Ot.prp. nr. 36 (1996-97)

Om lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innholdsfortegnelse

15 Skoleanlegg og læremiddel. Helse og arbeidsmiljø

15.1 Gjeldande rett

15.1.1 Grunnskolen

Etter gsl. § 10 nr. 1 skal kommunen sørgje for at alle skolar har nødvendig innbu og læremiddel. Etter gsl. § 10 nr. 3 skal kommunen sørgje for at elevane får gratis «lære- og lesebøker, skrive- og teiknesaker og anna undervisningsmateriell». Regelen sikrar ei viktig side av prinsippet om gratis opplæring i grunnskolen, jf. kapittel 7 om rett og plikt til opplæring.

I motsetnad til andre læremiddel som blir brukte i grunnskolen, skal lærebøker vere godkjende av departementet, jf. gsl. § 39. Lærebokverk i andre fag enn norsk skal liggje føre samtidig og til same pris i begge målformer, jf. § 39 nr.1 andre leddet. Departementet kan gjere unntak frå kravet om begge målformer. Etter gsl. § 40 nr. 2 skal lesebøkene ha nok tekst på begge målformer til at elevane kan lære å lese både bokmål og nynorsk.

I forskrift av 13.01.1984 om godkjenning av lærebøker for grunnskolen og den vidaregåande skolen § 1 er kompetansen til å godkjenne ordinære lærebøker delegert til Nasjonalt læremiddelsenter, mens Norsk språkråd godkjenner ordlister. Forskrifta har unntak frå kravet om godkjenning for valfagbøker, så nær som for lærebøker i det andre framandspråket i grunnskolen. Lærebøker i kristendomskunnskap skal gjennomgå ei særskild gransking, jf. § 4 i forskrifta.

Departementet skal sørgje for at det blir utarbeidd lærebøker og andre læremiddel for spesialundervisninga og hjelpemiddel for rådgivingstenesta, jf. gsl. § 7 nr. 7.

Etter gsl. § 10 nr. 1 skal kommunen sørgje for tenlege grunnskolar. Grunnskoleforskrifta set visse krav om planlegging og utforming av skoleanlegg. Etter gsl. § 10 nr. 4 er det alkoholforbod i skolar og i anlegg som inneheld skole. Dessutan inneheld § 10 nr. 4 ein regel om at skoleanlegg bør brukast til kulturelle og sosiale formål utanom skoletida. Skoleanlegga og planlegginga i kommunen er også omfatta av reglane i plan- og bygningslova av 14.06.1985 nr. 77.

I tillegg er lov 11.06.1982 nr. 66 om helsetenesta i kommunane (kommunehelsetenestelova), kapittel 4 a om miljøretta helsevern, viktig for utforminga og drifta av skoleanlegga. Med heimel i blant anna § 4a-1 andre leddet og § 4a-4 andre leddet er det fastsett forskrift 01.12 1995 nr. 928 om miljøretta helsevern i barnehagar og skolar. Formålet med forskrifta er å medverke til at miljøet i blant anna grunnskolen fremjar helse, trivsel og gode sosiale forhold og miljøforhold, og førebyggjer sjukdom og skade.

Også arbeidsmiljølova er viktig for utforming og drift av grunnskoleanlegga. Arbeidsmiljølova gjeld likevel berre for arbeidstakarane på skolen, ikkje for elevane.

I gsl. § 16 første leddet og i grunnskoleforskrifta er det gitt reglar om arbeidsmiljø og samarbeid i grunnskolen. Blant anna fastset § 1-7 nr. 3 i grunnskoleforskrifta at kvar elev skal ha ein tilpassa arbeidsplass. Etter gsl. § 22 nr. 1 skal personalet hjelpe til med å skape eit godt skolemiljø. Lova inneheld også reglar om elevar som er med i arbeidslivet, jf. § 15, som pålegg arbeidsgivaren å tilpasse arbeidstida til skolegangen til eleven.

Gsl. § 11 første og andre leddet og 10 nr. 4 andre punktum og psl. § 6 gir uttrykkjelege tilvisingar til helselovgivinga. Etter gsl. § 11 tredje leddet kan departementet gi forskrifter om helsetilsyn og medisinsk hjelp for elevar som får spesialundervisning. Det er ikkje gitt slike forskrifter. Etter § 1-3 i kommunehelsetenestelova skal helsetenesta i kommunen blant anna omfatte helsetenester i skolen.

15.1.2 Vidaregåande opplæring

Etter lvgo. § 12 skal fylkeskommunen sørgje for at den vidaregåande skolen har tilgang på nødvendig utstyr, inventar og læremiddel. I motsetnad til kravet i grunnskolelova om at skolen sjølv skal ha det nødvendige materiellet, kan det for vidaregåande skolar vere nok å disponere utstyret eller læremiddelet utanfor skolen (sjå Ot.prp. nr. 31 (1992-93) s. 23).

Med heimel i lvgo. § 38 fjerde leddet er det gitt forskrifter om godkjenning av lærebøker. Forskriftene er dei same som for grunnskolen (sjå ovanfor).

Det same kravet om lærebøker på begge målformer gjeld for den vidaregåande skolen som for grunnskolen. Kravet for den vidaregåande skolen er utvida til å gjelde alle læremiddel, jf. § 38 andre leddet.

Etter lvgo. § 38 tredje leddet skal Stortinget kvart år løyve tilskot til utgiving av lærebøker. Dessutan skal staten «medverke til å fremme rasjonell produksjon og bruk av læremiddel», jf. § 38 første leddet.

Etter lvgo. § 12 skal fylkeskommunen sørgje for lokale for den vidaregåande skolen. Lvgo. § 4 tredje leddet regulerer kva for omsyn ein skal ta når ein planlegg og byggjer ut den vidaregåande opplæringa, sjå kapittel 27. Skoleanlegga og planlegginga i fylkeskommunen er også omfatta av reglane i plan- og bygningslova 14.06.1985 nr. 77.

Kommunehelsetenestelova § 1-3 om helseteneste i skolane gjeld også for vidaregåande skolar. Det same gjeld forskrifta om miljøretta helsevern i barnehager og skolar som er fastsett i medhald av kommunehelsetenestelova.

På same måten som for grunnskolen gjeld arbeidsmiljølova berre for arbeidstakarane på skolen, ikkje for elevane. Unntak frå dette gjeld elevar som er utplasserte på praksisplassar. Dessutan er lærlingar i lærebedrifter rekna som arbeidstakarar etter arbeidsmiljølova, jf. lfa § 17.

15.2 Framlegget frå opplæringslovutvalet

Utvalet gjer framlegg om i hovudsak å føre vidare det lovfeste kravet til læremiddel, inventar og utstyr i skolen. Det bør likevel opnast for at også grunnskolar - på same måten som dei vidaregåande skolane - kan oppfylle desse krava ved å disponere læremiddel og utstyr som er plasserte utanfor skolen, til dømes i lokale bedrifter. Utvalet understrekar at dette ikkje skal opne for nokon reduksjon i tilgangen på læremiddel og utstyr for elevane.

Dessutan blir det gjort framlegg om at grunnskoleelevane framleis skal få eller på annan måte haldast med nødvendige læremiddel og utstyr til eige bruk, slik det i dag følgjer av gsl. § 10 nr. 3. Elevane i den vidaregåande opplæringa bør framleis kjøpe inn læremiddel og utstyr til eige bruk. Sjå nærmare om retten til gratis opplæring i kapittel 7 om rett og plikt til opplæring.

Fleirtalet i utvalet finn ikkje grunn til å gjere framlegg om å føre vidare forskriftskompetansen til departementet etter gsl. § 12 nr.1 a. Mindretalet meiner at departementet bør ha forskriftskompetanse på dette området for både grunnskolen og den vidaregåande opplæringa.

Utvalet gjer framlegg om å føre vidare den særskilde reguleringa i gsl. § 40 nr. 2 av målformer i lesebøker for grunnskolen. Dessutan meiner utvalet at kravet som gjeld i dag om at andre lærebøker skal vere utgitt på både bokmål og nynorsk og til same pris, bør førast vidare. Utvalet presiserer at kravet om begge målformer skal gjelde overfor skoleeigaren.

Departementet bør framleis ha heimel til i særlege tilfelle å gjere unntak frå kravet om begge målformer. Utvalet gjer derimot ikkje framlegg om ein slik generell unntaksheimel som departementet i dag har etter lvgo. § 38 andre leddet og gsl. § 39 nr. 1 andre leddet.

Fleirtalet i utvalet gjer framlegg om at kravet om begge målformer blir avgrensa til lærebøker. Mindretalet meiner at alle læremiddel i utgangspunktet må omfattast av kravet om begge målformer.

Fleirtalet i utvalet gjer framlegg om at kravet om statleg godkjenning av lærebøker blir oppheva. Departementet bør ha heimel til å gi forskrifter om plikt til å hente inn og publisere sakkunnig vurdering av lærebøker som blir brukte i grunnskolen eller i den vidaregåande opplæringa. Mindretalet meiner at dersom oppheving av godkjenningsordninga har som konsekvens at ein ikkje lenger kan forplikte forlaga til å gi ut språklege parallellutgåver av lærebøker, kan desse medlemmene ikkje støtte framlegget om å oppheve godkjenningsordninga.

Utvalet tilrår at spørsmålet om å la arbeidsmiljølova gjelde for elevar eller ta særreglar om arbeidsmiljø inn i opplæringslovgivinga blir vurdert særskilt. Utvalet gjer framlegg om at innhaldet i dei reglane om arbeidsmiljøet som i dag finst i grunnskolelova og i lov om vidaregåande opplæring, i hovudsak blir førte vidare inntil resultatet av ei slik utgreiing ligg føre. Reglane bør plasserast i formålsparagrafen i lova. Utvalet viser i denne samanhengen også til framlegget sitt om å gi departementet kompetanse til å gi forskrifter om rammer for dagleg skoletid og pausar, sjå kapittel 14 om tidsrammene for undervisninga.

Dessutan gjer utvalet framlegg om å lovfeste retten for elevane til tilpassa arbeidsplass, og at retten skal gjelde for både grunnskolar og vidaregåande skolar, sjå ei nærare grunngiving i kapittel 8 om opplæring for barn, unge og vaksne med særlege behov.

Utvalet gjer også framlegg om at pålegget i grunnskoleforskrifta om at skolen skal arbeide for å sikre elevane mot skadar, blir teke inn i formålsparagrafen i lova, og at regelen skal gjelde for både grunnskolen og den vidaregåande skolen. På tilsvarande måte må ein lovfeste arbeidet for å hindre at elevane blir utsette for krenkjande ord eller handlingar. I lovutkastet blir ansvaret lagt direkte på alle som er knytte til skolen. Ein går likevel ut frå at kommunen og fylkeskommunen legg forholda til rette slik at dei tilsette kan oppfylle ansvaret sitt. Det blir gjort framlegg om at departementet får kompetanse til å gi nærmare forskrifter om tryggleiken til elevane.

All regulering av arbeidsmiljøet i arbeidslivet utanfor skolen bør visast til systemet i arbeidsmiljølova. Utvalet gjer såleis framlegg om å oppheve reglane i grunnskolelova § 15 om at arbeidstida skal vere tilpassa skolegangen til eleven.

Forutan § 14-3 femte leddet i lovutkastet om fylkeskommunal planlegging og utbygging av vidaregåande opplæring gjer ikkje fleirtalet i utvalet framlegg om ytterlegare reglar om skoleanlegg og planlegging. Dette vil seie at regelen i grunnskolelova § 10 om at kommunen skal syte for tenlege skolar fell bort. Fleirtalet viser til at slike forhold i tilstrekkeleg grad blir regulerte av meir generell lovgiving i mellom anna plan- og bygningslova, arbeidsmiljølova og kommunehelsetenestelova.

Fleirtalet i utvalet finn ikkje at særlege forhold kan grunngi særskild regulering av alkoholbruk i anlegg med grunnskolar. Ein går i den samanhengen ut frå at kommunane regulerer alkoholbruken i slike anlegg på ein forsvarleg måte, både som skoleeigar og som godkjenningsinstans i samsvar med dei allmenne reglane i lov 02.06.1989 nr. 27 om omsetning av alkoholhaldig drikk (alkohollova). Mindretalet gjer framlegg om å føre vidare det særskilde alkoholforbodet i grunnskoleanlegg.

Endeleg gjer utvalet framlegg om å oppheve dei lovfeste tilvisingane til helselovgivinga, og forskriftsheimelen i gsl. § 11 tredje leddet.

Utvalet gjer framlegg om å føre vidare regelen om tilskot til lærebøker i den vidaregåande opplæringa, sjå kapittel 27 om ansvars- og finansieringsreglar.

15.3 Høyringsinstansane

15.3.1 Departementa

Kommunal- og arbeidsdepartementet er i utgangspunktet svært skeptisk til å la arbeidsmiljølova gjelde for skoleelevar, men ønskjer at arbeidsmiljøet for elevar blir teke opp til nærmare vurdering.

Kulturdepartementet er ueinig i at kravet om parallellutgåver blir avgrensa til lærebøker og at godkjenningskravet for lærebøker blir fjerna. Dette departementet understrekar særleg behovet for at også elektroniske læremiddel som blir brukte fast i undervisninga, er tilgjengelege på begge målformer.

Sosial- og helsedepartementet viser til behovet for å trekkje inn helsepersonell i opplæringa, og meiner det er viktig at lovtilvisinga til den allmenne helselovgivinga blir ført vidare i den nye opplæringslovgivinga. Sosial- og helsedepartementet går også imot å oppheve alkoholforbodet i grunnskolane. Det blir vist til NOU 1995:24, som også går imot dette framlegget. Dette departementet gjer i tillegg framlegg om forbod mot tobakksbruk i skoleanlegg.

Elles meiner Sosial- og helsedepartementet at det svekkjer sikringa av helsetenestetilbodet til funksjonshemma dersom ein opphevar forskriftsheimelen for helsetilsyn og medisinsk hjelp for elevar som får spesialundervisning. Det blir vist til at kommunehelsetenestelova er for generell til å sikre dei same omsyna som denne regelen.

Finansdepartementet støttar generelt framlegget frå utvalet i denne delen av innstillinga. Dette departementet går likevel ut frå at kravet om tilpassa arbeidsplass for elevane ikkje fører til høgare standardkrav enn det som følgjer av lovgivinga i dag.

15.3.2 Kommunane og Kommunenes Sentralforbund

Østfold fylkeskommune vil ha ei godkjenningsordning eller eventuelt ei deklarasjonsordning for lærebøker som sikrar standarden.

Med få unntak går alle kommunane som har uttalt seg om spørsmålet, imot å oppheve alkoholforbodet for grunnskoleanlegg. Framlegget om å oppheve godkjenningsordninga for lærebøker får heller ikkje særleg støtte frå kommunane.

Ei rekkje kommunar går inn for forskrifter om utstyr og læremiddel. Det blir blant anna vist til at det kan sikre elevane eit nokolunde likeverdig tilbod, uavhengig av geografiske og økonomiske forhold.

Somme kommunar støttar framlegget frå utvalet om ei vurdering med sikte på at rettane for elevane blir like godt sikra som arbeidsmiljølova no sikrar arbeidstakarane i yrkeslivet.

Kommunenes Sentralforbund støttar framlegget frå utvalet om å lovregulere læremiddel og utstyr.

15.3.3 Andre

Enkelte andre høyringsinstansar seier seg usamde i å oppheve alkoholforbodet i grunnskolane. Det gjeld blant anna Avholdsfolkets Landsråd. Norsk Skolelederforbund støttar oppheving av alkoholforbodet.

Nasjonalt læremiddelsenter meiner at å fjerne godkjenningsordninga for lærebøker signaliserer at læremiddel ikkje lenger blir rekna som eit viktig utdanningspolitisk verkemiddel. Senteret meiner at godkjenningsordninga sikrar blant anna at lærebøkene er i tråd med læreplanane for faga og med retten for elevane til lærebøker på begge målformer. Senteret stiller seg tvilande til at konkurranse på skolebokmarknaden sikrar tilfredsstillande kvalitet.

Nasjonalt læremiddelsenter meiner at gsl. § 7 nr. 7 om plikta for departementet til å utarbeide læremiddel for spesialundervisninga bør førast vidare. Senteret meiner at framlegget frå utvalet svekkjer rettane til elevane.

Også Samisk utdanningsråd, Noregs Mållag, Lærarforbundet og fleire andre høyringsinstansar meiner at kravet om statleg godkjenning av lærebøker ikkje må falle bort.

Høgskolen i Bodø støttar oppheving av godkjenningskravet for lærebøker og viser til at ordninga lett kan bli ei sovepute fordi ho fritek læraren for ansvar for å vurdere om læreboka tilfredsstiller intensjonane i læreplanen. Også Riksmålsforbundet støttar oppheving av godkjenningsordninga for lærebøker.

Den norske Forleggerforening støttar kravet om at parallellutgåver for bokmål og nynorsk blir avgrensa til lærebøker. Det blir vist til at eit slikt krav for andre læremiddel fører til at skolane ikkje kan ta i bruk ei rekkje tilbod, blant anna på IT-området, fordi tilbodet i utgangspunktet er laga for ein breiare marknad enn skolen. Norsk språkråd vil på si side ha krav om parallellutgåver for alle læremiddel, uavhengig av publiseringsform. Det same standpunkt tek Noregs Mållag, Noregs Lærarmållag og Landssamanslutninga av nynorskkommunar.

Riksmålsforbundet og Unge Høgre går imot kravet om å gi ut lærebøker på begge målformer.

Lærarforbundet støttar ikkje framlegget frå fleirtalet om å gi departementet heimel til å gjere unntak for forlag frå kravet om parallellutgåver, fordi det lett kan undergrave reglane i mållova.

Somme høyringsinstansar går inn for at departementet skal ha forskriftsheimel for utstyr og læremiddel i skolen. Det gjeld blant anna Norsk Elevorganisasjon, Lærarforbundet og Den norske Forleggerforening.

Foreldreutvalet for grunnskolen (FUG) meiner at retten for foreldra og elevane til medverknad om tiltak for helse, miljø og tryggleik må sikrast på ein klarare måte enn i den grunnskolelova som gjeld no. FUG ser det som svært uheldig at utvalet ikkje gjer framlegg om reglar om ansvar for skolestyresmaktene for bygningar og for planlegging, og at opplæringslova ikkje har reglar om rett for brukarane til medverknad i samband med planlegging, bygging og drift av skolebygg.

Somme fråsegner gir støtte til å vurdere om arbeidsmiljølova skal gjelde for elevane. Det gjeld blant anna Norsk Elevorganisasjon, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund og Kristeleg Folkeparti.

Sosialistisk Ungdom vil ha lovfest ei utleigeordning for skolebøker på den enkelte skolen og i den vidaregåande skolen. Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund meiner også at dette bør vurderast.

15.4 Vurderingar og framlegg frå departementet

15.4.1 Generelt

I motsetnad til utvalet går departementet inn for at kravet om tenlege grunnskolar i gsl. § 10 nr. 1 blir ført vidare i ei ny lov. Departementet meiner det er viktig at utforminga av skoleanlegga i grunnskolen framleis er forankra i opplæringslovgivinga. Departementet viser til at utforminga av skoleanlegga er eitt av fleire sentrale element som skal sikre eit godt arbeidsmiljø for lærarar og elevar, og som skal sikre kvaliteten i opplæringa.

Vidare viser departementet til fråsegna frå Sosialdepartementet der det heiter at kommunehelsetenestelova ikkje kan sikre dei same omsyna som den heimelen departementet har i dag, når det gjeld forskrifter om helsetilsyn og medisinsk hjelp til grunnskoleelevar som får spesialundervisning, jf. gsl. § 11 tredje leddet. Å oppheve denne heimelen kan derfor svekkje helsetenestetilbodet til funksjonshemma elevar. Departementet viser til fråsegna og går imot framlegget frå utvalet om å oppheve den heimelen departementet no har til å gi forskrifter om helsetenestetilbodet for grunnskoleelevar som får spesialundervisning. Departementet går inn for at heimelen også skal gjelde for vidaregåande opplæring.

Departementet går også imot framlegget frå utvalet om å oppheve regelen i gsl. § 7 nr. 7 om at staten skal sørgje for at det blir utarbeidd læremiddel for spesialundervisning i grunnskolen. Departementet er einig med Nasjonalt læremiddelsenter, som meiner at dette framlegget frå utvalet vil svekkje rettane for dei elevane som får slik opplæring. Departementet meiner det er naturleg at kravet også gjeld læremiddel i vidaregåande opplæring.

Endeleg går departementet imot framlegga frå fleirtalet i utvalet om å oppheve det særskilde forbodet mot bruk og omsetjing av alkohol i anlegg med grunnskolar, og om at kravet om statleg godkjenning av lærebøker skal opphevast. Sjå eigne punkt nedanfor.

Departementet er elles einig i framlegga til lovreglar om skoleanlegg, læremiddel, helse og arbeidsmiljø frå fleirtalet i utvalet. Det blir vist til dei vurderingane som ligg til grunn for framlegga.

Det vil blant anna seie at kravet om at lærebøker i regelen skal finnast på begge målformer, blir ført vidare. Grunnskoleelevane skal framleis få eller på annan måte haldast med nødvendige læremiddel og utstyr til eige bruk. Fylkeskommunen skal framleis kunne påleggje elevane og lærlingane i den vidaregåande opplæringa å kjøpe inn læremiddel og utstyr til eige bruk; sjå også kapittel 7 om rett og plikt til opplæring.

I tillegg fører dette til at departementet gjer framlegg om å opne for at også grunnskolar - på same måten som vidaregåande skolar - kan oppfylle kravet om læremiddel og utstyr i skolen ved å disponere læremiddel og utstyr som er plasserte utanfor skolen.

Departementet gjer på same måten som utvalet framlegg om at den regelen som i dag er fastsett i grunnskoleforskrifta § 1-7 nr. 3 og som gir elevane krav på ein tilpassa arbeidsplass, blir lovfest. Ordninga skal gjelde både grunnskolar og vidaregåande skolar. Regelen gjeld for alle elevar, men vil vere særleg viktig for elevar med funksjonshemming. Departementet viser her også til kapittel 8 om opplæring for barn, unge og vaksne med særlege behov.

Departementet sluttar seg også til framlegget frå utvalet om å oppheve dei lovfeste tilvisingane til helselovgivinga.

15.4.2 Om forbodet mot alkohol i grunnskoleanlegg

Departementet gjer, i motsetnad til fleirtalet i utvalet, framlegg om at forbodet i grunnskolelova mot bruk av alkohol i anlegg med grunnskolar blir ført vidare. Departementet sluttar seg med dette til vurderingane og framlegget frå mindretalet i utvalet. Departementet legg særleg vekt på at å oppheve forbodet gir ein uheldig signaleffekt, og at aktivitetar for barn og unge utanom skoletida bør skjermast mot aktivitetar som også medfører alkoholskjenking. Departementet viser også til at ei rekkje av høyringsinstansane går imot framlegget frå utvalet om å oppheve alkoholforbodet i anlegg med grunnskolar.

15.4.3 Godkjenning av lærebøker

Fleirtalet i utvalet gjer framlegg om å oppheve den statlege lærebokgodkjenninga og i staden erstatte denne ordninga med ein heimel for departementet til å påleggje forlaga å hente inn og publisere sakkunnig vurdering av lærebøker som blir brukte i grunnskolen eller i den vidaregåande opplæringa. Departementet viser i denne samanhengen til at eit fleirtal i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen i Stortinget i Innst. S. nr. 15 (1995-96) har bede departementet

«kvalitetssikre produksjon av lærebøker slik at disse gjenspeiler Stortingets intensjoner og læreplanenes målsettinger på en fullgod måte. En slik kvalitetssikring bør inngå som en del av det nasjonale vurderingssystem for vårt skoleverk.»

Departementet legg til grunn for sine vurderingar at komitéfleirtalet med dette ikkje eintydig uttaler at godkjenningsordninga skal førast vidare, men at ei eventuell oppheving må erstattast med alternative kvalitetssikringssystem. Slike ordningar kan til dømes vere evalueringar av lærebøker som blir offentleggjorde. I tillegg kan ein tenkje seg stimuleringstiltak til større læremiddelforsking, auka opplæring i lærebokevaluering og utarbeiding av rettleiingar for lærebokevaluering.

Godkjenningsordninga har medverka til fagleg og språkleg kvalitetssikring av lærebøkene. Ein kan også hevde at lærebokgodkjenninga er eit nødvendig middel til å sikre eit likeverdig og godt skoletilbod over heile landet.

Det kan dessutan peikast på at mange kommunar og fylkeskommunar i dag ikkje har kapasitet eller kompetanse til å stå for ein sjølvstendig gjennomgang av lærebøker for å sikre at dei held tilfredsstillande standard, fagleg og på andre måtar.

Ein må også ta omsyn til at det no er utarbeidd nye læreplanar for grunnskolen, og at det som følgje av det blir produsert mange nye lærebøker. I den samanhengen er det viktig at lærebøkene følgjer opp måla og hovudmomenta i læreplanane, og at dette blir sikra gjennom ei godkjenningsordning.

Departementet gjer framlegg om at ordninga med statleg godkjenning av lærebøker i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa blir ført vidare i ei ny lov. Departementet bør, som i dag, kunne fastsetje nærmare forskrifter for slik godkjenning. Dessutan bør det i lova fastsetjast at lærebøker i enkelte fag kan bli fritekne frå godkjenning.

15.4.4 Arbeidsmiljøet for elevane i skolen

Utvalet gjer framlegg om ei særskild utgreiing av spørsmålet om å la arbeidsmiljølova gjelde for elevar eller om å ta særreglar om arbeidsmiljøet inn i opplæringslovgivinga.

Stortinget vedtok 21.03.96 (jf. Innst. S. nr. 144 (1995-96)):

«Stortinget ber Regjeringen utarbeide bestemmelser i lovverket for å ivareta det fysiske arbeidsmiljø for elever i tråd med de bestemmelser som gjelder for vanlige arbeidstakere.»

Ei utgreiing i tråd med stortingsvedtaket er av eit slikt omfang at det ikkje har vore mogleg å gjennomføre det på forsvarleg måte i samband med at framlegget til ny opplæringslovgiving blir lagt fram. Departementet viser i den samanhengen til at dei nødvendige lovendringane skal til vanleg høyring, og nye krav til kommunesektoren må konsekvensvurderast med tanke på økonomisk kompensasjon. Dessutan må rolla til Arbeidstilsynet utgreiast.

Departementet meiner at både elevane, foreldra, lærarane og skoleeigarane er best tente med at spørsmålet om å la arbeidsmiljølova heilt eller delvis gjelde for elevar eller om å ta særreglar om arbeidsmiljøet inn i opplæringslovgivinga, blir grundig utgreidd, og at alle partar blir høyrde.

Departementet vil gjere framlegg om lovreglar om arbeidsmiljøet for elevar så snart den nødvendige utgreiinga er gjennomført. Inntil det skjer, gjer departementet, på same måten som utvalet, framlegg om at innhaldet i dei reglane som finst i grunnskolelova og lova om vidaregåande opplæring i dag, i hovudsak blir førte vidare inntil resultatet av ei slik utgreiing ligg føre. Det vil seie at målet om gode samarbeidsformer mellom lærarar og elevar blir ført vidare, og at dette målet også skal gjelde for lærlingar og lærebedrifter. Dessutan fastset lovutkastet at alle som er knytte til skolen eller lærebedrifter, skal arbeide for å hindre at elevar og lærlingar kjem til skade. Departementet skal framleis kunne gi forskrifter om tryggleiken til elevane.

I tillegg viser departementet til vurderingane om mobbing nedanfor, der det blir gjort framlegg om ytterlegare lovreglar. Departementet viser også til framlegget om at alle elevar skal ha rett til tilpassa opplæring, ein rett som også er viktig for det fysiske arbeidsmiljøet til elevane.

Endeleg viser departementet til at reglar i arbeidsmiljølova og i dei nye forskriftene om miljøretta helsevern i skolar og barnehagar framleis regulerer forhold som er viktige for arbeidsmiljøet til elevane.

15.4.5 Mobbing

Opplæringslovgivinga inneheld i dag generelle reglar som blant anna tek sikte på å hindre at elevane blir utsette for mobbing, jf. gsl. § 16 første leddet og lvgo. § 15 første leddet. Det følgjer av desse reglane at det skal leggjast vekt på å skape godt arbeidsmiljø for, og gode samarbeidsformer mellom, alle som er knytte til skolen som elevar, lærarar og anna personale.

På same måten som utvalet meiner departementet at noko meir presise reglar enn dei som i dag følgjer av opplæringslovgivinga, kan betre arbeidet med å motverke mobbing.

Departementet viser til at eit fleirtal i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen i Innst. S. nr. 15 (1995-96) blant anna uttaler at (s. 8)

«retten til et mobbefritt miljø må lovfestes og retningslinjer for skolens virksomhet utformes slik at kamp mot mobbing og krenkende oppførsel blir en kontinuerlig prosess i skolens daglige virksomhet. Ansvaret må gjelde hele skolens personale - lærere, assistenter, administrasjon og helsepersonale og vaktmestere. Kravet om et mobbefritt miljø må også gjelde skolevei og transport til og fra skolen.»

Departementet arbeider aktivt for å sikre elevane i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa eit mobbefritt miljø. Likevel meiner departementet det er vanskeleg å knyte dette til ein lovfest individuell rett. Departementet viser i den samanhengen til at slike rettar ikkje har nokon realitet fordi mobbing også kjem av forhold som skolen ikkje fullt ut kan kontrollere, til dømes åtferda til andre elevar.

Eit mobbefritt miljø må likevel vere eit mål heile skolen skal arbeide mot, slik det er gjort framlegg om i § 1-2 tredje leddet og § 1-3 tredje leddet i lovutkastet frå utvalet, der det for grunnskolen og den vidaregåande opplæringa heiter at det skal leggjast vekt på å skape gode samarbeidsformer mellom lærarar og elevar. Dessutan følgjer det av desse reglane at alle som er knytte til skolen eller til ei lærebedrift, skal arbeide for å hindre at elevar og lærlingar kjem til skade eller blir utsette for krenkjande ord eller handlingar. Departementet sluttar seg til lovutkastet frå utvalet på dette punktet. Vidare vil departementet komme tilbake til ytterlegare lovreglar om mobbing i samband med den utgreiinga om arbeidsmiljøet som er nemnd ovanfor i punkt 15.4.4.

I tillegg vil departementet arbeide for eit mobbefritt miljø gjennom informasjons- og rettleiingsarbeid. Departementet viser i denne samanhengen til den nyleg reviderte handlingsplanen mot vald. Planen inneheld også tiltak i skoleverket. Saman med Justisdepartementet gjennomfører departementet eit omfattande forsøksprogram med skolemekling etter modell av konfliktråda. Departementet har også sendt ut rettleiingsmateriell om valdsproblem til alle grunnskolar og vidaregåande skolar. Departementet viser elles til brev 2. februar 1996 frå statsråden til kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen i Stortinget, der ei rekkje andre tiltak er nemnde.

15.4.6 Lovfest forsikringsordning for elevar ved ulykker

Stortinget gjorde 18.11.1996 følgjande vedtak

«Dokument nr. 8:89 (1995-96) - forslag fra stortingsrepresentantene Jørgen Holte, Marit Tingelstad og Unn Arstad om å lovfeste lik forsikringsordning ved ulykker for alle elever i grunn- og videregående skole, oversendes Regjeringen til utredning i forbindelse med forslag til ny opplæringslov.»

Departementet tek sikte på å leggje fram ei utgreiing i samsvar med vedtaket så snart som mogleg. Blant anna på bakgrunn av dei økonomiske og juridiske vurderingane som må gjerast i samband med dette, har det ikkje vore mogleg å gi ei slik utgreiing i denne proposisjonen.

Til dokumentets forside