Ot.prp. nr. 36 (1996-97)

Om lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innholdsfortegnelse

6 Formålsparagrafar

6.1 Gjeldande rett

Formålet for grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er i dag regulert gjennom eigne formålsparagrafar i lovgivinga om kvart skoleslag. Det same gjeld fagopplæringa i bedrift og lovgivinga om godkjenning av og tilskot til privatskolar.

Lovreglane om formålet med opplæringa er supplerte gjennom læreplanverket og stiftingsgrunnlaget for private skolar.

Gsl. § 1 uttrykkjer formålet med grunnskolen slik:

«Grunnskolen skal i forståing og samarbeid med heimen hjelpe til med å gje elevane ei kristen og moralsk oppseding, utvikle deira evner, åndeleg og kroppsleg, og gje dei god allmennkunnskap så dei kan bli gagnlege og sjølvstendige menneske i heim og samfunn. Skolen skal fremje åndsfridom og toleranse, og leggje vinn på å skape gode samarbeidsformer mellom lærarar og elevar og mellom skole og heim.»

Etter lovendring av 28. mai 1993 nr. 51 har formålsparagrafen i lov om vidaregåande opplæring og i lov om fagopplæring i arbeidslivet stort sett fått den same ordlyden. I lvgo. § 2 heiter det:

«Den videregående opplæringen tar sikte på å utvikle dyktighet, forståelse og ansvar i forhold til fag, yrke og samfunn, legge et grunnlag for videre utdanning og hjelpe elevene i deres personlige utvikling. Den videregående opplæringen skal bidra til å utvide kjennskapet til og forståelse av de kristne og humanistiske grunnverdier, vår nasjonale kulturarv, de demokratiske ideer og vitenskapelig tenkemåte og arbeidsmåte. Den videregående opplæringen skal fremme menneskelig likeverd og likestilling, åndsfrihet og toleranse, økologisk forståelse og internasjonalt medansvar.»

I lfa. § 1 a heiter det:

«Loven tar sikte på å utvikle dyktighet, forståelse og ansvar i forhold til fag, yrke og samfunn, legge grunnlag for videre utdanning og hjelpe lærlingene i deres personlige utvikling. Opplæringen skal bidra til å utvide kjennskapet til og forståelse av de kristne og humanistiske grunnverdier, vår nasjonale kulturarv, de demokratiske ideer og vitenskapelig tenkemåte og arbeidsmåte. Opplæringen skal fremme menneskelig likeverd og likestilling, åndsfrihet og toleranse, økologisk forståelse og internasjonalt medansvar.»

Vol. § 1 gir følgjande formål med vaksenopplæringa:

«Målet for voksenopplæringen er å hjelpe den enkelte til et mer meningsfylt liv. Denne lov skal bidra til å gi mennesker i voksen alder likestilling i adgang til kunnskap, innsikt og ferdigheter som fremmer den enkeltes verdiorientering og personlig utvikling og styrker grunnlaget for selvstendig innsats og samarbeid med andre yrker og samfunnsliv.»

I psl. § 1 heiter det endeleg:

«Føremålet med denne lova er å medverka til å sikra at det kan skipast og drivast private skular.»

6.2 Framlegget frå opplæringslovutvalet

Utvalet gjer framlegg om at dei lovreglane vi har i dag om formålet med opplæringa i hovudsak blir førte vidare, delte i eigne reglar for grunnskolen og for den vidaregåande opplæringa. Utvalet gjer likevel framlegg om ein del tillegg til dei formålsparagrafane vi har i dag.

For det første bør prinsippet om at opplæringa skal tilpassast til den enkelte eleven, lyftast opp i formålsparagrafen i lova. I tillegg bør enkelte mål knytte til arbeidsmiljø og tryggleik - blant anna om tiltak mot mobbing - takast inn i formålsparagrafen.

Utvalet gjer framlegg om at også formålsparagrafen i grunnskolen blir modernisert i tråd med utviklinga av formålsparagrafen for vidaregåande opplæring. Det skal såleis gå fram av lova at grunnskolen - på same måten som den vidaregåande opplæringa - også skal fremje menneskeleg likeverd og likestilling, økologisk forståing og internasjonalt medansvar. Omvendt bør ikkje berre grunnskolen, men også den vidaregåande opplæringa, ha som formål å fremje gode samarbeidsformer mellom lærarar og elevar.

Formålsparagrafane i lovutkastet frå utvalet (§ 1-2 og § 1-3) inneheld måla om eit felles kunnskaps-, kultur- og verdigrunnlag, eit høgt kompetansenivå hjå folk og livslang læring. Utvalet gjer framlegg om at også oppgåvene i grunnskolen i samband med at elevane får utvikle evnene sine, blir tekne inn i formålsparagrafane. Utvalet peiker på at ei avgrensing til evneomgrepet - slik formålsparagrafen i grunnskolelova i dag gjer - kan oppfattast som utestenging av den sosiale dimensjonen.

Utvalet understrekar at reglane om formålet med grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring ikkje utan vidare kan gjelde for alle delar av verkeområdet for lova. Såleis avgrensar ikkje den kristne forankringa retten hjå foreldra til å velje privat skole som ikkje har ei slik forankring. Passusen om samarbeid med heimen i formålsparagrafen for grunnskolen er til vanleg heller ikkje særleg aktuell i forhold til opplæring særskilt innretta på vaksne.

Lovutkastet frå utvalet fører ikkje vidare den særskilde lovparagrafen om formålet med privatskolelova.

Departementet viser også til framlegget frå utvalet om å gi Kongen i statsråd heimel til å gi utfyllande forskrifter til lovreglane om formålet for grunnskolen og den vidaregåande opplæringa, sjå kapittel 11 om innhaldet i opplæringa og vurdering av elevar og lærlingar.

6.3 Høyringsinstansane

6.3.1 Departementa

Utanriksdepartementet ønskjer ei vurdering av om fleire av måla i FNs barnekonvensjon, og foreldreretten, bør inn i formålsparagrafen. Dessutan meiner Utanriksdepartementet at den kristne formålsparagrafen kanskje kan vere i strid med foreldreretten, og at paragrafen om felles kultur- og verdigrunnlag kan vere i strid med den plikta staten har til å respektere retten for minoritetar til å verne om og utvikle sin eigen kulturelle og religiøse identitet.

Kommunal- og arbeidsdepartementet støttar at utsegna om livslang læring blir teken inn i formålsparagrafen, men ønskjer ei klarare forankring for reopplæring av vaksne eller rett til opplæring for dei som har fått eit mangelfullt tilbod. Dersom fleire vaksne som har fått eit mangelfullt grunnskoletilbod, kan få tilbod om slik opplæring, kan det hjelpe på arbeidsløysa blant personar som har vorte arbeidsledige på grunn av manglande kvalifikasjonar.

Sosial- og helsedepartementet meiner at helsefremjande og førebyggjande innsats bør innarbeidast i formålsparagrafen. Gjennom mål om ein helsefremjande skole sikrar vi fysisk og psykisk utvikling og aktivitet, og det stimulerer til meistring og ansvarsmedvit.

6.3.2 Kommunane

Kommunane uttrykkjer seg i hovudsak positivt om framlegget frå utvalet til formålsparagrafar. Blant anna blir det vist til at formåla har vorte klarare og meir i samsvar med godkjende mål for opplæringa gjennom dei presiseringane som er gjorde. Særleg blir det her peikt på reglane om mobbing og tilpassa opplæring.

Somme kommunar uttaler at samarbeidet mellom heim og skole framleis må vere med i formålsparagrafen for grunnskolen. Andre kommunar peiker på at målet om eit felles kulturgrunnlag ikkje må føre til ein praksis som går ut over andre kulturar.

6.3.3 Andre

Fleire av høyringsinstansane sluttar seg til formålsparagrafane om mobbing og tilpassa opplæring, blant anna Rådet for funksjonshemma. Derimot meiner Senter for lærarutdanning og skoleteneste, Universitetet i Oslo, at plasseringa av tilpassa opplæring i formålsparagrafen svekkjer rettane til elevane.

Opplæringsrådet for duodji vil ha ei formulering om samisk kultur og tradisjon i formålsparagrafen. Eit liknande ønske er sett fram av styret for dei samiske vidaregåande skolane.

Kristne Friskolers Forbund og Norsk Luthersk Misjonssamband går inn for å halde på formålsparagrafen i privatskulelova av i dag. Steinerskolane i Noreg tek eit liknande standpunkt. Blant anna viser dei til at formåla med lov om private skolar og med offentlege skolar er så ulike at det er vanskeleg å sameine dei. Dei private skolane støttar dette standpunktet. Oslo Katolske Bispedømme vil ha ein utvida formålsparagraf i privatskolelova, som også omfattar dei internasjonale pliktene våre.

Når det gjeld barn frå ein buddhistisk heim, kan Buddhistforbundet ikkje sjå at regelen om at elevane skal få ei kristen oppseding er i samsvar med målet om at oppsedinga skal skje i samarbeid og forståing med heimen. Også Sosialistisk Ungdom og Human-Etisk Forbund er negative til den kristne formålsparagrafen.

Kristeleg Folkeparti vil føre vidare formuleringa om gode samarbeidsformer mellom heim og skole i formålsparagrafen for grunnskolen og gjer framlegg om ein likelydande regel for den vidaregåande skolen. Partiet viser blant anna til at framlegget frå utvalet kan oppfattast som ei svekking av samarbeidspliktene. Dette synet deler også Foreldreutvalet for grunnskolen.

Institutt for Kristen Oppseding stiller spørsmål ved om mobbing bør vere med i formålsparagrafane. Det blir vist til at formålsparagrafen skal framheve det positive som skolen skal arbeide fram mot, og ikkje omtale det skolen skal hindre eller avgrense.

Statens ernæringsråd meiner at helsefremjande arbeid bør komme til uttrykk i formålsparagrafen for grunnskolen.

6.4 Vurderingar og framlegg frå departementet

Departementet sluttar seg til framlegget frå utvalet om innhaldet i formålsparagrafane for grunnskolen og for den vidaregåande opplæringa, også framlegget om heimel for nærmare forskrifter (sjå også kapittel 11 om innhaldet i opplæringa og vurdering av elevar og lærlingar). Departementet sluttar seg også til dei vurderingane som ligg til grunn for framlegget frå utvalet.

Departementet er ikkje samd i framlegget frå utvalet om ein eigen formålsparagraf for kvart av skoleslaga. Etter lovutkastet frå utvalet er formålsparagrafane i stor grad likelydande. Departementet meiner derfor at ein felles formålsparagraf for grunnskolen og den vidaregåande opplæringa styrker samanhengen mellom dei to opplæringsnivåa og gir ei meir formålstenleg framstilling av det som er likt og det som skil i formålet for dei to opplæringsnivåa. Ein felles formålsparagraf markerer også at grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er delar av eit felles opplæringsløp.

Som nemnt slår lovutkastet frå utvalet fast at det skal leggjast vekt på å skape gode samarbeidsformer mellom lærarar og elevar. Departementet meiner dette formålet også bør gjelde opplæringa i lærebedrifter og gjer framlegg om at formålsparagrafen får eit tillegg om gode samarbeidsformer mellom lærlingen og bedrifta. Vidare bør samarbeidet mellom skole og arbeidsliv, og mellom skole og heim komme klarare fram i formålsparagrafen.

I vurderingane sine har departementet merka seg at delar av framlegget frå utvalet ikkje passar inn i det som tradisjonelt kan karakteriserast som formål med opplæringa. Det gjeld regelen om at «alle som er knyttet til skolen, skal arbeide for å hindre at elevene kommer til skade eller at de blir utsatt for krenkende ord eller handlinger». Mål knytte til tryggleik og mobbing bør likevel stå sentralt i opplæringa og vere eitt av dei grunnleggjande elementa når forskriftene om den generelle delen av læreplanverket blir fastsette. Desse måla bør derfor gå fram av formålsparagrafane i lova.

Departementet understrekar at plasseringa av målet om tilpassa opplæring i formålsparagrafen ikkje er meint å vere noka endring i forhold til rettstilstanden i dag. Når dette målet er plassert i formålsparagrafen for opplæringa, blir det likevel ei sterkare markering av tilpassa opplæring som grunnleggjande prinsipp for all grunnskole og vidaregåande opplæring.

Når det gjeld formålsparagrafen og forholdet til dei folkerettslege pliktene, viser departementet til eigen lovproposisjon om faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering, sjå også kapittel 1.

Til dokumentets forside