Ot.prp. nr. 42 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn m.m.

Til innhaldsliste

1 Innleiing med samandrag

1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Kultur- og kyrkjedepartementet legg med dette fram forslag til lov om endringar i lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn. Formålet med stadnamnloven er å ta vare på stadnamn som kulturminne, gi dei ei praktisk og tenleg skriftform og medverke til kjennskap til og aktiv bruk av namna. Gjeldande lov har vist seg å vere både uklar og lite formålstenleg på fleire punkt, tidkrevjande å praktisere, og det har mangla ein del viktige føresegner. Formålet med lovendringane er såleis både å forenkle saksbehandlinga og å gi klarare og meir høvelege og funksjonelle føresegner.

Det er foreslått endringar på desse områda:

  • ny formålsparagraf

  • fleire definisjonar av sentrale omgrep i loven

  • nye reglar om namnsetjing

  • ny regel om gjenopptaking av saker

  • reglane for fastsetjing av skrivemåte

  • reglane om fleirspråklege namn

  • reglane om bruk av stadnamn

  • klagereglane

  • gebyr for informasjon frå Sentralt stadnamnregister (SSR)

Det er ikkje foreslått realitetsendringar i det geografiske verkeområdet. I tillegg til realitetsendringane er det gjort fleire redaksjonelle endringar.

1.2 Bakgrunnen for endringsforslaga

1.2.1 Generelt

Lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn vart sett i verk 1. juli 1991. Loven med forskrift gir reglar for fastsetjing av skrivemåten for stadnamn, norske, samiske og finske, og om bruken av stadnamn i fleirspråklege område. Med heimel i loven vart det også oppretta ei regional namnekonsulentteneste med sekretariat og konsulentar for norske, samiske og finske stadnamn og eit sentralt stadnamnregister (SSR) ved Statens kartverk. Ei klagenemnd vart også oppretta.

Det vart tidleg klart at regelverket førte til svært omstendeleg og ressurskrevjande behandling av sakene. Etter seks år vart det gjennomført ei spørjeundersøking der kommunar, fylkeskommunar og aktuelle organ og institusjonar vart stilte ein del spørsmål med tilknyting til praktiseringa av loven.

1.2.2 Evalueringsrapporten

Med utgangspunkt i svara frå undersøkinga og andre problemstillingar som hadde kome fram i løpet av dei 10 åra loven hadde verka, utarbeidde ei arbeidsgruppe med representantar frå namnekonsulenttenesta med Klagenemnda, Statens kartverk og Kultur- og kyrkjedepartementet (heretter kalla evalueringsgruppa) ein evalueringsrapport. Norsk språkråd deltok tidvis i arbeidet. Rapporten frå gruppa vart lagd fram i 2001 og send på høyring til alle kommunar, fylkeskommunar, departement og aktuelle organisasjonar og institusjonar. Høyringsfråsegnene viste brei tilslutning til tanken om ei lovendring; særleg var det semje om forenkling av regelverket.

I rapporten vart det mellom anna foreslått endringar på desse punkta:

  • Saksgangen i stadnamnsakene er svært tids- og ressurskrevjande. Det bør derfor vurderast om det kan gjerast endringar som kan gjere saksgangen enklare, og som vil gjere regelverket klarare og dermed lettare tilgjengeleg for alle som skal praktisere det, samtidig som det demokratiske og det namnefaglege aspektet blir teke best mogleg vare på.

  • Fleire av føresegnene har vist seg å føre til urimeleg mykje arbeid, lokal strid og klagesaker. Endringar som går ut på å fjerne eller å mjuke opp desse, bør derfor vurderast.

  • Det synest også å vere behov for å regelfeste nokre område som ikkje er tekne med i gjeldande lov, t.d. om namnevern.

  • Det er også nødvendig med ein del redaksjonelle endringar og klargjering av uklare punkt, t.d. ved betre definisjonar.

1.2.3 Høyringsrunden

I februar 2004 vart eit høyringsnotat med forslag om endring av stadnamnloven sendt på høyring til aktuelle institusjonar, organisasjonar og fagorgan. Det kom inn 87 fråsegner, og av desse var 36 frå kommunar og 3 frå fylkeskommunar. 4 fråsegner kom frå samiske høyringsinstansar og 2 frå kvenske høyringsinstansar. Dessutan kom det fråsegner frå skogsfinske interesser og skoltane. Dei resterande kom frå faglege instansar, organisasjonar og institusjonar. Fråsegnene vil elles bli omtala i dei kapitla der dei høyrer til.

Notatet vart sendt på høyring til:

Departementa

Sametinget

Fylkesmennene

Fylkeskommunane

Kommunane

Universiteta

Noregs landbrukshøgskole

Høgskolen i Finnmark

Høgskolen i Volda

Høgskolen i Stavanger

Høgskolen i Agder

Samisk høgskole

ABM-utvikling

Árran lulesamisk senter

Bokmålsforbundet

De samiske samlinger

Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur

Det norske meteorologiske institutt

Direktoratet for naturforvaltning

Finsk-norsk forening

Finsk-norsk kulturinstitutt

Forsvarets militærgeografiske teneste

Jernbaneverket

Klagenemnda for stadnamnsaker

Kommunenes Sentralforbund

Kompetansesenteret for urfolks rettigheter

Kvæntunet

Kvenkultursenteret

Kystdirektoratet

Avinor AS

Namnekonsulenttenesta

Norut NIBR

Nordnorsk Kulturråd

Nordisk samisk institutt

Noregs Mållag

Norges Bygdekvinnelag

Norges Bondelag

NGU - Noregs geologiske undersøking

Norsk Bonde- og Småbrukarlag

Fagforbundet

Norsk kulturråd

Norsk språkråd

Norske Kveners Forbund

Norsk lokalhistorisk institutt

Norsk Polarinstitutt

Norske Reindriftssamers Landsforbund

Norske Samers Riksforbund

Noregs vassdrags- og energidirektorat

Posten Noreg AS

Reindriftsforvaltningen

Rettshjelpskontoret i Indre Finnmark

Riksmålsforbundet

Samarbeidsnemnda for namnegransking

Samenes folkeforbund

Samenes Landsforbund

Samerådet

Samisk kultursenter

Skogsfinnenes interesser i Norge

Skoltene i Norge

Statens kartverk

Statens kartverk Sjø

Vegdirektoratet

Østsamene i Neiden

Ája samisk språksenter

Av desse fekk departementet inn høyringsfråsegner frå:

Finansdepartementet

Justisdepartementet

Kommunal- og regionaldepartementet

Miljøverndepartementet

Samferdselsdepartementet

Sametinget

Buskerud fylkeskommune

Hedmark fylkeskommune

Nordland fylkeskommune

Alta kommune

Bergen kommune

Bjugn kommune

Brønnøy kommune

Hornindal kommune

Karmøy kommune

Lørenskog kommune

Kristiansand kommune

Lillesand kommune

Meråker kommune

Oslo kommune

Regionrådet Nordhordland (kommunane Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Radøy, Modalen og Osterøy)

Risør kommune

Sarpsborg kommune

Skaun kommune

Steinkjer kommune

Stord kommune

Sula kommune

Surnadal kommune

Tromsø kommune

Vefsn kommune

Vestvågøy kommune

ABM-utvikling

Direktoratet for naturforvaltning

Høgskolen i Stavanger

NTNU - Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet/Det historisk-filosofiske fakultetet

Universitetet i Oslo

Universitetet i Tromsø

Bokmålsforbundet

DIS-Norge (Databehandling i slektsforskning)

Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur/Riksmålsforbundet

Noregs Mållag

Norges Bygdekvinnelag

Nynorsklaget

Trønderlaget

Stiftelsen Árran

Faggruppa for Norsk senter for kvænsk språk og kultur

Nordisk samisk institutt

Norske Kveners Forbund

Norske Samers Riksforbund

Skogsfinske interesser i Norge

Skoltene i Norge

Klagenemnda for stadnamnsaker

Namnekonsulenttenesta for norske stadnamn

Norsk språkråd

Samarbeidsnemnda for namnegransking

Statens kartverk

Posten Noreg AS

Arbeids- og administrasjonsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Fiskeridepartementet, Forsvarsdepartementet, Helsedepartementet, Nærings- og handelsdepartementet, Utanriksdepartementet, Utdannings- og forskingsdepartementet, Kystverket, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Fylkesmannen i Vestfold og kommunane Drammen, Hol, Rissa og Ål hadde ingen merknader.

1.3 Samandrag

I kap. 2 om generelle problemstillingar blir spørsmålet om kva for rolle det offentlege skal ha i arbeidet med stadnamn, drøfta. Den enkeltføresegna som har ført til flest klagesaker, spørsmålet om bruk av bunden eller ubunden form, blir foreslått mjuka opp og endra i retning av tidlegare føresegner. Innsamling av stadnamn og normering av kvenske namn blir også teke opp. I kap. 3 blir det foreslått at ein formålsparagraf skal takast inn, og kap. 4 inneheld definisjonar av viktige omgrep i loven. Forslag til ein ny paragraf om namnevern og namnsetjing er omtala i kap. 5. Kap. 6 og 7 omhandlar reglar om saksbehandlinga. Kap. 6 konkluderer med at det skal takast utgangspunkt i den lokale talemålsforma når skriftforma skal fastsetjast, og at primærfunksjonen for namnet skal vere retningsgivande for skrivemåten i dei andre funksjonane. I kap. 7 er det foreslått reglar for korleis skrivemåten skal fastsetjast, og det er særleg her at forenklingane i saksbehandlinga kjem inn. Kap. 9 tek for seg særskilde reglar for gards- og bruksnamn. Kap. 10 tek opp bruken av stadnamn, og det er fastsett at offentlege organ skal nytte vedtekne skriftformer av eige tiltak, og at samiske og kvenske stadnamn som blir nytta av folk på staden, skal brukast av det offentlege. Folk som bur fast på staden, omfattar også dei som har næringsmessig tilknyting til staden over lengre tid. Klagereglane er omtala i kap. 11, og det er der fastsett kven som er adressat for ulike klager. Kap. 12 tek for seg ymse andre problemstillingar, som stadnamnkonsulentane, gebyr for informasjon frå stadnamnregisteret, unntak frå loven og forskrifter. Forholdet til internasjonale konvensjonar og avtalar er omtala i kap. 13 og økonomiske og administrative konsekvensar i kap. 14. Merknader til dei enkelte paragrafane er tekne inn i kap. 15.

Til forsida av dokumentet