Ot.prp. nr. 36 (1996-97)

Om lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innholdsfortegnelse

10 Organ for brukarmedverknad i skolen

10.1 Innleiing

Kapitlet handlar om dei særskilde rettsreglane om brukarmedverknad i skolen. Reglane i kommunelova, arbeidsmiljølova eller tariffavtalar om medverknad frå tilsette blir ikkje omtalte.

Det er innleiingsvis grunn til også å framheve den fridommen kommunane har til å etablere andre former for organisert brukarmedverknad i tillegg til dei obligatoriske ordningane som blir omtalte nedanfor. Denne fridommen er blant anna teken i bruk ved å etablere kommunale foreldreutval, som våren 1994 var etablerte i 124 kommunar. Om lag to tredelar av utvala var representerte i det utvalet i kommunen som hadde ansvaret for skolen.

10.2 Gjeldande rett

10.2.1 Generelt

Det går fram av formålsparagrafen i grunnskolelova at grunnskoleopplæringa skal givast i forståing og samarbeid med foreldra, og at det skal leggjast vekt på «å skape gode samarbeidsformer mellom lærarar og elevar og mellom skole og heim».

Formålsparagrafen i lov om vidaregåande opplæring er taus om samarbeid. Det kan likevel ikkje tolkast slik at samarbeid mellom skole og heim ikkje er viktig også i den vidaregåande opplæringa. Det går klart fram av blant anna den generelle læreplanen for grunnskole, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring, der det heiter:

«Hvis skolene skal fungere godt, forutsettes ikke bare at elevene kjenner hverandre, men at også foreldrene kjenner både hverandre og hverandres barn. Dette er nødvendig om de skal sette felles standarder for barnas og de unges aktivitet og atferd. Skolen må i forståing og samarbeid med hjemmet bistå i barnas utvikling - og den må trekke foreldrene med i utviklingen av miljøet rundt opplæringen og i lokalsamfunnet.»

Dessutan understrekar læreplanen verdien av at elevane er med i skolesamfunnet, både i grunnskolen og i den vidaregåande skolen. Elevane skal trekkjast med i dei avgjerdene som blir tekne i skolesamfunnet (s. 32).

Både Mønsterplan for grunnskolen frå 1987 og Læreplanverket for den 10-årige grunnskolen inneheld reglar om samarbeid i skolen og mellom skole og heim.

Gjeldande lovgiving inneheld også elles ei rekkje reglar om brukarmedverknad og samarbeid i skolen. For det første er det gitt reglar om organisert brukarmedverknad gjennom råd og utval, sjå nærmare nedanfor. For det andre inneheld skolelovene og grunnskoleforskrifta reglar om brukarmedverknad som ikkje er direkte knytt til deltaking i råd og utval.

Både i grunnskolen og i den vidaregåande skolen skal det arbeidast for godt samarbeid mellom alle ved skolen, jf. gsl. § 16 første leddet og lvgo. § 15 første leddet.

Etter § 10-1 i grunnskoleforskrifta skal personalet på skolen arbeide for god kontakt og godt samarbeid mellom personalet og elevane og mellom skolen og foreldra. Læraren har også plikt til å samrå seg med heimen om bruk av ikkje-godkjenningspliktige læremiddel, jf. § 1-7 nr. 2 i grunnskoleforskrifta. Dessutan er klassestyraren pålagd å ha god kontakt med foreldra og å arrangere foreldremøte, jf. § 7-4 nr. 3.

Etter § 9-1 i grunnskoleforskrifta skal skolen halde god kontakt med foreldra i samband med vurdering av elevane.

10.2.2 Organisert brukarmedverknad i grunnskolen

På alle grunnskolar skal det vere eit foreldreråd, jf. gsl. § 30, der alle foreldra er medlemmer. Foreldrerådet vel arbeidsutval. Nærmare reglar om foreldrerådet finst i § 6-2 i grunnskoleforskrifta.

Ungdomstrinnet skal ha elevråd, jf. gsl. § 33 nr. 1 som også fastslår at kvar klasse «til vanleg» skal velje ein representant til elevrådet. Lova seier ikkje noko nærmare om i kva for tilfelle det kan gjerast unntak frå denne regelen. Dessutan heiter det i § 33 nr. 2 og 3 at det på skolar for barnetrinnet kan vere eit elevråd, og at det for kvar klasse kan vere eit klasseråd, der alle elevane i klassen er medlemmer.

Verken elevrådet på barnetrinnet eller klasserådet er altså obligatoriske etter grunnskolelova. Både Mønsterplan for grunnskolen frå 1987 og Læreplanverket for den 10-årige grunnskolen inneheld reglar om undervisningstid til klasse- og elevrådsarbeid. Andre reglar om klasse- og elevrådsarbeid finst i §§ 6-4 og 6-5 i grunnskoleforskrifta.

Alle grunnskolar skal ha eit samarbeidsutval med to representantar for elevrådet, to for foreldrerådet, to for lærarane, éin for andre tilsette og rektor som representant for kommunen, jf. gsl. § 32 nr. 1. Rektor er også sekretær for utvalet. Elevrepresentantane skal gå ut av utvalet dersom utvalet tek opp saker som har teieplikt etter forvaltningslova.

Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolen, jf. gsl. § 32 nr. 2. Ut over dette er ikkje oppgåvene og kompetansen til samarbeidsutvalet lovfeste, men § 6-3 i grunnskoleforskrifta gir reglar om oppgåvene til utvalet.

Dersom styringsoppgåver blir delegerte til samarbeidsutvalet, kan kommunen nemne opp fleire representantar, jf. gsl. § 32 nr. 3.

Etter § 11 i kommunelova står kommunen fritt til å setje ned eit anna styre for skolen. Etter gsl. § 32 nr. 5 må styret likevel ha to representantar for foreldra, og rektor har møte- og talerett på styremøta.

Etter § 5 i lov 05.05.1995 nr. 19 om barnehagar (barnehagelova) og etter gsl. § 32 nr. 7 kan kommunen vedta at det skal vere eit felles samarbeidsutval for kommunale barnehagar og grunnskolar. Ei slik ordning kan også etablerast mellom private barnehagar og kommunale skolar. Eit felles samarbeidsutval skal ha representantar for dei tilsette og foreldra frå både barnehagen og skolen og rektor/styraren skal være representant. Eigaren av barnehagen kan også vere med i samarbeidsutvalet med opptil to medlemmer, jf. § 5 i barnehagelova. Det er uklart om regelen i gsl. § 32 nr. 7 gjer at kommunen mister retten sin til representasjon etter gsl. § 32 nr. 1 og nr. 3.

Grunnskoleforskrifta § 6-1 gir felles reglar for samarbeidsutval, foreldreråd og elevråd. Det er blant anna fastsett at råda skal kallast inn når minst ein tredel av medlemmene, leiaren eller rektor krev det. Forskrifta regulerer også funksjonstida for råda ved å påleggje val seinast tre veker etter skolestart om hausten. Etter § 4-1 nr. 3 i grunnskoleforskrifta kan kommunen gjere vedtak om møtereglement for desse organa.

Etter gsl. § 35 første leddet skal departementet nemne opp eit foreldreutval for grunnskolen. Utvalet skal ha sju medlemmer og ei funksjonstid på fire år. Departementet kan gi nærmare forskrifter for utvalet, jf. § 35 andre leddet. Slike forskrifter er ikkje gitt.

Etter søknad frå kommunen kan departementet i særskilde tilfelle gjere unntak frå reglane i grunnskolelova om rådsorgan og fastsetje alternative ordningar, jf. gsl. § 32 nr. 6.

10.2.3 Organisert brukarmedverknad i den vidaregåande opplæringa

Alle vidaregåande skolar skal ha eit skoleutval med representantar for dei tilsette og fylkeskommunen, og to elevrepresentantar, jf. lvgo. § 27 første leddet. Rektor er medlem i og/eller sekretær for utvalet, jf. lvgo. § 27 andre leddet. Rektor har i denne samanhengen møterett, talerett og rett til å komme med framlegg.

Skoleutvalet kan uttale seg i alle saker som gjeld skolen, jf. lvgo. § 27 tredje leddet. Lova gir ikkje andre reglar om kompetansen eller oppgåvene til utvalet.

Fylkeskommunen kan nemne opp skoleutvalet som styre for skolen, jf. lvgo. § 27 fjerde leddet. Fylkeskommunen kan også velje å nemne opp eit anna styre for skolen, jf. kommunelova § 11. Eit slikt styre må ha minst to elevrepresentantar som medlemmer, jf. lvgo. § 27 femte leddet.

Lvgo. § 31 gir pålegg om elevråd på alle skolar. Rådet skal ha oppgåver i samband med arbeidsforholda og velferda til elevane, jf. lvgo. § 31 fjerde leddet. Paragrafen gir også reglar om medlemstal i elevrådet i forhold til elevtalet på skolen, valreglar og reglar om allmøte for elevane på skolen.

Med heimel i lvgo. § 15 siste leddet, § 31 femte leddet og § 27 sjette leddet har departementet gitt forskrifter av 18.08.1978 om skolereglement og om ein del av rettane og pliktene til elevane, om gjeremåla til elevrådet og om oppgåvene til skoleutvalet.

Skolereglementet skal blant anna sikre elevar og elevorganisasjonar rett til å bruke skoleanlegg og rett til å formidle informasjon.

Etter lvgo. § 15 sjette leddet har representantar for elevane i fylkeskommunen møte- og talerett i nemnder etter dei same reglane som dei tilsette har etter § 26 i kommunelova. Det går fram av forarbeida at elevane skal ha representasjonsrett når pedagogiske og administrative saker som gjeld elevinteresser, blir drøfta i fylkeskommunen, jf. Ot.prp. nr. 59 (1992-93) s. 56. Møteretten til elevane er avgrensa på same måten som møte- og taleretten for dei tilsette, jf. § 26 nr. 2 og 3 i kommunelova. Nærmare retningslinjer om representasjonsretten til elevane, blant anna kor mange elevar som kan møte, blir fastsette av fylkestinget, jf. § 26 nr. 4 i kommunelova.

Lfa. § 7 andre leddet fastset at Yrkesopplæringsnemnda skal ha ein lærlingrepresentant, sjå også kapittel 21 om fagopplæring i arbeidslivet.

10.3 Framlegget frå opplæringslovutvalet

10.3.1 Generell vurdering av den organiserte brukarmedverknaden

Utvalet peiker innleiingsvis på at etter at opplæringslovene er tilpassa til kommunelova, skal ingen organ som høyrer til den organiserte brukarmedverknaden, få avgjerdsmakt i noka lov eller nasjonal forskrift. Utvalet gjer framlegg om ikkje å gjere endringar i dette.

Det blir likevel vist til at representasjon i råd og utval og andre former for påverknad og samarbeid kan gi foreldre og elevar innverknad på styringa av skolen. Omsynet til brukarmedverknaden er også sikra ved at kommunestyret og fylkestinget, som er direkte valde av innbyggjarane i kommunen og fylket, har fått stort ansvar og vid styresmakt i samband med opplæringa.

Utvalet peiker på at både meir generelle demokratiomsyn og omsynet til kvalitet i skolen taler for at elevar og foreldre får innverknad på utforminga og organiseringa av opplæringa. Medverknad frå elevane i rådsarbeid på skolen kan gi dei opplæring i samarbeid og demokratisk tenking, og engasjement frå brukarane kan vere med på å heve kvaliteten på opplæringa.

På denne bakgrunnen gjer utvalet framlegg om å halde oppe retten for foreldra og elevane til medverknad gjennom særlege reglar i opplæringslovgivinga.

Utvalet har lagt vekt på at delar av regelverket av i dag nyleg er vurderte av Stortinget i forhold til prinsippa bak den nye kommunelova. Det er gjort framlegg om å føre desse reglane vidare utan at innhaldet i dei blir vurdert nærmare. Det gjeld dei fleste reglane om skoleutval i den vidaregåande skolen og samarbeidsutval i grunnskolen og reglane om representasjon for elevar på vidaregåande nivå i fylkeskommunale nemnder.

Utvalet har heller ikkje vurdert nærmare Foreldreutvalet for grunnskolen.

Endeleg gjer utvalet framlegg om ein fellesregel om val av leiar, nestleiar og sekretær. Det blir vist til at det i dag er gitt slike reglar for elevråda, jf. gsl. § 33 og lvgo. § 31, og at det ikkje er avgjerande grunnar for at slike reglar ikkje også skal gjelde for andre organ for medinnverknad.

10.3.2 Elevdemokrati i grunnskolen

Utvalet gjer framlegg om å gjere ordninga med klasseråd i alle klassar i grunnskolen obligatorisk, og at lova framleis skal påleggje elevråd for klassetrinna 8-10. På den andre sida gjer utvalet framlegg om å oppheve regelen om høve til å ha elevråd på skolar for barnetrinnet. Utvalet meiner at regelen er overflødig i lys av den allmenne kompetansen i kommunen til å organisere skolen.

Dessutan viser utvalet til framlegget sitt om læreplanheimel, og til at denne heimelen er meint å gi departementet ein heimel til å gi pålegg om bruk av undervisningstid til klasse- og elevrådsarbeid.

Utvalet viser til at oppgåvene til elevrådet og klasserådet i dag ikkje er lovfeste, noko som gjer at lovteksten står fram som noko ufullstendig. Utvalet gjer derfor framlegg om å lovfeste delar av reglane i forskrifta av i dag om oppgåvene for råda. Tilsvarande gjer utvalet framlegg om å lovfeste reglane i forskriftene om innkalling til elevrådet og fristen for val til elevrådet.

Dessutan gjer utvalet framlegg om å gjere kravet om éin representant for kvar klasse i elevrådet absolutt. Etter lovutkastet omfattar kravet om elevråd berre klassetrinna 8-10. Utvalet kan ikkje sjå situasjonar der dette kravet ikkje kan gjennomførast på ungdomstrinnet.

Utvalet gjer framlegg om å halde oppe og lovfeste kravet om klassestyrar, sjå også kapittel 13 om organisering av undervisninga og kapittel 17 om stillingar, tenester og funksjonar. Utvalet gjer også framlegg om at klassestyraren framleis skal ha eit særleg ansvar for arbeidet i klasserådet. Ved sida av å sikre elevane innverknad på eigen situasjon skal klasserådsarbeidet også tene som opplæring i samarbeid og demokratisk tenking. Elevane har behov for hjelp frå klassestyraren både for å organisere innverknaden sin best mogleg og for å lære mest mogleg av klasserådsarbeidet.

Av tilsvarande grunnar gjer utvalet framlegg om å føre vidare regelen i gsl. § 33 nr. 1 om at éin av undervisningspersonalet er elevrådskontakt med oppgåve å stå til teneste for elevrådet.

For å sikre at støtta frå elevrådskontakten og klassestyraren blir effektiv, gjer utvalet framlegg om at dei får lovfest møte- og talerett i råda.

Utvalet gjer også framlegg om å føre vidare lovreglane om elevrådsrepresentasjon i samarbeidsutvalet. Det bør likevel ikkje lovfestast at representantane skal vere frå elevrådet. Det blir vist til at elevrådet verken i dag eller etter lovutkastet frå utvalet er obligatorisk på barnetrinnet.

Endeleg gjer utvalet framlegg om å oppheve heimelen for departementet til å gi forskrifter om klasseråds- og elevrådsarbeid så langt dette ikkje er dekt av kompetansen til å gi forskrifter om innhaldet i opplæringa (læreplan).

10.3.3 Felles samarbeidsutval for barnehagen og grunnskolen

Utvalet finn ikkje grunn til å oppheve ordninga med å skipe felles samarbeidsutval for barnehagen og grunnskolen. Det blir i denne samanhengen vist til grunngivinga frå departementet (Ot.prp. nr. 68 (1993-94) s. 25), som utvalet sluttar seg til.

Utvalet gjer også framlegg om i hovudsak å føre vidare reglane om samansetjinga av det felles samarbeidsutvalet slik det er fastsett i gsl. § 32 nr. 7 andre leddet og i § 5 i barnehagelova. Utvalet går inn for at elevane skal ha to representantar i det felles samarbeidsutvalet. Dei gjer vidare framlegg om at verken rektor eller styrar for barnehagen lenger skal vere obligatorisk medlem av det felles samarbeidsutvalet, men at ein av dei skal vere sekretær med rett til å møte, tale og komme med framlegg.

Reglane om representasjon frå kommunen i samarbeidsutvalet bør klargjerast. Utvalet ser ikkje grunn til å svekkje representasjonen frå kommunen i utvalet når samarbeidsutvalet blir felles for barnehagen og skolen. Utvalet går heller ikkje ut frå at det har vore meininga da vedtaket vart gjort, jf. Ot.prp. nr. 68 (1993-94) s. 25.

Utvalet gjer derfor framlegg om at den nye opplæringslovgivinga klargjer at representasjonen frå kommunen etter gsl. § 32 nr. 1 og nr. 3 av i dag også skal gjelde for det felles samarbeidsutvalet, og at denne representasjonen kjem i tillegg til den som følgjer av reglane i barnehagelova. Det vil seie at kommunen skal ha to representantar i utvalet, og at kommunen eller ein annan eigar av barnehagen i tillegg kan nemne opp to representantar (§ 4 tredje leddet i barnehagelova). Dersom kommunen delegerer styringsoppgåver til samarbeidsutvalet, skal kommunen dessutan ha rett til å nemne opp fleire representantar til utvalet (gsl. § 32 nr. 3).

10.3.4 Foreldrerådet i grunnskolen

Utvalet viser til at oppgåvene til foreldrerådet i dag ikkje går fram av lova, og at det gjer lovreguleringa ufullstendig. Utvalet gjer derfor framlegg om å ta reglane om oppgåvene til foreldrerådet i § 6-2 nr. 1 i grunnskoleforskrifta inn i lova.

Det blir derimot ikkje gjort framlegg om å lovfeste dei andre delane av forskriftene om foreldrerådet. Det blir vist til at reglane i hovudsak anten er rettleiande eller gir kompetanse som foreldrerådet og foreldra alt har.

Utvalet går ut frå at reglane i lovutkastet regulerer foreldrerådet i grunnskolen godt nok, og gjer derfor framlegg om å oppheve heimelen for departementet til å gi forskrifter om foreldrerådet.

10.3.5 Elevråd og allmøte i den vidaregåande skolen

Utvalet peiker på at ordlyden i lvgo.§ 31 andre leddet kan tyde på at allmøte ikkje er obligatorisk jamvel om elevrådet eller ein femdel av elevane krev det. Det er heller ikkje fastsett kven som skal avgjere om det skal haldast allmøte.

Allmøtet er eit forum for alle elevane på skolen. Utvalet meiner derfor at eit mindretal blant elevane må kunne tvinge fram eit allmøte. Dessutan bør også eit fleirtal i elevrådet ha ein slik rett. Utvalet gjer derfor framlegg om å lovfeste at allmøte er obligatorisk når ein femdel av elevane eller fleirtalet i elevrådet ønskjer det.

Dessutan gjer utvalet framlegg om å lovfeste reglane i forskriftene av i dag om i kva grad elevrådet er bunde av allmøtet. Det sikrar allmøtet råderett over elevrådet, noko utvalet finn naturleg sidan allmøtet gir eit meir direkte uttrykk for oppfatningane til elevane i ei sak.

Det blir gjort framlegg om å føre vidare lovfestinga av oppgåvene til elevrådet, sjå lvgo. § 31 fjerde leddet. Det bør likevel gå fram av lova at dei oppgåvene lova nemner, ikkje er uttømmande. Dessutan fastset lovutkastet frå utvalet at elevrådet vel elevrepresentantane til skoleutvalet.

Utvalet gjer elles framlegg om å fjerne heimelen for departementet etter lvgo. § 31 femte leddet til å gi forskrifter om gjeremåla til elevrådet. Det må vere nok at lova fastset hovudoppgåvene for elevrådet. Utvalet peiker på at elevrådet er eit organ for elevane, og at det ikkje bør detaljstyrast utanfrå kva oppgåver det skal ha, eller korleis oppgåvene skal løysast. Elevrådet har heller ikkje avgjerdsmakt i skolesamfunnet.

Dersom elevdemokratiet ikkje får tid innanfor den ordinære skoletida, meiner utvalet at elevmedverknaden blir minimal, og at formålet i liten grad blir oppfylt. På same måten som for grunnskolen bør departementet derfor ha heimel til å gi reglar om bruk av tid til elevrådsarbeid. Utvalet viser til at slike reglar kan fastsetjast i forskrifter om innhaldet i opplæringa, sjå kapittel 11 om innhaldet i opplæringa og vurdering av elevar og lærlingar.

10.3.6 Medverknad frå rektor i samarbeidsutvalet og skoleutvalet

Utvalet meiner at det bør vere samsvar mellom medverknaden til rektor i rådsorgana for den vidaregåande skolen og for grunnskolen. Dessutan meiner utvalet at den funksjonen rektor har som både saksførebuar (sekretær) og medlem, i ein del tilfelle kan gi ein for sterk innverknad overfor rådsorganet.

Utvalet gjer på denne bakgrunnen framlegg om at medlemskapen til rektor i samarbeidsutvalet eller skoleutvalet ikkje lenger skal vere obligatorisk eller på annan måte lovregulert. Rektor skal likevel framleis kunne nemnast opp som representant i rådsorgana dersom det er ønskjeleg. Lovutkastet fører vidare sekretærfunksjonen til rektor. I denne samanhengen blir det i lovutkastet også presisert at rektor både i vidaregåande skole og i grunnskolen har møte- og talerett og rett til å komme med framlegg.

10.3.7 Annan forskrifts- og dispensasjonskompetanse

Utvalet meiner at kompetansen til departementet til å gi forskrifter om gjeremåla i skoleutvalet og samarbeidsutvalet, jf. lvgo. § 27 sjette leddet og gsl. § 12 nr. 1 a, harmonerer lite med prinsippet om at slike utval skal få alle avgjerdsfullmaktene sine frå fylkestinget eller frå kommunestyret og liggje under fylkeskommunal eller kommunal instruksjonskompetanse. Utvalet gjer derfor framlegg om å oppheve denne kompetansen.

Utvalet meiner at det bør opnast for alternative løysingar for brukarmedverknad i heile skoleverket. Det regelverket det er gjort framlegg om, er til dels detaljert, og demokratiet på skolen bør vere i utvikling. Det bør derfor vere mogleg å prøve ut nye former for brukarinnverknad.

Utvalet gjer framlegg om å gi departementet heimel til å dispensere frå lovreglane om rådsorgan etter søknad frå kommunane eller fylkeskommunane. For å sikre brukarmedverknad også i denne prosessen må fråsegnene frå elevrådet, foreldrerådet og samarbeidsutvalet eller skoleutvalet i saka leggjast ved søknaden.

Søknaden skal berre godkjennast dersom det i det store og heile er sannsynleg at ordninga gir ein betre brukarinnverknad for både elevar og foreldre. Søknaden kan i første omgang godkjennast for to år. Dersom ordninga lever opp til forventningane, kan ein gjere ordninga permanent.

10.3.8 Vurderingar frå utvalet av annan brukarmedverknad

Utvalet peiker på at det er ei rekkje andre reglar enn reglane om organisert brukarmedverknad som også skal vere med og sikre innverknad for foreldre og elevar. Utvalet gjer framlegg om å halde oppe ein del slike reglar andre stader i utgreiinga, blant anna i reglar om formål og arbeidsmiljø.

Utvalet går dessutan ut frå at departementet framleis tek reglar om prinsipp for samarbeid i skolen og mellom skolen og heimen inn i forskriftene om innhaldet i opplæringa. Også den heimelen til å gi forskrifter om vurdering som det er gjort framlegg om, opnar for å gi forskrifter om samarbeid med heimen. Utvalet viser også til framlegget sitt om å lovfeste det særlege ansvaret klassestyraren har for samarbeidet mellom skole og heim.

10.4 Høyringsinstansane

10.4.1 Kommunane, fylkeskommunane og Kommunenes sentralforbund

Kommunenes Sentralforbund (KS) går imot at lovreglane om samarbeidsutval og skoleutval blir førte vidare. Det blir vist til kommunelova, som byggjer på den føresetnaden at det er opp til den enkelte kommunen og fylkeskommunen å avgjere kva for folkevalde og administrative organ det er nødvendig å skipe.

KS gjer dessutan framlegg om å lovfeste elevråd for heile grunnskolen. Det blir vist til at det arbeidet elevane gjer i klasserådet og samarbeidsutvalet, er på linje med arbeidet i elevråda, og at eit ulikt krav for barne- og ungdomstrinnet gir eit signal som går på tvers av det holdningsskapande arbeidet som går på å ta barn på alvor.

KS går også imot å føre vidare regelen som gir representantar for elevane møte- og talerett i nemnder på lik linje med representantane for dei tilsette.

Finnmark fylkeskommune er skeptisk til at rektor skal miste medlemsretten sin i samarbeidsutvalet. Vest-Agder fylkeskommune meiner det er viktig at foreldra får medinnverknad og innsyn i den vidaregåande skolen.

Ein del kommunar går inn for at det skal vere obligatorisk elevråd for mellomtrinnet, og eventuelt også for småskolen. Somme kommunar støttar også framlegget om å lovfeste kommunale foreldreutval og medlemskap for rektor i samarbeidsutvalet eller i eit anna styre for skolen. Somme kommunar meiner også at undervisningspersonalet skal ha representantar i eit eventuelt anna styre for skolen, og at det bør vurderast alternative reglar om rådsorgana for små og fådelte skolar.

10.4.2 Foreldreutvalet for grunnskolen

Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG) ser det som uheldig at det ikkje blir gjort framlegg om ein eigen paragraf for brukarmedverknad, og at heller ikkje brukarperspektivet er sterkare framheva i formålsparagrafen.

FUG er misnøgd med at lovutvalet ikkje har sett det urimelege i at foreldra som brukarrepresentantar skal stå svakare enn dei tilsette med omsyn til å få synet sitt fram for det kommunale organet som har ansvaret for skolesaker. FUG meiner at foreldrerepresentantar bør få møte- og talerett i det kommunale organet som har ansvaret for skolesaker.

FUG sluttar seg til dei endringane som er gjorde i reglane om rådsorgana for skolen, men er ikkje samd i framlegget om å oppheve forskriftsheimelen til departementet.

FUG er tilfreds med at det blir opna for alternative løysingar for brukarmedverknad i heile skoleverket. FUG går inn for å lovfeste kommunale foreldreutval.

10.4.3 Andre

Lærarforbundet finn det heilt urimeleg at dei tilsette ikkje får representasjonsrett i eit anna styre for skolen. Forbundet meiner dessutan at representasjonsretten for dei tilsette i skoleutvalet i den vidaregåande skolen må presiserast på same måten som for samarbeidsutvalet i grunnskolen, slik at det pedagogiske personalet får rett til to representantar på same måten som elevane.

Sosial- og helsedepartementet gjer framlegg om at allmøtet skal vere rådgivande overfor elevrådet. Dette departementet støttar at det blir opna for alternative ordningar for brukarinnverknad og støttar framlegget om å lovfeste oppgåvene til elevrådet og klasserådet ettersom det styrkjer klasseråds- og elevrådsarbeidet i grunnskolen.

Kristeleg Folkeparti meiner det bør vurderast om ein skal skipe foreldreråd også i den vidaregåande skolen. Partiet har elles sympati for framlegget om å etablere kommunale foreldreutval og retten for foreldra til den same representasjonen i kommunale organ som dei tilsette ved skolen har. Høgskolen i Bodø gjer framlegg om å oppheve kravet om foreldreråd, og vil at samarbeidsutvalet skal ta over funksjonane til foreldrerådet.

Barneombodet saknar dessutan ei vurdering av tiltak for medverknad frå elevane i skoledemokratiet. Ombodet viser til at ei meir fleksibel ordning, der elevane kunne gi skolen direkte råd i viktige saker gjennom til dømes allmannamøte, kunne vere eit godt middel til å styrkje skoledemokratiet. Ombodet støttar framlegget om eit obligatorisk elevråd og klasseråd, men vil ha eit obligatorisk elevråd frå og med 1. klasse.

Norsk Skolelederforbund seier seg lei for at utvalet ikkje har hatt tid til å gå skikkeleg inn på problema omkring råd, utval og styring i skolen. Det blir blant anna vist til at skoleutvalet og samarbeidsutvalet ikkje fungerer heilt etter intensjonane. Forbundet støttar likevel framlegget om å lovfeste delar av oppgåvene til foreldrerådet, elevrådet og klasserådet, og framlegget om den posisjonen rektor bør ha i råd og utval.

Norsk Elevorganisasjon vil ha lovfest at skolen skal leggje forholda til rette for å gjennomføre allmøte, som er obligatorisk i framlegget frå utvalet.

Barne- og familiedepartementet (BFD) støttar framlegget frå utvalet om å gjere klasserådet obligatorisk i grunnskolen, men er ueinig i at elevrådet ikkje skal vere obligatorisk på barnetrinnet. Dessutan ønskjer BFD ei meir omfattande lovfesting av oppgåvene til elevrådet ved at rådet også skal kunne uttale seg i og fremje saker som gjeld nærmiljøet til elevane. BFD meiner også at lova skal forplikte kommunen eller skolen til å ha ein plan som sikrar skolering av elevrådet og elevrådskontakten. Endeleg går BFD inn for at elevrepresentanten ikkje skal vere med når eit felles samarbeidsutval for barnehagen og skolen drøftar saker som gjeld barnehagen.

10.5 Vurderingar og framlegg frå departementet

Departementet støttar i hovudsak vurderingane og framlegget frå utvalet om å føre vidare hovudtrekka i lovreglane av i dag om klasseråd, elevråd, allmøte, foreldreråd, samarbeidsutval, skoleutval og Foreldreutvalet for grunnskolen. På same måten som utvalet går departementet inn for å lovfeste ei rekkje av reglane i forskrifta som gjeld i dag, men gjer framlegg om å oppheve forskriftsheimelen til departementet. Lovutkastet fører også vidare den nyleg vedtekne lovendringa i § 32 i grunnskolelova, som gir elevane representantar i samarbeidsutvalet.Departementet er ikkje samd i framlegget frå utvalet om at rektor ikkje lenger skal vere obligatorisk medlem i samarbeidsutvalet. Departementet meiner at den rolle rektor har som representant for kommunen på den enkelte skolen, tilseier at rektor også er med som ein av kommunens representantar i samarbeidsutvalet. Departementet meiner vidare at denne regelen også bør gjelde for skoleutvalet i vidaregåande skole og gjer framlegg i tråd med dette.

Vidare meiner departementet at verken den lova vi har i dag eller lovutkastet frå utvalet går langt nok i å lovfeste elevdemokrati på barnetrinnet. Det blir vist til vektlegginga av klasse- og elevrådsarbeidet i Læreplanverket for den 10-årige grunnskolen og ein utbreidd praksis med elevråd på barnetrinnet. Departementet gjer derfor framlegg om eit lovfest krav om elevråd også for klassetrinna 5-7. Som i dag skal det framleis vere høve til å skipe elevråd også for klassetrinna 1-4.

Departementet går også inn for framlegget frå Barne- og familiedepartementet om å lovfeste at elevrådet i grunnskolen skal kunne uttale seg i og fremje saker om nærmiljøet til elevane. Det gjeld blant anna saker om oppvekstmiljøet, arealplanar og fordeling av ressursar til barn og unge. Ein slik lovregel understrekar intensjonen i St. meld. nr. 29 (1995-96) om at elevrådet ved grunnskolen også skal engasjere seg i saker i nærmiljøet og i kommunalt arbeid.

Departementet har merka seg fråsegna frå komitéfleirtalet i Budsjett-innst. S. nr. 12 (1995-96). Komitefleirtalet «mener at foreldre må gis medbestemmelse i skolen». Denne medavgjerdsretten skal likevel tilpassast forholda ved den enkelte skolen og kan sikrast på ulike måtar. Fleirtalet går inn for at det blir vurdert ulike modellar for foreldreinnverknad i samband med reformarbeidet i grunnskolen, og ber om at det blir lagt fram som eiga sak med røynsler frå Noreg og andre land.

Departementet har i denne omgang ikkje kunna vurdere gjennomgåande ulike modellar for foreldreinnverknad, men kjem tilbake til Stortinget med dette som eiga sak.

Departementet har vidare merka seg vedtaket frå Stortinget frå 16. januar 1997 der Regjeringa blir bedt «om å ta de nødvendige skritt for å gjøre Foreldreutvalget for grunnskolen (FUG) til et organ uavhengig av departementet og komme tilbake med konkret forslag til oppnevningsmåter og organisering i forbindelse med statsbudsjettet for 1998». Departementet har merka seg vedtaket og vil komme tilbake til Stortinget med ei slik vurdering.

Elles har departementet merka seg at Barne- og familiedepartementet går inn for at elevane ikkje skal vere med i saker som gjeld barnehagen når det er skipa felles råd for grunnskolen og barnehagen. Departementet har likevel komme til at ein slik regel hindrar at rådet fungerer som eit felles organ for alle grupper i skolen og barnehagen. Dessutan kan ein slik regel skape praktiske problem med å få gjennomført møta i rådet fordi elevane må vere borte frå delar av møtet. Departementet går derfor ikkje inn for dette framlegget.

I motsetnad til utvalet meiner departementet at både rektor for skolen og styrar for barnehagen må ha rett til å møte, tale og komme med framlegg i eit felles råd for skole og barnehage. Kommunen, ev. i samarbeid med eigaren av privat barnehage, fastset kven av dei to som skal vere sekretær for rådet.

Departementet gjer òg framlegg om ei mindre endring i utkast frå utvalet om fellesreglar for val av leiar og nestleiar i råd, styre og utval. Departementet meiner at fellesreglane om styre i lovutkastet frå utvalet bryt med reglane i § 11 i kommunelova. Departementet viser også til at når § 11 i kommunelova gir kommunen og fylkeskommunen generell kompetanse til å skipe slike styre, må ein gå ut frå at kommunen og fylkeskommunen også har kompetanse til å utnemne leiar og nestleiar for styret. Departementet finn det vanskeleg å grunngi ein særregel i forhold til kommunelova på dette punktet. Spørsmålet om oppnemning av styre for skolane blir derfor overlate til kommunelova.

Departementet har merka seg at det i framlegget frå utvalet blir opna for at det etter søknad kan gjerast unntak frå reglane om organisert brukarmedverknad. Vilkåret er at dette vil føre til at elevane og foreldra får større innverknad på arbeidet i skolen. Departementet er samd i dette, men gjer i tillegg framlegg om ein meir generell heimel for dispensasjon. Departementet peiker i den samanheng på at reglane om organisert brukarmedverknad i visse tilfelle vil passe svært dårleg. Dette kan til dømes gjelde opplæringsverksemda ved enkelte sosiale og medisinske institusjonar.

Til dokumentets forside