Ot.prp. nr. 36 (1996-97)

Om lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innholdsfortegnelse

24 Privat opplæring

24.1 Innleiing

Departementet går i dette kapitlet gjennom den rettslege reguleringa av privat opplæring, både private skolar med og utan statstilskot og privat heimeopplæring.

Kapitlet er avgrensa mot spørsmål som gjeld spesialundervisning og skoleskyss, sjå nærmare i kapittel 8 og kapittel 16. Dessutan er kapitlet avgrensa mot offentleg tilsyn med privat opplæring, sjå kapittel 26, der departementet gjer framlegg om at staten skal ha ansvaret for å føre tilsyn med private vidaregåande skolar som får statstilskot og med alle private grunnskolar. Kommunen skal ha tilsyn med heimeopplæringa.

Forholdet mellom private skolar og forvaltningslova blir drøft i kapittel 29, og dei rettane skolane har overfor elevane (ordensreglement, bortvising og liknande) blir tekne opp i kapittel 20. Endeleg blir tilvisinga til helselovgivinga i privatskulelova teken opp i kapittel 15.

Som nemnt i kapittel 4 om lovstruktur skal skolar som i dag er omfatta av § 3 bkst. e i privatskolelova, ikkje takast inn i ei felles lov om grunnskolen og vidaregåande opplæring. Departementet går inn for at vaksenopplæringslova skal regulere tilskota til slike skolar. Sjå kapittel 25 om opplæring spesielt organisert for vaksne, der den nærmare lovreguleringa av slike skolar blir drøfta. For å gi eit meir heilskapleg bilete av reglane i privatskulelova er slike skolar likevel tekne med i framstillinga av gjeldande rett i dette kapitlet.

24.2 Gjeldande rett

24.2.1 Generelt

Utgangspunktet for den rettslege reguleringa av privat opplæring er § 13 nr. 1 i grunnskolelova, der det heiter: «Born og ungdom har rett og plikt til å gå i grunnskolen, dersom dei ikkje på annan måte får tilsvarande undervisning». Regelen byggjer på ein føresetnad om at opplæringsplikta også kan oppfyllast gjennom private skoletilbod eller gjennom privat heimeopplæring. Dette blir understreka av § 27 nr. 3, som gir kommunen tilsynsansvar når det gjeld pliktig opplæring som ikkje blir gitt i den kommunale skolen. Når det er grunn til det, skal kommunen kalle barna inn til særskild prøve. Dersom ein elev er borte frå den pliktige grunnskoleopplæringa, kan foreldra eller «dei som er i staden», straffast med bøter, jf. gsl. § 13 nr. 10. Sjå nærmare om opplæringsplikta i kapittel 7 om rett og plikt til opplæring.

Den første lova om statstilskot til private skolar kom i 1970. Privatskulelova av 14.06.1985 nr. 73 (psl.) som gjeld i dag, tek for seg offentleg tilskot til private grunnskolar og vidaregåande skolar, blant anna også vilkåra for å få slike tilskot, jf. § 2. Formålet med lova er å medverke til å sikre at det kan etablerast og drivast private skolar, jf. § 1. Etter psl. § 31 kan departementet gi nærmare forskrifter til gjennomføring av lova.

Andre særreglar om privat opplæring finst i gsl. § 14 og i lvgo. § 39.

24.2.2 Godkjenning av private skolar

Ein privat grunnskole eller ein privat vidaregåande skole må vere godkjend av departementet, jf. gsl. § 14 og lvgo. § 39. Unntak gjeld for skolar som er skipa som eit fagleg-pedagogisk alternativ og som søkjer om statstilskot, jf. gsl. § 14 nr. 2 tredje leddet. Slike skolar blir godkjende berre etter privatskolelova, sjå nærmare nedanfor under godkjenning med rett til statstilskot.

Vilkåra for godkjenning av private grunnskolar er fastsette i gsl. § 14 nr. 2 første punktum, der det heiter at «føresegner om skoletid, undervisningstid, avgangsprøver og avgangsvitnemål etter denne lova, gjeld òg for private skolar». Dessutan set nr. 2 andre punktum som vilkår at undervisningsplanar og lærarar er godkjende av Statens utdanningskontor.

Før departementet godkjenner ein vidaregåande skole, skal fylkeskommunen ha uttalt seg, jf. lvgo. § 39. Departementet kan setje vilkår for godkjenninga.

Vidare gjeld kompetansekrava for undervisningspersonalet i offentlege skolar som hovudregel også for private skolar, jf. psl. § 14 og § 1 nr. 1 i lærarutdanningslova. Det er gjort unntak frå kompetansekrava for skolar som ikkje har parallellar innanfor offentlege vidaregåande opplæring (sjå Ot.prp. nr. 58 (1983-84) s. 33). På slike skolar fastset styret for skolen utdanningskrava dersom ikkje departementet i det enkelte tilfellet avgjer noko anna, jf. psl. § 14 andre leddet.

24.2.3 Godkjenning med rett til statstilskot

Reglane om godkjenning av privatskolar ovanfor gjeld også for private skolar som får statstilskot etter privatskolelova. Regelen i gsl. § 14 nr. 2 gjer likevel at det gjeld visse unntak for skolar skipa som eit fagleg-pedagogisk alternativ.

Vilkåra for godkjenning med rett til statstilskot for private grunnskolar og vidaregåande skolar går fram av privatskolelova. Etter § 3 må skolane først og fremst vere

  1. A.

    «skipa av religiøse og/eller etiske grunnar,

  2. B.

    eller skipa som eit fagleg-pedagogisk alternativ,

  3. C.

    eller skipa for undervisning av norske born/norsk ungdom i utlandet,

  4. D.

    eller skipa for å fylla eit kvantitativt undervisningsbehov,

  5. E.

    eller å ha til føremål å gje vidaregåande yrkesretta undervisning som ikkje vert gjeven ved vidaregåande offentlege skular.»

Private grunnskolar som skal få rett til statstilskot, må drive verksemda si etter undervisningsplanar godkjende av statlege skolestyresmakter, jf. psl. § 4 og gsl. § 14. Private vidaregåande skolar som skal få tilskot etter lova, kan anten drive verksemda si i samsvar med godkjenning etter lvgo. § 39 eller etter undervisningsplanar godkjende av departementet, jf. psl. § 4.

Verken psl. § 4 eller gsl. § 14 gir nærmare rettleiing om kriteria for godkjenning av undervisningsplanane. Faglege krav til private skolar er likevel kommenterte i forarbeida til privatskolelova. I Innst. O. nr. 53 (1984-1985) s. 7 uttaler fleirtalet i kyrkje- og undervisningskomiteen blant anna:

«Dei private skulane skal etter fleirtalet si vurdering gi ei undervisning av same omfang og nivå som ved tilsvarande offentlege skular, og leggja undervisninga opp slik at skulen gjev kompetanse som svarar til den kompetansen offentlege skular gjev.»

Etter psl. § 5 skal undervisningsrom, utstyr og liknande godkjennast av Statens utdanningskontor. Så langt det er mogleg, skal skoleanlegg og inventar vere tilpassa behova til funksjonshemma.

Lova krev også at skolane har heile landet som inntaksområde, og at dei er opne for alle som fyller vilkåra for inntak i tilsvarande offentlege skolar, jf. psl. § 7 nr. 1 første leddet. Regelen rettar seg mot dei formelle vilkåra for opptak, jf. Ot.prp. nr. 58 (1983-84) s. 24, der det blant anna heiter:

«Bestemmelsen innebærer at en privat skole ikke kan stille krav om f. eks. utdanning og praksis utover de krav som stilles ved opptak i offentlige skoler. For inntak i private videregående skoler, som disse bestemmelsene særlig vil ha betydning for, vil det således være tilstrekkelig at vedkommende søker fyller de krav som følger av lov om videregående opplæring § 7 første leddet. På den annen side gir oppfyllelsen av dette formelle krav ikke en søker ubetinget rett til å bli tatt inn ved privat skole.»

Dersom skolen må avvise elevar ut frå kapasitetsomsyn, går ein ut frå at ei slik avvising kan skje med grunnlag i formålet til skolen, jf. Innst. O. nr. 53 (1984-85) s. 9. Vedtak som gjeld inntak, kan påklagast til Statens utdanningskontor, jf. § 7 nr. 3 og delegasjonsvedtak av 08.12.1993.

Departementet kan dispensere frå krava i psl. § 7 nr. 1 første leddet, jf. tredje leddet.

Elevar som er tekne inn på skolen, har rett til å fullføre skoleåret eller det kurset dei er tekne inn på, jf. psl. § 8. Regelen gjeld 1-årige eller 2-årige kurs, kortare kurs eller deltidskurs. For bortvising av elevar gjeld psl. § 12, som i hovudsak viser til dei allmenne reglane i grunnskolelova og i lov om vidaregåande opplæring (sjå kapittel 20 om ordensreglement, bortvising og liknande).

Etter psl. § 11 skal det leggjast vekt på å skape eit godt arbeidsmiljø og gode samarbeidsformer på skolen. Dessutan skal skolen ha eit ordensreglement, sjå nærmare i kapittel 20 om ordensreglement, bortvising og liknande.

Skolen skal ha dagleg leiar, som har både den pedagogiske og administrative leiinga av skolen, jf. § 13 i privatskolelova. Departementet kan gi dispensasjon frå dette kravet.

Psl. §§ 17-23 stiller blant anna krav om styre for skolen og rett til medinnverknad for blant anna elevar og foreldre. Styret er det øvste ansvarlege organet på skolen, jf. §§ 17 og 18 nr. 1. Styret har avgrensa rett til å delegere styresmakt til skoleleiaren, jf. § 18 nr. 4. Styret skal sjølv vedta budsjett, reglement og instruksar for skolen, jf. § 18 nr. 2 og 3. Dessutan skal styret sjølv tilsetje personalet, bortsett frå vikarar for ein del av skoleåret, jf. § 15. Når det ligg føre særlege grunnar, kan departementet dispensere frå krava i psl. §§ 19-23, jf. § 23 b.

I tillegg til desse krava gjer departementet i kvart enkelt tilfelle «ei samla vurdering» av om skolen skal godkjennast med rett til statstilskot eller ikkje, jf. psl. § 25 nr. 3. Blant anna kan det leggjast vekt på budsjettomsyn, men ikkje i den grad at privatskulelova blir sett ut av kraft. Dessutan kan det leggjast vekt på skolefaglege og skolepolitiske omsyn.

Ein skole som oppfyller vilkåra for godkjenning i lova, har såleis ikkje noko absolutt lovheimla krav på å bli godkjend med rett til tilskot.

Vertskommunen og Statens utdanningskontor skal gi fråsegn i samband med at private grunnskolar med rett til tilskot blir godkjende, jf. psl. § 25 nr. 2. Vertsfylket skal gi fråsegn når godkjenninga gjeld ein vidaregåande skole.

Med heimel i psl. § 28 skal skolane leggje fram budsjett og rekneskap etter reglar fastsette av departementet. Etter psl. § 25 nr. 4 skal departementet kvart år gi Stortinget melding om godkjende skolar.

Dersom skolen ikkje oppfyller vilkåra i lova innanfor ein fastsett frist, skal departementet trekkje godkjenninga tilbake, jf. psl. § 25 nr. 4.

Det godkjenningskravet som gjeld for lærebøker i dei offentlege skolane, gjeld ikkje for private skolar, sjå Innst. O. nr. 53 (1984-85) s. 7, jf. Ot.prp. nr. 58 (1983-84) s. 21. Det same gjeld kravet om at læreboka skal vere gitt ut på både bokmål og nynorsk til same tid og til same pris.

24.2.4 Tilskotsreglane

Statstilskotet blir utrekna etter psl. § 26. Paragrafen er inndelt i 11 tilskotsreglar, der ni handlar om tilskot til skolar. Det blir i hovudsak gitt tilskot pr. elev med utgangspunkt i eit berekna tilskotsgrunnlag. Når ein skal fastsetje tilskotsgrunnlaget, blir samanlikningsgrunnlaget hovudsakleg henta frå den gjennomsnittlege utgifta pr. elev i den offentlege skolen.

Det er éin «tilskotsregel» for kvar type skole, blant anna for skolar for funksjonshemma og for norske skolar i utlandet. Tilskotsregel nr. 10 gir reglar om tilskot til kompletterande undervisning til norske borgarar som er elevar på utanlandske og internasjonale grunnskolar, og statstilskot til delvis å dekkje skolepengar for norske borgarar som er elevar på utanlandske eller internasjonale vidaregåande skolar. Tilskotsregel nr. 11 gjeld arbeidsgivardelen for pensjonsinnskot.

Etter psl. § 27 skal alle offentlege driftstilskot komme elevane til gode. Skolane kan ikkje krevje skolepengar som saman med dei offentlege tilskota er større enn dei driftsutgiftene som svarer til utgiftsnivået ved ein tilsvarande offentleg skole, jf. psl. § 27 tredje leddet.

24.2.5 Lønns- og arbeidsvilkår

Undervisningspersonalet og skoleleiarane i privatskolane har rett til dei same lønns- og arbeidsvilkåra som i tilsvarande offentlege skolar, jf. psl. § 16 første leddet. Regelen er ikkje til hinder for at personalet godtek dårlegare vilkår (sjå Ot.prp. nr. 58 (1983-84) s. 39).

I forarbeida til lova blir det lagt til grunn at oppseiing og avskil for tilsette i tilskotsskolane skal følgje reglane i arbeidsmiljølova, jf. Innst. O. nr. 53 (1984-85) s. 12.

Psl. § 16 første leddet gjeld ikkje for skolar godkjende etter § 3 bkst. e. På slike skolar fastset styret for skolen lønns- og arbeidsvilkåra, jf. § 16 andre leddet.

24.3 Internasjonale plikter

24.3.1 Private skolar

Gjennom internasjonale konvensjonar har Noreg akseptert retten for den enkelte til å etablere private skolar og til å bruke desse skolane. Denne retten må særleg sjåast i samanheng med den førsteretten foreldra har til å velje kva for skolegang barna deira skal få, eit prinsipp som kom til uttrykk alt i verdsfråsegna om menneskerettane av 1948, artikkel 26.3 frå FN. I seinare vedtekne konvensjonar er dette hovudprinsippet inndelt i to underprinsipp: Foreldre har for det første rett til å sikre utdanning for barna sine i samsvar med si eiga overtyding, og for det andre til å velje andre skolar for barna sine enn dei som er skipa av offentlege styresmakter.

Fridommen til å skipe og drive privatskolar er ein generell føresetnad i FN-konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar (ØSK), artikkel 13.4 og i FNs barnekonvensjonen, artikkel 29 paragraf 2. Artikkel 29.2 i Barnekonvensjonen - som er tilnærma identisk med artikkel 13.4 i ØSK - har denne ordlyden:

«Ingen del av denne artikkel eller artikkel 28 skal tolkes som innskrenkninger i enkeltpersoners og organisasjoners frihet til å opprette og drive utdanningsinstitusjoner, alltid med forbehold om at de prinsipper som er oppstilt i paragraf 1 i denne artikkel iakttas, og om kravene til at undervisningen som blir gitt i slike institusjoner skal være i overensstemmelse med de minstestandarder som staten måtte fastsette.»

Fridommen til å skipe og drive privatskolar er etter artikkel 13.4 i ØSK og etter artikkel 29.2 i Barnekonvensjonen for det første avhengig av at visse allmenne mål for utdanninga blir lagde til grunn av institusjonen, og for det andre av at den undervisninga som blir gitt, oppfyller krava om minstestandard. Slike vilkår må stillast opp og brukast utan diskriminering (jf. nedanfor).

Prinsippa om måla for utdanninga er blant anna oppstilte i artikkel 29.1 i Barnekonvensjonen:

«Partene er enige om at barnets utdanning skal ta sikte på:

  1. A.

    å utvikle barnets personlighet, talenter og mentale og fysiske evner så langt det er mulig;

  2. B.

    å utvikle respekt for menneskerettighetene og de grunnleggende friheter og for de prinsipper De Forente Nasjoners pakt verner om;

  3. C.

    å utvikle respekt for barnets foreldre, dets egen kulturelle identitet, språk og verdier, for de nasjonale verdier i det land der barnet bor, landet hvor han eller hun måtte komme fra, og for kulturer som er forskjellige fra hans eller hennes egen;

  4. D.

    å forberede barnet til et ansvarlig liv i et fritt samfunn, i en ånd av forståelse, fred, toleranse, likestilling mellom kjønnene, og vennskap mellom alle folkeslag, etniske, nasjonale og religiøse grupper, og personer som tilhører urbefolkninger;

  5. E.

    å fremme respekt for naturmiljøet.»

Skolar med formål eller undervisningsopplegg som ikkje er i samsvar med desse måla, kan nektast godkjenning. Privatskolar må likevel innanfor desse rammene kunne byggje på andre verdigrunnlag og undervise i andre religionar enn dei offentlege skolane, jf. retten for foreldra til å sikre barna sine utdanning i samsvar med si eiga overtyding. Dessutan må minoritetsgrupper innanfor ramma av private utdanningsinstitusjonar kunne formidle sin eigen kulturarv, sitt eige språk, sine eigne verdiar, dei historiske røynslene sine og liknande, for slik å kunne verne om og utvikle sin eigen identitet, jf. blant anna FN-konvensjonen av 19.12.66 om sivile og politiske rettar (SP), artikkel 27:

«I de stater hvor det finnes etniske, religiøse eller språklige minoriteter, skal de som tilhører slike minoriteter ikke nektes retten til, sammen med andre medlemmer av sin gruppe, å dyrke sin egen kultur, bekjenne seg til og utøve sin egen religion, eller bruke sitt eget språk.»

Det er på den andre sida ikkje lov å krevje at skolen er skipa for visse særskilde formål, til dømes religiøse, eller at skolen skal fylle eit behov som er definert av det offentlege.

Plikta til staten, blant anna etter artikkel 13.2 i ØSK, jf. 13.1 og artikkel 28 i Barnekonvensjonen til å godkjenne retten for alle til utdanning, og særleg til så vidt mogleg å sørgje for obligatorisk og kostnadsfri grunnskoleutdanning for alle, må ein rekna med vil omfatte plikt til å sørgje for at den obligatoriske utdanninga tilfredsstiller visse minstestandardar også innanfor private institusjonar.

Plikta for offentlege styresmakter til å stille visse krav til privatskolar kan også lesast ut av andre menneskerettsreglar, jamfør til dømes rasediskrimineringskonvensjonen av 21.12.65, artikkel 7 frå FN om plikt til å setje i verk tiltak blant anna på utdanningssektoren for å utrydde fordommar som fører til rasediskriminering, FN-konvensjonen av 18.12.79 om å avskaffe alle former for diskriminering mot kvinner, og artikkel 10 om tiltak for å avskaffe diskriminering mot kvinner i utdanninga. Artikkel 2 c i Unesco-konvensjonen av 14.12.60 mot diskriminering i undervisninga inneber at det må stillast krav til private utdanningsinstitusjonar om at dei opererer på ikkje-diskriminerande basis.

Dei allmenne menneskerettspliktene til Noreg omfattar i seg sjølv ikkje noka plikt for staten til å yte tilskot til privatskolar. Men eventuelle tilskotsordningar må formast ut og praktiserast på ein ikkje-diskriminerande måte, jf. nedanfor.

24.3.2 Urfolk

Når det gjeld urfolk - det vil i Noreg seie samane - avgjer artikkel 27.3 i ILO-konvensjon nr. 169 av 27.06.89 om urfolk og stammefolk i sjølvstendige statar at styresmaktene skal

«[...]anerkjenne disse folks rett til å opprette sine egne utdanningsinstitusjoner og utdanningsordninger, forutsatt at disse holder minstestandarder fastsatt av den ansvarlige myndighet i samråd med disse folk. Rimelige ressurser skal settes av til dette formål.»

For denne gruppa ligg det altså føre ei subsidieringsplikt, og det er uttrykkjeleg sagt at denne plikta kjem i tillegg til den plikta staten har til å leggje til rette for urfolk innanfor det offentlege skolesystemet, jf. artikkel 27, paragrafane 1 og 2.

24.3.3 Diskrimineringsforbodet

Forbodet mot diskriminering er eit menneskerettsleg grunnprinsipp, som blant anna går fram av artikkel 1.3 i FN-pakta og av artikkel 2 i Verdenserklæringa om menneskerettigheter. Når det gjeld det nærmare innhaldet i diskrimineringsforbodet, fastslår artikkel 1 i UNESCO-konvensjonen av 14.12.60 mot diskriminering i undervisning at

«[f]or denne konvensjonens formål skal uttrykket «diskriminering» omfatte enhver forskjell, utelukkelse, begrensning eller begunstigelse basert på rase, hudfarge, kjønn, språk, religion, politisk eller annen oppfatning, nasjonal eller sosial opprinnelse, økonomiske forhold eller fødsel, hvis formål eller virkning er å oppheve eller svekke likebehandlingen i utdanningen [...]»

Menneskerettskomiteen i FN og Den europeiske menneskerettskommisjonen og menneskerettsdomstolen har i sin praksis i tilknyting til SP-artiklane 2.1 og 26 og artikkel 14 i Den europeiske menneskerettskonvensjonen av 04.11.50 slått fast at ikkje all forskjellsbehandling er diskriminering. Diskriminering ligg berre føre dersom forskjellsbehandlinga i det aktuelle tilfellet ikkje er basert på objektive og rimelege kriterium, eller dersom det ikkje er noko rimeleg forhold mellom forskjellsbehandlinga og det målet ein prøver å nå.

Behandlinga av klagesaker i Menneskerettskomiteen i FN og i Den europeiske menneskerettskommisjonen og menneskerettsdomstolen gir også enkelte andre haldepunkt. For det første er det slått fast i fleire avgjerder at det ikkje er diskriminering jamvel om privatskolar eller barn på slike skolar ikkje får den same økonomiske støtta som elevar i offentlege skolar. For det andre har Den europeiske menneskerettskommisjonen lagt til grunn at å nekte godkjenning, grunngitt med at skolen ikkje tilfredsstiller statlege fastsette kvalitetskrav til undervisninga, ikkje er diskriminering i forhold til offentlege skolar.

UNESCO-konvensjonen inneheld forbod mot forskjellsbehandling mellom utlendingar busette på territoriet til ein stat og borgarane i staten med omsyn til tilgang til utdanning (artikkel 3 e), og mot restriksjonar eller føremonner baserte berre på det grunnlaget at elevane høyrer til ei eiga gruppe med omsyn til støtte som offentlege styresmakter yter til utdanningsinstitusjonar (artikkel 3 d).

24.4 Framlegget frå opplæringslovutvalet

24.4.1 Innleiing

Lovutkastet frå utvalet omfattar privat grunnskoleopplæring i både heim og skole og privat vidaregåande opplæring i skolar med tilskot etter opplæringslova. Lovutkastet omfattar ikkje privat opplæring i vidaregåande skolar som ikkje får tilskot etter opplæringslova.

24.4.2 Grunnskoleopplæring utanfor skole. Privat heimeopplæring

Utvalet viser innleiingsvis til framlegget sitt om å føre vidare plikta til grunnskoleopplæring tilsvarande den som blir gitt i den offentlege grunnskolen, sjå kapittel 7 om rett og plikt til opplæring. Når plikta blir oppfylt i godkjende private skolar, bør eleven få ei opplæring som svarer til den som blir gitt i den offentlege grunnskolen. Utvalet viser dessutan til framlegget om å føre vidare det kommunale tilsynsansvaret for heimeopplæringa, sjå kapittel 26 om tilsyn og kontroll. Kommunen skal framleis ha rett og plikt til å kalle inn elevane til særskild prøve dersom det er tvil om at opplæringa er tilfredsstillande.

For å lette tilsynet for kommunen og gi støtte til at elevane får ei forsvarleg opplæring i heimen, gjer utvalet framlegg om også å lovfeste at heimeopplæringa skal følgje dei same reglane om innhaldet i opplæringa som private skolar.

Utvalet meiner at andre reglar som gjeld for skolar (krav som gjeld klassestorleikar, kompetanse for personalet og omfanget av opplæringa i tid og liknande), er lite praktiske for heimeopplæringa. Utvalet gjer derfor ikkje framlegg om at desse reglane skal gjelde heimeopplæringa.

24.4.3 Privat opplæring i skole

Utvalet gjer framlegg om å halde på eit godkjenningskrav for alle private grunnskolar, men at grunnskolar som oppfyller krava i lova og forskriftene, skal ha rett til godkjenning. Dessutan gjer utvalet framlegg om å gi heimel for bøtestraff for skolar som blir drivne utan den nødvendige godkjenninga. Lovutkastet frå utvalet opphevar likevel godkjenningskravet i lvgo. § 39 om vidaregåande skolar.

Ei rekkje av dei krava som lovutkastet frå utvalet stiller til offentlege grunnskolar, gjeld også for private grunnskolar, uavhengig av om skolane skal ta i mot offentlege tilskot. Det gjeld for det første krava om kompetanse for undervisningspersonalet og skoleleiarane. Utvalet viser til at det også i private skolar er behov for å sikre ein god fagleg-pedagogisk standard. Dessutan går utvalet ut frå at slike krav ikkje kjem i konflikt med retten for foreldra til å velje privatskole etter FN-konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar og Den europeiske menneskerettskonvensjonen. Slike krav sikrar også nasjonale omsyn, blant anna behovet for eit høgt kompetansenivå i folket, og kan vere med på å sikre likeverdig opplæring for elevane i private skolar.

Dessutan gjer utvalet framlegg om at reglane i lov og forskrift om innhaldet i opplæringa i offentlege skolar (sjå kapittel 6 om formålsparagrafar og kapittel 11 om innhaldet i opplæringa og vurdering av elevar og lærlingar) skal gjelde for private grunnskolar så langt dei ikkje står i strid med dei internasjonale pliktene som Noreg har eller med tilskotsgrunnlaget for skolen elles (til dømes skolar som er godkjende som fagleg-pedagogisk alternativ). Det blir vist til at prinsippet om likeverdig opplæringstilbod til alle, å sikre eit felles kultur-, verdi- og kunnskapsgrunnlag og omsynet til mobilitet og opptak til vidare utdanning tilseier ein høg grad av felles innhald og felles progresjon i opplæringa.

Utvalet peiker på at departementet etter lovutkastet kan fastsetje kva for delar av læreplanane for den offentlege skolen som skal gjelde for dei private skolane, eventuelt at læreplanane for skolane skal godkjennast av departementet. Departementet skal også kunne gi forskrifter med krav til læreplanarbeidet for ein privatskole. Utvalet nemner også at kompetansen til heilt eller delvis å dispensere frå dei allmenne forskriftene om læreplan også kan brukast i forhold til utanlandske skolar i Noreg.

Utvalet finn ikkje grunn til å gjere framlegg om nokon særskild regel om rett til å gjere tidsavgrensa avvik frå lov og frå godkjende planar for forsøksformål, jf. psl. § 4 andre leddet. Det blir her vist til drøftinga i utvalet av tilsvarande spørsmål for offentlege skolar, sjå kapittel 11 om innhaldet i opplæringa og vurdering av elevar og lærlingar.

Utvalet gjer også framlegg om at reglar om skoletid og undervisningstid, klassestorleikar og leiing i offentlege skolar skal gjelde for godkjende private grunnskolar. Dei private skolane bør likevel sjølv fastsetje skoleruta. Dessutan bør reglane om skoletid og undervisningstid berre gjelde «så langt det passar».

Også grunngivingane for andre reglar, om stillingar, tenester, funksjonar, arbeidsmiljø, utstyr, læremiddel ,målformer og organ for brukarinnverknad, meiner utvalet står like sterkt for private som for offentlege skolar. Utvalet gjer derfor framlegg om likelydande reglar for private og offentlege skolar.

Fleirtalet i utvalet gjer framlegg om å føre vidare regelen i psl. § 16, som gir undervisningspersonalet og skoleleiarane ved private skolar rett til dei same lønns- og arbeidsvilkåra som personalet ved tilsvarande offentlege skolar. Mindretalet gjer framlegg om å oppheve regelen.

Private skolar som får statstilskot, bør likevel vere unnatekne frå kravet om samarbeidsutval og skoleutval. Det lovfeste kravet om møte- og talerett for elevar, lærarar, foreldre og andre tilsette i styret for skolen meiner utvalet må gi nok styring av den organiserte medinnverknaden i slike skolar. Dei private skolane bør heller ikkje ta over plikta for kommunen til å halde grunnskoleelevane med gratis skolemateriell. I private skolar er det i utgangspunktet elevane sjølv som må halde seg med skolemateriell til eige bruk.

Endeleg gjer utvalet framlegg om at undervisningspersonalet skal ha den same retten til fritak for undervisning i kristendomsfaget som tilsette i offentlege skolar. Utvalet viser til at omsynet til religionsfridommen i utgangspunktet står like sterkt i private skolar. Dessutan blir det vist til § 55 A tredje punktum i arbeidsmiljølova, som gir arbeidsgivaren opning for i visse tilfelle å krevje opplysningar om korleis søkjarane stiller seg til blant anna religiøse spørsmål.

24.4.4 Godkjenning med rett til statstilskot

Utvalet meiner at krava ovanfor for grunnskolar bør gjelde tilsvarande for private vidaregåande skolar som får statstilskot. I tillegg til desse krava inneheld lovutkastet frå utvalet - på same måten som lovgivinga i dag - ei rekkje særskilde krav for skolar som får statstilskot etter lova.

Utvalet gjer framlegg om i hovudsak å føre vidare reglane i psl. § 3 om kva for formål som kan gi grunnlag for statsstøtte. Utkastet frå fleirtalet til ny opplæringslov inneheld likevel ikkje reglar om tilskot til skolar som i dag er omfatta av psl. § 3 bkst. e, det vil seie skolar utan parallellar i den offentlege vidaregåande opplæringa, sjå nærmare kapittel 4 om lovstruktur og kapittel 25 om opplæring spesielt organisert for vaksne.

Dessutan gjer utvalet framlegg om i hovudsak å føre vidare reglane i psl. § 7 om inntak til private skolar. Det bør likevel klargjerast kva for søkjarar som kan prioriterast når det er færre plassar enn søkjarar. Utvalet finn det naturleg at skolane i slike tilfelle først må prioritere dei som har rett til anten grunnskoleopplæring eller vidaregåande opplæring. I den vidare prioriteringa bør skolen kunne prioritere ut frå dei etiske eller religiøse formåla som er grunnlag for tilskotet, eller ut frå andre saklege omsyn, til dømes at ein søkjar har sysken på skolen.

Utvalet meiner at også reglane i psl. §§ 17 og 18 om samansetjinga av og kompetansen til styret bør førast vidare. Styreordninga i dag sikrar direkte innverknad både for elevar, foreldre og andre, og sikrar dessutan at eigarinteressene ikkje blir for dominerande i styringa av skolen. I tråd med framlegget frå utvalet om å overføre heile tilsynsansvaret for private skolar til staten, bør likevel retten for kommunen eller fylkeskommunen til å nemne opp ein representant med rett til å møte i styret (sjå psl. § 17 bokstav a), overførast til staten. Private skolar som får statstilskot, bør som nemnt vere unnatekne frå kravet om samarbeidsutval og skoleutval.

Dessutan gjer utvalet framlegg om å oppheve forbodet mot delegasjon i tilsetjingssaker. Utvalet går ut frå at styret for skolen på ein forsvarleg måte kan vurdere kven som best avgjer slike saker.

Utvalet går ut frå at departementet - innanfor dei krava om sakleg behandling som følgjer av den allmenne forvaltningsretten - i utgangspunktet bør kunne avslå ein søknad om statstilskot jamvel om skolen oppfyller alle krava etter lova. Sidan godkjenning i utgangspunktet gir rett til tilskot for ubestemt tid, bør ein i alle tilfelle kunne leggje vekt på budsjettomsyn. Departementet bør også kunne ta omsyn til den samla skolestrukturen, til avveginga mellom skolen som møteplass for fleirtalet av barn og unge i lokalmiljøet og til det forholdet at private tilskotsskolar framleis skal vere eit supplement til den offentlege skolen.

Departementet bør få kompetanse til å gi forskrifter om kva for ytterlegare vilkår som skal stillast. Utvalet meiner at omsynet til søkjarane og rettstryggleiken deira tilseier at ein slik kompetanse blir brukt.

24.4.5 Tilskotsvedtaket - lengd, omfang og adressat

Utvalet gjer framlegg om å føre vidare ordninga med at retten til tilskot står ved lag inntil tilskotsvedtaket blir trekt tilbake eller på annan måte fell bort. I denne samanhengen blir det lagt vekt på omsynet til kontinuitet i opplæringa. Utvalet gjer likevel ikkje framlegg om å føre vidare lovreguleringa av tilbaketrekking av tilskotsvedtaket, jf. psl. § 25 nr. 4. Det blir i denne samanhengen vist til allmenne forvaltningsrettslege reglar om tilbaketrekking av løyve og liknande.

Når tilskotsvedtaket varer inntil det blir trekt tilbake eller på annan måte fell bort, meiner utvalet at vedtaket bør vere avgrensa kvantitativt. Skolane bør ikkje stå fritt til å auke talet på elevar eller klassar eller på andre måtar auke opplæringstilbodet på ein slik måte at det automatisk løyser ut rett til meir tilskot. Noko slikt ville gjere det vanskelegare for staten på førehand å rekne ut utgiftene til dei private skolane. Tilskotsvedtaket bør derfor knytast til eit visst opplæringstilbod og elevtal eller klassetal.

Utvalet meiner det er naturleg at eigaren av verksemda søkjer om tilskot, og at eit eventuelt tilskotsvedtak også blir retta til eigaren. I denne samanhengen bør det lovfestast at tilskotet fell bort ved overdraging. Av omsyn til elevane bør tilskotet likevel ikkje falle bort før skoleåret er ute.

24.4.6 Lovreglar om utrekning av storleiken på tilskotet. Finansiering

Utvalet meiner at spørsmålet om å lovfeste tilskotsutrekninga må avgjerast på bakgrunn av ei avveging av omsynet til noko større fleksibilitet i den statlege styringa, omsynet til planlegginga på skolane og omsynet til kontinuitet i det opplæringstilbodet som skal komme elevane til gode. Lovfesting kan i noko større grad sikre det formålet som ligg bak privatskulelova i dag, nemleg å støtte opp under retten til å velje eit alternativ til den offentlege skolen.

Fleirtalet i utvalet gjer framlegg om framleis å lovregulere hovudreglane om korleis ein reknar ut tilskotet. Tilskotsreglane i psl. § 26 i dag er likevel vanskeleg tilgjengelege og bør forenklast. Fleirtalet legg til grunn at tilskotsreglane i hovudsak gir rett til å dekkje driftsutgifter pr. elev etter nærmare reglar frå Stortinget eller frå statsforvaltninga. I praksis er utgifter til skolebygg og til skolemateriell for elevane unnatekne. Dersom dei vidaregåande skolane som ikkje har nokon parallell i det offentlege skoleverket, blir tekne ut av lova (sjå psl. § 3 bkst. e), skal dei fleste skolane med rett til tilskot ha 85 % av det som er rekna som driftsutgifter. Skolar for funksjonshemma skal likevel ha dekt 100 % av driftsutgiftene. I tillegg kjem tilskotsregel nr. 11 i psl. § 26 om betaling av arbeidsgivardelen av pensjonsinnskot for personalet på dei skolane som kjem inn under lova.

Fleirtalet i utvalet gjer framlegg om å samle hovudreglane i den reguleringa som gjeld i dag, i ein meir generell tilskotsregel. Også unntaket for utgifter til skolebygg og til skolemateriell for elevane bør lovfestast. Unntaket bør likevel ikkje omfatte ekstraordinært skolemateriell i samband med spesialundervisning. Dessutan bør departementet få kompetanse til å gi utfyllande forskrifter om kva som skal reknast som driftsutgifter.

Fleirtalet i utvalet gjer også framlegg om å føre vidare lovregelen om at statstilskotet skal komme elevane til gode. Fleirtalet meiner at dette også bør omfatte eigendelane. Det blir likevel understreka at bruk av eigendelar til anna enn dei utgiftene statstilskotet skal dekkje, kan reknast å komme elevane til gode, til dømes utgifter til skolebygg.

Endeleg gjer fleirtalet i utvalet framlegg om å føre vidare reglane i lova om avgrensa rett til å krevje eigendel. Fleirtalet viser til at desse reglane er med på å gjere tilbodet om å gå på privatskole mindre avhengig av familieøkonomien.

Mindretalet går imot å lovregulere storleiken på tilskotet, og viser i hovudsak til at formålet i lova er sikra uavhengig av slike reglar. Slike reglar set dessutan grenser for korleis ein skal fordele statsstøtta mellom dei enkelte privatskolane rasjonelt og rettferdig.

24.4.7 Anna

Lovutkastet frå utvalet opphevar kravet om melding om godkjende skolar til Stortinget etter psl. § 25 nr. 5. Utvalet viser til den utgreiinga som departementet i alle tilfelle må gi i samband med framlegget til statsbudsjett.

Lovutkastet fører vidare tilskotsregel nr. 10 i psl. § 26 om tilskot til kompletterande undervisning til norske borgarar som er elevar på utanlandske og internasjonale grunnskolar, og statstilskot til delvis å dekkje skolepengar for norske borgarar som er elevar på utanlandske eller internasjonale vidaregåande skolar.

24.5 Høyringsinstansane

24.5.1 Private skolar

Norske Privatskolers Landsforbund meiner at plikta for kommunen til å halde gratis skolemateriell for elevane ikkje skal vere avhengig av om elevane går på ein privat eller ein offentleg skole. Forbundet går også imot å oppheve den lovregulerte rapporteringsplikta til departementet overfor Stortinget og framlegget om at ein ny eigar må søkje om ny godkjenning. Forbundet meiner elles at Stortinget skal avgjere om søknader som oppfyller krava i lova, skal avslåast, ikkje departementet. Stortinget skal også avgjere søknader om å utvide ein skole.

Norsk Montessori Forbund meiner at det utbytet ein elev har av opplæringa, er best dersom barnet får tilbod om montessoripedagogikk alt frå treårsalderen. I forhold til inntak av andre elevar utan slik bakgrunn merkar forbundet seg at det er vesentleg for funksjonen i klassen at dei fleste elevane har bakgrunn i montessoripedagogikk. Dessutan meiner forbundet at det maksimumstalet for elevar i aldersblanda klassar som det er gjort framlegg om, kan skape problem for montessoriskolane. Det blir vist til at ei ideell gruppe på slike skolar har tre alderssteg med åtte til ti barn i kvart steg. Forbundet meiner også at det er urimeleg å ikkje ta utgifter til skolebygg med i utrekningsgrunnlaget.

Kristne Friskolers Forbund peiker på at retten til å velje ein friskole ikkje blir reell og allmenn før samfunnet gir statsstøtte. Det blir i denne samanhengen vist til internasjonale plikter, som forbundet meiner taler sterkt for å gi statstilskot. Forbundet meiner at retten til tilskot og reglar for å måle ut tilskotet må givast i lov. Dessutan går forbundet inn for at privatskolane sjølv skal vurdere kva for delar av innhaldet i opplæringa i den offentlege skolen som samsvarer med formålet til privatskolen. Forbundet er også usamd i ei rekkje av framlegga om kva for reglar for den offentlege skolen som også skal gjelde private skolar. Det gjeld blant anna fritaksrett for kristendomsfaget og kravet til lærestoffet i læremidla. Dessutan vil forbundet byte ut reglane om maksimale klassestorleikar med lærartimetal. Forbundet ønskjer i alle tilfelle å kunne avvike frå klassedelingsreglane når det skjer på ein ansvarsfull måte. Elles meiner forbundet at tilskotsregelen i lovutkastet må utvidast og presiserast, blant anna fordi fleire av tilskotsordningane i dag manglar.

Nasjonalt råd for kunstfaghøgskolane meiner at lovutkastet truleg svekkjer driftsgrunnlaget for dei private kunstskolane, og at den noverande verksemda ved desse skolane kjem til å ta slutt. Rådet meiner dette svekkjer kunstutdanninga i Noreg. Det blir blant anna vist til at nesten alle studentane ved kunstakademia har utdanning frå kunstskolane. Kunsthøgskolane baserer undervisninga på at studentane har eit grunnleggjande og høgt nok kunnskapsnivå, som rådet meiner det ikkje er tilbod om på ein tilfredsstillande måte i den offentlege vidaregåande skolen.

Steinerskolene i Norge er sterkt kritiske til både saksbehandlinga og lovutkastet frå utvalet. I høyringsfråsegna frå skolane heiter det blant anna:

«Det er vår beste bedømmelse av Smith-lovutkastet fra utvalget at det ikke på noen måte har en struktur som tilfredsstiller forutsetningene om tilgjengelighet. Vi gir i 1.6 noen eksempler som dokumenterer denne påstanden. Rent prinsipielt mener vi også at selve lovteknikken med de mange tilvisninger er egnet til å skape uklarhet og forvirring, især hos ikke-juridiske brukere. Vi mener det er hevet over enhver tvil at loven rent redaksjonelt fremstår som maksimalt brukeruvennlig.»

Steinerskolane meiner at maksimaltalet for elevtalet i klassen, retten for elevane til eit minstetimetal, reglane om læremiddel og reglane om innhaldet i opplæringa ikkje bør gjelde private skolar som er godkjende som eit fagleg-pedagogisk alternativ. Dessutan meiner skolane at utkastet til dispensasjonsregel til reglane om brukarinnverknad er for strengt formulert. Skolane meiner det bør vere nok at ei anna ordning sikrar elevar og foreldre den same innverknaden.

Steinerskolane meiner at det er behov for ein meir detaljert og presist utforma regel om korleis tilskotet skal reknast ut. Dessutan meiner skolane at staten bør yte tilskot til skolebygg for private skolar.

Privatskolane har til saman gitt 52 fråsegner. Generelt uttrykkjer dei ønske om ei eiga privatskolelov, ein eigen formålsparagraf, rett til godkjenning med tilskot og fleire element inn i tilskotsgrunnlaget.

24.5.2 Departementa

Utanriksdepartementet er samd i at private grunnskolar som oppfyller krava i lov og forskrifter, skal ha rett til godkjenning. Utanriksdepartementet er dessutan samd i at det kan stillast opp kompetansekrav for undervisningspersonalet og skoleleiarane ved private skolar utan at det kjem i konflikt med dei folkerettslege pliktene våre. Men utanriksdepartementet er tvilande til at allmennlærarar på private skolar må ha ei utdanning som omfattar fag- og emnestudium i kristendomskunnskap med livssynsorientering.

Utanriksdepartementet peiker også på at i den grad styresmaktene vel å yte tilskot til private skolar, gjeld også det generelle ikkje-diskrimineringsprinsippet. Departementet viser i den samanhengen blant anna til artikkel 26 i FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar og til UNESCO-konvensjonen mot diskriminering i undervisninga.

Kulturdepartementet meiner at lovutkastet frå fleirtalet kan forverre den økonomiske stillinga for dei private kunstskolane og i verste fall føre til at skolane blir nedlagde. Tilskotet til skolane bør haldast oppe inntil stillinga til skolane er nærmare utgreidd.

Finansdepartementet tilrår at reglane om utrekning av storleiken på tilskotet ikkje blir forankra i lova, men blir fastsett i dei årlege budsjettvedtaka. Justisdepartementet meiner at tilskotsreglane framleis bør vere lovfeste.

Både Finansdepartementet og Justisdepartementet stiller spørsmål om det bør spesifiserast i lova kva for omsyn ein særleg kan leggje vekt på når ein skal behandle godkjenningssøknader.

Justisdepartementet kan ikkje sjå at utvalet har trekt konsekvensar av artikkel 27 nr. 3 i ILO-konvensjonen om urfolk når det gjeld rett til å få samiske privatskolar godkjende etter § 13-3 i utkastet. Utanriksdepartementet viser også til denne konvensjonsplikta.

24.5.3 Andre

Forum for kunstfaglig grunnutdanning ønskjer at eit breitt samansett offentleg utval skal greie ut kunstutdanninga. I utgreiingsfasen bør dei eksisterande private kunstskolane sikrast arbeids- og utviklingsutsikter, med det same tilskotet som i dag.

Kommunenes Sentralforbund er samd med mindretalet i utvalet, som meiner at lova ikkje bør innehalde eigne reglar om storleiken på tilskotet. Slike reglar som fleirtalet gjer framlegg om, kan avgrense utsiktene for ei rasjonell og rettferdig fordeling av statsstøtte mellom privatskolane. Det blir dessutan vist til at slike reglar i mange tilfelle kan hindre ein riktig balanse i forhold til dei midlane som blir tilførte offentlege skolar.

Lærarforbundet støttar vurderingane og framlegga frå fleirtalet i utvalet om privat opplæring, og viser til at framlegga stort sett representerer ei vidareføring av reglane i dag.

Kristeleg Folkeparti støttar å oppheve godkjenningskravet for private vidaregåande skolar, men meiner at utvalet går for langt i å gjere framlegg om at reglane for offentlege skolar skal gjelde for private skolar. Også Oslo katolske bispedømme meiner at lovutkastet er ei gjennomgåande innstramming i fridommen for private skolar.

Fire fylkeskommunar uttrykkjer ønske om rett til å uttale seg i samband med godkjenning av private vidaregåande skolar. Det blir blant anna vist til at dei fleste private vidaregåande skolane har det same undervisningstilbodet som offentlege skolar og såleis har den same målgruppa. Dessutan blir det peikt på at dersom fylkeskommunen skal kunne oppfylle krava om læreplassar i bedrifter for elevar som tek VK I-kurs på private skolar, er det heilt nødvendig at fylkeskommunen har innverknad på tilbodsstrukturen også ved dei private vidaregåande skolane.

Norsk Hotell- og Restaurantforbund vil at også aktuelle næringsinteresser skal høyrast i samband med godkjenning av skoletilbod som er omfatta av lov om fagopplæring.

Sør-Trøndelag fylkeskommune ber om at lova blir praktisert på ein slik måte at det blir vanskeleg å etablere nye konkurrerande private tilbod. Det må i enda større grad leggjast til rette for at vaksenopplæringa skjer innanfor den offentlege vidaregåande skolen.

Få kommunar har uttalt seg om privat opplæring. Det blir uttalt støtte til å presisere tilsynsansvaret for kommunen og at dei fastsette læreplanane også skal gjelde for privat heimeopplæring. Det blir også etterlyst minimumskrav til kompetanse for dei som skal stå for heimeopplæringa.

24.6 Vurderingar og framlegg frå departementet

24.6.1 Formålet til tilskotsskolane

Departementet sluttar seg til framlegget frå utvalet om å føre vidare reglane i § 3 bkst. a - c i privatskolelova. Tilskotsreglane i opplæringslovgivinga bør såleis framleis omfatte skolar som er skipa av religiøse eller etiske grunnar, for undervisning av norske barn og norsk ungdom i utlandet og som eit fagleg-pedagogisk alternativ.

Departementet gjer framlegg om å ikkje vidareføre regelen i § 3 bkst. d i privatskolelova. Dette får som konsekvens at det i framtida ikkje vil bli godkjent nye skolar som er grunngitte med i eit kvantitativt behov. Allereie godkjende skolar etter regelen i § 3 bkst. d skal framleis kunne eksistere og få tilskot på dei same vilkåra som i dag. Departementet gjer framlegg om at rettane til dei eksisterande skolane blir lovfest.

Dette vil gjere lovreguleringa av den private opplæringa meir i samsvar med prinsippa i Reform 94. Som følgje av denne reforma har fylkeskommunane plikt til å syte for at alle 16-19-åringane får tre års vidaregåande opplæring. I tillegg skal fylkeskommunane opprette eit visst antall plassar til andre grupper. Ein vil derfor ikkje lenger trenge private skolar på grunn av kvanitativte behov.

Departementet vil dessutan peike på at dette framlegget følgjer opp fråsegna frå fleirtalet i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen i Innst. O. nr. 62 (1994-95).

Justisdepartementet og Utanriksdepartementet viser i sine høyringsfråsegner til artikkel 27 nr. 3 i ILO-konvensjonen om urfolk, som blant anna pålegg Noreg å yte «rimelege ressursar» til å skipe private samiske skolar. Konvensjonen går likevel ut frå at desse skolane «held minstestandardar fastsette av den ansvarlege styresmakta i samråd med desse folkeslaga». Konvensjonen omfattar ikkje plikt til å lovfeste tilskotsretten for slike skolar.

Departementet vil ikkje i denne omgang gjere framlegg om å lovregulere tilskot til private samiske skolar. Departementet viser til at ei slik lovregulering i tråd med dei internasjonale pliktene som Noreg har, må gi rett til godkjenning med tilskot, noko som ikkje bør gjelde for dei andre tilskotsskolane. Reglar om tilskot til samiske skolar kan derfor ikkje fullt ut innpassast saman med dei andre tilskotskategoriane. Dessutan viser departementet til at mangel på lovregulering ikkje hindrar staten i å yte tilskot til slike skolar, dersom det skulle bli sett fram ein søknad om tilskot. Slike søknader er enno ikkje framsette.

Sjå også kapittel 25 om opplæring spesielt organisert for vaksne, der departementet vurderer lovreguleringa av skolar som idag er omfatta av § 3 bkst. e i privatskolelova. Slike skolar skal i framtida regulerast av vaksenopplæringslova.

24.6.2 Bruk av opplæringslova for private skolar med og utan statstilskot

Departementet sluttar seg til framlegget frå utvalet om at den nye opplæringslova som hovudregel ikkje skal omfatte privat vidaregåande opplæring som ikkje får statstilskot etter opplæringslova. Unntak gjeld for studieforbund som gjennomfører vaksenopplæring på vegner av fylkeskommunen, sjå kapittel 25 om opplæring spesielt organisert for vaksne. Departementet sluttar seg også til dei vurderingane som ligg til grunn for framlegget.

Utvalet gjer framlegg om at ei rekkje av reglane for offentlege skolar også skal gjelde private skolar. Det blir i hovudsak vist til at dei same omsyna som grunngir slike krav for offentlege skolar, også gjeld i forhold til private skolar.

Departementet sluttar seg i hovudsak til framlegget og vurderingane frå utvalet på dette punktet. Privat skoleverksemd må nødvendigvis også ha sterke likskapstrekk med den offentlege skolen. Særleg er det vanskeleg å finne grunn til at sikringa av likeverdig opplæring skal vere svakare i private skolar enn i offentlege skolar. Også private skolar må derfor akseptere å komme inn under reglar som sikrar likeverdig opplæring, til dømes minstestandardar om lærarressursar og undervisningstid. Det blir i denne samanhengen vist til den retten - og for ein del også plikta - staten etter folkeretten har til å fastsetje mål for og krav om minstestandard for opplæringa.

Det kan synast uklart om utvalet meiner at dei allmenne reglane om skoletid og undervisningstid skal gjelde fullt ut for private skolar, jf. formuleringa «så langt det passar» (Innstillinga s. 369) og §§ 13-1 og 13-7 i lovutkastet, som ikkje inneheld den same reservasjonen. Departementet legg til grunn at reservasjonen til utvalet siktar til regelen i § 2-2 andre leddet i lovutkastet, som gir kommunen heimel til å gi forskrifter om utvida undervisningstid, og at tidsreglane elles skal gjelde fullt ut for dei private skolane. Departementet gjer framlegg om reglar i tråd med dette.

Departementet viser dessutan til sitt framlegg om krav om å leggje fram politiattest i samband med tilsetjing i offentlege grunnskolar, sjå kapittel 19. Departementet gjer framlegg om at tilsvarande krav også skal gjelde private grunnskolar.

Utvalet gjer framlegg om at undervisningspersonalet ved private skolar skal ha den same retten til fritak for undervisning i kristendomsfaget som tilsette i offentlege skolar. Departementet viser i den samanheng til lov 28.06.1996 nr. 53 som endra grunnskolelova slik at undervisningspersonalet ikkje lenger skal ha rett til fritak frå undervisningsplikt i kristendomsfaget, sjå kapittel 19 om den arbeidsrettslege stillinga til skoleleiarar og undervisningspersonell. Etter dette er det ikkje aktuelt å ha slik rett til fritak ved dei private skolane.

Godkjenningskravet som gjeld for lærebøker i dei offentlege skolane, gjeld i dag ikkje for private skolar, sjå Innst. O. nr. 53 (1994-85) s. 7, jf. Ot.prp. nr. 58 (1983-84) s. 21. Det same gjeld kravet om at boka skal vere gitt ut på både bokmål og nynorsk til same pris. Departementet meiner i motsetnad til utvalet at dei private skolane framleis bør ha sin fridom når det gjeld val av læremiddel. Ei binding vil i alle tilfelle følgje av krava i læreplanen, ved at læreboka skal hjelpe elevane til å nå måla i læreplanen. I denne samanhengen er det mellom anna ein føresetnad at bøkene er i samsvar med dei måla som er knytte til diskriminering og likestilling.

Departementet er samd i framlegget frå utvalet om å føre vidare godkjenningskravet også for grunnskolar som ikkje får statstilskot. På same måten som utvalet går departementet inn for at skolen skal ha rett til godkjenning når dei lovfeste og forskriftsfeste krava er oppfylte, og at brot på krav for godkjenning skal sanksjonerast med bøter.

Departementet går inn for at det framleis skal vere særlege, lovfeste krav for skolar som får statstilskot etter lova. Det omfattar reglar om inntak og om styret for skolen, og er i tråd med framlegget frå utvalet.

Utvalet har ikkje vurdert den ordninga som gjeld i dag til å gjere unntak frå kravet om dagleg leiar ved dei private skolane, jf. psl. § 13 andre leddet. På somme skolar er alternativ leiing ei innarbeidd ordning. Departementet går inn for at ein heimel til å gjere unntak frå det lovfeste rektorkravet i særlege tilfelle også skal gjelde for private skolar, sjå framlegget om ein slik unntaksheimel knytt til offentlege skolar i kapittel 17 om stillingar, tenester og funksjonar.

Endeleg gjer departementet framlegg om det blir gitt heimel til å gjere unntak frå krava til m.a. innhaldet og omfanget i opplæringa for utanlandske og internasjonale grunnskolar i Noreg. Departementet viser her til at desse skolane også i dag blir drivne etter andre læreplanar og at dei norske elevane får støtte til kompletterande opplæring i norsk m.m.

24.6.3 Kompetansen til departementet i samband med tilskotsvedtaket

På same måten som utvalet meiner departementet at søknader om statstilskot i utgangspunktet bør kunne avslåast jamvel om skolen oppfyller alle krav etter lova. I vurderinga kan departementet blant anna leggje vekt på budsjettomsyn. Det blir vist til at tilskotsretten i utgangspunktet gjeld for ubestemt tid. Andre døme på relevante moment i vurderinga kan vere omsynet til den samla skolestrukturen lokalt eller nasjonalt og avveginga mellom skolen som møteplass for dei aller fleste barn og unge i lokalmiljøet og det forholdet at private tilskotsskolar framleis skal vere eit supplement til den offentlege skolen. Vedtaket må likevel gjerast innanfor dei krava om sakleg behandling som følgjer av den allmenne forvaltningsretten.

Departementet sluttar seg også til framlegget frå utvalet om heimel til å gi forskrifter om ytterlegare vilkår, blant anna om utfylling av dei lovfeste krava til formålet for skolen.

Departementet går i motsetnad til utvalet inn for å føre vidare den lovfeste kompetansen til å trekkje tilbake tilskotsvedtaket, jf. psl. § 25 nr. 4. Det blir vist til at både omsynet til elevane på skolen og omsynet til god forvaltning av statlege midlar tilseier at skolane må ha eit aktivt tilsyn. Dersom dette tilsynet skal vere effektivt, må det kombinerast med klare sanksjonar. Heimelen for departementet til å trekkje tilbake tilskotsretten bør derfor gå klart fram i lova. Heimelen skal gjelde alle brot på vilkåra i opplæringslova med forskrifter eller andre vilkår i samband med vedtaket om rett til tilskot. Skolen må få ein rimeleg frist til å rette på forholdet.

24.6.4 Tilskotsreglar og rekneskapsplikt

I St. prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 (1995-96) går det fram at Regjeringa vil ta initiativ til ei nærmare utgreiing av tilskotssystemet til private skolar. Ved kgl. res. 19.04.1996 blei det sett ned eit offentleg utval som skal vurdere reglane om berekning av statlege tilskot for private skolar. På denne bakgrunn går departementet inn for at dei reglane i privatskulelova som gjeld berekning av dei statlege tilskota og skolepengar og plikt til å leggje fram budsjett og rekneskap ikkje blir vurdert oppheva før dette utvalet har lagt fram innstillinga si, og denne innstillinga er blitt behandla.

24.6.5 Uttalerett for kommunen og fylkeskommunen

Somme fylkeskommunar uttrykkjer ønske om rett til å uttale seg i samband med statstilskot til private vidaregåande skolar. Departementet er samd i at det i ein del tilfelle er naturleg at både kommunen når det gjeld grunnskolar og fylkeskommunen når det gjeld vidaregåande skolar, uttaler seg i slike saker. Det er i samsvar med lovreguleringa i dag, jf. psl. § 25 nr. 2, der det heiter at vertskommunen og vertsfylkeskommunen skal gi fråsegner i samband med godkjenning av grunnskolar og vidaregåande skolar. Departementet gjer derfor framlegg om - i motsetnad til utvalet - å føre vidare lovregelen om dette.

24.6.6 Opplæringsplikta og privat heimeopplæring

Departementet sluttar seg til klargjeringa frå utvalet i spørsmålet om kva reglar for offentleg opplæring som skal gjelde tilsvarande for privat heimeopplæring. Departementet legg til grunn at utgangspunktet framleis skal vere skoleplikt, og at privat heimeopplæring berre kan tillatast i få tilfelle, der kommunen er sikker på at foreldra kan gi ei opplæring som både i kvantitet og kvalitet svarer til den opplæringa som blir gitt i skolen.

Reglane i opplæringslova om formålet med opplæring og reglane om innhaldet i opplæringa med forskrifter skal gjelde for heimeopplæringa så lenge desse reglane ikkje kjem i strid med dei folkerettslege pliktene som Noreg har. Departementet går i den samanheng ut frå at dei internasjonale pliktene til Noreg berre i liten grad avgrensar krava etter § 2-3 første leddet i lovutkastet om kva for hovudelement opplæringa skal innehalde, eller krava etter forskriftene om læreplanar. Barn og unge som får heimeopplæring, skal såleis som hovudregel følgje dei same læreplanane som andre elevar.

Departementet viser dessutan til framlegget om å føre vidare det kommunale tilsynsansvaret for heimeopplæringa, sjå kapittel 26 om tilsyn og kontroll. I denne samanhengen presiserer departementet at kommunen skal krevje at barnet skal gå i den offentlege skolen dersom heimeopplæringa ikkje er tilfredsstillande. Alternativt kan foreldra søkje om at barnet blir oppteke på ein godkjend privat skole.

Departementet er også samd i framlegget frå utvalet om å føre vidare retten og plikta for kommunen til å kalle elevane inn til særskilde prøver. Slike prøver må vere grunngitt med tilsynsansvaret til kommunane og det behovet kommunen har for å kontrollere at den opplæringa barna får er i samsvar med læreplanen.

24.6.7 Anna

På same måten som utvalet gjer departementet framlegg om at lova fører vidare tilskotsregel nr. 10 i psl. § 26 om tilskot for kompletterande undervisning til norske statsborgarar som er elevar ved utanlandske og internasjonale grunnskolar, og statstilskot til delvis å dekkje skolepengar for norske statsborgarar som er elevar ved utanlandske eller internasjonale vidaregåande skolar.

Det må likevel sikrast at denne regelen ikkje blir praktisert i motstrid med artikkel 3 litra e i UNESCO-konvensjonen av 14.12.60 mot diskriminering i undervisninga, som forbyr forskjellsbehandling mellom utlendingar busette på territoriet til ein stat og borgarane av staten med omsyn til tilgang til utdanning. I lovutkastet frå departementet er derfor regelen gjord meir generell, slik at tilskot til elevar ved skolar i Noreg ikkje er knytte til norsk statsborgarskap. Departementet presiserer at regelen ikkje fører med seg noka plikt for staten til å yte tilskot.

Departementet er samd med utvalet i at ein bør oppheve det lovfeste kravet om melding av nye tilskotsskolar til Stortinget. Departementet vil i alle tilfelle gi ei slik utgreiing i samband med framlegget til statsbudsjett.

Endeleg viser departementet til framlegget frå utvalet om at tilskotet fell bort i samband med overdraging av skolen. Departementet meiner at dette kan stride mot vesentlege elevinteresser dersom kontinuiteten i opplæringa blir broten. Departementet går derfor imot framlegget frå utvalet på dette punktet, og gjer i staden framlegg om ei lovfest meldeplikt.

Til dokumentets forside