Ot.prp. nr. 36 (1996-97)

Om lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innholdsfortegnelse

11 Innhaldet i opplæringa og vurdering av elevar og lærlingar

11.1 Gjeldande rett

11.1.1 Grunnskolen

Etter gsl. § 7 nr. 2 skal opplæringa til vanleg «femne om kristendomskunnskap, norsk, matematikk, framandspråk, kroppsøving, kunnskap om heimen, samfunnet, naturen og om opplæring estetisk, praktisk og sosialt».

I tråd med innføringa av det nye faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering er grunnskolelova blitt endra, jf. lov 28.06.1996 nr. 53. Mellom anna er lovreguleringa av hovudinnhaldet i faget blitt endra, § 7 nr. 4 andre leddet. Endringane trer i kraft 01.07.97.

Departementet har i gsl. § 7 nr. 4 første leddet heimel til å gi læreplanar. Planane skal omfatte ei nærmare utforming av måla for grunnskolen slik dei er fastsette i § 1i grunnskolelova. Dessutan kan departementet fastsetje planar for undervisninga, blant anna fordelinga av veketimetalet (sjå gsl. § 6) på dei enkelte faga.

Læreplanane skal opne for valfrie fag eller kurs, leirskoleundervisning, opplæring på ein annan skole eller på ein arbeidsplass utanfor skolen, jf. § 7 nr. 3. Læreplanane kan heller ikkje med bindande verknad omfatte meir enn det minstetimetalet som departementet har fastsett med heimel i gsl. § 6 nr. 2. Det følgjer av gsl. § 7 nr. 5. Denne regelen fastset også at kommunen skal stå fritt til å bruke 5 veketimar av minstetimetalet på barnetrinnet til å styrkje enkelte fag.

Etter gsl. § 13 nr. 6 kan departementet gi reglar om års- og avgangsprøver, karakterar og karaktergiving og utskriving av avgangsvitnemål. Departementet har fastsett reglar for framgangsmåten ved organisering av prøver i grunnskolen og forskrift av 25.03.1983 nr. 905 om grunngiving og klage over avgangskarakterar frå grunnskolen og den vidaregåande skolen. Kapittel IX i grunnskoleforskrifta fastset reglar for karakterar og vitnemål.

Etter gsl. § 22 nr. 1 har personalet på skolen ansvaret for å drive skolen i samsvar med dei fastsette måla. Ein må gå ut frå at det her blant anna er sikta til dei måla som er fastsette i læreplanane. Etter § 10-2 nr. 1 i grunnskoleforskrifta er rektor pålagd å leie skolen i samsvar med læreplanane. Dette må ein sjå på som ei plikt til å gi dei nødvendige pålegga til undervisningspersonalet.

Faglærarane er pålagde visse plikter i samband med avvikling av eksamen, jf. § 9-5 i grunnskoleforskrifta.

11.1.2 Den vidaregåande opplæringa

Etter lvgo. § 3 skal den vidaregåande opplæringa normalt føre fram til studiekompetanse, yrkeskompetanse, dokumentert delkompetanse eller ei anna avslutta vidaregåande opplæring. Opplæringa skal omfatte grunnkurs og vidaregåande kurs. Dessutan skal dei vidaregåande skolane ha tilbod om teoriopplæring for lærlingar og kortare kurs, jf. § 3 fjerde leddet.

Fag som kan ha læretid i ei bedrift, skal som hovudregel givast som to års opplæring i skole og eitt års fulltids opplæring i bedrift, jf. lvgo. § 3 siste leddet, lfa. § 1b, andre leddet og lfa. § 13 andre leddet. Opplæringa i lærebedrift kan vere kombinert med produksjon for bedrifta, og læretida kan i slike tilfelle strekkje seg over to år. Jamvel om faget kan ha læretid i bedrift, må ein ta heile opplæringa i skole dersom det ikkje er mogleg for fylkeskommunen å skaffe lærlingplass, jf. § 1b, tredje leddet.

I spesielle, små fag kan den vidaregåande opplæringa gjennomførast i form av full praktisk opplæring i bedrift eller berre med grunnkurs før opplæring i bedrift, jf. § 1b, sjette leddet. Departementet avgjer kva fag det gjeld.

Tilsvarande kan heile den vidaregåande opplæringa gjennomførast med læretid i bedrift dersom lærlingen tek til med læretida etter at han har fylt 21 år, og lærlingen ikkje fyller vilkåra for å framstille seg til fag- eller sveineprøve på grunnlag av praksis etter lfa. § 20.

I lfa. § 19 flg. er det gitt reglar om fag- og sveineprøve. Fag- og sveineprøva avsluttar fagopplæringa, jf. lfa. § 1b. Men ein kan også ta prøva på grunnlag av praksis utan læretid, jf. lfa. § 20. Etter lfa. § 13 første leddet skal lærlingen ha gjennomført den teoriopplæringa departementet har fastsett for faget med godkjent resultat før han kan ta fagprøve.

Heimelen for departementet til å gi rettsleg bindande læreplanar for den vidaregåande opplæringa er ny og vart innført i samband med Reform 94. I lvgo. § 5 første leddet heiter det no:

«Departementet fastsetter i en generell læreplan de overordnede mål for opplæringa og læreplaner for de enkelte fag med målene for og hovedmomentene i opplæringen.»

Hovudheimelen for læreplanar for fagopplæring i bedrift fekk samtidig ein tilsvarande ordlyd, sjå lfa. § 18 første leddet. Læreplanheimelen for fagopplæringa i bedrift er nærmare utdjupa i lfa. § 1b, siste leddet, § 13 tredje leddet og §18 sjette til åttande leddet. Blant anna er det i lfa. § 18 åttande leddet presisert at departementet har heimel til å gi forskrifter om lengda på læretida. Departementet har også fått heimel til å gi forskrift om godskriving av skole, kurs eller ei anna fagopplæring som lærlingen har gjennomgått tidlegare, som læretid eller praksistid, jf. lfa. § 18 niande leddet.

Læreplanane skal fastsetje mål og hovudmoment. Ut over dette gir lova lita rettleiing om i kva grad læreplanane kan styre opplæringa i det enkelte faget. I tilknyting til endring nemnd ovanfor i lvgo. § 5 første leddet uttaler likevel Regjeringa i Ot.prp. nr. 31 (1992-93) s.13 at den «metodiske tilpassingen er et profesjonelt ansvar og skjer lokalt». Dessutan er det i proposisjonen ein føresetnad at det er eit visst rom for lokal tilpassing innanfor rammene av læreplanen, og at planane opnar for tilpassing til utviklinga i samfunns- og næringslivet (sjå s. 21).

Det går fram av lvgo. § 20, første leddet at læreplanane er forpliktande for undervisningspersonalet.

Dessutan har elevane «rett til å få den opplæringen som læreplanene fastsetter», jf. lvgo. § 15 andre leddet. Lfa. § 12 nr.1 gir tilsvarande rettar til lærlingar i bedrifter.

Etter lvgo. § 10 kan departementet gi reglar om undervisningstid for det enkelte faget, kurset eller lærefaget.

Med heimel i lov om fagopplæring, lov om vidaregåande opplæring og vaksenopplæringslova har departementet gitt forskrift av 26.06.1995 nr. 676 om eksamen, fag-/sveineprøve, vurdering, dokumentasjon og klage over karakterar og prøvevurdering i den vidaregåande opplæringa.

11.1.3 Vaksenopplæringa

Etter forskrifter 24.08.1981 gitt i medhald av vaksenopplæringslova § 23 skal kursplanar for arbeidsmarknadskurs godkjennast av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet. Elles er det ingen heimel for å gi læreplanar i vaksenopplæringslova.

Kongen har kompetanse til å gjere læreplanheimelen i grunnskolelova og lov om vidaregåande opplæring gjeldande for opplæring spesielt organisert for vaksne, jf. vol § 2 nr. 2.

Vidare pålegg vol. § 3 staten å sørgje for at vaksne får høve til å dokumentere sine kunnskapar og sin dugleik. Departementet har heimel til å gi nærmare forskrifter.

11.2 Dei nasjonale læreplanane

På grunnlag av St.meld. nr. 33 (1991-92) Kunnskap og kyndighet og Innst. S. nr. 200 (1991-92) utarbeidde departementet i 1993 ein generell læreplan som omfattar grunnskolen, den vidaregåande opplæringa og vaksenopplæringa. Denne generelle delen av læreplanverket inneheld dei overordna måla og retningslinjene for den samla opplæringsverksemda i grunnskolen, den vidaregåande opplæringa og vaksenopplæringa, med utgangspunkt i blant anna formålsparagrafane i opplæringslovene.

For grunnskolen gjeld idag Mønsterplan for grunnskolen av 1987 (M87). Første kapittel av M87 er likevel bytt ut med den generelle delen av læreplanverket, som er omtalt ovanfor. Over ein periode på tre år frå hausten 1997 blir M87 erstatta av Læreplanverket for den 10-årige grunnskolen.

I samband med Reform 94 har departementet utarbeidd nye læreplanar for studieretningane i den vidaregåande opplæringa.

Innanfor vaksenopplæringa er det gitt læreplan for grunnskoleopplæringa for vaksne og læreplan for grunnskoleopplæring for framandspråklege vaksne. Vidare er det gitt læreplan for norsk med samfunnsfag for framandspråklege.

11.3 Framlegget frå opplæringslovutvalet

Utvalet gjer framlegg om at Kongen i statsråd skal ha heimel til å gi utfyllande forskrifter til formålsparagrafane i lova, med dei overordna måla og prinsippa for grunnskoleopplæringa, den vidaregåande opplæringa og vaksenopplæringa.

Dessutan gjer utvalet framlegg om at fag- og timefordelinga i grunnskolen framleis skal vere lovfest. Det gjeld også reglane om at ein del av undervisninga skal kunne brukast til valfrie fag eller kurs, til leirskoleundervisning eller til opplæring på andre skolar eller leggjast til ein arbeidsplass utanfor skolen. Den opprekninga som § 7 nr. 2 i grunnskolelova i dag har av faga i grunnskolen, er likevel oppdatert i lovutkastet frå utvalet. Utvalet har ikkje meint at opprekninga av fag og emne skal vere uttømmande, men at ho skal vise dei viktigaste faga og emna.

Det er gjort framlegg om i hovudsak å halde på dei lovreglane som i dag gjeld om innhaldet i opplæringa i den vidaregåande opplæringa. Utvalet gjer likevel framlegg om visse forenklingar i forhold til reglane om opplæringsordninga og vurderinga av lærlingar i fagopplæringslova av i dag. Blant anna gjer utvalet framlegg om at lovreguleringa av fag- og sveineprøver i hovudsak blir oppheva.

Utvalet meiner at departementet og den sakkunnige støtta som departementet vil bruke, bør fastleggje nærmare den rettsleg bindande reguleringa av innhaldet i opplæringa.

Utvalet gjer framlegg om at heimelen til å gi rettsleg bindande reglar om innhaldet i opplæringa i grunnskolen omfattar dei overordna måla og prinsippa for grunnskolen, sentrale arbeidsmåtar, den nærmare fag- og emneinndelinga, timefordelinga, og kunnskaps- og dugleiksmål og hovudmoment i opplæringa for det enkelte faget og emnet, og reglar for vurdering av elevane.

Dessutan gjer utvalet framlegg om å føre vidare den heimelen som gjeld i dag, om å gi forskrifter om innhaldet i opplæringa i den vidaregåande opplæringa - også reglane om fag- og timefordeling, vurdering og læretid i bedrift. I denne samanhengen blir det gjort framlegg om ein felles heimel for fag som har læretid i bedrift, og for andre fag i den vidaregåande opplæringa. Framlegget frå utvalet inkluderer heimel for å føre vidare ordninga av i dag, der elevane kan ta fagprøve eller sveineprøve på grunnlag av lang og allsidig praksis i faget (sjå lfa. § 20). Utvalet gjer framlegg om ein uttrykt heimel til å gi forskrifter om kurstilbodet.

Dessutan skal forskriftsheimelen både for grunnskolen og den vidaregåande opplæringa gi høve til å fastsetje undervisningstid til klasseråds- og elevrådsarbeid. I forskriftene kan departementet også fastsetje kva for delar av læreplanane som skal gjelde for private grunnskolar og for vidaregåande tilskotsskolar, eventuelt at læreplanane for dei private skolane skal godkjennast av departementet. Heimelen bør også omfatte forskrifter om opplæring i finsk, og opplæring i teiknspråk for høyrselshemma.

Utvalet går ut frå at læreplanane ikkje går for langt i å fastleggje detaljerte kunnskaps- og dugleiksmål, men avpassar detaljeringsgraden i forhold til behovet for lokale og individuelle tilpassingar. Det er likevel ein føresetnad at læreplanane set opp innhaldet i opplæringa så presist og konkret som mogleg fordelt på det enkelte året, slik at ein er sikra felles progresjon og eit felles evalueringsgrunnlag.

Lovutkastet fastset pliktene til undervisningspersonalet og rektor i forhold til lov og forskrifter om innhaldet i opplæringa, sjå § 2-3 tredje leddet og § 3-3 fjerde leddet i utkastet frå utvalet.

Utvalet har vurdert om læreplanane bør vere unnatekne frå reglane i forvaltningslova om førebuing, vedtak og kunngjering av forskrifter. Utvalet viser til at regelen om høyringsplikt i § 37 i forvaltningslova skal sikre eit demokratisk og fagleg forsvarleg vedtak av forskriftene. Dessutan skal reglane om kunngjering og form i § 38 sikre at plikter og rettar blir kjende for dei det gjeld, på ein måte som klart markerer at reglane er rettsleg bindande. Utvalet oppfattar det slik at dette omsynet også gjeld i forhold til læreplanane og finn ikkje grunn til å gjere framlegg om noko unntak frå reglane om forskrifter i forvaltningslova.

Utvalet fører i hovudsak vidare avviksreglane i grunnskolelova og lov om vidaregåande opplæring.

Departementet viser elles til den vurderinga utvalet gjer av opplæringsansvaret til lærebedrifter, sjå kapittel 21 om fagopplæring i arbeidslivet. Sjå også kapittel 25 om opplæring spesielt organisert for vaksne, der departementet behandlar framlegg frå utvalet knytte til innhaldet i vaksenopplæringa.

11.4 Høyringsinstansane

Dei fleste av høyringsinstansane som uttaler seg om innhaldet i opplæringa, støttar klargjeringa av forskriftsstatusen til læreplanane. Det gjeld blant anna Lærarforbundet, som ser dette som ei klargjerande stadfesting av den praksisen som gjeld i dag, med læreplanen som forpliktande arbeidsgrunnlag for skolen. Somme høyringsinstansar etterlyser ei nærmare klargjering av pliktene til lærarane.

Ein del høyringsinstansar understrekar at læreplanane ikkje må få for høgt detaljeringsnivå. Det kan i unødvendig grad hindre læraren i å velje dei rette verkemidla for å nå måla, ta omsyn til lokale forhold og å tilpasse undervisninga i forhold til føresetnadene hjå elevane. I denne samanhengen peiker Den norske Forleggerforening på at læreplanen ikkje må få ei form som gjer han til ei tvangstrøye for forfattarar og forlag, slik at ein avgrensar den pedagogiske og faglege variasjonsbreidda og mangfaldet i lærebøkene.

Somme av organisasjonane i fagopplæringa uttaler at ordninga med fag- og sveineprøve utan læreforhold (lfa. § 20) framleis bør vere lovfest. Det gjeld blant anna Rådet for fagopplæring i arbeidslivet og Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund. Også Buskerud fylkeskommune ønskjer å lovfeste slike ordningar. Det blir vist til at denne måten å vise fagleg dugleik på for vaksne arbeidstakara, har vore ein styrke for både arbeidslivet, den enkelte arbeidstakaren og lærlingen når det gjeld å få faglege leiarar eller tilsynsrepresentantar med formell kompetanse.

Elles kjem somme høyringsinstansar med framlegg til ytterlegare lovformuleringar om innhaldet i opplæringa. Høgskolen i Oslo, avdeling for visuelle kunstfag og drama, meiner det er viktig å presisere dei estetiske faga i grunnskolelova, slik at forming, drama og musikk blir lovregulerte som eigne fag. Norsk lærerakademi ønskjer framleis å lovfeste innhaldet i kristendomsundervisninga. Skadeforebyggende forum meiner at skadeførebygging burde vore nemnt i reglane om innhaldet i opplæringa, i tillegg til i formålsparagrafane. Norges Gymnasiastsamband vil ha lovfest at alle skolar skal tilby elevrådsarbeid som valfag. Institutt for Kristen Oppseding vil ha eit tillegg som seier at kristendomsundervisninga skal ha tyngdepunktet sitt i den evangelisk-lutherske læra.

Opplæringsrådet for duodji vil ha inn ei tilvising til kunnskap om kultur og tradisjonar. Det blir vist til at kultur og tradisjonar er grunnleggjande og viktige omgrep som gir barn høve til å setje seg inn i kunnskap som er rekna som «uformalisert». Slik kunnskap finst til dømes i bondekulturen, den sjøsamiske kulturen og i andre regionale kulturar.

11.5 Vurderingar og framlegg frå departementet

Lovutkastet frå utvalet opphevar enkelte reglar om opplæringsordninga i den vidaregåande opplæringa. Det gjeld hovudreglane om kursstrukturen og forholdet mellom opplæring i skole og bedrift, blant anna også ordninga der elevane kan ta fagprøve eller sveineprøve på grunnlag av lang og allsidig praksis i faget (sjå lfa. § 20).

Departementet er ikkje samd med utvalet i at desse reglane bør opphevast, og lovutkastet frå departementet fører såleis vidare desse hovudreglane. Departementet meiner at desse sidene av den vidaregåande opplæringa skal liggje fast. Dessutan bør departementet ha heimel til å gi forskrifter om avvik for opplæring i særskilde, små fag, for lærlingar som ikkje har rett til vidaregåande opplæring og for lærlingar med spesielle behov.

Som nemnt gjer utvalet framlegg om at Kongen i statsråd skal ha heimel til å gi utfyllande forskrifter til formålsparagrafane i lova, med dei overordna måla og prinsippa for grunnskoleopplæringa, den vidaregåande opplæringa og vaksenopplæringa. Departementet er samd i ein slik heimel for nasjonale forskrifter, men meiner det er meir naturleg at heimelen blir lagd til departementet.

Departementet viser elles til klargjeringa frå opplæringslovutvalet når det gjeld forskriftsstatusen til læreplanane. Departementet meiner at læreplanane skal vere forpliktande for skoleverket. Det er derfor nødvendig å vedta og kunngjere læreplanane som forskrifter i tråd med formkrava i § 38 i forvaltningslova. Krava om høyring i § 37 i forvaltningslova er alt oppfylte eller blir oppfylte etter dei rutinane ein følgjer i dag for vedtak av læreplanar.

Elles sluttar departementet seg i hovudsak til framlegget frå utvalet til lovreglar om innhaldet i opplæringa og om elev- og lærlingvurdering. Departementet sluttar seg også til dei vurderingane som ligg til grunn for framlegga. Lovutkastet frå departementet er justert i forhold til lov 28.06.1996 nr. 53 om endringar i grunnskolelova. Vidare er heimelen til å gi forskrifter om innhaldet i opplæringa gitt ei meir generell utforming.

Når det gjeld opplæringa i faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering, viser departementet til eigen lovproposisjon om dette, sjå også kapittel 1.

Departementet viser elles til vurderingane i kapittel 21 om medverknad frå partane i arbeidslivet i fag- og sveineprøver og fastsetjing av innhaldet i fagopplæringa.

Til dokumentets forside