Ot.prp. nr. 36 (1996-97)

Om lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innholdsfortegnelse

25 Opplæring spesielt organisert for vaksne

25.1 Innleiing

Utvalet gir i NOU 1995: 18 kapittel 40 (punkt 40.3) ei framstilling av gjeldande rett knytt til opplæring spesielt organisert for vaksne.

Når det gjeld spesialundervisning på grunnskoleområdet for ungdom i alderen 16-20 år og for vaksne, viser departementet til framstillinga og vurderingane i kapittel 8 om opplæring for barn, unge og vaksne med særlege behov og kapittel 16 om skyss og innlosjering. Vidare er ansvaret for vaksenopplæringa behandla i kapittel 27 om ansvars- og finansieringreglar, og klagereglane er behandla i kapittel 29 om forholdet til den allmenne forvaltningsretten.

Departementet viser også til kapittel 19 der det blir gjort framlegg om at heimelen i vaksenopplæringslova § 9 andre ledd til å gi forskrift om at lærarstillingar i offentlege utdanningsinstitusjonar heilt eller delvis kan bli tillagde oppgåver i vaksenopplæringa, blir oppheva for tilsette i grunnskolar og vidaregåande skolar.

25.2 Framlegget frå opplæringslovutvalet

25.2.1 Grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring spesielt organisert for vaksne

Som nemnt i kapittel 4 og 5 gjer utvalet framlegg om at grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring spesielt organisert for vaksne som kommunen eller fylkeskommunen er ansvarleg for, skal regulerast av den nye opplæringslova, ikkje av vaksenopplæringslova som i dag. Det omfattar også slik opplæring som studieforbunda gir etter oppdrag frå kommunar eller fylkeskommunar, og slik opplæring i fylkeskommunale arbeidsmarknadskurs.

Utvalet tek stilling til kva reglar i den nye lova som skal gjelde for slik opplæring. Det omfattar etter fleirtalet si meining føresegnene om statleg tilsyn og kontroll og om formål med opplæringa og heimlar for departementet til å gi forskrifter om læreplanar og vurdering. Vidare skal departementet framleis ha heimel til å gi forskrifter om kompetansekrav for medarbeidarar i vaksenopplæringa.

Utvalet viser til at kommunen og fylkeskommunen skal vere ansvarlege for opplæring spesielt organisert for vaksne etter den nye opplæringslova, også når studieforbunda gjennomfører opplæringa. På denne bakgrunn ser ikkje utvalet behov for lovreglar om studieforbunda sin bruk av dei kommunale eller fylkeskommunale skoleanlegga i denne samanhengen, jf. vaksenopplæringslova § 21.

Eit mindretal går imot at mange av reglane i lova ikkje skal gjelde for slik opplæring.

25.2.2 Anna vaksenopplæring

Utvalet finn derimot ikkje grunn til å gi ei fullstendig vurdering av dei andre delane av vaksenopplæringslova. Utvalet viser mellom anna til at lovføresegnene vil bli nærmare vurderte i samband med den satsinga på vaksenopplæring og folkeopplysning som Regjeringa varsla i St.meld. nr. 4 (1992-93) Langtidsprogrammet 1994-97.

Forslaga frå utvalet er derfor avgrensa til endringar som er nødvendige av omsyn til mellom anna samordning med andre lover.

Vaksenopplæringslova inneheld i dag føresegner om kortare kurs ved folkehøgskolane i § 2 nr. 5, § 3 første leddet nr. 4, § 4 første leddet nr. 3 og § 18 andre leddet. Utvalet vurderer det slik at desse føresegnene er overflødige ved sida av § 12 første leddet i lov 08.06.1984 nr. 64 om folkehøgskolar. Utvalet gjer derfor framlegg om at dei nemnde føresegnene blir oppheva.

Som følgje av den omstruktureringa som har gått for seg i universitets- og høgskolesektoren, gjer utvalet framlegg om å oppheve § 13 i vaksenopplæringslova om distriktshøgskolestyret som styringsorgan for førstegongsutdanning og etterutdanning ved institusjonar som inngår i distriktshøgskolesystemet.

Dei to samiske studieforbunda - Samenes Landsforbund og Samisk Studieutvalg - tilfredsstiller ikkje godkjenningskrava når det gjeld organisering, utbreiing og omfang. Utvalet finn det viktig å sikre at dei to forbunda kan ta hand om vaksenopplæringa for den samiske folkegruppa, og gjer såleis framlegg at godkjenningskrava ikkje fullt ut skal gjelde for dei.

Eitt av dei vilkåra utvalet viser til, er at eit studieforbund skal bestå av to eller fleire medlemsorganisasjonar. I dag finst det to samiske studieforbund som ikkje har samanfallande ideologi. Av den grunn kan ein, slik utvalet ser det, ikkje vente at dei skal gå saman om å opprette eit felles forbund.

Eit anna vilkår for godkjenning er at studieforbundet har ein gjennomsnittleg aktivitet på 20 000 studietimar per år med rett til tilskott. Den samiske folkegruppa er eit fåtalig minoritetsfolk. Derfor bør det etter utvalet si meining ikkje stillast same krav til samiske studieforbund som til andre studieforbund når det gjeld timetal for å få statsstøtte.

Vidare bør det etter utvalet si oppfatning ikkje stillast krav om at samiske studieforbund må ha organisasjonsledd i minst ti fylke for å få statsstøtte. Sidan det er den samiske befolkninga som dannar grunnlaget for aktiviteten, vil det ikkje vere mogleg for samiske studieforbund å ha underledd i så mange fylke.

I tråd med dagens språkbruk gjer utvalet framlegg om at nemninga «studieforbund» blir teken inn i vaksenopplæringslova i staden for «tilskottsberettigede organisasjoner og institusjoner» og «opplysningsorganisasjoner». Tilsvarande gjer utvalet framlegg om at «yrkesopplæring for voksne som ledd i arbeidsmarkedspolitikken» blir erstatta med «arbeidsmarkedsopplæring».

For å få mest mogleg einsarta språkbruk, i samsvar med forvaltningslova § 2 og kap. VII, gjer utvalet også framlegg om at departementet sin kompetanse til å gi nærmare «regler» i vaksenopplæringslova §§ 3, 7, 8, 9, 10, 11, 15, 19, 20, 21, 22, 23, 24 og 25 blir erstatta med «forskrifter». Det blir til slutt gjort framlegg om at Kongens kompetanse i § 2 til å fastsetje nærmare «bestemmelser» om lova sitt område blir erstatta med «forskrifter». Utvalet ser det slik at dette vil gjere det klarare at ein skal følgje føresegnene i forvaltningslova om mellom anna utgreiingsplikt, høring, formkrav og kunngjering.

Endeleg viser departementet til framlegget frå fleirtalet i utvalet om ikkje å føre vidare regelen om godkjenning av private skolar etter psl. § 3 bkst. e i den nye opplæringslova, sjå kapittel 4 om lovstruktur. Fleirtalet meiner at vaksenopplæringslova er ein mogleg plass for å regulere tilskot til slike skolar.

25.3 Høyringsinstansane

Lærarforbundet hevdar at forslaga frå utvalet inneber deregulering av kompetansegivande vaksenopplæring. Det at opplæringa er spesielt organisert for vaksne, vil i praksis berre seie at opplæringa blir gjennomført raskare enn den progresjon som er fastsett i læreplanane. Slik organisering kan etter Lærarforbundet si oppfatning ikkje i seg sjølv vere grunn for å unnta opplæringa frå lovføresegnene om kompetanse for undervisningspersonalet, organisering av undervisninga, rett til spesialundervisning osv.

Lærarforbundet meiner at studieforbund bør kunne drive kompetansegivande grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring mellombels, etter godkjenning av forbundet frå staten, dersom det ligg føre særskilde årsaker: Ettersom dette prinsipielt vil svare til anna privatskoleopplæring, bør det vere sjølvsagt at lovføresegnene, og spesielt kompetanse-føresegnene, skal gjelde for denne opplæringa så langt dei høver, og at personalet skal vere sikra dei same lønns- og arbeidsvilkår som i det offentlege skoleverket. Det må dessutan vere eit krav at opplæringa ikkje skal koste elevane meir enn tilsvarande opplæring i offentleg regi. Dersom det ikkje blir stilt slike krav til den opplæringsverksemda studieforbunda driv, vil forbunda kunne få ein heilt urimeleg konkurransefordel i forhold til opplæring på same område i det offentlege skoleverket.

Av omsyn til at fylkeskommunar og kommunar har behov for fleksibilitet, set Finansdepartementet spørsmålsteikn ved om det er behov for ein heimel for å gi forskrifter om særlege kompetansekrav for undervisningspersonell i opplæring spesielt organisert for vaksne.

Samisk Studieutvalg støttar forslaget om å unnta studieforbund for og blant samar frå ein del av lova sine vilkår for å godkjenne studieforbund med rett til tilskott. Studieutvalet støttar også forslaga elles om endringar i vaksenopplæringslova.

Sentralorganet for fjernundervisning på universitets- og høgskolenivå støttar forslaget om å oppheve § 13 om regionalt styringsorgan i vaksenopplæringslova. Det blir vist til at dette er ei nødvendig lovendring som samsvarer med høgskolereforma.

Norske Privatskolers Landsforbund går imot å oppheve lovreguleringa av private vidaregåande skolar som har til formål å gi yrkesretta opplæring i offentlege skolar (psl. § 3 bkst. e). Det blir blant anna vist til at skolane gir ei verdifull opplæring på ulike fagområde som dei offentlege skolane ikkje dekkjer.

Kristne Friskolers Landsforbund, Norsk Luthersk Misjonssamband, Forum for kunstfaglig grunnutdanning og Steinerskolane meiner også at skolar utan parallellar i det offentlege skoleverket skal vere omfatta av lovreglane om tilskot.

25.4 Vurderingar og framlegg frå departementet

25.4.1 Generelt

Med unntak for ei mindre endring knytt til vilkår for godkjenning av samiske studieforbund og til nye lovreglar nemnde i punkt 25.4.2 nedanfor, er departementet einig i forslaga frå utvalet om endringar i vaksenopplæringslova.

Departementet er einig i at dei samiske studieforbunda skal unntakast frå kravet om landsomfattande verksemd og kravet om at dei må bestå av to eller fleire organisasjonar. Når det gjeld unntak frå kravet om aktivitetsomfang, kan lovutkastet frå utvalet gi det feilaktige inntrykk at det ikkje skal kunne krevjast eit minstetal studietimar også for slike studieforbund, sjølv om det ikkje vil vere naturleg å krevje det same timetalet som for studieforbunda elles. Kravet om 20 000 studietimar per år med rett til tilskot er i dag fastsett i forskrift. Det er derfor ikkje nødvendig med lovendring - slik utvalet gjer framlegg om - for å opne for eit lågare timetal for dei samiske studieforbunda.

Departementet er også einig med utvalsfleirtalet i spørsmålet om kva lov- eller forskriftsfeste krav som skal gjelde for grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring spesielt organisert for vaksne som kommunen eller fylkeskommunen er ansvarleg for. Lovutkastet her er i hovudsak ei vidareføring av den noverande lovreguleringa av slik opplæring. Departementet har merka seg synspunkta frå Lærarforbundet, men har ikkje funne grunn til å skjerpe krava i forhold til det som gjeld idag.

Til liks med utvalet finn departementet ikkje grunn til å gjennomgå heile vaksenopplæringslova i denne proposisjonen. Eit offentleg utval greier no ut etter- og videreutdanninga for vaksne, jf. kgl. res. 27.09.96. Departementet vil i samband med oppfølginga av dette arbeidet vurdere eventuelle endringar i vaksenopplæringslova. Sjå også kapittel 2 om bakgrunnen for lovutkastet.

25.4.2 Ny lovregulering i vaksenopplæringslova knytt til yrkesretta opplæring

Som nemnt i kapittel 4 meiner departementet at skolar som idag er omfatta av § 3 bkst. e i privatskolelova, ikkje passar inn i ei felles lov om grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring og at tilskota til slike skolar bør regulerast i vaksenopplæringslova.

Departementet foreslår ein lovregel i vaksenopplæringslova som fører vidare § 3 bkst. e i privatskolelova. Opplæringa skal ikkje lenger beskrivast i lova som vidaregåande opplæring. Dei skolane som idag er godkjende med rett til tilskot, skal framleis motta tilskot frå staten, og nye skolar kan godkjennast etter dei same prinsippa som idag.

Om tilbodet skal godkjennast, må - som i dag - følgje av ei skjønnsmessig vurdering i departementet. Blant anna må departementet vurdere om læreplanane og undervisningsopplegget elles har nødvendig kvalitet. Det kan berre godkjennast heiltidstilbod. Knytt til den enkelte godkjenninga kan departementet setje vilkår. Dette kan til dømes vere krav som i dag følgjer av privatskolelova. Departementet gjer i tillegg framlegg om ein heimel til å gi forskrifter om slike vilkår.

Som nemnt i kapittel 24 blei det ved kgl. res. 19.04.1996 sett ned eit offentleg utval som skulle vurdere reglane om berekning av statlege tilskot til private skolar. På denne bakgrunn går departementet inn for at dei reglane i privatskulelova som gjeld berekning av dei statlege tilskota og skolepengar ikkje blir vurderte oppheva før dette utvalet har lagt fram innstillinga si, og denne innstillinga er blitt behandla. Departementet vil såleis gå inn for at den nye regelen i vaksenopplæringslova inntil vidare viser til desse reglane når det gjelder berekning av tilskot.

Tekniske fagskolar har i dag ingen klar heimel - korkje i lov om vidaregåande opplæring eller i vaksenopplæringslova. Det er eit vilkår for å kunne bli teken inn på desse skolane at søkjaren alt har fullført vidaregåande opplæring.

Som nemnt ovanfor vil departementet i samband med oppfølginga av arbeidet med etter- og vidareutdanning for vaksne vurdere eventuelle endringar i vaksenopplæringslova. Slike endringar kan óg vere knytte til tekniske fagskolar. Inntil slike endringar kan bli vurderte, er det likevel behov for å gi forskrifter om innhaldet i opplæringa ved dei tekniske fagskolane. Departementet gjer derfor framlegg om at vaksenopplæringslova får heimel til å gi slike forskrifter.

Departementet viser også til kapittel 27 om ansvars- og finansieringsreglar, der det er gjort framlegg om at fylkeskommunane framleis skal kunne rekne med dei tekniske fagskolane i forhold til dei forskriftsfeste krava til omfanget av den vidaregåande opplæringa i fylket.

Til dokumentets forside