Ot.prp. nr. 36 (1996-97)

Om lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innholdsfortegnelse

12 Målformer i skolen

12.1 Gjeldande rett

Reglar om målform i grunnskoleopplæringa finst i gsl. §§ 39 og 40, med utfyllande reglar i § 4-3 i grunnskoleforskrifta.

I den munnlege opplæringa kan elevane etter § 40 nr. 1 i skoletimane bruke «det mål dei taler heime». Læraren skal på si side ta omsyn til talemålet til elevane i val av ord og uttrykk i munnlege framstillingar. Det er ikkje gitt andre særlege reglar om talespråket til læraren i undervisningssituasjonar.

Kommunen fastset om det skal brukast bokmål eller nynorsk i den skriftlege opplæringa på den enkelte skolen i kommunen, jf. § 40 nr. 3. Det er gitt detaljerte reglar om prosedyren i samband med skifte av målform for skriftleg opplæring, jf. gsl. § 40 nr. 4 og §§ 4-2 og 4-3 i grunnskoleforskrifta.

Foreldra kan på visse vilkår krevje klassedeling og å få skipa ein eigen klasse på barnetrinnet for elevar som vil bruke den motsette målforma av den kommunen har vedteke, jf. gsl. § 40 nr. 6 første leddet. Det kan skje når foreldra til minst ti barn på eitt klassetrinn i kommunen ønskjer skifte utan at det blir færre enn ti elevar igjen i kvar av dei klassane som gir frå seg elevar til den nye klassen.

Elevane i den nye klassen kan samlast frå fleire klassar og frå fleire skolar, jf. § 40 nr. 6 andre leddet. Dersom elevane kjem frå fleire skolar, har foreldra rett til å avgjere kva skole i kommunen den nye klassen skal skipast ved. Klassen kan haldast oppe så lenge han ikkje blir på mindre enn seks elevar, jf. § 40 nr. 6 tredje leddet.

Etter § 40 nr. 6 fjerde leddet kan foreldre til elevar som på grunn av krinsinndelinga etter 3. klasse blir overførte til ein ny skole med eit anna opplæringsmål, krevje at elevane får halde fram med det opphavlege skriftlege opplæringsmålet sitt og få norskundervisning i ei eiga gruppe. Det gjeld jamvel om talet på elevar er lågare enn ti.

Dei to siste åra i grunnskolen skal elevane ha opplæring i begge målformer, jf. § 40 nr. 5. Nærmare forskrifter om denne undervisninga er gitt i læreplanane for norsk hovudmål og sidemål. Frå 7. klassetrinnet vel elevane sjølv målform.

Etter gsl. § 39 nr. 2 vel foreldra om lærebøkene i grunnskolen skal vere på bokmål eller nynorsk. Regelen omfattar ikkje lærebøker i morsmålet. Sjå også kapittel 15 om krav til målformer i dei læremidla som blir brukte i skolen.

For den vidaregåande opplæringa er det ikkje gitt eigne reglar i lova eller i forskriftene.

12.2 Framlegget frå opplæringslovutvalet

12.2.1 Generelt

Utvalet gjer for det første framlegg om å føre vidare reglane av i dag om målform i munnleg opplæring, likevel slik at ein også lovfester retten for personalet til sjølv å velje målform og dialekt. Det blir også gjort framlegg om å presisere i lova at det skal takast omsyn til målforma og dialekten til elevane både i undervisninga og når ein arbeider ut det skriftlege materialet elevane får frå skolen.

Lovutkastet fører også vidare retten for kommunen til å fastsetje målforma i den skriftlege opplæringa på den enkelte skolen eller i kommunen under eitt. Utvalet legg til grunn at fastsetjing av skriftleg opplæringsmål for ein skole gjer at den eine målforma blir hovudmål i norskopplæringa, mens den andre blir sidemål. Dessutan bruker skolen og den enkelte læraren hovudmålet i samband med prøver, meldingar osv.

Utvalet gjer framlegg om at lovreglane om prosedyren i samband med målval i kommunen blir oppheva. Lokale ønske om å skifte målform på ein skole bør leggjast fram for dei politiske avgjerdsorgana i kommunen på same måten og etter dei same reglane som andre ønske og framlegg.

Dessutan gjer utvalet framlegg om å føre vidare retten for elevane til sjølv å velje skriftleg hovudmål på ungdomstrinnet. I det legg utvalet for det første ein rett til å velje kva målform som skal vere hovudmål i norskfaget dei to siste åra, når elevane skal ha opplæring i begge målformer. For det andre kan eleven i alle tre åra velje å levere svar og liknande i andre fag enn norsk på den målforma eleven har valt. Det gjer det blant anna mogleg å bruke hovudmålet aktivt som ein del av innlæringa.

Utvalet gjer også framlegg om å føre vidare retten og plikta til opplæring i begge målformer dei to siste åra på ungdomstrinnet. Utvalet meiner at departementet bør framleis ha kompetanse til å gi forskrifter om innhaldet i og omfanget av opplæringa, sjå kapittel 11 om innhaldet i opplæringa og vurdering av elevar og lærlingar.

Retten til å halde på målforma når eleven byter skole etter fullført 3. klassesteg, blir ført vidare i lovutkastet frå utvalet. Det same gjeld reglane om rett til å velje målform i lærebøker. Av omsyn til samanhengen med retten til sjølv å velje målform på ungdomstrinnet gjer utvalet framlegg om at elevane sjølv også vel lærebokutgåve på ungdomstrinnet.

Utvalet gjer ikkje framlegg om lovreglar om målform for den vidaregåande opplæringa.

12.2.2 Retten til eigen klasse med ei anna målform

Utvalet gjer framlegg om å føre vidare retten til særskild klasse dei elevane som ønskjer ei anna målform. Det blir i denne samanhengen vist til både språkpolitiske, pedagogiske og demokratiske omsyn. Fleirtalet i utvalet gjer likevel framlegg om å oppheve retten for foreldra til å velje skole for den særskilde klassen, og let kommunen avgjere på kva skole ein skal tilby alternativ målform. Formålet med framlegget er å dempe kostnadene til kommunen.

Fleirtalet understrekar likevel at opplæringa i utgangspunktet bør leggjast til den eller dei skolane der den største gruppa av elevar som vel alternativ målform, høyrer heime. Dessutan bør kommunane framleis leggje stor vekt på ønska til dei foreldra det gjeld. Ikkje i noko tilfelle bør kommunen konsekvent kunne leggje tilbodet til dei skolane som av geografiske eller andre grunnar er minst attraktive for foreldra. Fleirtalet går ut frå at lovreglane om rett til skyss også skal omfatte skyss frå heimen til den skolen der tilbodet om ei anna målform blir gitt.

Mindretalet i utvalet meiner at dersom minst 14 elevar på same klassetrinnet i kommunen vel eit anna hovudmål enn det vedtekne, skal dei ha rett til å velje kva skole tilbodet skal givast på. I andre tilfelle bør kommunen fastsetje skolestaden.

12.3 Høyringsinstansane

12.3.1 Noregs Mållag og Noregs Lærarmållag, Riksmålsforbundet og Landssamanslutninga av nynorskkommunar

Noregs Mållag og Noregs Lærarmållag meiner at det skal innførast obligatorisk sidemålsopplæring også for den nye 8. - klassen, og at retten til eigen klasse for alternativ målform skal utvidast til også å gjelde ungdomstrinnet.

Mållaget meiner det bør lovfestast at kommunane skal ha øyremerkte midlar til å dekkje ekstra kostnader knytte til retten til eigen klasse for alternativ målform. Landssamanslutninga av nynorskkommunar har eit liknande standpunkt.

Dessutan krev mållaget at det blir lovfest ei plikt for skolen til å leggje undervisninga slik til rette at ho tek omsyn til den elevgruppa som er i språkleg mindretal. Mållaget meiner at nynorskelevar bør ha rett til tavleundervisning og oppgåver på si eiga målform. Dessutan bør det givast eiga undervisning i norsktimane, utan omsyn til kor stor elevgruppa er.

Mållaget uttaler elles at reglane av i dag for å fastsetje hovudmålform har fungert bra i den seinare tida og er tilpassa den særlege stillinga som hovudmålet har. Dessutan skal alle læremiddel liggje føre på begge målformer.

Riksmålsforbundet vil halde på ordninga med rådgivande folkerøysting. Forbundet meiner dessutan at foreldra framleis skal velje skole for den alternative målklassen.

Landssamanslutninga av nynorskkommunar støttar framlegget om å la kommunen avgjere skole for den særskilde klassen med alternativ målform. Det reduserer belastninga for den enkelte kommunen og gjer det lettare for kommunen å drive heilskapstenking og langtidsplanlegging.

12.3.2 Kommunane

Få kommunar har uttalt seg om målformer. Fråsegnene er delte i synet på retten for kommunen til å velje skole for den særskilde målformklassen. Somme av kommunane støttar mindretalet i utvalet, som gjer framlegg om at når 14 elevar krev det, har dei rett til å velje eiga målform på den nærmaste skolen.

Somme kommunar meiner det er uheldig at foreldra kan velje ei anna målform i lærebøker på barnetrinnet enn hovudmålforma. Éin av kommunane ønskjer å dele klassen i målformgrupper i norsktimane.

Fire av kommunane har synspunkt på rådgivande krinsrøysting. Dei ønskjer å halde på denne ordninga.

12.3.3 Departementa

Kommunal- og arbeidsdepartementet (KAD) støttar framlegget frå fleirtalet til lovreglar om målformer i grunnskolen. Lovutkastet er ei rimeleg avveging mellom retten for elevane eller foreldra til å velje målform og styringsretten til kommunane. KAD ber likevel departementet vurdere løysingar som er mindre kostnadskrevjande, og vurdere kompensasjonsordningane.

Finansdepartementet støttar også framlegget om at kommunen skal kunne avgjere kva for skole i kommunen som skal gi tilbodet om anna målform.

Kulturdepartementet meiner retten til opplæring i begge målformer bør gjelde frå første året på ungdomstrinnet, slik at ein unngår at dette blir eit år utan undervisning i hovudmålet for ein del elevar.

12.3.4 Andre

Norsk språkråd går imot å oppheve reglane om krinsrøysting. Det blir vist til at jamvel om røystinga berre er rådgivande, viser røynsla at kommunale styresmakter har teke omsyn til utfallet av røystinga. Foreldreutvalget for grunnskolen (FUG) og Sosialistisk Ungdom tek eit liknande standpunkt.

Norsk språkråd, Norsk lærerakademi og FUG går imot retten for kommunen til å avgjere skole for den alternative målklassen.

Lærarforbundet sluttar seg stort sett til vurderingane og framlegget frå fleirtalet. Likevel meiner forbundet det er urimeleg at elevar med rett til opplæring i ei alternativ målform ikkje har rett til slik opplæring på den nærmaste skolen når det er minst 14 elevar på det same klassetrinnet. Høgskolen i Vestfold sluttar seg til dette synspunktet.

Norsk språkråd og Høgskolen i Vestfold vil ha skriftleg opplæring i begge målformer dei tre siste åra av grunnskolen.

Unge Høgre vil auke vilkåra for rett til klassedeling til 15 eller 20 elevar. Unge Høgre åtvarar også mot retten til å få halde fram med den opphavlege målforma frå småskoletrinnet når eleven blir overført til ein annan skole.

12.4 Vurderingar og framlegg frå departementet

Departementet er i hovudsak samd i framlegget frå utvalet til lovreglar om målformer i grunnskolen, men gjer framlegg om nokre mindre endringar. Departementet sluttar seg også i hovudsak til grunngivingane for framlegga.

Departementet støttar også framlegget frå fleirtalet i utvalet om at kommunen skal kunne avgjere kva for skole i kommunen som skal gi tilbodet om særskild klasse for anna målform og dei vurderingane fleirtalet har gjort i den samanhengen. Departementet vil dessutan presisere at i dei tilfella der kommunen alt har oppretta klassar med den ønskte målforma, er regelen slik å forstå at elevane kan få tilbod om opplæring i desse klassane. Dette vil til dømes gjelde der kommunen har vedteke ulikt hovudmål for skolane.

Kravet om at det skal vere minst ti elevar igjen i kvar av dei klassane elevane til den særskilde målformklassen går ut frå, er ikkje teke med i lovutkastet frå utvalet. Endringa er ikkje nærmare kommentert i innstillinga. Det er derfor usikkert om utvalet har meint å gjere framlegg om ei slik endring. Departementet meiner regelen er godt grunngitt i omsynet til elevane i dei attverande klassane, som i mange tilfelle elles ville blitt slått saman eller fordelte på andre klassar. Departementet gjer framlegg om at regelen blir ført vidare.

Det er noko uklart kva utvalet legg i at kommunen skal fastsetje skriftleg hovudmål. Utvalet formulerer seg noko ulikt i forhold til fastsetjing av hovudmål og retten for elevane til å velje hovudmål. Departementet legg til grunn vurderingane knytte til valretten for elevane. Eit kommunalt fastsett hovudmål fører såleis til at elevane må bruke denne målforma i dei skriftlege arbeida, i tillegg til at skolen og lærarane bruker hovudmålet i prøver, meldingar og liknande. Frå og med 8. klasse vel elevane sjølv målform i dei skriftlege arbeida sine, mens skolen framleis kan bruke det vedtekne hovudmålet i skriftleg materiale. Departementet viser til at plikt for skolen til å følgje det dei enkelte elevane vel frå og med 8. klasse, er urimeleg ressurskrevjande.

Departementet meiner at framlegget frå utvalet til lovregel om at undervisningspersonalet og skoleleiinga i størst mogleg grad skal ta omsyn til målforma og dialekten til elevane når det blir laga prøver, meldingar og liknande, til dels står i motstrid til det som er sagt ovanfor om fastsetjing av hovudmål. Departementet utelet derfor denne regelen i lovutkastet sitt.

Departementet viser elles til lov 28.06.1996 nr. 53 om endringar i gsl. § 40 nr. 5, der departementet er gitt ein generell heimel til å gi forskrifter om fritak frå sidemålsopplæringa. Endringa trer i kraft 01.07.1997. Heimelen blir ført vidare i lovframlegget, men blir avgrensa til å gjelde elevar som får særleg språkopplæring, jf. Innst. O. nr. 56 (1995-96).

Lovreglane om bruk av nynorsk og bokmål i læremiddel er vurderte i kapittel 15 om skoleanlegg og læremiddel. Departementet viser også til kapittel 11 om innhaldet i opplæringa og vurdering av elevar og lærlingar, der departementet gjer framlegg om heimel til å gi forskrifter om innhaldet i opplæringa, blant anna også om opplæring i nynorsk og bokmål.

Til dokumentets forside