæring i og på samisk frå og med 8. klassetrinnet etter første, andre og femte leddet.

Merknader til § 6-2:

Generelt:Elevar som får opplæring i eller på samisk, vil ofte måtte få fritak frå sidemålsopplæring. I § 2-5 sjette leddet i lovutkastet er det gitt heimel til å føre vidare forskrifter tilsvarande gsl. § 40 a nr. 1 andre leddet om fritak for sidemål for desse elevane. Denne forskriftsheimelen gir departementet kompetanse til blant anna å gjere fritaket avhengig av at opplæringa i samisk har eit visst omfang. Departementet tek sikte på at fritaksretten berre skal gjelde dei som får opplæring i samisk som andrespråk, og ikkje dei som har samisk som andrespråk II (samisk språk og kultur), jf. St.meld. nr. 15 (1995-96) s. 13.

Første leddeter i samsvar med lovutkastet frå utvalet og fører vidare gsl. § 40 a nr. 1 første leddet første punktum.Regelen skal gjelde rett til samisk som førstespråk og rett til opplæring i samisk som andrespråk eller andrespråk II (samisk språk og kultur), jf. St.meld. nr. 15 (1995-96) s. 14. Elevane (eller foreldra til elevane) kan velje å ha opplæring i samisk utan at eleven dermed også må ha opplæring på samisk. Elevar som vel å ha opplæring på samisk, må etter fag- og timefordelinga også ha opplæring i samisk (dei har samisk som førstespråk, jf. St.meld. nr. 15 (1995-96) s. 13).

Elevar som får opplæring på samisk (førstespråk), skal også få opplæring i samsvar med dei samiske læreplantillegga, jf. § 6-4 andre leddet i lovutkastet.

Andre leddet er i samsvar med lovutkastet frå utvalet og fører vidare gsl. § 3 nr. 5 tredje leddet.

Regelen gjeld til saman ti elevar på alle klassetrinna i heile kommunen. Etter tredje leddet kan kommunen avgjere at elevane skal få tilbod på éin av skolane i kommunen. Elevane har i slike tilfelle rett til skyss dersom vilkåra etter kapittel 7 i lovutkastet er oppfylte.

Regelen vil seie rett til opplæring i eigen klasse. På same måten som i dag kan elevane setjast saman i ein aldersblanda klasse.

Når det er sett i gang eit opplæringstilbod etter regelen, skal tilbodet haldast oppe så lenge tilbodet omfattar minst seks elevar totalt i kommunen.

Tredje leddeter i samsvar med lovutkastet frå utvalet. Regelen presiserer retten for kommunen til å avgjere ved kva for skolar tilbodet skal givast, uavhengig av rettane etter § 8-1 i lovutkastet.

Regelen gjeld tilbod om opplæring på samisk både etter første og andre leddet, men ikkje retten til opplæring i samisk etter første og femte leddet. Elevane har såleis rett til opplæring i samisk som andrespråk eller andrespråk II etter første og femte leddet på den skolen dei soknar til etter § 8-1 i lovutkastet.

Fjerde leddeter i samsvar med lovutkastet frå utvalet § 6-2 tredje leddet første punktum. Regelen fører i hovudsak vidare kompetansen for kommunar i samiske distrikt til å fastsetje at alle grunnskoleelevar i kommunen eller delar av kommunen skal ha samisk opplæring, jf. gsl. § 40 a nr. 2.

Det er ein føresetnad at plikta etter første punktum får det same innhaldet for barn med samisk og med norsk talemål, i motsetnad til ordninga i regelen i dag i § 40 a nr. 2 i grunnskolelova. Omfanget og innhaldet av plikta blir fastsett i dei allmenne forskriftene frå departementet om læreplanar og fag- og timefordeling i grunnskolen, jf. § 2-3 i lovutkastet. Det vil seie at kommunen kan påleggje opplæring i samisk som andrespråk II (samisk språk og kultur). Elevar som har rett til det, skal likevel kunne velje samisk som førstespråk eller samisk som andrespråk til erstatning for det obligatoriske faget, jf. St.meld. nr. 15 (1995-96) s. 14.

Femte leddeter i samsvar med lovutkastet frå fleirtalet i utvalet. Regelen i første punktum utvidar retten i forhold til gsl. § 40 a nr. 3 andre leddet, som har som føresetnad at det er minst tre elevar som krev opplæring i samisk. Retten blir gitt til samar, mens retten etter gsl. § 40 a er gitt til elevar med samisk talemål. Andre punktum er ny i forhold til lovgivinga i dag.

Regelen gir rett til opplæring i samisk på den skolen eleven soknar til, jf. § 8-1 i lovutkastet. Elevane har ikkje rett til klassedeling, men til opplæring i eigen klasse i samisktimane.

I St.meld. nr. 15 (1995-96) s. 13 er det lagd til grunn at elevar med norsk som talemål skal ha samisk som andrespråk II, mens elevar med samisk talemål skal kunne velje mellom samisk som andrespråk og som andrespråk II.

Døme på moglege alternative opplæringsformer i forskrifter etter andre punktum er å tilby fjernundervisning i samisk, gjennomføre intensivkurs, leggje til rette særlege leirskoleopphald og liknande.

Sjette leddet er i samsvar med § 6-2 tredje leddet andre punktum i lovutkastet frå utvalet. Regelen fører vidare gsl. § 40 a nr. 1 første leddet andre punktum. Regelen gjeld forholdet mellom elevane og foreldra.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 22.

§ 6-3 Samisk vidaregåande opplæring

Samar i vidaregåande opplæring har rett til opplæring i samisk. Departementet kan gi forskrifter om alternative former for slik opplæring når opplæringa ikkje kan givast med eigna undervisningspersonale på skolen.

Departementet kan gi forskrifter om at visse skolar, kurs eller klassar skal tilby opplæring i eller på samisk eller i særskilde samiske fag i den vidaregåande opplæringa. Fylkeskommunen kan også elles tilby slik opplæring.

Merknader til § 6-3:

Generelt: Regelen er ny i forhold til lovgivninga i dag, men samsvarer med framlegget frå utvalet. Lovutkastet har ikkje særkilde reglar om sidemålsopplæring i den vidaregåande opplæringa, og dette må eventuelt fastsetjast i læreplanane, som også vil kunne gi reglar om fritak frå slik opplæring for elevar som får opplæring i eller på samisk.

Første leddeter i hovudsak i samsvar med § 6-3 andre leddet første punktum i lovutkastet frå fleirtalet i utvalet. Lovutkastet frå departementet gir likevel alle samar rett til opplæring i samisk, uavhengig av om dei har hatt opplæring i samisk i grunnskolen. Dessutan får departementet heimel til å fastsetje forskrifter om alternative opplæringsformer, til dømes fjernundervisning. Lovutkastet frå departementet har ikkje teke med det andre punktet i lovutkastet frå utvalet, som tilrår tilbod om opplæring i samisk for andre enn samar. Regelen var ikkje meint å ha rettsleg verdi.

Andre leddet er i hovudsak i samsvar med lovutkastet frå utvalet. Regelen presiserer forskriftsheimelen i lvgo. § 5 og § 3-3 i lovutkastet. Heimelen til også å påleggje fylkeskommunen å tilby opplæring på samisk er ny, likeins andre punktum.

§ 6-4 Innhaldet i opplæringa

Forskrifter om læreplanar etter § 2-3 og § 3-4 skal gi pålegg om opplæring om den samiske folkegruppa og om språket, kulturen og samfunnslivet til denne folkegruppa i tilknyting til dei ulike fagområda. Innanfor rammer fastsette av departementet gir Sametinget forskrifter om innhaldet i slik opplæring.

Sametinget gir forskrifter om læreplanar for opplæring i samisk språk i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa, og om læreplanar for særskilde samiske fag i den vidaregåande opplæringa. Forskriftene må liggje innanfor omfangs- og ressursrammer fastsette av departementet.

Departementet gir forskrifter om overordna mål og prinsipp for grunnskoleopplæringa for elevar som får opplæring i og på samisk og forskrifter om andre særskilde samiske læreplanar for grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. Sametinget skal i samråd med departementet lage utkast til desse forskriftene.

Merknader til § 6-4:

Generelt:Regelen i § 6-4 i lovutkastet er ny i forhold til lovgivinga i dag og er noko endra i forhold til utkastet frå utvalet.

Første leddet første punktumer i samsvar med første punktum i lovutkastet frå utvalet, med unntak av tilvisinga til læreplanheimelen i den vidaregåande opplæringa, som er flytt til § 3-4 i lovutkastet. Andre punktum er nytt i forhold til lovutkastet frå utvalet. Regelen inneber at departementet skal fastsetje dei omfangsmessige rammene for dette stoffet, men at det er Sametinget som fastset kva det nærmare innhaldet skal vere.

Andre leddet første punktum er i samsvar lovutkastet frå utvalet og er nytt i forhold til lovgivinga i dag. Andre punktum er nytt i forhold til lovutkastet frå utvalet, og slår fast at forskriftene gitt i medhald av dette leddet må liggje innanfor rammer fastsette av departementet. Dette omfattar både rammer for kva tidsmessig omfang desse planane skal ha og rammer for dei minimumsressursar som forskrifter frå Sametinget skal kunne krevje i samband med slik opplæring.

Tredje leddeter endra i forhold til lovutkastet frå utvalet og er nytt i forhold til lovgivinga i dag. I motsetnad til framlegget frå utvalet går departmentet inn for at det framleis skal vere departementet som fastset dei særskilt tilpassa overordna prinsippa og retningslinjene for den samiske opplæringa og for dei særskilt tilpassa planane i dei enkelte faga. Dette gjeld i dag faga kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering, duodji i grunnskolen, engelsk, heimkunnskap, naturfag, samfunnsfag, musikk og norsk for elevar med samisk som førstespråk. Andre punktum slår fast at Sametinget i samråd med departementet skal lage utkast til desse planane, noko som vil sikre at også Sametinget får innverknad på utforminga av desse planane.

Kapittel 7 Skyss og innlosjering

§ 7-1 Skyss og innlosjering i grunnskolen

Elevar i 2.-10. klasse som bur meir enn fire kilometer frå skolen har rett til gratis skyss. For elevar i 1. klasse/førskolen er skyssgrensa to kilometer. Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skoleveg har rett til gratis skyss utan omsyn til veglengda.

Når det er nødvendig, har elevar rett til gratis båttransport utan omsyn til reiselengda.

Kommunen skal innlosjere elevar når dagleg skyss ikkje er forsvarleg. I vurderinga skal det særleg leggjast vekt på forhold som gjeld den enkelte eleven, til dømes alder, funksjonshemming, reisetid og tryggleik, og om dagleg skyss fører til ekstraordinære kostnader eller vanskar for kommunen. I tvilstilfelle avgjer foreldra om eleven skal skyssast eller innlosjerast.

Kommunen fører tilsyn med grunnskoleelevar som er innlosjerte.

Merknader til § 7-1:

Første leddeter delvis i samsvar med § 7-1 første leddet første punktum i lovutkastet frå utvalet. I utkastet frå departementet er rettane knytte til farleg skoleveg endra til å gjelde der skolevegen er særleg farleg eller vanskeleg. Dessutan er skyssgrensa for den nye 1. klasse/førskolen (det vil seie 6-åringane) sett ned til to kilometer.

Regelen fører vidare retten til skyss etter gsl. § 4 nr. 1, også retten til skyss i særlege tilfelle. Kva som er særlege tilfelle, er presisert i tråd med Ot.prp. nr. 48 (1984-85), s. 64, der innhaldet i gsl. § 4 nr. 1 er nærmare utdjupa. Retten til skyss når skolevegen er særleg farleg eller vanskeleg, gir rett til skyss når skolevegen er kortare enn fire kilometer for klassetrinna 2-10 og når skolevegen er kortare enn to kilometer for 1. klasse/førskolen. Både tilstanden til skolevegen, klima, trafikkforholda på vegen og forhold knytte til den enkelte eleven er viktige når kommunen skal vurdere om skolevegen er særleg farleg eller vanskeleg.

Skolevegen skal reknast frå dør til dør etter farande veg.

Skoleskyssen må organiserast slik at elevane får akseptabel reisetid. Særleg er det viktig for 6-åringane å organisere skyssen slik at reisetida blir så kort som råd. I vurderinga av akseptabel reisetid må gangtid og tid med transportmiddel sjåast i samanheng. Det kan til dømes ikkje leggjast til grunn at avstanden fram til offentleg kommunikasjon kan vere to kilometer for 1. klasse/førskolen og fire kilometer for dei andre klassetrinna. Desse skyssgrensene løyser ut skyssretten, og det må leggjast til grunn at skysstilbodet må dekkje størstedelen av totaldistansen. På den andre sida kan elevane vanlegvis ikkje krevje skyss heilt frå heimen. Det må kunne krevjast at eleven går ein rimeleg distanse fram til ein oppsamlingsplass. Kva som er rimeleg distanse, må avgjerast etter ei konkret vurdering, der det blant anna blir lagt vekt på alderen til eleven, på trafikktryggleiken og på kor framkommeleg strekninga er.

I tillegg til transport mellom skolen og heimen kan elevane ha behov for skyss i skoletida, til dømes mellom skolen og folkebiblioteket. Det blir ikkje gitt særlege reglar om slik skyss. Men sidan grunnskoleopplæringa skal vere gratis, jf. § 2-1 sjette leddet i lovutkastet, er skoleeigaren ansvarleg for gratis skyss i slike tilfelle.

Etter avtale med den som er ansvarleg for å oppfylle retten for eleven til skyss (kommunen eller fylkeskommunen), kan foreldra ordne skyssen sjølv. I slike tilfelle skal dei nødvendige, faktiske kostnadene til foreldra dekkjast.

Elevar i grunnskolen har rett til reisefølgje og tilsyn etter § 7-4 i lovutkastet. Funksjonshemma elevar har særskilde rettar etter § 7-3.

Ansvaret for å oppfylle retten til skyss går fram av § 14-4 i lovutkastet.

Andre leddet er i samsvar med ordlyden i § 7-1 tredje leddet i lovutkastet frå utvalet.

Regelen fører vidare retten til gratis båttransport når skolevegen totalt er kortare enn fire kilometer, eventuelt to kilometer for 1. klasse/førskolen, jf. gsl. § 4 nr. 1 første leddet første punktum. Når skolevegen er meir enn fire, eventuelt to kilometer, følgjer retten til gratis skyss også av første leddet.

Tredje leddet første punktum er i hovudsak i samsvar med § 7-3 første leddet første punktum i lovutkastet frå utvalet. Lovutkastet frå departementet klargjer at kommunane også har plikt - ikkje berre rett - til å innlosjere grunnskoleelevane når det ikkje er forsvarleg med skoleskyss. Det er i samsvar med ordlyden i reglane i dag i gsl. § 4 nr. 3 og i § 1-1 nr. 2 i grunnskoleforskrifta.

Innlosjering er eit alternativ til skyss i særlege tilfelle, blant anna for dei delane av året da det er umogleg med skyss på grunn av klimatiske forhold.

Regelen omfattar også funksjonshemma elevar. Funksjonshemma elevar må også visast til skyss dersom det er forsvarleg. Etter tredje leddet andre punktum skal det likevel leggjast særleg vekt på funksjonshemminga til eleven når ein vurderer om skyss er forsvarleg.

Tredje leddet andre punktum er nytt i forhold til lovutkastet frå utvalet og lovgivinga i dag. Regelen fastset dei mest sentrale elementa i vurderinga av om skyss er forsvarleg. Opprekninga er ikkje uttømmande, slik at andre forhold også kan vere relevante for den vurderinga kommunen gjer.

Tredje leddet tredje punktum er i samsvar med § 7-3 andre leddet i lovutkastet frå utvalet. Regelen er ny i forhold til lovgivinga i dag og gjeld der det er tvil om skyss er forsvarleg. I første instans avgjer kommunen om det ligg føre eit tvilstilfelle i forhold til reglane i første og andre punktum. Denne avgjerda kan ein klage inn til statens utdanningskontor, jf. forvaltningslova og § 16-2 første leddet i lovutkastet.

Fjerde leddeter i samsvar med § 7-3 første leddet andre punktum i lovutkastet frå utvalet. Dersom elevane blir innlosjerte på ein skole utanfor kommunen, er det bustadkommunen (jf. § 14-1) som har ansvaret for å etablere tilsyn, noko som i praksis vil seie at det må gjerast avtale med skoleeigaren om slikt tilsyn (til dømes ein annan kommune eller eit statleg kompetansesenter).

Sjå også vurderingane til departementet i kapittel 16.

§ 7-2 Skyss og innlosjering i den vidaregåande skolen

Elevar i vidaregåande skole som bur meir enn seks kilometer frå skolen, har rett til gratis skyss eller full skyssgodtgjersle. Når det er nødvendig, har elevar rett til gratis båttransport utan omsyn til reiselengda. Departementet kan gi forskrifter om at skyssbehovet til elevane i særskilde tilfelle kan dekkjast på andre måtar.

Fylkeskommunen skal hjelpe til med å skaffe losji for elevar i vidaregåande skole som bur slik til eller som har så lang veg at dei ikkje kan nytte dagleg skyss til skolen. Om nødvendig skal fylkeskommunen byggje elevheim.

Merknader til § 7-2:

Første leddet første punktum er samsvar med § 7-1 andre leddet første punktum i lovutkastet frå utvalet. Regelen fører vidare § 3 første leddet første punktum i lov av 09.05.1986 om velferd for elevar og studentar (velferdslova).

Retten til skyss skal gjelde elevar som er busette i fylket, og som tek minst ei halvårig vidaregåande opplæring. Når eleven må gå på skole i eit anna fylke for å få oppfylt retten til vidaregåande opplæring, skal heimfylket sørgje for skyss. Retten til skyss gjeld også elevar utan rett til vidaregåande opplæring etter § 3-1 i lovutkastet.

Fylkeskommunen kan velje å organisere fri skoleskyss, eller overlate til eleven sjølv å ordne skoleskyssen mot full skyssgodtgjersle.

Full skyssgodtgjersle vil seie at dei nødvendige, faktiske kostnadene som eleven har til skyss, blir dekte. Andre utrekningar av skyssgodtgjersla er ikkje i samsvar med retten for elevane til gratis skyss. Det kan i somme tilfelle føre til at fylkeskommunen må dekkje dei faktiske utgiftene som eleven eller foreldra til eleven har til drosje eller til bruk av eigen bil. Departementet viser likevel til den retten fylkeskommunen har til å vise eleven til ordningar som omfattar fleire elevar.

Skolevegen skal reknast frå dør til dør etter farande veg.

Lærlingar har ikkje rett til skyss etter lova. Elevar som får sluttopplæring på skole og ikkje i bedrift, framstiller seg til fag- eller sveineprøva som elevar. Dei har derfor rett til skyss som andre elevar.

Fylkeskommunen skal dekkje skyssutgiftene etter den same regelen som gjeld skyss mellom heimstaden og skolestaden i samband med utplassering av elevar, dersom utplassering er ein obligatorisk del av undervisninga i faget.

I tillegg til transport mellom skolen og heimen kan elevane ha behov for skyss i skoletida, til dømes mellom skole og symjehall. Det blir ikkje gitt særlege reglar om slik skyss. Men sidan den vidaregåande opplæringa skal vere gratis, jf. § 3-1 åttande leddet i lovutkastet, er skoleeigaren ansvarleg for gratis skyss i slike tilfelle.

Vurderingar frå departementet til § 7-1 i lovutkastet om reisetid og gangavstand til transportmiddel i samband med skyss i grunnskolen gjeld tilsvarande for retten til skyss i den vidaregåande opplæringa.

Elevar i den vidaregåande skolen har rett til reisefølgje og tilsyn etter § 7-4 i lovutkastet. Funksjonshemma elevar har særskilde rettar etter § 7-3.

Fylkeskommunen har ansvaret for å oppfylle retten til skyss i den vidaregåande skolen, jf. § 14-4.

Første leddet andre punktumer i samsvar med § 7-1 tredje leddet i lovutkastet frå utvalet.

Regelen er ny i forhold til lovgivinga i dag.

Første leddet tredje punktum er i samsvar med § 7-1 andre leddet andre punktum i lovutkastet frå utvalet. Regelen fører vidare § 3 første leddet andre punktum i velferdslova. Nytt i forhold til lovutkastet frå utvalet er at regelen fører vidare delar av forskriftsheimelen til departementet i § 3 første leddet siste punktum i velferdslova.

Regelen opnar for sterkt subsidierte ordningar som gir generell tilgang til offentleg transport i fylket alle sju dagar i veka. Dessutan må det finnast eit godt utbygt kollektivtilbod på staden. Dersom berre delar av fylket oppfyller vilkåra, skal dispensasjonen avgrensast til dette området. Sjå Innst.O. nr. 49 (1993-94).

Andre leddet er i hovudsak i samsvar med § 7-3 tredje leddet i lovutkastet frå utvalet. Regelen fører vidare § 3 andre leddet i velferdslova. Fylkeskommunen har ikkje plikt til å dekkje utgiftene til eleven.

Sjå også vurderingane til departementet i kapittel 16.

§ 7-3 Skyss for funksjonshemma og mellombels skadde eller sjuke

Elevar som på grunn av funksjonshemming eller mellombels skade eller sjukdom har behov for skyss, har rett til det uavhengig av avstanden mellom heimen og opplæringsstaden.

Merknader til § 7-3:

Regelen er i hovudsak i samsvar med § 7-4 første og andre leddet i lovutkastet frå utvalet. Retten til innlosjering er flytt til § 7-1 tredje leddet i lovutkastet.

Regelen fører vidare gsl. § 4 nr. 2 og § 3 første leddet tredje punktum i velferdslova.

Skyssretten etter § 7-3 i lovutkastet er ikkje knytt til om eleven får spesialundervisning eller ikkje, men til om funksjonshemming eller mellombels skade eller sjukdom gjer det nødvendig med skoleskyss.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 16.

§ 7-4 Reisefølgje og tilsyn

Elevane har rett til nødvendig reisefølgje. Elevane har rett til nødvendig tilsyn når det blir ventetid før undervisningstida tek til og etter at undervisningstida er slutt.

Merknader til § 7-4:

Regelen er i hovudsak i samsvar med § 7-2 andre punktum i lovutkastet frå utvalet. Lovutkastet frå departementet gjer rettane gjeldande også for elevar i den vidaregåande opplæringa.

Regelen fører vidare gsl. § 4 nr. 3 første og andre punktum.

Reisefølgje er nødvendig for enkelte funksjonshemma elevar for at dei skal kunne gjere seg nytte av det skysstilbodet dei har rett til. Reisefølgje er i slike tilfelle nødvendig for at retten til skyss for den funksjonshemma skal vere reell. Avhengig av skoleslaget, skal fylkeskommunen eller kommunen i slike tilfelle sørgje for nødvendig reisefølgje og også dekkje skysskostnader og andre utgifter knytte til reisefølgjet.

Regelen om tilsyn gjeld i hovudsak tilsyn mens eleven ventar på skoleområdet før og etter skoletid. Men også tilsyn i samband med at eleven byter skyssmiddel kan i særlege tilfelle vere omfatta av tilsynsplikta. Dette gjeld der situasjonen ved byte av skyssmiddel er særleg farleg, sjå også lovutkastet § 7-1 om retten til skyss når skolevegen er særleg farleg.

Tilsynsplikta i den vidaregåande skolen blir på bakgrunn av alderen til elevane vesentleg mindre enn i grunnskolen. Tilsynsplikta til fylkeskommunen omfattar berre elevar som på grunn av funksjonshemming ikkje kan greie seg aleine i ventetida fram til skyssmidlet går eller skoledagen startar.

Det er i lovutkastet frå departementet (sml. § 7-2 første punktum i lovutkastet frå utvalet) ikkje gjort framlegg om særskilt å regulere kor lang ventetid som kan aksepterast. Dette spørsmålet er knytt til den totale lengda på reisetida og er såleis omfatta av vurderingar frå departementet om lengda på reisetida, sjå merknader til § 7-1 i lovutkastet.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 16.

§ 7-5 Skyss for vaksne med rett til opplæring

§§ 7-1, 7-3 og 7-4 gjeld også for vaksne med rett til opplæring etter § 5-2.

Merknader til § 7-5:

Regelen er i hovudsak i samsvar med § 7-4 tredje leddet i lovutkastet frå utvalet. Lovutkastet frå departementet har likevel i større grad likestilt rettane for unge og vaksne.

Regelen klargjer at vaksne med rett til opplæring etter § 5-2 i lovutkastet har den same retten til skyss, reisefølgje, tilsyn og innlosjering som elevar i grunnskolen. Skyssgrensa etter § 7-1 første leddet er fire kilometer.

Dersom opplæringstilbodet er lagt til kveldstid, må skyssordninga tilpassast det.

Den allmenne ansvarsdelinga mellom kommunen og fylkeskommunen som gjeld for skyss, reisefølgje, tilsyn og innlosjering av grunnskoleelevar, skal også gjelde for vaksne, jf. § 14-4 i lovutkastet.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 16.

§ 7-6 Skyss for barn under opplæringspliktig alder

Barn med rett til spesialpedagogisk hjelp etter § 5-7 har rett til skyss når det på grunn av særlege omsyn er nødvendig for å kunne ta imot denne hjelpa. § 7-1 tredje og fjerde leddet og § 7-4 gjeld tilsvarande.

Merknader til § 7-6:

Lovutkastet frå departementet presiserer retten for førskolebarn til skyss i forhold til § 7-4 fjerde leddet i lovutkastet frå utvalet. Lovutkastet frå departementet klargjer at skyssen skal vere nødvendig ut frå særlege omsyn.

Det blir gitt rett til skyss der foreldra til barn med spesialpedagogisk hjelp har vesentleg større byrder knytte til skyssen enn andre foreldre som har barn i barnehage. Det kan tenkjast tilfelle der tilbodet om spesialpedagogisk hjelp er så langt frå heimen at skyssen blir ei urimeleg stor byrd for foreldra. I slike tilfelle bør barnet ha rett til fri skyss. Dessutan bør barnet ha rett til fri skyss mellom barnehagen eller tilsvarande daginstitusjon og til ein annan stad der barnet får spesialpedagogisk hjelp.

Retten til skyss for førskolebarn er ikkje avhengig av at skolevegen er farleg eller er av ei viss lengd, eller av at det er nødvendig med skyss på bakgrunn av funksjonshemming og liknande, slik som for grunnskoleelevane.

Fylkeskommunen har ansvaret for å oppfylle retten til skyss for førskolebarn, jf. § 14-4 i lovutkastet. Det gjeld likevel ikkje når andre instansar har ansvaret for transport av barnet. Kommunen skal betale vanleg persontakst.

Barn med rett til skyss skal vere omfatta av dei same lovreglane om innlosjering, reisefølgje og tilsyn som grunnskoleelevane, jf. § 7-1 tredje leddet og fjerde leddet og § 7-4 i lovutkastet.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 16.

Kapittel 8 Organisering av undervisninga

§ 8-1 Skolen

Grunnskoleelevane skal til vanleg gå på den skolen dei soknar til. Kommunen kan gi forskrifter om kva for skole dei ulike områda i kommunen soknar til. Kravet i § 38 første leddet bokstav c i forvaltningslova om kunngjering i Norsk Lovtidend gjeld ikkje.

Etter søknad kan eleven takast inn på annan skole enn den eleven soknar til.

Merknader til § 8-1:

Første leddet første punktum er i samsvar med lovutkastet frå utvalet. Ordlyden er i hovudsak den same som gsl. § 13 nr. 1 første leddet andre punktum.

Ein grunnskoleelev skal ha rett til å gå på den nærmaste skolen. Det vil seie at arbeidet til kommunen med å fordele elevane mellom dei tilgjengelege skolane skal ta utgangspunkt i eit prinsipp om at eleven skal gå på den nærmaste skolen. Dette utgangspunktet gjeld også elevar som har behov for spesialundervisning. Vurderinga av kva for skole som er nærmast, skal ta utgangspunkt i geografiske forhold, men skal også ta omsyn til andre relevante forhold, til dømes om sysken er plasserte på den same skolen, kapasiteten på skolane og om skolevegen er farleg. Sjå også vurderinga frå opplæringslovutvalet i punkt 20.4.4.2 i NOU 1995:18.

Formuleringa «til vanleg» avgrensar likevel retten til å gå på den nærmaste skolen for somme elevar som får spesialundervisning. I dei aller fleste tilfella kan spesialundervisning etter § 5-1 i lovutkastet givast på den skolen eleven soknar til. Eit vedtak om å oppfylle retten etter § 5-1 på ein annan av skolane i kommunen mot foreldra sin vilje, er berre aktuelt der eit forsvarleg tilbod på den skolen eleven soknar til, fører til urimeleg store vanskar eller kostnader for kommunen. Det blir blant anna vist til at somme elevar kan trenge eit undervisningstilbod eller læringsmiljø som ikkje alle skolar kan setjast i stand til å tilby. I andre tilfelle kan problemet med å få til eit godt tilbod på den nærmaste skolen komme av store kostnader med nødvendige tilpassingar av bygningar, at arbeid ikkje blir ferdig i tide og liknande.

Ingen kan likevel tvingast til å ta mot spesialundervisning, heller ikkje til å ta mot denne opplæringa på ein annan skole enn den nærmaste. Eleven kan derfor velje å halde fram på den nærmaste skolen, jamvel om tilbodet om spesialundervisning blir dårlegare på denne skolen. Unntak frå denne valretten kan likevel tenkjast i svært spesielle tilfelle når åtferda til eleven i alvorleg grad går ut over læringssituasjonen for dei andre elevane på skolen og det dermed ikkje er forsvarleg å gi eleven eit opplæringstilbod på skolen. I slike tilfelle kan eleven visast til ein særleg bemanna og utstyrt skole i kommunen for å oppfylle retten og plikta til grunnskoleopplæring.

Sjå også punkt 20.4.4.4 i NOU 1995:18, der fleirtalet i opplæringslovutvalet vurderer bruken av nærleiksprinsippet for spesialundervisning.

Retten etter første punktum skal også gjelde når eleven går over til ein annan skole, til dømes frå barneskolen til ungdomsskolen.

Val av skole for elevar som får opplæring på samisk er det også gitt reglar om i § 6-2 tredje leddet, der kommunen har heimel til å samle opplæringa på samisk på ein eller fleire skolar i kommunen. Ein liknande regel er gitt i lovutkastet § 2-5 fjerde leddet tredje punktum.

Sjå også § 2-6 andre leddet i lovutkastet om val av skole for elevar som får opplæring i og på teiknspråk.

Første leddet andre punktum er i samsvar med lovutkastet frå utvalet. Regelen er delvis ei vidareføring av kompetansen til kommunen i gsl. § 3 nr. 2. Forskriftene må halde seg innanfor det som er ei rimeleg tolking av første punktum i lovutkastet. Det vil blant anna seie at forskriftene må opne for at den vurderinga kommunen gjer av opptaket for ein elev, også tek omsyn til andre forhold enn geografisk nærleik, til dømes å skaffe sysken plass på den same skolen og om skolevegen er farleg.

Første leddet tredje punktum er nytt i forhold til lovutkastet frå utvalet, som ikkje avgrensar bruksområdet for forvaltningslova på dette punktet.

Andre leddet:Eit vedtak i kommunen etter denne regelen må ikkje setje til side rettane til andre elevar etter første leddet. Det vil som hovudregel seie at eit opptak etter andre leddet må vere grunngitt med at særlege forhold tilseier forskjellsbehandling i forhold til andre elevar som bur nærmare den aktuelle skolen.

Etter avtale med ein annan kommune kan eleven også få plass på ein skole i ein annan kommune enn bustadkommunen.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 9.

§ 8-2 Klassen

Alle elevar har rett til å høyre til ein klasse. For bestemde delar av opplæringa kan elevane organiserast på andre måtar.

Kvar klasse skal ha ein klassestyrar med særleg ansvar for dei praktiske, administrative og sosialpedagogiske gjeremåla som gjeld klassen, blant anna kontakten med heimane.

Merknader til § 8-2:

Generelt:Lovutkastet frå departementet er endra i høve til lovutkastet frå utvalet ved at framlegget om ein generell regel om forsvarleg standard ikkje er ført vidare. Elles er utkastet i samsvar med lovutkastet frå utvalet.

Første leddet første punktum klargjer retten for ein elev til å høyre til ein klasse. Regelen krev også at klassen blir ført vidare som utgangspunkt for organiseringa av opplæringa.Klasseinndelinga i grunnskolen skal framleis skje med utgangspunkt i aldersmessige forhold. Blant anna skal kjønn og føresetnadene til den enkelte eleven ikkje vere relevante for samansetjinga av klassane.

Første leddet andre punktum lovfester § 1-3 nr. 1 første leddet i grunnskoleforskrifta, som også skal gjelde for den vidaregåande skolen. Regelen opnar for at klassane i bestemde delar av opplæringa kan slåast saman eller delast.

Regelen krev ikkje kompensasjon av pedagogressursar når klassar blir slått saman.

Andre leddet klargjer at kvar klasse skal ha ein klassestyrar og lovfester hovudoppgåvene til klassestyraren, jf. § 7-4 i grunnskoleforskrifta og instruksen av juni 1977 frå departementet for klassestyrar i vidaregåande skolar.

Same læraren kan vere klassestyrar for fleire klassar.

Om forholdet mellom klassestyraren og klasserådet, sjå § 11-3 andre leddet.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 13.

§ 8-3 Klassedelingstal

Når skoleåret tek til, kan ein klasse i grunnskolen ikkje ha meir enn

  • 12 elevar når det er fire årskull eller meir i klassen

  • 18 elevar når det er tre årskull i klassen

  • 24 elevar når det er to årskull i klassen

  • 28 elevar når det er eitt årskull i klassen i 1.-7. klassetrinn

  • 30 elevar når det er eitt årskull i klassen i 8.-10. klassetrinn.

Når det er fleire årskull i same klassen i grunnskolen, skal årskulla i klassen vere samanhengande dersom skolen har elevar i årskulla.

Skolen kan ikkje samtidig ha aldersblanda og aldershomogene klassar innanfor same klassetrinn, eller parallelle aldersblanda klassar. Skolen kan likevel ha aldersblanda klassar innanfor kvart av hovudtrinna 1.-4. klasse, 5.-7. klasse og 8.-10. klasse, dersom det er grunngitt med omsynet til elevane ved skolen.

Når skoleåret tek til, kan ein klasse i vidaregåande skole ikkje ha meir enn 30 elevar. I studieretningsfag i yrkesfaglege studieretningar kan ein klasse ikkje ha meir enn 15 elevar når skoleåret tek til.

Dersom det er grunngitt med omsynet til elevane i klassen, kan kommunen eller fylkeskommunen vedta å gjere unntak frå reglane i første og fjerde leddet. Av eige tiltak eller etter klage frå elevane i klassen kan departementet setje eit slikt vedtak til side eller krevje at det blir tilført ekstra ressursar til undervisninga i vedkommande klasse. Klagen skal behandlast etter reglane i forvaltningslova.

Merknader til § 8-3:

Første leddeter i samsvar med lovutkastet frå utvalet og fører vidare maksimaltala for klassestorleikar i grunnskolen slik tala er i dag, jf. gsl. § 5 nr. 1 andre leddet. Regelen opnar likevel for at tilflyttande elevar som skoleeigaren får vite om etter at skoleåret har teke til, kan fordelast på dei eksisterande klassane utan omsyn til om ein da går ut over klassedelingstala.

Unntaket skal berre gjelde ut skoleåret. Dersom unntaksheimelen i femte leddet ikkje kan brukast, må klassen delast, slik at han er i samsvar med klassedelingstala når neste skoleåret tek til.

Andre leddet og tredje leddet første punktum er nye i forhold til lovutkastet frå utvalet og fører i hovudsak vidare den opninga det i dag er for aldersblanding ved mindre skolar, sjå gsl. § 5. Etter andre leddet vil det ikkje vere høve til å ha til dømes ein klasse med berre elevar frå første, andre og fjerde klassetrinn dersom skolen også har elevar på tredje klassetrinnet.

Etter lovutkastet vil maksimal skolestorleik ved fådelte skolar no følgje av tredje leddet første punktum samanhalde med reglane om maksimal storleik for aldersblanda klasser i første leddet. Tredje leddet første punktum opnar ikkje for aldersblanding slik at skolen samtidig har aldersblanda klassar og klassar med eit årskull innanfor dei same klassetrinna. Skolane kan heller ikkje ha parallelle alderblanda klassar. Kva for opning det er for slik aldersblanding går fram av tredje leddet andre punktum.

Tredje leddet andre punktum er nytt i forhold til lovutkastet frå utvalet og opnar for ei viss aldersblanding også ved større skolar, men ikkje ei slik generell opning for aldersblanding som fleirtalet i utvalet gjekk inn for.

Det er eit vilkår at aldersblandingen er grunngitt med omsynet til elevane ved skolen. Dette inneber at det ikkje vil vere høve til slik aldersblanding m a ut frå omsynet til økonomien i kommunen eller av omsyn til dei tilsette ved skolen.

Fjerde leddet er i samsvar med lovutkastet § 8-3 andre leddet frå utvalet og fører vidare maksimaltala for klassestorleikar i den vidaregåande skolen slik tala er i dag, jf. rundskriv F-61-94.

Ein klasse for studieretningsfag skal ikkje ha meir enn 15 elevar. Klassen kan slåast saman i visse delar av undervisninga etter § 8-2 første leddet andre punktum i lovutkastet. Det kan til dømes gjelde undervisning i rein yrkesteori.

På same måten som etter første leddet vil elevar som kjem til etter skolestart, kunne fordelast på dei eksisterande klassane utan omsyn til om ein da går ut over klassedelingstala.

Femte leddeter nytt i forhold til lovgivinga i dag. Etter regelen kan skoleeigaren vedta å gå ut over reglane for klassestorleiken etter første og fjerde leddet. Regelen opnar for at klassar som i løpet av skoleåret eller i perioden mellom slutten på skoleåret og skolestart har fått ekstra elevar slik at klassedelingstal er overskridne, blir førte vidare i nye skoleår. For begge desse tilfella gjeld at dette berre kan gjerast der omsynet til elevane i klassen tilseier dette. Regelen vil ikkje gi høve til å opprette nye klassar større enn klassedelingstala.

Regelen gir kvar enkelt elev i klassen rett til å klage.

Regelen gir departementet heimel til å krevje ekstra pedagogressursar til undervisninga i den enkelte klassen og går lenger enn påleggsheimelen til departementet i § 15-1 tredje leddet i lovutkastet

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 13.

§ 8-4 Pedagogressursar i første klasse i grunnskolen

1. klasse/førskolen med meir enn 18 elevar skal ha to lærarar i kvar undervisningstime. Delar av undervisninga kan likevel givast av éin lærar dersom det blir kompensert i andre delar av undervisninga.

Merknader til § 8-4:

Generelt: 1. klasse/førskolen er også omfatta av reglane i § 8-2 og § 8-3. Det allmenne klassedelingstalet for barnetrinnet (28) og klassedelingstala for klassar med aldersblanding (12, 18 og 24) gjeld såleis også for klassar med 6-åringar. § 8-4 er ikkje ein regel om maksimal klassestorleik, men ein regel om ekstra lærarressursar når klassen har ein viss storleik.

Departementet legger til grunn at det i tillegg skal tildelast ressursar i den grad det er nødvendig for å oppfylle rettane for den enkelte eleven etter kapittel 5 i lovutkastet om spesialundervisning.

Lovutkastet frå departementet er i samsvar med gsl. § 5 nr. 1 tredje leddet, slik det lyder etter endring ved lov 28.06.1996 nr. 53. Sjå også vurderingane frå departementet i Ot.prp. nr. 40 (1995-96), side 3.

Første punktum er delvis i samsvar med § 8-3 siste leddet i lovutkastet frå utvalet, men skil seg frå dette lovutkastet på to punkt. For det første skal det etter lovutkastet frå departementet vere to lærarar i alle klassar med meir enn 18 elevar, mens den 19. eleven i lovutkastet frå utvalet berre løyser ut krav om ein tilsvarande auke i pedagogressursen. For det andre blir det kravd to lærarar pr. undervisningstime dersom ein aldersblanda klasse med mellom anna 6-åringar har meir inn 18 elevar. Lovutkastet frå utvalet krev meir enn atten 6-åringar før kravet om ekstraressurs blir utløyst.

Som det går det fram av andre punktum, gjeld kravet den gjennomsnittlege lærarressursen i klassen. Det vil blant anna seie at klassen i delar av undervisningstida kan ha éin lærar dersom det blir kompensert med tre lærarar i eit tilsvarande timetal. Den ekstra lærarresursen kan brukast til å dele klassen i visse delar av undervisninga, jf. § 8-2 første leddet andre punktum.

Kapittel 9 Leiing, funksjonar, utstyr og læremiddel i skolen

§ 9-1 Leiing

Kvar skole skal ha ei forsvarleg fagleg, pedagogisk og administrativ leiing.

Som fagleg, pedagogisk og administrativ leiar på kvar skole skal det tilsetjast ein rektor. Kravet om rektor gjeld ikkje grunnskole for klassetrinna 1-7 med 30 elevar eller mindre.

Departementet kan i særlege tilfelle gjere unntak frå regelen i andre leddet.

Merknader til § 9-1:

Første leddeter i samsvar med lovutkastet frå utvalet. Regelen er ny i forhold til lovgivinga i dag. Kva som er forsvarleg leiing, må avgjerast ut frå ei konkret vurdering og vil kunne variere både over tid og frå skole til skole. Regelen inneber ikkje noko absolutt krav om at det må opprettast særskilde stillingar ut over dei som er pålagde i medhald av lova. Regelen gjeld også for skolar som etter andre leddet ikkje har krav om rektor.

Andre leddet er endra i forhold til lovutkastet frå utvalet ettersom rektorkravet gjeld for fleire grunnskolar, slik at det berre er barneskolar med 30 elevar eller mindre som ikkje er omfatta av rektorkravet. Dette vil i praksis seie todelte og udelte barneskolar, jf. § 8-3.

Regelen skjerpar rektorkravet i grunnskolen slik det er i dag, jf. gsl. § 17 nr. 4, og fører vidare kravet om rektor på alle vidaregåande skolar, jf. lvgo. § 28. Det blir lovfest at rektor også er fagleg leiar, utan at det vil seie at rektor må vere fagleg kompetent i alle dei faga det blir undervist i på skolen. I den faglege leiinga må rektor derfor i nødvendig grad få støtte frå resten av personalet på skolen. Rektor må kunne delegere både faglege, administrative og pedagogiske oppgåver når han eller ho finn det mest formålstenleg.

Så lenge ikkje noko anna er fastsett i kraft av kommunal instruksjonskompetanse eller i lov, forskrifter eller i tariffavtale, kan rektor delegere oppgåvene sine til anna personale på skolen.

Dessutan er tredje punktum i lovutkastet frå utvalet teke ut, slik at rektor på ein skole med rektorkrav etter lovutkastet frå departementet ikkje samtidig kan vere leiar for ein annan skole. Rektor kan likevel leie andre opplæringsarrangement i tilknyting til skolen, til dømes særskilt organisert vaksenopplæring. Føresetnaden er at det ikkje går nemneverdig ut over dei oppgåvene rektor skal fylle i hovudstillinga.

Når det ikkje er rektorkrav på ein skole, står kommunen fritt til å organisere leiinga av skolen og kan også organisere ei felles leiing for fleire skolar utan rektorkrav. Det er likevel ein føresetnad at kravet om forsvarleg leiing i første leddet er oppfylt.

Det gjeld særlege kompetansekrav for rektorstillinga, jf. § 10-2 i lovutkastet.

Tredje leddet er nytt i forhold til lova i dag og i forhold til lovutkastet frå utvalet. Regelen kan nyttast i dei tilfella der kravet i andre leddet skapar særleg store praktiske vanskar eller der særlege forhold gjer at ei anna organisering vil gje ei vesentleg betre leiing av skolen. Dette kan til dømes vere situasjonen for skoleverksemda i enkelte sosiale og medisinske institusjonar. Sjå også § 17-2 andre leddet i lovutkastet.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 17.

§ 9-2 Rådgiving og skolebibliotek

Elevane har rett til nødvendig rådgiving om utdanning, yrkestilbod og yrkesval og om sosiale spørsmål. Departementet gir nærmare forskrifter.

Elevane skal ha tilgang til skolebibliotek.

Merknader til § 9-2:

Første leddet første punktumer i samsvar med lovutkastet frå utvalet. Regelen svarer til lvgo. § 11 tredje leddet og fører inn eit lovfest krav om nødvendig rådgiving i grunnskolen.

Første leddet andre punktumer nytt i forhold til lovutkastet frå utvalet. Regelen fører vidare forskriftskompetansen i gsl. § 12 og lvgo. § 11 femte leddet.

Andre leddetsvarer til § 9-2 tredje leddet i lovutkastet frå utvalet når det gjeld den vidaregåande skolen. Regelen for grunnskolen er endra i forhold til § 9-2 andre leddet i lovutkastet frå utvalet, slik at det ikkje lenger skal vere eit absolutt krav at skolebiblioteket i grunnskolen skal vere lokalisert på skolen. På same måten som i den vidaregåande skolen skal kravet kunne oppfyllast anten gjennom eit eige bibliotek på skolen eller i samarbeid med eit anna bibliotek.

Elevane skal likevel ha tilgang til eit bibliotek som er særskilt tilrettelagt for skolen, og som kan brukast som eit aktivt ledd i opplæringa på skolen. Det vil blant anna seie at biblioteket anten må vere plassert i skolelokala eller i nærleiken av skolen. I lovutkastet frå departementet er det derfor presisert at bibliotektenesta gjeld skolebibliotek.

Sjå elles vurderingane frå departementet i kapittel 17.

§ 9-3 Utstyr og liknande

Alle elevar har rett til ein arbeidsplass som er tilpassa behovet deira. Skolane skal ha tilgang til nødvendig utstyr, inventar og læremiddel.

Departementet kan gi forskrifter om tryggleiken til elevane.

Merknader til § 9-3:

Generelt: Lovutkastet frå departementet er i samsvar med lovutkastet frå utvalet.

Første leddet første punktum lovfester § 1-7 nr. 3 i grunnskoleforskrifta og gjer same rett gjeldande for elevar i vidaregåande skolar. Regelen gjeld dei fysiske forholda på skolen, der det er eit krav at dei er tilpassa behova til elevane.

Retten er særleg aktuell for elevar som på grunn av funksjonshemmingar treng ein arbeidsplass som er tilpassa dei særlege behova den enkelte eleven har. For elevar utan særskilde behov eller funksjonshemmingar gir regelen rett til ein generelt tilpassa arbeidsplass, som gjer at elevane kan ta del i den opplæringa læreplanen fastset.

Første leddet andre punktum opnar for at også grunnskolane - på same måten som vidaregåande skolar - kan oppfylle kravet om utstyr gjennom å disponere utstyr utanfor skolen, til dømes i lokale bedrifter. Ut over det fører andre punktum vidare gsl. § 10 nr. 2 første leddet første punktum og regelen om utstyr, inventar og læremiddel i lvgo. § 12 andre punktum.

Departementet viser også til § 2-1 sjette leddet i lovutkastet, som fastset at grunnskoleelevane framleis skal få eller på annan måte haldast med nødvendige læremiddel og utstyr til eige bruk. Elevane i den vidaregåande opplæringa kan framleis påleggjast å kjøpe inn læremiddel og utstyr til eige bruk, jf. § 3-1 åttande leddet i lovutkastet.

Andre leddetgir departementet kompetanse til å fastsetje forskrifter om tryggleiken til elevane. Slike forskrifter er i dag fastsette i medhald av den generelle forskriftsheimelen i gsl. § 12 nr.1 a. Forskriftsheimelen for den vidaregåande skolen er ny i forhold til lovgivinga i dag.

Det kan vere aktuelt med forskrifter om tryggingsreglar knytte til blant anna symjeopplæring, bruk av farlege maskinar og friluftsliv. Det kan også givast forskrifter om tilsyn med tryggleiken til elevane, til dømes på skoleplassen.

Slike reglar kan også givast i kommunale eller fylkeskommunale forskrifter om ordensreglement, jf. §§ 2-9 og 3-7 i lovutkastet.

§ 9-4 Lærebøker

Lærebøker som blir brukte i skolen, skal vere godkjende av departementet. Departementet kan gi nærmare forskrifter. Departementet kan halde lærebøker i enkelte fag utanfor kravet om godkjenning.

I andre fag enn norsk kan det berre brukast lærebøker som ligg føre på bokmål og nynorsk til same pris. I særlege tilfelle kan departementet gjere unntak frå denne regelen.

Lesebøkene i norskfaget i grunnskolen skal ha nok tilfang på begge målformer slik at elevane lærer å lese både bokmål og nynorsk.

Merknader til § 9-4:

Første leddeter nytt i forhold til lovutkastet frå utvalet. Regelen fører vidare godkjenningskravet i gsl. § 39 og lovfester eit tilsvarande krav for den vidaregåande skolen, jf. forskrift 13.01.1984 nr. 3520 om godkjenning av lærebøker for grunnskolen og den vidaregåande skolen.

Med lærebøker er det også meint lesebøker i norskfaget, jf. tredje leddet.

Godkjenningskravet inneber at skoleeigaren ikkje har lov å ta i bruk bøker i skolen som ikkje er godkjende og som heller ikkje er haldne utanfor godkjenningskravet. Det er såleis skoleeigaren som må sjå til at bøker som blir brukte, har den nødvendige godkjenninga.

Lærebokgodkjenninga skal blant anna følgje opp måla og hovudmomenta i læreplanane.

Dessutan kan det ikkje godkjennast lærebøker i strid med andre og tredje leddet. Bøker som skal godkjennast, må såleis liggje føre på bokmål og nynorsk, og det må setjast vilkår om same pris for bokmåls- og nynorskutgåva når dei blir selde, dersom ikkje departementet har gjort unntak frå desse krava. Dessutan skal lesebøkene i norskfaget i grunnskolen ha nok tilfang på begge målformer, slik at elevane lærer å lese både bokmål og nynorsk.

Andre leddet er i samsvar med lovutkastet frå utvalet og fører i hovudsak vidare gsl. § 39 nr. 1 andre leddet og lvgo. § 38 andre leddet. Regelen er avgrensa til å gjelde lærebøker, noko som er ei endring i forhold til lvgo. § 38 andre leddet, som i utgangspunktet også omfattar andre læremiddel. Dessutan er unntaksheimelen for departementet avgrensa til særlege tilfelle.

Regelen rettar seg i utgangspunktet til skoleeigaren, som berre kan bruke lærebøker som ligg føre på bokmål og nynorsk til same pris. Regelen fører i praksis også vidare kravet om at bokmåls- og nynorskutgåvene skal liggje føre til same tid, ettersom bøker som ikkje oppfyller kravet om utgiving på begge målformer, ikkje kan godkjennast etter første ledd.

Dersom boka er halden utanfor godkjenningskravet, kan skolen bruke boka jamvel om nynorsk- og bokmålsutgåvene ikkje opphavleg har vore utgitt samtidig. Kravet er at boka på det tidspunktet skolen tek ho i bruk, låg føre på begge målformer.

Unntaksheimelen i andre punktum kan til dømes brukast til å tillate begge målformer i den same boka, og til å gi mellombels unntak frå kravet om samtidig utgiving der parallellutgåva har vore seinka grunna produksjonstekniske tilhøve.

Tredje leddeter i samsvar med § 9-4 første leddet i lovutkastet frå utvalet. Regelen fører vidare gsl. § 40 nr. 2.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 15.

§ 9-5 Grunnskoleanlegga

Kommunen skal sørgje for tenlege grunnskolar.

Til vanleg bør det ikkje skipast grunnskolar med meir enn 450 elevar.

På grunnskolar og i kombinerte anlegg for grunnskolar og andre formål skal det ikkje serverast alkohol eller takast med alkohol til nyting.

Merknader til § 9-5

Regelen er ny i forhold til lovutkastet frå utvalet. Første leddet fører vidare gsl. § 10 nr. 1, og andre leddet gsl. § 2 nr. 2 første leddet. Tredje leddet fører vidare gsl. § 10 nr. 4 tredje leddet.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 15.

Kapittel 10 Personalet i skolen

§ 10-1 Kompetansekrav for undervisningspersonell

Den som skal tilsetjast i undervisningsstilling i grunnskolen og i den vidaregåande skolen, skal ha relevant fagleg og pedagogisk kompetanse. Kompetansekrav for undervisningsstillingar er fastsett i lov 8. juni 1973 nr 49 om lærarutdanning med forskrifter.

Departementet kan gi forskrifter om kompetansekrav for medarbeidarar i opplæring spesielt organisert for vaksne etter lova her.

Merknader til § 10-1:

Første leddet:Lovutkastet frå departementet er vesentleg endra i forhold til §§ 10-1 og 10-2 i lovutkastet frå utvalet. Lovutkastet frå departementet nøyer seg med å krevje fagleg og pedagogisk relevant kompetanse for tilsetjing i undervisningsstillingar og overlèt fastsetjinga av kompetansekrava til lærarutdanningslova med forskrifter. Departementet vil komme tilbake med ei vurdering av desse forholda i samband med oppfølginga av NOU 1996: 22 Lærerutdanning. Mellom krav og ideal.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 18.

Andre leddet er i samsvar med § 10-4 i lovutkastet frå utvalet. Regelen fører vidare delar av heimelen i vaksenopplæringslova § 9 første leddet. Heimelen omfattar ikkje spesialundervisning for vaksne som blir gitt i medhald av § 5-2 andre leddet i lovutkastet.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 25.

§ 10-2 Krav om kompetanse for rektor

Den som skal tilsetjast som rektor, må oppfylle kompetansekrava i lov 8. juni 1973 nr 49 om lærarutdanning med forskrifter.

Merknader til § 10-2:

Lovutkastet frå departementet er i hovudsak i samsvar med § 10-3 i lovutkastet frå utvalet. Lovutkastet frå departementet nøyer seg med å vise til kompetansekrava til lærarutdanningslova med forskrifter. Departementet vil komme tilbake med ei vurdering av desse forholda i samband med oppfølginga av NOU 1996: 22 Lærerutdanning. Mellom krav og ideal.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 18.

§ 10-3 Kompetansekrav for personell ved faste leirskolestader

Departementet kan gi forskrifter om kompetansekrav for personell ved faste leirskolestader.

Merknader til § 10-3:

Lovutkastet frå departementet er i samsvar med § 10-5 i lovutkastet frå utvalet. Regelen fører vidare delar av forskriftskompetansen til departementet i gsl. § 21 nr. 4.

§ 10-4 Utlysing av stillingar

Undervisningsstillingar og rektorstillingar skal lysast ut offentleg. Kravet om slik utlysing gjeld ikkje for stillingar som er ledige for eit kortare tidsrom enn seks månader, eller når arbeidsgivaren skal tilby stillinga til ein arbeidstakar eller tidlegare arbeidstakar i verksemda med heimel i lov 4. februar 1977 nr. 4 om arbeidarvern og arbeidsmiljø m.v. § 60 om oppseiingsvern og § 67 om førerett til ny tilsetjing.

Merknader til § 10-4:

Lovutkastet frå departementet er i samsvar med § 10-6 i lovutkastet frå utvalet.

Første punktum fører vidare kravet om utlysing av ledige undervisningsstillingar og rektorstillingar i grunnskolen, jf. gsl. § 20 nr. 1 første punktum. Det same kravet blir innført for den vidaregåande skolen. Kravet omfattar óg mellomleiarstillingar i skolen, til dømes undervisningsinspektør.

Det lovfeste utlysingskravet skal ikkje gjelde for andre stillingar i skolen enn rektor- og undervisningsstillingar.

Regelen i andre punktum om at utlysingskravet ikkje skal gjelde for kortare tilsetjingar, er ny. Dessutan blir forholdet til enkelte stillingsvernreglar klargjort i andre punktum.

§ 10-5 Val mellom fleire søkjarar

Når ein må velje mellom fleire søkjarar til den same stillinga, skal det leggjast vekt på utdanning og praksis, kva undervisningsbehov tilsetjinga skal ta sikte på å dekkje, og kor kvalifisert søkjaren elles er for stillinga.

Merknader til § 10-5:

Lovutkastet frå departementet er i samsvar med § 10-7 i lovutkastet frå utvalet.

Regelen lovfester det allmenne forvaltningsrettslege prinsippet om tilsetjing av den best kvalifiserte søkjaren. Den tilsetjande styresmakta skal såleis velje den best kvalifiserte blant søkjarar som oppfyller kompetansekrava i lova eller forskrifta.

Regelen klargjer blant anna at personlege eigenskapar er eit relevant kriterium. Det vil såleis i mange tilfelle vere naturleg at intervju blir brukt som ein del av tilsetjingsprosessen.

Lovutkastet § 10-5 gjeld også når ein må velje mellom fleire ukvalifiserte søkjarar som konkurrerer om ei mellombels stilling.

§ 10-6 Mellombels tilsetjing

Dersom det ikkje er søkjarar som fyller dei kompetansekrava som er fastsette i denne lova, kan andre tilsetjast mellombels. Med mindre det er avtalt ein kortare tilsetjingsperiode, skal tilsetjinga vare til og med 31. juli.

Merknader til § 10-6:

Lovutkastet frå departementet er i hovudsak i samsvar med § 10-8 første leddet i lovutkastet frå utvalet. Regelen gir berre høve til å tilsetje mellombels i stillingar som denne lova fastset kompetansekrav for. Dermed er ordninga blant anna avgrensa når det gjeld assistentar. For stillingar som lovutkastet ikkje fastset kompetansekrav for, gjeld dei allmenne reglane om mellombels tilsetjing i arbeidsmiljølova.

Første punktum fører vidare ordninga med mellombels tilsetjing i grunnskolen når det ikkje er søkjarar som fyller kompetansekrava i lova eller forskrifta, jf. gsl. § 17 nr. 2 og § 12 nr. 2 i lærarutdanningslova. Den same ordninga blir innført i den vidaregåande skolen. Andre punktum er nytt i forhold til lovgivinga i dag og har fått ei noko anna utforming enn i lovutkastet frå utvalet. Lovutkastet gjer det klart at regelen om at tilsetjing ikkje skal vare lenger enn til 31. juli, også gjeld for tilsetjing i vikariat, der den som blir tilsett ikkje oppfyller kompetansekrava.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapitla 18 og 19.

§ 10-7 Praksisplassar i skolen

Departementet kan i det enkelte tilfellet eller i forskrifter gi pålegg om at kommunar eller fylkeskommunar skal gi studentar frå universitet og høgskolar praksisopplæring og rettleiing i skolen, og om val av den som skal stå for praksisopplæringa.

Merknader til § 10-7:

Lovutkastet frå departementet er i samsvar med § 10-9 i lovutkastet frå utvalet.

Departementet får kompetanse til å gi reglar om plikt til å gi praksisopplæring. Regelen gir heimel til å føre vidare mellom anna gsl. § 22 nr. 3 og lvgo. § 20 tredje leddet om pliktene til undervisningspersonalet.

Departementet går ut frå at praksisplassar i dei fleste tilfella kjem i stand etter avtale mellom høgskolen eller universitetet og grunnskolen eller den vidaregåande skolen. Det blir i denne samanhengen også avtalt kven av undervisningspersonalet som skal stå for praksisopplæringa (vere øvingslærar).

§ 10-8 Etterutdanning

Staten, fylkeskommunen og kommunen skal medverke til at undervisningspersonell, skoleleiarar og personell med særoppgåver i skoleverket får etterutdanning, med sikte på å fornye og utvide fagleg og pedagogisk kunnskap og å halde seg orienterte om og vere på høgd med utviklinga i skolen og samfunnet.

Merknader til § 10-8:

Lovutkastet frå departementet er i samsvar med § 10-10 i lovutkastet frå utvalet. Regelen fører vidare mellom anna gsl. § 27 nr. 1 andre leddet.

§ 10-9 Omgrepet verksemd i fylkeskommunen og kommunen

Som arbeidsgivar for personale i opplæringsverksemd etter lova her skal fylkeskommunen eller kommunen reknast som éi verksemd i forhold til § 60 nr. 2 og § 67 i lov av 4. februar 1977 nr. 4 om arbeidarvern og arbeidsmiljø.

Merknader til § 10-9:

Lovutkastet frå departementet er i samsvar med § 10-12 i lovutkastet frå utvalet.

Regelen klargjer at fylkeskommunen eller kommunen skal reknast som éi verksemd i høve til § 60 nr. 2 i arbeidsmiljølova om plikt for arbeidsgivaren til å finne anna passande arbeid til arbeidstakarar som det er spørsmål om å seie opp, og i høve til § 67 i arbeidsmiljølova om førerett for oppsagde arbeidstakarar til ny stilling.

§ 10-10 Politiattest

Den som skal tilsetjast i grunnskolen, må leggje fram politiattest. Attesten skal vise om vedkommande er sikta, tiltalt eller dømd for seksuelle overgrep mot barn.

Personar som er dømde for seksuelle overgrep mot barn, kan ikkje bli tilsette i grunnskolen.

Kommunen kan krevje politiattest etter første leddet også for andre personar som regelmessig oppheld seg i grunnskolen.

Departementet gir nærmare forskrifter.

Merknader til § 10-10:

Regelen er ny i forhold til lovutkastet frå utvalet og i forhold til lovgivinga i dag og svarar til lov 05.05.1995 nr. 19 om barnehager § 20.

Regelen gjeld alle som skal arbeide i grunnskolen, både fast og mellombels personell og både administrativt personell, undervisningspersonell og andre som skal arbeide i skolen. Regelen gjeld også for personell som etter denne lova gir pedagogisk hjelp til barn under opplæringspliktig alder og som er tilsatt i grunnskolen.

Politiattesten skal berre vise om vedkommande er sikta, tiltalt eller dømd for «seksuelle overgrep mot barn». Eventuelle andre lovbrot skal ikkje gå fram av politiattesten. Departementet tek sikte på å gi forskrifter som nærmare regulerer kva som er «seksuelle overgrep mot barn», slik det også er gjort for barnehagar.

Ved at kommunen får høve til å fastsetje at også andre som arbeider med aktivitetar knytte til skolen skal leggje fram politiattest, vil ein også kunne krevje slik attest frå personar som til dømes er knytte til skolefritidsordninga.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 19.

§ 10-11 Tariffavtalar om lønns- og arbeidsvilkår

For stillingar som går inn under denne lova, blir lønns- og arbeidsvilkåra fastsette i tariffavtale. Kongen i statsråd fastset kven som skal forhandle med dei tenestemannsorganisasjonane som har rett til å forhandle om lønns- og arbeidsvilkår.

Merknader til § 10-11:

Regelen er ny i forhold til lovutkastet frå utvalet, og førar vidare blant anna gsl. § 19 nr. 1.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 19 om den arbeidsrettslege stillinga til skoleleiarar og undervisningspersonell.

Kapittel 11 Organ for brukarmedverknad i skolen

§ 11-1 Samarbeidsutval ved grunnskolar

Ved kvar grunnskole skal det vere eit samarbeidsutval med to representantar for undervisningspersonalet, éin for andre tilsette, to for foreldrerådet, to for elevane og to for kommunen. Den eine av representantane for kommunen skal vere rektor ved skolen. Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av teieplikt etter lover eller forskrifter, blir behandla i samarbeidsutvalet.

Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolen.

Dersom samarbeidsutvalet får delegert styringsoppgåver frå kommunen, kan kommunen nemne opp fleire representantar til utvalet.

Kommunen kan nemne opp samarbeidsutvalet som styre for skolen etter § 11 i kommunelova. Dersom kommunen nemner opp eit anna styre for skolen enn samarbeidsutvalet, skal minst to representantar for foreldrerådet vere med i styret. Rektor har rett til å møte, tale og komme med framlegg.

Kommunen kan skipe eit felles samarbeidsutval for grunnskole og kommunal barnehage. Etter avtale kan ei tilsvarande ordning etablerast mellom privat barnehage og kommunal skole. Utvalet skal ha to representantar for elevane, éin representant for undervisningspersonalet, éin representant for andre tilsette i skolen, to representantar for dei tilsette i barnehagen, to representantar for foreldrerådet i skolen og to representantar for foreldrerådet i barnehagen. I tillegg til dei representantane for kommunen som følgjer av første og tredje leddet, kan eigaren av barnehagen nemne opp inntil to medlemmer.

Merknader til § 11-1:

Første leddet er endra i forhold til lovutkastet frå utvalet, ved at rektor framleis skal vere obligatorisk medlem av samarbeidsutvalet. Regelen fører vidare gsl. § 32 nr. 1 og 4.

Dersom skolen ikkje er omfatta av rektorkravet i § 9-1 andre leddet i lovutkastet og kommunen heller ikkje har valt å tilsetje rektor, må kommunen nemne opp ein annan representant.

Kommunen regulerer nærmare korleis elevane peiker ut representantane sine. Det er ein føresetnad at elevrepresentantane skal representere alle elevane på skolen, ikkje berre dei elevane det er skipa elevråd for. Sjå § 11-2 første leddet i lovutkastet, der kravet om elevråd ikkje gjeld for klassetrinna 1-4.

Representantane for dei tilsette, det vil også seie lærarrepresentantane, skal veljast av og blant alle tilsette, ikkje av organisasjonane, til dømes lærarorganisasjonane, sjå Ot.prp. nr. 53 (1994/95).

Regelen om at elevane ikkje skal vere med i saker med teieplikt, jf. tredje punktum, gjeld også når samarbeidsutvalet får styringsoppgåver, eventuelt blir oppnemnt som styre for skolen, jf. tredje leddet og fjerde leddet første punktum.

Andre leddet er i samsvar med § 11-1 andre leddet første punktum i lovutkastet frå utvalet. Regelen fører vidare gsl. § 32 nr. 2.

Det er påbode med samarbeidsutval som rådgivande organ, som ikkje har avgjerdskompetanse etter lov eller forskrift. Kommunen kan likevel velje å gi samarbeidsutvalet styringsoppgåver og dermed fullmakter på eit nærmare avgrensa område, jf. tredje leddet. Kommunen kan også velje å nemne opp eit samarbeidsutval som styre for skolen etter § 11 i kommunelova, jf. fjerde leddet.

I arbeidet med styringsoppgåvene høyrer samarbeidsutvalet inn under den kommunale instruksjonskompetansen på linje med andre styre som kommunen skipar.

Kommunen kan også delegere styringsoppgåver til eit anna styre, til dømes til eit felles styre for skolen og barnehagen. I slike tilfelle gjeld likevel regelen om foreldrerepresentasjon i fjerde leddet andre punktum.

Tredje leddeter i samsvar med § 11-1 andre leddet andre punktum i lovutkastet frå utvalet. Regelen fører vidare gsl. § 32 nr. 3.

Fjerde leddet første punktum er nytt i forhold til lovutkastet frå utvalet. Regelen klargjer den kommunale kompetansen som går fram av gsl. § 32 nr. 3 og 5, og av lovutkastet frå utvalet. Kommunen kan nemne opp fleire representantar til styret i tillegg til medlemmene i samarbeidsutvalet, jf. tredje leddet.

Fjerde leddet andre punktum er endra i forhold til § 11-1 tredje leddet første punktum i lovutkastet frå utvalet, ved at det er fastsett at foreldrerådet vel foreldrerepresentantane i styret. Regelen fører elles vidare gsl. § 32 nr. 5 første punktum.

Fjerde leddet tredje punktum er i samsvar med § 11-1 tredje leddet andre punktum i lovutkastet frå utvalet og fører vidare gsl. § 32 nr. 5 andre punktum.

Femte leddeter i hovudsak i samsvar med § 11 fjerde leddet i lovutkastet frå utvalet. Lovutkastet endrar reglane om medlemskap for styraren i barnehagen og rektor ved skolen. Etter lovutkastet vil rektor alltid vere ein av kommunen sine representanter i samarbeidsutvalet. Eigaren av barnehagen kan velje å nemne opp styraren som ein av sine representantar.

Dessutan er det i lovutkastet frå departementet klargjort at eit felles samarbeidsutval mellom private barnehagar og kommunale skolar blir til gjennom ein ordinær avtale, der vanlege avtalerettslege prinsipp avgjer kven som har kompetanse til å gjere avtalen. I utgangspunktet er avtalepartane kommunen og eigaren av den private barnehagen.

Regelen fører elles i hovudsak vidare gsl. § 32 nr. 7. Regelen om medlemskap for elevane er ny.

Regelen klargjer dessutan at medverknaden til kommunen etter § 11-1 første leddet i lovutkastet også skal gjelde for det felles samarbeidsutvalet, og at denne medverknaden kjem i tillegg til den medverknaden som følgjer av reglane i barnehagelova. Det vil seie at kommunen skal ha to representantar i utvalet, og at kommunen eller ein annan eigar av barnehagen i tillegg kan nemne opp to representantar, sml. § 4 tredje leddet i barnehagelova. Dersom kommunen delegerer styringsoppgåver til samarbeidsutvalet, skal kommunen dessutan ha rett til å nemne opp fleire representantar til utvalet, jf. § 11-1 tredje leddet i lovutkastet.

Oppnemning etter fjerde punktum er frivillig.

Sjå også vurderingane i Ot.prp. nr. 68 (1993-94), side 25 og vurderingane frå departementet i kapittel 10.

§ 11-2 Elevråd ved grunnskolar

Ved kvar grunnskole skal det for klassetrinna 5-7 og for klassetrinna 8-10 vere eit elevråd med éin representant for kvar klasse. Representantane skal veljast seinast tre veker etter at skolen har teke til om hausten.

Ein medlem av undervisningspersonalet på skolen skal ha som oppgåve å hjelpe elevrådet i arbeidet. Denne elevrådskontakten har møte- og talerett i elevrådet.

Leiaren for elevrådet kan kalle inn til møte i rådet i samråd med elevrådskontakten. Rådet skal i alle høve kallast inn når ein tredel av medlemmene i rådet eller rektor krev det.

Elevrådet skal fremje fellesinteressene til elevane på skolen og arbeide for å skape godt lærings- og skolemiljø. Rådet skal også kunne uttale seg i og komme med framlegg i saker som gjeld nærmiljøet til elevane.

Merknader til § 11-2:

Første leddet første punktum er endra i forhold til lovutkastet frå utvalet, slik at kravet om elevråd også gjeld for klassetrinna 5-7.

Regelen fører elles vidare gsl. § 33 nr. 1 første punktum og gjer kravet om ein representant for kvar klasse absolutt.

Kommunen avgjer om det skal vere eitt felles elevråd for klassetrinna 5-10, eller om det skal vere eitt elevråd for mellomtrinnet og eitt elevråd for ungdomstrinnet.

Regelen er ikkje til hinder for at ein kan velje å ha elevråd også for småskoletrinnet, anten som eige elevråd eller som del av eit felles elevråd for heile barnetrinnet eller for heile grunnskolen.

Første leddet andre punktum er i samsvar med lovutkastet frå utvalet og lovfester § 6-1 nr. 3 første leddet i grunnskoleforskrifta om at det skal haldast val seinast tre veker etter at skolen tek til.

Andre leddet første punktum er i samsvar med framlegget frå utvalet. Lovutkastet frå departementet klargjer at kravet gjeld éin av personalet for den enkelte skolen. Regelen fører vidare gsl. § 33 nr. 1 fjerde punktum.

Regelen er ikkje til hinder for at kommunen nemner opp to elevrådskontaktar for skolar som har eige elevråd for mellomtrinnet og ungdomstrinnet.

Andre leddet andre punktumer i samsvar med lovutkastet frå utvalet. Regelen lovfester møte- og talerett for elevrådskontakten, sml. § 6-4 nr. 3 andre punktum i grunnskoleforskrifta.

Tredje leddet første punktum er i samsvar med lovutkastet frå utvalet og lovfester § 6-4 nr. 4 i grunnskoleforskrifta.

Tredje leddet andre punktum er i samsvar med lovutkastet frå utvalet og lovfester delar av § 6-1 nr. 2 første leddet i grunnskoleforskrifta.

Fjerde leddet første punktum er i hovudsak i samsvar med lovutkastet frå utvalet og lovfester oppgåvene til elevrådet etter § 6-4 nr. 1 i grunnskoleforskrifta.

Elevrådet er ikkje i lova gitt avgjerdskompetanse i skolesamfunnet, men kan uttale seg i alle saker som gjeld skolen. Typiske saker for elevrådet gjeld velferda og arbeidsmiljøet til elevane. Når elevane er representerte i samarbeidsutvalet, er det også naturleg for elevrådet å uttale seg i saker som blir drøfta i rådet.

Departementet viser også til § 2-3 andre leddet i lovutkastet, som gir departementet heimel til å gi forskrifter om bruk av undervisningstid til klasse- og elevrådsarbeid, og om innhaldet i denne opplæringa.

Fjerde leddet andre punktum er nytt i forhold til lovutkastet frå utvalet. Regelen er også ny i forhold til forskriftene som gjeld i dag om oppgåvene til elevrådet, sml. § 6-1 nr. 1 i grunnskoleforskrifta.

Regelen omfattar blant anna saker om oppvekstmiljøet, arealplanar og fordeling av ressursar som gjeld barn og unge.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 10.

§ 11-3 Klasseråd i grunnskolen

For kvar klasse i grunnskolen skal det vere eit klasseråd der alle elevane er medlemmer.

Klassestyraren skal vere støtte for klassen i klasserådsarbeidet. Klassestyraren har møte- og talerett.

Klasserådet skal fremje interessene til elevane i klassen og saman med lærarane og foreldra arbeide for å skape godt miljø i klassen. Klasserådet skal uttale seg i saker det får frå elevrådet.

Merknader til § 11-3:

Generelt:Lovutkastet frå departementet er i hovudsak i samsvar med lovutkastet frå utvalet. Siste delen av tredje leddet andre punktum i lovutkastet frå utvalet er teke ut ettersom det ikkje er ei plikt, men berre ei tilråding i § 6-5 i grunnskoleforskrifta.

Første leddetinnfører plikt til å ha klasseråd i alle klassar i grunnskolen.

Andre leddeter nytt i forhold til lovgivinga i dag, sml. likevel § 6-5 nr. 3 i grunnskoleforskrifta.

Tredje leddetlovfester § 6-5 nr. 1 første og andre leddet i grunnskoleforskrifta.

§ 11-4 Foreldreråd ved grunnskolar

På kvar grunnskole skal det vere eit foreldreråd der alle foreldre som har barn i skolen, er medlemmer.

Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene til foreldra og medverke til at elevar og foreldre tek aktivt del i arbeidet for å skape godt skolemiljø. Foreldrerådet skal arbeide for å skape godt samhald mellom heimen og skolen, leggje til rette for trivsel og positiv utvikling hjå elevane og skape kontakt mellom skolen og lokalsamfunnet.

Foreldrerådet vel eit arbeidsutval. Arbeidsutvalet vel to representantar med personlege vararepresentantar til samarbeidsutvalet. Leiaren for arbeidsutvalet skal vere den eine av representantane.

Merknader til § 11-4:

Generelt: Lovutkastet frå departementet er i samsvar med lovutkastet frå utvalet, med unntak av «varamenn» er bytt ut med «vararepresentantar» i tredje leddet.

Første leddetfører vidare gsl. § 30 nr. 1 første punktum.

Andre leddet lovfester § 6-2 nr. 1 i grunnskoleforskrifta.

Tredje leddetfører vidare gsl. § 30 nr. 1 andre punktum.

§ 11-5 Skoleutval ved vidaregåande skolar

Ved kvar vidaregåande skole skal det vere eit skoleutval med representantar for dei tilsette og fylkeskommunen og to representantar valde av elevrådet. Rektor ved skolen skal vere representant for fylkeskommunen.

Skoleutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolen.

Fylkeskommunen kan nemne opp skoleutvalet som styre for skolen etter § 11 i kommunelova. Dersom fylkeskommunen nemner opp eit anna styre for skolen enn skoleutvalet, skal minst to representantar for elevrådet vere med i styret. Rektor har rett til å møte, tale og komme med framlegg.

Merknader til § 11-5:

Første leddet første punktum er i samsvar med lovutkastet frå utvalet.

Regelen fører i hovudsak vidare lvgo. § 27 første leddet. Men regelen om at det er elevrådet som vel elevrepresentantane, er ny.

Representant(ar) for dei tilsette skal veljast av og blant alle tilsette, ikkje av organisasjonane, til dømes lærarorganisasjonane, sjå Ot.prp. nr. 53 (1994/95).

Første leddet andre punktumer endra i forhold til lovutkastet frå utvalet og gjeldande rett, ved at rektor skal vere obligatorisk medlem av skoleutvalet. Sjå lvgo. § 27 andre leddet.

Andre leddet er i samsvar med lovutkastet frå utvalet. Regelen fører vidare lvgo. § 27 tredje leddet.

Skoleutvalet er påbode som rådgivande organ, som ikkje har avgjerdskompetanse etter lov eller forskrifter. Fylkeskommunen kan likevel velje å gi skoleutvalet styringsoppgåver og dermed fullmakter på eit nærmare avgrensa område. Fylkeskommunen kan også velje å nemne opp skoleutvalet som styre for skolen etter § 11 i kommunelova, jf. tredje leddet.

I arbeidet med styringsoppgåvene høyrer skoleutvalet inn under den fylkeskommunale instruksjonskompetansen på lik linje med andre styre som fylkeskommunen skipar.

Fylkeskommunen kan også delegere styringsoppgåver til eit anna styre. I slike tilfelle gjeld likevel regelen om elevrepresentasjon i tredje leddet andre punktum.

Tredje leddet første punktum klargjer at fylkeskommunen kan nemne opp skoleutvalet som styre for skolen. Det går fram som ein føresetnad av lovutkastet frå utvalet. Regelen fører vidare lvgo. § 27 fjerde leddet.

Tredje leddet andre punktum er endra i forhold til § 11-5 tredje leddet i lovutkastet frå utvalet, ved at det er fastsett at elevrådet vel elevrepresentantane i styret. Regelen fører elles vidare lvgo. § 27 femte leddet.

Tredje leddet tredje punktum er nytt i forhold til lovutkastet frå utvalet og i forhold til lovgivinga i dag.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 10.

§ 11-6 Elevråd og allmøte ved vidaregåande skolar

Ved kvar vidaregåande skole skal det vere eit elevråd med minst éin medlem for kvar tjuande elev. Elevrådet blir valt ved skriftleg røysting.

Elevrådet skal blant anna arbeide for læringsmiljøet, arbeidsforholda og velferdsinteressene til elevane.

Dersom elevrådet eller ein femdel av elevane ønskjer det, skal det haldast allmøte for elevane på skolen. Elevrådet er bunde av vedtak i allmøte i saker som er nemnde i innkallinga til møtet når meir enn halvparten av elevane på skolen er til stades og røystar.

Merknader til § 11-6:

Generelt: Lovutkastet frå departementet er i samsvar med lovutkastet frå utvalet.

Første leddetfører vidare § 31 første leddet første punktum og tredje leddet.

Andre leddet fører vidare lvgo. § 31 fjerde leddet. Det blir likevel klargjort at dei oppgåvene som er nemnde i lova, ikkje er uttømmande.

Elevrådet er ikkje i lova gitt avgjerdskompetanse i skolesamfunnet, men kan uttale seg om alle saker som gjeld skolen. Typiske saker for elevrådet gjeld velferda og arbeidsmiljøet til elevane.

Departementet viser også til § 3-4 første leddet i lovutkastet, som gir departementet heimel til å gi forskrifter om bruk av undervisningstid til elevrådsarbeid.

Tredje leddet første punktum er ei endring i forhold til lvgo. § 31 andre leddet, slik at allmøtet skal vere obligatorisk når ein femdel av elevane krev det eller når elevrådet krev det.

Tredje leddet andre punktum lovfester § 3 tredje leddet andre punktum i forskrift 18.08.1978 nr. 9163 om gjeremåla til elevrådet.

§ 11-7 Fellesreglar

Råda og utvala etter reglane i §§ 11-1 til 11-6 vel sjølv leiar og nestleiar. Dei vel også sekretær.

Merknader til § 11-7:

Lovutkastet frå departementet er i hovudsak i samsvar med lovutkastet frå utvalet.

Framlegget frå utvalet til fellesreglar omfatta også styre skipa etter § 11 i kommunelova. Etter lovutkastet frå departementet blir dette spørsmålet overlate til tolking av kommunelova. Når § 11 i kommunelova gir kommunen og fylkeskommunen generell kompetanse til å skipe dei styra som er nemnde ovanfor, må ein rekne med at kommunen og fylkeskommunen også har kompetanse til å nemne ut leiaren og nestleiaren for styret.

Regelen fører vidare gsl. § 33 nr.1 tredje punktum og lvgo. § 31 første leddet andre punktum. Regelen er ny for dei andre organa. Det same gjeld regelen om at elevrådet i den vidaregåande skolen skal velje sekretær.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 10.

§ 11-8 Elevrepresentantar i fylkeskommunale nemnder

Representantar for elevane har møte- og talerett i fylkeskommunale nemnder etter tilsvarande reglar som gjeld dei tilsette, jf. § 26 i kommunelova.

Merknader til § 11-8:

Lovutkastet frå departementet er i samsvar med lovutkastet frå utvalet og fører vidare lvgo. § 15 sjette leddet.

Regelen gir elevane møte- og talerett i drøftinga av alle pedagogiske og administrative saker som gjeld interessene til elevane, parallelt med dei rettane dei tilsette har med heimel i § 26 i kommunelova.

§ 11-9 Foreldreutvalet for grunnskolen

Departementet nemner opp Foreldreutvalet for grunnskolen. Utvalet skal ha leiar, nestleiar og fem andre medlemmer. Funksjonstida er fire år. Departementet gir nærmare forskrifter om arbeidet i foreldreutvalet.

Merknader til § 11-9:

Lovutkastet frå departementet er i samsvar med lovutkastet frå utvalet og fører vidare gsl. § 35. Departementet nemner også opp leiaren og nestleiaren i utvalet.

§ 11-10 Dispensasjon

Departementet kan i særlege tilfelle gjere unntak frå reglane i §§ 11-1 til 11-7.

Merknader til § 11-10:

Lovutkastet frå departementet skil seg frå utkastet frå utvalet ved at heimelen for dispensasjon er gjord meir generell. På same måten som i lovutkastet frå utvalet opnar regelen for at dispensasjon kan bli gitt der det er sannsynleg at det vil føre til at elevane og foreldra på den måten får større innverknad på arbeidet i skolen. Lovutkastet frå departementet opnar i tillegg for at dispensasjon kan givast i dei tilfella da reglane i §§ 11-1 til 11-7 passar svært dårleg. Dette kan til dømes gjelde for opplæringsverksemd i enkelte sosiale og medisinske institusjonar.

Kapittel 12 Organ knytte til fagopplæring i bedrift

§ 12-1 Rådet for fagopplæring i arbeidslivet

Kongen nemner opp eit råd for fagopplæring i arbeidslivet. Rådet skal hjelpe departementet med råd og ta initiativ for å fremje fagopplæring. Rådet skal ha representantar for partane i arbeidslivet og for departementet. Meir enn halvparten av medlemmene skal representere arbeidslivet med like mange medlemmer frå arbeidsgivarane og frå arbeidstakarane. Departementet fastset samansetjinga av og oppgåvene til rådet.

Rådet skal uttale seg før departementet vedtek

  • overordna retningslinjer for innhaldet i opplæringa i fag eller arbeidsområde som har læretid i bedrift

  • forskrifter om fagprøve og sveineprøve.

Rådet skal også uttale seg om framlegg frå tariffpartar på området eller departementet om at eit fag eller arbeidsområde skal førast inn under fagopplæringa, eller ikkje lenger skal vere underlagt fagopplæringa.

Merknader til § 12-1:

Generelt: Lovutkastet frå departementet er i hovudsak i samsvar med lovutkastet frå utvalet, men lovfester også framleggsretten til partane i arbeidslivet i lfa. § 2.

Første leddetfører vidare lfa. § 5.

Andre og tredje leddet fører vidare lfa. § 2, § 18 andre leddet og § 19 åttande leddet.

§ 12-2 Opplæringsråd

Kvart fag eller fagområde som kan ha læretid i bedrift, skal vere knytt til eit fagleg opplæringsråd. Departementet avgjer etter framlegg frå Rådet for fagopplæring i arbeidslivet kva for opplæringsråd som skal skipast, storleiken på opplæringsråda, kva for fagleg felt det enkelte opplæringsrådet skal dekkje og reglement for arbeidet til opplæringsråda. Reglementet skal innehalde reglar om sekretariat eller sekretærfunksjon.

Departementet nemner opp opplæringsråd. Funksjonstida er fire år. Det enkelte opplæringsrådet skal ha like mange representantar for arbeidsgivarane og for arbeidstakarane, oppnemnde etter framlegg frå tariffpartane i arbeidslivet. Leiaren og nestleiaren skal veljast for to år blant representantane for partane. Opplæringsrådet skal dessutan ha andre medlemmer med brei kjennskap til innhaldet i opplæringa og til oppgåvene for rådet, men slik at representantane for arbeidsgivarane og arbeidstakarane til saman har fleirtal.

Opplæringsrådet skal utarbeide framlegg til sluttkompetanse for fag eller arbeidsområde som har læretid i bedrift. Rådet skal gi fråsegn om innhaldet i opplæringa i slike fag eller arbeidsområde, og også om den samla læretida for faget eller arbeidsområdet.

Rådet skal uttale seg før departementet

  • vedtek forskrifter om å få godskrive tidlegare skole, kurs eller anna fagopplæring som læretid eller praksistid

  • godkjenner ei fagutdanning frå eit anna land som likeverdig med ei norsk fagutdanning

  • vedtek forskrifter om korleis teorikrava i eit fag skal dekkjast når forskriftene om innhaldet i opplæringa ikkje krev at lærlingen har gjennomgått grunnkurs og vidaregåande kurs før opplæringa i bedrift

  • vedtek forskrifter om ei anna opplæring med greidd eksamen som kan godkjennast som teoretisk del av fagprøva for kandidatar som tek prøve utanom læreforhold .

Merknader til § 12-2:

Generelt: Lovutkastet frå departementet er i hovudsak i samsvar med lovutkastet frå utvalet. I motsetnad til lovutkastet frå utvalet fører lovutkastet frå departementet også vidare lfa. § 13 tredje leddet.

Første og andre leddetfører vidare lfa. § 6 første, andre og tredje leddet.

Tredje leddetfører vidare reglane i i lfa. § 18 tredje, fjerde og åttande leddet om oppgåvene til rådet.

Fjerde leddetfører vidare reglane om oppgåvene til rådet i lfa. § 13 tredje og sjette leddet, § 18 niande og § 19 sjuande leddet.

§ 12-3 Yrkesopplæringsnemnder og yrkesutval

Fylkeskommunen nemner opp yrkesopplæringsnemnd med oppgåver etter §§ 4-3, 4-5, 4-6 og 12-4.

Nemnda skal ha sju medlemmer med personlege varamedlemmer. To medlemmer skal nemnast opp etter framlegg frå arbeidstakarorganisasjonane og to etter framlegg frå arbeidsgivarorganisasjonane. Dessutan skal det nemnast opp ein lærlingrepresentant. Fylkeskommunen nemner også opp éin medlem med spesiell innsikt i nærings- og sysselsetjingsspørsmål og éin medlem med spesiell innsikt i skolespørsmål. Funksjonstida til nemnda er den same som for fylkestinget. Lærlingrepresentanten blir oppnemnd for to år om gongen. Fylkeskommunen peiker ut leiar og nestleiar i nemnda for to år om gongen.

Éin representant for fylkesarbeidskontoret og éin representant for fylkeskommunen har møte- og talerett og rett til å få meininga si protokollert.

Nemnda høyrer ikkje inn under instruksjonskompetansen til fylkeskommunen ved behandlinga av faglege spørsmål. I arbeidet med andre oppgåver høyrer nemnda inn under instruksjonskompetansen til fylkeskommunen.

Fylkeskommunen stiller sekretariat med leiar for nemnda.

Departementet kan gi nærmare forskrifter om arbeidet i nemnda, blant anna om kva for oppgåver som kan delegerast til sekretariatet.

Nemnda skal nemne opp eit rådgivande yrkesutval for kvart av faga eller fagområda, eller nytte prøvenemnda som yrkesutval. Departementet kan gi forskrifter om samansetjinga av og verksemda til yrkesutvala.

Merknader til § 12-3:

Første leddeter i samsvar med lovutkastet frå utvalet. Det er vist til oppgåver etter kapittel 4 i lova. Regelen fører vidare plikta for fylkeskommunen til å skipe yrkesopplæringsnemnder, jf. lfa. § 7 første leddet.

Andre leddet er i samsvar med lovutkastet frå utvalet, med unntak av funksjonstida til lærlingrepresentanten, som er fastsett til to år. Regelen fører elles vidare lfa. § 7 andre leddet.

Tredje leddeter i samsvar med lovutkastet frå utvalet. Regelen fører vidare lfa. § 7 fjerde leddet, men slik at fylkeskommunen sjølv avgjer kven som skal møte på vegner av seg. Dessutan er det i tråd med praksis i dag fastsett at arbeidskraftstyresmakta i denne samanhengen er fylkesarbeidskontoret.

Fjerde leddeter endra i forhold til lovutkastet frå utvalet, og fører vidare det som er ordninga idag. Døme på saker som ikkje ligg under fylkeskommunal instruksjonskompetanse er godkjenning av lærekontraktar og lærebedrifter, godkjenning av praksis for kandidatar som melder seg til fag- eller sveineprøve utan læretid (sjå lovutkastet § 3-5) og oppnemning av prøvenemnder.

Når nemnda ikkje høyrer inn under instruksjonskompetansen til fylkeskommunen, er opplæringsrådet for det aktuelle faget eller fagområdet klageinstans, jf. § 16-2 fjerde leddet i lovutkastet. Elles er fylkeskommunen klageinstans for vedtak i yrkesopplæringsnemnda.

Femte leddeter i samsvar med § 12-3 sjette leddet første punktum i lovutkastet frå utvalet. Regelen fører vidare plikta for fylkeskommunen til å stille sekretariat med leiar for nemnda, sjå lfa. § 7 tredje leddet tredje punktum.

Sjette leddeter i hovudsak i samsvar med § 12-3 sjuande leddet i lovutkastet frå utvalet. Regelen fører vidare forskriftskompetansen til departementet etter lfa. § 7 åttande leddet. I motsetnad til det som følgjer av lovutkastet frå utvalet skal ikkje departementet kunne gi forskrifter om instruksjonskompetansen til fylkeskommunen i forhold til oppgåver som er gitt i forskrifter etter § 12-4 åttande leddet.

Sjuande leddeter i samsvar med § 12-3 åttande leddet i lovutkastet frå utvalet og fører vidare lfa. § 7 femte leddet.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 21.

§ 12-4 Oppgåvene til yrkesopplæringsnemnda

Yrkesopplæringsnemnda fører tilsyn med opplæringa i bedrifter etter denne lova. Nemnda har utviklingsansvar og skal ta initiativ for å fremje fagopplæringa i arbeidslivet.

Yrkesopplæringsnemnda formidlar elevar til dei lærebedriftene ho har gjort avtale om læreplassar med. Departementet kan gi forskrifter om framgangsmåten.

Yrkesopplæringsnemnda nemner opp, eventuelt i samarbeid med andre fylkeskommunar, éi eller om nødvendig fleire prøvenemnder for det faget det er prøvekandidatar i.

Yrkesopplæringsnemnda skriv ut fagbrev og sveinebrev på grunnlag av greidd prøve.

Yrkesopplæringsnemnda godkjenner praksis for kandidatar som melder seg til fagprøve eller sveineprøve utan læretid, jf. § 3-5.

Nemnda gir rapport til fylkeskommunen, Rådet for fagopplæring i arbeidslivet og departementet om verksemda si og om tiltak som er viktige for fagopplæringa.

Fylkeskommunen kan påleggje nemnda andre oppgåver i tilknyting til fagopplæringa.

Departementet kan i forskrifter påleggje nemnda andre oppgåver i tilknyting til fagopplæringa enn dei oppgåvene som følgjer av denne paragrafen og av kapittel 4 i lova.

Merknader til § 12-4:

Første leddeter i samsvar med § 12-4 tredje leddet i lovutkastet frå utvalet og fører vidare § 7 tredje leddet første og andre punktum.

Andre leddet er i samsvar med § 12-4 første leddet i lovutkastet frå utvalet og fører vidare lfa. § 3 andre leddet.

Ansvaret til yrkesopplæringsnemnda omfattar også elevar i private skolar som får tilskot etter lova.

Tredje leddeter nytt i forhold til lovutkastet frå utvalet. Regelen fører vidare lfa. § 22 første punktum. Nærmare forskrifter om lærlingvurdering kan givast etter § 3-4 første leddet i lovutkastet, blant anna nærmare forskrifter om prøvenemnder og om kor mange medlemmer prøvenemndene skal ha.

Fjerde leddeter i samsvar med § 12-4 andre leddet i lovutkastet frå utvalet og fører vidare lfa. § 19 femte leddet.

Femte leddeter nytt i forhold til lovutkastet frå utvalet. Regelen fører vidare lfa. § 20 første leddet tredje punktum.

Sjette leddeter i samsvar med § 12-4 fjerde leddet i lovutkastet frå utvalet og fører vidare lfa. § 7 sjuande leddet. Regelen om at nemnda også skal rapportere til fylkeskommunen er ny.

Sjuande og åttande leddeter i samsvar med § 12-4 femte og sjette leddet i lovutkastet frå utvalet og fører vidare lfa. § 7 sjette leddet. Fylkeskommunen skal framleis kunne påleggje nemnda oppgåver ut over dei oppgåvene som går fram av lov og forskrift, jf. lfa. § 7 sjette leddet. I arbeidet med slike oppgåver skal yrkesopplæringsnemnda høyre inn under instruksjonskompetansen til fylkeskommunen.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 21.

§ 12-5 Læreplangrupper

Departementet nemner opp læreplangrupper som skal hjelpe til i arbeidet med å fastsetje innhaldet i opplæringa i fag eller arbeidsområde som har læretid i bedrift.

Læreplangruppene skal vere samansette med like mange representantar frå arbeidslivet og frå skolesida. Opplæringsråda gjer framlegg om dei medlemmene i læreplangruppene som skal ha bakgrunn frå arbeidslivet.

Merknader til § 12-5:

Lovutkastet frå departementet er i samsvar med lovutkastet frå utvalet. Regelen fører vidare lfa. § 18 femte leddet.

§ 12-6 Klagenemnd for fag- og sveineprøver

Departementet nemner opp klagenemnder som er klageinstans for klager på vedtak om ikkje bestått fag- eller sveineprøve. Kvar nemnd skal ha tre medlemmer. To av medlemmene skal ha fagutdanning. Departementet fastset kven som skal vere leiar og nestleiar.

Når det skal oppnemnast klagenemnder for fag- og sveineprøver, skal opplæringsrådet for faget gi innstilling.

Medlemmene med personlege vararepresentantar, blant anna leiar og nestleiar, blir oppnemnde for fire år om gongen.

Merknader til § 12-6:

Regelen er ny i forhold til lovutkastet frå utvalet og fører vidare lfa. § 23 første til fjerde leddet.

Nærmare forskrifter om klagebehandlinga kan givast etter § 3-4 første leddet i lovutkastet, blant anna nærmare reglar om klagenemndene.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 21.

§ 12-7 Medlemmer av råd og nemnder

Den som blir oppnemnd eller vald som medlem av Rådet for fagopplæring i arbeidslivet, av opplæringsråd, av prøvenemnder eller klagenemnder, er pliktig til å ta imot vervet. Medlemmer kan likevel krevje seg fritekne for ei ny oppnemning i like lang tid som dei har gjort samanhengande teneste. Den som har fylt seksti år, kan krevje seg friteken.

Merknader til § 12-7:

Lovutkastet frå departementet er i hovudsak i samsvar med § 12-6 i lovutkastet frå utvalet. Regelen er likevel tilpassa framlegget om å lovregulere prøvenemnder og klagenemnder.

Regelen fører i hovudsak vidare lfa. § 9. Plikta til å vere med i fylkeskommunale nemnder eller utval blir vist til § 14 i kommunelova.

Kapittel 13 Privat opplæring

§ 13-1 Bruk av lova for private grunnskolar

Private grunnskolar skal godkjennast av departementet. Det skal givast godkjenning når skolen oppfyller krava i andre og tredje leddet. Den som driv privat grunnskole utan godkjenning, kan straffast med bøter.

§§ 1-2, 1-3 og 2-3 i lova med forskrifter gjeld for innhaldet og for vurdering i privat grunnskole så langt reglane ikkje kjem i strid med Noregs internasjonale plikter eller med det formålet opplæringa får statstilskot på grunnlag av, jf. § 13-3.

For private grunnskolar gjeld også §§ 2-2, 2-5 første, andre og sjette leddet, 2-9, 2-10, 2-11, 8-2, 8-3, 8-4, 9-1, 9-2, 9-3, 9-4 tredje leddet, 9-5, 10-1, 10-2, 10-6, 10-10, 11-1, 11-2, 11-3, 11-4, 11-7, 11-10, 15-1, 16-3, 16-4 og kapittel 17. § 11-1 i lova gjeld ikkje for private grunnskolar som får statstilskot etter § 13-3.

Elevar på skolar som får tilskot etter § 13-3, har rett til skyss etter § 7-1 i lova, men ikkje ut over kommunegrensa i den kommunen der eleven bur. Elevane har rett til skyss etter § 7-3 også ut over kommunegrensa. Ansvaret til kommunen og fylkeskommunen etter § 14-4 gjeld tilsvarande.

Kapittel 5 i lova her om spesialundervisning gjeld for elevar på skolar som får statstilskot etter § 13-3. Kommunen utarbeider sakkunnig vurdering og gjer vedtak om spesialundervisning etter kapittel 5 i lova og dekkjer utgiftene til dette.

Den som eig ein privat grunnskole godkjend etter første leddet, har den kompetansen og det ansvaret som kommunen elles har. Når skolen etter denne lova er pålagd å ha eit styre, skal kompetansen og ansvaret liggje hjå styret.

Departementet kan gjere unntak frå krava i andre og tredje leddet for utanlandske og internasjonale grunnskolar i Noreg.

Merknader til § 13-1:

Første leddeter i samsvar med lovutkastet frå utvalet. Første punktum fører vidare gsl. § 14 nr. 1. Andre punktum er nytt i forhold til lovgivinga i dag og vil seie at skolar som oppfyller krava i lova eller forskrifter etter lova, skal godkjennast. Tredje punktum er også nytt i forhold til lovgivinga i dag.

Skolar som ønskjer statstilskot, må i tillegg søkje om det etter § 13-3 i lovutkastet.

Omgrepet skole skal etter lova ha eit svært vidt bruksområde. All organisert grunnskoleopplæring for andre enn eigne barn må reknast som skoleverksemd etter lova og kan såleis ikkje drivast utan godkjenning. Det må likevel krevjast ei viss lengd og eit visst omfang, slik at ikkje reint sporadisk og tilfeldig undervisning av til dømes nabobarna blir rekna som skoleverksemd. Omgrepet er avgrensa mot det som § 13-2 i lovutkastet reknar som privat heimeopplæring, som inneber at foreldra sjølv underviser eigne barn.

Andre og tredje leddeter i hovudsak i samsvar med § 13-1 andre, tredje og femte leddet i lovutkastet frå utvalet. Kravet om politiattest i § 10-10 i lovutkastet er nytt også for private skolar. Vidare er det gjort unntak frå kravet om godkjende lærebøker og om lærebøker som er gitt ut på både nynorsk og bokmål (sjå lovutkastet § 9-4 første og andre leddet). Som følgje av denne endringa er det også gjort unntak for retten til val av målform i lærebøkene etter § 2-5 tredje leddet i lovutkastet.

Reglane klargjer forholdet til dei allmenne reglane i lovutkastet. Med unntak av reglane i §§ 16-1 andre leddet og 16-2 femte leddet er opprekninga i § 13-1 ei uttømmande liste over dei reglane i dei andre kapitla i lova som gjeld private grunnskolar. Andre krav gjeld likevel etter andre reglar i kapittel 13 i lovutkastet eller andre vilkår fastsette i vedtaket om rett til statstilskot.

Andre leddet skal berre gjelde i den grad det ikkje kjem i strid med dei internasjonale pliktene til Noreg. I den samanhengen går departementet ut frå at dei internasjonale pliktene til Noreg berre i liten grad avgrensar krava etter § 2-3 første leddet om kva for hovudelement opplæringa skal innehalde, eller krava i forskriftene om læreplanar. For tilskotsskolar kan det formålet skolen får tilskot på grunnlag av, likevel gjere det naturleg med noko større unntak frå læreplanane. Dette gjeld særleg dei fagleg-pedagogiske alternativa.

Det er ikkje vist til § 2-4 om opplæringa i faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering. Dette vil seie at dei private skolane i utgangspunktet er unnatekne frå reglane i denne paragrafen. Innhaldet i reglane kan likevel bli sett som vilkår knytt til vedtaket om rett til statstilskot. Til dømes kan dette vere naturleg for dei norske skolane i utlandet.

Tredje leddet andre punktum i lovutkastet opphevar kravet om samarbeidsutval på private tilskotsskolar, jf. psl. § 22.

På somme private skolar er alternativ leiing ei innarbeidd ordning. Lovutkastet gir departementet heimel til å gjere unntak frå det lovfeste rektorkravet i særlege tilfelle, slik at denne ordninga kan førast vidare, jf. lovutkastet § 9-1 tredje leddet.

Fjerde leddeter i samsvar med lovutkastet frå utvalet. Regelen fører i hovudsak vidare psl. § 10 første og andre leddet og forskrift 02.05.1986 nr. 1009. Som i dag vil ikkje retten omfatte innlosjering.

Regelen viser til kvar eleven faktisk bur når han går på skolen, og ikkje til kvar eleven med heimel i andre lovreglar må reknast som busett.

Femte leddet første punktum er i samsvar med § 13-5 fjerde leddet i lovutkastet frå utvalet. Regelen fører vidare psl. § 9 første og andre leddet. Regelen omfattar ikkje plikt til å opprette ei eiga pedagogisk-psykologisk teneste ved den enkelte private skolen.

Femte leddet andre punktum er i samsvar med § 13-9 andre leddet første punktum i lovutkastet frå utvalet. Regelen fører vidare ansvarsforholda slik dei er i dag. Den nærmare utforminga av spesialundervisningstilbodet må bli til i samarbeid mellom den enkelte skolen, dei sakkunnige og kommunen.

Sjette leddeter i samsvar med § 13-9 første leddet i lovutkastet frå utvalet. Regelen fastset kompetanseforholda knytte til dei reglane som er lista opp i andre og tredje leddet.

Sjuande leddet er nytt i forhold til lovutkastet frå utvalet. Departementet får hjemmel til å gi forskrifter eller fatte enkeltvedtak som gjer unntak frå reglane i andre og tredje leddet.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapitla 16 og 24.

§ 13-2 Bruk av lova for privat opplæring i heimen

For privat grunnskoleopplæring i heimen (heimeopplæring) gjeld krava etter § 13 -1 andre leddet.

Merknader til § 13-2:

Lovutkastet frå departementet er i samsvar med lovutkastet frå utvalet.

Lovutkastet klargjer kva for reglar om innhaldet i opplæringa som også gjeld for heimeopplæring. Det omfattar reglane om formålet med grunnskoleopplæringa i § 1-2 i lovutkastet og forskrifter etter § 1-3, og reglane om innhaldet i opplæringa i § 2-3 med forskrifter.

Reglane skal likevel berre gjelde i den grad dei ikkje kjem i strid med dei internasjonale pliktene til Noreg. Departementet går i den samanhengen ut frå at dei internasjonale pliktene til Noreg berre i liten grad avgrensar krava etter § 2-3 første leddet om kva for hovudelement opplæringa skal innehalde, eller krava i forskriftene om læreplanar. Barn og unge som får heimeopplæring, skal såleis som hovudregel følgje dei same læreplanane som andre elevar.

Ytterlegare krav kan følgje av det allmenne kravet om at opplæringsplikta berre kan oppfyllast med opplæring som er «tilsvarande» den som blir gitt i offentleg skole, jf. § 2-1.

Etter § 15-2 i lovutkastet skal kommunen føre tilsyn med den private heimeopplæringa og kan kalle inn barna til særskilde prøver. Kommunen skal krevje at barnet skal gå i den offentlege skolen dersom heimeopplæringa ikkje er tilfredsstillande. Alternativt kan foreldra søkje om at barnet blir oppteke på ein godkjend privat skole. Sjå også merknadene til § 15-2.

Privat heimeopplæring kan ikkje vere skoleverksemd. Dersom verksemda har karakter av skoleverksemd, krevst det godkjenning etter § 13-1 første leddet i lovutkastet. Sjå nærmare om skoleomgrepet i merknaden til § 13-1.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 24.

§ 13-3 Statstilskot til private skolar

Departementet kan etter søknad gi ein privat grunnskole som er godkjend med heimel i § 13-1, eller ein privat vidaregåande skole, rett til årlege driftstilskot etter § 13-4. Skolen må anten vere skipa

  1. A.

    av religiøse og/eller etiske grunnar,

  2. B.

    som eit fagleg-pedagogisk alternativ, eller

  3. C.

    for undervisning av norske barn og unge i utlandet.

Før departementet gjer vedtak om rett til tilskot for ein grunnskole, skal vertskommunen gi fråsegn. Før departementet gjer vedtak om rett til tilskot for ein vidaregåande skole, skal vertsfylket gi fråsegn.

Vedtaket om rett til tilskot skal omfatte eit avgrensa elevtal eller eit avgrensa tal på klassar og eit særskilt opplæringstilbod.

Dersom skolen blir overdregen, skal den nye eigaren gi melding om det til departementet.

Departementet kan trekkje retten til tilskot tilbake dersom skolen ikkje oppfyller vilkåra i denne lova med forskrifter eller andre vilkår for tilskotet. Retten til tilskot kan likevel ikkje trekkjast tilbake dersom skolen rettar på forholdet innan ein rimeleg frist som departementet set.

Departementet kan gi nærmare forskrifter om vilkår for retten til tilskot.

Merknader til § 13-3:

Første leddet er endra i forhold til § 13-3 første leddet første punktum i lovutkastet frå utvalet, ved at psl. § 3 bkst. d ikkje er ført vidare i lova. Sjå § 17-2 fjerde leddet i lovutkastet frå departementet, der godkjenninga for eksisterande skolar blir ført vidare.

Regelen fører i hovudsak vidare psl. §§ 3 bkst. a - c og 25 nr. 1 og 3.

Skolane må også oppfylle dei andre krava i lova som gjeld for slike skolar, sjå lovutkastet § 1-1. Blant anna gjeld det krav til innhaldet i opplæringa, jf. §§ 13-1 andre leddet og 13-7 første leddet. Til dømes må skolar for undervisning av norske barn og ungdom i utlandet (jf. lovutkastet alt. c) som hovudregel følgje dei same planane som tilsvarande offentlege skolar.

Departementet kan avslå søknader om statsstøtte jamvel om ein skole oppfyller alle krava i lova. I vurderinga kan departementet blant anna leggje vekt på budsjettomsyn. Andre døme på relevante moment i vurderinga kan vere omsynet til den samla skolestrukturen lokalt eller nasjonalt og avveginga mellom skolen som møteplass for fleirtalet av barn og unge i lokalmiljøet, og at private tilskotsskolar framleis skal vere eit supplement til den offentlege skolen.

Retten til tilskot står ved lag inntil tilskotsvedtaket blir trekt tilbake eller på annan måte fell bort.

Andre leddeter nytt i forhold til lovutkastet frå utvalet. Regelen fører vidare psl. § 25 nr. 2.

Tredje leddeter i samsvar med § 13-3 andre leddet i lovutkastet frå utvalet. Lovregelen er ny, men er i tråd med forvaltningspraksis i dag.

Ei utviding ut over det elevtalet, klassetalet eller opplæringstilbodet som alt er godkjent, krev ny søknad.

Fjerde leddeter vesentleg endra i forhold til § 13-3 tredje leddet i lovutkastet frå utvalet. Mens lovutkastet frå utvalet fastset at tilskotet fell bort i samband med overdraging av skolen, fastset lovutkastet frå departementet i staden ei lovfest meldeplikt. Regelen er ny i forhold til lovgivinga i dag.

Femte leddeter nytt i forhold til lovutkastet frå utvalet. Regelen fører vidare den lovfeste kompetansen til å trekkje tilskotsvedtaket tilbake, jf. psl. § 25 nr. 4. Heimelen skal gjelde alle brot på vilkår i opplæringslova med forskrifter eller andre vilkår i samband med vedtaket. Heimelen gjeld uavhengig av om vilkårsbrotet er vesentleg eller ikkje.

Regelen gjeld også når eit eigarskifte fører til at skolen ikkje lenger oppfyller vilkåra for tilskot. Dessutan omfattar regelen vilkårsbrot frå eigaren, til dømes brot på meldeplikta i samband med eigarskifte etter femte leddet.

Heimelen dekkjer også tilfelle der ein skole har gitt urette opplysningar slik at han ikkje oppfyller vilkåra. Dessutan må det reknast som eit generelt vilkår for retten til tilskot at dei opplysningane skolen har gitt og som har talt med i godkjenninga, er rette og fullstendige.

Skolen skal få ein rimeleg frist til å rette på forholdet. Kva som er rimeleg frist, må avgjerast ut frå det konkrete vilkåret og ut frå andre forhold. Departementet kan velje å berre gi pålegg, jf. § 15-1 i lovutkastet, jamvel om det er utan sanksjonar og derfor utan særleg praktisk verdi.

Når det gjeld skolar som ikkje får statstilskot, må departementet følgje dei allmenne forvaltningsrettslege reglane om tilbaketrekking av løyve.

Sjette leddet er i samsvar med § 13-3 første leddet andre punktum i lovutkastet frå utvalet, og fører i hovudsak vidare psl § 31.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 24.

§ 13-4 Utrekning av tilskot og eigenandelar

For utrekning av tilskot og eigenandelar gjeld lov 14. juni 1985 nr. 73 om tilskot til private skular.

Merknader til § 13-4:

I lovutkastet blir psl. §§ 1 - 25, 26 Tilskotsregel nr. 10, 29 og 31 - 33 oppheva, jf. § 17-4. Reglane om tilskot til private skolar i psl. §§ 26, 27, 28 og 30 blir mellombels førte vidare.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 24.

§ 13-5 Inntak av elevar

Skolar som får statstilskot etter § 13-3, skal ha heile landet som inntaksområde og vere opne for alle som fyller vilkåra for inntak i tilsvarande offentleg skole. Departementet kan gjere unntak frå dette kravet.

Ved inntak skal søkjarar med rett til opplæring etter denne lova prioriterast. Skolane skal ha eit inntaksreglement som viser prioriteringa av søkjarar dersom søkinga er større enn kapasiteten til skolen. Reglementet kan fastsetje ei prioritering ut frå det religiøse eller etiske formålet til skolen eller ut frå andre saklege omsyn.

Melding om inntak av elevar i grunnskolar skal sendast til heimkommunane til elevane. Melding om inntak av elevar i vidaregåande skolar skal sendast til heimfylka til elevane.

Merknader til § 13-5:

Lovutkastet frå departementet er i samsvar med § 13-5 første til tredje leddet i lovutkastet frå utvalet.

Første leddetfører vidare psl. § 7 nr. 1 første og tredje leddet.

Andre leddet fører vidare kravet i psl. § 7 nr. 2 om inntaksreglement. Regelen om kva for søkjarar som kan prioriterast når det er fleire søkjarar enn plassar, er ny. Søkjarar med rett til opplæring etter § 2-1 og § 3-1 i lovutkastet skal ha første prioritet ved inntak. Etter reglementet kan skolen elles prioritere ut frå dei etiske eller religiøse formåla som er grunnlag for tilskotet, eller ut frå andre saklege omsyn, til dømes at ein søkjar har sysken på skolen.

Forvaltningslova gjeld for vedtak om inntak på skolen, jf. § 16-1 andre leddet i lovutkastet. Vedtaket kan påklagast til departementet, jf. § 16-2 femte leddet i lovutkastet.

Tredje leddetfører vidare psl. § 7 nr. 2 tredje og fjerde punktum.

§ 13-6 Styre

For skolar som får statstilskot etter § 13-3, nemner skoleeigaren opp eit styre som skal vere det øvste ansvarlege organet for skolen. Med samtykke frå departementet kan to eller fleire skolar ha felles styre.

Styret vedtek sjølv budsjett, reglement og instruksar for skolen og eventuelt internat knytt til skolen, og storleiken på skolepengane.

Styret vedtek sjølv innanfor rammene av lova kva for stillingar det skal vere på skolen og kva for oppgåver dei skal ha.

Styret har ansvaret for rekneskapen.

Rett til å vere til stades på møte i styret, til å seie meininga si og få ho ført i protokollen har

  1. A.

    ein representant for elevane på skolen

  2. B.

    ein representant for foreldrerådet på skolar som har eit slikt råd

  3. C.

    ein representant for undervisningspersonalet på skolen

  4. D.

    ein representant for andre tilsette på skolen

  5. E.

    rektor

  6. F.

    f.ein representant oppnemnd av departementet.

Elevrepresentantar i grunnskolen skal ikkje vere med når styret drøftar saker som er omfatta av lov- eller forskriftsfest teieplikt. Departementet kan i særlege tilfelle gjere unntak frå reglane under femte leddet punkta a-f.

Merknader til § 13-6:

Lovutkastet frå departementet er i samsvar med lovutkastet frå utvalet. Regelen fører vidare psl. § 17 og § 18, med unntak av møteretten for kommunen og fylkeskommunen, som blir overført til departementet. Delegasjonsforbodet i tilsetjingssaker blir ikkje vidareført.

Private skolar med rett til tilskot etter § 13-3 er unnatekne frå krav om samarbeidsutval og skoleutval, jf. § 13-1 tredje leddet og §13-7 første leddet i lovutkastet.

§ 13-7 Private vidaregåande skolar som får statstilskot

For private vidaregåande skolar som får statstilskot etter § 13-3, gjeld §§ 1-2, 1-3, 3-2, 3-7, 3-8, 8-2, 8-3, 9-1, 9-2, 9-3, 10-1, 10-2, 10-6, 11-6, 11-7, 11-8, 11-10, 15-1, 16-3, 16-4 og kapittel 17. §§ 3-3 og 3-4 i lova med forskrifter gjeld så langt dei ikkje kjem i strid med Noregs internasjonale plikter eller med det formålet skolen får tilskot på grunnlag av, jf. § 13-3.

Elevar i vidaregåande skolar som får statstilskot etter § 13-3, har rett til skyss etter § 7-2 i lova, men ikkje ut over fylkesgrensa i det fylket der elevane bur. Elevane har rett til skyss etter § 7-3 også ut over fylkesgrensa. Ansvaret til fylkeskommunen etter § 14-4 gjeld tilsvarande.

Kapittel 5 i lova her om spesialundervisning gjeld for elevar på skolar som får statstilskot etter § 13-3. Fylkeskommunen utarbeider sakkunnig vurdering og gjer vedtak om spesialundervisning etter kapittel 5 i lova og dekkjer utgiftene til dette.

Fylkeskommunen gjer vedtak om bortfall av retten til vidaregåande opplæring etter § 3-8.

Styret ved private vidaregåande skolar som får statstilskot etter § 13-3, har elles den kompetansen og det ansvaret som høyrer til fylkeskommunen.

Merknader til § 13-7:

Generelt:Elevar på private skolar har rett til 3-årig vidaregåande opplæring etter § 3-1 i lovutkastet og har den same retten som elevar på offentlege skolar i samband med overgang til fylkeskommunale skolar, med rett til VKI og VKII som byggjer på grunnkurset. Elevane er også omfatta av det ansvaret yrkesopplæringsnemnda har for å formidle lærlingar.

Første leddeter i hovudsak i samsvar med lovutkastet frå utvalet. I lovutkastet frå departementet er det gjort unntak fra kravet om godkjente lærebøker og om lærebøker som er gitt ut på både nynorsk og bokmål (sjå lovutkastet § 9-4 første og andre leddet).

Reglane klargjer forholdet til dei allmenne reglane i lovutkastet. Med unntak av reglane i §§ 16-1 andre leddet og 16-2 femte leddet, er opprekninga i § 13-7 ei uttømmande liste over kva for reglar i dei andre kapitla i lova som gjeld for private vidaregåande skolar som får tilskot etter § 13-3. Andre krav gjeld etter andre reglar i kapittel 13 i lovutkastet eller etter andre vilkår fastsette i vedtaket om rett til statstilskot.

Reglane om innhaldet i opplæringa i § 3-3 og § 3-4 skal berre gjelde i den grad dei ikkje kjem i strid med dei internasjonale pliktene til Noreg eller med det formålet skolen får tilskot på grunnlag av. Departementet går i den samanhengen ut frå at dei internasjonale pliktene til Noreg berre unntaksvis og i svært liten grad avgrensar krava etter § 3-3 og § 3-4 med forskrifter om læreplanar.

Lovutkastet opphevar kravet om skoleutval ved private vidaregåande skolar, jf. psl. § 23.

På somme private skolar er alternativ leiing ei innarbeidd ordning. Lovutkastet gir departementet heimel til å gjere unntak frå det lovfeste rektorkravet i særlege tilfelle, slik at ordninga kan førast vidare, jf. lovutkastet § 9-1 tredje leddet.

Privat vidaregåande opplæring som ikkje får tilskot etter § 13-3, er som hovudregel ikkje omfatta av lovutkastet. Unntak gjeld for studieforbund som har fått overlate gjennomføringa av opplæringa etter lovutkastet § 14-5 andre leddet.

Andre leddeter i samsvar med lovutkastet frå utvalet. Regelen fører vidare psl. § 10 første og andre leddet. Ansvaret som i dag gjeld for skyss, blir også ført vidare. Reglane om innlosjering i § 7-2 andre leddet i lovutkastet gjeld ikkje for elevar ved private skolar.

Regelen viser til kvar eleven faktisk bur når han går på skole, og ikkje til kvar eleven med heimel i andre lovreglar må reknast som busett. Elevar som flytter til eit anna fylke for å gå på privat skole, har såleis rett til skyss innanfor fylket der skolen ligg.

Tredje leddet første punktum er i samsvar med § 13-5 fjerde leddet i lovutkastet frå utvalet. Regelen fører vidare psl. § 9 første og andre leddet. Regelen omfattar ikkje plikt til å opprette ei eiga pedagogisk-psykologisk teneste ved den enkelte private skolen.

Tredje leddet andre punktum er i samsvar med § 13-9 andre leddet første punktum i lovutkastet frå utvalet. Regelen fører vidare det ansvarsforholdet som gjeld i dag. Den nærmare utforminga av spesialundervisningstilbodet må bli til i eit samarbeid mellom den enkelte skolen, dei sakkunnige og kommunen.

Fjerde leddeter i samsvar med § 13-9 andre leddet andre punktum i lovutkastet frå utvalet.

Femte leddeter i samsvar med § 13-9 første leddet i lovutkastet frå utvalet. Regelen fastset kompetanseforholda knytte til dei reglane som er lista opp i første leddet.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapitla 16 og 24.

§ 13-8 Lønns- og arbeidsvilkår

Med mindre noko anna er avtalt mellom skolen og den tilsette, har undervisningspersonalet og det administrative personalet på private skolar som er omfatta av denne lova, rett til dei same lønns- og arbeidsvilkåra som personalet i tilsvarande offentlege skolar.

Merknader til § 13-8:

Lovutkastet frå departementet er i samsvar med lovutkastet frå fleirtalet i utvalet.

Regelen fører vidare psl. § 16 første leddet. Regelen skal framleis også gjelde for private skolar i utlandet som får statstilskot etter opplæringslova.

Regelen omfattar undervisningspersonale og administrativt personale slik desse persongruppene er definerte i tariffavtalar mellom staten og lærarorganisasjonane. Med administrativt personale er såleis blant anna meint rektor, undervisningsinspektør, studieinspektør og hovudlærar.

Regelen gir personalet rett til minst dei same lønns- og arbeidsvilkåra som på offentlege skolar, men set ikkje forbod mot at det blir avtalt betre eller dårlegare vilkår.

§ 13-9 Tilskot til elevar på utanlandske eller internasjonale skolar

Til elevar i utanlandske eller internasjonale grunnskolar i Noreg eller til norske statsborgarar som er elevar i utanlandske eller internasjonale grunnskolar i utlandet, kan det givast eit tilskot til kompletterande undervisning. Til elevar i utanlandske eller internasjonale vidaregåande skolar i Noreg eller norske statsborgarar som er elevar i utanlandske eller internasjonale vidaregåande skolar i utlandet, kan det givast eit tilskot til delvis å dekkje skolepengane. Departementet kan gi nærmare forskrifter.

Merknader til § 13-9:

Lovutkastet frå departementet fører på same måten som lovutkastet frå utvalet vidare tilskotsregel nr. 10 i psl. § 26. Men i lovutkastet frå departementet er regelen gjort meir generell, slik at tilskot til elevar på skolar i Noreg ikkje er knytt til norsk statsborgarskap.

Regelen inneber ikkje noka plikt for staten til å yte tilskot.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 24.

Kapittel 14 Ansvaret til kommunen, fylkeskommunen og staten

§ 14-1 Plikt for kommunen til å sørgje for grunnskoleopplæring og spesialpedagogisk hjelp.

Kommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring og spesialpedagogisk hjelp etter denne lova for alle som er busette i kommunen. Ansvaret gjeld ikkje elevar og andre som fylkeskommunen har ansvaret for etter § 14-2.

Departementet gir forskrifter eller pålegg i enkelttilfelle om kven som skal reknast som busett i kommunen, og om refusjon av utgifter som andre kommunar har til grunnskoleopplæring.

Offentlege grunnskolar skal vere kommunale. I særlege tilfelle kan staten eller fylkeskommunen drive grunnskolar. Fylkeskommunen må ha godkjenning frå departementet.

Kommunen skal ha skolefagleg kompetanse i kommuneadministrasjonen over skolenivået.

Merknader til § 14-1:

Generelt: Lovutkastet frå departementet er i samsvar med lovutkastet frå utvalet.

Første leddetfører vidare reglane i gsl. § 37 og vol. § 5 om ansvaret til kommunen for å tilby spesialpedagogisk hjelp for barn under skolepliktig alder (sjå § 5-7 i lovutkastet) og grunnskoleopplæring. Ansvaret omfattar også vaksne med rett til spesialundervisning etter § 5-2 i lovutkastet. Opplæringa skal vere i samsvar med krava i lova.

Andre leddet fører vidare forskriftskompetansen til departementet etter gsl. § 37 nr. 3, tredje punktum og gir departementet påleggskompetanse i enkelttilfelle. Det kan vere aktuelt med forskrifter om bustad og refusjon av utgifter blant anna i tilknyting til barnevernplasserte barn og unge. Kompetansen for departementet til å gripe inn i enkelttilfelle kan brukast når det er tvist mellom kommunar eller fylkeskommunar, til dømes til å fastsetje storleiken på refusjonssummen.

Tredje leddetinnfører ei avgrensing i plikta for staten og fylkeskommunen til å drive grunnskolar.

Regelen gjeld berre høvet for fylkeskommunen til å drive grunnskolar utanom dei sosiale og medisinske institusjonar som fylkeskommunen eig eller ved avtale driv. Etter § 14-2 har fylkeskommunen plikt til å sørgje for grunnskoleopplæring i slike sosiale og medisinske institusjonar og er ikkje avhengig av godkjenning frå departementet i den samanhengen.

Staten har ansvaret for grunnskoleopplæring i statlege sosiale og medisinske institusjonar, eller i andre statlege institusjonar der barn og unge har eit døgnkontinuerleg tilbod, til dømes i statlege kompetansesentra for spesialundervisning.

Dei statlege og fylkeskommunale grunnskolane er omfatta av dei same lovreglane som kommunale skolar.

For elevar med rett til opplæring etter § 2-1 i lovutkastet er heimkommunen ansvarleg for utgiftene til den fylkeskommunale og statlege grunnskoleopplæringa dersom ikkje noko anna er avtalt, jf. første leddet. Dersom elevane er i sosiale eller medisinske institusjonar som er omfatta av § 14-2 i lovutkastet, er det likevel fylkeskommunen som skal dekkje utgiftene.

Fjerde leddetfører vidare regelen i gsl. § 27 nr. 2. Regelen set krav om realkompetanse når det gjeld pedagogikk og regelverk for skolen, jf. Ot.prp. nr. 59 (1992-93), side 49.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 27.

§ 14-2 Plikt for fylkeskommunen til å sørgje for grunnskoleopplæring og spesialpedagogisk hjelp

Fylkeskommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring og spesialpedagogisk hjelp for klientar i sosiale og medisinske institusjonar som fylkeskommunen har ansvaret for å drive.

Departementet gir nærmare forskrifter eller pålegg i enkelttilfelle om ansvaret til fylkeskommunen.

Merknader til § 14-2:

Første leddeter i samsvar med § 14-2 i lovutkastet frå utvalet, med unntak av at ansvaret for spesialpedagogisk hjelp til førskolebarn etter § 5-7 i lovutkastet er presisert. Regelen fører vidare gsl. § 37 nr. 1 andre leddet og lvgo. § 35 andre leddet.

Forutan retten for barn og unge til grunnskoleopplæring etter § 2-1 og § 5-1 i lovutkastet, omfattar ansvaret til fylkeskommunen også retten for vaksne til grunnskoleopplæring i form av spesialundervisning etter § 5-2, blant anna retten til vedlikehaldsopplæring.

Fylkeskommunen gjer vedtak om spesialundervisning og spesialpedagogisk hjelp, og løyver dei nødvendige midlane til slik opplæring. Fylkeskommunen skal også dekkje andre kostnader med opplæringa.

Fylkeskommunen har ansvaret for at opplæringa fyller krava i lova. I den samanhengen omfattar ansvaret til fylkeskommunen også nødvendig skolerom og utstyr, sml. gsl. § 37 nr. 1.

Andre leddeter nytt i forhold til lovutkastet frå utvalet. Regelen fører vidare forskriftskompetansen til departementet etter gsl. §§ 12 og 37 nr. 3 tredje punktum, og innfører ein heimel for departementet til å gi pålegg i enkelttilfelle.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 27.

§ 14-3 Plikt for fylkeskommunen til å sørgje for vidaregåande opplæring

Fylkeskommunen skal oppfylle retten til vidaregåande opplæring etter denne lova for alle som er busette i fylkeskommunen.

Fylkeskommunen skal gi tilbod til søkjarar utan rett etter § 3-1. Departementet gir nærmare forskrifter, også om omfanget av tilbodet.

Departementet gir forskrifter eller pålegg i enkelttilfelle om kven som skal reknast som busett i fylkeskommunen, og om refusjon av utgifter andre fylkeskommunar har til vidaregåande opplæring. Departementet kan påleggje fylkeskommunen å setje i gang vidaregåande opplæringstilbod som omfattar søkjarar frå andre fylke.

Fylkeskommunen har ansvaret for vidaregåande opplæring i fengsel. Departementet kan i særlege tilfelle påleggje fylkeskommunen oppgåver i samband med anna opplæring i fengsel.

Fylkeskommunen skal planleggje og byggje ut det vidaregåande opplæringstilbodet under omsyn til blant anna nasjonale mål, ønska til søkjarane og det behovet samfunnet har for vidaregåande opplæring i alle utdanningsretningar og for ulike aldersgrupper, og under omsyn til ansvaret sitt for opplæring i fengsel og i sosiale og medisinske institusjonar og behovet for spesialundervisning.

Offentlege vidaregåande skolar skal vere fylkeskommunale. I særlege tilfelle kan staten eller ein kommune drive vidaregåande skolar. Kommunen må ha godkjenning frå departementet.

Merknader til § 14-3:

Generelt: Lovutkastet frå departementet er i samsvar med § 14-3 i lovutkastet frå utvalet.

Første leddetfører vidare lvgo. § 4 første leddet og § 35 tredje leddet første punktum. Retten til vidaregåande opplæring gjeld i forhold til tilbodet frå den fylkeskommunen der søkjarane bur.

Andre leddet fører vidare lvgo. § 4 andre leddet.

Tredje leddet første punktum innfører ein heimel for departementet til å gi pålegg i enkelttilfelle. Elles blir forskriftsheimelen til departementet i lvgo. § 35 tredje leddet første punktum ført vidare. Regelen omfattar også pålegg om at bustadfylkeskommunen refunderer utgiftene til den fylkeskommunen som er pålagd å setje i gang opplæringstilbod etter andre punktum.

Tredje leddet andre punktum fører vidare lvgo. § 35 fjerde og sjuande leddet og omfattar såleis også pålegg om sentrale teorikurs for lærlingar frå andre fylke.

Fjerde leddetfører vidare ansvaret til fylkeskommunen for vidaregåande opplæring i fengsel, jf. lvgo. § 4 tredje leddet, og lvgo. § 35 femte leddet. Pålegg etter andre punktum kan til dømes omfatte grunnskoleopplæring. Departementet går ut frå at staten framleis dekkjer utgiftene for fylkeskommunane til opplæring i fengsla.

Femte leddetfører vidare lvgo. § 4 tredje leddet.

Sjette leddetfører vidare lvgo. § 35 første leddet.

Statleg vidaregåande opplæring kan vere aktuell i statlege medisinske og sosiale institusjonar, eller i andre statlege institusjonar med eit døgnkontinuerleg tilbod, til dømes i statlege kompetansesentra for spesialundervisning. Staten driv også to samiske vidaregåande skolar.

Dei statlege og kommunale vidaregåande skolane er omfatta av dei same lovreglane som fylkeskommunale skolar.

For elevar med rett til opplæring etter § 3-1 i lovutkastet er bustadfylkeskommunen ansvarleg for utgiftene til den kommunale og statlege vidaregåande opplæringa dersom ikkje noko anna er avtalt, jf. første leddet.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 27.

§ 14-4 Ansvaret for skoleskyss mm.

Kommunen er ansvarleg for skyss av grunnskoleelevar og vaksne som har rett til skyss på grunn av særleg farleg eller vanskeleg skoleveg. Kommunen skal oppfylle retten til reisefølgje og tilsyn for førskolebarn, grunnskoleelevar og vaksne. Elles er fylkeskommunen ansvarleg for skyss, reisefølgje og tilsyn etter reglane i kapittel 7. Kommunane betaler refusjon etter persontakst for førskolebarn, grunnskoleelevar og vaksne som blir skyssa av fylkeskommunen.

Fylkeskommunen skal organisere skoleskyssen i samråd med kommunen. Dersom kommunen og fylkeskommunen ikkje blir samde om korleis skoleskyssen skal organiserast og finansierast, kan departementet gi pålegg.

Departementet kan gi forskrifter om heimreiser, reisefølgje og opphald for dei som må innlosjerast for å få hjelp eller opplæring etter denne lova.

Merknader til § 14-4:

Generelt: I tillegg til transporten mellom skolen og heimen kan elevane ha behov for skyss i skoletida, til dømes mellom skolen og folkebiblioteket. Det blir ikkje gitt særlege reglar om slik skyss. Skoleeigaren er ansvarleg for gratis skyss i slike tilfelle.

Første leddet første punktum er i hovudsak i samsvar med § 14-5 første leddet første punktum i lovutkastet frå utvalet, men er tilpassa framlegget frå departementet om at retten for eleven til skyss i særlege tilfelle skal gjelde særleg farleg eller vanskeleg skoleveg. Regelen fører vidare ansvaret til kommunen etter gsl. § 4 nr. 1 første leddet tredje punktum.

Når grunnskoleelevar eller vaksne har rettar både på grunn av funksjonshemming og fordi skolevegen er særleg vanskeleg eller farleg, er fylkeskommunen ansvarleg for skyssen. Det same gjeld når elevane har rett til skyss fordi lengda på skolevegen er meir enn fire, eventuelt to kilometer.

Når fylkeskommunen har ansvaret for skyssen, må fylkeskommunen sørgje for at skyssen er forsvarleg heilt frå skolen og fram til heimen. Departementet viser i denne samanhengen til kommentaren til § 7-1 første leddet i lovutkastet, der det heiter at fylkeskommunen i vurderinga av rimeleg gangavstand til skyssmiddel blant anna skal leggje vekt på alderen til eleven, på trafikktryggleik og på kor framkommeleg vegen er.

Dessutan skal kommunen kunne vise elevane til skysstilbod som fylkeskommunen alt har sett i gang dersom det oppfyller retten til elevane. I slike tilfelle skal kommunen berre betale refusjon etter fjerde punktum. Dersom det må setjast inn ein større buss eller det må etablerast ein særskild skyss, må kommunen dekkje utgiftene for det. Sjå også Ot.prp. 48 (1984-85), side 64.

Ansvaret til kommunen omfattar alle som er busette i kommunen, sml. § 14-1 i lovutkastet.

Første leddet andre punktum er i samsvar med det ansvaret kommunen har for reisefølgje og for tilsyn for førskolebarn, grunnskoleelevar og vaksne etter § 7-2 andre punktum i lovutkastet frå utvalet. Regelen fører vidare gsl. § 4 nr. 1 andre leddet.

Ansvaret til kommunen omfattar alle som er busette i kommunen, sml. § 14-1 i lovutkastet.

Første leddet tredje punktum er i hovudsak i samsvar med § 14-5 første leddet andre punktum i lovutkastet frå utvalet. § 7-4 i lovutkastet gir rett til tilsyn og reisefølgje for elevar i den vidaregåande opplæringa, og ansvaret til fylkeskommunen er tilsvarande utvida.

Regelen fører vidare ansvaret til fylkeskommunen etter gsl. § 4 nr. 1 første leddet første punktum og nr. 2 og § 3 første leddet i velferdslova.

Ansvaret til fylkeskommunen omfattar alle som er busette i fylkeskommunen, sml. § 14-3 i lovutkastet.

Første leddet fjerde punktum er i hovudsak i samsvar med § 14-5 første leddet tredje punktum i lovutkastet frå utvalet. Lovutkastet frå departementet presiserer det økonomiske ansvaret som kommunen har for førskolebarn og vaksne med rett til skyss.

Regelen fører vidare gsl. § 4 nr. 1 første leddet andre punktum.

Kommunen skal betale vanleg persontakst, jf. Ot.prp. nr. 48 (1984-85), side 64. Samferdslestyresmaktene fastset persontaksten. Kommunen må kunne betale vanleg klippekorttakst dersom det er billegare enn enkeltbillett. Det er likevel ikkje nok refusjon at kommunen dekkjer reisekostnader ved bruk av rabattordningar som ikkje er knytte til den enkelte reisa, til dømes månadskort eller årskort.

Andre leddet første punktum er nytt i forhold til lovutkastet frå utvalet. Regelen fører vidare plikta for fylkeskommunen til å organisere skoleskyssen i samråd med kommunen etter gsl. § 4 nr. 1 første leddet første punktum.

Regelen fører også inn ei plikt for kommunen til å samarbeide om skyssen, blant anna skal kommunen ta med skyssorganiseringa i vurderingane sine når ein fastset timeplanen og skoleruta.

Andre leddet andre punktum er i samsvar med § 14-5 andre leddet i lovutkastet frå utvalet. Regelen er ny i forhold til lovgivinga i dag.

Tredje leddet er nytt i forhold til lovutkastet frå utvalet, og vidareførar delar av gsl. § 12 nr. 1. Heimelen er ny for vidaregåande opplæring. Heimelen omfattar både rettar for elevane til heimreiser, reisefølgje og opphald, og ansvar for kommunen eller fylkeskommunen i den samanhengen. Heimelen omfattar blant anna dei reglane som idag følgjer av lov 09.05.1986 nr. 19 om organisering av velferd for elever og studenter § 3 tredje leddet.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 16 og i merknadene til kapittel 7 i lovutkastet om rett til skyss og liknande og ansvaret til kommunen og fylkeskommunen for innlosjering.

§ 14-5 Vaksenopplæringa

Staten har ansvaret for den generelle utviklinga av vaksenopplæringa. Kommunen har ansvaret for planlegging og utvikling av grunnskoleopplæring for vaksne i kommunen. Fylkeskommunen har ansvaret for planlegging og utvikling av vidaregåande opplæring for vaksne i fylket.

Dersom kommunen eller fylkeskommunen ikkje kan dekkje behovet for opplæring gjennom eksisterande tilbod, kan gjennomføringa av opplæringa overlatast til studieforbund som er godkjende etter lov 28. mai 1976 nr. 35 om voksenopplæring § 10.

Merknader til § 14-5:

Generelt: Lovutkastet frå departementet er i samsvar med §14-4 i lovutkastet frå utvalet.

Første leddet fører vidare ansvaret for grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring spesielt organisert for vaksne, jf. vol. §§ 3-5.

Andre leddet fører vidare vol. § 8 første ledd nr. 2.

§ 14-6 Oslo kommune

Oslo kommune har også dei rettane og pliktene som i denne lova ligg på fylkeskommunen.

Merknader til § 14-6:

Lovutkastet frå departementet er i samsvar med lovutkastet frå utvalet og fører vidare lvgo. § 36 andre leddet og lfa. § 7 åttande leddet.

§ 14-7 Tilskot frå staten

Staten gir tilskot til å dekkje delar av utgiftene til kommunane og fylkeskommunane. Tilskotet blir normalt gitt som eit rammetilskot etter reglar gitt av departementet.

Merknader til § 14-7:

Lovutkastet frå departementet er i hovudsak i samsvar med lovutkastet frå utvalet og fører vidare gsl. § 38 nr. 1 og og lvgo. § 37. Det skal framleis vere lov å gi tilskot til særskilde undervisningstilbod. Regelen i gsl. § 38 nr. 3 om at staten yter årleg eit tilskot til Statens pensjonskasse som svarer til pensjonsinnskota for grunnskolen er likevel tatt ut.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 27.

Kapittel 15 Tilsyn og kontroll

§ 15-1 Statleg tilsyn og kontroll

Departementet gir råd og rettleiing i spørsmål som gjeld verksemder etter denne lova og skal elles samarbeide med kommunar, fylkeskommunar og eigarar av private skolar for å sikre eit godt og likeverdig opplæringstilbod i samsvar med lov og forskrifter.

Departementet fører tilsyn med verksemder etter denne lova og skal i den samanheng ha tilgjenge til skoleanlegg og dokumentasjon.

Dersom det blir oppdaga forhold som står i strid med denne lova eller med forskrifter gitt med heimel i lova, kan departementet gi pålegg om å rette på forholda.

Departementet kan gi forskrifter om å rapportere om og evaluere opplæringsverksemd som er omfatta av denne lova.

Merknader til § 15-1:

Første leddeter i hovudsak i samsvar med lovutkastet frå utvalet. Lovutkastet frå departementet er likevel ei meir generell formulering av plikta til å gi råd og rettleiing, slik at plikta omfattar spørsmål knytte til verksemder etter lova generelt og ikkje berre til skolefaglege spørsmål, slik utvalet gjer framlegg om.

Regelen er ny i forhold til lovgivinga i dag.

Regelen er i hovudsak meint som eit mål om best mogleg samhandling mellom departementet og skoleeigarane, og ikkje som ein regel som ein kan trekkje meir konkrete plikter ut av.

Andre leddet er i samsvar med lovutkastet frå utvalet, og fører i hovudsak vidare tilsynsansvaret til departementet i gsl. § 34 og vol. § 12 og fører inn den same tilsynsregelen for den vidaregåande skolen. Heile tilsynsansvaret for private skolar blir lagt til departementet.

Tilsynsansvaret gjeld all verksemd etter lova, også private skolar, fagopplæring i bedrift, pedagogisk-psykologisk teneste og opplæring spesielt organisert for vaksne.

Departementet viser også til særregelen i § 12-4 første leddet i lovutkastet, der tilsynsansvaret til yrkesopplæringsnemnda for fagopplæring i bedrift blir ført vidare. Yrkesopplæringsnemnda står såleis i praksis for tilsynet med opplæring i bedrift, men departementet kan også bruke tilsyns- og påleggsheimelen sin i tredje leddet.

Etter § 15-2 har kommunen tilsynsansvaret for privat heimeopplæring.

Regelen om tilgjenge til skoleanlegg og dokumentasjon er ny. Med dokumentasjon er i første rekkje meint dokument som er viktige for opplæringa - til dømes dei sakkunnige vurderingane som er nødvendige i samband med det statlege tilsynet med spesialundervisninga. Dessutan skal tilsynsstyresmakta ha tilgang til dokumentasjon om bruken av statlege tilskot. Regelen gir berre heimel til slikt innsyn og set ikkje til side reglane i forvaltningslova. Sjå § 15 i forvaltningslova om framgangsmåten ved gransking, som gjeld i samband med tilsyn med private skolar.

Tredje leddeter i hovudsak i samsvar med lovutkastet frå utvalet. Lovutkastet frå departementet inneheld likevel ikkje vilkår for pålegg om å rette på lov- eller forskriftsfeste forhold.

Regelen klargjer påleggsheimelen til departementet for grunnskolen, sml. gsl. § 34. Dessutan blir det innført ein påleggsheimel for den vidaregåande opplæringa.

Departementet understrekar at tilsynsstyresmakta i første rekkje må prøve å nå fram til tilfredsstillande forhold gjennom rådgiving og dialog med skoleeigaren.

Departementet viser også til § 59 i kommunelova. Etter denne regelen kan departementet berre oppheve avgjerder. Tredje leddet i lovutkastet gir derimot heimel til å påleggje retting også når det ikkje er gjort vedtak om forholdet. Dessutan kan departementet etter tredje leddet gi konkrete pålegg om kva skoleeigaren må gjere for å handle i samsvar med lov og forskrifter.

Fjerde leddeter i samsvar med lovutkastet frå utvalet. Regelen klargjer lovheimelen for forskrifter om rapportering og evaluering for kommunar, fylkeskommunar og andre som driv opplæringsverksemd under den nye opplæringslova.

Slike rapporterings- og evalueringssystem skal tene som instrument for samhandling mellom staten og skoleeigarane og skal utformast slik at alle partar får nytte av dei.

Regelen omfattar også forskrifter om skolebasert eller lærebedriftsbasert vurdering. Det kan i den samanhengen vere nødvendig med forskrifter knytte til innhenting av data, til dømes at data skal vere i elektronisk form, at data skal utarbeidast på ei standard programvare, at dei saka gjeld, skal ha nok datakraft til datainnsamling, tilarbeiding og rapportering, at data blir rapporterte etter spesifikke rutinar eller at rapportar blir utforma på ein nærmare bestemt måte.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 26.

§ 15-2 Kommunalt tilsyn med heimeopplæring

Kommunen fører tilsyn med den pliktige opplæringa for barn og unge som ikkje går på skole, og kan kalle dei inn til særskilde prøver. Kommunen skal krevje at barnet eller den unge skal gå i skole dersom dei krava lova her med forskrifter stiller til heimeopplæringa ikkje er oppfylte

Merknader til § 15-2:

Lovutkastet frå departementet er i hovudsak i samsvar med lovutkastet frå utvalet. Det blir likevel presisert at kommunen skal krevje at barnet skal gå i den offentlege skolen dersom heimeopplæringa ikkje er tilfredsstillande. Alternativt kan foreldra søkje om at barnet blir oppteke på ein godkjend privat skole.

Regelen fører vidare det kommunale tilsynet med privat heimeundervisning etter gsl. § 27 nr. 3.

Kommunen skal føre tilsyn med at opplæringa svarer til den som blir gitt i skole, sjå § 2-1 første leddet, og har ansvaret for å kalle inn til særskilde prøver dersom det er nødvendig. Slike prøver må vere grunngitt i tilsynsansvaret til kommunane og i behovet for å kontrollere at barna får opplæring i samsvar med forskrifta om læreplanverket for grunnskolen.

Lovutkastet §§ 1-2, 1-3 og 2-3 om innhaldet i opplæringa, med blant anna forskrifter om læreplanar, skal også gjelde for privat heimeopplæring så langt det ikkje kjem i strid med Noregs internasjonale plikter, sjå § 13-2 i lovutkastet med merknader. Dersom barnet eller den unge ikkje får ei tilsvarande opplæring og ikkje elles har lovleg fråvære frå den offentlege skolen, kan foreldra eller dei som har den daglege omsorga etter § 2-1 femte leddet i lovutkastet, straffast med bøter.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapitla 24 og 25.

Kapittel 16 Bruk av forvaltningslova. Opplysningsplikt

§ 16 -1 Bruk av forvaltningslova

Forvaltningslova gjeld for verksemd som etter lova her blir driven av forvaltningsorgan, med dei særreglane som er fastsette i lova her.

Reglane om teieplikt i §§ 13 - 13e i forvaltningslova gjeld for private skolar godkjende etter § 13-1 og for private skolar som får tilskot etter § 13-3 i lova her. Forvaltningslova gjeld for enkeltvedtak om inntak og bortvising av elevar i skolar som får tilskot etter § 13-3 i lova her. Elles gjeld forvaltningslova så langt ho sjølv bestemmer.

Merknader til § 16-1:

Generelt: Lovutkastet frå departementet er i samsvar med § 16-1 i lovutkastet frå utvalet.

Første leddethar ikkje sjølvstendig rettsleg verdi, men tek opp att det som alt følgjer av forvaltningslova sjølv. Regelen fører mellom anna vidare gsl. § 42 og lvgo. § 34.

Andre leddet første punktum fører vidare § 32 i privatskulelova.

Andre leddet andre punktum fører vidare § 7 nr. 3 i privatskulelova om bruk av forvaltningslova på avgjerder om inntak av elevar og § 12 andre leddet om bruken av den same lova i samband med bortvising.

Etter § 13-1 og § 13-7 i lovutkastet skal kommunen og fylkeskommunen gjere vedtak om spesialundervisning på private skolar. Slike vedtak er derfor også omfatta av forvaltningslova.

Andre leddet tredje punktum klargjer at forvaltningslova også gjeld ut over dei sakstypane som uttrykkjeleg er nemnde i andre punktum, så langt forvaltningslova sjølv bestemmer. Ut over det har ikkje regelen sjølvstendig rettsleg verdi, men tek opp att det som alt følgjer av forvaltningslova sjølv.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 29.

§ 16-2 Særlege reglar om klageinstans

Departementet er klageinstans for enkeltvedtak i grunnskolen. For enkeltvedtak i personalsaker gjeld likevel reglane om klageinstans i § 28 i forvaltningslova.

Departementet er klageinstans for enkeltvedtak om inntak og spesialundervisning i den vidaregåande opplæringa og enkeltvedtak om tap av retten til vidaregåande opplæring etter § 3-8 og § 4-6.

I samband med klage på inntak i vidaregåande opplæring kan departementet ikkje overprøve eit vedtak i fylkeskommunen om kva for grunnkurs eller vidaregåande kurs eller kva for skole ein søkjar skal takast inn på. For slike vedtak gjeld reglane om klageinstans i § 28 i forvaltningslova. Departementet er klageinstans for enkeltvedtak om inntak til eit særskilt grunnkurs på grunnlag av sakkunnig vurdering.

Opplæringsrådet er klageinstans for enkeltvedtak i yrkesopplæringsnemnda i saker der nemnda ikkje kjem inn under instruksjonskompetansen til fylkeskommunen, jf. § 12-3.

Departementet er klageinstans for enkeltvedtak i private skolar som får tilskot etter § 13- 3 i denne lova når elevar er partar.

Departementet er klageinstans for enkeltvedtak etter § 5-2.

Merknader til § 16-2:

Generelt: Regelen inneheld særreglar i forhold til reglane i forvaltningslova om klageinstans, sjå § 28 i forvaltningslova. Regelen gjeld enkeltvedtak etter definisjonen i forvaltningslova, og klagebehandlinga er såleis omfatta av dei andre reglane om klagebehandling i kapittel VI i forvaltningslova.

Departementet tek sikte på at statens utdanningskontor framleis skal vere statleg klageinstans i opplæringssektoren. Ein regel om klageinstans for fag- og sveineprøver er gitt i § 12-6 i lovutkastet. Her heiter det at departementet nemner opp klagenemnder som er klageinstans for klagar på vedtak som gjeld vurdering av fag- og sveineprøver.

Departementet viser også til forskriftsheimelen i lovutkastet for vurdering i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa i både skole og bedrift, sjå § 2-3 og § 3-4 i lovutkastet. Forskriftsheimelen omfattar også klage på vurdering, blant anna forskrifter som skil seg frå forvaltningslova og frå reglane i lovutkastet om klageinstans § 16-2.

Første leddeter i samsvar med § 15-3 første leddet i lovutkastet frå utvalet. Regelen fører vidare gsl. § 34 nr. 3, med unntak for personalsaker. Enkeltvedtak i personalsaker skal følgje reglane om klageinstans i § 28 i forvaltningslova. Med personalsaker er blant anna meint saker om tilsetjing, oppseiing og avskil. Slike saker er i alle tilfelle unnatekne frå reglane om klage i forvaltningslova, jf. fvl. § 3 andre leddet.

Regelen omfattar også enkeltvedtak i grunnskolen som ikkje direkte gjeld retten til opplæring, til dømes vedtak i skyssaker for grunnskoleelevar.

Andre leddet er i hovudsak i samsvar med lovutkastet § 15-3 andre leddet frå utvalet, men er klargjort på enkelte punkt.

Regelen endrar ordninga med klageinstans i den vidaregåande opplæringa, slik at staten i alle tilfelle skal vere klageinstans for vedtak om inntak til vidaregåande opplæring og om spesialundervisning. Elles blir reglane om klageinstans ved tap av rett i lvgo. § 16 tredje leddet andre punktum og lfa. § 16 sjuande leddet førte vidare.

Regelen skal gjelde alle som søkjer vidaregåande opplæring, ikkje berre dei som har rett til vidaregåande opplæring etter § 3-1 i lovframlegget. Den statlege prøvinga må sjølvsagt bli ulik der det er klart at eleven ikkje har nokon uavgrensa rett til vidaregåande opplæring. I slike tilfelle bør den statlege klageinstansen som regel nøye seg med å prøve om vedtaket er lovleg og vere tilbakehalden med å overprøve det fylkeskommunale skjønnet. Det blir her vist til endringa i forvaltningslova § 34.

Sjå også § 8-3 siste leddet om klage til staten i samband med overskriding av klassedelingstala.

Tredje leddeter nytt i forhold til lovutkastet frå utvalet og presiserer regelen om inntaksvedtak i andre leddet. Departementet skal ikkje vere klageinstans for enkeltvedtak om kva for kurs eller skole søkjaren skal gå på, berre om vedkommande skal takast inn på vidaregåande opplæring eller ikkje. Vedtak om kva for kurs eller skole søkjaren skal gå på, vil etter reglane i forvaltningslova kunne påklagast til overordna fylkeskommunal instans. Dette vil likevel ikkje gjelde for klage på enkeltvedtak fatta av fylkestinget, som etter § 28 i forvaltningslova i alle tilfelle skal gå til staten.

Departementet skal likevel vere klageinstans for enkeltvedtak om prioritert inntak til grunnkurs på grunnlag av sakkunnig vurdering etter § 3-1 femte leddet andre punktum i lovutkastet.

Fjerde leddeter i samsvar med § 15-3 tredje leddet i lovutkastet frå utvalet. Regelen fører vidare lfa. § 6 om at opplæringsrådet for det enkelte faget eller fagområdet (jf. § 12-2 i lovutkastet) skal vere klageinstans for dei faglege vedtaka i yrkesopplæringsnemnda.

Femte leddeter endra i forhold til § 15-3 fjerde leddet i lovutkastet frå utvalet. Regelen fører i hovudsak vidare psl. §§ 7 nr. 3 og 12 andre leddet, sml. § 16-1 andre leddet i lovutkastet. I motsetnad til framlegget frå utvalet skal regelen ikkje gjelde private grunnskolar som ikkje mottek tilskot etter lova.

Regelen gjeld alle enkeltvedtak etter forvaltningslova der ein elev er part.

Dei andre reglane i § 16-2 gjeld ikkje for private skolar.

Sjette leddeter i samsvar med § 15-3 femte leddet i lovutkastet frå utvalet og fører vidare delar av vol. § 12 andre punktum.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 29.

§ 16-3 Opplysningsplikt til barneverntenesta

Personalet i skolar etter denne lova skal i arbeidet sitt vere på vakt overfor forhold som kan føre til tiltak frå barneverntenesta.

Utan hinder av teieplikta skal personalet av eige tiltak gi opplysningar til barneverntenesta når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen eller når det ligg føre andre former for alvorleg omsorgssvikt, jf. §§ 4-10 til 4-12 i lov 17. juli 1992 nr. 100 om barneverntenester, eller når eit barn har vist vedvarande alvorlege åtferdsvanskar, jf. § 4-24 i den same lova. Også etter pålegg frå dei organa som er ansvarlege for å gjennomføre lov 17. juli 1992 nr. 100 om barneverntenester, skal personalet gi slike opplysningar.

Merknader til § 16-3:

Lovutkastet frå departementet er i samsvar med § 16-2 i lovutkastet frå utvalet. Regelen fører vidare gsl. § 42 b og lvgo. § 34 a, og gjer opplysingsplikta gjeldande også for private skolar som er omfatta av lova.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 29.

§ 16-4 Opplysningsplikta til sosialtenesta

Personalet i skolar etter denne lova skal i klientsaker gi råd og rettleiing til sosialtenesta. Personalet skal vere på vakt overfor forhold som bør føre til tiltak frå sosialtenesta, og skal av eige tiltak gi sosialtenesta opplysningar om slike forhold. Av eige tiltak kan opplysningar berre givast med samtykke frå eleven, eventuelt frå foreldra, eller så langt opplysningane elles kan givast utan hinder av teieplikta.

Merknader til § 16-4:

Lovutkastet frå departementet er i samsvar med § 16-3 i lovutkastet frå utvalet. Regelen fører vidare gsl. § 42 a og lvgo. § 34 b, og gjer denne gjeldande også overfor private skolar som er omfatta av lova.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 29.

Kapittel 17 Iverksetjing og overgangsreglar. Endringar i andre lover

§ 17-1 Iverksetjing

Lova setjast i verk frå den tida Kongen fastset. Lova kan setjast i verk frå ulik tid.

Merknader til § 17-1:

Forskrifter som ikkje har heimel i den nye lova, må reknast som bortfalne når lova blir sett i verk i den grad Kongen - i forskrifter om iverksetjing av lova - for ein overgangsperiode ikkje avgjer noko anna. Eksisterande forskrifter som er dekte av heimelsreglar i den nye lova, kan derimot ved forskrifter om iverksetjing av lova få uavgrensa verknad i tid også etter at lova er sett i verk.

Regelen opnar for at visse reglar blir sette i verk på eit seinare tidspunkt enn lova elles, og til ulik tid for ulike klassetrinn. Departementet viser blant anna til at dei nye læreplanane for grunnskolen skal innførast over ein treårsperiode. Den same innføringstakta må også gjelde lovendringar knytte til dei nye læreplanane.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 28.

§ 17-2 Overgangsreglar

Personell i grunnskolen som er tilsett i uoppseieleg stilling når lova blir sett i verk, kan ikkje seiast opp. For dette personellet gjeld framleis § 24 nr. 1 andre leddet og nr. 2 i lov 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen.

For ein periode på fem år frå lova blir sett i verk skal skolar som har skipa ei leiingsordning etter § 17 nr. 4 tredje leddet i lov 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen vere unnatekne frå kravet om rektor etter § 9-1 andre leddet.

Retten til tiårig grunnskole etter § 2-1 gjeld barn som er fødde i 1991 og seinare. Andre barn og unge har rett til niårig grunnskole, men rykkjer opp eitt klassetrinn, slik at dei avsluttar grunnskolen i 10. klasse.

Dei skolane som når lova her blir sett i verk, er godkjende og får tilskot med heimel i lov 14. juni 1985 nr. 73 om tilskot til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring (privatskulelova) § 3 bkst. d, skal framleis ha rett til tilskot på dei vilkåra som gjaldt før lova her blei sett i verk.

Merknader til § 17-2:

Første leddeter i samsvar med § 17-2 første leddet i lovutkastet frå utvalet. Regelen vil seie at undervisningspersonell som sit i uoppseielege stillingar når lova blir sett i verk, held på denne statusen. For dette personellet skal retten etter gsl. § 24 nr. 1 andre leddet første og andre punktum og etter § 24 nr. 2 til å overføre fast tilsett personell til annan grunnskole, og regelen om at lønna ikkje kan setjast ned i slike tilfelle (gsl. § 24 nr. 1 andre leddet tredje punktum), framleis gjelde.

Andre leddet er nytt i forhold til lovutkastet frå utvalet.

Tredje leddeter nytt i forhold til lovutkastet frå utvalet. Elevar som har teke til i grunnskolen i skoleåret 1996-97 eller tidlegare, skal ikkje vere omfatta av retten til ti års grunnskoleopplæring. Desse elevane skal ha rett til ni års grunnskoleopplæring. Det same gjeld 7-åringar som tek til i skoleåret 1997-98 og 8-åringar som (etter å ha fått utsett skolestart) tek til i skoleåret 1998-99.

Lova knyter ei rekkje reglar til kva for klassetrinn elevane går på. Reglane viser til klassetrinna for den tiårige grunnskolen. Reglane skal likevel brukast på same måten for elevar i den niårige grunnskolen og for elevar i den tiårige grunnskolen. Alle elevar med niårig grunnskole rykkjer derfor opp eit ekstra klassetrinn i overgangen frå skoleåret 1996-97 til skoleåret 1997-98. På den måten går elevar på same alderstrinn på same klassetrinn uavhengig av lengda på grunnskolen for den enkelte eleven. Som nemnt under § 17-1 i lovutkastet er det nødvendig med særskilde overgangsreglar for læreplanane.

Fjerde leddet er nytt i forhold til lovutkastet frå utvalet. Det blir etter lovframlegget frå departementet ikkje høve til å godkjenne og gi tilskot til nye private skolar som blir skipa for å fylle eit kvantitativt opplæringsbehov. Dei skolane som i dag er godkjend og får tilskot på dette grunnlaget, skal likevel få tilskot som i dag. Dei vilkåra som i dag gjeld for desse skolane, skal framleis gjelde. Lova gir ikkje høve til å godkjenne nye tilbod eller utvida elev- eller klassetal ved eksisterande skolar.

Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 28.

Merknader til § 17-3 Oppheving av andre lover

Paragrafen omfattar dei lovane som må opphevast som følgje av framlegget om ei ny lov om opplæring.

Merknader til § 17- 4 Endringar i andre lover

Framlegget til endringar i lov 28.05.1976 nr. 35 om voksenopplæring er ei følgje av framlegget om at grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring spesielt organisert for vaksne som kommunen eller fylkeskommunen er ansvarleg for, skal regulerast av den nye opplæringslova, ikkje av vaksenopplæringslova som i dag. Det omfattar også slik opplæring som studieforbunda gir etter oppdrag frå kommunar eller fylkeskommunar og slik opplæring i fylkeskommunale arbeidsmarknadskurs. Det er vidare gjort framlegg om at regelen i privatskulelova § 3 bkst. e blir tatt inn i vaksenopplæringslova. Det er endeleg gjort framlegg om ein heimel til å gi forskrifter om innhaldet i opplæringa ved tekniske fagskolar. Sjå også vurderingane frå departementet i kapitla 25 og 27.

Som følgje av framlegget om at også private skolar skal regulerast av ei ny opplæringslov, blir det gjort framlegg om at ein stor del av reglane i lov 14.06.1985 nr. 73 om private skular blir oppheva. Dette gjeld likevel ikkje enkelte av reglane om utrekning av tilskot til private skolar. Sjå også vurderingane frå departementet i kapittel 24.

Framlegget til endringar i lov 12.06.1987 nr. 56 om Sametinget og andre samiske rettsforhold er av lovteknisk karakter og ein følgje av at det blir gjort framlegg om ny lov om opplæring.

Det samme gjeld framlegget til endringar i lov 05.06.1995 nr. 19 om barnehager.

Til dokumentets forside