Ot.prp. nr. 36 (1996-97)

Om lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innholdsfortegnelse

18 Kompetansekrav for undervisningspersonell og skoleleiarar

18.1 Gjeldande rett

18.1.1 Nasjonal lærarutdanning

Grunnutdanninga for lærarar blir styrt nasjonalt gjennom blant anna lov 08.06.1973 nr. 49 om lærarutdanning (lærarutdanningslova) og rammeplanar fastsette av departementet.

Lærarutdanningslova inneheld utdanningskrav for undervisningspersonell i heile skoleverket, også reglar om utdanningsnivåa lærar, adjunkt og lektor (kapittel III og IV, jf. kapittel II).

Lova fastset formålet med (§ 2) og oppbygginga av (§ 3) lærarutdanninga. Dessutan pålegg lova staten, fylkeskommunen og kommunen å medverke til at undervisningspersonalet og skoleleiarane får tilbod om etterutdanning (§ 4).

Lærarutdanningslova er knytt til grunnskolelova, lov om vidaregåande opplæring, privatskulelova og folkehøgskolelova gjennom tilvising i § 1 nr.1 i lova. Tilsvarande er det tilvisingar til lærarutdanningslova i desse lovene og i forskriftene til § 9 i vaksenopplæringslova.

Oppgåver for høgskolane i samband med lærarutdanninga er fastsette i § 19 og § 20 i lærarutdanningslova.

I § 21 og § 22 i lærarutdanningslova er det gitt nærmare reglar om innhaldet i lærarutdanninga. Blant anna skal lærarutdanninga innehalde pedagogisk teori og praksis og praktisk opplæring i skolen. For å fylle ut det lovfeste innhaldet i lærarutdanninga har departementet fått heimel til å gi rammeplanar for førskolelærar-, allmennlærar- og faglærarutdanninga og for den praktisk-pedagogiske utdanninga, jf. § 21 i lærarutdanningslova. Departementet har fastsett rammeplanar for allmennlærarutdanninga, førskolelærarutdanninga og den praktisk-pedagogiske utdanninga og for ei rekkje faglærarutdanningar.

Lærarutdanningslova § 24 gir reglar om vurdering og vitnemål, blant anna om vurdering av yrkessertifisering for læraryrket.

Lov 12.05.1995 nr. 22 om universitet og høgskolar omfattar statleg styring av universiteta, dei vitskaplege høgskolane og dei statlege høgskolane. I § 46 i lova har departementet fått heimel til å avgjere kva fag, emne og liknande som blant anna yrkesutdanningar skal innehalde. Departementet har også fått heimel til å fastsetje nasjonale rammeplanar for den enkelte yrkesutdanninga eller for enkeltfag som er med i yrkesutdanninga. Lærarutdanninga er i denne samanhengen rekna som yrkesutdanning, sjå Ot.prp. nr. 85 (1993-94) s. 72.

Universitets- og høgskolelova gir departementet den same kompetansen til å styre lærarutdanninga som § 21 i lærarutdanningslova.

18.1.2 Utdanningsnivåa lærar, adjunkt og lektor

Kompetansekrava for undervisningspersonell har utgangspunkt i utdanningsnivåa lærar, adjunkt og lektor, jf. § 5 nr. 1 i lærarutdanningslova. Innhaldet i dei enkelte utdanningsnivåa er fastsett i §§ 6-8 i lærarutdanningslova og i forskrift 09.06.1987 om lærar-, adjunkt- og lektorutdanning, som er omfatta av § 1 nr.1 i lov om lærarutdanning (kompetanseforskrifta). Kompetanseforskrifta er under endring. Forskrifta skal blant anna tilpassast utvidinga av allmennlærarutdanninga og den praktisk-pedagogiske utdanninga.

Etter lærarutdanningslova skal ein lærar ha minst tre års allmennlærar-, førskolelærar- eller faglærarutdanning, jf. § 6 nr. 1. Ein faglærar kan også ha ei anna likeverdig, godkjend utdanning, eventuelt med tillegg av praksis, jf. § 6 nr. 2 i lova og kompetanseforskrifta §§ 13 flg. Departementet kan gi godkjenning som lærar på grunnlag av ei likeverdig utdanning frå utlandet, jf. § 6 nr. 3 i lova.

Lærarutdanningslova § 7 inneheld utdanningskrava for adjunkt. Adjunktutdanninga kan vere ei lærarutdanning med tillegg av eitt års godkjend vidareutdanning, jf. § 7 nr. 2 i lova. Dessutan kan ein få adjunktstatus, med heimel i § 7 nr.1 i lova, med eksamen av lågare grad frå eit universitet eller ein høgskole med ein fagkrins som er godkjend for arbeid i skolen og godkjend pedagogisk utdanning, sjå § 11 i lova. Kompetanseforskrifta § 28 fastset kva for utdanningar som oppfyller krava i § 7 nr.1. Adjunktutdanninga kan også vere ei anna likeverdig godkjend utdanning, eventuelt med tillegg av praksis, jf. § 7 nr. 3 i lova. Ein kan også få godkjenning på grunnlag av ei likeverdig utdanning frå utlandet, jf. § 7 nr. 4.

Etter § 8 nr. 1 i lærarutdanningslova kan ei utdanning som lektor omfatte eksamen av høgare grad frå eit universitet eller ein høgskole med ein fagkrins som er godkjend for arbeid i skolen. I tillegg blir det kravd godkjend pedagogisk utdanning, sjå § 11 i lova. Departementet har i § 31 i kompetanseforskrifta fastsett kva for gradar og eksamenar som skal vere omfatta av § 8 nr.1. Lektorutdanninga kan også vere ei adjunktutdanning med tillegg av ei hovudfagsutdanning eller ei godkjend vidareutdanning ved eit universitet eller liknande, jf. § 8 nr. 2 i lova. Dessutan kan ein lærar bli lektor ved å gjennomføre ei godkjend vidareutdanning på hovudfagsnivå som svarer til tre års studium, jf. § 8 nr. 3 i lova. På same måten som lærar- og adjunktstatus kan ein også få lektorstatus ved å få godkjent ei likeverdig utdanning frå inn- eller utland.

Uavhengig av det som er fastsett i § 6-8 i lærarutdanningslova, skal både lærar-, adjunkt- og lektorutdanninga omfatte minst eit halvt års godkjend pedagogisk utdanning, jf. § 11 nr. 1 i lova. Gjennom rammeplanar og praksis er dette kravet endra frå eit halvt år til eitt år, sjå også Innst. S. nr. 230 (1990-91).

Departementet har godkjenningskompetansen i forhold til utdanningsnivåa, jf. § 12 i lærarutdanningslova. Departementet har også fått heimel til å dispensere frå utdanningskrava i lova når særlege omsyn gjer det nødvendig eller ønskjeleg, og etter at departementet har henta inn fråsegn frå Lærarutdanningsrådet, jf. § 12 nr. 1 bokstav d.

Med heimel i § 12 nr. 1 i lærarutdanningslova har departementet gitt forskrift av 09.03.1987 om godkjenning av lærarutdanning frå utlandet.

18.1.3 Kompetansekrav for dei enkelte skoleslaga og dei enkelte klassetrinna

Med unntak av mellombels tilsette og vikarar må den som blir tilsett for undervisning eller anna pedagogisk arbeid i den vidaregåande skolen, vere lærar, adjunkt eller lektor, jf. § 15, jf. § 5 nr. 1 i lærarutdanningslova.

I tillegg inneheld kompetanseforskrifta eit krav om relevant utdanning for den som blir tilsett i den vidaregåande skolen, jf. §§ 34 og 36 i forskrifta. For å kunne undervise i yrkesfaglege studieretningar går kravet fram i ei meir generell form av § 36 i forskrifta. For allmennfagleg studieretning og for undervisning i felles allmenne fag på andre studieretningar blir det stilt krav om fagleg fordjuping på minst eitt år i dei faga ein skal undervise i. Allmennlærar, som ikkje samtidig er adjunkt med relevant eitt-årig fordjuping, kan ikkje setjast til å undervise i desse faga, jf. § 34 i forskrifta.

Med tilvising til dispensasjonsheimelen i § 12 nr. 1 bokstav d i lærarutdanningslova har departementet opna for tilsetjing på vilkår i den yrkesfaglege delen av vidaregåande opplæring, jf. § 37 i kompetanseforskrifta. Regelen tillèt at lærarar i yrkesfag som manglar pedagogisk utdanning, men som elles fyller dei faglege krava, og søkjarar som ikkje har fullført noka yrkesteoretisk utdanning, blir tilsette i oppseielege stillingar på vilkår av at utdanninga blir fullført innan ein frist som til vanleg ikkje er over tre år.

Allmennlærarutdanninga er den einaste utdanninga som kvalifiserer til pedagogisk arbeid på alle trinna i grunnskolen. Både for faglærarar, adjunktar og lektorar - som ikkje også er allmennlærarar - er retten til tilsetjing i grunnskolen avgrensa til nærmare fastsette utdanningar og fag, jf. § 13 andre leddet første punktum i lærarutdanningslova og § 32 og § 33 i kompetanseforskrifta. Denne retten er særleg avgrensa for barnetrinnet, der faglærarar, adjunktar og lektorar berre kan tilsetjast for ordinær undervisning i faga musikk, formingsfag, kroppsøving, ernæring, helse- og miljøfag (heimkunnskap), og berre dersom dei har fordjuping i det aktuelle faget, jf. § 32 i forskrifta.

Førskolelærarar kan berre tilsetjast på barnetrinnet, og berre når spesielle omsyn gjer det nødvendig. Ved lov 28. juni 1996 nr. 53 er departementet likevel gitt heimel til å gi forskrifter om at førskolelærarar også elles kan tilsetjast på barnetrinnet (trer i kraft 01.07.1997).

For mellombels tilsette eller vikarar gjeld det ingen kompetansekrav, jf. § 12 nr. 2 i lærarutdanningslova. Retten til mellombels tilsetjing er likevel avgrensa. Etter § 17 nr. 2 i grunnskolelova kan mellombels tilsetjing berre brukast «når det trengst». Ein må gå ut frå at den opninga regelen gir til mellombels tilsetjing, omfattar tilfelle der det ikkje er søkjarar som oppfyller kompetansekrava.

Rettsvilkårsavtalen for tilsette i den vidaregåande skolen fastset at ein kan nytte mellombels stilling når det ikkje er søkjarar som oppfyller kompetansekrava, sjå § 2 i avtalen. Det er likevel uklart i kva grad avtaleregelen er gyldig i lys av reglane i arbeidsmiljølova § 58 A om mellombels tilsetjing.

Lærarutdanningslova § 5 nr. 2 gir ein særskilt kompetanseregel for timelærarar. Til vanleg skal dei ha den same kompetansen som anna undervisningspersonell. For undervisning i særskilde emne kan det likevel tilsetjast timelærarar med spesialutdanning i emnet.

18.1.4 Skoleleiarar

For skoleleiarar blir det stilt krav om tre års røynsle frå «arbeid i skoleverket» i tillegg til lærar-, adjunkt- eller lektorutdanning, jf. § 9 nr.1 i lærarutdanningslova. I forarbeida til lova er det rekna med at denne praksisen skal ha vore undervisning eller administrativt arbeid (Ot.prp. nr. 36 (1972-73) s.115). Den som skal tilsetjast som skoleleiar, må dessutan oppfylle krav i §§ 13-15 i lærarutdanningslova for tilsetjing i dei ulike skoleslaga.

I grunnskolen omfattar kompetansekrava for skoleleiarar rektor og undervisningsinspektør, jf. § 3-2 i grunnskoleforskrifta. I den vidaregåande skolen gjeld kompetansekrava berre for rektor.

18.1.5 Anna rettsleg regulering i tilknyting til kompetansen til undervisningspersonalet

Etter § 27 nr. 1 i grunnskolelova er kommunen pålagd å sørgje for «at undervisningspersonalet er samansett så formålstenleg for fagkrinsen som råd er...». Dessutan skal kommunen medverke til at undervisningspersonale, skoleleiarar og personale med særoppgåver i skolen får halde kunnskapen sin ved like og blir fagleg oppdaterte. Plikt til å medverke til etterutdanning følgjer også av § 4 i lærarutdanningslova, som også pålegg staten og fylkeskommunen slik plikt.

Utlysingar av stillingar i grunnskolen for adjunkt og lektor skal nemne dei faga det er krav om undervisningskompetanse i, jf. gsl. § 20 nr. 2.

Undervisningspersonalet i grunnskolen har plikt til å undervise på det klassetrinnet og i dei faga dei har kompetanse til, jf. gsl. § 22 nr. 2. Likevel kan undervisningspersonale som ikkje høyrer til Den norske kyrkja eller Den evangelisk-lutherske frikyrkja, ikkje påleggjast å undervise i kristendomskunnskap, jf. gsl. § 18 nr.3. For den vidaregåande opplæringa avgjer leiinga ved skolen på kva trinn og i kva kurs og fag personalet skal undervise, jf. lvgo. § 20.

Etter § 10-4 i grunnskoleforskrifta blir undervisningsoppgåva til grunnskolelærarane utvida til også å omfatte «andre fag og område når rektor etter samråd med læraren finn det forsvarleg og omsynet til undervisninga gjer det nødvendig».

Grunnskoleforskrifta §§ 10-2 og 10-3 pålegg rektorar og undervisningsinspektørar å vere med i leiaropplæringstiltak.

Etter gsl. § 22 nr. 3 og lvgo. § 20 tredje leddet har personalet plikt til å rettleie lærarstudentar som er i praksis på skolen. For grunnskolepersonalet krev lova ei fastsett godtgjersle, jf. gsl. § 22 nr. 3. Når ein skal avgjere kva for grunnskolelærar som skal stå for opplæringa, skal rektor på lærestaden til studenten ha rett til å uttale seg, jf. gsl. § 21. Dersom kommunen og rektor ikkje blir einige, skal statens utdanningskontor ta avgjerda. Lovfeste reglar om innverknaden til lærestaden og om godtgjersle for lærarane er ikkje gitt for den vidaregåande skolen.

18.2 Framlegget frå opplæringslovutvalet

18.2.1 Generelt

Utvalet går i hovudsak inn for å føre vidare dei noverande krava til kompetanse for undervisningspersonell og skoleleiarar. Utvalet peiker på at nasjonale kompetansekrav for undervisningspersonell er med på å sikre både kvalitet og likeverd i undervisningstilbodet. Kompetansekrava skal dessutan sikre at undervisningspersonell har relevant kompetanse for det faget eller det alderstrinnet der det skal undervisast. Krava skal gjere sitt til at det heile tida er den best kvalifiserte søkjaren som blir tilsett i undervisnings- og leiarstilling i skolen. Det krev at kompetansereguleringa opnar for ein viss grad av fleksibilitet, blant anna i forhold til realkompetansen hjå søkjarane. Dessutan er det nødvendig å ha eit tilstrekkeleg mangfald i lærarutdanninga, slik at ein kan dekkje dei ulike og varierande behova i skolen.

I vurderingane sine legg utvalet til grunn at kompetansekrava skal gjelde for tilsetjing i undervisnings- og skoleleiarstillingar. Desse krava skal såleis ikkje vere til absolutt hinder for å endre innhaldet i stillingar etter tilsetjing. Ein slik fleksibilitet ser utvalet som nødvendig for å kunne disponere personalressursane rasjonelt.

Utvalet har ikkje vurdert kompetansekrava for anna skolepersonell enn undervisningspersonell og skoleleiarar. Vurderingane omfattar såleis ikkje assistentar som hjelper undervisningspersonell i undervisninga, og personell som gir hjelp til elevar utanom undervisninga. Derimot har utvalet gått inn for at det framleis skal kunne givast forskrifter om kompetansekrav for personalet ved faste leirskolestader.

Eit mindretal i utvalet meiner at det bør stillast kompetansekrav til alle skolefaglege stillingar og funksjonar dersom ikkje kompetansekravet går fram av at stillinga eller funksjonen er kombinert med ei undervisningsstilling.

Utvalet gjer framlegg om framleis å lovregulere hovudinnhaldet i lærarutdanninga i ei ny opplæringslov. Det andre innhaldet i lærarutdanninga meiner utvalet kan mest formålstenleg fastsetjast av departementet. Utvalet reknar med at lov om universitet og høgskolar gir nok kompetanse i denne samanhengen.

Utvalet gjer ikkje framlegg om å lovfeste innhaldet i og organiseringa av lærarutdanninga ytterlegare. Utvalet viser i den samanhengen til at dei allmenne reguleringane i lov om universitet og høgskolar må reknast for å vere formålstenlege også for lærarutdanninga ved høgskolane.

Sjå også kapittel 25 om opplæring spesielt organisert for vaksne, der det blir gjort greie for framlegget frå utvalet om at departementet framleis skal ha heimel til å gi forskrifter om kompetansekrav for medarbeidarar i vaksenopplæringa.

18.2.2 Krav om relevant kompetanse for undervisningspersonalet i grunnskolar og vidaregåande skolar

Utvalet peiker innleiingsvis på at kompetansebehovet i dei ulike delane av grunnskolen er ulikt. På småskoletrinnet (1.-4. klassetrinnet) er det størst behov for lærarar med brei fagleg kompetanse, mens behovet for lærarar med fagleg fordjuping i dei faga dei skal undervise i, aukar gradvis med stigande klassetrinn. I tillegg er skolen sin oppsedarfunksjon ein viktig del av verksemda på alle trinna i grunnskolen. Oppgåvene til lærarane omfattar både undervisning og oppseding.

Utvalet peiker på fordelane med at allmenn undervisningskompetanse er prioritert på småskoletrinnet. Kompetansen til allmennlærarane er generelt den som er best tilpassa organiseringa av undervisninga i emne på småskoletrinnet. Blant anna er det allmennlærarane som best kan sikre funksjonen som klasselærar.

For å kunne møte utfordringane i samband med seksårsreforma bør likevel allmennlæraren ha kompetanse i barnehagepedagogiske arbeidsmåtar, noko som også stettar premissane frå Innst. O. nr. 36 (1993-94). Utvalet gjer likevel ikkje framlegg om å lovfeste eit slikt krav. Ei eventuell lovfesting bør vurderast etter at den føreståande revisjonen av rammeplanen for allmennlærarutdanninga er gjennomført.

Utvalet gjer framlegg om å føre vidare den ordninga som gjeld i dag for andre enn allmennlærarar til å undervise i enkelte fag på småskoletrinnet.

Utvalet meiner at den faglege fordjupinga på mellomtrinnet (5.-7. klassetrinnet) tilseier at det som supplement til allmennlæraren også blir opna for å tilsetje faglærarar, adjunktar og lektorar i denne delen av grunnskolen, når dei har ei relevant fagleg fordjuping som svarer til minst eit halvt års studietid. Med større bruk av faglærarar på mellomtrinnet aukar krava til klassestyraren som koordinator for dei andre lærarane i klassen.

Utvalet gjer framlegg om at lærarar på ungdomstrinnet (8.-10. klassetrinnet) - med unntak av lærarar i lokalt fastsette valfag - skal ha ei fagleg fordjuping som svarer til minst eit halvt års studietid som er relevant for minst eitt av dei faga dei er sette til å undervise i.

Utvalet peiker på at dei lovreglane som no gjeld om kompetansekrava for den vidaregåande skolen, kan gi inntrykk av at både allmennlærarar, førskolelærarar, faglærarar, adjunktar og lektorar er kompetente for pedagogisk arbeid i skolen. Med heimel i forskriftene gjeld likevel arbeidet i den vidaregåande skolen faglærarar, adjunktar og lektorar med relevant utdanning. Utvalet meiner at kravet om relevant fagleg fordjuping hos undervisningspersonellet er avgjerande for å sikre eit høgt kunnskaps- og dugleiksnivå blant elevane. Utvalet gjer derfor framlegg om å lovfeste den forskriftsregelen som gjeld no, om at berre faglærarar, lektorar og adjunktar med fagleg fordjuping som er relevant for det faget dei skal undervise i, kan tilsetjast i den vidaregåande skolen.

18.2.3 Lovfesting av utdanningsnivå

Utvalet gjer framlegg om å lovfeste dei tre utdanningsnivåa lærar, adjunkt og lektor også i den nye opplæringslovgivinga, og at departementet får heimel til å konkretisere utdanningsnivåa gjennom forskrifter. Utvalet meiner at nivåa framleis gir ei formålstenleg sortering av dei enkelte utdanningane under dei enkelte skoleslaga, opplæringsretningane og klassestega. Dessutan viser utvalet til at ordninga med lovfeste utdanningsnivå er godt innarbeidd, og ettersom lønna følgjer kompetansenivået, blir den enkelte læraren motivert til å auke kompetansen sin gjennom ytterlegare utdanning eller praksis utanfor skolen.

På utdanningsnivået lærar er utdanningskrava sorterte inn under faglærar, allmennlærar og førskolelærar. Jamvel om denne inndelinga ikkje har tilknyting til lønnssystemet, har ho ein viktig og innarbeidd funksjon i forskriftsverket og i godkjenningspraksisen. Utvalet finn derfor ikkje grunn til å fjerne denne lovfeste oppdelinga av lærarutdanningane.

Utvalet peiker på at i dei praktisk-estetiske faga har det utvikla seg ein forvaltningspraksis der «fagleg verksemd» er teke med i vurderinga av om det skal givast lektorgodkjenning, i motsetnad til det som gjeld for andre fag. Jamvel om behovet for ei slik godkjenning er redusert fordi både formingsfag og musikkfag har fått ei utdanning på hovudfagsnivå, er det framleis profesjonar i kunstfaga som er avhengige av å leggje vekt på praksis når ein skal vurdere om det skal givast lektorstatus. Utvalet gjer derfor framlegg om ei lovendring med sikte på å gi den nødvendige heimelen for godkjenning på grunnlag av utdanning med tillegg av praksis i fag knytte til kunstnarleg verksemd, når det ikkje er tilbod om den nødvendige utdanninga ved norske utdanningsinstitusjonar.

Utvalet finn derimot ikkje grunn til å gjere framlegg om nokon generell rett til lektorgodkjenning på grunnlag av praksis. Utvalet viser til at det er i strid med det allmenne prinsippet om at lektorkompetanse blir gitt for ei utdanning på høgt fagleg nivå der kandidatane som ledd i hovudfagsstudiet gjer eit større vitskapleg arbeid.

For å få lova betre i samsvar med ordninga i dag gjer utvalet framlegg om at kravet om pedagogisk utdanning for undervisningspersonell blir sett til eitt års studietid, og at det går fram av lova at utdanninga skal vere praktisk-pedagogisk. Departementet får heimel til å gi nærmare forskrifter. Forskriftene skal vere utfyllande og kan ikkje setje krav om lengre studietid enn lova.

Dessutan er allmennlærarutdanninga gjord fireårig i lovutkastet frå utvalet, i tråd med rammeplanen frå departementet av 10.07.1992. I denne samanhengen gjer utvalet også framlegg om enkelte endringar i lovreglane om adjunktutdanning.

18.2.4 Førskolelærarar

Utvalet gjer framlegg om å innføre ei ordning med å tilsetje førskolelærarar til undervisning på klassetrinna 1-4. Det blir i den samanhengen blant anna peikt på at det er i tråd med synspunkta frå fleirtalet i kyrkje-, utdannings-, og forskingskomiteen i Innst. O. nr. 36 (1993-94). Utvalet peiker også på at det i dag er førskolelærarane som har best kunnskap om seksåringane og deira måte å lære på. Dessutan blir det peikt på at førskolelærarane kan gi nyttige impulsar til skolen som heilskap og til lærarkollegaer med annan utdanningsbakgrunn.

For ikkje å svekkje undervisningstilbodet for elevane meiner utvalet det må stillast særskilde krav om at førskolelærarar som skal undervise på heile småskoletrinnet, har kompetanse for lese-, skrive- og talopplæring som svarer til kompetansen hjå allmennlæraren.

Fleirtalet i utvalet finn elles ikkje grunn til å føre vidare unntaksheimelen i § 13 i lærarutdanningslova, som tillèt tilsetjing av førskolelærarar også på mellomtrinnet «når særlege omsyn gjer det ønskjeleg». Det blir vist til at behovet for ein slik regel blir godt nok sikra gjennom framlegget frå fleirtalet om at også personale som ikkje oppfyller kompetansekrava, på visse vilkår skal kunne gi spesialundervisning.

Eit mindretal er ikkje samd i at personale som ikkje oppfyller kompetansekrava, på visse vilkår skal kunne gi spesialundervisning. Dette mindretalet meiner derfor at det framleis er behov for ein særskild unntaksheimel som tillèt å tilsetje førskolelærarar på mellomtrinnet.

18.2.5 Skoleleiarar

På bakgrunn av den funksjonen rektor har som fagleg leiar, meiner utvalet det er nødvendig at tilsette i slike stillingar har den nødvendige bakgrunnen frå skolen. Utvalet gjer derfor framlegg om ikkje å endre dei generelle krava til praksis eller til utdanning for tilsetjing i rektorstilling.

Utvalet går også inn for å føre vidare kravet om at rektor skal vere kvalifisert for tilsetjing i undervisningsstilling i det skoleslaget, eventuelt på dei klassetrinna, han eller ho skal vere rektor for, og viser blant anna til at rektor vanlegvis har undervisning som del av stillinga. Utvalet presiserer at framlegget opnar for at førskolelærarar kan vere rektorar i grunnskolen dersom dei oppfyller eitt av kompetansekrava for undervisning på skolen.

Fleirtalet i utvalet gjer framlegg om at kommunane og fylkeskommunane skal stå fritt til å fastsetje kompetansekrava for administrative stillingar ut over rektorstillinga. Mindretalet meiner det i tillegg til kompetansekrav for rektor bør fastsetjast særskilde kompetansekrav for undervisnings- eller studieinspektør og rådgivar.

18.2.6 Mellombels tilsette og vikarar

For å sikre elevane opplæring også i situasjonar da det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, meiner utvalet det er nødvendig med reglar som opnar for å tilsetje personar mellombels jamvel om dei ikkje fyller kompetansekrava i lovframlegget. Det er i slike situasjonar betre at den best eigna av dei ukvalifiserte søkjarane blir tilsett, enn at elevane står utan opplæring. Dessutan må omsynet til opplæring for elevane i slike tilfelle gå framom det behovet den tilsette har for stillingsvern.

Utvalet gjer på denne bakgrunnen framlegg om at det framleis skal vere høve til å tilsetje mellombels i grunnskolen når det ikkje er søkjarar som oppfyller dei lov- eller forskriftsfeste kompetansekrava, og at denne retten også skal gjelde for den vidaregåande skolen. Av omsyn til den mellombels tilsette og for å sikre at det med jamne mellomrom blir arbeidd med å skaffe kvalifisert personale, bør tilsetjinga vare ut skoleåret. Før skoleåret er ute må såleis stillinga normalt lysast ut på nytt. Skoleåret bør i denne samanhengen vere lovfest til å slutte 31. juli.

Utvalet ser ikkje grunn til å føre vidare regelen om at ukvalifiserte kan tilsetjast i vikariat, og viser til at ein i utgangspunktet bør bruke dei allmenne kompetansekrava for slike stillingar. På same måten som for faste stillingar kan vikarar tilsetjast mellombels når det er mangel på kvalifiserte søkjarar.

Vurderingane frå utvalet og framlegga og vurderingane frå departementet når det gjeld den arbeidsrettslege stillinga for mellombels tilsette, er omtalte i kapittel 19 om den arbeidsrettslege stillinga for skoleleiarar og undervisningspersonale.

18.2.7 Øvingslærarar

Utvalet gjer framlegg om å føre vidare kravet om pedagogisk praksis for alle som skal undervise i skolen. Det er derfor framleis nødvendig at grunnskolar og vidaregåande skolar tek imot praksisstudentar.

Ein reknar med at praksisplassar i dei fleste tilfella blir skipa i form av ein avtale mellom høgskolane eller universiteta og grunnskolen eller den vidaregåande skolen.

Utvalet meiner likevel at praksistida er ein så sentral del av lærarutdanninga at gjennomføringa av ordninga bør få heimel i lova. Utvalet gjer derfor framlegg om at departementet får heimel til å påleggje kommunane og fylkeskommunane å ta imot praksisstudentar i forskrift eller ved enkeltvedtak. Departementet skal også kunne fastsetje forskrifter eller gjere enkeltvedtak om utveljinga av øvingslæraren.

18.2.8 Aldersblanda klassar

Fleirtalet i utvalet har gjort framlegg om å gjere ordninga med aldersblanding i grunnskolen generell. Både ordninga i dag og framlegget frå fleirtalet vil seie at klassen kan ha elevar frå både småskolen og mellomtrinnet. Den inndelinga av kompetansekrava som utvalet gjer framlegg om, er ikkje tilpassa ei slik aldersblanding.

Utvalet finn det likevel vanskeleg å gjere ei slik tilpassing i forhold til kompetansekrava. Kompetansebehovet må vurderast konkret. Dei som blir tilsette, må likevel i alle tilfelle oppfylle kompetansekrava for minst éi av dei gruppene klassetrinn som er representerte i klassen. Utvalet gjer framlegg om at denne ordninga kjem til uttrykk i ein lovregel om at kompetansekrava gjeld for aldersblanda klassar så langt dei passar.

18.2.9 Timelærarar

Utvalet går inn for å oppheve den særskilde reguleringa av kompetansekrav for timelærarar. Det blir vist til at ordninga ikkje lenger er i bruk i skoleverket.

18.2.10 Ansvar for etterutdanning

Fleirtalet i utvalet meiner at lovreglane slik dei i dag går fram av § 4 i lærarutdanningslova og § 27 nr. 2 andre leddet i grunnskolelova om ansvar for etterutdanning, kan verke for svakt formulerte. Det blir vist til at etterutdanning i form av fagleg vedlikehald og fagleg oppdatering er viktig for å halde oppe ein høg kompetanse i lærar- og leiarstaben, og hjå personale som er engasjert i opplæring av lærlingar.

Fleirtalet peiker likevel på at eit skjerpa ansvar for etterutdanning kan føre til større utgifter for kommunesektoren. Fleirtalet i utvalet finn derfor ikkje grunn til å gjere framlegg om materielle lovendringar om ansvaret for etterutdanninga.

Eit mindretal i utvalet meiner at regelen i lovutkastet om etterutdanning er unødvendig og bør gå ut.

Utvalet gjer framlegg om å oppheve regelen i § 4 nr. 2 i lærarutdanningslova om retten til å gi permisjon. Utvalet meiner at dei allmenne reglane om permisjonsordningar er nok.

18.2.11 Lovfesting av prinsippet om tilsetjing av den best kvalifiserte søkjaren

Av omsyn til opplæringa av elevane og kvaliteten i skolen meiner utvalet det er svært viktig at det heile tida er den beste blant dei kvalifiserte søkjarane som blir tilsett. På denne bakgrunnen gjer utvalet framlegg om å lovfeste det allmenne forvaltningsrettslege prinsippet om tilsetjing av den best kvalifiserte søkjaren. Det bør i denne samanhengen fastsetjast at det i valet mellom fleire søkjarar til den same stillinga skal leggjast vekt på utdanning og praksis, kva for undervisningsbehov tilsetjinga skal ta sikte på å dekkje, og kor godt eigna søkjaren er for stillinga elles.

18.2.12 Forskriftskompetansen til departementet og kompetansen til å dispensere frå lovreglane

Utvalet ser det som formålstenleg at departementet framleis har kompetanse til å fastsetje forskrifter om kompetansekrava for undervisningspersonell. Det blir vist til at utdanningar skifter innhald, samtidig som kompetansebehovet i skolen varierer. Ein må derfor heile tida vurdere kva for utdanningar som kan fylle behovet i skolen for undervisningskompetanse.

Utvalet meiner likevel at forskiftskompetansen i større grad enn i dag bør presiserast og knytast til den enkelte regelen i lovutkastet.

Utvalet meiner departementet bør ha kompetanse til å gi nærmare forskrifter om innhaldet i utdanningsnivåa og om tilleggsprøve for utanlandske søkjarar som ikkje byggjer søknaden sin på utdanning og/eller praksis frå land som er omfatta av EØS-avtalen. Dessutan bør departementet kunne gi forskrifter om i kva fag på småskoletrinnet andre enn allmennlærarar og førskolelærarar kan undervise. Departementet bør også kunne gi nærmare forskrifter om krava til fagleg fordjuping på mellom- og ungdomstrinnet i grunnskolen og i den vidaregåande skolen og om krava til kompetanse i lese-, skrive- og talopplæring for førskolelærarane på småskoletrinnet.

Dessutan gjer utvalet framlegg om å halde på den kompetansen departementet har etter gsl. § 21 nr. 4 til å gi forskrifter om kvalifikasjonar for personalet ved faste leirskolestader.

Endeleg gjer utvalet framlegg om at departementet skal kunne gjere unntak frå kompetansekrava i lova for undervisningsstillingar når det ligg føre særlege grunnar.

18.2.13 Godkjenning

Utvalet meiner at departementet gjennom forskrifter i stor nok grad kan fastleggje det nærmare innhaldet i utdanningsnivåa. Det er derfor ikkje nødvendig at lova stiller opp krav om godkjenning i tillegg til reglane i forskrifta. Ein vil ha nødvendig fleksibilitet ved å halde på den kompetansen departementet har til å godkjenne likeverdig utdanning og praksis.

Utvalet gjer såleis framlegg om å oppheve alle godkjenningsreglar knytte til utdanningsnivåa, med unntak av heimelen for departementet til å godkjenne utdanning og praksis som er likeverdig med innhaldet i utdanningsnivåa elles, til dømes likeverdig utdanning frå utlandet.

18.2.14 Lærarutdanningsrådet

Lovreguleringa om Lærarutdanningsrådet vart oppheva med lov om universitet og høgskolar. Utvalet understrekar at det er viktig at departementet, dersom Lærarutdanningsrådet ikkje skal haldast oppe, bruker liknande uavhengig sakkunnskap i arbeidet sitt med kompetansekrav for undervisningspersonell og skoleleiarar.

18.2.15 Den særskilde vurderinga av om kandidatar er skikka

Utvalet gjer framlegg om å oppheve den særskilde vurderinga etter § 24 nr. 3. i lærarutdanningslova av om kandidatar er skikka. Utvalet meiner det ikkje kan skiljast mellom fagleg vurdering og vurdering av dugleik. Begge delar må vere med i den vurderinga som er grunnlaget for godkjenning for læraryrket. Lærarutdanningsinstitusjonane har derfor det sentrale ansvaret for vurderinga.

Utvalet peiker også på at tilfredsstillande tilsetjingsprosedyrar i ein del tilfelle kan stanse lærarar som er uskikka for yrket, og at det er ei viss opning for å fjerne uskikka lærarar ved avskil eller oppseiing.

Utvalet legg også vekt på at den pedagogiske utdanninga omfattar praksis ute i skolen. I allmennlærarutdanninga er den pedagogiske praksisen spreidd over fleire trinn i studiet. Utvalet går såleis ut frå at kandidatar som ikkje er skikka for pedagogiske oppgåver i skolen, som regel heller ikkje greier praksisdelen av lærarutdanninga. Utvalet viser også til retten til å vise bort studentar frå lærarutdanninga, jf. § 42 i lov om universitet og høgskolar.

Utvalet meiner at ordninga med å vurdere dugleiken til lærarkandidatane blir godt nok vurdert gjennom den obligatoriske pedagogiske praksisen, tilfredsstillande tilsetjingsprosedyrar, retten til oppseiing eller avskil og ordninga med bortvising frå utdanningsinstitusjonane.

18.3 Høyringsinstansane

18.3.1 Departementa

Finansdepartementet er positivt til å opne for større fleksibilitet i kompetansekrava i småskolen og på mellomtrinnet, men går imot framlegget om å skjerpe kompetansekrava på ungdomstrinnet.

Kommunal- og arbeidsdepartementet ser det som særleg viktig å føre vidare framlegget i § 10-2, som gir fleksible reglar i forhold til kompetansekrav for undervisningsstillingar.

Kulturdepartementet støttar lektorgodkjenning på grunnlag av utdanning med tillegg av praksis frå kunstnarleg verksemd, når det ikkje er tilbod om nødvendig utdanning i norske utdanningsinstitusjonar.

18.3.2 Kommunane

Mange av dei kommunane som har uttalt seg, støttar kravet om tilleggskompetanse for at førskolelærarar skal kunne undervise i småskolen, men peiker på at staten må leggje forholda til rette slik at utdanna førskolelærarar kan skaffe seg denne kompetansen. Dessutan må det fastsetjast overgangsordningar, slik at førskolelærarane er sikra innpass i småskolen. Somme kommunar meiner det i tillegg bør stillast krav om tilleggskompetanse i førskolepedagogikk for allmennlærarar på småskoletrinnet.

Fleire kommunar uttrykkjer likevel skepsis til at faglærarar skal kunne undervise på mellomtrinnet. Somme kommunar har likevel uttalt seg positivt om dette framlegget. Somme kommunar uttaler også at kravet om fagleg fordjuping på ungdomstrinnet bør gjelde minst to fag.

Fleire kommunar har også gitt uttrykk for at kravet for ungdomstrinnet bør vere fagleg fordjuping som svarer til eitt års studietid, i motsetnad til eit halvt år slik utvalet gjer framlegg om.

Dei fleste av dei kommunane som har uttalt seg i spørsmålet om yrkessertifiseringsvurdering av lærarstudentar, ser ut til å vere negative til framlegget om å fjerne denne ordninga.

18.3.3 Universitet og høgskolar

Dei fleste høgskolane som har uttalt seg, har uttrykt støtte til framlegget om at førskolelærarar i større grad får undervise i småskolen, men meiner det må stillast krav om utdanning i lese-, skrive- og talpedagogikk.

Universiteta i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø og fleire høgskolar støttar framlegget frå utvalet om å tilsetje faglærarar på mellomtrinnet. Universitetet i Bergen understrekar at det er viktig med krav om fagleg fordjuping for lærarar, spesielt på ungdomstrinnet i grunnskolen og i den vidaregåande skolen, fordi dette kravet er avgjerande for å sikre eit høgt kunnskaps- og dugleiksnivå blant elevane.

Høgskolen i Nord-Trøndelag og Universitetet i Trondheim meiner at det for ungdomstrinnet bør vere eit krav om fagleg fordjuping i alle dei faga ein lærar blir tilsett for å undervise i. Fleire av høgskolane som har uttalt seg, meiner at det for ungdomstrinnet bør stillast krav om eitt års fagleg relevant fordjuping.

Høgskolen i Østfold meiner lovutkastet i for liten grad tek omsyn til krava til lærarutdanninga i lærarutdanningslova i dag om formålet med utdanninga. Høgskolen i Hedmark har eit liknande standpunkt, og gjer framlegg om å lovfeste at pedagogisk teori og praksis skal vere ein integrert del av utdanninga over tre år i tillegg til å ha eit omfang på minst eitt års studietid. Også Høgskolen i Sør-Trøndelag, Høgskolen Stord/Haugesund, Høgskolen i Finnmark og Dronning Mauds Minne Høgskolen vil ha ei ytterlegare lovregulering av lærarutdanninga. Somme høyringsinstansar har også gitt uttrykk for å halde på den lærarutdanningslova vi har i dag.

Høgskolen i Hedmark og Høgskolen i Bergen ønskjer kompetansekrav for øvingslærarar. Høgskolen i Akershus, Universitetet i Bergen og Universitetet i Tromsø støttar framlegget om kompetanse for departementet til å fastsetje forskrifter om øvingslærarar. Høgskolen i Østfold støttar framlegget om å gjere avtale direkte mellom høgskolen og den enkelte øvingslæraren. Høgskolen i Nord-Trøndelag vil ha plikt til å vere øvingslærar. Høgskolen i Agder meiner at lovutkastet om øvingslærarar er for vagt fordi rettleiingsansvaret i for stor grad blir overlate til den enkelte praksisskolen.

Høgskolen i Akershus peiker på at formuleringa i lovutkastet av utdanningskrav for yrkesfaglærarar kan gi eit feil inntrykk av dei verkelege forholda. Høgskolen meiner derfor at formuleringa kan gi inntrykk av at det finst 3-årige utdanningsvegar for yrkesfaglærarar som inkluderer fagstudium og pedagogisk teori og praksis, noko som ikkje er tilfelle.

Dei av institusjonane som har uttalt seg om spørsmålet, er samde i framlegget om å lovfeste eitt års praktisk-pedagogisk utdanning.

Universitetet i Bergen og Universitetet i Trondheim er samde med utvalsframlegget frå fleirtalet om etterutdanning. Høgskolen i Akershus meiner at ansvaret for etterutdanninga er for svakt formulert i lovutkastet.

Dei av institusjonane som har uttalt seg om spørsmålet, er samde om å lovfeste det allmenne forvaltningsrettslege prinsippet om tilsetjing av den best kvalifiserte søkjaren.

Fleire av høgskolane er skeptiske til at pedagogisk teori og praksis er redusert til pedagogisk teori i lovutkastet. Den kvalitetsauken av praksis som har skjedd i lærarutdanninga dei siste åra, står i fare dersom lovreguleringa av praksisen blir utydeleggjord.

Høgskolen i Stavanger støttar framlegget om å føre vidare eit eige fagleg utval jamvel om lovfestinga av Lærarutdanningsrådet blir oppheva. Høgskolen i Oslo, Avdeling for visuelle kunstfag og drama, meiner Lærarutdanningsrådet bør haldast oppe som sakkunnig instans for arbeid med kompetansekrav for undervisningspersonell og skoleleiarar.

Dei fleste høgskolane og universiteta som har uttalt seg om den særskilde og lovfeste yrkessertifiseringsvurderinga, er negative til framlegget frå utvalet om å fjerne denne ordninga. Det blir blant anna vist til at det er usikkert om det tradisjonelle praksisomgrepet er vidt og prinsipielt nok til å dekkje dei kriteria som til no har vore relaterte til yrkessertifiseringsomgrepet. Universitetet i Tromsø støttar at den særskilde yrkessertifiseringsvurderinga går ut, og viser til at ein gjennom den ordinære vurderinga av pedagogisk teori og praksis er i stand til å vurdere kven som er eigna til å undervise i skolen.

18.3.4 Andre

Nord-Trøndelag fylkeskommune meiner at kommunane og fylkeskommunane burde kunne administrere dei avvika som er lagde til departementet når det gjeld kompetansekrav. Dessutan meiner fylkeskommunen at kompetansekrava til rektor bør endrast, slik at røynsle frå administrativt arbeid i skoleverket generelt er nok. Akershus fylkeskommune vil oppheve kravet om skolepraksis for rektor. Vest-Agder fylkeskommune støttar framlegget om å lovfeste prinsippet om å tilsetje den best kvalifiserte søkjaren.

Akademikernes Fellesorganisasjon og Lærarforbundet meiner spørsmål om lovregulering av lærarutdanninga bør vente til rammeplanen for allmennlærarutdanninga er revidert. Inntil det er gjort, bør ein halde på § 2, § 22 og § 24 i lærarutdanningslova.

LO/Norsk Lærarlag meiner at lovfestinga av lærarutdanning framleis må omfatte både formål, innhald og organisering. Studieeininga pedagogisk teori og praksis må førast vidare. For ikkje å svekkje samanhengen mellom teori og praksis må det framleis tilsetjast eigne øvingslærarar ved dei utdanningsinstitusjonane som gir lærarutdanning. For å vere best mogleg oversiktlege bør reglane om lærarutdanning samlast i eit eige kapittel i opplæringslova.

Forskerforbundet meiner at utvalet i for liten grad har teke omsyn til signala frå Stortinget om å lovfeste lærarutdanninga.

Landslaget for Norges Lærerstudenter/Oahpaheaddji Studenttaid Riikasearvvi kan ikkje sjå at lovutkastet sikrar ein eins nasjonal standard på lærarutdanninga. Blant anna meiner landslaget at praksisdelen må presiserast nærmare. Det blir vist til at lovutkastet kan rikke ved fundamentet i lærarutdanninga, der pedagogisk teori og praksis går over fleire år.

Lærarforbundet støttar i hovudsak framlegget frå utvalet om kompetansekrav for dei ulike utdanningsnivåa og skoleslaga.

Barneombodet støttar framlegget om å fjerne den særskilde yrkessertifiseringsvurderinga. Det blir vist til at lærarstudentane blir vurderte gjennom praksisopplæringa, og at denne vurderinga bør styrkjast. Barneombodet meiner at denne vurderinga bør supplerast med ei lovbunden oppfølgingsplikt for arbeidsgivaren.

Ei rekkje av dei andre høyringsinstansane vil føre vidare den lovfeste yrkessertifiseringsvurderinga i lærarutdanninga. Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG) gjer framlegg om å skjerpe yrkessertifiseringsvurderinga i lærarutdanninga og å få det uttrykt i opplæringslova. LO og Norsk Lærarlag gjer framlegg om at departementet får heimel til å gi forskrifter om vurderinga.

Norske Billedkunstnere og Forum for kunstfaglig grunnutdanning støttar framlegget om lektorstatus på bakgrunn av kunstnarleg praksis. Opplæringsrådet for elektro- og elektronikkfag går på bakgrunn av framlegget frå utvalet om å opne for lektorkompetanse på grunnlag av kunstnarleg verksemd inn for at ein slik kompetanse skal kunne opparbeidast på grunnlag av yrkesfagleg praksis og utdanning for yrkesfaglærarar.

Norges Husmorforbund vil ha plikt til å tilsetje førskolelærarar på småskoletrinnet.

Unge Høgre vil ikkje ha førskolelærarar i småskolen og vil ha krav om fagleg fordjuping i det faget læraren skal undervise i. Unge Høgre støttar framlegget om å lovfeste prinsippet om tilsetjing av den best kvalifiserte søkjaren.

Foreldreutvalet for grunnskolen meiner det er svært uheldig at lovutvalet ikkje gjer framlegg om eigne kompetansereglar for lærarane om samarbeid mellom heim og skole.

Kommunenes Sentralforbund (KS) viser til at både den statlege og kommunale hovudavtalen inneheld avtalte plikter om opplæring og etterutdanning med det same materielle innhaldet som lovframlegget. KS meiner prinsipielt at desse forholda bør regulerast i avtalar mellom arbeidsgivaren og arbeidstakaren og ikkje bindast opp av lovverket.

Norsk Kommuneforbund støttar framlegga til kompetansekrav, og meiner at paragrafen om etterutdanning bør konkretiserast.

Norsk Skolelederforbund vil ha meir forpliktande reglar om etterutdanning, men støttar blant anna ei vurdering av om søkjarar er eigna for tilsetjing.

Lærarforbundet meiner at det må vere heimel i lovverket for å stille krav om spesialpedagogisk tilleggskompetanse for å gi spesialundervisning når den sakkunnige vurderinga går ut på at det er nødvendig. Dessutan meiner forbundet at ein skal stille dei same kompetansekrava til undervisnings-/studieinspektør og rådgivar som til rektor.

Lærarutdanningsrådet meiner at ein må få eit sterkare lovfest grunnlag enn det utvalet gjer framlegg om. Blant anna meiner rådet at nemninga pedagogisk teori og praksis må brukast og at utdanningstida for allmennlærar, faglærar og førskolelærar bør lovfestast til fire år. Lærarutdanningsrådet ønskjer dessutan å føre lærarutdanningslova vidare.

18.4 Vurderingar og framlegg frå departementet

18.4.1 Generelt. Fastsetjing av innhald i lærarutdanninga og kompetansekrav for undervisningspersonell

Departementet nemnde den 31.10.1995 opp eit offentleg utval for å vurdere innhaldet i lærarutdanninga og for å bringe organiseringa av denne i best mogleg samsvar med det nye læreplanverket og dei øvrige reformene i grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. Utvalet leverte innstillinga si 16.09.1996 (NOU 1002: 22 Lærerutdanning. Mellom krav og ideal). Utvalet har i innstillinga vurdert både kva krav til kompetanse det bør gjelde i skolen og korleis innhaldet og organiseringa av lærarutdanninga bør vere for å møte desse krava.

Departementet er no i gang med oppfølginga av dette arbeidet. Departementet har kome til at ei vurdering av fastsetjinga av innhaldet i lærarutdanninga og kompetansekrava for undervisningspersonell mest naturleg bør gjerast i samband med dette oppfølgingsarbeidet. Departementet vil derfor ikkje gjere noka gjennomgåande vurdering av desse forholda i denne proposisjonen.

Departementet meiner likevel at det at det skal vere kompetansekrav for undervisningspersonell og rektorar, er ein så sentral del av dei nasjonale standardane som skal gjelde for grunnskolen og den vidaregåande opplæringa, at det bør gå fram av lova. Departementet gjer derfor framlegg om at det blir teke inn lovreglar der det går klart fram at slike krav gjeld, men at det blir vist til lærarutdanningslova med tilhøyrande forskrifter når det gjeld det nærmare innhaldet i desse krava. Departementet meiner dessutan at regelen om etterutdanning i grunnskolelova § 27 nr 1 andre leddet bør førast vidare i ei ny lov, og gjerast meir generell, men gjer likevel ikkje i denne omgangen framlegg om endringar i lærarutdanningslova § 4.

Plikt for undervisningspersonell til å gi studentar frå universitet og høgskolar praksis og rettleiing i skolen finst i dag i grunnskolelova § 22 nr. 3 og i lov om vidaregåande opplæring § 20 tredje leddet. Departementet gjer i denne proposisjonen framlegg om å oppheve desse lovene. Det er derfor nødvendig at det blir teke inn ein heimel i tråd med framlegget frå utvalet, om at departementet kan gi pålegg til kommunane og fylkeskommunane om å gi slik praksis og rettleiing.

Departementet er samd i vurderingane og framlegga frå utvalet når det gjeld forskrifter om kompetansekrav for personalet på faste leirskolestader.

18.4.2 Om mellombels tilsetjing i skolen

Departementet sluttar seg til framlegget frå utvalet om å føre vidare ei særskild ordning med mellombels tilsetjing i undervisningsstillingar i grunnskolen når det er mangel på kvalifiserte søkjarar, og om at denne ordninga også skal gjelde den vidaregåande skolen. Departementet reknar med at behovet for slik tilsetjing er noko mindre i den vidaregåande skolen. Departementet meiner likevel at det ikkje er grunn til å ha ulike reglar for skoleslaga. Det blir vist til at der det manglar søkjarar med gode nok kvalifikasjonar, er det også i den vidaregåande skolen betre at elevane får undervisning av ein lærar som ikkje oppfyller kompetansekrava enn at elevane ikkje får undervisning. Departementet er også samd i vurderingane frå utvalet om vikariat. Departementet viser elles til kapittel 19 om den arbeidsrettslege stillinga til skoleleiarar og undervisningspersonale, der departementet vurderer framlegget om fast tilsetjing etter fire år i mellombels stilling.

18.4.3 Prinsippet om tilsetjing av den best kvalifiserte søkjaren

Departementet vil følgje opp lovframlegget frå utvalet om å lovfeste prinsippet om at den best kvalifiserte søkjaren skal tilsetjast. Som utvalet peiker på, gjeld det også i dag eit slikt ikkje-lovfest forvaltningsrettsleg prinsipp. Framlegget er derfor inga endring av gjeldande rett, men ei tydeleggjering av det som alt må reknast som gjeldande rett. Ein slik regel kan vere med på å klargjere at det å vere personleg eigna er eit relevant kriterium, og at kommunane og fylkeskommunane kan bruke intervju som del av tilsetjingsprosessen. Det er også i tråd med fråsegna frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen i Innst. S. nr. 15 (1995-96).

18.4.4 Den særskilde vurderinga av om kandidatar er skikka

Departementet har merka seg framlegget frå opplæringslovutvalet om å oppheve heimelen i lærarutdanningslova for ei særskild vurdering av om kandidatar er skikka for læraryrket. Departementet vil peike på at dette også er vurdert i NOU 1996: 22 der lærerutdanningsutvalet tilrår at vurderinga etter lærarutdanningslova av om kandidaten er skikka for læraryrket, blir ført vidare. På den bakgrunn meiner departementet at det på dette tidspunktet ikkje er riktig å ta endeleg stilling til om ein framleis skal ha ei slik særskild vurdering eller om ho bør opphevast. Dette spørsmålet bør behandlast saman med drøftinga av innhaldet i lærarutdanninga. Departementet vil derfor komme tilbake til Stortinget med ei nærmare vurdering av dette i samband med oppfølginga av NOU 1996: 22. Inntil da vil departementet gå inn for at ordninga blir ført vidare.

Til dokumentets forside