Ot.prp. nr. 36 (1996-97)

Om lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innholdsfortegnelse

21 Om fagopplæring i arbeidslivet

21.1 Innleiing

Spørsmål som knyter seg til strukturen og innhaldet i fagopplæringa, blant anna fag- og sveineprøver, er tekne opp i samband med den vidaregåande opplæringa elles, sjå kapittel 11 om innhaldet i opplæringa og vurdering av elevar og lærlingar. I kapittel 20 om ordensreglement, bortvising og liknande gjer departementet framlegg om i hovudsak å føre vidare reglane som gjeld i dag om heving av lærekontrakt og tap av rettar. Endeleg er somme av rettsforholda for lærlingane behandla i kapittel 7 om rett og plikt til opplæring og i kapittel 8 om opplæring for barn, unge og vaksne med særlege behov.

Under dette punktet blir andre forhold som er særeigne for fagopplæringa, vurderte. Det gjeld organiseringa av medverknaden frå partane i arbeidslivet i styringa av fagopplæringa, blant anna medverknad i læreplanprosessar og i samband med fag- og sveineprøver, godkjenning av lærebedrifter og når det gjeld pliktene til lærebedriftene, ein del forhold knytte til rettane og pliktene for lærlingane og tilsyns- og straffereglar i fagopplæringa.

21.2 Gjeldande rett

21.2.1 Råd og nemnder

Lov om fagopplæring (lfa.) i arbeidslivet pålegg departementet å nemne opp desse råda på nasjonalt nivå med medverknad frå partane i arbeidslivet:

  • Rådet for fagopplæring i arbeidslivet (RFA), jf. § 5.

  • Opplæringsråd for kvart fag/fagområde, jf. § 6.

  • Læreplangrupper som støtte i læreplanarbeidet, jf. § 18.

  • Klagenemnd for fag- og sveineprøver, lfa § 23.

Lov om fagopplæring og reglement fastsette av departementet gir nærmare reglar om oppgåvene og samansetjinga til råda. Blant anna er opplæringsråda klageinstans for faglege vedtak i yrkesopplæringsnemndene, jf. § 6 fjerde leddet. Etter lfa. § 2 skal det innhentast fråsegn frå RFA før eit fag- eller arbeidsområde blir ført inn under lov om fagopplæring. Endeleg skal opplæringsråda komme med framlegg til sluttkompetanse i faga og gi fråsegner om læreplanane for det samla løpet frå grunnkurs til avslutta opplæring.

Etter lfa. § 7 første leddet skal kvar fylkeskommune ha ei yrkesopplæringsnemnd. Nemnda skal ha to arbeidstakarrepresentantar, to arbeidsgivarrepresentantar, éin lærlingrepresentant og to medlemmer oppnemnde av fylkeskommunen, ein av dei med spesiell innsikt i nærings- og sysselsetjingsspørsmål og ein av dei med spesiell innsikt i skolespørsmål, jf. lfa. § 7 andre leddet.

Yrkesopplæringsnemnda har på vegner av fylkeskommunen det administrative ansvaret for å gjennomføre lov om fagopplæring, jf. § 7 første leddet.

For det første godkjenner nemnda lærebedrifter, formidlar elevane til lærebedriftene og godkjenner lærekontraktar, jf. §§ 4 andre leddet, 3 og 10 tredje leddet. Nemnda har dessutan tilsyns- og utviklingsansvar i forhold til fagopplæringa i arbeidslivet, jf. § 7 tredje leddet. Nemnda har også oppgåver i samband med endringar i læreforholdet (§ 15), heving av lærekontrakt (§16) og fag- og sveineprøver (§§ 19-22).

Nemnda skal nemne opp rådgivande yrkesutval for det enkelte faget eller fagområdet, jf. § 7 femte leddet. Departementet kan fastsetje forskrifter for samansetjinga og verksemda til yrkesutvala. Slike forskrifter er gitt i Bestemmelser om oppnevning, sammensetting og virksomhet for yrkesutvalg for yrkesopplæring i skole og yrkesutvalg for fagopplæring i arbeidslivet av 01.12.1981.

Etter § 7 sjette leddet kan fylkeskommunen eller staten påleggje yrkesopplæringsnemnda andre oppgåver i tilknyting til fagopplæringa. Samtidig kan departementet gi forskrifter for verksemda til nemnda, jf. § 7 åttande leddet. Slike forskrifter er gitt i Reglement for fylkeskommunale yrkesopplæringsnemnder av 20.04.1987.

Yrkesopplæringsnemnda skal ha eit sekretariat med leiar, jf. § 7 tredje leddet. Fylkeskommunen står fritt med omsyn til den organisatoriske plasseringa av sekretariatet, jf. Ot.prp. nr. 87 (1984-85) s. 8, men i lovforarbeida har ein gått ut frå at sekretariatet er ansvarleg overfor nemnda, ikkje overfor dei andre styresmaktene i fylkeskommunen, jf. Ot.prp. nr. 6 (1979-80) s. 33 og Ot.prp. nr. 87 (1984-85) s. 8.

Fagopplæringslova § 9 fastset plikt til å la seg nemne opp som medlem av Rådet for fagopplæring i arbeidslivet, opplæringsråd, yrkesopplæringsnemnder, lokale yrkesutval, prøvenemnder og klagenemnder.

21.2.2 Lærebedrifter

Lærebedrifter må godkjennast av fylkeskommunen ved yrkesopplæringsnemnda, jf. lfa. § 4 andre leddet. Lærebedrifter som blir godkjende, må vere i stand til å gi opplæring i samsvar med læreplanen for det aktuelle faget, og ein fagleg utdanna person må vere ansvarleg for opplæringa (fagleg leiar). I lovforarbeida heiter det at den som skal gi opplæring i eit fag, sjølv må ha utdanning i faget, jf. Ot.prp. nr. 6 (1979-80) s. 30. I rundskriv F-21/95 er det presisert at kravet om utdanning i faget er knytt til fagleg leiar og at kravet ikkje berre er knytt til fag- og sveinebrev.

Godkjende lærebedrifter kan vere ei eller fleire enkeltbedrifter, samanslutningar, offentlege etatar eller institusjonar, jf. § 4 nr.1. Når fleire arbeidsgivarar går saman om opplæringa av ein eller fleire lærlingar, blir det kalla opplæringskontor eller opplæringsring, jf. lfa. § 4 første leddet nr. 2 og 3.

Ein skole kan vere støtte for organisering og opplæring innanfor ein opplæringsring eller eit opplæringskontor, jf. § 4 tredje leddet. Skolen kan likevel ikkje ta på seg arbeidsgivaransvar for lærlingen eller godkjennast som lærebedrift aleine.

Ei bedrift kan stille krav til dei lærlingane ho vil ta inn, og kan også la vere ta imot dei lærlingane som yrkesopplæringsnemnda formidlar, jf. § 9-3 i forskrift 10.11.1993 nr. 1164 om inntak til vidaregåande opplæring og formidling av lærlingar til bedrifter (inntaksforskrifta). Etter lfa. § 24 får ei lærebedrift tilskot etter forskrift fastsett av departementet.

Når ein lærling er teken inn, skal lærebedrifta, også fleire bedrifter som har gått saman om opplæringa (sjå ovanfor), gi lærlingen opplæring etter ein fastsett læreplan (sjå lfa. § 18 første leddet) og sørgje for den opplæringa som er nødvendig for å nå dei fastsette måla, jf. § 11 nr. 1. Dersom opplæringa gjeld fag med teorikrav ut over grunnkurs og vidaregåande kurs I, må lærebedriftene dekkje kostnadene med denne tilleggsopplæringa.

Etter § 11 nr. 2 skal lærebedrifta leggje vekt på å skape eit godt arbeids- og læremiljø. Summen av arbeidstida til lærlingen og eventuell skoletid for lærlingen skal ikkje vere over den arbeidstida som gjeld for andre arbeidstakarar i faget.

Lærebedrifta har ansvaret for å melde lærlingen opp til fag- eller sveineprøve, jf. § 11 nr. 3. Lærebedrifta skal stille nødvendig arbeidsplass, utstyr og liknande til rådvelde for prøva. Lærebedrifta får eigedomsretten til produktet av prøva.

Av strafferegelen i lfa. § 14 går det dessutan fram at lærebedrifta har plikt til å leggje lærekontrakten fram for yrkesopplæringsnemnda til godkjenning.

Med heimel i lfa. §§ 4 fjerde leddet og 24 har departementet gitt forskrift 08.01.1996 om godkjenning av lærebedrifter og om fylkeskommunalt tilskot til lærebedrifter.

21.2.3 Rettane og pliktene til lærlingane

Omgrepet lærling er definert i lfa. § 3 første leddet:

«Lærling etter denne lov er den som i samsvar med regelen i § 1 b har inngått lærekontrakt i fag som er lagt under denne lov, med sikte på fagprøve/svenneprøve.»

Lærlingane har rett til å få opplæring i samsvar med læreplanen og rett til fri for å gjennomføre teoriopplæringa, jf. § 12 nr. 1. Samtidig har lærlingen «plikt til å være med aktivt for å nå opplæringens mål og medvirke til å skape et godt arbeidsmiljø og gode samarbeidsforhold», jf. § 12 nr. 2.

Lærlingane er omfatta av arbeidsmiljølova, jf. lfa. § 17 første leddet. Reglane om heving av lærekontrakt i lfa. § 16 skal likevel gå framom avskilsregelen i aml. § 66, jf. lfa. § 16 andre leddet. Dessutan avgjer lfa. § 17 at arbeidsavtalen ordinært tek slutt når læretida er ute, jamvel om det ikkje er avtalt.

Lærlingane har rett til å bruke den pedagogisk-psykologiske tenesta etter lov om vidaregåande opplæring, jf. lfa. § 13 femte leddet.

21.2.4 Lærekontrakt

Det skal som hovudregel lagast ein skriftleg lærekontrakt når eit læreforhold tek til, jf. lfa. § 10 første leddet. Unntak gjeld for lærlingar med kontrakt skriven med heimel i lfa. § 1b femte leddet, jf. § 10 andre leddet. Regelen i § 1b femte leddet opnar for ein lærekontrakt med heile opplæringa i bedrift når lærlingen tek til i lære etter at han eller ho har fylt 21 år. I slike tilfelle tek læreforholdet til med ei prøvetid på seks månader. Lærekontrakten skal skrivast seinast ein månad etter at læreforholdet tok til.

Når læreforholdet er knytt til eit opplæringskontor, skal lærekontrakten skrivast mellom lærlingen og opplæringskontoret, jf. lfa. § 4 første leddet nr. 2. For læreforhold knytte til opplæringsringar er den hovudansvarlege lærebedrifta part, jf. lfa. § 4 første leddet nr. 3.

Lærekontrakten er gyldig først når han er godkjend av yrkesopplæringsnemnda, jf. § 10 tredje leddet tredje punktum. Lova set ikkje vilkår for godkjenning. Med heimel i § 10 tredje leddet første punktum, har departementet fastsett skjema for lærekontrakt, jf. rundskriv F-84/96.

Etter § 10 femte og sjette leddet kan yrkesopplæringsnemnda i visse tilfelle godkjenne avvikande kontraktsvilkår, blant anna ein lærekontrakt med full opplæring i bedrift. Sjå også kapittel 8 om opplæring for barn, unge og vaksne med særlege behov.

Endringar i læreforholdet, også heving av lærekontrakt, er regulerte i lfa. §§ 15 og 16.

21.2.5 Tilsyns- og straffereglar

Yrkesopplæringsnemnda skal føre tilsyn med at lov om fagopplæring blir gjennomført, jf. lfa. § 7 tredje leddet. Saman med den faglege leiaren skal arbeidstakarrepresentantar føre tilsyn med den enkelte lærebedrifta, jf. lfa. § 8. Ansvaret for yrkesopplæringsnemnda for tilsyn med lærebedrifta er nærmare regulert i § 4 i forskrift 08.01.1996 om godkjenning av lærebedrift og om fylkeskommunalt tilskot til lærebedrift.

Tilsynsreglane gir ikkje heimel til å gi pålegg overfor lærebedriftene. Yrkesopplæringsnemnda kan likevel ta frå lærebedrifta retten til å ha lærlingar, jf. lfa. § 4 andre leddet.

Visse brot på lov om fagopplæring er straffesanksjonerte, jf. lfa. § 14.

21.3 Framlegget frå opplæringslovutvalet

21.3.1 Råd og nemnder

Lovutkastet frå utvalet fører i hovudsak vidare innhaldet i lovreguleringa av fagopplæring i bedrift slik ho gjeld i dag. Såleis blir ordninga med lovregulert medverknad frå partane i arbeidslivet i rådgivande organ for staten ført vidare. Utvalet meiner at medverknad frå partane i arbeidslivet er ein føresetnad for at systemet med vidaregåande opplæring i bedrift skal fungere etter formålet. Det er først og fremst partane som kan motivere bedriftene til å ta imot lærlingar. Partane i arbeidslivet har også i særleg grad kunnskap om det behovet arbeidslivet har for yrkeskompetanse. Mens fleirtalet i utvalet ikkje gjer framlegg om endringar i lovreguleringa av opplæringsråda og Rådet for fagopplæring, gjer eit mindretal framlegg om at undervisningspersonalet blir representert i råda.

Utvalet meiner det er viktig å halde på innverknaden frå partane i arbeidslivet på innhaldet i opplæringa. Den kunnskapen partane har om behova i arbeidslivet for yrkeskompetanse, bør takast med når ein formar ut læreplanane. Utvalet gjer derfor framlegg om å føre vidare lovreguleringa av medverknaden frå partane i læreplanprosessen. Det omfattar også ordninga med læreplangrupper.

Medverknaden frå partane i samband med lærlingvurderinga (fag- og sveineprøver) bør likevel regulerast i forskrifter. Rådet for fagopplæring i arbeidslivet bør framleis ha rett og plikt til å uttale seg når slike forskrifter blir utarbeidde. Utvalet går ut frå at medverknaden frå partane i læreplanprosessen i stor nok grad er med på å sikre behovet hjå yrkeslivet når det gjeld utforming av fag- eller sveineprøver. Utvalet går i denne samanhengen ut frå at prøvene blir utforma på bakgrunn av læreplanane.

21.3.2 Yrkesopplæringsnemndene

Utvalet peiker på at pålegget i lova om yrkesopplæringsnemnder er ei sterk binding av den fylkeskommunale organisasjonsfridommen. I motsett retning legg utvalet stor vekt på den kunnskapen, røynsla og dei kontaktane partane i arbeidslivet kan gi til den vidaregåande opplæringsverksemda gjennom direkte medverknad i styringa av fagopplæringa.

Blant anna på denne bakgrunnen går fleirtalet i utvalet inn for å føre vidare yrkesopplæringsnemnda som obligatorisk ledd i den fylkeskommunale styringa av fagopplæringa. Eit mindretal går inn for at ordninga med ei lovpålagd yrkesopplæringsnemnd blir oppheva og gjer i staden framlegg om ein generell lovregel om medverknad frå partane i arbeidslivet. Mindretalet viser til at fagopplæringa med Reform 94 har vorte ein fullt ut integrert del av den vidaregåande opplæringa med fylkeskommunen som ansvarleg styresmakt, og at det også gjeld det endelege ansvaret for å gi lærlingane den praktiske delen av opplæringa.

Innanfor ramma av framlegget frå fleirtalet i utvalet gjer utvalet framlegg om enkelte endringar og presiseringar i forhold til lovreglane i dag om kompetansen og verksemda til yrkesopplæringsnemnda. For det første gjer utvalet framlegg om å oppheve plikta for nemnda til å medverke til fullført opplæring i skole for personar som ikkje får nytt læreforhold etter at eit tidlegare forhold er avbrote. Dessutan bør fylkeskommunen ha heimel til å fastsetje kven som skal møte i nemnda saman med arbeidskraftstyresmaktene, jf. lfa. § 7 fjerde leddet. Det blir også gjort framlegg om at det - i tråd med praksis i dag - blir presisert at arbeidskraftstyresmaktene i denne samanhengen er fylkesarbeidskontoret.

For å få betre samordning mellom verksemda til yrkesopplæringsnemnda og fylkeskommunen i fagopplæringa gjer utvalet framlegg om at regelen i lfa. § 7 sjuande leddet om plikt til å rapportere om verksemda og om tiltak som er viktige for fagopplæringa, også skal gjelde overfor fylkeskommunen.

Utvalet finn elles grunn til å gjere framlegg om reglar som kan klargjere omfanget av kompetansen til fylkeskommunen til å instruere yrkesopplæringsnemnda i arbeidet med dei oppgåvene nemnda har etter lova. Utvalet meiner at ein bør ta utgangspunkt i det ansvaret fylkeskommunen har for å byggje ut og drive vidaregåande opplæring. Dette ansvaret krev eit minimum av fylkeskommunal styring også med den delen av vidaregåande opplæring som skjer i bedriftene. Det gjeld særleg forhold som er viktige for å dimensjonere opplæringstilbodet, til dømes talet på skoleplassar. Utvalet meiner at styringsbehovet til fylkeskommunen ikkje er like tydeleg i meir faglege saker.

På denne bakgrunnen gjer utvalet framlegg om at fylkeskommunen skal ha instruksjonskompetanse i forhold til utviklingsansvaret til nemnda. Fleirtalet i utvalet meiner i tillegg at den sterke samanhengen mellom endring og heving av læreforhold og retten til opplæring tilseier at fylkeskommunen også bør kunne instruere nemnda i slike spørsmål. Eit mindretal går imot dette.

Derimot meiner utvalet at spørsmål som gjeld godkjenning av lærekontraktar og lærebedrifter, tilsyn med opplæringa og utskriving av fag- og sveinebrev ikkje bør høyre inn under den fylkeskommunale instruksjonsstyresmakta. Det same gjeld den formidlinga yrkesopplæringsnemnda gjer av lærlingar til dei godkjende lærebedriftene med ledige lærlingplassar.

Utvalet meiner at fylkeskommunen bør ha instruksjonskompetanse i forhold til økonomien i og organiseringa av nemnda. Dessutan meiner fleirtalet i utvalet at fridommen til fylkeskommunen til å organisere sekretariatsfunksjonen for nemnda og kompetansen til nemnda i samband med økonomien i sekretariatet bør gå fram av lova. Eit mindretal meiner at det må vere ein føresetnad at administrasjonen til yrkesopplæringsnemnda ikkje blir lagd til ein del av den fylkeskommunale administrasjonen som har andre primæroppgåver. Yrkesopplæringsnemnda skal dermed ha sin eigen administrasjon med fagleg og administrativ leiar i direkte instruksjonsforhold til nemnda.

Etter lovutkastet frå utvalet skal fylkeskommunen framleis kunne påleggje nemnda oppgåver ut over dei oppgåvene som går fram av lova og forskriftene. I arbeidet med slike oppgåver gjer utvalet framlegg om at yrkesopplæringsnemnda kjem inn under instruksjonskompetansen til fylkeskommunen. Når det gjeld oppgåver som blir pålagde gjennom forskrift, bør instruksjonskompetansen avklarast i dei same forskriftene.

Eit mindretal meiner at yrkesopplæringsnemnda burde utvidast med representantar frå undervisningspersonalet.

21.3.3 Lærebedrifter

Utvalet gjer framlegg om å forenkle reglane om godkjenning av lærebedrift (jf. lfa. § 4), som utvalet meiner er unødvendig kompliserte. Nærmare reglar om kven som er partar i lærekontrakten, bør visast til vilkår som måtte bli knytte til godkjenningsvedtaket eller til forskrifter gitt av departementet.

Utvalet gjer dessutan framlegg om at utdanningskravet for den faglege leiaren ved lærebedrifta blir presisert i samsvar med det som er uttalt i lovforarbeida, jf. Ot.prp. nr. 6 (1979-80) s. 30 (utdanning i faget). Det blir understreka at dette ikkje nødvendigvis fører til krav om at denne personen skal ha fag- eller sveinebrev i faget.

Utvalet meiner at den rettslege reguleringa av skolen sin medverknad i opplæringa av lærlingar bør klargjerast ved å oppheve den særlege lovreguleringa om dette. Utvalet viser til at ein skole kan vere med på organiseringa og på å gi råd utan at det har heimel i lov. Skolar kan også godkjennast som lærebedrifter når dei fungerer som bedrifter.

Utvalet gjer også framlegg om å oppheve den særlege reguleringa av ordninga med å ta frå lærebedrifta retten til å ha lærlingar. Utvalet meiner det her er nok å vise til dei allmenne forvaltningsrettslege reglane om tilbaketrekking av løyve.

Endeleg gjer utvalet framlegg om å endre lovreglane om opplæringsplikta til lærebedriftene, slik at reglane stemmer med opplæringsretten for lærlingane og blir likelydande med dei tilsvarande pliktene som kviler på fylkeskommunen i samband med skoletilbodet.

21.3.4 Forholdet til dei arbeidsrettslege stillingsvernreglane m.m.

Utvalet gjer framlegg om at alle typar læreforhold blir unnatekne frå reglane i arbeidsmiljølova om stillingsvern. Det blir vist til at dei hevingsreglane som gjeld i dag, er nok til å kunne avslutte læreforholdet. Samtidig er forsvarleg saksbehandling sikra gjennom krav om samtykke frå fylkeskommunen ved yrkesopplæringsnemnda og dermed også gjennom reglane i forvaltningslova. Utvalet viser også til at eit slikt unntak gjer det enklare å lovregulere avslutninga av læreforholdet.

Fleirtalet i utvalet gjer framlegg om å oppheve dei særlege prøvetidsreglane for lærlingar som tek til i lære etter at dei har fylt 21 år, og som skal gjennomføre heile den vidaregåande opplæringa i bedrift. Fleirtalet viser til at også slike lærlingar har behov for stabilitet og tryggleik i opplæringssituasjonen. Som følgje av framlegget om å oppheve prøvetidsreglane gjer fleirtalet framlegg om også å oppheve dei særskilde reglane om tidspunktet for kontraktskriving. Eit mindretal ønskjer å halde på dei reglane som gjeld no for prøvetid og om tidspunktet for kontraktskriving.

Dessutan gjer utvalet framlegg om at regelen om at arbeidsavtalen for lærlingar blir avslutta når læretida sluttar, skal vere absolutt.

Endeleg klargjer lovutkastet frå utvalet at lærlingen kan skrive lærekontrakt utan samtykke frå verja. Utvalet viser blant anna til at det er lite naturleg å krevje samtykke frå verja når ein skriv slike kontraktar, som er ledd i ei utdanning den unge elles har valt sjølv.

21.3.5 Andre endringar

Utvalet gjer framlegg om å oppheve dei særlege reglane i lfa. § 9 om plikt til å ta imot oppnemning som medlem av yrkesopplæringnemnda og yrkesutval. Slike spørsmål bør løysast etter reglane i kommunelova. Dessutan gjer utvalet framlegg om å oppheve strafferegelen i lfa. § 14.

Vidare gjer utvalet framlegg om enkelte forenklingar i forhold til reglane om opplæringsordninga og vurderinga av lærlingar i fagopplæringslova av i dag. Blant anna gjer utvalet framlegg om at lovreguleringa av fag- og sveineprøver i hovudsak blir oppheva, sjå kapittel 11 om innhaldet i opplæringa og vurdering av elevar og lærlingar.

21.4 Høyringsinstansane

21.4.1 Næringslivets Hovedorganisasjon og LO og Norsk Lærarlag

Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) er tilfreds med at utvalet i hovudsak gjer framlegg om å føre vidare lovreguleringa av fagopplæringa i arbeidslivet slik ordninga gjeld i dag. NHO framhevar verdien av å halde på yrkesopplæringsnemndene og framlegget frå utvalet om å føre vidare lovreglane om innverknad i læreplanprosessar frå partane i arbeidslivet. Dessutan støttar NHO mindretalet i utvalet, som ønskjer at også kompetansen til yrkesopplæringsnemndene knytt til endringar og avslutning av læreforhold og heving av lærekontraktar, skal vere unnateken frå instruksjonskompetansen til fylkeskommunen.

Landsorganisasjonen i Norge/Norsk Lærarlag går imot å oppheve lovreguleringa av fag- og sveineprøver. Det blir vist til at ei slik endring får negative følgjer for identiteten til og kvaliteten på fagopplæringa. Desse organisasjonane meiner dessutan at det partssamansette arbeidet i fylka må førast vidare ved å halde oppe yrkesopplæringsnemndene, og at yrkesopplæringsnemndene ikkje skal kunne instruerast av fylkeskommunen i organisasjonsspørsmål og faglege spørsmål. Yrkesopplæringsnemndene må ha sin eigen administrasjon med fagleg og administrativ leiar, slik at partane i arbeidslivet også lokalt kjenner nærleik og lydnad til tradisjonen i lærlingsystemet.

21.4.2 Rådet for fagopplæring i arbeidslivet

RFA ser med uro på framlegget om å overføre lovreglar til forskriftsheimlar. Blant anna viser rådet til sikring av nasjonal einskapleg kompetanse og den innverknaden partane har på å gi premissar for, forme ut, styre og administrere fagopplæringssystemet. RFA ser likevel behovet for fleksibilitet på somme område, og meiner at forskrifter her er meir formålstenlege enn lovreglar. Eit slikt døme meiner RFA er reglar knytte til eksamen, fag- og sveineprøve og klagebehandling.

RFA vil ha lovreglar om vaksne lærlingar, opplæringskontor og opplæringsringar, om retten for tariffpartane til å gjere framlegg om fag som skal ha læretid i bedrifter og om ordninga med fag- og sveineprøver utan læretid (lfa. § 20). RFA vil også ha lovreglar om prøve- og klagenemndsordninga. Det blir vist til dei lange og solide tradisjonane fagopplæringa har, til særpreget i fagopplæringa, forholdet til fagopplæringa i andre land og kvalitetssikring av eit einskapleg opplæringsnivå.

Dessutan ønskjer RFA å lovfeste at rådet har ein overordna rådgivande funksjon i forhold til fag- og yrkesopplæringa. RFA vurderer framlegget som ei klar avgrensing av ansvarsområdet til rådet. Dessutan meiner RFA at lovutkastet reduserer den innverknaden opplæringsråda har på utforminga av læreplanane.

RFA understrekar verdien av ei partssamansett yrkesopplæringsnemnd. Reform 94 er basert på nært samarbeid mellom styresmaktene, skoleverket og partane i arbeidslivet. Det blir dessutan vist til at ei sterk lærlingordning byggjer på at brukarane har tillit til ordninga og oppfattar ho som si eiga. RFA sluttar seg elles til fråsegna frå mindretalet i utvalet, Sverdrup og Aagesen.

RFA peiker elles på at lov om fagopplæring fungerer godt, og at endringar i lova kan verke forstyrrande på det engasjementet som aktørane i fagopplæringssystemet har i forhold til Reform 94.

Endeleg meiner RFA det er nødvendig å etablere eit kvalitetssikringssystem i fag- og yrkesopplæringssystemet.

21.4.3 Opplæringsråd i fagopplæringa

Fråsegnene frå opplæringsråda i fagopplæringa gir støtte til at partane i arbeidslivet er med i styringa av fagopplæringa, gjennom yrkesopplæringsnemndene, opplæringsråda og Rådet for fagopplæring i arbeidslivet (RFA). Råda er opptekne av at dei ulike råda og nemndene framleis skal vere sikra oppgåver og innverknad i lovverket. Mange av råda støttar mindretalet i utvalet, som gjer framlegg om at også kompetansen til yrkesopplæringsnemndene når det gjeld endringar og avslutningar av læreforhold og heving av lærekontrakt, skal vere unnateken frå instruksjonskompetansen til fylkeskommunen.

Somme av råda meiner at utvalet har prøvd å redusere den innverknaden opplæringsråda bør ha. Dette kan ikkje aksepterast fordi det er behovet hjå næringslivet for kvalifisert arbeidskraft som skal fyllast gjennom opplæringsverksemda. Råda er også opptekne av at partane i arbeidslivet får halde på retten sin til å gjere framlegg om kva fag som skal ha opplæring i bedrifter, og at denne retten blir lovfest.

Dessutan går ei rekkje av opplæringsråda inn for å halde på lovreguleringa av fag- og sveineprøver. Opplæringsrådet for bilete, fotografi og grafiske fag har forståing for at departementet i forskrifter skal gi rammer for å avvikle fag- og sveineprøver, men går sterkt imot at partane sjølv ikkje skal vere med på å forme ut fag- og sveineprøver.

Dei fleste av råda som har uttalt seg om spørsmålet, sluttar seg til den presiseringa utvalet har gjort av opplæringsansvaret til lærebedriftene.

To av råda har uttalt seg om dei særlege prøvetidsreglane for visse typar lærlingar. Mens Opplæringsrådet for naturbruksfag går inn for å føre reglane vidare, går Opplæringsrådet for elektro- og elektronikkfag inn for å oppheve dei.

21.4.4 Fylkeskommunane

Fleirtalet av fylkeskommunane som har uttalt seg, er negative til å halde på yrkesopplæringsnemnder som lovfest og obligatorisk ordning. Det blir blant anna vist til at prinsippet om retten for fylkeskommunen til sjølv å organisere verksemda si ut frå intensjonane i kommunelova, også må gjelde styringa av fagopplæringa i arbeidslivet. Med Reform 94 er vidaregåande opplæring i skolar og i bedrifter sidestilte og må derfor liggje under dei same fylkeskommunale styringsorgana. Reglane i ILO-konvensjonen om medverknad frå partane i arbeidslivet må kunne sikrast ved at fylkeskommunen skipar dei samarbeidsarenaene som er nødvendige.

Mange av fylkeskommunane støttar mindretalet i utvalet, som gjer framlegg om ei meir generell plikt for fylkeskommunen til å samarbeide med partane i arbeidslivet når det gjeld å styre fagopplæringa. Fylkeskommunane understrekar verdien av medverknad frå partane i arbeidslivet.

Oppland fylkeskommune sluttar seg til framlegget om å oppheve obligatoriske yrkesopplæringsnemnder, men gjer framlegg om at partane i arbeidslivet får røysterett i det hovudutvalet som arbeider med opplæringsspørsmål, i saker som gjeld partane.

Hordaland fylkeskommune og Aust-Agder fylkeskommune støttar framlegget om å føre vidare yrkesopplæringsnemndene som obligatorisk ordning. Nord-Trøndelag fylkeskommune går også inn for å halde på ordninga med yrkesopplæringsnemnder, men gjer likevel framlegg om at fylkeskommunen får full instruksjonskompetanse overfor nemndene.

Hedmark fylkeskommune og Sør-Trøndelag fylkeskommune går inn for at yrkesopplæringsnemndene held fram som lovpålagd ordning inntil vidare. Hedmark fylkeskommune viser til at det i startfasen av Reform 94 er viktig ikkje å skape uro om partane skal vere sikra innverknad i fagopplæringa.

Buskerud fylkeskommune meiner det bør opnast for alternative løysingar i spørsmålet om yrkesopplæringsnemnder der dei lokale partane i arbeidslivet er samde om det.

Vestfold fylkeskommune går inn for å føre vidare regelen om prøvetid for visse grupper lærlingar.

Tre av yrkesopplæringsnemndene har levert eigne fråsegner. Forutan å gi støtte til å halde oppe yrkesopplæringsnemndene er fråsegnene positive til det synet mindretalet har på kompetansen til nemndene. Yrkesopplæringsnemnda i Hordaland gjer framlegg om at lærlingrepresentantane blir oppnemnde for to år om gongen, slik at perioden blir tilpassa læretida.

21.4.5 Andre

Kommunenes Sentralforbund (KS) legg stor vekt på at den nye lova må sikre prinsippet om retten for fylkeskommunen til sjølv å organisere verksemda si ut frå intensjonane i kommunelova. Det må også gjelde styringa av fagopplæringa. I staden for å føre vidare regelen om ei særskild yrkesopplæringsnemnd støttar KS mindretalsframlegget om ein generell regel om plikt for fylkeskommunen til å organisere verksemda slik at partane i arbeidslivet er sikra reell medverknad og innverknad i samsvar med dei internasjonale pliktene våre.

Lærarforbundet meiner at det både sentralt og i fylkeskommunane er nødvendig å lovfeste særskilde styrings- og rådgivingsorgan som har eit særleg ansvar for innhaldet i og organiseringa av ei likeverdig fagopplæring. Lærarforbundet meiner dessutan det er urimeleg at lærarane, som representerer den skolefaglege ekspertisen, ikkje skal vere sikra nok innverknad på innhaldet i og organiseringa av yrkesfagopplæringa. Akademikernes Fellesorganisasjon støttar synet til Lærarforbundet .

Høgskolen i Akershus deler også det synet Lærarforbundet har på innverknaden frå undervisningspersonalet i styringa av fagopplæringa, og gjer framlegg om at undervisningspersonalet får representasjon i RFA, opplæringsråda og yrkesopplæringsnemndene. Høgskolen i Agder går likevel imot ei slik ordning for undervisningspersonalet. Det blir blant anna vist til at desse råda dekkjer breie fagfelt, og at partane i arbeidslivet kan ta seg av dei faglege spørsmåla.

Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS) meiner at ordninga med prøvenemnder bør lovfestast. Dessutan går YS inn for at skolane skal vere lærebedrifter for elevar som ikkje får læreplass.

Norsk Kommuneforbund og Maskinentreprenørenes Forbund går imot å oppheve lovgivinga om fag- og sveineprøver. Organisasjonane støttar mindretalet i utvalet i synet på kompetansen til yrkesopplæringsnemnda i forhold til fylkeskommunen.

Norsk Elevorganisasjon er usamd i å oppheve prøvetidsreglane og ønskjer å ha slike reglar for alle lærlingar. Organisasjonen meiner det er viktig at både lærlingane og bedriftene kan skifte kurs om tilsetjingsforholdet skulle vise seg å bli vanskeleg.

Den norske Forleggerforening meiner det er problematisk at somme av dei bransjeorganisasjonane som er med i fagplangruppene, samtidig gir ut læremiddel. Forleggerforeningen peiker på at det kan gi ein uakseptabel konkurransefordel.

Norges Handikapforbund ønskjer ein lovregel som gir skolen eit spesielt ansvar for å finne praksisplassar for funksjonshemma elevar. Norsk Forbund for Psykisk Utviklingshemmede har eit liknande framlegg.

21.5 Vurderingar og framlegg frå departementet

Departementet fører vidare den rettslege reguleringa av fagopplæringa i arbeidslivet. Dette inneber at departementet på fleire punkt ikkje er samd i framlegget frå utvalet, men meiner at utvalet har gått for langt når dei opphevar fleire av dei reglane som i dag gjeld for fagopplæringa.

Mellom anna er departementet ikkje samd i framlegget om å oppheve ein del reglar om medverknad frå partane knytte til dei konkrete fag- og sveineprøvene. Det gjeld for det første medverknad etter lfa. § 20 når fylkeskommunen ved yrkesopplæringsnemnda avgjer om praksisen kan godkjennast. For det andre gjeld det medverknad etter lfa. § 22 ved oppnemning av prøvenemnder. Endeleg gjeld det reglane om klagenemnd i lfa. § 23. Desse reglane blir førte vidare i lovutkastet frå departementet.

Vidare går departementet inn for at partane sin rett til å gjere framlegg om at fag- eller arbeidsområde skal førast inn under fagopplæringa, framleis skal vere lovfesta.

Departementet er heller ikkje samd i framlegget frå utvalet om regulering av fylkeskommunen sin instruksjonskompetanse i høve til yrkesopplæringsnemnda. Departmentet meiner at det bør gå klart fram av lova at yrkesopplæringsnemnda, på same måte som i dag, ikkje skal vere underlagd fylkeskommunen i faglege spørsmål.

Utkastet frå utvalet til godkjenningsregel for lærebedrifter kan gi eit inntrykk av at samarbeidsavtalane i form av opplæringsring eller opplæringskontor er det same som samanslutning av bedriftene. Departementet viser til at eit opplæringskontor er eit organ for samarbeid mellom bedrifter om opplæring, der det blir skipa ein ny juridisk person som er kontraktspart for lærlingane. Arbeidsgivaransvaret ligg i den enkelte bedrifta der lærlingen er plassert. Ein opplæringsring er eit organ for samarbeid mellom bedrifter om opplæring, der kontraktsparten er éi av bedriftene, men der delar av opplæringa blir gitt i ei anna bedrift. Lovutkastet frå departementet klargjer at desse forholda er eit samarbeid mellom bedrifter og ikkje ei samanslutning av bedriftene.

Dessutan er lovutkastet frå departementet i større grad tilpassa praksis når det gjeld krava til den faglege leiaren i lærebedrifta. Lovutkastet frå departementet opnar såleis for at den faglege leiaren også kan vere kvalifisert på bakgrunn av praksis, ikkje berre på bakgrunn av utdanning, slik lovutkastet frå utvalet kan tyde på. Det kan vere aktuelt for opplæring i nye fag eller i andre særlege tilfelle, når den faglege leiaren har lang, allsidig og relevant praksis. Lovutkastet frå departementet klargjer også i større grad kva som er oppgåvene til den faglege leiaren.

Lovutvalet gjer framlegg om å oppheve lfa. § 14 som gir heimel for å straffe den som tilset lærling utan å opprette skriftleg lærekontrakt eller unnlet å leggje lærekontrakten fram til godkjenning i yrkesopplæringsnemnda eller på annan måte grovt forsømmer seg. Vidare gjer fleirtalet i utvalet framlegg om å oppheve reglane om prøvetid for lærlingar som inngår lærekontrakt med heile opplæringa i bedrift etter at dei har fylt 21 år. Departementet er ikkje samd i dette, og gjer framlegg om at desse reglane blir førte vidare.

Departementet går inn for å føre vidare regelen om at lærebedriftene får eigedomsretten til produktet av fag-/sveineprøva. Der det ikkje kan skaffast lærlingplass for elevane, skal fylkeskommunen gi opplæring i skole, og arrangere fag-/sveineprøva for elevane. I tråd med regelen om prøve i bedrifter bør skolen i slike tilfelle få eigedomsretten til prøvestykket. Der prøvekandidaten sjølv dekkjer materialutgiftene, får kandidaten likevel eigedomsretten til prøvestykket. Departementet gjer framlegg om dei nødvendige lovendringane for å gjere dette klart. Dette er i tråd med lovutkastet frå utvalet.

Eigedomsretten for bedrifta og skolen til prøvestykket er avgrensa av eit krav om at prøvestykket skal oppbevarast uendra med sikte på dokumentasjon dersom det kjem klage på prøvevurderinga. Dette forholdet er også omfatta av heimelen til å gi forskrifter om fag- og sveineprøver, sjå kapittel 11 om innhaldet i opplæringa og vurdering av elevar og lærlingar.

Departementet viser vidare til framlegget frå yrkesopplæringsnemnda i Hordaland om at lærlingrepresentantane blir oppnemnde for to år om gongen, slik at perioden blir tilpassa læretida. Departementet sluttar seg til dette framlegget.

Når det gjeld forholdet til sekretariatet for yrkesopplæringsnemnda, viser departementet til brev av 12.10.95 frå departementet til fylkeskommunane og Rådet for fagopplæring i arbeidslivet om organisering av yrkesopplæringsnemndene og sekretariata deira. I brevet heiter det blant anna:

«Loven er ikke til hinder for at lederen for sekretariatet blir tillagt andre oppgaver enn de som følger av loven, eller at sekretariatet inngår i en større organisatorisk enhet i fylkeskommunen. Departementet forstår loven slik at sekretariatet i slike tilfeller må kunne identifiseres i form av en avdeling/seksjon innenfor denne større organisatoriske enheten.

Loven er ikke til hinder for at lederen av en større organisatorisk enhet, som sekretariatet inngår i, er sekretariatleder. Dette innebærer at sekretariatleder også kan være fylkesopplæringssjef. I slik tilfeller vil det være naturlig at fylkeskommunen oppretter en egen avdelings-/seksjonslederstilling for sekretariatsarbeidet under fylkesutdanningssjefen.

Loven må forstås slik at sekretariatet og dets leder er direkte underlagt yrkesopplæringsnemndens instruksjon i saker som etter loven hører inn under nemnda. I andre oppgaver og i bl a budsjettmessige, organisatoriske og personalmessige spørsmål er sekretariatet og leder underlagt instruksjon fra administrativt overordnet.»

Departementet meiner at dei vurderingane som er uttrykte i dette brevet, framleis vil vere relevante i samband med det framlagde utkastet til nye lovreglar.

Departementet viser endeleg til vurderingar og framlegg knytte til lovregulering av fag- og sveineprøver og innhaldet i opplæringa i kapittel 11 om innhaldet i opplæringa og vurdering av elevar og lærlingar. Departementet gjer der blant anna framlegg om å føre vidare regelen i lfa. § 20 i lovutkastet § 3-5.

Til dokumentets forside