Ot.prp. nr. 36 (1996-97)

Om lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innholdsfortegnelse

28 Overgangsreglar

28.1 Framlegget frå opplæringslovutvalet

Utvalet har vurdert overgangsreglar knytte til framlegga om å normalisere stillingsvernreglane for undervisningspersonell. Utvalet gjer framlegg om at undervisningspersonell som sit i uoppseieleg stilling når lova blir sett ut i livet, skal få halde på denne statusen. For dette personellet skal retten etter gsl. § 24 nr. 1 andre leddet første og andre punktum og § 24 nr. 2 til å overføre fast tilsett personell til ein annan grunnskole, og regelen om at lønna ikkje kan setjast ned i slike tilfelle (gsl. § 24 nr. 1 andre leddet tredje punktum), framleis gjelde.

Utvalet gjer ikkje framlegg om ytterlegare overgangsreglar i samband med å oppheve dei særlege stillingsvernreglane.

Dessutan viser utvalet til framlegget sitt om å lovfeste kravet om pedagogisk praksis i eitt år, mot tidlegare eit halvt år, og framlegget om å lovfeste utvidinga av allmennlærarutdanninga frå tre til fire år. Utvalet gjer framlegg om at krava om lengre studietid berre skal gjelde personar som avsluttar utdanninga etter at lova tek til å gjelde.

Når det gjeld framlegg om endringar i privatskolelova, viser utvalet til merknadene i Ot.prp. nr. 32 (1994-95) Om lov om endringar i lov 14. juni 1985 nr. 73 om tilskot til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring (privatskulelova) s. 2. Utvalet legg såleis til grunn at endringane ikkje skal få verknad for eksisterande godkjenningar, men reknar det ikkje som nødvendig med lovregulering.

I fleire tilfelle gjer utvalet framlegg om avgrensingar i eller bortfall av forskriftskompetansen for departementet. Utvalet legg til grunn at forskrifter som ikkje har heimel i den nye lova, fell bort når det nye lova blir sett ut i livet, i den grad Kongen - i forskrifter om når lova skal ta til å gjelde - for ein overgangsperiode ikkje avgjer noko anna. Dei eksisterande forskriftene som er dekte av heimelsreglar i den nye lova, kan derimot i ei forskrift om kva tid lova skal ta til å gjelde, få uavgrensa verknad i tid også etter at lova har teke til å gjelde.

Utvalet tilrår at ein går gjennom dei eksisterande rundskriva med tanke på oppheving eller vidareføring i samband med at lova skal setjast ut i livet.

I tilknyting til grunnskolereforma legg utvalet til grunn at elevar som alt er i grunnskolen når lova tek til å gjelde, ikkje skal vere omfatta av retten til ti års grunnskoleopplæring, jf. Ot.prp. nr. 21 (1993-94) s. 21. Dessutan tilrår utvalet at førskolelærarar utan tilleggsutdanning i ein nærmare avgrensa overgangsperiode skal kunne tilsetjast for å undervise i første klasse i den 10-årige skolen.

28.2 Høyringsinstansane

Berre to kommunar har uttalt seg om denne delen av innstillinga. Kommunane er samde i at fast tilsette lærarar får halde på statusen sin.

28.3 Vurderingar og framlegg frå departementet

Departementet sluttar seg til framlegget frå utvalet om overgangsordningar for personell som er tilsett i uoppseielege stillingar når lova blir sett ut i livet. Departementet er også samd i at det ikkje blir fastsett ytterlegare overgangsordningar i samband med å oppheve dei særskilde stillingsvernreglane i grunnskolen.

Departementet sluttar seg også til vurderinga frå utvalet om endringar i vilkåra for dei private skolane. Desse skolane skal såleis halde på dei eksisterande godkjenningane. Nye søknader frå eksisterande eller nye skolar skal likevel vurderast etter dei nye reglane, i tråd med vurderingane i Ot.prp. nr. 32 (1994-95).

Når det gjeld framlegget frå utvalet om overgangsreglar knytte til krav om pedagogisk praksis, viser departementet til kapittel 18 der det blir gjort framlegg om at endringar i kompetansekrava for undervisningspersonell og innhaldet i lærarutdanninga først blir vurdert seinare.

Departementet viser elles til framlegget om å oppheve ordninga med lærarstyrte skolar, sjå kapittel 17 om stillingar, tenester og funksjonar. Departementet meiner at skolar som i dag blir styrte av lærarar med heimel i gsl. § 17 nr. 4 tredje leddet, bør få noko tid til å avvikle ordninga. Det blir derfor gjort framlegg om at skolar som har skipa ei leiingsordning med heimel i gsl. § 17 nr. 4 tredje leddet når lova blir sett ut i livet, skal vere unnatekne frå rektorkravet i lova i ein periode på fem år.

Lovendringane knytte til grunnskolereforma skal gjelde for elevar som tek til i grunnskolen som 6-åringar frå og med skoleåret 1997-98, jf. Ot.prp. nr. 21 (1993-94) s. 21 og kgl.res. 23.06.95. Det vil seie at elevar som alt er i grunnskolen når lova tek til å gjelde, skal ha ni års grunnskolegang. I lovutkastet er alle tilvisingar til klassetrinn baserte på ti års grunnskolegang. Lovutkastet skal likevel gjelde tilsvarande for elevar i niårig skolegang. Det blir gjort framlegg om nødvendige lovreglar om dette.

Til forsiden