Ot.prp. nr. 36 (1996-97)

Om lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

Til innholdsfortegnelse

16 Skyss og innlosjering

16.1 Gjeldande rett

16.1.1 Grunnskolen

Alle grunnskoleelevar med meir enn fire kilometer skoleveg har rett til skyss, jf. gsl. § 4 nr. 1. Elevar som må bruke ferje eller annan båt, har rett til skyss utan omsyn til avstanden mellom skolen og heimen.

Frå hausten 1997 tek grunnskolen til ved 6 års alder. Frå same tid vil skyssgrensa for 1. klasse/førskolen bli senka til 2 kilometer, jf. gsl. § 4 første ledd. For elevar i 2. til 10. klasse vil skyssgrensa framleis vere 4 kilometer.

I særlege tilfelle skal kommunen sørgje for skyss jamvel om skolevegen er under fire kilometer, jf. § 4 nr. 1. Etter forarbeida til lova skal elevane ha krav på skyss i unntakstilfelle der skolevegen må reknast som særleg vanskeleg eller farleg, jf. Ot.prp. nr. 48 (1984-85) s. 64.

Når det blir ventetid i samband med skyssen, må kommunen sørgje for tilsyn med dei som må vente, jf. gsl. § 4 nr. 1. Dessutan må kommunen sørgje for følgje for elevar som ikkje kan reise på eiga hand.

I § 1-1 nr. 1 i grunnskoleforskrifta er det gitt ytterlegare reglar om korleis skyssen skal ordnast. Skyssen skal «ordnast slik at han blir så trygg og rasjonell som mogleg». Så langt det er mogleg, skal elevane takast opp på faste stoppestader. Stoppestadene skal ha leskur eller venterom når forholda krev det.

For elevar som bur vanskeleg til i forhold til skolen, eller som har så lang veg at det ikkje er forsvarleg å bruke dagleg skyss, skal kommunen ordne med innlosjering, jf. gsl. § 4 nr. 3 og forskrifta § 1-1 nr. 2. Kommunen er også ansvarleg for tilsyn med slike elevar. Når det er tvil om skyss eller innlosjering er det rette, bør kommunen la foreldra avgjere, jf. § 1-1 nr. 2 i grunnskoleforskrifta.

Funksjonshemma elevar har rett til nødvendig skyss utan omsyn til avstanden mellom skolen og heimen, jf. gsl. § 4 nr. 2. Dessutan gir gsl. § 4 nr. 3 funksjonshemma elevar rett til innlosjering.

Skyss- og innlosjeringsreglane gjeld tilsvarande for umyndige elevar i eit frivillig tiande skoleår i grunnskolen og for barn under opplæringspliktig alder som etter sakkunnig vurdering får spesialpedagogisk hjelp, jf. § 1-1 nr. 3 i grunnskoleforskrifta.

Ansvaret for skyss og innlosjering i grunnskolen er delt mellom fylkeskommunen og kommunen. I samråd med kommunen har fylkeskommunen hovudansvaret for å organisere og finansiere skyssen, jf. gsl. § 4 nr. 1. Kommunen skal likevel dekkje den delen av utgiftene som ligg innanfor gjeldande persontakst. Når elevar som bur nærmare enn skyssgrensa, får skyss av særlege grunnar, skal kommunen organisere skyssen og er finansielt ansvarleg. Kommunen er ansvarleg for innlosjering etter gsl. § 4 nr. 3.

Etter avtale kan foreldra ordne med skyss som elevane har rett til. Dei har i så fall krav på å få utgiftene godtgjorde, jf. § 1-1 nr. 1 i forskrifta.

For elevar i elevheim på spesialskolar skal den som driv skolen, dekkje utgiftene til reiser, opphald og liknande «i samsvar med den utgiftsfordelinga som er fastsett i lov eller reglement», jf. gsl. § 4 nr. 4.

16.1.2 Vidaregåande opplæring

Elevar i den vidaregåande skolen har rett til gratis skyss eller til full skyssgodtgjersle når skolevegen er minst 6 kilometer, jf. § 3 i velferdslova. Departementet kan i særlege tilfelle dispensere frå retten til gratis skoleskyss når andre ordningar sikrar dette omsynet. Av forarbeida til lova går det fram at dispensasjon berre skal givast i tilknyting til sterkt subsidierte ungdomskort eller miljøkort på stader der det er eit godt utbygd kollektivtilbod, jf. Innst. O. nr. 49 (1993-94). Nærmare reglar om denne dispensasjonen er gitt i forskrift 07.08.95 nr. 1195.

Elevar med varig eller mellombels funksjonshemming skal om nødvendig ha fri skyss eller full skyssgodtgjersle utan omsyn til veglengda. I forarbeida til lova er det ein føresetnad at fylkeskommunen også dekkjer skysskostnader for nødvendig følgje, sjå Ot.prp. nr. 32 (1993-94) s. 2.

Departementet kan gi utfyllande forskrifter om skoleskyss og skyssgodtgjersle. Med unntak av dei forskriftene som er nemnde ovanfor om dispensasjon, er det ikkje gitt forskrifter om skyss i den vidaregåande opplæringa.

Velferdslova § 3 andre leddet inneheld dessutan ein regel om at vidaregåande skolar må hjelpe elevar med bustadbehov og om nødvendig byggje elevheim. Tredje leddet gir elevar som får vidaregåande opplæring i spesialskolar, rett til skyss, opphald og liknande dekt av heimfylket til elevane.

Lærlingar med fagopplæring i bedrift har ikkje nokon lovfest rett til skyss. Lærlingar er likevel i somme fag omfatta av tariffavtalar som har særlege skyssreglar.

16.1.3 Elevar ved private skolar

Etter § 10 i privatskulelova får elevar ved private grunnskolar og vidaregåande skolar som får statstilskot, skyss eller tilskot til skyss etter dei same reglane som for tilsvarande offentlege skolar. Lova presiserer at også funksjonshemma elevar ved private tilskotsskolar har rett til skyss om det er nødvendig, uavhengig av veglengda. Med heimel i § 10 tredje leddet har departementet gitt forskrift 02.05.1986 nr. 1009. Her heiter det:

«Elever som bor mer enn fire kilometer fra privat grunnskole, får bruke eksisterende skysstilbud, eventuelt tilskudd til transport etter gjeldende offentlige satser for kollektivtransport, innenfor kommunens grenser.

Elever ved private videregående skoler har rett til skyss etter de bestemmelser som følger av lov om videregående opplæring §13.

Funksjonshemmede elever: Loven gir disse rett til skyss uansett veilengden.»

Privatskulelova inneheld ikkje reglar om innlosjering.

16.1.4 Vaksne

Etter § 4 andre leddet og § 5 andre leddet i vaksenopplæringslova har ungdom i alderen 16-20 år og vaksne som etter sakkunnig vurdering har eit særleg behov for spesialundervisning på grunnskolens område, rett til slik opplæring. Reglane om denne retten vart overførte frå grunnskolelova til vaksenopplæringslova frå og med 01.01.1983.

Den gongen retten til vaksenopplæring var heimla i grunnskolelova, må ein gå ut frå at også desse elevane var omfatta av skyssreglane i grunnskolelova. Vedtaket i 1982 (Besl. O. nr. 4 (1982-83)) om å overføre desse reglane til vaksenopplæringslova vart gjennomført utan at spørsmåla knytte til skyss vart lovregulerte, og vaksenopplæringslova har ikkje eigne reglar om skyss. Departementet har likevel lagt til grunn at denne lovendringa ikkje tok sikte på å oppheve retten til skyss for vaksne.

16.2 Framlegget frå opplæringslovutvalet

16.2.1 Grunnskolen

Utvalet gjer i det vesentlege framlegg om å føre vidare reglane om skyss og innlosjering i grunnskolen. Det vil seie at alle elevar i grunnskolen bør ha rett til skyss når det er meir enn fire kilometer mellom heimen og skolen. Dessutan bør retten til skyss når skolevegen er over fire kilometer, supplerast i tråd med reglane slik dei er i dag om rett til skyss i særlege tilfelle. Utvalet gjer såleis framlegg om ein lovfest rett til skyss ved farleg skoleveg utan omsyn til veglengda. Når ein vurderer faren, skal ein blant anna leggje vekt på trafikktettleik, klima, terreng, om det finst fortau eller gangveg, og om eleven til vanleg har følgje, og andre forhold som er viktige for tryggleiken til eleven. Dessutan skal det leggjast vekt på subjektive forhold hjå den enkelte eleven som gjer det nødvendig med skyss.

Utvalet gjer framlegg om å føre vidare retten til fri skyss når det må brukast båt. Men elevane bør akseptere å gå til og frå ferjestaden når dette ikkje verkar urimeleg.

Lovutkastet frå utvalet fastset at grunnskoleskyssen skal leggjast slik til rette at det ikkje blir lang ventetid, sjå § 7-2 i utkastet. Dessutan blir det gjort framlegg om at kommunen framleis skal sørgje for nødvendig tilsyn i ventetida og reisefølgje når eleven ikkje kan reise aleine.

Det blir også gjort framlegg om å føre vidare reglane om innlosjering som alternativ til dagleg skyss i særlege tilfelle og om tilsynsplikta for kommunen i samband med innlosjering. Utvalet meiner likevel at kommunane bør finne måtar å organisere tilbodet til 6-åringane på som gjer at ein kan unngå innlosjering. Når det er tvil om skyss eller innlosjering, gir lovutkastet frå utvalet foreldra til eleven rett til å velje, jf. § 7-3 andre leddet i utkastet.

Lovutkastet frå utvalet fører vidare retten for funksjonshemma til nødvendig skyss eller innlosjering uavhengig av avstanden mellom skolen og heimen. Utvalet gjer framlegg om også å føre vidare retten til nødvendig skyss for førskolebarn med rett til spesialpedagogisk hjelp.

Endeleg gjer utvalet framlegg om å føre vidare det finansielle ansvaret for skoleskyss og innlosjering. Departementet bør få kompetanse til med bindande verknad å avgjere tvistar mellom kommunane og fylkeskommunane om organisering og finansiering av skyss. Lovutkastet frå utvalet opphevar regelen i § 4 nr. 4 i grunnskolelova om utgiftsdekkinga ved skolar for spesialundervisning.

Utvalet oppmodar departementet til å greie ut spørsmål om differensiering av skyssgrensene etter alder.

Heimelen for departementet til å gi utfyllande forskrifter om skoleskyss og innlosjering i grunnskolen (gsl. § 12) blir ikkje ført vidare i lovutkastet frå utvalet.

16.2.2 Vidaregåande opplæring

Fleirtalet i utvalet gjer framlegg om å føre vidare reglane om skyss og losji for elevar i vidaregåande opplæring i skole i tråd med reguleringa i velferdslova. Lovutkastet frå utvalet innfører i tillegg rett til gratis båttransport når det er nødvendig, uavhengig av lengda på skolevegen.

Mindretalet er i hovudsak samd med fleirtalet, men meiner at departementet ikkje skal kunne avgjere at ei rabattordning kan erstatte fri skyss.

Utvalet rår departementet til å vurdere tilsyn og reisefølgje for funksjonshemma elevar i den vidaregåande opplæringa. Tilsvarande rår utvalet departementet til å vurdere skyssordningar for lærlingar.

Den generelle heimelen for departementet til å gi utfyllande forskrifter om skoleskyss og skyssgodtgjersle blir ikkje ført vidare i lovutkastet frå utvalet. Det same gjeld § 3 tredje leddet i velferdslova, som gir elevar med vidaregåande opplæring i spesialskolar rett til skyss, opphald og liknande dekt av heimfylket til elevane.

16.2.3 Privatskolar

Utvalet gjer framlegg om i hovudsak å føre vidare reglane om rett til skyss for elevar i private grunnskolar og i vidaregåande skolar med statstilskot. Det vil seie at retten for grunnskoleelevane til skyss framleis skal vere avgrensa til skyss innanfor kommunen der eleven bur. Tilsvarande bør elevar i private vidaregåande skolar berre ha rett til skyss innanfor fylket dei bur i. Avgrensinga bør ikkje gjelde elevar som har behov for skyss på grunn av funksjonshemming.

Som i dag skal det finansielle ansvaret som kommunen og fylkeskommunen har for skyss ved offentlege skolar, gjelde tilsvarande for skyss ved private skolar.

16.2.4 Vaksne

Lovutkastet frå utvalet klargjer at vaksne med rett til spesialundervisning har rett til nødvendig skyss.

16.3 Høyringsinstansane

16.3.1 Kommunar og fylkeskommunar

Nord-Trøndelag fylkeskommune peiker på at det ikkje er sagt noko om ei øvre skyssgrense for elevar i den vidaregåande skolen og meiner at fylkeskommunen må kunne vedta slike grenser. Det blir i den samanhengen vist til at reglane for bortebuarstipend frå Statens lånekasse gjeld for elevar som har heimeadresse meir enn førti kilometer frå opplæringsstaden. Sogn og Fjordane fylkeskommune meiner det må lovfestast ei øvre skyssgrense i den vidaregåande skolen på førti kilometer, og at full skyssgodtgjersle skal givast etter rutebiltakst.

Rundt halvparten av dei kommunane som har levert høyringsfråsegner, uttrykkjer ønske om å differensiere kilometergrensa for rett til gratis skyss i grunnskolen. Mange kommunar gjer framlegg om to kilometer grense for småskoletrinnet. Det er også komme andre konkrete framlegg til lågare skyssgrenser for dei yngste elevane. Det blir blant anna vist til at skyssgrensa på fire kilometer alt er urimeleg i forhold til dei yngste elevane i grunnskolen, og at opplæringsplikta for 6-åringane gjer regelen enda meir urimeleg. Berre to kommunar uttaler seg negativt om differensierte skyssgrenser.

Somme kommunar gjer også framlegg om å differensiere skyssgrensene etter årstida, til dømes i dei nordlege landsdelane på grunn av mørketida.

Somme andre kommunar uttrykkjer støtte til at omgrepet «farleg skoleveg» blir definert i lova. Det blir uttrykt ønske om at fylkeskommunane dekkjer utgiftene til transport også når elevane har rett til skyss på grunn av farleg skoleveg. Somme av kommunane peiker på at det er behov for justeringar i ansvaret for skyss dersom lova i framtida går bort frå grensa på fire kilometer som krav for å gi fri skoleskyss.

16.3.2 Andre

Også enkelte andre høyringsinstansar uttrykkjer støtte til differensierte skyssgrenser i grunnskolen. Det gjeld blant anna Lærarforbundet, Trygg Trafikk, Foreldreutvalet for grunnskolen og Barneombodet, som også vil at staten dekkje utgiftene. Kristeleg Folkeparti, Institutt for Kristen Oppseding og Norges Husmorforbund meiner det bør vere ei skyssgrense på to kilometer for småskoletrinnet.

FUG er tilfreds med at det er komme reglar i lova om forhold som skal vektleggjast når ein skal vurdere om vegen er trafikkfarleg. Trygg Trafikk ønskjer forskrifter om dei nærmare kriteria for farleg skoleveg.

FUG meiner at innlosjering ikkje skal skje utan at foreldra samtykkjer.

Norges Gymnasiastsamband og Sosialistisk Ungdom meiner retten til skyss i den vidaregåande skolen skal vere absolutt, og at skyssen skal leggjast til rette slik at det ikkje blir for lang ventetid. Norsk Elevorganisasjon vil også ha ein absolutt rett til skyss i den vidaregåande skolen, med tre kilometer skyssgrense. Organisasjonen støttar framlegget om utgreiing av skyss for lærlingar. Opplæringsdelen bør leggjast inn under den ordinære skyssordninga, og for den andre delen av læretida bør det innførast ei rabattordning. Også Opplæringsrådet for elektro- og elektronikkfag støttar framlegget om utgreiing av lærlingskyss. Norsk Hotell- og Restaurantforbund vil derimot ikkje ha skyss for lærlingane som bedriftene har ansvaret for.

Lærarforbundet meiner at retten til fri skyss i den vidaregåande opplæringa bør vere absolutt. Forbundet meiner at likebehandlingsprinsippet tilseier at lærlingar bør ha rett til fri skyss i opplæringsdelen av læretida. Lærarforbundet ber derfor om at dette spørsmålet blir nærmare utgreidd, slik at det kan komme eit framlegg om ein slik rett samtidig med resten av denne lova.

Når det gjeld framlegget om å lovfeste at skyssen skal leggjast til rette slik at det ikkje blir lang ventetid, gjer Finansdepartementet framlegg om at lovteksten blir justert så ventetida ikkje skal bli «urimeleg lang». Finansdepartementet peiker elles på at det er viktig med grundige kostnadsberekningar.

16.4 Vurderingar og framlegg frå departementet

16.4.1 Skyss i grunnskolen

Innleiingsvis viser departementet til lov 28. juni 1996 nr. 53 om endringar i lov om grunnskolen, som innfører to kilometer skyssgrense for 1. klasse/førskolen i den nye 10-årige grunnskolen. Det vart i denne samanhengen lagt til grunn at skyssgrensene framleis skulle vere fire kilometer for grunnskolen elles. Dette lovvedtaket er lagt til grunn for utkastet til ny opplæringslov frå departementet.

I Innst. O. nr. 56 (1995-96) ber fleirtalet i kyrkje-, utdannnings- og forskingskomiteen om at

«...departementet må komme tilbake med en grundigere vurdering av skyssproblematikken i forbindelse med opplæringslovene. I den forbindelse vil det være naturlig å ta stilling til om det skal innføres en ytterligere differensiering av skyssgrensen».

Fleirtalet ber vidare om

«...at kostnadene ved en ytterligere differensiering beregnes, og at det foretas en vurdering av hvem som i tilfelle skal dekke disse».

Departementet har vurdert ytterlegare differensiering av skyssgrensene i grunnskolen ved å utvide skyssgrensa på 2 km for 1. klasse/førskolen til å gjelde heile småskoletrinnet. Når det gjeld spørsmålet om å utvide skyssgrensa på ungdomstrinnet frå 4 km til 5 km eller 6 km, viser departementet til vurderingar og konklusjonar i Ot.prp. nr. 40 (1995-96).

I Ot.prp. nr. 40 (1995-96) grunngav departementet framlegget om 2 km skyssgrense for seksåringane med at dei har eit særskilt behov for skyss på grunn av låg alder og lita evne til å orientere seg i trafikken. Etter departementet si vurdering gjer ikkje tilsvarande omsyn seg gjeldande i tilstrekkeleg grad for småskoletrinnet elles. I denne vurderinga støttar departementet seg blant anna til Transportøkonomisk Institutt si utgreiing om dei føresetnadene seksåringar har for å ferdast trygt i trafikken (TØI notat 999/1995). Ein av konklusjonane i denne utgreiinga er at det går eit vesentleg skilje mellom seksåringar og sjuåringar sine føresetnader for dette. I utgreiinga er det vist til at

«...undersøkelser som strekker over seg nærmere 30 år, og er utført i flere land viser temmelig klart at barn mellom 5 og 7 år, og kanskje særlig barn mellom 6 og 7, er langt mer utsatt for trafikkulykker som fotgjenger enn eldre barn».

Vidare er det vist til at

«...statistikk viser også en jevn nedgang i ulykker fra 7 års alder opp til 14 års alder. Samtidig øker eksponeringen for trafikk dramatisk, noe som kan tyde på at det finner sted en betydelig modning og/eller læring i løpet av disse årene».

Transportøkonomisk Institutt har berekna den årlege meirutgifta av å innføre 2 km skyssgrense for 2.-4. klassetrinn til ca. 91 mill. kroner.

Vurderingane ovanfor viser at den grunngivinga som er gitt for å innføre 2 km skyssgrense for seksåringane, ikkje gjer seg like sterkt gjeldande for elevar på 2.-4. klassetrinn. Vidare viser berekningane frå TØI at å utvide 2-km-grensa til å gjelde heile småskoletrinnet vil innebere monalege meirkostnader for kommunane.

På denne bakgrunnen gjer ikkje departementet framlegg om ytterlegare differensiering av skoleskyssen i grunnskolen. Kommunane blir likevel oppmoda til å organisere skoleskyssen på ein slik måte at «...elever fra 2.-4. klasse kan benytte samme transport når dette ikke fører til særlige merkostnader» jf. fråsegna frå fleirtalet i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen i Innst. O. nr. 56 (1995-96).

Departementet er samd med utvalet i at det framleis skal vere rett til skyss utan omsyn til veglengda der skolevegen er særleg vanskeleg eller farleg. Departementet meiner likevel ikkje det er nødvendig at lova gir døme på kva for forhold kommunen skal leggje vekt på i vurderinga av om skolevegen er særleg vanskeleg eller farleg.

Elles sluttar departementet seg til framlegget frå utvalet om lovregulering av retten til skyss for elevar i grunnskolen, også retten til nødvendig skyss uavhengig av lengda på skolevegen for funksjonshemma og mellombels sjuke og skadde. Dessutan er departementet samd i at det er unødvendig med ein generell heimel for nærmare forskrifter om skyss i grunnskolen.

Departementet understrekar at skoleskyssen må organiserast slik at elevane får ei akseptabel reisetid. Særleg er det viktig å organisere skyssen for 6-åringane slik at reisetida blir så kort som mogleg. I vurderinga av akseptabel reisetid må gangtid og tid med transportmiddel sjåast i samanheng. Det kan til dømes ikkje leggjast til grunn at avstanden fram til offentleg kommunikasjon kan vere to kilometer for 1. klasse/førskolen og fire kilometer for dei andre klassestega. Desse skyssgrensene løyser ut skyssretten, og det må leggjast til grunn at skysstilbodet må dekkje størstedelen av totaldistansen. På den andre sida kan elevane vanlegvis ikkje krevje skyss heilt frå heimen. Det må kunne krevjast at eleven går ein rimeleg distanse fram til ein oppsamlingsplass. Kva som er rimeleg distanse, må avgjerast etter ei konkret vurdering, der ein blant anna legg vekt på alderen til eleven og på trafikktryggleik og på kor framkommeleg distansen er. Ettersom det her er tale om konkrete vurderingar, legg departementet ikkje fram noka spesiell lov eller forskriftsregulering, men legg til grunn at desse forholda må vere med når ein vurderer om retten til skyss er oppfylt.

Departementet sluttar seg også til framlegget frå utvalet om å føre vidare ansvars- og utgiftsdelinga mellom kommunen og fylkeskommunen. Departementet legg til grunn at skysstilbodet frå fylkeskommunen framleis skal organiserast i samråd med kommunane, sjå gsl. § 4 nr. 1 første leddet. I motsetnad til lovutkastet frå utvalet gjer departementet framlegg om at denne plikta framleis skal vere lovfest.

På same måten som utvalet går departementet inn for ein statleg påleggsheimel til å løyse eventuelle konfliktar mellom fylkeskommunen og kommunen om korleis skoleskyssen skal organiserast eller finansierast.

Lovutkastet frå utvalet opphevar regelen i § 4 nr. 4 i grunnskolelova om utgiftsdekkinga ved skolar for spesialundervisning. Departementet er einig i dette, men vil likevel gjere framlegg om ein heimel til å gi forskrifter om heimreiser mm. for alle elevar som må innlosjerast for å få hjelp eller opplæring etter opplæringslova.

Når det gjeld skyss for elevar i private grunnskolar, viser departementet til vurderingar i eit eige punkt nedanfor. Departementet viser også til den særskilde vurderinga av ventetid, tilsyn og reisefølgje nedanfor.

16.4.2 Innlosjering i grunnskolen

Departementet viser til Innst. S. nr. 14 (1995-96) der kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen i Stortinget uttaler:

«Komiteen viser til at internatordningane i dag er heimla i grunnskulelova § 4 nr. 3 som seier at kommunen skal syte for innlosjering av elevar som «bur slik til eller har så lang veg at dei ikkje kan nytte dagleg skyss til skulen». Internatordningane er oppretta på grunn av klimatiske, geografiske, næringsmessige og kulturelle/språklege forhold, og dessutan ved statlege kompetansesenter for spesialundervisning. Det er også nokre få kommunalt drivne/finansierte internatordningar som er i drift delar av året på grunn av klimatiske forhold.

Komiteen meiner at dette mangfaldet av internatordningar har vore nødvendige/praktiske ordningar og ikkje er eit resultat av utdanningspolitiske målsetjingar. Komiteen ser ikkje ei lovendring som fjernar moglegheita for internatopphald, som ei tenleg løysing på ei ordning som i hovudsak vart etablert av praktiske grunnar og ikkje som eit pedagogisk verkemiddel eller mål.»

Komitéfleirtalet understrekar likevel at det må arbeidast for å redusere eller fjerne behovet for internatopphald for grunnskoleelevar.

Mange av grunnskoleinternata er skipa ut frå særlege ønske hjå foreldra. Det gjeld internata ved dei tre samiske skolane i Troms, Nordland og Nord-Trøndelag og internata ved dei statlege kompetansesentra for spesialpedagogikk. Elles er det tre statlege internat i Nord-Noreg og nokre få kommunale internatordningar. Nokre av dei kommunale internatordningane omfattar berre dei delane av året det er umogleg med skyss på grunn av klimatiske forhold.

Internatordninga i grunnskolen har såleis eit forholdsvis lite omfang, og er i hovudsak anten ønskt av foreldra til elevane eller står fram som ei nødvendig løysing ut frå klimatiske forhold. Departementet er derfor samd i framlegget frå utvalet om at innlosjering framleis skal vere eit lovfest alternativ til skyss i særlege tilfelle.

I tråd med synet til komitéfleirtalet bør kommunane likevel freiste å finne løysingar som gjer at dei kan unngå innlosjering. Som utvalet nemner, gjeld det særleg 6-åringane.

Lovutkastet frå departementet klargjer at kommunane også har plikt - og ikkje berre rett - til å innlosjere grunnskoleelevane når det ikkje er forsvarleg med skoleskyss. Det er i samsvar med ordlyden i reglane i dag i gsl. § 4 nr. 3 og i § 1-1 nr. 2 i grunnskoleforskrifta.

Når ein skal vurdere om skyss er forsvarleg, er ei rekkje forhold relevante. Somme forhold er likevel meir sentrale enn andre. Det gjeld forhold hjå den enkelte eleven, til dømes alder eller funksjonshemming, reisetid, tryggleik eller om dagleg skyss fører til ekstraordinære kostnader eller vanskar for kommunen. Departementet gjer framlegg om at desse sentrale elementa i vurderinga av forsvarleg skyss blir lovfeste.

Retten og plikta ovanfor til innlosjering omfattar også dei rettane funksjonshemma elevar har i dag har etter gsl. § 4 nr. 3 tredje punktum. Det er derfor ikkje behov for noka særleg regulering av desse rettane slik fleirtalet i utvalet gjer framlegg om i § 7-4 første leddet i lovutkastet. Også i dag må ein rekne med at funksjonshemma elevar må visast til skyss dersom det er forsvarleg. Som nemnt skal det leggjast særleg vekt på funksjonshemminga til eleven når ein skal vurdere om det er forsvarleg med skyss.

Departementet har merka seg at Foreldreutvalet for grunnskolen meiner at innlosjering ikkje skal skje utan at foreldra samtykkjer. Jamvel om også departementet meiner at ei slik ordning ville vere den mest ønskelege, er det vanskeleg å gjennomføre ho i praksis. Det gjeld særleg der skyssen er uforsvarleg ut frå klimatiske forhold. Departementet ser det likevel som viktig at det blir lagt vekt på ønska og meiningane til foreldra når ein skal avgjere om eleven skal innlosjerast. Departementet støttar i denne samanhengen framlegget frå utvalet om å lovfeste retten for foreldra til å velje mellom skyss og innlosjering når det er tvil om skoleskyss er eit forsvarleg alternativ.

På same måten som utvalet gjer departementet framlegg om å føre vidare den lovfeste tilsynsplikta for kommunen ved innlosjering. Dessutan støttar departementet framlegget frå utvalet om å oppheve forskriftsheimelen for innlosjering i grunnskolen.

16.4.3 Vaksne med rett til opplæring

Departementet gjer elles framlegg om enkelte endringar som klargjer at vaksne med rett til spesialundervisning har den same retten til skyss og innlosjering som elevar i grunnskolen. Ei slik likestilling med omsyn til skoleskyss og innlosjering reknar ein også har vore gjeldande rett inntil reglane om spesialundervisning for vaksne vart overførte til vaksenopplæringslova i 1982. Departementet går dessutan ut frå at denne lovendringa ikkje tok sikte på å oppheve denne likestillinga av unge og vaksne. Dessutan viser departementet til rundskriv F-26/90, der det blant anna heiter om skyss for vaksne med rett til opplæring:

«Retten til opplæring vil si at forholdene må legges praktisk til rette på en slik måte at opplæringsretten blir reell. Dette vil si at det må betales for skyss dersom undervisningen tilbys på et sted som nødvendigjør transport.»

Lovutkastet frå departementet fører dessutan til at den allmenne ansvarsdelinga mellom kommunen og fylkeskommunen når det gjeld skyss av grunnskoleelevar, også skal gjelde for skyss av vaksne. Det er i tråd med retningslinjene i det rundskrivet som er nemnt ovanfor.

På same måten som utvalet går departementet inn for at vaksne med rett til skyss skal vere omfatta av dei same lovreglane om reisefølgje og tilsyn som grunnskoleelevane, sjå vurderingar frå departementet i eit eige punkt nedanfor.

16.4.4 Skyss og innlosjering for førskolebarn

Etter § 1-1 i grunnskoleforskrifta har førskolebarn som etter sakkunnig vurdering får spesialpedagogisk hjelp, jf. gsl. § 8 nr. 6, «same rett til skyss og innhysing som elevar i 9-årig skole». Departementet har i rundskriv F-58/90 gitt nærmare retningslinjer for skyss for førskolebarn.

Utvalet har med lovutkastet sitt meint å føre vidare regelen i grunnskoleforskrifta. Lovutkastet frå departementet har fått ein noko annan ordlyd for å gjere det klart at ordninga som gjeld i dag, blir ført vidare uendra.

På same måten som i dag krev lovutkastet frå departementet at skyssen skal vere nødvendig ut frå særlege omsyn. Det blir lagt til grunn at lovutkastet i utgangspunktet ikkje skal gi rett til skyss der foreldra til barn med spesialpedagogisk hjelp ikkje har vesentleg større byrder knytte til skyssen enn andre foreldre som har barn i barnehage. Det kan tenkjast tilfelle der tilbodet om spesialpedagogisk hjelp er så langt frå heimen at skyssen er ei urimeleg stor byrde for foreldra. I slike tilfelle bør barnet ha rett til fri skyss. Dessutan bør barnet ha rett til fri skyss mellom barnehagen eller ein tilsvarande daginstitusjon og ein annan stad der barnet får spesialpedagogisk hjelp.

Fylkeskommunen har ansvaret for at retten til skyss for førskolebarn blir oppfylt. Det gjeld likevel ikkje når andre instansar har ansvaret for å transportere barnet. Kommunen skal betale vanleg persontakst.

På same måten som utvalet går departementet inn for at førskolebarn med rett til skyss skal vere omfatta av dei same lovreglane om reisefølgje og tilsyn som grunnskoleelevane, sjå vurderingar frå departementet i eit eige punkt nedanfor.

Departementet går ut frå at innlosjering sjeldan er aktuelt for førskolebarn. Dersom det likevel er nødvendig med innlosjering, bør førskolebarna vere omfatta av dei same reglane som grunnskoleelevane.

16.4.5 Skyss og innlosjering i den vidaregåande opplæringa

Departementet sluttar seg til fleirtalet i utvalet, som gjer framlegg om å føre vidare lovreglane om rett til skyss i den vidaregåande opplæringa. Elevane skal såleis framleis ha rett til gratis skyss eller full skyssgodtgjersle når skolevegen er meir enn seks kilometer lang. Som i dag skal departementet kunne dispensere frå retten til fri skyss i særskilde tilfelle. I motsetnad til utvalet meiner departementet at lovutkastet framleis bør gi heimel for allmenne forskrifter om dei nærmare vilkåra for bruk av dispensasjonsheimelen (sjå forskrift 07.08.95 nr. 1195). Ytterlegare forskriftsheimlar er etter vurderingar frå departementet ikkje nødvendig.

Lovutkastet frå utvalet innfører ein rett til nødvendig båtskyss utan omsyn til lengda på skolevegen. Denne delen av lovutkastet er ikkje nærmare kommentert i innstillinga. Departementet peiker på at dette er ei endring i forhold til ordninga i dag, der elevane i vidaregåande opplæring ikkje har nokon slik rett når dei bur mindre enn seks kilometer frå skolen. Departementet meiner den same grunngivinga som gjeld for den absolutte retten til båtskyss i grunnskolen også vil gjelde for elevar i vidaregåande opplæring. Enkelte elevar bur slik til at dei er tvungne til å bruke båtskyss for å kunne ta imot tilbodet om vidaregåande opplæring. Lik rett til vidaregåande opplæring tilseier at slik skyss blir dekt av fylkeskommunen. Departementet går derfor inn for å innføre ein rett til gratis båttransport uavhengig av lengda på skolevegen for elevar i den vidaregåande skolen.

Somme fylkeskommunar har i høyringsfråsegnene teke opp spørsmålet om det bør vere ei øvre grense for skyssavstand i den vidaregåande opplæringa. Departementet finn ikkje grunn til å lovfeste eller å gi fylkeskommunen kompetanse til å fastsetje ei øvre skyssgrense. Det blir vist til at valet mellom skyss og innlosjering borte frå heimen bør vere eit val for eleven sjølv. Det blir også vist til at fylkeskommunen står fritt til å fastsetje skolestad for den enkelte eleven, jf. kapittel 9 om val av skole. Fylkeskommunen kan i denne samanhengen prøve å unngå for lang reisetid for elevane.

Departementet har merka seg fråsegna frå Sogn og Fjordane fylkeskommune om at full skyssgodtgjersle skal kunne givast etter rutebiltakst. Liknande synspunkt er framsette av fylkeskommunane også i andre samanhengar. Spørsmålet er aktuelt der fylkeskommunen etter avtale overlèt til elevar å ordne skyssen sjølv. Departementet meiner at full skyssgodtgjersle må ha til følgje at dei faktiske kostnadene til skyss for eleven blir dekte. Andre utrekningar av skyssgodtgjersla er ikkje i samsvar med retten for elevane til gratis skyss. Departementet er klar over at dette i somme tilfelle kan gjere at fylkeskommunen må dekkje dei faktiske utgiftene som eleven eller foreldra til eleven har til drosje eller bruk av eigen bil. Departementet viser likevel til den retten fylkeskommunen har til å vise eleven til ordningar som omfattar fleire elevar.

Dessutan sluttar departementet seg til å føre vidare plikta for fylkeskommunen til å hjelpe elevane med å skaffe losji. Departementet gjer likevel framlegg om ei mindre endring i forhold til ordlyden i lovutkastet frå utvalet, slik at lova sjølv klargjer at plikta berre gjeld elevar som bur slik til at dei ikkje kan nytte dagleg skyss.

Som nemnt opphevar lovutkastet frå utvalet regelen i § 3 tredje leddet i velferdslova om utgiftsdekkinga ved vidaregåande skolar for ekstern spesialundervisning. Regelen gjeld nokre få tidlegare statlege spesialskolar som fylkeskommunane har teke over, og gir elevane på slike skolar rett til kost og losji og gratis heimreiser, dekte av heimfylket. Departementet meiner det framleis kan vere behov for reglar om rettar og plikter knytte til desse forholda. Departementet viser mellom anna til Innst. S. nr. 143 (1994-95) der kyrkje, utdannings- og forskingskomiteen drøfta § 3 tredje leddet i velferdslova. Reglane vil berre gjelde nokre få elevar, og departementet meiner derfor at det er mest formålstenleg at desse reglane blir gitt i forskrifter. Departementet går såleis inn for at det blir gitt heimel i lovutkastet til å gi forskrifter om desse forholda.

Departementet har elles merka seg tilrådinga frå utvalet om å vurdere skyssordningar for lærlingar. Departementet tek sikte på å gjere ei slik vurdering og kjem eventuelt tilbake til Stortinget med framlegg til lovreglar om slik skyss på eit seinare tidspunkt.

Departementet viser også til særskild vurdering av skyss for elevar i private vidaregåande skolar, og av tilsyn og reisefølgje, i eigne punkt nedanfor.

Endeleg viser departementet til sine vurderingar ovanfor om reisetid og gangavstand til transportmiddel ved skyss i grunnskolen. Vurderingane kan brukast tilsvarande for retten til skyss i den vidaregåande opplæringa.

16.4.6 Reisefølgje, ventetid og tilsyn

Departementet sluttar seg til framlegget frå utvalet om at kommunen framleis skal sørgje for reisefølgje til elevar i grunnskolen som ikkje kan reise aleine. I lovutkastet frå departementet er dette uttrykt som ein generell rett til reisefølgje når det er nødvendig. Denne retten er i hovudsak aktuell for funksjonshemma elevar i grunnskolen.

På same måten som utvalet går departementet inn for at kommunen framleis skal ha ei lovfest plikt til å sørgje for nødvendig tilsyn når det blir ventetid. Departementet legg til grunn at det stort sett gjeld venting på skoleområdet før og etter skoletid, men at også tilsyn i samband med byte av skyssmiddel kan vere omfatta av tilsynsplikta.

Utvalet rår departementet til å vurdere tilsyn og reisefølgje for funksjonshemma elevar i den vidaregåande opplæringa. Lova inneheld i dag ikkje reglar om slike forhold. I forarbeida til skyssreglane i velferdslova uttaler likevel departementet:

«Videre forutsettes at en fylkeskommune etter særskilt vurdering også dekker skysskostnader for ledsagere til elever, som er avhengig av ledsagere i forbindelse med daglig skyss for å kunne utnytte et skoletilbud.» (Ot.prp. nr. 32 (1993-94) s. 2)

Reisefølgje eller tilsyn er nødvendig for enkelte funksjonshemma elevar for at eleven skal kunne bruke det skysstilbodet eleven har rett til. Reisefølgje eller tilsyn er i slike tilfelle nødvendig for at retten til skyss for den funksjonshemma skal vere reell. Departementet meiner derfor det er rimeleg at fylkeskommunen sørgjer for nødvendig reisefølgje og tilsyn, og også dekkjer skysskostnader og andre utgifter til reisefølgjet eller tilsynet.

Departementet går såleis inn for at elevar i den vidaregåande opplæringa i utgangspunktet får den same retten til reisefølgje og tilsyn som elevar i grunnskolen. Tilsynsplikta i den vidaregåande skolen blir på bakgrunn av alderen til elevane vesentleg mindre enn i grunnskolen. Tilsynsplikta til fylkeskommunen omfattar berre elevar som på grunn av funksjonshemming ikkje kan greie seg aleine i ventetida til skyssmidlet går eller skolen begynner.

Departementet har merka seg at Finansdepartementet vil ha ei meir avgrensa lovfesting av lengda på ventetida enn det utvalet gjer framlegg om. Departementet har på si side komme til at lengda på ventetida ikkje bør lovregulerast. Vurderinga av kor lang ventetid som kan aksepterast, bør vere knytt til den totale lengda på reisetida. Denne vurderinga er såleis omfatta av vurderingar frå departementet om lengda på reisetida, sjå ovanfor under skyss i grunnskolen.

16.4.7 Skyss for elevar i private skolar

Departementet er samd i framlegget frå utvalet om rett til skyss for elevar i private grunnskolar og vidaregåande skolar med rett til statstilskot, og dei vurderingane som ligg til grunn for framlegget. Det vil seie at retten for privatskoleelevane til skyss skal vere avgrensa til skyss innanfor kommunen (grunnskolar) eller fylket (vidaregåande skolar) der eleven bur. Denne avgrensinga skal likevel ikkje gjelde elevar som har rett til skyss på grunn av funksjonshemming eller mellombels skade eller sjukdom. Unntaket for funksjonshemma og mellombels skadde eller sjuke elevar er også i samsvar med retningslinjene frå departementet i rundskriv F-75/93, der det blant anna heiter:

«For funksjonshemmede elever ved privat grunnskole skal fylkeskommunen sørge for daglig skoleskyss, om nødvendig uten hensyn til avstand mellom bosted og skole. For funksjonshemmede elever i private grunnskoler gjelder ordningen om skoleskyss videre ut over hjemkommunens/bostedskommunens grenser.

Midlertidig funksjonshemmede elever betraktes som funksjonshemmede i relasjon til regelverket om skoleskyss.»

På same måten som utvalet går departementet inn for å føre vidare delinga av ansvaret for skyss ved privat skole mellom kommunen og fylkeskommunen. Det skal såleis framleis gjelde det same ansvarsforholdet for skoleskyssen ved offentlege og private skolar.

Til forsiden