Ot.prp. nr. 36 (1996-97)

Om lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innholdsfortegnelse

5 Verkeområdet til lovutkastet

5.1 Framlegg frå opplæringslovutvalet

5.1.1 Typar av institusjonar og opplæring

Utvalet tek utgangspunkt i at lova skal gjelde for all grunnskoleopplæring utan omsyn til institusjon eller eigarforhold. Lovutkastet omfattar altså slik opplæring i både kommunale, fylkeskommunale, statlege og private institusjonar og både i ordinære skolar og der grunnskoleopplæringa er ein del av til dømes eit statleg kompetansesenter for spesialundervisning, eit sjukehus eller eit fengsel. For private skolar blir det likevel gjort nokre unntak, blant anna av omsyn til dei internasjonale pliktene Noreg har. Unntak på fleire punkt gjeld også for privat heimeundervisning (sjå kapittel 24 om privat opplæring).

På same måten skal lovutkastet gjelde for all vidaregåande opplæring, også for læreforhold i bedrifter, og for eksamen som byggjer på vidaregåande opplæring. Lovutkastet regulerer likevel ikkje vidaregåande opplæring som blir gitt av private utan statstilskot etter lova.

Utanfor lovutkastet fell blant anna skolefritidsordningar, sommarskolar og liknande som ikkje er ein del av grunnskoleopplæringa. Utvalet reknar ikkje tekniske fagskolar som vidaregåande opplæring etter lova. Det blir vist til at i praksis skjer opptaket til slike skolar på grunnlag av fullført vidaregåande opplæring. Heller ikkje skolar som idag er omfatta av § 3 bkst. e i privatskolelova, skal inn i den nye lova.Berre somme delar av lovutkastet gjeld for grunnskoleopplæring og for vidaregåande opplæring spesielt organisert for vaksne som kommunen eller fylkeskommunen er ansvarleg for. Det omfattar også slik opplæring som studieforbunda gir etter oppdrag frå kommunar eller fylkeskommunar og slik opplæring i fylkeskommunale arbeidsmarknadskurs. Sjå kapittel 25 om opplæring spesielt organisert for vaksne.

5.1.2 Geografisk verkeområde

Utvalet viser til at det geografiske verkeområdet for lovutkastet følgjer av dei allmenne prinsippa om verkeområdet for lover. Dersom ikkje noko anna går fram av lovutkastet, gjeld det såleis berre opplæringsverksemd i riket.

Dessutan viser utvalet til § 2 i lov 17.07.1925 nr. 11 om Svalbard, som fastset at norsk offentlegrettsleg lovgiving ikkje gjeld for Svalbard med mindre noko anna er fastsett, og § 4 i lova, som gir Kongen heimel til å gi forskrifter om blant anna skolestellet.

Utvalet meiner at opplæringsverksemda på Svalbard framleis bør styrast gjennom forskrifter. Utvalet går i denne samanhengen ut frå at forskriftene framleis skal gi norske barn og ungdom den same retten og plikta til grunnskoleopplæring som barn og ungdom på fastlandet.

Unntak frå utgangspunktet om at lovutkastet berre gjeld i riket, gjeld for private skolar i utlandet med statstilskot. Norske borgarar som buset seg i utlandet, har likevel ikkje rett til grunnskole eller vidaregåande opplæring etter reglane i lovutkastet. Dei er heller ikkje omfatta av plikta til grunnskoleopplæring. Utvalet går likevel ut frå at norske borgarar som tek eit kortvarig opphald i utlandet, må vere omfatta av grunnskoleplikta.

5.1.3 Utlendingar i Noreg

Utvalet viser til at opplæringslovene i dag ikkje gir reglar om kva for tilknyting til riket som krevst før nokon opparbeider seg rettar og plikter. Utvalet går likevel ut frå at alle som har teke varig opphald, er omfatta av grunnskolelova.

Forskrift av 10.11.1993 nr. 1164 om inntak til vidaregåande opplæring § 3-1 fastset at inntak til vidaregåande opplæring krev gyldig opphaldsløyve. Einslege mindreårige asylsøkjarar kan likevel takast inn til vidaregåande opplæring mens dei ventar på å få avklart statusen sin, men dei har ikkje rett til å fullføre skoleåret dersom dei får avslag på søknaden om opphald.

Utvalet meiner det er gode grunnar for å krevje at utlendingar må vere busette i Noreg og ikkje berre vere på gjennomreise, ferie eller anna kortvarig opphald. Undervisning gir først og fremst utbytte for dei som er ein lengre periode i landet.

Utvalet gjer framlegg om at retten til grunnskoleopplæring skal gjelde frå det tidspunktet da det er sannsynleg at barnet eller den unge skal vere i Noreg i meir enn tre månader. Det bør også omfatte barn av asylsøkjarar når det er sannsynleg at dei får opphaldsløyve eller at tida for å behandle ein søknad om asyl blir meir enn tre månader.

Elles viser utvalet til at plikta til å følgje grunnskoleundervisning, eventuelt heimeopplæring, grip langt meir inn overfor den enkelte enn det å tildele tilsvarande rettar. Det blir i den samanhengen også vist til at overfor den som ikkje oppfyller opplæringsplikta, skal det etter framlegget frå utvalet framleis kunne reagerast med bøter. Plikta bør derfor - slik utvalet ser det - ikkje gjelde før opphaldet faktisk har vart tre månader.

I tillegg bør departementet i enkelttilfelle kunne dispensere frå opplæringsplikta der det ikkje verkar formålstenleg å påleggje ei slik plikt. Det kan til dømes gjelde der det er klart at opphaldet berre varer ei kort tid ut over tre månader, slik at opplæringsperioden berre kan vare ein kort periode.

Utvalet presiserer at det ikkje skal ha noko å seie for retten og plikta for barnet til grunnskoleopplæring om opphaldet er lovleg eller ikkje. Utvalet viser i denne samanhengen til artikkel 2, 3 og 28 i FN-konvensjonen om barnerettar av 20.11.1989 og til ei fråsegn av 22.4.1994, der FNs komite for barnerettar kommenterer norsk praksis overfor barn som har fått avslag på søknad om asyl, men som framleis er i landet.

For å få rett til vidaregåande opplæring meiner utvalet det må krevjast eit meir varig opphald. Ein må rekne det som lite formålstenleg å ha kortvarige periodar i den vidaregåande opplæringa.

Utvalet meiner det er usikkert om dei folkerettslege pliktene til Noreg - her også EØS-retten - tillèt vilkår om at opphaldet sannsynlegvis skal vare i tre år eller meir. Ein går likevel ut frå at eit krav om at opphaldet i alle fall må kunne omfatte grunnkurs eller eit vidaregåande kurs ikkje vil vere i strid med dei folkerettslege pliktene.

Dersom dette er rett, meiner utvalet ein bør krevje at søkjarar til vidaregåande opplæring har som mål å vere i Noreg i minst eitt skoleår. Utvalet går ut frå at søkjaren har lovleg opphald i denne perioden. Derimot bør det ikkje utan vidare vere nødvendig med opphaldsløyve, slik § 3-1 i inntaksforskrifta krev i dag. Det blir vist til at nordiske borgarar er unnatekne frå kravet om opphaldsløyve, jf. § 6 tredje ledd i utlendingslova.

5.2 Høyringsinstansane

Få høyringsinstansar har uttalt seg om det personelle og geografiske verkeområdet for lova.

Redd Barna, Barneombodet og Kommunal- og arbeidsdepartementet støttar framlegget frå utvalet om at lova skal omfatte utlendingar som har opphald av ei viss lengd i Noreg. Somme kommunar uttaler seg også positivt til å klargjere retten og plikta for utlendingar til opplæring.

Utanriksdepartementet støttar utvalet i at det ikkje bør ha noko å seie for retten og plikta for barnet til grunnskoleopplæring om opphaldet i Noreg er ulovleg. Redd Barna meiner at lovteksten bør gi klart uttrykk for at retten til grunnskoleopplæring er uavhengig av om opphaldet er lovleg. Da kan ein lettare unngå uklare tilfelle og diskusjonar i framtida. Justisdepartementet er ikkje samd i vurderingane frå utvalet på dette punktet.

Elles gjer Utanriksdepartementet merksam på at alle personar under 18 år er barn ut frå FNs barnekonvensjon. Det kan likevel vere større grunn til å tolke reglane i konvensjonen avgrensande i forhold til retten til vidaregåande opplæring enn i forhold til retten og plikta til grunnskoleopplæring.

Utanriksdepartementet meiner elles at EØS-avtalen ikkje gir grunnlag for krav på opptak til vidaregåande opplæring når det på førehand er klart at opphaldet i Noreg er så kortvarig at det ikkje gir noka meining å ta til på opplæringa.

5.3 Vurderingar og framlegg frå departementet

5.3.1 Det geografiske og personelle området for lova

Som nemnt meiner utvalet at det bør vere eit krav til søkjarar til vidaregåande opplæring at dei har til mål å vere i Noreg i minst eitt skoleår. Departementet er i tvil om ein slik regel er i samsvar med EØS-avtalen. Det er meiningsfullt å ta til på ei lang rekkje tilbod i den vidaregåande opplæringa jamvel om opplæringa ikkje skal strekkje seg over eit heilt år. Det gjeld til dømes modulbasert opplæring. Denne delen av framlegget frå utvalet er derfor utelate i lovutkastet frå departementet. Reglar om inntak av utlendingar til vidaregåande opplæring bør formast ut som forskrifter. Når slike reglar får forskriftsnivå, kan rettane til utlendingane lettare tilpassast det konkrete opplæringstilbodet.

Departementet sluttar seg elles til framlegget og vurderingane frå utvalet om det geografiske og personelle verkeområdet for lova. Departementet går såleis inn for at retten og plikta til opplæring for utlendingar går fram av lova, slik utvalet gjer framlegg om.

Her støttar departementet også framlegget frå utvalet om at det ikkje skal vere avgjerande for retten til grunnskoleopplæring om opphaldet er lovleg eller ikkje. Departementet legg i denne samanhengen avgjerande vekt på at barna ikkje skal lide for handlingane til foreldra. Departementet viser i den samanhengen til artikkel 2 nr. 1 i barnekonvensjonen, der det heiter:

«De land som er parter til denne konvensjonen, skal respektere og garantere de rettigheter som er fastsatt i denne konvensjon for ethvert barn innenfor deres jurisdiksjon, uten forskjellsbehandling av noe slag og uten hensyn til barnets, dets foreldres eller verges rase, farge, kjønn, språk, religion, politiske eller annen oppfatning, nasjonale, etniske eller sosiale opprinnelse, eiendom, funksjonshemming, fødsel eller annen status.»

Som for lovleg opphald er retten avhengig av at det er sannsynleg at barnet kjem til å bli i Noreg i meir enn tre månader.

Retten til grunnskoleopplæring ved ulovleg opphald, har vore særleg aktuell for barn i kyrkjeasyl. Departementet går ut frå at barn som er i kyrkjeasyl, må gå i vanleg skole. Det kan ikkje krevjast at kommunen skal tilby opplæring i kyrkja.

5.3.2 Det saklege verkeområdet for lova

Når det gjeld det saklege verkeområdet for lova, er departementet samd i vurderingane og framlegget frå utvalet. På same måten som utvalet tek departementet utgangspunkt i at lova skal gjelde for all grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring utan omsyn til type institusjon eller eigarforhold, blant anna også i statleg kompetansesenter for spesialundervisning, sjukehus, fengsel og private barnevernsinstitusjonar, med mindre lova gir heimel for unntak. Lovutkastet er - som utvalet peiker på - avgrensa mot privat opplæring over grunnskolenivå som ikkje er finansiert av tilskot etter opplæringslova, og opplæring spesielt organisert for vaksne som kommunen eller fylkeskommunen ikkje har ansvaret for.

Til dokumentets forside